Austrheim VGS

Page 1

VURDERING fordi vi stiller krav og vi bryr oss


INNHALD Helsing frå rektor

Side 3

Skulen sin visjon

Side 4

Kva handler vurdering om

Side 5

Dette har du som elev plikt til

Side 6

Dette har du som elev rett på

Side 7

Vurdering omfattar

Side 8

Eigenvurdering

Side 9

Undervegsvurdering

Side 10-11

Sluttvurdering i fag

Side 12

Sluttvurdering i orden og åtferd

Side 13

Orden

Side 14

Åtferd

Side 15

e Nork

is

av de

ed

ore m

ar v om h

ppa

sgru

eid i arb


3

Helsing frå rektor Formålet med vurdering er å fremje læring og uttrykkje kompetansen til eleven undervegs og ved avslutning av opplæringa. Vurdering skal gje god tilbakemelding og rettleiing til elevar. Vi ynskjer at elevar og lærarar i dagleg arbeid skal ha fokus på tema som kvifor vurdering er viktig, korleis vurdering går føre seg, og kva plikter og rettar som er knytt til vurdering. Vurdering skal vere med å auke motivasjon for læring. I september 2014 var kontaktlærarar og tillitsvalde elevar samla i Kjelstraumen for å drøfte temaet « Elevmedverknad i fagleg og sosialt samarbeid på skulen». Resultat av eit gruppearbeid på samlinga vart starten på arbeidet med dette heftet. Ei mindre arbeidsgruppe sett saman av rektor, avdelingsleiar Grethe Hagenes og tillitsvald Ørjan Lavik Helland vidareførte arbeidet. Framlegg til tekst har vore lagt fram for lærarar og lagt ut på elevrådet si Facebook side ope for kommentar og innspel. Vårt ynskje er at dette heftet kan gje elevar, lærarar og føresette ei større forståing og innsikt i det vurderingsarbeidet som skjer i vidaregåande skule. Januar 2015 Kjersti Haugland rektor


4

vår visjon: vi stiller krav og vi bryr oss •

I praksis betyr visjonen at alle på skulen stiller krav til seg sjølve og til kvarandre når det gjeld arbeid, orden og åtferd

Alle tar ansvar for seg sjølv og for kvarandre, og vi stiller opp når nokon treng hjelp eller støtte

Du skal kjenne igjen visjonen i skulen sitt arbeid med vurdering


5

Vurdering handlar om • Rettar og plikter • Undervegsvurdering og sluttvurdering i fag • Vurdering i orden og åtferd


6

Dette har du som elev

plikt til

Delta på prøvar og andre aktivitetar der kunnskap og kompetanse vert vurdert

Delta aktivt i undervisninga

Bidra til å skape eit godt læringsmiljø i klassen

Forskrift til opplæringslova § 3-3


Dette har du som elev

7

rett på Undervegsvurdering og sluttvurdering når du har fulgt opp dine plikter som elev

Varsling ved fare for at ein ikkje får karakter

Dokumentasjon (kompetansbevis)

Dialog om utvikling i faga

Forskrift til opplæringslova §3-1, §3-7, § 3-16, § 3-8, §3-38, §3-39, §3-42, §3-45


8

Vurdering omfattar • Undervegsvurdering som du får gjennom heile skuleåret. Eigenvurdering er ein del av undervegsvurderinga • Sluttvurdering som vert gitt når du er ferdig med eit fag. Du får sluttvurdering i fag, og i orden og åtferd

Forskrift til opplæringslova § 3-2, §3-11, § 3-12, § 3-13, § 3-16


9

Eigenvurdering er at •

Du skal delta aktivt i vurderinga av eige arbeid, eigen kompetanse og eiga fagleg utvikling

Du skal reflektere over kva du har lært i ein time/periode

Du skal reflektere over kva du må jobbe meir med

Du skal bli klar over kva du kan og ikkje kan

Du kan gjere dette både skriftleg og munnleg

Forskrift til opplæringslova § 3-3


10

Undervegsvurdering Handlar om •

Tilbakemelding og framovermelding frå lærar som skal hjelpe deg med å finne ut korleis du kan nå måla dine i faga •

Framovermelding frå lærar er ei konkretisering av kva du treng å arbeide meir med for til dømes å få ein betre karakter

Fagsamtalar er samtalar med lærar der du får vite kva du må gjere for å oppnå ein betre karakter


11

Undervegsvurdering •

Undervegsvurdering skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa opplæring og skal bidra til at du aukar kompetansen i faget

Undervegsvurering kan vere både skriftleg og munnleg, og blir gjeven både med og utan karakter

Døme: oppgåver, prøver og framføringer som ender opp i ein karakter/tilbakemelding/ framovermelding


12

Sluttvurdering i fag •

Seier noko om ditt faglege nivå når du er ferdig med opplæringa i faget

Er standpunktkarakter og/eller eksamenskarakter

Kan du klage på

Ligg til grunn for opptak til vidare utdanning/lærekontrakt og utdanning på høgare nivå

Forskrift til oppæringslova §3-2, §3-17, §3-18, §3-38, §3-39, §3-42


13

Sluttvurdering i orden og åtferd •

Handlar om i kva grad du følgjer felles ordens– og åtferdsreglement ved dei vidaregåande skulane i Hordaland fylkeskommune

Skal sikre retten din til eit godt skulemiljø og gjeld både på skulen, i pausar, på skulevegen og på turar

Vurderinga skal ta omsyn til dine føresetnadar

Forskrift §3-7


14

ORDEN

Elevane skal ha god orden. Det er god orden å:

Møte presis til timane

Vere budd til undervisninga

Gjere arbeid som blir pålagt så godt som mogleg, og levere i rett tid

Ha med nødvendige læremidlar og utstyr


ÅTFERD

15

Vurdering i åtferd byggjer på

Korleis du oppfører deg overfor medelevar, lærarar, og andre tilsette i og utanfor opplæringa

Om du viser omsorg og respekt for andre

Korleis du handsamar skulebygg og utstyr

Det er ikkje lov å røyke, snuse eller være påverka av rusmidlar


KONTAKT OSS Mastrevikane 44, 5943 Austrheim 56168000

56168040

http://auv.hfk.no post.auv@hfk.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.