Lokalt kulturliv i endring

Page 157

redaktør i Adresseavisen deltek i debatten og tek begge avstand frå strippeunderhaldninga, med argument som at bygdefolket vert sett i forlegenheit, og at dette representerer eit håplaust tilbakeslag for kamp mot undertrykking av kvinner. Lokal- og regionavisene utgjer dermed ei ny og kritisk stemme mot festivalen. I etterkant kjem oppslag om «PornoStorås», og både lokal- og riksaviser og NRK radio v/Ukeslutt lagar saker på kor vidt dette har skadd bygda og festivalen. Nationen, som tidlegare same år gav Storås pris som landets mest nyskapande, kommenterer på leiarplass at storåsbyggen bør «ta et oppgjør på kammerset og endre kurs», og Kristelig Pressekontor spør om det er ein samanheng mellom «meir sexy» og «meir offentleg støtte». Storåsfestivalen søkte å posisjonere seg med strippestuntet, men vart samtidig noko andre posisjonerer seg mot eller ved hjelp av. Til dømes Jorddunstfestivalen på Frøya i Sør-Trøndelag som – ifølgje eiga lokalavis – no er «den mest kompromissløse rock-festivalen i regionen, ja kanskje hele fylket. For der Storås sper på med strippeshow og helkommersielle artister, har Jorddunst holdt sin sti ren for jippoer». Strippestuntet som skulle demme opp for det ein såg vart stadig raudare tal, fall ikje generelt i smak: «Tilliten fra omverdenen vart rokka ved», seier ein mann i Meldal. Bygdefolket kan sjå raust på utspela til Sundli, uttrykt med «typisk Sveinung». Men strippestuntet skipla ved stoltheten over festivalen: «Vi andre vil ikkje bli assosiert med det der», som ei kvinne seier. Også i vitskaplege fora har strippeshowet vore debattert, med paneldebatten «Naken kvinne velter festival – tolkning av en trøndersk hendelse», i regi av NTNU og Høgskulen i Sør-Trøndelag si 8. mars-feiring 2009. Her var derimot fokuset på kvinnesak og ikkje bygdesak eller kulturpolitikk.132 Skulesak Skulestrukturen i Meldal er i endring, og diskusjon om skulesamanslåing og -lokalisering har pågått sidan 2005. Våren 2008 er det vedteke å gå frå fire til to skular, seinare vert vedtaket omgjort til ein skule, der endeleg avgjerd om lokalisering skal takast hausten 2009. Forkjemparar for skulesamanslåing har tru på at samanslåing skal verke samlande for kulturen i kommunen, og at skulen skal kunne bli ein felles arena for kulturkreftene i alle bygdelaga. Festivalen har vore ein tilsvarande felles arena for innbyggarane i kommunen. «Det er positivt at heile kommunen kan gå saman og hjelpast åt med noko», seier ei kvinne i Meldal, og siktar til at det er fint at festivalen vert eit felleseige, framfor «avund mellom tettsta-

KA PITTEL 4 STORÅS – BYGD I FESTIVAL

157


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.