På Stranda – Vinter 2017

Page 83

Store Smørskredtind 1631 moh.

83

Flyfoto av Store Smørskredtind, kanskje eit av dei mest majestetiske fjella i Sunnmørsalpane.

muntre stemninga som hadde utfolda seg der nede ein time tidlegare. Ovanfor issvullane entra vi toppflanken, som la seg betrakteleg. Det var likevel bratt opp dei resterande hundre høgdemetrane til den 1631 meter høge toppen, så ein måtte framleis vere fokusert så ein ikkje risikerte utgliding. Med 25 cm nysnø på eit fast snølag under, kan ein lett bli for harmonisk og utelate å tenkje konsekvensar ved moglege feilskjer. Med ei kraft som nærleiken av målet ga oss, baksa vi på i ein langsam sluttspurt, der syretunge lår gjorde at følget spreidde seg dei siste metrane. Ein etter ein steig vi over toppegga, lettare prega etter ein dryg time med djupe kneløft som kunne minne meir om ein gruppetime på Stamina. Ein kjeft vatn og nokre djupe andedrag seinare kunne ein ta seg tid til å stadfeste at utsikta var av sunnmørsk standard, der ein såg nypudra fjelltoppar i alle himmelretningar. Tankane var derimot meir interessert i å gå

gjennom scenarioet som snart skulle gå føre seg. Kven køyrer kvar? Kva om snøen slepp? Enn om eine skia løyser seg ut? var tankar som utspann seg i det ein justerte hakestroppa på skihjelmen og forsikra seg ein siste gong om at bakbindinga frå skiutstyrsmogulen Dynafit verkeleg hadde gått i lås. Køyremønster og linjeval vart nøye vurdert, heilt til ein av oss, av gammal uvane, fekta med stavane slik Lund Svindal og Co gjer før take off. Med ein sjølvsikker sving, kasta førstemann seg ut den store toppflanken, i retning draumelinjene som no var i ferd med å verte ein realitet. Like aust for renna vi kom opp, går renna som etter turen vart døypt Bananen; eit etterlikningsnamn etter den velsmakande frukta. Her låg snøen uspora og innbydande, slik at issvullane fekk ligge i fred i den andre renna. Nedover dansa førstemann i takt med fjellet. Pudderet stod stille i lufta så lett det var, til skiløpar-


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.