Se på - ta på - høre på

Page 81

problemet på ein annan måte i utstillinga «Dette ristet blind mann» (2003). Utstillinga var spesielt tilrettelagd for synshemma, og var også bygd opp kring kopiar. Kopiane var plasserte i nisjar på veggen, og framfor nisjane var det montert glas med ei opning i slik at det var mogleg å stikke handa inn og kjenne på gjenstandane. Inne i nisjane var gjenstandane monterte fast slik at dei ikkje kunne fjernast.

gjenstandar, og gir høve til å formidle detaljar på ein annan måte enn eit følbart bilete. I tillegg gir det sjølvsagt høve til å formidle ein tredje dimensjon. Når ein synshemma person les eit relieff, kan han bruke heile handa og ikkje berre fingertoppane, og på den måten få eit betre inntrykk av heilskapen. Ved Fetsund Lenser har ein brukt relieff som illustrasjonar på eit skilt i båtutstillinga. Relieffa representerer fire båttypar, og er laga i tre slik som originalane, som også er presenterte i utstillinga.

Ved Fetsund Lenser er relieff av ulike båttypar montert som illustrasjonar på eit skilt. Foto: Elisabeth Akselvoll, Bergen Byarkiv.

Gjenstandar plasserte i opne nisjer slik at ein kan ta på dei. Frå utstillinga «Dette ristet blind mann» på Bryggens Museum. Foto: Ingfrid Bækken, Bergen Byarkiv.

4.5.2 Foto av detaljar

Eit foto kan ikkje formidle dei taktile eigenskapane ved ein gjenstand, men gjennom å forstørre ein detalj kan det vere med på å synleggjere sider ved gjenstanden som elles ville vore skjult for personar med synshemming. Slike foto kan til dømes vere eit viktig supplement til gjenstandar som må oppbevarast bak glas. 4.5.3 Relieff

Eit relieff er eit bilete skulpturert på plant underlag. Det kan brukast både til å formidle bilete og om tilgjengelighet og formidling

Ved Nordiska Museet i Stockholm har tredimensjonale relieff blitt ein viktig del av formidlingstilbodet til svaksynte. Relieffa finst på fleire stader i museet, for å formidle bilete, miljø og gjenstandar som inngår i utstillingane, og som blir rekna som nøkkelobjekt. Ein har til dømes brukt relieff for å formidle klede frå ulike tidsperiodar. Verneomsyn gjer at originalane er plasserte i eit rom med lite lys. Relieffa, som er plastiske og rike på detaljar, er plasserte i eit eige faktarom. Der blir dei komplimenterte med tydelege foto, tekstar i storskrift og punkt, og ein audioguide som synstolkar, formidlar bakgrunnsstoff og skaper atmosfære, til dømes gjennom bruk av musikk. 81


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.