Norsk Tidend 5-2014

Page 12

Lmorsmålsopplæring

– Tospråklege elevar er ein ressu – Morsmålsopplæring må ikkje berre vere ei støtte for å lære seg majoritetsspråket. Men det krev at skulen er medviten ansvaret sitt, understrekar professor Kenneth Hyltenstam. På eit seminar i Drammen peikte professor Hyltenstam på at det tek tid å lære seg eit nytt språk, sjølv for ungar, og det krev tid og innsats å utvikle morsmålet sitt. Men det er viktig. – Å vere tospråkleg er ein ressurs, også for samfunnet, sa han.

Kritiske spørsmål Auditoriet

Norsk Tidend 5–2014

på Høgskulen i Buskerud i Drammen var fullt av lærarstudentar og faglege tungvektarar. Noregs Lærarmållag, Drammen og Eiker Mållag og Buskerud Mållag hadde gått saman om eit seminar om språkopplæring for innvandrarar. I eit forsøk på å få innvandrarane sjølve i tale, hadde ein representant for innvandrarrådet i Buskerud blitt invitert. – Eg har aldri hatt bruk for nynorsk, sa Nasim Rizvi, styremedlem i innvandrarrådet. – Å tvinge innvandrarelevar til å ha sidemålsopplæring kan samanlinkast med tortur. Dei har for mange språk å halde styr på, og treng ikkje meir enn eitt norskfag, sa Rizvi og gjorde ei grov feilvurdering av både seminar og publikum i salen. For den faglege kompetansen heldt seg nokolunde i ro. I staden vart utsegnene møtte med fleire kritiske spørsmål frå lærarstudentane. – Men er det ikkje råd å søkje om fritak? – Men kva med dei som går på skule i ein nynorskkommune? – Men dette er vel ikkje eit spørsmål om praktisk nytte, det er vel eit språkpolitisk spørsmål? Rizvi svara så godt ho kunne, men få i salen var interesserte i å gjere dette til eit seminar om sidemålsopplæring. Som representant for tilskiparane takka likevel Gunnar Ottne henne for å ha kome, og understreka at dette var nyttige innspel.

12

Samiske analfabetar Men det var altså morsmålsundervisning som var temaet. Professor i språkvitskap, Trond Trosterud frå Universitetet i Tromsø, gav ein interessant gjennomgang av korleis ein har drive med språkopplæring for samisktalande elevar. Motstanden mot samisk var stor utover 1900-talet. Dette hang delvis saman med at for mykje samvær over grensene i nord ikkje var sett på som eit gode, særleg ikkje med Finland. Dette råka det samiske språket. På 1960-talet letta denne motstanden, og ein fekk forsøk med samiskopplæring i skulen. Den store endringa kom

etter Alta-aksjonane rundt 1980. Det samiske medvitet vart styrkt, samisk språkforvaltningsområde vart oppretta og språkopplæringa vart skikkeleg. – Resultatet av denne språkpolitikken ser ein i dag. Om me på universitetet skal tilsetje nokon som kan samisk, så er det ein heil generasjon me ikkje kan tilsetje, med mindre dei har lært seg samisk i vaksen alder. Dei tilhøyrer generasjonane som gjekk på skule på 60- og 70-talet. Dei yngre søkjarane som har gått i ein samisk barnehage og i samiskvenleg skule, kan språket godt nok til at me kan ha nytte av dei. Trosterud ser også eit anna døme på denne manglande opplæringa i det samiskspråklege tvprogrammet Ođđasat. – Ođđasat blir dubba til samisk. Tekstinga til norsk er for at norskspråklege skal kunne følgje med. Men tilsvarande teksting til samisk finst ikkje, det er dubbinga som blir teksta til norsk. Dei samiskspråklege har ikkje problem med å høyre samisk, problemet er at dei ikkje får lese det, anten fordi NRK går ut i frå at dei ikkje kan lese, eller fordi NRK sjølv ikkje kan skrive, sa Trosterud. Trosterud drog så parallellar til anna morsmålsundervisning. Han trekte fram Mønsterplanen frå 1987, der det var ei forståing for at folk kunne bli tospråklege. Morsmålsundervisning skulle hjelpe elevane til å bli stø både i norsk og morsmålet sitt. Dette regimet heldt seg i ti år, for i Reform -97 vart dette endra. No skulle ein berre gje morsmålsundervisning om det var naudsynt, altså som ei overgangsordning. Trosterud var skeptisk til denne nedprioriteringa. – No er situasjonen i det samiske forvaltningsområdet unik, og det kan sjølvsagt ikkje bli

– Å vere tospråkleg er ein ressurs, også for samfunnet. Professor Kenneth Hyltenstam

TAKHØGD: Nasim Rizvi kasta ut nokre brannfaklar, men Gunnar Otne takka og synte at takhøgda er høg på mållagsseminar i Drammen. Foto: Kjartan Helleve

oppretta tilsvarande polske forvaltningsområde. Men det er råd å tenkje som i Mønsterplan 1987, at det er ein styrke å vere tospråkleg. Dette bør vere ein verdi for samfunnet. Men slik morsmålsundervisninga fungerer i dag, som hjelpemiddel til å lære seg norsk, så trur eg me går glipp av denne verdien.

Språkopplæring tek tid

Kenneth Hyltenstam er professor i «tvåspråklighet» ved Universitetet i Stockholm og gav ei god innføring i kva utfordringar tospråklege elevar har. Han skilde mellom det å ha ein base og det å byggje ut eit språk. Det er lett for ungar å lære seg eit nytt språk, men berre til eit visst punkt. For å lære seg språket skikkeleg, må ein byggje det ut med ordtilfang, setningsstrukturar og lære seg ulike sjangrar. – Det er ikkje vanskeleg for ungar å lære seg eit nytt språk, i alle fall opp til dei er om lag 12 år gamle. Men det

er noko anna å få til ei skikkeleg utbygging. Jo seinare ungane lærer seg eit nytt språk, dess lengre tid tek det å utvikle denne kunnskapen. Difor brukar innvandrarar lengre tid på å lære seg t.d. svensk eller norsk. Utan denne forståinga av kor lang tid ei slik utbygging tek, er det fort å feilvurdere elevane. Det er fort å tenkje at dei heng etter, og at det er ein grunn til det. Dei kan bli sedde på som svakare, krava blir lægre og somme kan få diagnosen dyslektikarar. Men det tek tid å lære seg eit nytt språk, og det må skulen ta innover seg. Hyltenstam refererte også til ei undersøking som synte at det ikkje berre var ei overrapportering av dysleksi i denne elevgruppa, men også ei underrapportering. Lærevanskar vart ikkje oppdaga av di skulen rekna med at elevar hang «naturleg» etter. I fylgje Hyltenstam er løysinga meir og betre morsmålsundervisning gjennom heile skulegangen.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.