Å samla kunst

Page 20

Å samla kunst

Felike van der Leest (f. 1968): 10 smykke i 4 omgangar. Sigurd Bronger (f. 1957): 8–9 smykke i 5 omgangar, inkludert 4–5 retrospektive kjøp. Leif Stangebye-Nielsen (f. 1955): 8 korpusarbeid i 3 omgangar. Liv Blåvarp (f. 1956): 7 smykke i 7 omgangar, inkludert ein installasjon av «leftovers», dvs. skisser og utkast som utgjer ein vegginstallasjon. Pål Vigeland (f. 1944): 7 objekt i 7 omgangar, inkludert ein stor vegginstallasjon, Blikk-Fang (2015) laga av brukte metallboksar. Ingjerd Hanevold (f. 1955): 6 smykke i 5 omgangar. Konrad Mehus (f. 1941): 5 brosjar i 5 omgangar. Elise Hatlø (f. 1981): 5 halskjede i 4 omgangar.

tekstil- og keramikkbakgrunn frå KHiO i større grad fell innanfor det innkjøpsfondet oppfattar som bildekunst? Som ein av dei seier: «Vi ser også masse tekstil vi ikke mener er relevant for fondet.»41 Det er verd å merka seg at namn som Heidi Bjørgan, Trine Hovden, Katrine Køster Holst, Caroline Slotte, Gunvor Nervold Antonsen, John Kåre Raustein, Kristine Fornes, Tuva Gonsholt, Vidar Koksvik og Kari Håkonsen er kunsthandverkarar som innkjøpsfondet har kjøpt frå desse var nyutdanna. I tillegg har innkjøpsfondet kjøpt fleire arbeid av unge kunstnarar som ikkje har skapt seg ei kunstnarleg karriere seinare. Det ser fondet ikkje som eit problem, for verket finst og er like mykje ein del av historia uavhengig av opphavspersonen. Innkjøpsfondet kjøper ikkje frå avgangsutstillingar, men det har hendt at dei har kjøpt bachelor- og masterarbeid utan å vera klar over det, til dømes når desse har blitt antatt på Årsutstillingen til Norske Kunsthåndverkere. I det heile har innkjøpsfondet kjøpt verk frå mange unge kunsthandverkerar. Av relativt nyutdanna smykke- og metallkunstnarar, til dømes, har innkjøpsfondet, i tillegg til Elise Hatlø, i seinare år kjøpt halssmykke i 2011 og 2014 av Hedda Bjerkeli (f. 1976), ei brosje i 2016 av Emil Gustafsson (f. 1987), to brosjer i 2016 av Morten Haugmo (f. 1975), to verk i 2009 og 2011 av Helene Josefsen Linkosuonio (f. 1979), to verk i 2014 og 2016 av Philipp Spillmann (f. 1977), tre arbeid i 2013 og 2018 av Runa Vethal Stølen (f. 1975), og eit objekt i 2018 av Jan-Eric Wold Skevik (f. 1979). Ein kort periode i starten blei det gjort forsøk på fordeling etter ulike kategoriar: Nordenfjeldske skulle ha det moderne og særleg tekstil, Oslo skulle ha det meir historisk orienterte og det som blei oppfatta som å vera på eit meir nasjonalt plan, medan Bergen skulle få kunsthandverk i tre og møblar. Men den boomen som oppstod for kunsthandverk i tre i Bergen på 1980-talet, døydde til ein viss grad ut på 1990-talet. Så desse prinsippa for fordeling vart droppa. I starten var også dei tre musea meir regionalt orienterte, fortel Jan-Lauritz Opstad.42 Dei kjende på ansvaret for det lokale kunsthandverksmiljøet, og var inne på tanken å dela landet opp mellom seg. Men også dette prinsippet blei kortvarig. Dels var det eit problem å definera kvar

Glas Vidar Koksvik (f. 1969): 18 verk i 9 omgangar. Kari Håkonsen (f. 1969): 11 verk i 6 omgangar. Karen Klim (f. 1951): 10 verk i 7 omgangar. Ulla-Mari Brantenberg (f. 1947): 5 verk i 5 omgangar. Tuva Gonsholt (f. 1976): 5 verk i 4 omgangar. Tre Edith Lundebrekke (f. 1959): 8 arbeid i 5 omgangar. Erlend Leirdal (f. 1964): 5 verk i 4 omgangar, inkludert møblementet After Oil Furniture Development Company (2007) og serien Flid, Tålmod og Nøysomhet (2013). Diverse materiale Lars Sture (f. 1961): 6 arbeid i 5 omgangar. Sjølv om innkjøpsfondet ikkje er opptatt av å samla på kunstnarskap, utgjer denne namneoversikta berre i kraft av talet på innkjøp dei kanoniserte kunsthandverkarane i samlinga. Dei fleste har halde på lenge og er godt etablerte. Kvinnene er i fleirtal mellom dei mest innkjøpte, slik dei også dominerer feltet generelt. Svært mange av namna innanfor keramikk og tekstil er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen. Fram til utdanninga blei lagt om på 2000-talet, stod kunsthandverket særleg sterkt ved denne skulen. Etter at Kunsthøgskolen i Oslo flytta til nye lokale med svært gode verkstadar og ei eiga avdeling kalla Kunst og handverk, skulle ein tru personar med utdanninga si herifrå ville markert seg sterkare. Det gjer dei innanfor klede og mote, der berre Armando Santos har studert i Bergen. Men kanskje fleire av kunstnarane med

41 Knut Astrup Bull, intervju 11. januar 2018. 42 Jan-Lauritz Opstad, intervju 26. januar 2018.

18

100745 GRMAT NK Aa samla kunst 190101.indd 18

04/02/2019 13:06


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.