Engasjement og arrangement- Ei bok om konsertar og konsertarrangering

Page 50

E ngasjement og arrangement 100 000 000

10 000 000

1 000 000

100 000

10 000 0

200

400

600

800

1000

1200

1400

1600

1800

2000

Figur 7: Berekna omsetning for live-kundar hos TONO 2017. (Kilde: TONO)

lettselskapa fangar heller ikkje opp alle konsertar av di ikkje alle arrangørar nyttar slike tenester. Ein del arrangørar, særleg av små konsertar, sel billettane berre i døra. Det er òg mange konsertar som både sel billettar gjennom selskap og manuelt. I slike tilfelle vil det manuelle salet ikkje reknast med så framt det ikkje skjer gjennom systemet til billettselskapa.17 Når ein skal estimere det totale talet på konsertar, kjem ein og attende til spørsmålet om kva ein konsert er. Dette har vi diskutert og avgrensa i førre kapittel. Likevel er grensene uklare så fort ein skal telje. Når vi tar utgangpunkt i dei to kjeldene TONO og billettselskapene, må vi halde oss til korleis dei definerer konsertar. TONO dekker i utgangpunktet alle konsertar der musikken som nyttast er skriven av ein opphavsperson som lever eller som døydde for under 70 år sidan. Billettselskapa har ei mindre prinsipiell avgrensing. Her blir dei fleste arrangement klassifisert i ulike typar og ulike sjangrar. Ticketmaster er dei einaste som kategoriserer konsertane både i ein hovudkategori som festival, konsert eller show, og dinest i ein sjangerkategori som t.d. folk/country, hard rock/metal eller hip-hop/r&b. Dette er kategoriar arrangøren vel når ein legg ut arrangementet for sal. Selskapa har òg informasjon om arrangøren, men dette er kundeinformasjon som dei ikkje kan dele. Nokre arrangørar har ikkje

17 Dei fleste kulturhus nyttar billettselskap anten dei driv førehandssal eller sel billettar i døra.

48

100857 GRMAT NK Engasjement og arrangement 190101.indd 48

31/05/2019 13:10


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.