Lokalt kulturliv i endring

Page 176

misk kvart år, og dagleg leiar grunngjev støtta med festivalen si omdømmebygging og skaping av eit moderne bilete av bygda i Trøndelag, slik også Blilyst ønsker. Både i Meldal kommune, Blilyst, og dei siste par åra Sør-Trøndelag fylkeskommune er den økonomiske støtta til Storåsfestivalen vurdert som stor, eksemplifisert med 300 000, 500 000 og 600 000 kroner i 2008. Kommunen sitt behov for profilering Korleis kunne ordføraren, næringskonsulenten og kulturkonsulenten i 2003 vere rimeleg sikre på at «det her kjem det til å bli noko av», slik dei var etter første møte med initiativtakarane til festivalen? Forteljinga til ordføraren viser at i tillegg til sjarme, fagleg tillit og dristige politikarar var timing sentralt i opptakten til festivalen. Kommunen hadde hausten 2002 laga si første felles utviklingsplan, ei samanslåing av jordbruk, næring og kultur. Som distriktskommune og tidlegare omstillingskommune med skeiv alderssamansetjing var det administrativ og politisk stemning i Meldal kommune for å lage eit operativt dokument som ikkje havna i ei skrivebordsskuff. Ideen om eit samspel mellom kultur og næring som også var kopla til landbruk («på ein måte å avmystifisere landbrukspolitikken»), var ei nyskaping som begeistra. Rådande ordførar på det tidspunktet utviklingsplana vart laga, meiner Meldal var tidleg ute: «No har jo regjeringa komme etter – laga jo ei handlingsplan for kultur og næring. I fjor. Det er jo akkurat det samme tankegodset som ligg i botnen.» Under arbeidet med utviklingsplan var det og «litt snakk om at vi skulle hatt eit arrangement som hadde satt Meldal på kartet på ein måte, men vi visste ikkje hvilket arrangement og vi kunne ikkje begynne med det samme som Rennbyggen».161 Ordføraren og medarbeidarane i kommunen var på jakt etter noko som kunne profilere, marknadsføre og næringsutvikle, og i denne situasjonen kjem telefonen frå Sundli og planane om ein festival. Og når vi først tok innover oss budskapet og begynte å tenke oss om – så såg vi; det er jo det her – det er jo det her vi har snakka om. Det er jo det her som skal til. Og det gjekk ikkje noko veldig lang tid før vi hadde veldig klart for oss at – 200 000 var på ein måte eit nøkkelbeløp. Det var midlar som vi henta frå eitt av dei her næringsfonda våre – så vi belasta ikkje driftsbudsjettet med det. (tidlegare ordførar)

161 Ordføraren siktar her til den etablerte Rennebumartnaen i nabokommunen.

176

L O KA LT KU LT U R LI V I E ND RI NG


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.