OPERAHUSET NORDFJORD 10 ÅR

Page 1


Festhus

Ope hus

Skulehus Barnas hus

Kunnskapsfabrikk

Lyspunkt

Rockescene

Operahus

Lysthus

Kulturhus

Bibliotek

Ungdomshus Utgjevar: Operahuset Nordfjord I samband med tiårsjubileet 2019 Tekst og foto: Jørn Arne Tomasgard Foto: Øystein Torheim Svein Nesbakk Tommy Bredesen Steinar Engeland Tor Myklebust

Møteplass

Kino

Storstova Fristad

Yngleplass

Draumefangar

Design og produksjon: BYRR

2

O P E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 019


Foto: Tommy Bredesen

Foto: Jørn Arne Tomasgard

Foto: Øystein Torheim

Foto: Øystein Torheim

Foto: Øystein Torheim

Foto: Jørn Arne Tomasgard

Foto: Øystein Torheim

Foto: Tommy Bredesen

Foto: Øystein Torheim

Foto: Øystein Torheim


– Har du lyst på

eit operahus?

Det var mangeårig kamp og politisk spel før bygginga av Operahuset starta i april 2007. Kristen Hundeide seier bygginga vart bestemt ei natt på Hotel Alexandra i samband med fylkesting i juni 2003.

– Fylkestinget vedtok allereie i 1992 at dei to vidaregåande skulane på Eid skulle samlokaliserast. Eid var ikkje så godt representert i fylkespolitikken dei åra, så ei utbygging vart skyvd ut i tid. Men fram mot 2003 skjedde det mykje. I samband med fylkesting på Alexandra i Loen i juni klarte vi på ein merkeleg måte å sy det saman. Det var hektisk verksemd heile natta. Ein del av pakken var at vi ikkje ville øydelegge for Stryn som hadde eit skrikande behov for nybygg til sin vidaregåande skule. Operahuset låg ikkje inne, det kom inn i siste runde. I løpet av den natta skjønte eg at Operahuset kom til å bli realisert. Og dagen etter vart det vedteke i fylkestinget, fortel Hundeide. Han var ordførar i Eid frå 1994 til 2003, og var slik sett sentral i det politiske miljøet i åra fram mot vedtaket. Men også i åra etter med Gunvald Ludvigsen og Sonja Edvardsen som ordførarar var det politiske tak for å skaffe finansiering, før ein kunne starta bygginga.

Tverrpolitisk semje

– Sjølv om det også var eit stort økonomisk løft for Eid kommune, og det var ein del politikarar som lenge var skeptiske, drog det politiske miljøet i Eid i same retning. Det var tverrpolitisk semje, og det vart gjort mykje godt politisk arbeid uavhengig av parti, seier Hundeide om prosjektet med ei budsjettramme på 135 millionar kroner. Han trekkjer fram relasjonen mellom Kari Laila Skrede og Liv Signe Navarsete som viktig. Skrede var leiar i utvalet for oppvekst og kultur i Eid, medan Navarsete var leiar for den store Senterpartigruppa på fylkestinget. – Det var ein viktig allianse.

4

O P E RA H U S E T

Tilfeldig møte på Narvesen

Operasjef Kari Standal Pavelich fortel at ho allereie i 1993-94 var med i ei arbeidsgruppe som såg på moglegheita for å bygge eit kulturhus i Eid. – Vi jobba med saka og var på ulike studieturar og såg på kulturhus. Men det viste seg å vere vanskeleg å finansiere. Opera Nordfjord vart starta i 1998 med aulaen i folkehøgskulen som base. Vi heldt på der og var nøgde, og eg tenkte ikkje på saka før eg møtte Kristen Hundeide på Narvesen ein dag vinteren 2003. Han lurte på om eg hadde tid til å kome opp på kontoret hans dagen etter. Der var også dåverande rektor på Eid vidaregåande skule, Inge Myklebust, til stades. Ifølgje Hundeide var møtet hemmeleg, dei ynskte ikkje at det skulle kome ut før lokalpolitikarane i Eid var orienterte. – På det møtet vart planane for eit operahus presenterte. Meldinga var «Skulen treng nye lokale, kommunen treng kinosal og bibliotek. Vi lurer på om du har lyst på operahus». For oss var det ein gåvepakke, seier Standal Pavelich. Ho var med i arbeidsgruppa for Operahuset heilt frå starten, og har mange minner frå situasjonar med lobbyverksemd og drakampar.

I plastjolle over fjorden

– Eg hugsar spesielt godt ein gong i 2006 eg og Sonja Edvardsen skulle til Oslo saman med bygg- og eigedomssjef i fylkeskommunen Torolf Norheim, for å skaffe finansiering i møte med dåverande kulturminister Trond Giske. Ferja gjekk ikkje, og vi måtte få Bodvar Årskog til å skysse oss i ei lita plastjolle over fjorden. Det var ganske hard sjø, og eg hugsar vi vassa i tang og tare med høghælte sko.

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 019


SENTRALE PERSONAR: Tidlegare ordførar Kristen Hundeide (f.v.), operasjef Kari Standal Pavelich og rektor ved Eid vidaregåande skule Ove Bjørlo hadde alle sentrale roller i arbeidet fram mot realiseringa av Operahuset Nordfjord som opna i 2009.


Vi kom til møtet med kulturministeren med saltvatn i håret, og reiste heim med 19 millionar kroner! – Eg hugsar også godt eit møte på fylkestinget i 2007. Det var avgjerande at vi vart prioritert som nummer ein på lista, og vi kjempa med Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand om plassen. Det var harde diskusjonar, men vi vart sett på førsteplass og kom i gang med bygginga same år. Standal Pavelich legg vekt på at operaen også hadde gode kår på Fjordane Folkehøgskule. Men Operahuset har gjort det mogleg å kome på eit langt høgare kunstnarisk nivå. – Vi hadde akustikarane Brekke og Strand inne samstundes som dei jobba med Operaen i Bjørvika. Vi har topp akustikk, orkestergrav og fast amfi. I tillegg har vi ei takhøgde som gjer at vi kan setje inn høgare kulissar. Både med tanke på scenografi og lyd har Operahuset gjeve oss høve til å kome på eit høgare kunstnarisk nivå. Det er også viktig for omdømet vårt.

Nye retningsliner la opp til samspel

vi hadde der det i 1992 var vedteke samlokalisering, ynskje om kulturhus, og med Opera Nordfjord som då var etablert, kom ideen opp, seier Hundeide. Ove Bjørlo tok like etter over som rektor etter Myklebust. Han kjende prosjektet godt sidan han hadde vore rektor på yrkesskulen, var tilsett administrativt i fylkeskommunen og dessutan var kommunepolitikar i Eid. Han vart sentral i prosessen vidare. – Bygget har vore veldig viktig for Eid vidaregåande skule. Hadde ikkje skulen blitt samlokalisert i 2009, trur eg ikkje skulen hadde eksistert i dag. Det var viktig i samband med at skulebruksplanen var oppe til vurdering i 2013 og 2014. Eg vil også seie bygget har vore svært positivt for miljøet på skulen. Tidlegare var det overvekt av gutar på yrkesskulen og av jenter på avdelinga her oppe på Mel. No har vi eit miljø med god blanding av kjønn. Og ikkje minst har vi fått eit heilt anna kulturelt innhald med skulemusikalar og høve for elevane til å stå på scena.

Inge Myklebust er trekt fram som den som første gong lanserte tanken om å dra operaen inn i planane. – Ein del av bakgrunnen var at det i 2001-2002 kom nye nasjonale retningsliner. I samband med ny læreplan vart det oppmoda om samspel mellom skule og kultur. Med den historia

Foto: Øystein Torheim

6

O P E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 019


Foto: Steinar Engeland

Vi kom til møtet med kulturministeren med saltvatn i hüret, og reiste heim med 19 millionar kroner!


Eg har spelt blokkfløyte i begge dei to operahusa i dette landet, og det seier eg sjølvsagt ikkje for å skryta, men for å seia at det var i Nordfjord at operapublikummet verkeleg visste å setja pris på det dei fekk høyra! Nordfjord og operahus er blitt like naturleg å seia i same setning som Voss og gullmedaljer. Det er ei bragd. Gratulerer med tiårsdagen!

Sitat KORK skal være hele landets orkester, og er på stadige reiser rundt i Norge for å møte publikum. En dag i november 2013 kom vi til Operahuset Nordfjord. Det ble et fantastisk møte med et moderne og helprofesjonelt produksjonshus, som virkelig presterte godt i en krevende produksjon. Konserter, radio og TV-produksjon på få dager, krever maksimalt av alle involverte, og i Operahuset leverte alle på et meget høyt nivå. Et dramatisk vær, stengte veier av innstilte ferger, skapte en utrolig dramatikk, som gjør at alt dette til sammen, er noe vi kommer til å huske med glede!

LIN DA EIDE

Kjære Operahuset Nordfjord! Gratulerer så mye med jubileet og takk for alle gode opplevelser! Vi er veldig imponert over hva dere har fått til. Flott hus, fantastisk personale og et oppriktig engasjert publikum møter oss hver gang vi kommer. På gjensyn! Ø YV I N D STAV EL A N D, VA M P

Foto: Inger Staveland

K RI N GKAST I N GSOR KESTRET ROLF LENNART STENSØ , O RKESTERSJEF

Alltid en stor glede å komme til Operahuset i Nordfjord. Der er det bare gode minner og alltid topp stemning. N ORD I C TE N O R S

8

O P E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 019


Det var eit eventyr å saman få arrangere konsert med KORK og nokon av våre beste artistar i operahuset på Nordfjordeid. Publikum i fulle hus sat med tårer i augene og gåsehud. Dette hadde aldri vore mogleg å få til utan engasjementet og kunnskapen til staben i eit fantastisk hus. Eg trur ingen som var med på dette nokon sinne vil gløyme gleda over å få til dette saman.

Operahuset Nordfjord får masse skryt, og det er flott at også de siste orkesterprøvene blir holdt der. Å få holde de siste prøvene og avslutningskonserten i Operahuset Nordfjord, er et løft for kurset. God akustikk og gode arbeidsforhold! V E STL A NDS K S OMMA RSY MFONI

Folk andre plassar i landet kranglar i tiår om plassering, utforming og namn, og ender med eit forsinka kulturhus som heiter Kimen eller Kilden eller Stormen eller Dusten eller Fyrstikka. Nokon lagar like greitt eit operahus, med nettadressa operahuset.no. Bestemt form eintal. Slikt gjer ein berre om ein veit at ein har god grunn til å ha sjølvtilit.

STI A N S J UR S E N TA KL E , NRK

ARE KALVØ

Foto: Øystein Torheim

Klypa har ved fleire høve besøkt fantastiske Operahuset Nordfjord. Den storslåtte salen, nydeleg publikum, og ikkje minst dei fine folka som jobbar der, gjer at det har vore ei sann fryd å ha show der. Vi vert alltid mottekne med opne armar, og veldig serviceinnstilte folk. Gratulerer med jubileet, vi gler oss til neste show med dykk! KLYPA V/I DA & THO MAS RYSTE, RYST E ENT ERTAINMENT AS

OP E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 01 9

9


Tal og fakta


TAL OG FAKTA

Publikum 2009 - 2019 121 375

162 358

publikummarar på arrangement utan billetsal

selde billettar til arrangement

Foto: Jørn Arne Tomasgard

Foto: Svein Nesbakk

1 153 Foto: Jørn Arne Tomasgard

arrangement

109 247

332 230

publikummarar på kino

besøkande på biblioteket

283 783

725 210

publikummarar totalt på arrangement med og utan billettsal

OP E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

besøkande totalt på arrangement, kino og bibliotek. I tillegg kjem elevar, tilsette og besøkande elles

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 01 9

11


TAL OG FAKTA

Om bygget

Foto: Steinar Engeland

STORLEIK

T O TA L E B YG G E KO S T N A D E R

9 200 KVM

183 MILL. NOK.

Fylkeskommunen eig 6200, kommunen 1700, felleseige 1300 kvm. 4 900 kvm nybygg opna i 2009, 4300 kvm renovert og ombygt areal.

Sogn og Fjordane fylkeskommune 118 mill, Eid kommune 45,5 mill, Staten 17 mill, private sponsorar 2,5 mill.

BYG G H E R R E

Sogn og Fjordane fylkeskommune

F Y L K E S KO M M U N A L BRUKARGRUPPE

Ove Bjørlo Henrik Aabrekk Ottar Bjørkedal Jens Kongsvoll Elin Hesjevik Gislaug Heinum Kjell Meland Ane Krogsæter Aarre

12

T O TA L E N T R E P R E N Ø R

ARKITEKT OG R Å D G J E VA R

Åsen & Øverlid AS

Nordplan AS

KO M M U N A L BRUKARGRUPPE

INTERIMSTYRET

Elin Leikanger Roger Oppedal Berge Bjørkedal Gerd Fløde Bjørlo Torfinn Myklebust Kari Laila Skrede Kari Standal Pavelich Ove Bjørlo

Eli Førde Aarskog Åsmund Kyrkjeide Tone Merete Notøy Gunn Guddal Bjørn Engelbrektsson Michael Pavelich

O P E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 019


TAL OG FAKTA

Operahuset Nordfjord

Den Norske Opera & Ballett Eid vidaregåande skule

Operasal

I NNGA NG AU ST

Kinosal

H OV U DI N NGA N G

Kantine og foajé

Eid bibliotek

Gymmen scene og studio PPT Eid og Vågsøy

OP E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 01 9

13


• • • • • • •

Eid kino

• •

Eid bibliotek

• • •

• • • • •

• • •

14

Kombinert skule- og folkebibliotek Utlån av bøker, lydbøker, aviser, magasin, tidsskrift, DVD, dataspel og kombidokument Publikum kan på biblioteket òg lese aviser, bruke internett, printe, lytte til musikk eller lydbøker i lyttestol Barneavdeling, lesesal, grupperom Lokalsamling med lokal litteratur og mikrofilmlesar Utstillingar om varierande tema Arrangement som språkkafé, kulturmøte, forfattarbesøk, konsertar mm.

Foajé/kantine med plass til om lag 450 personar Foajeen er kantine for Eid vidaregåande skule i skuletida Foajeen vert brukt som samlingsplass ved arrangement i operasalen og kinosalen. Her er det billettskranke og kinokiosk, og ein kan ha kafé og bar Foajeen er godt eigna til selskap, middag, dans osv. Kjøken med dekketøy for ca 350 personar Kjøkenet kan brukast til å tilberede og selje enkel mat og kioskvarer. Frivillige lag og organisasjonar får bruke kjøkenet gratis når ein leiger operahuset til arrangement.

Foto: Steinar Engeland

• •

Foajeen

Faste visningar om lag tre dagar i veka. I tillegg dagkino, babykino, barnehagekino, skulekino, filmfestival mm. Kinosalen har 105 sete, inkl seks handikapplassar (tre rullestolar) Trådlause mikrofonar, handhalden eller myggar Projektor til konferansar, møte og undervisning AV-rack med Cynap-kontroll: trådlaus tilkopling til PC/Mac, smartboard og BlueRay-spelar Kinosalen er svært godt eigna til undervisning, møte og konferansar i tillegg til kino

Foto: Tommy Bredesen

• • •

Amfi med galleri Scene 14 x 10 m, høgde 12 m Hev- og senkbar orkestergrav Omfattande lys-, lyd- og AV-anlegg samt anna sceneutstyr Greenroom, verkstad, klasserom vegg i vegg Fem solistgarderobar, toalett og dusjar Sal utan orkestergrav: 534 sete, inkl seks handikapplassar (tre rullestolar). 218 av seta er på galleriet Sal med orkestergrav: 488 sete

Foto: Tommy Bredesen

Operasalen

TAL OG FAKTA


TAL OG FAKTA

Eid vidaregåande skule 2019 370 elevplassar og 90 tilsette Opplæringstilbod Design og handverk Vg1 Design og handverk (fylkesdekkjande tilbod) Vg2 Interiør- og utstillingsdesign

Elektrofag Vg1 Elektrofag Vg2 Automatisering

Vg2 Data og elektronikk Vg2 Elenergi

Vg3 Automatisering Vg3 Dataelektronikar

Studiespesialisering Teknikk og industriell produksjon (TIP) Vg1 Teknikk og industriell produksjon Vg2 Industriteknologi

Vg2 Industriell møbelproduksjon (landsdekkjande tilbod) Påbygging til generell studiekompetanse Innføringsgruppe

OP E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 01 9

15


TAL OG FAKTA

Operaproduksjonar OPERA NORDFJORD

2009: Carmen 2010: «Norge-Brasil – ein opera» 2011: Tryllefløyten

Konsertar og familieproduksjonar OPERA NORDFJORD

2012: Madama Butterfly 2013: Flaggermusen 2014: Turandot 2015: Maskeballet

2009: Tyrfing 2010: Requiem 2011: West Side Story 2012: Strauss- og Wagneraften 2013: Messias 2013: Nøtteknekkeren 2014: Turandot 2015: Beethovens 9. symfoni 2015: Sound of Music 2016: Kommentarfeltet 2016: Du er god, du, Charlie Brown 2017: Puccinifest 2018: Score 2018: Annie 2019: Fargespel

2016: Søner av sola 2017: Sildagapet 2018: La Bohème 2019: Hans og Grete

Skulemusikalar EID VIDAREGÅANDE SKULE, I SAMARBEID MED OPERA NORDFJORD

2009: Grease 2010: Rent 2011: West Side Story 2012: Les Miserables 2013: Hairspray 2014: Legally Blonde 2015: Spelemann på taket 2016: Sweeney Todd 2017: Back to the 80’s 2018: Skjønnheten og udyret 2019: Oklahoma!

16

O P E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 019


TAL OG FAKTA

Foto: Svein Nesbakk

Foto: Jørn Arne Tomasgard

Foto: Øystein Torheim

Foto: Tommy Bredesen

Foto: Jørn Arne Tomasgard

Foto: Svein Nesbakk

Foto: Øystein Torheim

17

2 01 9

-

2 0 0 9

|

Å R

1 0

|

N O R D FJ O R D

OP E RA H U S E T



Operahuset set

Nordfjord på kartet Dei profesjonelle aktørane i La Bohème seier Opera Nordfjord og Operahuset har eit veldig godt ry på seg i miljøet.

– Opera Nordfjord er av distriktsoperaene i Noreg som er høgast respektert. Eg har alltid høyrt gode ord om det som skjer her. Og eg var klar på at dersom eg skulle vere med i ein distriktsopera her i landet, så ville eg til Opera Nordfjord.

Det seier sopranen Margrethe Fredheim. Ho hadde hovudrolla Mimi i hovudoppsettinga La Bohème sist haust. Dei siste tre åra har ho budd i Erfurt i Tyskland der ho har fast jobb ved operaen.

VIL TILBAKE: Gunda-Marie Bruce førebur seg til La Bohème saman med Berit Adelsten Engebretsen, gruppeleiar for dugnadsgjengen som styrer med hår og sminke.

OP E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 01 9

19


HEKTISK: Spent stemning på sminkerommet rett før koret skal på scena.

LADAR OPP: Slik brukar Eirik Roland Egeberg-Jensen i rolla som Colline dei siste minutta før han skal på scena.

GJEV BULYST: Eli Sissel Nore frå Bryggja har følgt Opera Nordfjord sidan starten. Ho meiner Operahuset gjer Nordfjord til en attraktiv stad å bu.

KOSTYME: Medlemmene i operakoret var kledde opp til julefeiring og fest i La Bohème.

Draum gjekk i oppfylling

– I Tyskland er operahus langt meir vanleg enn her i landet. Det er 50-60 byar som har opera. Dei er ikkje nødvendigvis så store, mange er slik som dette med kring 500 sitjeplassar. Det er veldig bra for operamiljøet i Noreg at vi har slike stader som Opera Nordfjord, seier Fredheim. Ho hadde aldri vore på Eid før ho var med i La Bohème. – Vi har hatt det veldig kjekt her. Det er ein triveleg stad og vi er blitt godt mottekne av alle. Operahuset er ein god stad for opera med god akustikk. Eg føler også vi får god kontakt med orkesteret og publikum. Gunda-Marie Bruce i den andre kvinnelege hovudrolla som Musetta fortel også at Opera Nordfjord har eit veldig godt ry på seg.

20

O P E RA H U S E T

VILLE VISE BORNA: Anita Bøe Røyrvik frå Innvik tok med seg borna Magnhild (11) og Andreas (14) på La Bohème.

– Alle har lyst å kome hit og vere med på Opera Nordfjord. Eg har høyrt om operaen her i mange år. For meg var det ein draum som gjekk i oppfylling då eg fekk kome hit. Operaen her er kjent for å ha godt miljø og eit veldig godt hus, sidan det er den einaste konsertsalen utanfor Oslo som er bygd spesielt for opera. Det er første gongen eg er her, og eg elskar det!

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 019


BARNEKORET: Mange legg ned ein stor dugnadsinnsats for Opera Nordfjord. Barnekoret tel 18 born. Her ein spent gjeng rett før premieren.

BOHEMLIVET: Thomas Røshol i rolla som Schaunard i basketak med Eirik Roland Egeberg-Jensen i rolla som Colline.

KONSENTRERT: Musikalsk leiar og dirigent Michael Pavelich i ein konsentrert augneblink i kulissane rett før premieren.

FLOTT DESIGN: Eit særpreg ved La Bohème var den minimalistiske scena og lyssettinga som høvde perfekt inn.



Kongeleg heider – Det var uverkeleg. Eit sjokk. Slik skildra Michael Pavelich kjensla då han og kona Kari Standal Pavelich vart heidra med Kongens Fortenestemedalje etter premieren på La Bohème 3. oktober 2018.

Operaekteparet Kari og Michael er sjølve personifiseringa av Opera Nordfjord, som igjen var ein heilt sentral institusjon i samband med bygginga av Operahuset. Det er vanskeleg å sjå for seg at Operahuset hadde eksistert utan nettopp dei to. I alle høve hadde det nok ikkje vore eit bygg spesialbygd for opera. Difor tok det første styret i Opera Nordfjord med Inger Hoff (Stryn), Gerd Kjellaug Berge (Selje), Sylvi Lem (Vågsøy) og Gudmar Eikenes (Gloppen) initiativet til at dei to skulle få Kongens Fortenestemedalje i samband med 20-årsmarkeringa for Opera Nordfjord i 2018. Medaljene vart delte ut rett etter premieren på La Bohème.

Visste ingenting

– Det var eit sjokk. Vi visste ingen ting. Dette kom heilt overraskande på oss. Vi er veldig takksame. Denne heideren deler vi med alle som har hjelpt oss med Opera Nordfjord gjennom 20 år. Å setje opp ein opera er ekstremt komplisert. Vi er avhengig av alle, frå parkeringsvakter til scenearbeidarar. Denne medaljen

OP E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

deler vi med dei, for det hadde ikkje vore mogleg utan alle som har vore med, seier Michael Pavelich. – Eg kan ikkje skildre den kjensla eg fekk då eg forstod kva som skjedde, seier han. Amerikanaren flytta frå USA til Eid saman med kona Kari frå Ålesund for 30 år sidan, då dei fekk jobb i kulturskulen. Historia om det som skjedde etterpå er velkjent. Kort fortalt sette dei ti år seinare opp opera meint som eit eingongstiltak. Det vart så vellukka at dei heldt fram. Det som skjedde etter premieren på La Bohème, var at Michael og Kari gjekk opp på scena for å ta imot blomar, applaus og gratulasjonar slik ein kan vente etter ein premiere. Men så kom brått ei rekkje av ordførarar og andre representantar frå kommunane i Nordfjord inn på scena, noko Kari og Michael tydeleg stussa over. Då det gjekk opp for dei kva som skjedde, vart det ei kjenslelada stund der både hovudpersonane og folk i salen tok til tårene.

2 0 0 9

-

2 01 9

23


Her går det opp for Michael Pavelich og Kari Standal Pavelich at dei får Kongens Fortenestemedalje. Det vart nokre kjenslelada og magiske minutt på scena etter premieren på La Bohème, der stemninga veksla mellom tårer og latter.

Einaste operahuset utanfor Oslo

Søknaden vart sendt inn i september 2017, signert Gerd Kjellaug Berge for styret i Opera Nordfjord, Inger Hoff tidlegare mangeårig styremedlem, Alfred Bjørlo, ordførar i Eid, og Arve Espe for Styret i Operaens Venner. «Opera Nordfjord vart skipa i 1998 med Kari som operasjef og Michael som kunstnarleg leiar. Opera Nordfjord har sidan den gong hatt årvisse oppsetjingar av fullskala operaførestillingar - dei siste åra også eigne barneførestillingar. Dei har stått bak nyskrivne norske operaer på nynorsk, omsett kjende utanlandske operaer til nynorsk, reist på turnear og vore med på ei rad samarbeidsprosjekt med andre kulturaktørar i Sogn og Fjordane. Til saman har Opera Nordfjord på 20 år hatt over 30 oppsetjingar. I 2009 flytta Opera Nordfjord inn i Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, det einaste operahuset i Noreg utanfor Oslo», heiter det i grunngjevinga.

24

O P E RA H U S E T

Har løfta fram talent

«Gjennom Kari sitt engasjement for å få etablert operaen i si tid, hennar kunnskap og evne til å inspirere til samarbeid og tru på at alt går an å få til, framstår Opera Nordfjord i dag som ein nasjonal institusjon der kvalitet i alle ledd står i høgsetet. Michael har vore Kari sin medspelar på det profesjonelle og vore kunstnarleg leiar for operaen i alle år. Det han har klart å trylle fram frå dei som har delteke i alle dei ulike oppsetjingane han har vore produsent for, er fantastisk. Han ser talentet til den einskilde, og har løfta fram mange talent frå distriktet», heiter det i framlegget for tildeling av medaljene. Kari var også med i brukargruppa i samband med bygginga av Operahuset Nordfjord. Dei to fekk kulturprisen til Eid kommune i 2004 og fylkeskulturprisen i 2005 for arbeidet sitt.

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 019


Foto: Øystein Torheim

Foto: Jørn Arne Tomasgard

Foto: Svein Nesbakk

Foto: Svein Nesbakk

Foto: Øystein Torheim

Foto: Øystein Torheim Foto: Øystein Torheim


Foto: Rebecca Amber

26

O P E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Ã… R

|

2 0 0 9

-

2 019


10 år fylt med jubel!

Om nokon ein gong i tida hadde skrive ei historie om ei lita bygd i ein fjord som ville lage sitt eige operahus, hadde vi ledd godt og sagt at det er lov å drøyme. Men at det får stoppe der. Det stoppa ikkje der. I 2009 sto Operahuset Nordfjord ferdig - som det fyrste operahuset i Noreg utanfor Oslo. For Eid og Nordfjord har det vore 10 magiske år. 10 år fylt med jubel, 10 år med kunst, glede, samhald og lidenskap. Eldsjelene og pådrivarane for den ville ideen skulle syne seg å få rett. Eit operahus på bygda er ikkje berre mulig å bygge: Det er mulig å fylle det med liv, aktivitet og ei stadig sterkare kunstnerisk kraft - år etter år. Som ordførar i Eid vil eg særskilt trekke fram kva Operahuset har gjort for born og unge. Alle born som veks opp i Eid får stå på ei operascene i løpet av oppveksten. Dei får oppleve å bli tatt imot og tatt på alvor på line med profesjonelle artistar av Operahuset sine tilsette. Born og unge får kjenne «suget» frå eit feststemt publikum i ein operasal med topp kvalitet på lyd og lys. Dei som vil, får sjansen til å vere med i profesjonelle oppsetnader, med instruktørar på topp nivå i song, musikk og teater. Samarbeidsmodellen mellom Kulturskulen i Eid/Eid kommune, Eid vidaregåande skule og Opera Nordfjord har vekt oppsikt nasjonalt - og er av umåteleg verdi for alle partar. Vi har rett og slett fått den fyrste «operahus-generasjonen» i Eid og Nordfjord. Det er med å løfte oss som samfunn, og det er med å løfte den einskilde som får vere med. For vi skal aldri undervurdere krafta som bur i kunst og kultur. Kunst og kultur er ikkje «kakepynt» - det er og skal vere ein del av kvardagskosten. Eg vil nytte høvet til å rette ei stor og hjarteleg takk til alle som har vore med å gjere Operahuset Nordfjord mogleg - både før og etter opninga i 2009. Ver stolte og glade - og vit at vi enno berre så vidt er i gong. Dei neste 10 åra blir minst like spennande som dei 10 fyrste: Eid, Stad og Nordfjord inviterer til ei eventyrleg framtid i eit eventyrleg hus! Alfred Bjørlo, ordførar i Eid

OP E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 01 9

27


Ein yngleplass for born og unge

I miljøet av profesjonelle artistar og musikarar i Operahuset veks det fram ein underskog av born og unge frå Nordfjord som dyrkar interessa for scenekunst.

ANNIE: Sol Alme Brendefur frå Hornindal var eit nytt andlet på operascena.

28

O P E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 019


FØREBILETE: Michael Pavelich i rolla som milliardæren Warbucks og Sol Alme Brendefur som Annie. Førebilete som Pavelich er peika på som ein viktig grunn for at mange unge tek interessa for scenekunst vidare.

Fleire har gjort det til yrkesveg, eller dei tek song, musikk og teater. Musikalen Annie hausten 2018 var eit myldreplassen Operahuset er for born og Brendefur, Simon Pavelich, Ingrid Tykhelle Nyhammer-Taklo hadde alle hovudroller.

utdanning innan godt døme på unge. Sol Alme Kayser og Tuva

Vil bli ballettdansar

Nyhammer-Taklo (14) er ein del av miljøet rundt Candice Bredesen i Kulturskulen med forgreiningar til Operahuset. Tuva fortel at ho siktar mot ein karriere som ballettdansar, og har lenge reist månadleg til Den Norske Opera & Ballett i Oslo for å hospitere. – Eg flytta til Eid i 2010 då eg var seks år. Det gjekk eitt-to år, så stod eg på operascena første gongen. Vi har eit veldig bra tilbod med tanke på at vi bur på ein liten stad. Utan det gode miljøet, dei gode lærekreftene og fasilitetane på Operahuset hadde eg sikkert satsa på handball i staden for dans, trur Tuva.

OP E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

VIL BLI BALLETTDANSAR: Tuva Nyhammer-Taklo (nr. to frå venstre) spelte ein av barneheimsungane i Annie. Ho har som mål å leve av å vere ballettdansar.

2 0 0 9

-

2 01 9

29


Miljø i Brighton

Eline Jacobsen Lillestøl er ein av fem ungdomar frå Eid som hausten 2018 flytta til Brighton i England for å gå på BRICTT Academy for scenekunst. Alle har bakgrunn frå miljøet i Operahuset. – Opninga av operahuset var første gongen eg sto på scena, og då var eg ti år. Det betyr sjølvsagt svært mykje at Operahuset kom, sidan det er ei så stor og flott scene, med alt tilgjengeleg utstyr. Eg har gjennom heile oppveksten fått sjansen til å stå på ei scene, mange gongar i året, både som songsolist, i produksjonar, som dansar, i kor og i korps. Det er ein fantastisk sal å synge og opptre i, seier Lillestøl.

OPERAHUSET ER NAVET: Sol Alme Brendefur og Torunn Lødemel Stokkeland kjem frå eit lite, gryande teatermiljø i Hornindal. Det viser at Operahuset fungerer som eit nav i utviklinga av scenekunst i eit større omland.

Ho har mellom anna vore med på oppsetjingar gjennom Opera Nordfjord, skulemusikalar og russerevy på Eid vidaregåande skule, danseshow, konsertane til Kulturskulen og skulemusikalane til Eid ungdomsskule og kulturskulen.

Gjev sjølvtillit

– Eg trur grunnen til at mange ungdomar frå Eid satsar og gjer det godt innan song, musikk og dans er det fantastiske miljøet vi har. Alle støttar og motiverer kvarandre, noko som gjer at ein får sjølvtillit til å satse. Ein har folk å sjå opp til. Som ung på Eid ser ein at andre satsar, og ein tenkjer at om nokre år kan faktisk eg òg bli så god. Vi har fasilitetane med Gymmen, Operahuset, Kulturskulen, Opera Nordfjord, og vi har høve til å vere med i ulike oppsetjingar, til dømes Elskhug og eksis. Også Simon Pavelich satsar mot eit yrkesliv på scena som skodespelar. Han går også på BRICTT, og kom heim for å spele kjeltringen Rooster i Annie. Han var første gong med i ein hovudproduksjon på Opera Nordfjord i Fotballoperaen Norge-Brasil i rolla som Tore André Flo. – Det var miljøet kring Operahuset som gav meg gneisten til å satse som skodespelar. Eg trur ikkje eg hadde gjort det utan. Det handlar om at alle som vil får sjansen til å prøve seg, ein byrjar tidleg og har førebilete i dei som er eldre. Det er ein flott måte å få dei unge engasjert på.

LOKALT TALENT: Simon Pavelich hadde sentral rolle i Annie.

30

O P E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 019


– Spesielt miljø

Asbjørn Hagen går på Ballettakademian i Göteborg med sikte på ein yrkeskarriere som musikalartist. Han peikar også på dei gode føredøma som viktige, i tillegg til at alt ligg til rette for at dei som vil kan utvikle seg. Frå scena på Operahuset hugsar vi han kanskje best i rolla som Melodi Grand Prix-vinnaren Conchita i russerevyen 2015. – Den rolla tok heilt av og vart større enn eg trudde. Det var eg og Solveig Myklebust som skreiv manuset til russerevyen, eg var regissør og vi var involvert i alle delane av prosessen. Eg var også med i skulemusikalane Hairspray, Legally Blonde og Spelemann på taket i tida på Eid vidaregåande skule. Det var i dei vidaregåande åra interessa verkeleg vakna, fortel han. Hagen byrja spele piano på Kulturskulen og var første gong med på ein hovudproduksjon på Opera Nordfjord i samband med Sound of Music. – Det var siste året operaen var på folkehøgskulen. Så eg var med på overgangen. Det var absolutt eit ekstra løft då vi kom til Operahuset. Etter at eg flytta frå Eid og ser ting utanfrå, ser eg kor fantastisk bra og spesielt miljøet er.

SATSAR SOM MUSIKALARTIST: Asbjørn Hagen.

TEK UTDANNING I ENGLAND: Eline Jacobsen Lillestøl.

UNGE FÅR SJANSEN: På bursdagskonserten til operahuset 25. april 2019, stod elevar frå Eid ungdomsskule og Kulturskulen i Eid på scena.

OP E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 01 9

31


Foto: Øystein Torheim Foto: Tommy Bredesen

Foto: Svein Nesbakk

10 år med lyspunkt på rekke og rad

32

O P E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 019


Foto: Joerg Wiesner

Foto: Jørn Arne Tomasgard

N O R D FJ O R D

| Foto: Erik Berg

Foto: Øystein Torheim

Foto: Øystein Torheim

Foto: Tommy Bredesen

OP E RA H U S E T

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 01 9

33


Eit strålande sams

Samspelet mellom Eid vidaregåande skule og Opera Nordfjord er blitt eit føredøme på entreprenøriell læring som andre vil lære av. – Vi har hatt mellom anna skuleleiarar frå Oslo på studietur her, og eg vart invitert på ein konferanse i Trondheim for å snakke om samhandling, fortel rektor ved Eid vidaregåande skule Ove Bjørlo. Eit viktig døme på samhandlinga er at VG2-elevar ved skulen innan faga elektro, industriteknologi, design og treteknikk er med i gruppa som lagar scene og rekvisittar til operaen, saman med dugnadsgjengen. Arbeidet inngår i læreplanen. Ifølgje avdelingsleiar for yrkesfag Ove Lillestøl har skulen på det meste bidrege med 5000 timar i året.

Lågt fråfall

– Vi byrjar jobben rett etter skulestart. Det er praktisk retta arbeid mot eit felles mål. Vi ser at dette motiverer elevane. Vi har

34

veldig lite fråfall ved skulen. Denne type undervisning er med på å hjelpe elevar som i andre tilfelle ville fått problem med å fullføre, seier Lillestøl. VG1-elevane har ansvar for å byggje kulissar og rekvisittar til skulemusikalen. Dei to leiarane ved skulen seier dei legg vekt på å byggje skulen opp innan teknologi og digitalisering, og ikkje minst sørge for lærekrefter med høg kompetanse. Dei meiner skulen er av dei i landet som er best utstyrt for undervisning i yrkesfaga. I lokala vegg i vegg med operascena står hypermoderne CNCmaskiner, robotteknologi og 3D-printerar der du kan lage det mest utrulege. Det er berre ein vegg frå produksjonslokala til sceneområdet.


Foto: Steinar Engeland

spel mellom skule og kultur

35


ELEKTRO: Brynjar Leivdal, elev på 2ELA i 2018/19, her i ferd med å montere ein spott. Elektrolina er avgjerande for framveksten av elektroklynga på Eid. ROBOT: Leiar for yrkesfag Ove Lillestøl med ein robotarm som fortel noko om utviklinga ved skulen. Roboten er eit samarbeid med verksemda Rocketfarm i Sogndal.

Fylkeskommunen viktig aktør

– Andre vegen samarbeider vi med operaen om å setje opp skulemusikal. Kinosalen blir brukt som skuleauditorium, i operasalen samlast alle elevar og tilsette, vi har ein stor felles foajé med kantine, og elles eit flott bygg med gode fasilitetar. Det har heva statusen til skulen, og vore med på å gjere det attraktivt å vere både elev og tilsett her, meiner Bjørlo. Han rosar både entreprenør Åsen & Øvrelid og prosjekteringsansvarleg Nordplan for samarbeidet som har gjeve gode løysingar. – Eg vil seie bygget er ein arkitektonisk suksess. Det er funksjonelt samstundes som det er ei fantastisk ro her med tanke på at det er 360 elevar og om lag 120 som har arbeidsstad her, alle einingar inkludert, seier Bjørlo. I tillegg til å drifte skulen, er fylkeskommunen også ansvarleg for drifta av heile anlegget. Kommunen eig operasalen og er elles leigetakar med fylkeskommunen i ei fordeling 70-30, der fylkeskommunen er størst.

HØGTEKNOLOGI: Elev Vaidas Sarafinavicius og lærar Geir Hjelle (t.h.) nyttar her ein CNC 5-aksemaskin i undervisning. Dette er av det nyaste og mest teknologiske utstyret på marknaden for tida.

Stolte tradisjonar

Det var i 1992 Sogn og Fjordane fylkeskommune vedtok at dei to vidaregåande skulane i Eid skulle samlokaliserast. Det var skular med stolte historier på kvar sin kant. Holmøy Arbeidsskule var forløparen til yrkesskulen som på det tidspunkt heldt til i Øyane. Toårige Eids Gymnas og Kragseth Handelsskule var forløparane til allmennfag og handel og kontor som allereie var lokalisert på Mel. – Det har vore motkrefter og kulturskilnader. Og alt vart ikkje til det betre. Mellom anna måtte vi redusere arealet til yrkesfaga frå dei 4.500 kvadratmeterane vi hadde i Øyane. Vi må drive kompakt og effektivt. Det som er bra her, er at vi har tilgang til fellesareala saman med dei andre. Vi har oppnådd jamn fordeling mellom kjønna. Dei siste åra føler eg kulturskilnaden er viska bort og vi er blitt ein skule, seier rektor Bjørlo.

36

O P E RA H U S E T

LEVANDE MILJØ: Frå eitt av klasseromma på Eid vidaregåande skule.

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 019


Foto: Steinar Engeland Foto: Ă˜ystein Torheim

Foto: Svein Nesbakk

Foto: Steinar Engeland

Foto: Svein Nesbakk

Foto: Steinar Engeland


Proft apparat til lokale heltar

O HELGA NATT: Tre av Helgesen-brørne sette punktum for julekonserten.


Då Helgesenkoret tok steget til Operahuset, følte dei seg løfta til eit nytt nivå med hjelp av dei profesjonelle kreftene dei fekk tilgang til. – Produksjonen vart heilt klart teken fleire steg opp med hjelp av blant anna det tekniske med lyd og lys. Då vi hadde den første julekonserten med koret i Leikanger kyrkje for sju år sidan, brukte vi ein nattbordslampe til lys. Så det er klart det har vore ei stor utvikling. For oss er det fantastisk å ha ei profesjonell scene i nærleiken som vi kan kome til og få god hjelp, seier dirigent for Helgesenkoret, Line Dybedal. Koret med åtte Helgesen-søsken frå Selje med vener, samla to fulle salar då dei inviterte til julekonsert i Operahuset Nordfjord i desember 2018. Det vil seie nærmare 1100 selde billettar. Også ved andre høve ser ein at det er stor publikumsinteresse for arrangement i Operahuset der lokale kulturkrefter står på scena.

FØREBUINGANE: Medlemmene i Helgesenkoret la ikkje skjul på at dei hadde nervar før dei gjekk på scena i Operahuset. Her blir dei siste førebuingane gjort unna.

VART STOR SUKSESS: Helgesen-søskena med vener og born fylte Operahuset to gongar i samband med julekonsertar i 2018. Dei trekkjer mellom anna fram profesjonelt apparat med lyd og lys som noko som heva produksjonen.

OP E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 01 9

39


kjenne oss heime her. Det var noko mange var spent på – om vi ville kjenne oss heime og trygge her. Frå vi tok kontakt sist vinter har det vore meir som ein draum. Vi er blitt tekne imot av eit profesjonelt apparat som har gjort oss betre, seier Paul Jacob. Han er busett på Nordfjordeid, og er ein kjent amatørskodespelar i ulike roller på operascena. Han fortel at han også tidlegare har merka at den store scena er forbunde med ei viss frykt.

Vågar vi? BORNA ER MED: Helgesenkoret legg vekt på å dra med seg heile familien. Neste generasjon var eit naturleg innslag på julekonserten.

Måtte føle seg heime

Talsmann for Helgesenkoret, Paul Jacob Helgesen, seier det var ein barriere for dei å ta steget til Operahuset frå trygge omgjevnader i Selje kyrkje. – For oss var Operahuset stort og skummelt. Det var noko heilt anna enn vi var vande med. Men frå vi tok den første kontakten, har vi fått fantastisk god hjelp og støtte. Det var ja frå dag ein, og dette var noko dei hadde tru på. Vi følte oss rimeleg trygge på at vi kunne klare å fylle ein sal med konserten vår, men at vi skulle klare å fylle opp ekstrakonserten også var over all forventning, seier han. – Måten ting er blitt lagt til rette for oss på har vore viktig. Vi har mellom anna hatt øvingar på scena med jamne mellomrom for å

– Då vi skulle ha framsyning med Eid Mannskor, dukka også spørsmålet «Vågar vi?» opp. Det var ein terskel, men vi berre bestemte oss. Eg trur det er viktig å ufarleggjere scena og heller tenkje at her kan vi få hjelp til å bli betre. Ein får mykje hjelp av den profesjonelle gjengen som er her, dei legg mykje i det og vi får kjensla av å spele på lag. Som busett på Eid og aktiv i kulturmiljøet meiner Helgesen Operahuset er viktig for bulysta i regionen. – Bur du i ein by er gjerne eit argument at du har tilgang til mykje som skjer. For oss gjev Operahuset oss den tilgangen. Klart det fører til bulyst. Også Line Dybedal, som er profesjonell musikar busett i Selje, seier det er bra for henne å ha eit profesjonelt miljø i nærleiken. – Absolutt. Eg har av og til oppdrag i Operahuset, og har også vore i studioet i Gymmen og spelt inn sekvensar til den nye plata mi som kjem til våren. Eg var der nyleg og spelte inn strykesekvensar med Olga Pavlova. Plata blir spelt inn i studioet mitt heime på garden, i Bergen og på Eid.

DET VART JUL: Til slutt kom nisseluene på, og det vart jul.

40

O P E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 019


VART STOR SUKSESS: Helgesen-søskena med vener og born fylte Operahuset to gongar i samband med julekonsertar i 2018. Dei trekkjer mellom anna fram profesjonelt apparat med lyd og lys som noko som heva produksjonen.

BÅDE VART OG FARTSFYLT: Julekonserten til Helgesenkoret er ei blanding av det vare tradisjonelle og det meir fartsfylte og underhaldande. Her frå eit amerikansk, countryprega innslag.

DIRIGENT: Line Dybedal er gift inn i Helgesen-familien.


Sitat Operahuset Nordfjord er et lysende eksempel på hvordan en storslagen satsing på kultur kan endre både et lokalsamfunn, hele det vakre og ville Nordfjord og faktisk også kultur-Norge. Takket være dette flotte og rause bygget, er Nordfjordeid et ettertraktet sted å besøke for norske artister, og alltid et høydepunkt på mine landsdekkende turneer. Takk til dem som engang hadde evnen til å tenke store tanker og kraften til å gjennomføre dem. HANNE KROGH

Dearest Sister Operahuset Nordfjord, I send birthday greetings from your (slightly) older sister Operaen in Oslo! Many congratulations to the many people, both artists and non-artists, who have worked so hard over the last 10 years to make magical performances in your lovely operahus a reality in Nordfjord. To the wonderful Nordfjord audience: I salute you for your dedication to sharing and enjoying the many wonderful shows and performances presented in this lovely venue. I had a wonderful time attending the premiere of Opera Nordfjord´s Sildagapet in Winter 2017. It was particularly impressive to see a packed house for a newly written opera with so much local and Norwegian talent on display. The auditorium is a triumph of design and a joy to visit and listen to opera in. I hope to return for another evening with you soon.I and all in DNO&B wish you another 10 wonderful years. We will be teenage operahouses together very soon! A NNI L E S E MI S K I MMON, OP ERAS J EF DEN NORS KE OP ERA & BA L L ET T Foto: Lars Eivind Bones

Operahuset i Nordfjord er helt topp! Jeg liker klangen i salen, og menneskene som jobber der er engasjerte og hyggelige! DI DR I K SO L L I -TA N GEN

Foto: Svein Brimi

Hva er Opera Nordfjord et bevis på? At det umulige er mulig. At musikken er grenseløs. At sterke talenter med store hjerter kan flytte fjell. Opera Nordfjord er et mirakel som former Norge og er et levende bevis på at ildsjeler som brenner for kunst og kultur er en av de viktigste naturressursene i et lokalsamfunn. EL L EN H O R N

42

O P E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 019


Takk for oss – alltid en glede. Med snitter & svele.

Tusen takk for en fantastisk kveld! TOR EN D RESEN, RUNE LARSEN, KAT RI N E MO HO LT

«EN M A N N V ED NAV N OV E», SV EN N O R DI N, R I K STEATR ET

Frå gjesteboka

Til verdens beste konserthus: TAKK for oss! SI GR I D M O L DESTA D

1000 takk for ein FANTASTISK gjeng og herlig hus å spele i!

Takk for kjempekveld! På gjenhør! JA N EGGU M O G HA LV DA N SI V ERTSEN

CHRIST I NE HO PE

What a great joy to play tonight on this exceptional Fazioli piano! Thank you very much for the invitation and hospitality.

Så kjekt å vere her – vi blir så godt tatt vare på. TAKK!!! I D UN LOSNEGÅRD, SOGN OG FJORDANE TEATER

GR ZEGO R Z N I EM C ZU K

OP E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 01 9

43


Dei gjev deg

kultur

Kvardagen for dei tilsette i Operahuset omfattar alt frå å organisere program, drive bibliotek, setje opp filmar, sørgje for lyd og lys – og ikkje minst ta imot publikum slik at dei får ei god oppleving.

FØRSTEINNTRYKKET: Folk stimlar mot operasalen for å høyre Vamp. Det første dei møter er dei blide andleta til Julie Lehner (f.v.), Kari Myklebust Hjelmeland, Doris Grimstad Sunde og Helga Didrikke Sundal.

44

O P E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 019


Som husvert er Kari Myklebust Hjelmeland ein kjend person for alle som brukar Operahuset. Ho har hatt rolla heilt sidan starten, og fortel at ho stortrivest i det levande miljøet med artistar og publikum. I 2018 vitja over 73.000 menneske Operahuset, det vart selt i overkant av 17.000 billettar. Ser du etter, finn du at aktiviteten i Operahuset er sett saman av eit nett av små og store gjeremål som samla gjev deg den gode kulturopplevinga. Til å gjere jobben er det 12 tilsette i ulike stillingsprosentar, pluss dei frivillige.

PÅ JOBB FOR PUBLIKUM: Desse fire møtte Vamp-publikummet. Volontør Julie Lehner (f.v.), Doris Grimstad Sunde, Kari Myklebust Hjelmeland og Helga Didrikke Sundal.

Lånte bort dressen til mannen

– Eg har full jobb ved sidan av 40 prosentstillinga her, og det fortel vel at eg likar meg. Eg kunne ikkje jobba så mykje om det ikkje var for at det er veldig kjekt. Det er mykje trivelige folk, når dei kjem hit er dei i godt humør og gleder seg, fortel Kari. Vamp skal spele i Operahuset denne kvelden. Brått kjem bandet inn i vestibylen for å starte dei siste førebuingane. Vamp-sjefen Øyvind Staveland går rett bort til Kari, tek henne hjarteleg i handa og takkar for då bandet var her sist. Å legge til rette for at artistane kjenner seg velkomne er ein del av jobben. – Rolla som husvert gjer at eg har møtt mange kjende artistar gjennom åra. Eg legg vekt på å halde ein låg profil og vere profesjonell i møtet med dei. Som det naturlege kontaktpunktet mellom Operahuset og artistane fortel ho at det har vore mange situasjonar. – Eg måtte blant anna låne bort kjolen min til ein av solistane på operaen, og eg måtte låne vekk dressen til mannen min!

NYE FJES: Sharon Samweli (t.v.) og Sigrid Bjørkedal byrja som husvertar i operahuset i 2019.

Førsteinntrykket

Å drive bar, garderobe og billettsal er blant arbeidsoppgåvene til husvertane. Denne kvelden er dei fleste av dei 534 sitjeplassane tekne i bruk. Det betyr mykje folk. Også Doris Grimstad Sunde er på plass som vert, saman med volontør Julie Lehner.

BETALT DUGNAD: Du skal ha god rygg og styrke for å bere sceneutstyr. Abdinazir Abdi frå herrelaget til Eid IL Handball har det.

OP E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 01 9

45


STYRER LYDEN HERIFRÅ: Slik ser arbeidsstaden til lydteknikar Eirik Andreassen ut.

Sunde jobbar til sjøs, men synest rolla som husvert er så gjevande at ho jobbar på Operahuset i friperiodane. – Vi er førsteinntrykket publikum får når dei kjem hit. Det er viktig at dei kjenner seg velkomne. Dei aller fleste er blide og hyggjelege, men det er klart vi må vere innstilte på å takle ulike situasjonar. Mellom anna har vi gått kurs for å bruke hjartestartar. Heldigvis har vi aldri fått bruk for han, seier Sunde. Inne på scena treff vi Abdinazir Abdi, Henrik Hestenes og Geir Dale frå Eid IL Handball. Dei hjelper bandet med å bere utstyr. Det er ei rolle herrelaget har fast, og det gjev kjærkomne inntekter. – Vi jobbar for å finansiere turane til kampar i Bergen. Denne sesongen har vi fem bergensturar. Det kostar oss 40.000 kroner, og pengane vi tenar på Operahuset er heilt avgjerande for at vi kan halde på. Vi måtte selt mykje kakelodd for å tene tilsvarande, seier dugnadsleiar Dale.

46

O P E RA H U S E T

TENAR PÅ DUGNADSJOBB: Herrelaget i handball finansierer fem bergensturar med å bere utstyr i Operahuset. Her Henrik Hestenes og Geir Dale saman med turnéleiar for Vamp, Funny Høie.

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 019


LYSMANN MED MEIR: Ovar Holmen har det viktige ansvaret for scenelyset i Operahuset. Her er han pĂĽ jobb i samband med musikalen Annie.


Skjer på fleire arenaer samstundes

Arrangementsansvarleg Helga Didrikke Sundal i Operahuset Nordfjord er stort sett ferdig med sin jobb når konsertkvelden kjem. Ho styrer med booking, billettsal, marknadsføring og informasjon til dei tilsette. – På sjølve arrangementet har eg mest eit overordna blikk på at alt går slik det skal. Spesielt kveldane når det skjer mykje her på fleire arenaer samstundes, er Operahuset ein hektisk og god stad å vere. I biblioteket ned trappa mot Gymmen er det biblioteksjef Gyri Tolaas som styrer saman med bibliotekar Eli Hjelle Kjøllesdal og Marit Husby Heggen. – Vi har over 30.000 besøkande i året, i alderen 0 til 90 år, fortel Tolaas. Biblioteket har 40.000 titlar av bøker, lydbøker og tidsskrift. Dei tre har alle jobba på biblioteket i kring 20 år. – Det er ein god stad å jobbe for oss som er interesserte i litteratur, og det er mykje som skjer her. Vi er også skulebibliotek for Eid vidaregåande skule, og vi har regelmessig skular og barnehagar innom. I tillegg er det faste folk som vitjar oss for å lese aviser og tidsskrift, vi har språkkafé, forfattarbesøk og andre arrangement med jamne mellomrom. Det er positivt for aktiviteten her at det er eit fleirbrukshus med skule, scene og kino, fortel Tolaas.

DAGKINO: Barnehageborn er med på å fylle opp kinoen på dagtid.

Biblioteket har fått eit løft

Alle tre var med på flyttinga til Operahuset og har såleis eit samanlikningsgrunnlag - før og no. – Det gav biblioteket eit løft å flytte hit til heilt nye lokale, samlokalisert med skule og annan kultur. Besøkstala aukar, og for oss som jobbar her er det positivt at vi har fått fleire kollegaer, lokale med mykje lys inn og tilgang til kantine, seier Marit Husby Heggen. Også kinosjef Janne Mari Hjelle fortel at talet på publikum stig, trass stadig tøffare konkurranse frå TV og internett. – Folk innser at det er ei anna oppleving å sjå ein film på kino. Digitaliseringa har gjort det lettare å vise dei nyaste filmane tidleg. Vi har premiere på nye filmar samstundes som kinoar andre stader i verda. Tidlegare kunne det gå veker før filmane kom hit.

PÅ RETT STAD: Biblioteket har fått eit løft etter at det vart samlokalisert med skule og andre kulturtilbod i Operahuset, fortel Marit Husby Heggen (f.v.), Gyri Tolaas og Eli Hjelle Kjøllesdal.

Kinoen opplever vekst

Dagkino er eit anna tilbod som er med på å fylle dei 105 seta i kinosalen stadig oftare. Kinoen har om lag 12.000 besøkande årleg. Opp under 100 titlar blir vist kvart år, fordelt på 300 visningar. Sjølve arbeidsoppgåva som kinosjef er også annleis. Det er ikkje lenger filmrullar som må setjast i ein framsynar. No treng ikkje kinosjefen vere til stades på framsyningane. – Eg programmerer alt klart på pc-en på førehand slik at filmen startar når han skal.

48

O P E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 019


JOBBAR I OPERAHUSET: Dei tilsette i 2018. Gyri Tolaas, Ovar Holmen, Eli Hjelle Kjøllesdal, Marit Husby Heggen, Eirik Andreassen, Geir Holmen, Helga Didrikke Sundal, Doris Grimstad Sunde, Kari Myklebust Hjelmeland, Elin Faller Raad, Janne Mari Hjelle og Ann-Elin Haugland Bjørkedal.

Tilsette i Operahuset Nordfjord 2019 Geir Holmen

Gyri Tolaas

Eli Hjelle Kjøllesdal

Marit Husby Heggen

OPERAHUSLEIAR OG KULTURSJEF

BIBLIOTEKSJEF

BIBLIOTEKAR

BIBLIOTEKET

Helga Didrikke Sundal

Ovar Holmen

Eirik Andreassen

Janne Mari Hjelle

LYS OG SCENE

LYD

KINOSJEF

Kari Myklebust Hjelmeland

Doris Grimstad Sunde

Sharon Samweli

Sigrid Bjørkedal

HUSVERT

HUSVERT

HUSVERT

HUSVERT

ARRANGEMENT

OP E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 01 9

49


Rocka sama

50

INTIMKONSERT: Eitt av landets fremste rockeband, Oslo Ess, kom til Gymmen og heldt akustisk konsert i november. Bandet har ogsĂĽ spelt pĂĽ Malakoff. Nettverket i musikkbransjen er verdifullt.


arbeid forvandla gymsalen til fleirbruksscene Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i Malakoff Rockfestival meiner Operahuset har ein viktig funksjon som eit felles nav i kulturlivet, og at samarbeidet skaper eit kulturtilbod som er uvanleg på ein så liten stad. – Operahuset fungerer kjempegodt. Folk flest er kanskje ikkje klar over kva det betyr at vidaregåande skule, kultur, opera og rockefestival held til i same hus. Det at vi stadig treffast til uformelle samtalar skaper eit kulturtilbod som er uvanleg på ein såpass liten stad som Eid. Det fører til spanande kulturutveksling. Når vi no blir Stad kommune, håpar vi å få ein effekt av det også, med utveksling av kultur, seier Naustdal. Sjølv har festivalsjefen ein fot i fleire leirar, sidan han er tilsett ved Eid vidaregåande skule, men kjøpt ut av delar av jobben av Malakoff Rockfestival. Tilsvarande er tilfelle med administrasjonssjef Gunn Guddal. Festivalen har bygd seg opp til å bli ein av dei største i landet, med samla nærmare 30.000 innom portane dei tre festivaldagane. – Det er naturleg for oss å ha kontorstad her sidan vi er tilsett i fylkeskommunen, seier Naustdal.

Malakoff-aktivitet året rundt

Målet er at Malakoff skal vere ein samfunnsaktør som skaper aktivitet året rundt. Heilårsaktiviteten skjer mellom anna i Gymmen scene og studio, som ligg like attmed Operahuset Nordfjord. Som namnet tilseier, er Gymmen ein tidlegare gymnastikksal for Eid vidaregåande skule. I 2010 vart bygget bygd om til rockscene i samband med ei offentleg satsing på bulyst. Ombygginga kosta i overkant av tre millionar kroner og vart finansiert i eit spleiselag mellom det statlege Kulturrådet, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Eid kommune. Til drifta av lokalet har Malakoff, fylkeskommunen og kommunen inngått ein driftsavtale.

51


– Unikt lokale

Gymmen eignar seg godt til mange ulike typar aktivitetar og kultursjangrar. – Vi har hatt godt besøk på ulike arrangement. Etter kvart ser vi kva som fungerer og kva som ikkje gjer det, og tilpassar drifta. Mellom anna har dei arrangert to kinokveldar i Gymmen, med visning av musikkfilmane «Bohemian Rhapsody» om Queen og «Rocketman» om Elton John. – Billettane vart selde ut ganske raskt, seier Naustdal. Andre aktivitetar i Gymmen har vore vinylkveldar og quiz, i tillegg til ulike konsertar og danseoppvisningar. – Vi hadde konsert med den kommunale kulturskulen her. Då fekk dei som spelte stå på scena framfor 250 i salen. Det gav ei spesiell stemning. Gymmen er eit unikt lokale.

– Fantastisk scene

Då Oslo Ess, eit av landets fremste rockeband, vitja Gymmen i november 2018, var det fullt hus, og lokalet viste seg frå si beste side. Vokalist Åsmund Lande gav tydeleg uttrykk for at det var viktig for dei å kome til utselt lokale og ei slik scene. – Kvifor har ikkje vi spelt på denne fantastiske scena før? Vi kryssar av Nordfjordeid på lista over kule stader som vi gjerne kjem tilbake til. Det gjer noko med oss som band når vi kjem til ein slik stad.

ROCKESCENE: Oslo Ess var overvelda over Gymmen. – Kvifor har vi ikkje spelt i dette fantastiske lokalet før, undra dei då dei leverte ein heidundrande konsert for fullt hus.


Supplement til Operahuset

Ulike lokale band og Kulturskulen i Eid nyttar Gymmen til øvingslokale. Ifølgje Naustdal har dei den siste tida oppgradert det elektriske anlegget i Gymmen for å gjere det meir framtidsretta og tilpassa utviklinga. Han seier Gymmen er eit supplement til Operahuset. – Det er ikkje ein konkurrent. Vi samarbeider. Det er ikkje alltid rett å arrangere i Operahuset der det er plass til over 500 menneske. Ofte kan Gymmen med plass til 250 eigne seg betre. Det har ein heilt eigen verdi. Sidan vi held til same stad, kan vi samarbeide over grenser.

MALAKOFF: Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i sitt rette element – blant publikum på Malakoff Rockfestival.

GYMMEN: Kun eit steinkast unna Operahuset.

ARNESTAD: Gymmen er ein stad der lokale band øver. Lokale Jackbow varma opp for Oslo Ess.

OP E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 01 9

53


Foto: Jørn Arne Tomasgard

Foto: Øystein Torheim

Foto: Tommy Bredesen

Foto: Øystein Torheim

Foto: Tommy Bredesen

Foto: Øystein Torheim

Foto: Svein Nesbakk


Foto: Øystein Torheim

Foto: Svein Nesbakk

Foto: Øystein Torheim Foto: Jørn Arne Tomasgard


#hengdeg • 100-årsjubileum Brunstad Kristelige Menighet • 40-årsdag • 4H Sogn og Fjordane • 50-årsfeiring • 60-årsdag • Aasmund Nordstoga • Abrahams barn • Absence crew • Absolutt Per • Albert Åberg • Aldateatret • Ali Baba og de 40 røverne • Alt det lyse og alt det mørke • Amerikareisa • Anna Karenina • Anne Kat Hærland • Annie • Arbeidslivsmesse • Are Kalvø • Arve Tellefsen • Askeladden og kongens harer • Audition - ein musikal • Av historisk grunn

20

19

e g m n a

09 - 2 0

t n e

A r r

56

O P E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

Avslutningskonsert • Babykino • Back to the 80’s • Barnedåp • Barnefestival • Barnehagedagen • Barnehagekino • Barneskuleavsluting • Barnestemne • Basar • Beethovens 9. symfoni • Bendik Os • Benny Borg • Berit Nordstrand • Besøk • Bettan, Alexander og Didrik • Bitelit • Bjørn Eidsvåg • Blest • Bloom • Bokbad • Brak • Brassfest • Bremanger musikklag • Brenningmysteriet - to levande og to døde • Bryllaup • Bursdagsfest • Bursdagskonsert • Bussi • Bye & Rønning redder verden • Cameleonte Musicale • Candoco Dance Company • Carmen • Christine Hope • Christmas with Nordic Tenors • Christmas with Nordic Tenors & the Neumann Strings • Collagekonsert • Countrycabaret • Dagkino • Damekoret Sirene • Dansecollage • Danseshow • Danseworkshop • Dei nominerte er... • Den kulturelle skulesekken • Den store kinodagen • Denyce Graves • Desemberstemningar • Didrik Solli-Tangen • District Nine • Distriktsmusikarane • D-kor • Do not feed the trolls • Doktor Proktors prompepulver • Doug Seegers • Du er god, du, Charlie Brown • Duda Paivas Man Beast • Eggum & Sivertsen • Eid barne- og ungdomskor • Eid bibliotek • Eid Danseverkstad • Eid eldreråd • Eid hagelag • Eid Inviterer til kongeleg variete • Eid jeger og fiskelag • Eid kino • Eid mannskor • Eid musikklag • Eid pensjonistlag • Eid spelemannslag • Eid ungdomsskule • Eid vidaregåande skule • Eidarussen • Eitt steg bak, men to fram • Eldredagen • Elisabeth Andreassen • Elskhug og Eksis • Emil Solli-Tangen • En mann ved navn Ove • En midtsommernattsdrøm • Energikonferanse • Erlend Os • Et dukkehjem • Etterlyst: Jesus • Eva Weel Skram • Evig ung • EVS-foredrag • EVS-hospitering • Fagdag • Fagseminar • Familiedagar • Fangstliv på Svalbard • Fargespel • Fellesskapskyrkja Sandane • Festmiddag • First Lego League • Fjordane Musikkforum • Fjordmann • Flaggermusen • Flettemamma • Foajekonsert • Folk og røvarar i Kardemomme by • Folkemøte • Foredrag • Foreldremøte • Forfattarbesøk • Fotballoperaseminar • Fotoutstilling • Fredrik Strand Halland • Frikar • Fruen fra havet • Fuglane • Fugletribunalet • Fylkeskonkurranse yrkesfag • Fylkesmesse for ungdomsbedrifter • Fylkesmesse • Ungt entreprenørskap • Fylkesmusikarane • Førde Kammerkor • Første skuledag • Førstereis • Gallajubileumsforestilling • Gallakonsert • Georgs magiske medisin • Gjengangere • Global Dignity Day • Gloppen Musikkfest • Good Evening Nordfjordeid • Gospelkonsert • Grease • Gruffalo-dag • Grunnlovskonsert • Gu kor gøy! • Gunnar Staalesen • Gymnastreff • Hageseminar • Hairspray • Hand of Hope - 4H fyller 75 år • Hanne Boel • Hanne Krogh • Hanne og tre tenorar • Hans Olav Lahlum • Hans-Wilhelm Steinfeld • Happy Feet • Happy Feet 2 • Haugen ungdomslag

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 019


Hege Schøyen • Heia Flåklypa! • Heim til jul med Helgesenkoret • Heine Totland & Gisle Børge Styve • Hekla Stålstrenga • Hellbillies • Hemmeleg helt • Henning Kvitnes • Hjelle skulemusikk • Hoffmanns eventyr • Hospitering • Hot Club de Norvége • Hot Stuf • Human-Etisk Forbund Nordfjord • Humanistisk konfirmasjon • Hvem er redd for Virginia Wolf ? • Hyttebok frå helvete • Håkon Austbø • Image in my music • Impulskonferanse • Ingebjørg Bratland • Ingrid Bjørnov • Ingrid Bjørnov 2012-ouverturen • Ingvard Wilhelmsen • Innbyggarfest • Innbyggjartreff • Internasjonal dag • Internasjonal veke • Invasjon • Jakt,- fiske- og friluftsmesse • Jakten på ærligheten Janne Karin Støylen • Johnny Logan • Jukebox • Jul i Skomakergata • Jul med Gråtass • Juleavslutning • Juleball • Julebord • Julegallakonsert • Julekava • Juleoratoriet • Juleprogram • Julesongstund • Julestemning på et • Blunck, Bettan & Endresen • Juletrefest • Juryen • KALVØ • Kammerkonsert • Kari Bremnes • Karius og Baktus • Karoline Krüger og Sigvart Dagsland • Kathrine Moholt • Katrine Sele • KFUK-KFUM Sogn og Fjordane • Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen • Kjellen - Med prostata mot stjernene • Kjerringa mot straumen • Kjølsdalen musikklag • Kjølsdalen skulemusikk • Klatrekino • Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen • Klypa • Knutsen og Ludvigsen • Kollaps i kulissane • Kom heimatt gut • Kommentarfeltet • Kommunal fagdag • Konfirmasjon • Konserten • Korall Koral • KORK i Sogn og Fjordane • Korpsa i Eid • Korpsjubileum • Korpsstemne • Kringkastingsorkesteret • Kulturarven - ein russerevy • Kulturkonferanse • Kulturkveld • Kulturmøte • Kulturnatt i Nordfjord • Kulturskulen i Eid • Kulturskulen i Eid • 30-års jubileumsforestilling • Kunstutstillingar • Kurt Nilsen • Kvedarseminar • Kvinna frå før • La Bohème • Laila B Band • Lan Eid • Landsfestivalen • Lang dags ferd mot natt • Lars Monsen og Trine Rein • Lattergalla • Legally Blonde • Legenden Johnny Cash • Leif Ove Andsnes • Les Misérables • Linda Eide • Lindetreets løyndom • Lions Club Nordfjordeid • Litt av et par! • Livet er eit spørsmålsteikn • LO Nordfjord • LO-arrangement • Lovsong i Nordfjord • Luksusfella • Lærarkurs • Lærarsamling • Lærlingsamling • Madama Butterfly • Maj Britt Andersen • Margot - Alt i boks • Maria Berg Hestad • Maria Parr • Marion Ravn • Marte Holien Bøe • Maskeballet • Meistermøte Parkert piano • Mellom boka og barnet • Messias • MGPjr juleturne • MGPjr-feiring Oselie • MGPjr-feiring Vilde og • Anna • Miljøbyggkonferanse • Mimir Kristiansson • Min kamp • Mirjam Myklebust • Motions • Move • Musikalen 2025 • Musikalkonsert med SOFORK • Musikk frå Høgskulen i Volda • Musikk med vengjer • Musikkveka i Eid • My fair lady goes Sogn og Fjordane

OP E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

Namnefest Human-Etisk Forbund • Nasjonal prøve • Nasjonalballetten • Nasol • Natten er dagens mor • Nattens umusikalske dronning • Navid: Each One Teach One • NM i gammaldansmusikk • NMF • Nordvest • Nordbygda spel- og dansarlag • Nordfjord filmfest • Nordfjord lappe- og quilteklub • Nordfjord Performing Arts Academy • Nordfjord Song Festival • Nordfjordeid skule • Nordfjordeid skulekorps • Nordfjordkursa • Nordfjordkveld • Nordic Tenors • Nordvest ungdomskorps • Nordvesten Sogn og Fjordane • Nordvesten vaksenkorps • Norge.Nett.No • Norge-Brasil, ein opera

• Norgesvinduet Bjørlo • Norr – Da gudene breaket • Norsk Kulturskuleråd Sogn og Fjordane • Norsk reisning • NRK BarneTV-premiere • NRK Julelutt • NRK Meisterklasse • NRK P3 • NRK Sogn og Fjordane • Odd Nordstoga • Offisiell festforestilling • Oklahoma! • Ole Brumm og vennene hans • Ole Edvard Antonsen • Ole Paus • Ope folkemøte • Opera Nordfjord • Opera Workshop • Operakveld • Oslo Barneteater • Oslo Danse Ensemble • Oslo strykekvartett • P3 popsalongen • P3 skolesessions • P3-morgen • Peer Gynt • Peer, du lyver! • Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 01 9

Pensjonisttreff • Pianokonsert Joakim Anselmby • Ping Pong • Pinocchio • Pippi feirar bursdag • Pippi feirar jul • Premieremiddag • Privattimen • PUCCINI Operafavorittar • Messa di Gloria • Pulverheksa og julenissen • Pulverheksa og venene hennar • Putte Svensson • Påsketreff • Quiltetreff • Real Ones • Regiontreff • Rein Alexander • Reinhaldsmesse • Rent • Requiem av Verdi • Riksteatret • Robotlaben • Rocka musikkstemne • Rundt flygelet • Rundt flygelet-konsert • Russerevyar • Saga • Score • Seljumannamessekomiteen • Seminar • Seniorkino • Septemberdans • SFE årsfest • Sigrid Moldestad • Sirkusshow • Sjef i eige liv • Sjukehusjubileum • Sjur Hjeltnes • Sjøforsvarets Musikkorps • SJØ-SPRØYT Revy med • Eid mannskor • Skjoratippen • Skjønnheten og udyret • Skuleavslutning • Skuledebatt • Skulekino • Skulestart • Skulevaldebatt • Slektsstemne • Smaken av Nordfjord • Sogn og Fjordane Energi AS • Sogn og Fjordane symfoniorkester • Sogn og Fjordane teater • Sokrates forsvarstale • Solveig Kringlebotn • Sommaravslutning • Sommarkonsert • Sommarshow • Sommartreffet • Songarstemne • Spelemann på taket • Språkkafear • Språkmoro • St. Hallvardguttene • Statsborgarseremoni • Stemmer frå Sogn og Fjordane • Stine Hole Ulla • Strauss- og Wagneraften • Stårheim skulekorps • Stårheim songlag • Sunniva.no • Sunnivakoret • Sweeney Todd • Symfonikonsert • Symfoniorkesterkonsert • Synfaring • Sølvguttene • Søner av sola • Ta meg til havet • Teaterkompaniet Nordfjord • Teaterstykket ”MAT” • Teddy og Marian • Teikneutstilling • Temakveld • Ten Sing Norway • Terje Sporsem - Krig • Teskjekjerringas julestri • The man at the tramstop • The Sound of Music • Thomas Ruud • Tilsettesamling • Tilsettetreff • Tine Thing Helseth • Tonna Brix • Tor Endresen • Tor og Bettan for swingande • Toralv Maurstad • Torbjørn Færøyvik • Tordis + Alfred = Toralv • Tornerose • Tracks • Translyria • Trio Mediaeval • Trollmannen fra Oz • Trond Viggo Torgersen • Trondheim symfoniorkester • Trondheimsolistene • Tryllefløyten • Turandot • Tyl • Tyrfing • Tysk kor-konsert • UKM • UKM Eid • UKM Sogn og Fjordane • Undset • Ungdommens Kulturmønstring • Ungdomsskuleavslutning • Vaffelhjarte • Vakn-konferanse • Valdebatt • Vamp • Variety show • Vassendgutane • Verdsdagen for psykisk helse • Vestavind • Vestlandsk sommarsymfoni • Vestlandsk vidsyn • Vigdis Hjorth • Vildanden • Vilt & vakkert • Vindfylla spelemannslag • Vintersong • Visit Nordfjord-lansering • Viva la mamma • Volvomesse • Vårblås • Vårkonsert • Wenche Myhre 66 • West Side Story • Workshop • Ylvis 3 • Yrkesmessa Kva vil du bli • Ytre Suløens Jass-ensemble • Øisteins teikneshow • Ørsta og Volda Ballettskule • Øving • Øystein Sunde • Øyvind Blunck

57


58

O P E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Ã… R

|

2 0 0 9

-

2 01 9


– Pappa, har dei operahus her òg? 5. januar 2009 starta eg min første arbeidsdag i Operahuset Nordfjord. Eg sat åleine på eit lånt kontor, med eit ansvar for å levere. Levere kulturelle kvalitetsopplevingar basert på haugevis av ønske, skyhøge forventingar og vidløftige draumar. Eit grunnlag for drift var lagt av dei som hadde tilsett meg, men mykje stod att. Huset skulle ferdigstillast, organisasjonen byggast, verdiane forankrast og rutinane skrivast. Eg tok fatt på den mest spanande og krevjande jobben eg kunne tenke meg:

Operahuset skulle levere! Kulturlivet i Eid var i 2009 moden for ei oppgradering. Takka vere mange gode krefter, hadde kulturlivet blitt stadig proffare og meir sjølvsikkert. Kulturskulen hadde eksistert i 20 år, Opera Nordfjord i 10, og korps, kor og spelemannmiljøa var klare for ein ny arena. Det var allereie ei sterk frivilligånd, og amatørar og proffe var vande med å jobbe saman som likeverdige. Med dette fantastiske grunnlaget tjuvstarta vi operahuset med Eid vidaregåande skule sin skulemusikal Grease i mars 2009 til stormande jubel. 25. april same året opna kulturministeren Operahuset Nordfjord offisielt. Opningsvåren var vi som jobba her knapt nok heime. Då som no, pusta vi og levde vi operahuset. Heldigvis var både publikum, aktørar, politikarar, born, unge, vaksne, eldre, kritikarar og støttespelarar alle einige:

år sidan, og eit av borna mine sa med overrasking i stemma: – Pappa, har dei operahus her òg? Det er altså ei sjølvfølge at vi har eit operahus på Nordfjordeid! Eit hus som har blitt ein møtestad der vi byggjer gode relasjonar og skaper store opplevingar. Eg er audmjuk for, og stolt av at operahuset får lov å spele ei så stor rolle i mange sitt liv. Om du går på kino eller låner ei bok, om du står på scena eller sit i salen:

Operahuset leverer! Suksessen til Operahuset Nordfjord er eit resultat av samarbeidet mellom frivillige og profesjonelle kulturarbeidarar. Samspelet med elevar og tilsette på Eid vidaregåande skule, Opera Nordfjord, Malakoff Rockfestival, Kulturskulen i Eid, Eid ungdomsskule, arrangørar, leigetakarar, aktørar og publikummarar gjer oss gode. Gjennom stadig å utfordre oss sjølv på kvaliteten i arbeidet vårt, tek vi stadige grep for å forbetre operahuset.

Operahuset hadde levert!

Som ein sterk og modig tiåring skal vi sette oss nye mål, og fortsette reisa framover. Vi lovar:

Operahuset vart storstova i bygda, og eit samlingspunkt for heile Nordfjord. Operahuset har sidan då blitt ei sjølvfølge i kvardagen vår. Såpass at vi nesten gløymer at det ikkje alltid har vore her. Eg huskar godt då familien reiste til Oslo for nokre

Operahuset kjem til å levere! Velkomne til 10 nye år med gylne augneblikk, store opplevingar og lyspunkt på rekke og rad!

Geir Holmen, kultursjef og operahusleiar

OP E RA H U S E T

N O R D FJ O R D

|

1 0

Å R

|

2 0 0 9

-

2 01 9

59


O PE RA HUS E T

N ORD FJ O R D

|

10

Ã…R

|

2 009

-

2 019


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.