Din lokale hytteguide - Nord-Fron Sør-Fron Ringebu 2014

Page 61

FOTO: JO ENGUM

Det er ikkje nødvendig å ta turen inn i nasjonalparkane for å finne gode turmål i vår kommune. I nærområda til dei fleste hyttene kan ein finne mange fine plassar som det er verdt å oppsøke. Skiløyper er viktig for å kunne bruke naturen om vinteren. I dei fleste delar av kommunen der det er mange hytter har Nord-Fron kommune gitt tilskot til kjøp av løypemaskiner. Driftsutgiftene til løypekøyring er høge og vi håper at flest mogleg av dei som bruker løypene vil vera med på å gi økonomisk støtte til løypelaga si drift. Vi oppfordrar difor alle hytteeigarar om å gi eit økonomisk bidrag til løypekøyring i sitt område.

Dersom de treng hjelp i samband med sjukdom og skader skal de vite at det er godt utbygde tenester som de kan få hjelp av. I det heile vil vi som bur i Nord-Fron gjera det vi kan for at de får trivlege og gode opphald når de kjem til kommunen vår. Eg ønskjer alle hyttegjestar velkomne til oss, og håper at de vil få stor glede av opphaldet i Nord-Fron.

Med helsing Olav Røssum Ordførar i Nord-Fron kommune.

Nord-Fron kommune håper at hyttefolket også bruker andre tilbod som kommunen har. Vi har gode idrettsanlegg til bruk både sommar og vinter, vi har bibliotek på Vinstra, Fron Badeland på Harpefoss og trivselsbad i Kvam, for berre å nemne noko.

Velkommen til Nord-Fron kommune 61


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Din lokale hytteguide - Nord-Fron Sør-Fron Ringebu 2014 by Hytteforlaget - Issuu