Vinteravisa 2020

Page 1

VINTER AVISA for indre Nordfjord

Temabilag vinteren 2020


2 FJORDINGEN VINTEREN 2020

••Har gitt oss flotte løyper sidan november:

Dei trassar vêr og vind for best mu KLAR: Ove Fagerheim har venta på meir snø slik at løypenettet kunne utvidast til Hornindalsetra. Første helga i februar skjedde det. Både Fagerheim og skifolket seier ja takk til meir snø. ARKIVFOTO: ROY ARON MYKLEBUST

Trass vårleg i låglandet er det gode langrennsmulegheiter både i Stryn og Hornindal. Mykje takka vere løypekøyrarar som legg stor flid og mykje tid i arbeidet.

A

rvid Hatledal i Turløyper Stryn trur mange let seg prege av plussgradene og dei berre markene i låglandet, og gløymer at det finst eit flott nett av skiløyper berre ein kjem seg opp i høgda. Han har sytt for løyper sidan 19. november. – Det har vore langt verre vintrar enn denne, for å seie det slik, smiler han. Men Hatledal

understrekar at løypene kjem ikkje av seg sjølve når snøen uteblir - eller endå verre; blir erstatta av regn og mildvêr i lange periodar. – Eg har flytta på mykje snø. Eg har også laga to til tre tusen kubikk kunstsnø på Ullsheim.

– Eg ville nærare løypene

Ei av dei som veit å nytte seg av dei fine skiløypene er Oddhild Saure. Ho er frå Bjørke men jobbar i Stryn og har teke grep for å kunne dyrke skigleda mest muleg. – Eg har bygd hytte på Hydla, rett og slett for å kome nærare dette eldoradoet her, smiler Saure, som har planar om to mil på ski før seinvakta på jobb. – Arvid er så flink til å halde løypene fine, og det er eit løypenett som er ope til ei kvar tid, skryt ho. Ved inngangen til februar er det løypene mellom Ullsheim og skisenteret som vert prioritert, men Hatledal håpar å kunne utvide med sløyfe til Grendasetra innan kort tid. I første omgang

Bokhandel i 100 år! 1920 - 2020

Tonningsgt. 23, 6783 STRYN. Tlf. 57 87 10 16

HOLSETRA: Arvid Hatledal har bytt ut trakkemaskina med snøscooter denne flotte, og litt sjeldne, vinterdagen i s – Det har vore langt verre vintrar enn dette, slår den røynde løypekøyraren fast. FOTO: ROY ARON MYKLEBUST eit tilbod i helgane ved bra vêr. Hogden og Veten må vente enno ei stund. – Der treng vi meir snø for å kunne køyre løyper.

Hornindal

Også ved Hornindal skisenter

har ein kunne tilby løyper sidan slutten av november. Ove Fagerheim og dei andre maskinkøyrarane er aldri langt unna med trakkemaskina ved nye snøfall eller endring i vêrtilhøva. Løypa rundt Grendadalen (5,5 km) og den tre km lange lysløypa vert

oppkøyrd dagleg eller ved behov. Traséen innover mot Hornindalssetra vart grunnpreparert i januar, men så vart det mildt og særs varierande type nedbør. Dermed var det ikkje mulig å køyre. Men første helga i februar kom endeleg det nødvendige

• Leiker • Reiseeffekter • Bøker • Barneutstyr • Kontorrekvisita Vi har: Indre Nordfjord (Presteboka)

– ELDORADO: Oddhild Saure er ein av mange som nyt godt av skiløypene mellom Ullsheim og Stryn Vinterski. Ho er full av lovord om tilbodet.


VINTERAVISA FOR INDRE NORDFJORD

uleg skiløyper

Stryn Camping

- midt i sentrum -

Vinterisolerte hytter/ leilegheiter med dusj/ wc, utstyr (4-8 pers.) 2 km til Stryn Skisenter. Booking : Tlf. 57 87 11 36 post @stryn-camping.no www.stryn-camping.no

Dybevoll Hyttefelt I hjartet av indre Nordfjord

• Byggeklare tomter • Frå 1600-2500 m2 • Sol heile året • Veg, vatn, avløp, straum

slutten av januar. Her ved Holsetra på sin runde for å stikke opp løyper. påfyllet av snø til å køyre opp løypa att. Dette er same traséen som blir nytta i Hornindalsrennet, og er 8,5 km kvar veg. – Ja, folk spinn og er klare til å gå. Det er mange som spør etter den løypa gjennom vinteren, smiler Fagerheim. Han er glad

• Rett ved turvegar og topp preparerte løyper • Eit års gratis medlemskap i Skiturlaget Ullsheim Stryn ved tomtekjøp

for interessa rundt løypene og registrerer stor aktivitet. – Eg ser mykje folk med hovudlykt kveldane. Det er skikkeleg kjekt at løypene blir brukt. ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

Sølvberg Bygg AS • 6783 Stryn • Telefon: 57 87 62 00 firmapost@solvberg.as • FINN-kode 150072427

42 år i Nordfjord!

• Gode tilbod på gravstein • Stort utval • Gratis oppsetting

GRENDADALEN: Det har også vore dagar som dette, med snødekte grantre. Her frå skiløypa rundt Grendadalen i januar i år. FOTO: HARALD VARTDAL

Tlf.

905 50 905 www.hjelmeland.as

3


4 FJORDINGEN VINTEREN 2020

TIL FOTS: Luftig tur til Skredfjellet til fots eller på ski, når tilhøva tillèt oppkøyring av løyper.

KORTREIST: På tur mot Skredfjellet i løypa som går frå Loen Skylift på toppen av Hoven. FOTO: BÅRD BASBERG

KORT TUR: Frå Skredfjellet, 1.155 m.o.h., ein kort tur på ski eller til fots i preparerte løyper frå Hoven. Her får du flott utsikt til nordfjordske og sunnmørske fjell.

KORTREIST: På tur mot Skredfjellet. Hit vert det preparert vandreløyper, og også langrennsløyper når forholda ligg til rette for det. FOTO: BÅRD BASBERG

Høgt til fjells med skyliften I Loen kan du ta «himmelheisen» opp i høgfjellet.

Gondolbana Loen Skylift fraktar små og store til fjells året rundt. Også i vintermånadane har det blitt populært å dra til fjells for å gå tur, unne seg eit måltid i Hoven Restaurant og sjå på utsikta frå restauranttaket. – Rett bak toppstasjonen og restauranten er det preparert ein flott akebakke. Her kan små og store leike seg med kjelkar frå Loen Active. An-

ten trekjelkar av den tradisjonelle sorten, laga av Utvik Tre, eller stålkjelke bygd for endå meir fart. Nytt i år er trefjøl, som er ei artig leike både for store og små, fortel AnnHelen Blakset, marknadssjef ved Loen Skylift. – Vi preparerer også vandreløyper til Skredfjellet og Gjølrunden, der du får den flotte utsikta over indre Nordfjord. Når snøforholda ligg til rette for det køyrer vi også opp langrennsløyper. Nytt i år er utleige av

MOT TOPPEN: Loen Skylift mot toppen med nye gjester som vil til fjells.

trefjøl, som er ei artig leike både for store og små! Ønskjer du topptur utanfor spor er t.d. Staurinibba, 1.379 m.o.h., eit fint turmål, seier Blakset. – Truger er eit fint alternativ til ski og dette kan leigast i fjellbutikken på toppen. Og har du reist til fjells utan gode vinterkle kan du leige både sko, varmedress og hanskar/vottar i fjellbutikken. GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no

SPENNANDE: Veldig spennande utsikt inne frå Hoven Restaurant!

UT OG AKE: Klare for å setje utfor akebakken! Restaurant og Skylift nede til høgre. FOTO: LOEN SKYLIFT

TAKET: Utsikta frå taket på Restaurant Hoven er spektakulær, uansett årstid og vertilhøve.


VINTERAVISA FOR INDRE NORDFJORD

Gjer eit kupp på vår bestseljar e-Golf Exclusive inkl. service- og vedlikehaldsavtale 3 år/45.000 km frå berre kr 288.180,-* Gunstig finansiering:

1,99%** rente e-Golf Exclusive utstyrspakke inneheld følgjande: • Sportssete i skinn • Active info digitalt instrumentpanel • Ryggekamera • Adaptiv Cruise Control • Navigasjon med 9,2” fargeskjerm • Oppvarma frontrute • Varmepumpe • Parkeringsensorar framme og bak • Keyless nøkkelfri låsing med startknapp • Ekstra mørke ruter bak • Dynamiske LED-frontlys og nærlys m/dynamisk lysassistent • Sikkerheitspakke med sporassistent og filskiftassistent

e-Golf gjer valet enkelt! Denne vinteren får du den fullspekka e-Golf Exclusive til ny, låg pris. I tillegg får du 1,99%*** rente fra Volkswagen Financial Services og den konkurransedyktige og gunstige bilforsikringa Volkswagen Forsikring i 1 måned med på kjøpet. e-Golf er ein av marknadens gjerrigaste på straumforbruk, og har ei rekkevidde på inntil 231 km. Kom innom oss og prøv denne – eller ein av våre andre attraktive modellar, som til dømes Passat GTE ladbar hybrid, e-Up!, Polo, T-Roc, T-Cross eller Tiguan. Utvalet er stort, og kampanjetilboda våre er særs gunstige akkurat no! Alle tilboda gjeld t.o.m. 31.03.2020. * Pris gjeld bil ferdig levert frå forhandler. Straumforbruk blanda køyring: 15,4 kWh/100km. CO2-utslepp: 0 g/km. Verdiane vil endrast etter valt utstyr. Avbilda modell kan avvike. ** Eff. rente 4,06 % ved lånebehov kr 150.000 o/5år, etableringsgebyr kr 2.724. Totalt kr 165.674,-. Føreset 35% eigenkapital og finansiering i Volkswagen Financial Services. Renta er flytande og subsidiert dei tre første åra, for deretter å bli justert til normal produktrente. Vi tek atterhald om eventuelle feil, endringar og avvik.

Vinterkampanje på e varebilar Norges mest populære Service- og vedlikehaldsavtale i 4 år/80.000 km

50% rabatt

Du sparar kr 14.100,- eks. mva

Komfortpakke

med oppvarma multifunksjonsratt, ergoActive førarsete og Adaptiv Cruisekontroll

4.900,- eks. mva Du sparar kr 7.910,-

Studer våre kampanjetilbod frå Volkswagen Nyttekøyretøy. Kjøper du ny Crafter i dag får du Komfortpakke til 4.900,- og halv pris på Service- og vedlikehaldsavtale i 4 år/80.000 km. Ønskjer du eit godt tilbod på andre tid- og køyrelengder får du sjølvsagt det også. Sving innom oss for ein hyggeleg bilprat, eller sjå nettsidene våre for fleire gode tilbod. Volkswagen Nyttekjøretøy. Norges mest populære arbeidsplass på fire hjul. Kom og prøv ein Crafter – eller eit av våre andre populere nyttekøyretøy, som til dømes Caddy, Transporter 6.1 eller Amarok. Crafter frå kr 369.264,- eks. mva. Prisen er rettl. levert forhandlar inkl. leveringsomkostningar. Drivstofforbruk blanda køyring frå 7,4-9,4 l /100 km, CO2-utslepp frå 194-247g/km etter WLTP standarden. Avbilda modell kan ha ekstrautstyr utover standard. Tilboda gjeld ved kjøp av ny Crafter varebil fram til 31.03.2020.

5


6 FJORDINGEN VINTEREN 2020

BERGSETNAKKEN: Klassisk og trygg topptur til 1.133 høgdemeter med fjordutsikt heile vegen. Start ved Nordfjord Fritidsenter på Fjelli. FOTO: KJERSTI KVAMME

GRYTA: Populær fjelltur på 1.032 høgdemeter, heile året. Tindevegleiar Løken omtalar den som ein trygg topptur på ski frå nordsida av toppen. Stryn sentrum like nedanfor. FOTO: EINAR LØKEN

GULLKOPPEN: Relativt trygg topptur til 1.306 høgdemeter mellom Hornindal og Stryn. 5 kilometer til topps frå Bøasetra eller Ullsheim. FOTO: KJERSTI KVAMME

HESTEFJELLET: Eller «Sølvberget» som toppen og blir kalla, ruvar 1.303 meter over havet og ligg like vest for Natakupa som og er ein populær topptur. Kort, relativt trygg og «godt betalt» tur frå toppen av Steindalsheisen FOTO: KJERSTI KVAMME

Tindevegledar anbefalar: – Gode turopplevingar er viktigare enn å nå sjølve toppen, seier tindevegledar Einar Løken. Han kan tipse om 5 relativt trygge toppturar.

– Vi har eit heilt fantastisk fjellområde for toppturar i indre Nordfjord. Samstundes inneheld dei fleste kjente turane eitt eller fleire bratte parti der skred kan løyse ut når forholda ligg til rette, seier stryningen Einar Løken som er tindevegledar av yrke. Han meiner at det å tolke snøforhold kan vere ei krevjande øving og det er difor vanskeleg å kunne «friskmelde» turar med bratt terreng. Å

kunne kjenne igjen skredterreng er ein svært viktig eigenskap, meiner Løken. – Med unntak av dagar med høg faregrad for snøskred, er det lite sannsynleg at du blir teken av skred ved å halde deg i terreng slakare enn 30 grader, og med god avstand til bratte hellingar. Det er turar i slikt terreng som ofte blir omtalt som dei «trygge toppturane», seier Løken. Han legg til at dårleg sikt, eller dårleg ori-

entering, kan medføre at ein går seg inn i skredutsett terreng. Han anbefalar å nytte brattheitskartet på mobilappen «Varsom regObs». – Gratisappen er eit godt hjelpemiddel for å sjå kor dei bratte henga er, seier Løken. På oppdrag frå Fjordingen kjem han med tips til fem kortreiste og relativt trygge toppturar:

1. Bergsetnakken (1.133 moh)

Bergsetnakken har god moglegheit for nydeleg skikøyring i oversiktleg terreng. Med utgangspunkt frå Vangen/Bjørkelibakken kan ein nyte heile opp- og nedturen med fjordutsikt. Turen er relativt kort, og ein kjem raskt opp i høgda. Terrenget gjer det mogleg for fleire vegval, der ein unngår bratte parti. Distanse ca. 3 km. Ca. 700 høgdemeter stigning.


VINTERAVISA FOR INDRE NORDFJORD

7

SANDFJELLET: Toppen på 1.177 høgdemeter ligg i Hornindal. Start frå Hornindal skisenter og gå mot Litledalsvatntet via Hjortedalssætra. FOTO: EINAR LØKEN

TINDEVEGLEIAR: Stryningen Einar Løken er tindevegleiar for Bre & Fjell. FOTO: PRIVAT

SKREDTERRENG: Helling/ brattheit på 30 grader og meir er skredutsett terreng

SANDFJELLET: Flott tur i Hornindal som ein ofte kan gå seint på sesongen då snøen ligg lenge på den nordvestvendte fjellsida. FOTO: RONNY HEGGEN

Fem «trygge» toppturar 2. Gryta (1.032 moh)

Gryta er kanskje det lettast tilgjengelege fjellet i Stryn og er ein kort tur ein kan ta i kombinasjon med ein dag på Stryn Vinterski. Med utsikta frå toppen forstår ein raskt at Stryn byr på mange storslegne turar. Frå toppen av «gamleheisen» følgjer du lettaste veg opp via Buberskaret. Dette fjellet gir også moglegheit for brattare skikøyring både mot aust og nordvest i terreng som krev

gode skiferdigheiter og gode vurderingar om snøforhold. Ca. 2,6 km frå skiheisen. 700 høgdemeter nedfart.

3. Hestefjellet (1.303 moh)

Frå toppen av Steindalsheisen kan ein ta til venstre og opp mot Hestefjellet/Sølvberget. Det første henget er for det meste like under 30 grader bratt, men om du ikkje legg sporet med omhug, vil du raskt oppleve å overskride

denne brattheitsgrensa. Toppkulen er bratt og har ofte hard snø, der er og ein skavel på nordsida ein må passe seg for og unngå denne. 1,2 km. Ca. 980 høgdemeter nedfart.

4. Gullkoppen (1.306 moh)

Gullkoppen har lenge vore ein klassikar for dei lokale, og har etter kvart også blitt meir kjent for tilreisande. Om ein legg eit godt spor via Blånibbene kan ein unngå terreng

brattare enn 30 grader. Mellom Blånibbene og Gullkoppen er der likevel bratte heng ein må passe seg for, og det er ikkje uvanleg å sjå skred her. Distanse frå Bøasætra eller Ullsheim ca. 5 km, og med ca. 980 høgdemeter nedfart.

5. Sandfjellet (1.177 moh)

Sandfjellet i Hornindal gir mange moglegheiter for å unngå bratte heng, og samtidig få ein leiken nedfart. I den

nordvestvendte fjellsida ligg snøen lenge, og ein kan glede seg over lang sesong. Frå Hornindal Skisenter følgjer du vegen inn til Hjortedalssætra. Derifrå held ein til venstre for «Nausen» før ein går opp i retning Litledalsvatnet. Ein unngår enkelt dei bratte henga i denne sida. Distanse ca. 5 km, og med ca. 800 høgdemeter nedfart. ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no


8 FJORDINGEN VINTEREN 2020

- ei aktiv bygd i vekst • Honndalsrennet 23. februar • Hornindal rundt 4. juli • Hornindalsvatnet maraton 25. juli

• Kulturdagane i Hornindal 6. - 9. august

• Dansegalla 21.-22. august • Norsk Kornølfestival 9.-10. oktober

Velkomen til Hornindal! Frittståande butikk for dame, herre og ungdom HORNINDAL Tlf. 57 87 96 68

Tlf. 57 87 84 00 - Hornindal

Grodås - tlf. 57 87 95 05

Huset Vårt SA

Tlf. 901 33 549

Kontormaskiner Rekvisita Kontormøblar Kassaløysingar HORNINDAL

Tlf.: 957 80 452

Espeli Møbelfabrikk AS Hornindal Post i butikk - tlf. 979 91 543

Tlf. 913 51 012 - post@espeli.com www.espeli.com

Grodås Camping Tlf. 57 87 99 99 - www.raftevold.no

Tlf. 57 87 96 86 - 918 14 092 E-post: rkobbers@start.no

✂Sax Frisør as NB!

Ny tt tlf.nr.

KAN HÅR! HORNINDAL

Tlf. 913 98 224

Grodås Bilsenter HORNINDAL • 419 16 160

Knausen Hyttegrend Autorisert rekneskapsrørarselskap Tlf: 57 87 84 40 - e-post: post@hdalrek.no

Tlf. 57 87 96 12

Byggingeniør

Knut Lunde Tlf. 917 21 661

Honndalen Hagecamp E-post: post@honndalen.no

Veterinær Jan Valheim Tlf. 90 93 87 48 6763 Hornindal

Horndøla Camping Tlf. 905 66 622 • ochaugen@online.no v/ Connie og Olav Reidar Haugen


VINTERAVISA FOR INDRE NORDFJORD

VELKOMEN TIL

Harevadet Hyttegrend HAREVADET HYTTEGREND – Idyll heile iåret! Grendadalen, Hornindal kommune

Harevadet Hyttegrend ligg i solrike, snøsikre og idylliske omgjevnader, og kan gje deg fine naturopplevingar både sommar og vinter. Næraste nabo til Hornindal skisenter.

Idyll heile året!

Hornindal skisenter

Hyttefeltet ligg 400 moh, 7 min med bil frå Grodås sentrum. n Feltet består av 111 tomter på ca. 1 200 - 2 253 m2 og tre fortegningsfelt. n Dei fleste har utsikt mot Hornindalsvatnet (Europas djupaste innsjø), og innover dalen. n Med opninga av Kvivsvegen har Hornindal fått ei veldig sentral beliggenheit. n

Medlem i Alpepass

Reisetida til Hornindal er no: • 25 min frå Stryn • 25 min frå Volda • 1 time og 5 min frå Ulsteinvik • 1 time og 15 min frå Fosnavåg • 40 min frå Nordfjordeid • 45 min frå Stranda • 1 time og 30 min frå Ålesund til Harevadet

HORNINDAL

SKISENTER Ski for alle - hornindalski.no

VI TILBYR • T-trekk 1500 meter • To slalåmtrasear på 1650 meter • Flomlys heilt frå toppen i ein trasé • 3 km lysløype, preparert til kl 18.00 kvar kveld, kl 10.00 laurdag og søndag. Lys til kl 22.00 • Turløype rundt setrane i Grendadalen og til Honndalssetra 20 km t/r, topptur til Høgenibba 1190 moh. • Varmestove, servering – Skiutleige hornindalski.no • facebook.com/hornindalski

Harevadet Hyttegrend AS Gausemel NO-6763 HORNINDAL Tlf.: (+47) 489 54 764

post@harevadet.no www.hornindalski.no www.harevadet.no Følg oss på

9


10 FJORDINGEN VINTEREN 2020

Stryn Vinterski JUNIORHEISEN I DRIFT: Mange tok turen til Stryn Vinterski då det nye juniortrekket hadde sin første opningsdag 4. januar. FOTO:THOMAS THAULE

PÅSKE: Påskehygge i fjellheimen ved nederste del av Steindalsheisen i fjor. FOTO: PRIVAT

Kort fortalt:

• Stryn Vinterski ligg

på Bøanedsetra, ca. 325 m.o.h. Skitrekk: Hovudtrekk, ca. 1.200 m med flaumlys. Alternative nedfartar er bak Nakkjen og rundløypa forbi Bøasætra. Steindalsheisen, ca. 1.400 m opp til ca. 1.000 høgdemeter. Juniorheisanlegg med ca. 260 m. med T-krok. Kongleriketrekk, ca. 60 m tautrekk for dei minste. Skiutleige. Varmestove med open kafe og pub i helgane. Ope veke 8 og 9 i vinterferien og i påskeferien. Kveldskøyring tysdag til fredag Arrangement: Afterski og barneleiker

• • • • •

HØGT TIL FJELLS: Øvste del av Steindalsheisen ligg på 1000 høgdemeter. Mange tek T-heisen til endes og går vidare på topptur til Natakupa (1400 MOH) som skimtast på toppen. FOTO: STRYN VINTERSKI

Ønskjer tilgang til Steindalsheisen heile året Stryn Vinterski har realisert snøproduksjonsanlegg og juniorheis, men har fleire planar. Målet er no tilgang til Steindalsheisen heile året. Heisanlegget ligg på 655 høgdemeter og tilgang dit vil gi sesongstrekk i begge endar, opplyser styreleiar ved Stryn vinterski, Anders Aarnes. – Steindalen er den mest snøsikre delen av skianlegget vårt. Sesongen vare mykje lenger og vi vil bli meir interessant for både publikum og investorar, seier Aarnes. Tilgangen er tenkt i form av stolheisar, gondolar, eller veg. – Vi har som mål at dette skal vere på plass innan tre – fire år, seier han.

– Endeleg juniorheis i Stryn Det har vore etterlyst juniorheis ved Stryn Vinterski i 20 år. No er den på plass. – Det har ikkje skjedd noko nytt her sidan Steindalsheisen vart bygd i 2007, så det er på høg tid at vi fekk på plass juniorheisen. No er vi endeleg komplett, seier dagleg leiar ved Stryn Vinterski, Frode Briksdal. Statens jernbanetilsyn godkjende det nye 260 meter lange heisanlegget like før jul. Sidan har T-trekket berre vore open ei helg grunna lite snø. – Snøen er det lite vi kan få gjort med, men trekket er

topp moderne og fungerte i veldig bra. Juniorheisen blir eit gratis tilbod ved Stryn vinterski, stadfestar Briksdal. Men juniortrekket er ikkje det einaste som er nytt. Skisenteret har også fått på plass nytt snøproduksjonsanlegg beståande av 18 nye snøkanonar. Totalt har Stryn vinterski investert 11 millionar kroner i ny juniorheis og snøproduksjonsanlegg. – Det nye anlegget gir oss langt større kapasitet på snøproduksjon som kan utvide skuldersesongane og halde på snøen i nedste del av traseen der den forsvinn først. Det vil og sikre snø i heile juniorheisen som er ein del av eksisterande nedfart, seier styreleiar i Stryn Vinterski, Anders Aarnes. ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no

MYKJE NYTT: Ny juniorheis og nytt snøproduksjonsanlegg er på plass ved Stryn vinterski. - No er vi komplett, fastslår dagleg leiar av skisenteret, Frode Briksdal.


VINTERAVISA FOR INDRE NORDFJORD

Grendadalen:

11

Hornindal skisenter HORNINDAL SKISENTER: Frå toppen av trekket 750 meter over havet kan gjestene velje mellom to 1.650 meter lange nedfartar. I tillegg til store område for frikøyring.

KANON AVTALE: Snøproduksjon har vore viktig for drifta av skisenteret. Før jul 2019 fekk dei sin tredje kanon på plass, som gåve frå Sparebank1 Søre Sunnmøre.

Kort fortalt: • Grendadalen, •

• • • • • • • •

390 -750 m.o.h. Skitrekk: T-trekk 1.500 m. To nedfartar på ca. 1.650 m. Eine flombelyst. (Lengste flombelyste nedfart i Nordfjord/Sunnmøre) Kveldskøyring onsdag og torsdag Ope veke 8 og 9 (vinterferien) og påskeferien Skiutleige, varmestove og kafeteria. Grillhytte til fri bruk Snøproduksjonsanlegg Lysløype 3 km Turløyper rundt Grendadalen og til Hornindalssætra Finevérsløype til Høgenibba Langrenn/skiskyttararena

FAST GJEST: Karl Randle på veg opp t-kroken. Han er frå England men busett på Eiksund og har vore fast gjest i Hornindal skisenter sidan opninga i 2013.

Hornindalsrennet Hornindalsrennet går av stabelen for 49. gong 23. februar. Rennet med røter tilbake til tidleg 1970-talet. Start og innkomst er ved Hornindal skisenter i Grendadalen. Traseen har endra seg litt gjennom åra, frå tida då opphavsmannen, Oliver Fagerheim, og medhjelparane gjekk opp løypa for eiga maskin. Utgangspunktet for dei siste utgåvene har vore å nytte ein ca. 20 km lang trasé som følgjer dalen til Honndøla bru. Derifrå går ein oppom Honndalssætra og så fram igjen til mål. Løypa er småkupert utan dei altfor bratte stigningane, og har fått gode skussmål frå deltakarane. André Haugsbø frå Gaular IL var raskast blant herrane, då han kom i mål på tida 1.03,30, medan Bodil Ryste frå same klubb var raskast av kvinnene på tida 1.17,07.

Suksess med kunstsnø Hornindal skisenter har vist seg som det desidert mest snøsikre denne sesongen.

Kombinasjon av kunstsnøproduksjon frå tidleg i november og brukbart med natursnø, har gjort at Hornindal har hatt ein bra sesongstart. Søndag 19. januar var det reine påskestemninga med rundt 600 gjester og bortimot omsetjingsrekord for ein dag. – Ja, vi har vore heldige, men mannskapet vårt har og vore dyktige, seier driftsleiar Amund Sverre Tomasgard.

Skisenteret gjekk inn i sesongen med kunstnøanlegg som var nytt hausten 2018. Før jul kom den tredje kanona på plass, som gåve frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre. – Med den auka vi produksjonskapasiteten med 50 prosent. Fram til nyttår rakk vi å produsere rundt 9.000 kubikkmeter snø. Det har vore avgjerande for at vi allereie har mange driftsdagar, seier Tomasgard. Skisenteret har elles mykje nytt å by gjestene i årets sesong. Varmestova, kjøkkenet og skiutleigen er utvida med totalt 90 kvadratmeter. Skisenteret har kjøpt heilt nye utleigeski- og sko, og starta sesongen med nyinnkjøpt trakkemaskin, ein 2013 modell Pistenbully 600 med vinsj. THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no

SKI I GRENDADALEN: Hornindal skisenter tilbyr rundløype på 5,5 km rundt Grendadalen, lysløype på 3 km med utgangspunkt skistadion og turløype til Hornindalssætra som er 9 kilometer kvar veg.


12 FJORDINGEN VINTEREN 2020

Utvikfjellet:

Breimsbygda skisenter

POPULÆRT ANLEGG: Førre vinter var det full drift i slutten av januar. Driftssjef Runar Kleppe håpar på snarleg påfyll av snø og ein god sesong. FOTO: ROGER OLDEIDE

DRAUMEFORHOLD: Breimsbygda skisenter på ein knall utfartsdag i 2017. FOTO: RUNAR SANDNES

Kort fortalt:

• Skitrekk: 50 meter, • • • • •

250 meter og 1.000 meter Kveldskøyring tysdagar og torsdagar Ope i vinterferien (veke 8) og påskeferien Varmestove og kafeteria Lysløype 2,8 kilometer Turløyper til Støyvastøylen (3,4 km), Fløtravarden (7,2 km) og Snøfjellet (13 km)

• Arrangement: • 09.04: Even Hole Cup, •

slalåm 11.04: Rypeskar­ rennet, fristil

FLOTTE FORHOLD: Breimsbygda skisenter i januar 2018. Anlegget tilbyr flotte forhold for små og store når snøforholda tillet det. FOTO: ROY ARON MYKLEBUST

Even Hole Cup og Rypeskarrenn i påska

Slalåmkonkurranse og turlangrenn er like tradisjonelt påskeprogram på Utvikfjellet som appelsin og kvikklunsj er i påskesekken. Even Hole-cup vert arrangert fast på Skjærtorsdag, som i år er den 9. april. Då dreg både aktive og pensjonerte alpinistar på seg startnummer for å vere med i rennet som går i regi av den tidlegare toppalpinisten Even Hole frå Breim. Det er og ein mangeårig tradisjon med friluftsgudsteneste i forkant av slalåmkonkurransen. Påskeaftan er det igjen klart for Rypeskarrennet, 24 kilometer turrenn med start og innkomst ved skisenteret. Dette er blitt ein fast aktivitet i påskeferien for mange. Rennet går i fristil.

Ønskjer ny magisk påske Påska 2018 sit i minnet til alle som driftar Breimsbygda skisenter. Ei slik påske vil dei gjerne ha i år, og.

S

jølv om vinteren har starta dårleg, har det skjedd før at sesongen ikkje har starta før månadsskiftet januar/februar. – Vi har på ingen måte gitt opp. Tvert i mot satsar vi på å kome i gang seint men godt. Og som sagt, gjerne med ei slik magisk påske som for to år si-

dan. Då hadde vi på det meste rundt 650 gjester i trekket på ein dag, seier driftssjef Runar Kleppe. Til vanleg kjem kundane hans frå Olden, Vikane og Breim, samt nokre frå Sandane og nokre hyttefolk. I påska kjem det i tillegg mange tilreisande turistar. – Overskotet frå sesongen for to år sidan gjekk med i tap året etter. Så no vil vi gjerne ha snø og ein god sesong igjen, seier Kleppe. Det dugnadsbaserte anlegget har eitt tautrekk på 50 meter for dei minste og to skålheisar på høvesvis 250 og 1.000 meter. Nytt av året er ny heisbu til vaktene ved tautrekket. Til førre sesong bygde skisenteret snøfangarar som skal få snøen til å liggje. Berre snøen kjem. BENGT FLATEN bengt.flaten@fjordingen.no

OPTIMIST: Runar Kleppe, driftssjef ved Breimsbygda er optimist og satsar på bra med snø og gode forhold resten av vinteren. FOTO: ROY ARON MYKLEBUST


VINTERAVISA FOR INDRE NORDFJORD

13


14 FJORDINGEN VINTEREN 2020

Fjelli:

Nordfjord fritidssenter TAUTREKK OG HOPPBAKKAR: Ved nok snø blir dei minste bakkane trakka vekentleg, og tautrekket er ope i helgane. Her eit bilde frå 2018.

BERGSETNAKKEN: Ønskjer ein mektig utsikt utan å gå timesvis på ski er Bergsetnakken (1.133 m.o.h.) eit godt alternativ. Her sett frå Sølvbergsstøylen.

Kort fortalt:

• Ligg på Fjelli, ved • • • •

• • • • •

Bjørkelibakken ca. 500 m.o.h. Tautrekk: 300 meter. Ope søndagar ved nok snø. Utvida opningstid i vinter- og påskeferie. Lysløype ca. 3 km. Turløype til Nosakleiva, ca. 13 km tur/retur. Femstøyls-løypa, ca. 10 km: Rosetstøylen, Ulvedalsstøylen, Bergsetstøylen, Indre-Sølvbergsstøylen og Sølvbergsstøylen. Hoppbakkar K5-K90. Overnattingsmulegheiter, 60 sengeplassar. Gapahuk ca. 1 km i retning Rosetstøylen. 30 liggeplassar. Bålpanne til fri bruk. Fartsrennet Nakkjen ned Skjærtorsdag.

SENTRALE: Denne trioen er sentrale for aktiviteten ved og rundt Nordfjord fritidssenter på Fjelli. Øystein Hesjedal (t.v.) og Einar Dons Brath driftar senteret og Stryn leirskule, Anders Magne Bergset (t.h.) syter for flotte løyper vinteren gjennom.

Holmøyskarrennet for 53. gong Holmøyskarrennet er nesten like sikkert som Palmesøndag. Det er idrettslaga Veten og Hardbagg som no er arrangør og sidan 2013 har start og innkomst vore ved fritidssenteret på Fjelli. Snøen er det store spenningsmomentet og påverkar også i stor grad kvar traseen blir. Ved snørike påsker går løypa til Smørdalen, der den deler seg i ei kort og lang løype - høvesvis 25 og 35 km. Lengste alternativet går via Raudfjellsstøylen og gjennom Holmøyskaret, medan kortaste tek snarvegen over Tverrfjellet. Frå Holmøyskaret er løypa lik og går til Tvinnereimsslettene og vidare over Nosakleiva og til mål ved fritidssenteret. – Vi håpar det går i år også, og vil nok prøve å få det til nesten same kva, men det kan bli alternative løyper, seier Bergset.

Snøsikkert turløypenett Med snøfattige vintrar er det kjærkome med turløypetilbod i høgda. Frå Nordfjord Fritidssenter på Fjelli har ein kunna spent på seg skia sidan desember.

På om lag 500 meters høgde skal det mykje til at det ikkje let seg gjere å trakke løyper, sjølv om vintrane er milde. – Lysløypa er i orden og den skal vere gåande i kvar dag. Løype til Kleiva køyrer vi i helgane. Eg vil også prøve å få til løyper til Smørdalen, seier Anders Magne Bergset, som brukar mange timar i trakkemaskina for å gi bygdefolket og tilreisande så gode forhold som råd. Bergset håpar også å få i stand sjølve kremtoppen i

turløypenettet, den såkalla femstøyls-løypa. I den om lag 10 km lange runden kan ein nyte panoramautsikt inn, ut og over Nordfjorden. I vinterferien vil løypene bli køyrt dagleg. Øystein Hesjedal og Einar Dons Brath er drivarar av Nordfjord fritidssenter, og dei føler dei sit midt i smørauget for flotte turar. – Det er dei finaste løypene i Nordfjord. Rå utsikt, slår Hesjedal fast. – Og så er det svært barnevenleg. Mange med små barn trivst her. Det er ikkje rett opp og rett ned, seier Brath, og legg til: – Og så er Bergsetnakken ein fantastisk topptur. Ein trygg topp i desse dagar med skredfokus. ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy.aron.myklebust@fjordingen.no

FAMILEVENLEGE LØYPER: Slake bakkar i ope terreng gjer at mange barnefamiliar finn vegen til løypene som startar ved fritidssenteret. Her ser vi to jenter fotografert litt før Sølvbergsstøylen. Jentene var elevar ved Stryn leirskule for eitt par år tilbake.


VINTERAVISA FOR INDRE NORDFJORD

GODT GLIS: Ned skileikbakken med eit godt glis! FOTO: THOMAS THAULE

ÅRESTOVA PÅ ULLSHEIM: Årestova er open for alle, og er ein populær tilhaldsstad for små og store grupper på tur. Her kan det fyrast opp i åren for varme og grilling.

15

MANGE: Det er mange ulike renn og arrangement på Ullsheim i løpet av ein vinter. Godt for rekrutteringa! FOTO: SIGRID HEGGESTAD

SKILEIK PÅ ULLSHEIM: Skimoro for små og store i skileikanlegget. FOTO: HILDEGUNN HATLEDAL

Skileik og moro for alle Markane IL sitt anlegg på Ullsheim er eit anlegg for alle. Her kan du møte på utøvarar på verdsnivå i treningsløypene, og du kan boltre deg i skileikbakkane eller kose deg med grilling i gapahuk og årestove.

Ullsheim er arena for trening og tevling i langrenn og skiskyting på alle nivå. Her har det vore fleire NM og VM for både jr. og veteran.

Skileik og meisterskapsarena

Men dette er også utgangspunkt for ei rekkje turar med ulike vanskegrader og på ulike nivå, og ikkje minst eit anlegg for mykje leik og moro. Skileikbakkar, grillplassar og gapahukar og dessutan ei flott åre-

GAPAHUKAR: Aktivitetsområdet ved Ullsheim er tilrettelagt for aktivitetar for store og små, m.a. med gapahukar og grillplassar. FOTO: MARKANE IL

stove som kan brukast av alle. Her kan ein fyre opp i åren, varme seg ved open eld og grille pølser og anna medbragt mat. I anlegget Ullsheim er det er nedlagt meir enn 25.000 dugnadstimar, og anlegget har vore arena for m.a. NM på ski i 1996, Junior VM i 2004 og NM i skiskyting i 2008. GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no

MORO PÅ SKI: Leik og moro på ski er ein viktig del av aktivitetane ved Markane IL sitt anlegg på Ullsheim. FOTO: MARKANE IL

GOD VARME: I årestova er det god varme frå åren, som er ein populær samlingsplass.

ALLSIDIG AKTIVITET: På Ullsheim er det allsidig aktivitet på alle nivå. Bildet er frå ei jentesamling i skiskyting og langrenn. FOTO: MARKANE IL


16 FJORDINGEN VINTEREN 2020

Strynefjellet:

Grotli Skiheiser FLOTTE VINTERFORHOLD: Med milde vintrar i låglandet kan stader som Grotli vere redninga for dei som likar snø og skiføre. Her frå januar 2020. FOTO: STEIN ARE BERGHEIM

GROTLIRENNA: Helga etter påske er det tradisjonen tru duka for Super-G og utfor i traseen ved skisenteret på Grotli. ARKIVFOTO: STRYN ALPINT

Kort fortalt:

• 870 m.o.h. • Barneskiheis 225 • • • • • •

meter. Hovudtrekk T-heis 1.350 meter. Hopp og rails. Skiutleige. Turløypenett ca 20 km med utgangspunkt i Grotli. Toppturar til Skridulaupen 1.962 m.o.h., Raudegga og Krosshø. Open fjellkro i vinterog påskeferien.

RIKELEG MED SNØ: Til skilnad frå låglandet er det meir enn nok snø å trakke løyper og bakkar av. – Meir snø enn på ti år, hevdar Stein Are Bergheim ved Grotli Skiheiser. Her ser vi trakkemaskina i sving i slutten av januar. FOTO: STEIN ARE BERGHEIM

Alpint: Grotlirenna etter påske Helga etter påske, 18. og 19. april, er det klart for dei tradisjonsrike Grotlirenna. Det er alpingruppa i Stryn Turn og IL som er arrangør. Laurdag er det Super-G og søndag utfor. Utforøvinga er også krinsmeisterskap. Dette er ei helg der også pensjonerte alpinistar gjerne børstar støv av skia og leitar fram fartsdressen.

God snøvinter på Grotli – Dette trur eg må vere den beste snøvinteren på ti år, seier ein nøgd Stein Are Bergheim ved Grotli skiheiser.

Skiheissjefen er godt i gang med å klargjere trekket ved høgfjellshotellet for årets sesong. Den tek som vanleg til i samband med vinterferien i midten av februar. – Då held vi ope dagleg i to veker, seier Bergheim. Også når ein kjem til påska blir det ope dagleg i skiheisen. Utanom feriane vil det vere ope i helgane. Med ein snørik vinter i høgfjellet har Bergheim tru på skiføre til langt ut på våren denne sesongen. – Eg trur og håpar det kan bli ein bra sesong for sommerskisenteret også.

Bergheim er tydeleg på at skitrekket på Grotli er langt frå det heftigaste når det gjeld nedfartar. Det er eit forholdsvis snilt trekk som består av ein barneheis og eit hovudtrekk. Særleg for dei yngre er det fint å boltre seg i bakkane her. Men dei har også ein god rail-park. – Ja, det er mange som er tilfreds med den. Der er det hopp og rails, og det er mange som leikar seg der. Om ein heller vil gå på bortoverski er det gode mulegheiter for det, i oppkøyrde spor eller kanskje ein helst vil lage sine eigne. – Vi har kanskje om lag to mil med løyper. Men det er fint å gå utanfor også. Og det er trygge fjell å ferdast i, slår Stein Are Bergheim fast. ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy.aron.myklebust@fjordingen.no

DRIFTSSJEF: Stein Are Bergheim er ansvarleg for skiheisen som ligg ved Grotli Høgfjellshotell. Han gler seg over svært gode snøforhold og god kvalitet på snøen.


VINTERAVISA FOR INDRE NORDFJORD

På ski og brett i indre Nordfjord

17

www.strynvinterski.no facebook.com/strynvinterski Kafè, skiutleige, afterski kvar laurdag Opningstider: Laurdag og søndag kl 10-16 Kveldskøyring tys, ons, tor og fre kl 17.30-20.30 Vinterferie veke 8 og 9 kl 10-16

Ny jr. heis Sjjå eige program for vinteerferien og påska 200 200: ww w w.strynvinterski.nno

Ny jr. heis - tallerkentrekk 2 t-krokheisar som tek degg frå 320 moh til 1000 moh Barneskitrekk: Kongleriketrekket med mange morosame element 12 km preparerte nedfartar. Uendelege moglegheiter for frikøyring i fjell og skog Supert utgongspunkt for toppturar! Velkomne til Stryn!

Ullsheim «Det perfekte utgangspunkt» www.markane.no

– 40 km turløyper Garderobar, badstu. – Stort skileikanlegg Godt utstyrt kjøken – Lysløyper Stort smørerom – Skiskyttaranlegg Selskaps-/ og møtelokale – Snøproduksjonsanleg – Rulleskibane Alle skiløyper i området Ullsheim/ Stryn Skisenter vert preparerte av Turløyper Stryn AS. Infotlf: 906 37 160. Følg oss på: skisporet.no Dagleg leiar Ullsheim/ ansvarleg for utleige av Ullsheimanlegget: Klemet Bø, klem-b@online.no, tlf. 91 31 95 12. Lysløypene på Ullsheim og Skileik-området er opne kvar dag i sesongen frå kl. 18.00 - 22.00.

Opningstider i trekket Laurdag og søndag kl. 10.30 - 16.30 Onsdag og torsdag kl. 18.00 - 21.00 Vinterferie Veke 8: Måndag kl. 10.30 - 16.30 Tysdag kl. 10.30 - 16.30 Onsdag kl. 12.00 - 20.00 Torsdag kl. 10.30 - 16.30 Fredag kl. 12.00 - 20.00 påskeVeka: r Alle daga

Vi sesongåpner skiheisen og kroa lørdag 15. februar.

Vi tilbyr: T-trekk 1.500 meter, to nedfartar på 1.650 meter, ein av dei med flomlys, 3 km lysløype, turløype i Grendadalen og til Hornindalssætra. Varmestove, skiutleige.

Åpent hver dag uke 8 og 9. Deretter i helgene til og med påska. Åpningstider: Skiheis kl. 10:30 – 16:00/ Kroa kl 10:30 – 17:00 Grotlifolket ønsker velkommen til høgfjellet - med snøgaranti! Hotellet åpner 2. april. Vi har ledige rom i påska! Tlf 61 21 74 74

kl. 10.30 - 16.30

HORNINDAL

SKISENTER Ski for alle - hornindalski.no

Medlem i Alpepass www.hornindalski.no facebook.com/hornindalski


S Ø LVB G G Y

XL-

G ER

B

18 FJORDINGEN VINTEREN 2020

GODT BESØKT: Olav Auflem i Indre Nordfjord Turlag fortel at dagsturhytta på Kloppemyra i Stryn blir godt besøkt, heile året.

Dagsturhyttene: – Ein suksess Dagsturhytta i Stryn er ein av 26 dagsturhytter i det som var Sogn og Fjordane. Dagsturhytta i Stryn vart formelt opna i april i fjor, men har vore i bruk sidan desember 2018. Indre Nordfjord Turlag, som driftar hytta, melder om godt besøk, heile året. – Barnehagane er ofte på besøk, men det er folk i alle aldrar. Med den snøfattige vinteren så langt har det vore mykje besøk også i vinter, seier Olav Auflem i turlaget. Dagsturhyttene omtalast alt som ein suksesshistorie. I fjor haust var ein delegasjon frå nabofylket på besøk til dags-

turhytta i Stryn for å få vite meir om korleis hyttene er finansiert. Rådgjevar for fysisk aktivitet og idrett i Vestland fylkeskommune, Atle Skrede, informerte at Sparebankstiftinga har bidrege med 5,2 mill. kroner. Norsk Tipping med 11 mill. og kommunane har samla bidrege med ca. 4 mill. kroner. I tillegg kjem dugnad og kommunal eigeninnsats. Skrede poengterte at spelemiddelordninga prioriterer prosjekt der born og unge er målgruppe. – Men dagsturhyttene har i tillegg eit livsløpsperspektiv. Du ser mange 80-åringar på stiane til og frå dagsturhyttene, sa Skrede.

- MIDT I BLINKEN FOR DEG SOM SKAL BYGGE, RENOVERE ELLER PUSSE OPP! FAGHANDEL INNEN TRELAST OG BYGGEVARER Som medeier i Skandinavias største byggevarekjede XL-BYGG kan vi tilby det meste til gode priser. Vi kan ønske velkommen til ett flott anlegg m/butikk i trivelige lokaler. Hos XL-BYGG Sølvberg vil du møte de dyktige fagfolkene som byr på god service og gir deg nyttige råd/tips innen: • Kjøkken/bad/garderobe • Varme • Keramisk flis • Verktøy

• Trelast • Byggevarer • Vindu/dører • Maling/interiør

VELKOMMEN TIL XL-BYGG SØLVBERG! Visnesvegen 3, 6783 Stryn Tlf. 57 87 62 00, Man-fre 0730-1630 tors 0730-1800, lør 10 00-1400 xl-bygg.no

Total Serv rvice v Kviven AS BESØK OSS INNE I MESSEHALLEN

SKIUTLEIGE: DNT sitt lokallag i Indre Nordfjord eig toppturutstyr for over 200.000 kroner. Stadig fleire nyttar turlaget sitt utleigetilbod, og pengane frå utleige går til innkjøp av meir utstyr.

– Interessa er veksande

Din totale leverandør av solskjerming, varmepumper, glassrekkverk og garasjeporter.

Indre Nordfjord Turlag angrar ikkje på at dei handla inn Rando-utstyr for 200.000 kroner.

• Lokal kunnskap • Lang erfaring • Kvalitet

– Hensikta er at folk skal få prøvd seg på rando, samstundes er det ein måte å gi medlemane våre noko igjen. Tilbodet blir brukt og vi ser at interessa er veksande. I 2019 var utstyret lånt ut i 100 døgn, opplyser nestleiar i Indre Nordfjord Turlag, Odd Henrik Berge.

Turlaget har i dag 9 komplette rando-sett inkludert skredutstyr, samt nokre ekstra sett med ski og støvlar. Turlaget, som består av 600 medlemar, har kjøpt inn utstyret med støtte frå Gjensidigestiftinga. – Vi vurderer også å kjøpe inn truger til utstyrsbanken, seier Berge. Han legg til at turlaget har fått midlar frå Erling Bjørstad’s stiftelse til å arrangere skredkurs for ungdom i år. ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no

Total Service Kviven AS

6763 Hornindal • www.t-s-k.no Kai Magne Dahl – Tlf. 406 20 556 – epost: kai@t-s-k.no Inge Olsen – Tlf. 483 28 458 – epost: inge@t-s-k.no


VINTERAVISA FOR INDRE NORDFJORD

EVENTYRLIG VINTERTILBUD NYE MITSUBISHI OUTLANDER PHEV Topp utstyrt Instyle+ med S-AWC 4WD Nå fra kun

kr

2.650 per måned*

Vinterhjul og metallic lakk inkludert

Spar kr 66.500**

også ved kjøp Vi har biler klare for rask levering Gyldig til 31.03.2020

Stårheim Bilverksted as Yngve André Dalseth 917 48 183 • Bernt Ove Piel 959 24 418

Norges mest solgte ladbare hybrid 6 år på rad Mitsubishi Outlander PHEV har god plass til passasjerer og utstyr, og med det klasseledende firehjulsdriftsystemet S-AWC (Super All Wheel Control) er du sikret fremkommelighet selv under vanskelige kjøreforhold. Kjør på ren elektrisitet i hverdagen, og dra på langtur uten å tenke på lading. Det er bra for både lommeboken og miljøet. Ikke rart Outlander PHEV er Norges mest solgte ladbare hybrid hele 6 år på rad og er kåret til «Årets grønne familiebil 2020» av Green Car Journal. Outlander PHEV Invite fra kr

412.000,-

Pris er inkludert frakt og andre leveringsomkostninger. *Pris gjelder bil levert til forhandler i Oslo. Kostnad for frakt til lokal forhandler tilkommer. Leasingavtale 36 mnd/45.000 km. Startleie/etablering kr 83.613. Totalpris kr 179.013 (varierer med rentenivå) **Gjelder ved kjøp, unntatt utstyrsnivå Invite. 7år/140.000 km unik Norgesgaranti. Gjelder kun for biler som kjøpes fra norsk autorisert Mitsubishi-forhandler. Forbruk: 2.0 L/100 km variert kjøring. CO2-utslipp: 46g/km. Forbruk vil være avhengig av temperatur, topografi, utkjørt lengde, kjørestil og bruk av varmeapparat/klimaanlegg. El. rekkevidde 45 km (WLTP). Utstyrsdetaljer kan avvike fra avbildet modell. Med forbehold om evt. trykkfeil.

AUTORISERT MERKEFORHANDLER – Vår kompetanse, din trygghet.

Utvid komfortsonen NYE CITROËN C5 AIRCROSS SUV FRA KR

323.000,Advanced Comfort-seter Fjæring med Progressive Hydraulic Cushions® 3 individuelle justerbare bakseter Bagasjekapasitet opptil 720 liter

Veiledende utsalgspriser inkludert mva, avgifter, frakt og levering . CO2 utslipp fra 106 g/km. Drivstofforbruk blandet kjøring fra 0,40 l/mil. Bildet er illustrasjonsfoto og utstyr kan avvike. Forbehold om trykkfeil. For mer info citroen.no. Kontakt salgsavdeling Yngve A Dalseth 91748183/ Bernt Ove Piel 95924418

STÅRHEIM BILVERKSTED AS • 6777 STÅRHEIM • TElEfon 57 86 37 30

19


20 FJORDINGEN VINTEREN 2020

KULTURHUSKAFÉEN: Line Svarstad og resten av dei tilsette i Stryn kulturhus ønskjer alle velkomne til kafeen i foajeen. ARKIVFOTO

HOVUDKONSERT PÅ VISEFESTIVALEN: Gruppa Tre små kinesere står for konserten i storsalen i kulturhuset laurdag 28. mars. FOTO: PRESSE

STRYN SYMJEHALL: Symjehallen i kulturhuset kan freiste med vassklie, stort basseng og varmebasseng for heile familien. FOTO: ROY ARON MYKLEBUST

••Innhaldsrik vinter og vår i Stryn kulturhus:

Visekonsertar og barneteater Barneteater, visefestival, konsertar og ei rekkje lokale arrangement står på programmet i kulturhuset i Stryn den komande tida.

– Vi i Stryn kulturhus gler oss til ein hektisk og innhaldsrik vår med så mange flotte arrangørar, artistar og publikummarar som kjem på besøk til oss, seier kulturhusleiar Kåre Bruvoll Alme. Det blir ei rekkje faste og solide arrangement med fleire lokale aktørar. UKM for Stryn kommune går av stabelen laurdag 8. februar, russerevyen laurdag 7. mars og konfirmantmusikalen søndag 22. mars.

Karius og Baktus kjem

– For dei minste har vi ordna med besøk av Karius og Baktus med Bakgården Barneteater søndag 16. februar. Dei to siste familieteatera vi har hatt vart tidleg utselde, så her kan det vere lurt å vere tidleg ute, oppfordrar han.

STRYN VISEFESTIVAL: Lars Bremnes og Maria Haukaas Mittet har konsert fredag 27. mars i storsalen i kulturhuset i samband med Stryn Visefestival. FOTO: PRESSE

Rasmussen-jubileum

Det blir ein flott konsert med ein lokal kjenning, når den tidlegare kulturskulerektoren Ketil Rasmussen byr opp til ein 70-års jubileumskonsert laurdag 18. april. Lostrupane sin konsert i midten av mars går ut av programmet, fortel Alme.

To konsertar på visefestival

Siste helga i mars er kulturhuset ein av arrangørane som er med på ein ny visefestival. Først får storsalen besøk av Maria Haukaas Mittet og Lars Bremnes. Dei to norske artistane har hovudkonserten fredag 27. mars, medan gruppa Tre Små Kinesere står for hovudkonserten laurdag 28. mars. I tillegg blir det mange konsertar på fleire av utestadane i Stryn sentrum denne helga.

Kjend Chopin-tolkar

Laurdag 2. mai kjem Greg Niemczuk på besøk med piano-

TANNTROLLA KJEM: Karius og Baktus med Bakgården barneteater kjem til Stryn kulturhus søndag 16. februar. FOTO: BAKGÅRDEN

POLSK MEISTERPIANIST: Greg Niemczuk spelar pianokonsert i kulturhuset laurdag 2. mai. FOTO: PRESSE

konsert. Han er ein polsk meisterpianist som blir sett på som ein av dei fremste Chopintolkarane i verda. Han er for tida på turne i Sør-Amerika og Kina, og det blir veldig moro å

allsong med Arne Mørch og Minnenes Melodier. Han var også på besøk i fjor, til stor glede for mange songglade publikummarar.

få han på besøk i Stryn, synest kulturhusleiaren.

Allsong og mimring

Programmet blir avslutta søndag 7. juni med foajékonsert og

SIGRID HEGGESTAD sigrid.heggestad@fjordingen.no


VINTERAVISA FOR INDRE NORDFJORD

21

Animasjon og komedie på Stryn kino Nye barnefilmar, drama og komedie kjem på Stryn kino i vinterferien og framover mot påske. Stryn kino i kulturhuset kan by på eit innhaldsrikt filmprogram for heile familien. I vinterferien går blant anna

animasjonskomedien Dronningens Corgi, den norske nyinnspelinga av klassikaren Fjols til fjells, dramaet Flukten over Grensen og animasjonsfilmen Sonic the Hedgehog. I mars står det blant anna ein ny film ifrå Disney på plakaten: Oppfølgjaren til Mulan. Dei danske komikarane held

fram med siste filmen sin Klovn 3: The Final. I animasjonsfilmen Trolls Verdensturne dukkar dei musikkglade trolla opp att. Fleire titlar kjem også på plakaten, fortel kulturhusleiar Kåre Bruvoll Alme. SIGRID HEGGESTAD sigrid.heggestad@fjordingen.no

KOMEDIE: Dronningens Corgi.

FJOLLS TIL FJELLS: På Stryn kino i vinterferien. FOTO: FILMWEB

••Vinterferie og vårprogram på Hotel Alexandra:

Konsertar og humorshow i Loen Ina & Ørjan Show, Vilde og Anna og Mona-Jill Band er berre noko av det som skjer på kulturfronten på Hotel Alexandra i Loen framover.

Nytt show med Vilde og Anna

I vinterferien kjem Vilde og Anna frå Nordfjordeid. Dei vil vise eit splitter nytt show med allsong og god stemning på konserten deira laurdag 22. februar. Her blir det eigne songar og mykje humor, lovar arrangørane.

Shov med Margot og Leif-Per

Ina «Margot» Breivik og Ørjan «Leif-Per» Liavåg er nokre av dei ypparste komikarane på Vestlandet. Dei byr på ei god blanding av utvalde reprisar og heilt nye nummer og karakterar i humorshowet sitt laurdag 29. februar.

Funky tonar frå Sunnmøre

Sunnmørsbandet Faculty of Funk stiller med full blåsarrekkje og solid vokal helga 20. og 21. mars. «Bandet spelar på ei rekkje festivalar og utestader, og når dei drar dei heitaste låtane lagar dei alltid liv», heiter det i omtalen av bandet.

Dans med Mona-Jill Band

Palmehelga 3. og 4. april er Mona-Jill Band klare for å spreie glede og lage liv med sine flotte danselåtar. Bandet med base i Oldedalen hadde ein stor festivalsommar, og no er dei klare for å lage liv i nabobygda Loen, skriv Hotel Alexandra i programmet sitt.

VINTERFERIE MED POPULÆR DUO: Vilde og Anna frå Nordfjordeid viser eit nytt show med allsong og god stemning, når dei har konsert på Hotel Alexandra laurdag 22. februar. FOTO: PRESSE

SIGRID HEGGESTAD sigrid.heggestad@fjordingen.no

INA OG ØRJAN SHOW: Komikarane Ina Breivik og Ørjan Liavåg viser humorshowet sitt på hotellet laurdag 29. februar. FOTO: PRESSE

MONA-JILL BAND: Det populære bandet er klare for å spreie glede og lage liv med flotte danselåtar 3.- 4. april. FOTO: PRESSE


22 FJORDINGEN VINTEREN 2020

••Skredforskar Krister Kristensen:

Trygg ferdsel i vinterfjellet Skredforskar Krister Kristensen oppmodar alle om å tileigne seg kunnskap om ein skal leggje ut på tur i bratt terreng midtvinters.

F

å kunnskap, skaff godt utstyr, pakk sekken klokt, observer, tenk, ha respekt for naturen og nyt. Dette er ifølgje Krister Kristensen viktig for gode opplevingar i vinterfjellet, både på rolege skiturar og på toppturar med heftige utforkøyringar.

Kunnskap aukar tryggleiken

Kristensen seier dei siste tiåra har ein utvida tidsrommet for skigåing i høgfjellet. Før venta folk gjerne med skiturar til lengre utpå våren når snøen normalt er meir stabil og skredfaren lettare å vurdere. No er skientusiastar på farten heile vinteren, også på kveldstid. I vintersnø kan det vere fleire lag, og nokre usynlege lag kan vere ustabile. Trykk frå skigåarar kan påverke ustabile lag og løyse ut skred. – Hugs at ein også kan løyse ut ras om ein går på slett terreng under bratt helling. Dette er kalt fjernutløysing. Kunnskap om rasfarleg terreng, snøforhold og sikringsutstyr aukar tryggleiken. Alle som vil på topptur bør ha skredkurs, meiner Kristensen. Han påpeikar likevel at skredvarslar og anna skredutstyr kan vere falsk tryggleik dersom kunnskap manglar om kor farleg det kan vere å bli teken av snøskred, sjølv om ein vert funne raskt. Han meiner kunnskap om naturkrefter og at snøskred blir løyst ut i kombinasjon av snø, vêr og terreng, eller av menneskeleg aktivitet, bør kome som undervisning allereie i barnehagealder.

– Perfekt område for forsking

Krister Kristensen er skredforskar og seniorrådgjevar ved Norges Geotekniske Institutt (NGI). Nordvestlandet med mektige fjell og store snømengder meiner han er perfekt for skredforsking. NGI har avdelingskontor i Stryn og forskingsstasjon i Grasdalen på Strynefjellet. Her driv ein mellom anna forsøk med nedsprenging av store snøskred.

– Eit snøras kan ha ein fart på mellom 100–150 kilometer i timen, så det er store krefter i sving, seier Kristensen. Forskinga er sentral i arbeid med farekartlegging og dimensjonering av rassikringstiltak for snø- og sørpeskred, jordskred eller steinskred. Arbeidet inneber for ein stor del å kartleggje risiko for ras ved utbygging av veg og annan infrastruktur, planlegging av bustadområde og andre tiltak som krev skredfarlege analyser.

GODE RÅD FRÅ SKREDFOR­SKAREN 1. Ruteval. Vurder terreng og hellingar. Det er størst fare for skred når hellinga er 30 grader eller meir. Det er tryggast å gå opp på ein rygg. 2. Sjekk snøforhold. NVE og Varsom.no kan gje god informasjon. Ein kan også grave i snøen og sjå ulike lag, men då må ein ha kunnskap om snø.

GODT UTSTYR: Skredforskar og seniorrådgjevar ved NGI (Norges Geotekniske Institutt), Krister Kristensen, meiner godt utstyr på tur er viktig, men det kan aldri erstatte kunnskap. Han oppfordrar folk som vil på topptur om å ta skredkurs først. Er det utrygge forhold i fjellheimen, er skisenter best.

TA DET TIL NESTE NIVÅ

3. Følg med i vêrutviklinga. «Vinden er byggmeister for skred». Ver merksam på dalar og groper der snøen har bygd seg opp i fonnar. 4. Ha godt utstyr. Hugs at skredsøkjar er viktigast om ein har hjelparar som kan grave. Det er smart om heile følgjet ikkje køyrer ned samtidig og eit følgje bør ikkje gå samla i klynge oppover. Alle i eit følgje må ha med spade og søkjestang. Det finst også ryggsekkar med airbag, ballongar som kan løysast ut og som gjer at ein kan flyte oppå raset. Dette hjelper berre når det er rørsle i snøen. 5. Ikkje la utstyr bli ein falsk tryggheit. Lytt til kunnskap, og skaff helst kunnskap gjennom kurs. 6. – I Alpane er 50 prosent av dei omkomne i snøras utstyrt med skredutstyr, fortel Kristensen, for å synleggjere at falsk tryggheit kan vere fatalt.

DET FINNES IKKE NOE BEDRE ENN DET EKSTRA DRAGET DU FÅR FRA EN CAN-AM 6X6. DREVET AV EN STERK ROTAX MOTOR. 6X6 ER DEN KRAFTIGSTE ATV VI HAR BYGGET.

FRA kr. 99.900,OUTLANDER 6x6

7. Ta med varme klede. ANNE-MARI AALBERG redaksjon@fjordingen.no

tlf. 414 06 567

®, ™ og BRP-logoen er registrerte varemerker som tilhører BRP eller dets datterselskaper. Kjøretøyet på bildet kan være påmontert ekstrautstyr


VINTERAVISA FOR INDRE NORDFJORD

Velkomen til Hydla Hyttegrend!

Flotte tomter i vakker natur For sal

Hydla Hyttegrend ligg ca 3 km frå Stryn sentrum, langs det vidstrakte turløypenettet nordvestover frå vår næraste nabo Stryn Vinterski mot Ullsheim. Med utsikt til vakker vestlandsnatur ligg våre tomter plassert i eit ut-

byggingsområde på totalt 265 daa. Med ei høgd på mellom 320 og 420 meter over havet har du fantastisk utsikt utover fjord og fjell.

vestlandet med variert aktivitet året rundt. I sentrum kan ein finne uterestaurantar og unike shoppingmuligheiter, med mellom anna «outlets» frå kjende klemerke.

Det unike med hytter i Stryn er at det skjer noko heile året. Stryn er ein av dei store turistkommunane på

Ta kontakt med oss! Hydla Hyttegrend Tlf.: 916 21 287 – E-post: post@hydla.no

Velkomen til Fagre Stryn! www.hydla.no

23


24 FJORDINGEN VINTEREN 2020 Om Stryn Elektro AS Vi er ein elektroentreprenør i vekst og er 14 ansatte. Vi held til i nyoppussa lokale midt i Stryn sentrum inkl. lager. Vi utfører dei fleste typar installasjonar innan industri, landbruk , forretningsbygg og bustad. På bagrunn av aukande bredde i virksomheita og oppdragsmengde vurderer vi å styrke staben . Vi søker følgande:

Elektromontør

Boring & & Spregning Sprenging Boring

Mobilknusing

ARBEIDSOPPGåVER

Varierte arbeidsoppgåver innan prosjekt og service Oppfølging av nye og eksisterande kundar Serviceoppdrag, feilsøking og nyinstallasjon mm.

Telefon 907 68 072 Stryn Miljø & Næringspark Skarsmyra 6783 Stryn

DINE EIGENSKAPAR

Yrkesstolthet og kunnskapssøkande. Serviceinnstilt mot kunde og kollegaer Sjølvstendig og pålitelig.

Transport

ØNSKA KVALIFIKASJONAR

Fagbrev som elektrikar gruppe L Førerkort bil, kl: B Beherskar godt norsk munntleg og skriftleg.

VI KAN TILBY

Gode utviklingsmulegheiter Konkurransedyktige betingelsar Pensjonsordning. Arbeidsbil, data verktøy, og utstyr Godt arbeismiljø med inkluderande kollegaer Kursing på aktuelle interessefelt. For meir informasjon, ta kontakt med: Geir Olav Øvreseth - Tlf.91 71 99 49 eller epost: go@strynelektro.no

Søknad med CV sendes til: go@strynelektro.no

Graving

Levering av masse

Natursteinsmur

les avisa kvelden før Kvar måndag og torsdag kl. 21.00 kan du lese morgondagens papiravis som eAvis. Du kan lese den på fjordingen.no under «les eAvis» og i appen vår (mobil og nettbrett).

LOKALAVISA FOR INDRE NORDFJORD NR. XX, 82. ÅRGANG LAUSSAL KR 25,- FREDAG 26. MAI 2017 FJORDINGEN.NO

Denne ubåten finst det berre tre av i verda

Allsidig arbeidsveke for 9. klassingane SIDE 13

Kan plukke jordbær om tre veker SIDE 11

UNIK UBÅT: F.v.: Sigbjørn Hagen, Olav Erik Hagen og Per Magnus Teigen i O.E Hagen AS viser fram ubåten som det pr. i dag finst berre tre av i verda. ROV-ubåten kan gi firmaet frå Stryn nye oppdrag langt utover landegrensene. FOTO: ROGER OLDEIDE

• O.E Hagen AS i Stryn har investert • Den ubemanna ubåten kan gjere

7 0 9 0 0 3 5 3 8 0 0 10

10 millionar kroner i ein heilt spesiell risikofylte inspeksjonar opptil seks ubåt som gir dykkerfirmaet nye opp­ kilometer inne i vasskrafttunnelar. SIDE 5 drag, spesielt retta mot kraftselskap.

Djupe hol og oppsmuldra asfalt på fylkesveg 60 i Hornindal SIDE 8

Loen Skylift får 300.000 til digital marknadsføring SIDE 9

Musikalsk søk mot nordnorske røter SIDE 6

Går av etter 31 år som helseog sosialsjef SIDE 10

+

www.fjordingen.no

Vintersal hos

Vi byter ut utstillingane i butikken og sel difor fl fleire badekar, dusjhjørner og nokre innreiingar

70% opptil

ill. foto

Tonninggt. 27 - 6783 Stryn

Som abonnent har du tilgang til å lese eAvisa på PC, nettbrett og mobil. I tillegg har du tilgang til alle sakene på www.fjordingen.no merka med

Boblebad 180 x 110 cm Før kr. 32.575,No kr.

9.770,-

rabatt

Velkomen innom Comfort-butikken i Visnesvegen 7!


VINTERAVISA FOR INDRE NORDFJORD

motorfestival.no • facebook.com/motorfestival.stryn

25


26 FJORDINGEN VINTEREN 2020

LIVSSTIL: Guro Petronella Enerhaug, trusopplærar ved Stryn kyrkjelege fellesråd, og Kyrre Johan seier interessa for hundeløp har blitt ein livsstil.

FELLES INTERESSE: Guro Petronella Enerhaug, Kyrre

Johan Andersson Nordnæs har Aurora Sølvberg Spilde og Beate Heimlid Øiestad på middagsbesøk.

ALASKAN HUSKY: Paret har heile 13 hundar av typen som elskar snø og kulde.

Hundekøyring i Stryn – Å stå på slede og gli gjennom eit stille vinterlandskap saman med hundane er heilt fantastisk. Det seier Kyrre Johan Andersson Nordnæs frå Lillehammer, busett på Ulvedal i Stryn. Saman med sambuaren Guro Petronella Enerhaug frå Herøy, eig dei 13 hundar av typen Alaskan Husky som skal passe perfekt til nettopp hundekøyring. Paret har fått med seg to unge stryningar frå Fjelli som har fått stor interesse for hundekøyring. – Vi har alltid vore veldig glade i hundar, og då vi fekk prøve hundekøyring vart vi hekta med ein gong, fortel Aurora Sølvberg Spilde (14) og Beate Heimlid Øiestad (15) frå Fjelli. Dei testa hundekøyring mellom Bergsetnakken og Nåsekleiva på Fjelli der dei har tre mil med boltreplass. – Det er viktig å ikkje vere stressa, men bestemt i stemma ovanfor hundane, elles går det fort gale. Eg har opplevd å ramle av sleda, men det gjekk bra, fortel Beate. – Ein tek først til med fire hundar til å trekke sleda, for det er store krefter i sving med mange hundar. Farten ligg på rundt 13 km/t i snitt, fortel Kyrre. Når Fjordingen er innom fortel dei om førebuingane til det 200 kilometer lange Femundløpet som startar på Røros. Det kostar å delta på eit slikt løp, og Nordfjord Fritidssenter på Fjelli har støtta paret med sponsormidlar mot at dei lar leirskuleelevar der få prøve seg på hundekøyring. – Slik hjelp er kjærkomen for oss som er på evig jakt etter sponsorar, seier Kyrre, som ikkje har større forhåpningar enn å fullføre Femundløpet i år. – Diverre har det blitt altfor lite trening grunna dårleg ver og altfor lite snø, fortel han. – Ein ventar jo heile hausten på ein god vinter, så vi får håpe den kjem snart, seier han. Dei fortel at det å drive med hundekøyring raskt blir ein kostbar livsstil, for med 13 hundar som treng trening og stell, så blir ein låst opp.

VINTERIDYLL: Strynefjellet blir brukt hyppig til hundekøyring, men og området Bergsetnakken-Nåsekleiva på Fjelli blir nytta. Her frå ein av mange turar Kyrre Johan Andersson Nordnæs og Guro Petronella Enerhaug har hatt med hundane sine. FOTO: PRIVAT

GLAD I HUNDAR: – Kjempegøy, seier og Beate Heimlid Øiestad (t.v.) og Aurora Sølvberg Spilde frå Fjelli i Stryn som er veldig glade i hundar. Etter ein testtur med hundesleda oppdaga dei ein ny hobby.

PASS OG STELL: Mykje å halde styr på når ein har 13 hundar. Aurora og Beate hjelper gjerne til med å passe på hundane. Dei held førebels til ved Ulvedal i Stryn.

– Ei god hundeslede kostar gjerne 30.000 kroner, og vi bruker 6.000 kroner i månaden berre i for, fortel paret som meiner det er verdt det.

seier Kyrre Johan og Guro Petronella som oppmodar interesserte om å ta kontakt. – Det går an å drive med dette som hobby, og vi ønskjer eit

– Eg kan nesten ikkje beskrive følelsen av å køyre av garde i snødekt natur saman med hundane som har kvar sin personlegdom. Det er heilt fantastisk,

miljø for dette i Stryn, så folk kan ta kontakt om dei ønskjer å prøve seg, seier han. ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no


VINTERAVISA FOR INDRE NORDFJORD

••Stryn Treskifestival:

27

Treskifest for 12. gong Stryn Treskifestival går av stabelen 21. og 22. februar takka vere ein «lokal redningsaksjon». Etter å ha arrangert treskifestival i Stryn sentrum 11 gonger, signaliserte «treskigeneral» og primus motor Torstein Tvinnereim i januar at det kunne vere slutt. Tvinnereim peika på manglande kapasitet etter omorganisering av selskapet Gaman Underhaldning som har stått bak arrangementet i ei årrekkje. No blir det likevel treskifestival, og i år tek Kåre Tonning, Kristian Hool Egge og Jens Isehaug over stafettpinnen.

Vi hadde oss ein prat, og vi fann ut at det er for gale om ein slik festival ikkje blir noko av

Redda i «tolvte time»

– Vi hadde oss ein prat, og vi fann ut at det er for gale om ein slik festival ikkje blir noko av. Så vi tok kontakt med Torstein Tvinnereim, seier Kåre Tonning. Og Tvinnereim var positiv til initiativet. – Etter avisoppslag har eg blitt kontakta av folk både i Stryn og utanfrå som synest det er dumt

VIKAR: Kåre Tonning (t.v.) arrangerer treskifestival saman med Kristian Hool Egge og Jens Isehaug. T.h. Torstein Tvinnereim.

viss ein så spesiell festival blir lagt ned. Eg er glad for at nokon no tek opp tråden og vidarefører festivalen, seier Tvinnereim.

Tradisjonelt opplegg med ein vri

Kåre Tonning fortel at dei nye arrangørane vil følgje god gamal suksessoppskrift og arrangere tilstellinga på «treskifestivalmåten». – Det betyr som tidlegare år renn for dei yngste og lengderenn for dei vaksne. Det blir også telt på Per Bolstad plass der det blir treskifest og livemusikk med lokale band på kveldstid laurdag, seier Tonning. Det blir også ein liten vri fredagskvelden. – Då blir det basar som Ping

TRESKIFESTIVALEN I 2017: Eit «vanleg syn i Stryn» ein dag i februar. BEGGE FOTO: THOMAS THAULE

Pong Cluben vil ha ansvaret for, fortel Tonning.

Også VM-fest

Tonning håpar også på mykje folk i teltet på dagtid laurdag, då er det nemleg VM-stafett i skiskyting i Anterselva, truleg med

to stryningar på laget: – Stafetten vil bli vist på storskjerm i teltet, så her håpar vi på god stemning og stormande jubel. Frå å ha samla 27 deltakarar første året har treskifestivalen samla over 200 deltakarar siste

åra, samt om lag 500 på treskifesten i teltet på kveldstid. No er det altså klart for den 12. treskifestivalen med parade den 21. og 22. februar. THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no

Glade vinterdagar i Stryn kulturhus! Stryn symjehall

R E S S E R D TRENINGS

% 0 3 -

opningstider i vinterferien: Onsdag til søndag: kl. 12.00 - 16.00

kino kvar dag i vinterferien!

Sjå www.strynkulturhus.no for fleire filmar og tidspunkt.

Skogstad Innvik

Skogstad Sryn

(+47) 48 06 63 13

Skogstad Olden

(+47) 95 47 68 61

Skogstad Nord�ordeid

(+47) 48 06 00 51

(+47) 90 27 22 27

Open KAFFIBAR kvar dag! Tlf. 57 87 47 65 - www.strynkulturhus.no


28 FJORDINGEN VINTEREN 2020

Sesongopning i Stryn Laurdag 29. februar kl 10-16 Søndag 1. mars kl 12-17

VI FÅR BESØK AV:

Solarcamper – vår nye solcelle-leverandør Stjernemadrasser – som har gode tilbod på tilpassing av overmadrasser.

NO-6783 Stryn, www.nordfjordcaravan.no


VINTERAVISA FOR INDRE NORDFJORD

29

Loen Skylift til Hoven 1011 moh

Vinter i Loen Bad og SPA

Aktivitetar

Overnatting

Nyt fine vinterdagar på Hotel Alexandra med god mat, underhaldning, bading, velværebehandlingar og utflukter i nærområdet. Loen Skylift tek deg til 1011 meter over fjorden, med akebakke

Underhaldning

Gode måltid

15. - 29. feb

Snøsafari for born på Hoven

19. februar

Utekino Frost 2 på Hoven

20. februar

Guida trugetur for heile familien på Hoven

16. - 21. feb

Tito Magic tryllekunstnar (Alexandra)

21. februar

Guida lysvandring på Hoven

og fine turløyper i høgfjellet. Etter turen freistar

22. februar

Ski- og akekonkurranse på Hoven

Hoven Restaurant med god mat og drikke,

22. februar

Konsert med Vilde og Anna (Alexandra)

heilt på kanten av fjellet.

29. februar

Ina og Ørjan Show (Alexandra)

20. - 21. mars Konsert med Faculty of Funk (Alexandra)

For meir informasjon, sjå alexandra.no og loenskylift.no Ta kontakt for gode tilbod: tlf. 57 87 50 50 • alex@alexandra.no

28. mars

Smaken av Spania (Alexandra)

3. - 4. april

Dansehelg med Mona-Jill Band (Alexandra)

5. - 12. april

Tito Magic tryllekunstnar (Alexandra)

HOTEL ALEXANDRA Lodalsvegen 22, 6789 Loen • Tlf. 57 87 50 00 • alex@alexandra.no LOEN SKYLIFT Fjordvegen 1011, 6789 Loen • Tlf. 57 87 59 00 • post@loenskylift.no


30 FJORDINGEN VINTEREN 2020

Vi utfører:

Stryn Ping Pong Club

Tomtegraving

Vi vil takke alle som bidrog til at Oktoberfesten 2019 vart ein suksess. Dette feirar vi med å dele ut overskot til frivillige organisasjonar i Stryn. For søknadsskjema: www.sppc.no Søknadsfrist: 29. februar.

Tips oss!

redaksjon@fjordingen.no

40 40 21 40

VA anlegg Masselevering Transport Sprenging Vi har ledig

Muring

kapasitet utoVer Våren!

Vegbygging

Kveen Anlegg Hegrevegen 15, 6781 Stryn tlf. 414 06 567 - Epost: jon@kveen.as WWW.KVEEN.AS

Går straumen hos deg, blir det mørkt hos oss også... Den store forskjellen mellom oss og dei store straumselskapa som sel over heile Norge, er at vi er lokalt eigd. Vi bidreg med sponsormidlar til lokale lag og foreiningar. Som kunde hjå oss er det mykje å gle seg over: Vi lovar deg konkurransedyktige straumprisar og avtaler. Vi veit kor viktig du er for oss, og lokalsamfunnet. Og sidan vi bur her sjølve, er vi like opptekne av kvalitet på leveransen som du er. Du veit kva du har. Ikkje kva du får…

Kjøp straum der du får mest for pengane. Kjøp lokal straum: www.stryn-energi.no


VINTERAVISA FOR INDRE NORDFJORD

KJEM: Gruppa Jack Stillwater med strynebassist Odd Inge Rand. FOTO: GUNNAR JOHNSEN

KJEM: Odd Erik Lothe kjem tilbake til årets Visefestival. FOTO: ROY ARON MYKLEBUST

31

KJEM: Sissel Marie Frøyland (tidlegare Netland), held konsert på Visefestivalen. FOTO: PRIVAT

••Stryn Visefestival:

Musikkgodbitane står i kø Den andre visefestivalen i rekkja blir arrangert 27. og 28. mars. Stryn Visefestival har også denne gong sikra seg solide og gode artistar som skal bidra med konsertar ulike stader i Stryn. Stryn Visefestival såg dagens lys for første gong i fjor, og det vanka mange lovord frå publikum.

Svensk toppartist

Göran Fristorp vert rekna som ein av Skandinavias største visekunstnarar, og allereie i september var det klart at han kjem til Stryn Visefestival. Han er mellom anna kjend for Nils Ferlinsongane «Men går jag över ängarna» og «Syner i lövsprickningen», som har vore mykje spelt i radio og har toppa listene. Han er også kjend for sine Bellman- og Taube-tolkingar og ulike duettar og samspelkonstellasjonar. På Stryn Visefestival vil publikum truleg få ei heilt spesiell oppleving ettersom Fristorp skal opptre på dei små scenene.

KULTURHUSET: Tre små kinesere spelar i Stryn kulturhus på Visefestivalen. FOTO: PRESSE

Tre små kinesere

Det blir Tre små kinesere som skal stå for konserten i Stryn Kulturhus under Visefestivalen laurdag 28. mars. Den folkekjære gruppa kom med nytt album i januar i år, ganske nøyaktig 30 år etter utgjevinga av debutalbum 365 Fri. I det høvet legg bandet ut på turne, og Stryn får altså besøk av bandet under Visefestivalen. Klassikarar som Hjertemedisin, Klassebildet, Gammel Sykkel og Dørstokkmila er nok berre nokre av melodiane som blir framført.

TIL STRYN: Göran Fristorp, ein av Skandinavias største visekunstnarar, kjem til Stryn Visefestival. FOTO: MOA WESTESON

DUO: Lars Bremnes og Maria Haukaas Mittet har konsert fredag 27. mars i storsalen i kulturhuset. FOTO: PRESSE

Mykje å by på

sert i løpet av helga. Men Visefestivalen har mykje meir å by på. Ola Bremnes har med seg Tore Bruvoll på gitar, og dei skal ha konsertar på to av småscenene. Tonje Halbjørhus, Anders Jeltvik, Maria Haukaas Mittet og Lars Bremnes samt lokale artis-

Odd-Erik Lothe frå Kjølsdalen vender tilbake til visehelga. Han var også med på fjorårets festival. Lothe vil presentere utdrag frå sitt nye album «Rust» som kjem i mars, i tillegg til alle dei flotte låtane han har å by på frå

før, som Jordbær og grasbrann og Nordfjordnatt. Astrid Overaa, kanskje best kjend frå humortrioen SmallMedium-XL frå Ålesund, vil ha konsert med eit knippe kjærleiksviser som ho og har gitt ut på CD, og ein eigen barnekon-

FRAMSIDEFOTO: Gullkoppen. Foto: Kjersti Kvamme ANSVARLEG UTGJEVAR: Fjordingen, pb 248, 6781 Stryn. Tlf. 57 87 45 00. TRYKK: Polars Trykk Nordvest DISTRIBUSJON: Vinteravisa har eit opplag på ca 30.000 og kjem ut i heile Nordfjord, Volda, Ørsta, Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Stranda, Sykkylven og Skjåk. Utgjevar står ikkje økonomisk ansvarleg for eventuelle feil i annonsar i avisa utover det annonsa kostar. Avfotografering og anna bruk av stoff, bilete og annonsar er ikkje tillate utan avtale med Fjordingen.

tar som Sissel Marie Frøyland, Odd Inge Rand saman med bandet Jack Stillwater og Glenn «Glennen» Rand blir det også høve til å oppleve på ei av konsertscenene på visefestivalen. THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no


32 FJORDINGEN VINTEREN 2020

FOLKEFEST FOR

STORE OG SMĂ…!

TRESKIFESTIVAL I STRYN SENTRUM Fredag 21. Laurdag 20.februar februar Ping Pong Basar og Show i teltet frĂĽ kl. 21.00 Holko & Hauge dreg godt i strengane og spelar opp Fri inngang.

! ! "!"# # Pris: Laurdag 22. februar Twilight % # Lengderenn: 50,-/100,-

12.30 13.15 13.45 14.45 17.00 18.00 22.00

Lengderenn barn (pĂĽmelding seinast 12.00) Kveld: 200,Parade

Lengderenn og dans: 250,Lengderenn vaksne (pĂĽmelding seinast 13.00) VM-stafett pĂĽ storskjerm i teltet Alt billettsal Premieutdeling skjer i teltet Quiz Dans med Twilight arrangementdagen

Speidaren har kafÊ og leikar – Bülkos og elles mykje moro!

FESTKVELD I TELTET FESTKVELD

Fredag

Vi startar moroa med Quiz og sagekonkurranse, før Isak Søraa og Torskangerpoll Musikklag Vi startar moroa i teltet. serverer tidsriktig populÌrmusikk frü blant andre Tom Jones og Frank Sinatra! Dü er det berre ü kaste lusekofta

nĂĽr

Holko & Hauge og Twilight lokale kvalitetsband, e g u spelar opp til dans! Holko & Ha "

" 2" "

Deretter er det berre ĂĽ kaste lusekofta nĂĽr Gran Prix spelar opp til dans!

!0 ! ) -11 ) # 1 ,/ % - 1 + #-1 & % '

2

Inngang kveld: 200,Kveld3 " + skirenn: 3!+ % ! + + * *250,.* 11

5 3 4 4

Alt billettsalg skjer i teltet arrangementdagen

,$( )) 2 )%!(+ ! %!(+# / ! + + +

(

Hatledal AS

I TELTET Gran Prix

Laurdag

4

Twilight

Isak Søraa og Torskangerpoll Musikklag

Jens Tore Bøe


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.