Å samla kunst

Page 60

Å samla kunst

sert verker som er ganske store, noe som der og da ga oss noen lagringsutfordringer.»110 Hausten 2017 starta HOK ei omfattande og langsiktig satsing på fotografi og nye medium. Også denne satsinga har trådar tilbake til deira eiga historie og tyngdepunkt i samlinga. Kunstsenteret løfta allereie på 1970-talet fram fotografen Kåre Kivijärvi (1938–1991). Det var lenge før kunstfotografi var anerkjent som medium i Noreg. Museet har også 200 arbeid av den ­norske fotografen John Olav Riise (1855–1978) i samlinga si. Som del av fotosatsinga vil HOK i første omgang utvikla ein strategi for samling av fotografi og mediekunst. Ugelstad meiner at «fotografi fra det 21. århundret og mediekunst samles per i dag i svært liten grad av andre norske museer». Og difor vil «en slik samlingsutvidelse kunne styrke fotosatsingen betraktelig».111

Det første verket som møter ein besøkande til Henie Onstad Kunstsenter, er ein stor, nonfigurativ skulptur i parken av Arnold Haukeland (1920– 1983). Den er representativ for den modernistiske kunsten som pregar samlinga til HOK. Familien til Haukeland har seinare deponert åtte verk av kunstnaren. Ved inngangen tener ein skulptur av Per Inge Bjørlo (f. 1952) som blikkfang. Den er deponert av Sparebankstiftelsen.

Kunstnarar og institusjonar har likeins deponert einskildverk, men nokre depositum er i særklasse både i omfang og kunstnarleg kvalitet. Det største langtidslånet frå ein privatperson er The Erling Neby Collection som består av 81 verk.112 Forretningsmannen Erling Neby har samla på konstruktivistisk og konkret kunst med enkle geometriske komposisjonar heilt sidan han var ung. Tyngdepunktet i samlinga er internasjonal og norsk kunst frå 1950- og -60-talet, men alle tiår frå 1940-talet og til i dag er representerte. Fleire verk er frå 2000-talet, som ein skulptur av Lars Erik Falk (2000), grafikk av Olav Christopher Jenssen (2001–02) måleri av Paul Brand (2004), skulptur av Terry Haass (2007) og måleri av Arne Malmedal (2009). Kvinnelege kunstnarar finst det berre éin av i denne samlinga, og det er Tone Vigeland (f. 1938). Ho er representert med ein skulptur frå 2004. På 2000-talet har HOK innleia eit langsiktig samarbeid med Sparebankstiftelsen DnB. Det inneber at samlinga kan utviklast vidare på ein måte som er i tråd med profilen til Kunstsenteret. Det starta med tidlegare direktør Karin Hellandsjø si interesse for Kurt Schwitters som budde og arbeidde i Noreg frå 1937 til 1940 – etter å ha flykta frå Nazi-Tyskland. Få verk frå denne perioden har vore offentleg kjente og tilgjengelege, og utstillinga Kurt Schwitters i Norge, som HOK produserte i 2008, vekte såleis stor og positiv oppsikt. Strategien no er å samla på Schwitters og kollegaene hans. Dette har ført til nye langtidslån av kunst av til dømes Max Ernst (1891–1976), Francis Picabia (1879–1953) og René Magritte (1898–1967). Schwitters-satsinga hadde vore uråd å gjennomføra utan ein pengesterk samarbeidspartnar. Kunst av Schwitters høyrer til dei dyraste verka i HOK si samling. Sparebankstiftelsen ønskjer å utfylla norske museum sine samlingar ved å kjøpa norsk og internasjonal kunst av kunstnarar som er underrepresenterte i norske museum, og som musea sjølve ikkje har økonomi til, og så får musea låna desse verka på langsiktige avtalar. «Kurt Schwitters passer som hånd i hanske til denne strategien», opplyste Oda Wildhagen Gjessing i Sparebankstiftelsen til Aftenposten i si tid, og la forklarande til: «Før vi begynte arbeidet med å bygge opp samlingen var han knapt representert i offentlige samlinger. Han har en helt konkret tilknytning til Norge og han inngår i en relevant

110 Ibid.

112 The Erling Neby Collection, Milano / Oslo: Skira og

Gåver Den tidlegare nemnde Fluxus-samlinga inneheld større objekt av Geoffrey Hendricks (1931–2018), Nam June Paik (1932–2006) og Al Hansen (1927–1995), samt karakteristiske Fluxus-notasjonar, plakatar, program, publikasjonar, serigrafiske trykk, multiples og boksar. Store delar av dette materialet blei gitt til Kunstsenteret i 2007 av Fluxus-kunstnar og professor Ken Friedman (f. 1949), og har fått namnet Ken Friedman Fluxus Collection. Fleire einskildkunstnarar har også donert Fluxus-verk i samband med utstillingar på HOK. Det er ikkje uvanleg at også norske kunstnarar som har hatt store utstillingar på museet på 2000-talet, der dei kanskje har fått arbeida på senteret i lengre tid innan utstillinga, eller fått støtte til produksjon av verk, har donert verk etter at utstillinga er slutt.

Langtidslån

111 Ibid.

Henie Onstad Kunstsenter 2011.

58

100745 GRMAT NK Aa samla kunst 190101.indd 58

04/02/2019 13:07


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.