Lokalt kulturliv i endring

Page 13

Vidare har ein analysert kommunal kulturpolitikk og samanhengen mellom kulturforvaltning og kulturpolitikk. På desse felta fins det omfattande forskingsbasert kunnskap i Noreg, og i ein nordisk samanheng blir Noreg omtalt som eit land med «en helt særegen tradisjon for studier av kulturpolitikk og forvaltning» (Sørensen et al. 2008:18). Vi skal seinare kome tilbake til nokre av dei hovudfunna frå denne forskinga som vil vere av særleg tyding for forståinga av bakgrunnen for «det nye» lokale kulturlivet. I denne omgangen skal vi først sjå nærare på kva spørsmål denne forskinga ikkje gjev svar på, og korleis det fører oss over til dei tema denne boka skal handle om. I ein rapport frå ein konferanse i 1998 som oppsummerer og evaluerer norsk forsking om den kommunale kultursektoren, peiker forskarar på fleire begrensingar og ubesvarte spørsmål (Langdalen & Mangset 1999). Dette er ei forsking som kan legge fram mange tal på kommunal kulturpolitikk, men «kva er det eigentleg som ligg bak tala?» spør kulturforskaren Georg Arnestad og viser til store dokumenterte skilnader i kommunal pengebruk på kultur. «Kva betyr det at ein kommune som Aurland i Sogn og Fjordane årleg nyttar ca. 4000 kroner per innbyggjar til kulturformål, medan til dømes ein kommune som Sande i nabofylket Møre og Romsdal nyttar kroner 200? (…) Er det slik at kulturlivet i Aurland er 20 gonger betre enn i Sande? Korleis heng kultur-, lokalsamfunnsliv og kommunale kulturutgifter eigentleg saman?» (Arnestad 1999:47–48). Utgangspunktet for konferansen var ein større studie av kommunal kultursektor (Myrvold 1998). Ein annan sentral forskar på feltet, Per Mangset, seier at den største begrensinga ved denne studien er at den «bare sier noe om sammenhenger innenfor kulturforvaltningen, og ikke egentlig om sammenhengen mellom kulturforvaltning og kulturliv» (Mangset 1999:55). Mangset meiner at det ein no først treng, ikkje er fleire studiar av utviklinga i kommunal kulturøkonomi eller av endringar i organisasjonsstruktur. For å kome vidare i denne situasjonen og forstå nye trekk og samanhengar i kulturlivet, foreslår norske kulturpolitiske forskarar lokale djupstudiar av kulturliv og ei kvalitativ tilnærming (Arnestad 1999:58). Lokale kvalitative studiar av kulturliv er også den hovudtilnærminga som denne boka bygger på. Vi har valt å skildre og analysere det nye kulturlivet med utgangspunkt i tre ulike lokalsamfunn. Men før vi gjer greie for kva lokalsamfunn dette er og kvifor dei er valt ut, skal vi gå nærare inn på nokre omgrep som vi legg til grunn for å avgrense temafeltet, og for å skildre og analysere det lokale kulturlivet.

KAPITTEL 1 UTGAN GSPUN KTET

13


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.