Temabilag utdanning

Page 1

UTDANNING Temabilag for Nordfjord februar 2020

Ungdom og vegval for framtida Er du klar for eit nytt kapittel i livet med ny kunnskap og nye venner?


2 FEBRUAR 2020 NORDFJORDSAMKØYRINGA

FRESH OG TRENDY MINGLEPLASS: Her er det Synne Indrebø Heisig og Rebecka Sollid som har slått seg ned.

LEIK OG MORO: Vgs-elevane tykkjer det er kjekt med litt leik og moro i kantina, for å få eit lite avbrekk i skulekvardagen.

Får gode vennskap på tvers Stryn vidaregåande skule har dei to siste åra utmerka seg med høgast gjennomføring i Sogn og Fjordane.

V

i har blitt gode til å fange opp ting veldig tidleg og gripe tak i det med ein gong. Det seier miljøkoordinator ved Stryn vidaregåande skule, Therese Dispen. Ho er ikkje i tvil om at det sterke fokuset på elevmiljø og trivsel er ei svært viktig årsak til at dei oppnår slike gode resultat. Therese opplever elevmassen som ein veldig god gjeng og observerer at det er vennskap i alle retningar og på tvers av utdanningsprogramma. Kantina på Stryn vidaregåande er det bankande hjartet på skulen der vennskapsband vert knytte og der det går føre seg ulike fellesaktivitetar. Då vi tok turen innom, var det «pysjdag» og full rulle med konkurransar der

NISSEFEST: Nissefesten er ein av dei populære aktivitetane på Stryn vidaregåande skule. FOTO: STRYN VGS.

KJEKKE AKTIVITETAR: Miljøkoordinator Therese Dispen (t.h. på ein stol) har skaffa nye strømpebukser og tennisballar til dagens konkurranse.

FELLESSKAP: Elevane set pris på litt aktivitet og underhaldning.

elevar frå tre trinn kjempa mot kvarandre i vennskapleg kappestrid, og der det vanka godteri som premiar på ein ganske alminneleg måndag. Miljøkoordinator Therese står på ein stol og koordinerer det heile. Ho har strømpebukser, vassflasker og bossekkar klare for dei som skal i elden. Elevane går «all in», til vill jubel frå tilskodarane. Vi møter Vg2-elevane Kjell Sunde Haugen frå reiseliv, Marte Lunde Sætre frå studiespesialiserande og Ina Kristin Sørland Breidablik frå helsearbeidarfag. Dei opplever at det er ein god miks i vennskap mellom ulike klasser. – Vi har våre vennegjengar, men kan lett gå på tvers av desse, seier Marte. – Vi som går 2. året på yrkesfag kan til dømes vere med på russefeiringa på lik linje med 3. klassingane på studiespesialisering, og russen arrangerer ein del aktivitetar der dei inviterer alle dei andre elevane med, fortel Kjell og Ina. Kjell, Ina og Marte er tre av i alt 24 engasjerte elevmentorar, som har i oppgåve å passe på at årets 1. klassingar har det bra og finn seg godt til rette på skulen. Dei forklarer at det fungerer slik at totre mentorer har ansvar for ei klasse, som dei tek med på omvising og skal

ELEVMENTORAR: 2. klassingane Marte Lunde Sætre, Kjell Sunde Haugen og Ina Kristin Sørland Breidablik er elevmentorar som hjelper 1. klassingar til rette.

følgje opp. Spesielt den første tida om hausten arrangerer mentorane mange bli kjent-leikar og andre aktivitetar som er med på å legge til rette for eit godt skulemiljø der alle blir inkluderte. Dei har til dømes ulike samarbeidsøvingar som gjer at elevane blir kjende på tvers av ulike fag.

Miljøkoordinatoren forklarer at dei tilpassar aktivitetstilboda til den elevmassen dei har, og ser at elevane no har meir behov for aktivitetar som kvikkar opp skulekvardagen framfor kveldsaktivitetar. Mange av elevane er nemleg travelt opptekne med trening og jobb etter skuletid. Men ei gruppe av elevane har


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2020 3

SKISKYTING: Skulen i Stryn har også landslinje for skiskyting, både knytt til studiespesialiserande og byggfag. FOTO: STRYN VGS.

BYGG OG ANLEGG: Elevar på Vg1 Bygg- og anlegg øver på nivellering. FOTO: STRYN VGS.

TRAFIKKTRYGGINGSDAG: Skulen arrangerer trafikktryggingsdag i samarbeid med alle naudetatane. FOTO: STRYN VGS.

PRAKSIS I SPANIA: Lise Fure Håvik (t.h.) har planane klare. Ho skal først ta fagbrev som resepsjonist, deretter ta påbygg og bli flyvertinne. Lise skal ha praksis i tre veker i Murcia i Spania saman med Lucia Trvalcova (t.v.).

Meir spissa utdanning innan sal, service og reiseliv

KANTINA ER SAMLINGSPUNKTET: Ved Stryn vidaregåande skule kan ein gå eit breitt spekter av utdanningsprogram, frå studiespesialiserande til yrkesfaga bygg- og anlegg, helse og oppvekst, sal, service og reiseliv, og teknikk og industriell produksjon. Kantina er samlingspunktet der det går føre seg ulike fellesaktivitetar. Nyleg var det pysjdag og konkurransar. Desse konkurrerte på pysjdagen (framme f.v.): Sofie Fredheim, Alberte Kirkeeide Næss, Bendik Vereide, Nikolai Dispen Lødemel, Madeleine Reme, Silje Hogrenning Johansen, Ina Kristin Sørland Breidablik, Håvard Tonning (strømpe over hovudet) og Jon Magnus Sollid.

skulen eit ekstra fokus på, og det er hybelbuarane. Desse får god oppfølging og mellom anna gratis heimelaga middag kvar torsdag etter skulen. Til Therese og andre i team for elevtenester kan elevane gå med små og store utfordringar. Teamet jobbar målretta for at elevane skal få god oppfølging og føle seg trygge i skulekvardagen. – Er det eit problem, så er Therese ei av dei vi kan gå til, enten det er fagrelatert eller noko anna, seier Kjell. – Ho er veldig flink til å ta imot nye som kjem. Vi blir tatt på alvor om det er noko, seier Ina. Ho gjekk sjølv første året på Måløy vidaregåande skule, men opplevde det ikkje som problematisk å skifte skule frå 1. til 2. år. Ina kjende i utgangspunktet veldig få i Stryn, men vart tatt godt imot. Ho er spesielt godt nøgd med at her i Stryn er alle elevane samla i eitt bygg, og at skulen tek felles aktivitetar seriøst. Temadagar som pysjdag og vaffeldag er populært. Før jul er det nissefest med graut og juleball der lærarane både lagar maten og serverer. I påska kjem påskeharen, og elevane må leite høgt og lågt etter gullbillettar som kan vekslast inn i påskeegg.

Etter breiddeåret Vg1 Sal, service og reiseliv kan elevane no ved Stryn vgs. gå vidare til Vg2 Sal og reiseliv, der dei fordjupar seg innan reiselivsfaget eller salsfaget. – Dette er ei meir spissa utdanning, som passar veldig godt for reiselivskommunen Stryn. Denne utdanninga opnar for mange mogelegheiter i eit stort spekter av yrke, både nasjonalt og internasjonalt. Utdanninga høver godt for dei som er nysgjerrige på verda, seier Johanne E. Sørdal, avdelingsleiar for yrkesfag. – Vi har godt samarbeid med næringslivet. Vi har mange bedrifter både lokalt og regionalt som tek imot lærlingar, fortel kontaktlærar for reiseliv, Gerd Flåten Skarstein. Ho er faglærar med bachelor i reiseliv frå Australia og erfaring frå jobb i London. Tilbakemeldingane som ho får frå elevane, er at dette er ei utdanning der dei får med seg viktig kompetanse for seinare jobb og utdanning. Når elevane er ute i praksis, ser dei at det er samsvar mellom teori og praksis.

TRIVELEGE LOKALITETAR: Her går den an å finne roa med skulearbeidet. f.v. Andrine Lødemel Bøe og Maria Belinda Bergset.

Valentinesdag vert sjølvsagt markert. Dei har også hatt temadag Gender swap, der også lærarane stilte sporty opp som motsett kjønn. Skulen legg også til rette for seriøse arrangement som trafikktryggingsdag i samarbeid med alle naudetatane, der elevane får prøve seg på alt frå bruk av hjartestartar til brannsløkking. Her blir

ikkje noko gjort halvvegs. Ved hjelp av blodige markørar og bilvrak, får elevane oppleve redningsarbeid på nært hald, mellom anna korleis brannvesen skjer folk laus om dei sit fastklemde etter ei ulukke. ANNA WUTTUDAL anna@fjordabladet.no

REISELIV: Reiselivsutdanninga opnar for mange mogelegheiter både nasjonalt og internasjonalt. f.v. 2. klassingane Marius Sunde Haugen og Kjell Sunde Haugen. t.h. faglærar Gerd Flåten Skarstein.


4 FEBRUAR 2020 NORDFJORDSAMKØYRINGA

– Studiespesialisering gir mange val – Gjer som oss! Her har vi mange moglegheiter etter vidaregåande.

FRANSKKLASSA: Ein glad gjeng i franskklassa ved Måløy vidaregåande skule.

Det seier Hannah Kassen, Bryggja, Nora Vorren, Deknepollen og Martin Sjøthun Reksnes, Selje. Dei er førsteklassingar på studiespesialiserande ved Måløy vidaregåande skule. Her kan ein

seinare velje studiespesialisering innan realfag, språk, samfunnsfag og økonomi. – Ved å gå her har vi mange val etterpå, seier Nora. Hannah ser på studiespesialiserande som vegen for å kome raskt vidare til høgskule. Planen hennar er lærarstudie. – Her er studiane veldig variert. Vi gjer mykje gøy, har prak-

tisk i timane, og så brukar vi mykje data på skulen, fortel dei. Alle tre lurer på å gå vidare med økonomi og samfunnsfag. Dei skryt også av skulen ettersom det er sosialt etter skuletid. – Og etter kvart kan ein vere med på språkkurs og studietur til utlandet, seier dei. INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no

••Måløy vidaregåande skule

Samarbeid med lokalt næringsliv om ny linje No kan du velje den nye linja VG1 informasjonsteknologi og medieproduksjon ved Måløy vidaregåande skule.

– Dette er ei heilt ny utdanning, og vi håper å rekruttere elevar frå heile gamle Sogn og Fjordane og Voss, seier rektor Åsta Navelsaker Røed. Frå og med skuleåret 2020/21 startar det nye utdanningsprogrammet opp, der opplæringa blir gjennomført i tett samarbeid med næringslivet.

Målretta jobbing

IT-miljøet i Måløy har i fleire år jobba målretta med å få på plass den nye IT-utdanninga. IT-bedriftene starta for nokre år sidan Måløy Academy med bedriftene Videonor og Local Host som sentrale motorar, for å sikre lærlingar innan IT. – Vi har hatt ansvaret for opplæringa, og har no begynt å få samarbeid med fleire bedrifter. Vi er i ein slik bransje som ikkje har geografiske avgrensingar, og uansett kor ein måtte sitte så er det berre å kople seg på, fortel Kari Larsen, administrasjonsleiar i Måløy Academy og Local Host. Næringslivet treng rekruttering, og eit vidare samarbeid om den nye IT-linja er dermed viktig.

Superfornøgde

Eduard Cristea og Sebastian Kvalheim er to som har valt å gå vidare i IT-bransjen. Dei gjekk den særeigne TAF-linja, der ein går skule og jobb i fire år. Gutane er superfornøgde med opplæringa dei har hatt som lærlingar gjennom Måløy

NYTT: Den nye IT-linja vil ha tett samarbeid med Måløy Academy og lokalt næringsliv. Academy. – No når vi er ferdige står vi framfor mange val, enten jobbe ein annan stad eller ta høgare utdanning. Det å kome tilbake hit er alltid ei moglegheit som ligg i bakhovudet, seier Cristea. – Det har alltid vore ein draum om å jobbe her. Med fire års erfaring føler ein seg ganske heldig, seier Kvalheim. Gjennom tida som lærlingar har dei fått ei anna forståing for materialet, og dei lært å jobbe sjølvstendig.

Gull verdt samarbeid

Rektor Navelsaker Røed påpeikar at det er litt denne modellen gutane har hatt ein no tenkjer med den nye linja. Ulike bedrifter er med på samarbeidet. – Støtta frå næringslivet er gull verdt. Alle jobbar i lag og mange bedrifter stiller seg bak, seier Monica Refvik i Måløy Academy og Videonor. – Å ha næringslivet med er viktig. Dei garanterer at ein får ei opplæring som er tidsriktig og i tråd med næringslivet sine behov, seier rektor Navelsaker Røed. – Her snakkar vi kunnskapsdeling og at vi i IT-miljøet er

samla bak linja. Vi unner elevane og framtidige medarbeidarar, enten dei hamnar her eller der. Vi har eit nettverk som skulane ikkje har. Og vi brukar dette nettverket til å følgje dei opp dei som kjem inn som lærlingar, seier Larsen. Gjennom den nye linja lærar du om: – ideutvikling og kreativ problemløysing. – brukarstøtte, nettverk, ITtryggleik og programmering. – innhaldsformidling og historieforteljing. – foto, vilm og grafisk design. – kommunikasjon og marknadsføring. – Først etter to år skriv ein lærlingkontrakt, fortel rektor Navelsaker Røed. – Det er viktig å følgje magekjensla og ikkje flokken. Om det er dette du brenn for så gjer du det, seier Cristea. Vel du den nye linja kan du bli IT-utviklar eller IT driftsteknikar, mediedesignar, medieteknikar eller medieprodusent. INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no

NY IT-LINJE: Samarbeid mellom Måløy vidaregåande skule og lokalt nærings Måløy Academy og Videonor. BEGGE FOTO: INGEBJØRG NILSEN STOKKENES


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2020 5

Kokkeutdanning garanterer jobb Utdanning ved restaurant- og matfag ved Måløy vidaregåande gir deg mange moglegheiter. KOKKEFAGET: Kokkeutdanning garanterer deg jobb. Etterspørselen etter læringar er større enn skulen klarer å etterspørre. PRESSEFOTO

– Du er garantert jobb om du vel denne vegen, konstaterer rektor Åsta Navelsaker Røed og avdelingsleiar Helen Hjertaas.

– Elevane her får sikkerheitskurs, så ein også kan vere ute i maritime næringar. Utdanninga er eit springbrett både for dei som vil jobbe lokalt og internasjonalt, fortel dei. Etterspørselen etter lærlingar frå denne linja er større enn skulen klarer å etterspørre. Tidlegare kokkeelevar har også gjort det bra både i OL og

NM. – Vi har høg kvalitet på opplæringa. Det er eit spennande yrke, og fokus på mat er trend i tida, påpeikar Hjertaas. Nytt er at du no kan utdanne deg både som kokk, ernæringskokk, servitør eller i ferskvarehandelfaget. INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no

s-liv opnar opp for ny IT-linje. F.v. rektor Åsta Navelsaker Røed, Kari Larsen frå Måløy Academy og Local Host, lærlingane Eduard Cristea og Sebastian Kvalheim, og Monica Refvik i


6 FEBRUAR 2020 NORDFJORDSAMKØYRINGA

32

Samhald, karriere og personleg utvikling. Bli ein del av gjengen!

ATTRAKTIVE TRAINEESTILLINGAR

I VESTLAND SØKNADSFRIST 1. MARS

SJÅ MEIR PÅ WWW.FRAMTIDSFYLKET.NO

Vi utdanner deg til FREMTIDENS YRKER Vi vil gi våre studenter et best mulig faglig tilbud med tett oppfølgning av hver enkelt student. Forelesninger på nett, et internasjonalt studie- og forskningsmiljø og utplassering i bedrift. Et nært og sosialt studiemiljø, med kort vei til naturopplevelser i verdensklasse. Hos oss kan du ta en bachelor eller master innen: sykepleie, vernepleie, logistikk, økonomi, sport, juss, samfunnsfag og IT.

SØKNADSFRIST 15. APRIL

www.himolde.no

Velkommen til Florø og til Flora vgs!

Vi er ein skule med fokus på praktisk læring i eit triveleg skulemiljø. Hos oss får du hjelp til å skaffe hybel. Vi har bli-kjent-veke for hybelbuarar og open-skule har aktivitetar, hybelmiddag og leksehjelp.

VG1

VG2

VG3

Har du spørsmål om skulen og tilbodet?

Ring oss på tlf 57 63 76 00 og snakk med ein rådgjevar, miljøkoordinator eller lærar. Avtal gjerne eit besøk eller sjå flora.vgs.no og facebook.com/floravgs/.

flora.vgs.no


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2020 7

Fjordane

yrkesfag

OKSU.NO

Det er smart

å velje yrkesfag 3 år med berre teoretiske fag freista ikkje meg. Då var det mykje betre å ta to år med praktiske fag og følge på med 2 års læretid.

Til foreldre og føresette Yrkesfag opnar alle dører

Det er tøft å velje mot haldningane til foreldra, rådgjevarane og kompisane.

No får eg testa ut faget, og eg står med eit fagbrev i handa etter fire kjekke og varierte år, og eg får jo til og med løn under utdanninga!

Gjennomgangstonen er at om du er usikker, så ta studiespesialisering – for då er alle vegar opne. Eg vil seie at det er heilt omvendt; Er du usikker så ta ei fagutdanning.

- Ellen Oppedal, helsefagarbeidar i omsorgstenesta i Høyanger

- Finn Ove Øen, dagleg leiar hos Åsen og Øvrelid

OKSU.NO

www.bok-sfj.no

www.okfh.no

Sogn og Fjordane

www.transportfag-sfj.no

www.sfj.byggopp.no

www.noropp.no

www.okab.no

www.okosweb.no

SOK

www.nelfo.no www.oktf.no

www.byggmesterforbundet.no

www.pro.sf.no

S Ogn Opplæring S KOntOr

www.sognok.no

A til Å - www.atilaa.no

Sogn

Les meir om oss på


8 FEBRUAR 2020 NORDFJORDSAMKØYRINGA

– Vi har mange moglegheiter Gjengen på VG3 studiespesialiserande tar med seg mange moglegheiter når dei er ferdige på vgs. i juni. – Det er kjekt å gå studiespesialiserande. Det kan vere

litt utfordrande, men ein har mange moglegheiter etterpå, seier Marie Lillestøl som går tredje klasse studiespesialiserande. Fjordabladet møter elevane som tar media som programfag, som er ifølgje Marie eit av dei faga som ein kan vere litt kreative.

Samtidig som det er ein del å gjere på studiespesialiserande, er det også tid til litt sosialt både gjennom russefestar, men også gjennom skuleturar. – Vi får gjere mykje kjekke ting som å reise til Tyskland på studietur og Praha. Vi vart spesielt betre kjent

med dei som var med frå påbygg då vi var i Praha saman, seier Hanna Reksnes. Marie og Hanna trekk også fram kantina som ein sosial møtestad for elevane. – Det er veldig kjekt å sitte i kantina, fortel dei. OLIN MARIA YRI olin.yri@fjordabladet.no

SOSIALT: Det er sosialt å gå studiespesialiserande, ifølgje Marie Lillestøl (t.v.) og Hanna Reksnes (spelar biljard). FOTO: OLIN MARIA YRI

Spennande med nye linjer Hausten 2020 vert det forandringar ved Eid vidaregåande skule.

P

å Eid vidaregåande skule er det eit yrande liv med ein gong ein kjem opp trappa. Elevane samlast i kantina i pausane, før dei går tilbake til undervisningstimane. Gjertrud Liabø Thorsen (18 år) frå Dale, Adrian Haustveit Kronstad (16 år) frå Solund og Iren Øvrestrand (16 år) frå Dale er tre av elevane som ofte er samla i kantina. Akkurat no er dei inne på verkstadfløyen der dei lagar ein vegg til skulemusikalen «Little Women». Dei tre går første klasse på design og handverk og tykkjer det er kjekt at Eid vidaregåande skule har eit nært samarbeid med Opera Nordfjord og Operahuset Nordfjord slik at dei får vere med på ulike prosjekt knytt til nettopp det. – Vi får gjere mange slike prosjekt. Det er ganske fritt, og vi får ofte sjølv velje kva vi vil vere med på. Det er inne i vår læreplan. – Då det var opera kunne vi vere med spesielt som sminkørar, frisørar og på kostyme. Vi får ein del slike moglegheiter. Det er ikkje alle skular som har eit slikt samarbeid, så det er nok ganske unikt at vi har denne moglegheita, fortel Gjertrud, Adrian og Iren. Elevane ved design og handverk fortel om ein variert kvardag med mykje praktisk arbeid. – Den lengste oppgåva vi har hatt var på tre veker, og då også var vi innom mykje forskjellig, seier dei tre elevane. – Vi har sjølvsagt også teori, men vi får bruke det i praksis, legg dei til.

Til hausten vert det nokre forandringar for elevane som går design og handverk ved Eid vidaregåande skule. Det vert nemleg to nye utdanningsprogram og det som i dag er design og handverk vil bli delt i frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign, og handverk, design og produktutvikling. Dei som vel å gå frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign kan velje mellom å gå vidare på anten frisør eller interiør og utstillingsdesign i andre klasse, medan dei som går handverk, design og produktutvikling kan velje trearbeid i andre klasse. – Det vert spennande å sjå korleis det vert i praksis, seier Gjertrud. Ein av dei av dei som går første året på design og handverk har i fleire år hatt ein draum om å bli frisør. Ein av desse med frisørdraum er Aurora Sundbotten Eikelid (16 år) frå Leirvik i Sogn. Ho har hatt draumen sidan ho gjekk i 5. klasse. – Eg har alltid likt sminke og hår, så eg fann ut at frisør er tingen for meg, fortel Aurora som til hausten skal gå på den nye frisørlinja på Eid vidaregåande skule. – Eg søkte med ein gong det opna og var nok blant dei første som søkte. Eg er veldig ivrig og gler meg. Neste år skal eg kose meg, seier ho. Det at design og handverk vert delt i to ulike retningar trur Aurora vert positivt. – Det vert veldig bra for elevane no når det vert betre lagt til rette for dei som skal bli frisør, seier Aurora som hadde tenkt å gå frisørlinja i Høyanger. No ser ho fram til å ta fatt på frisørlinja på Nordfjordeid. – Vi har mange moglegheiter her, med kino, Operahus og ei fin kantine. Då eg var på hospitering kosa eg meg med det same eg kom inn døra. Eg visste med det same at dette var heimen min, fortel Aurora. OLIN MARIA YRI olin.yri@fjordabladet.no

DESIGN: Adrian Haustveit Kronstad (t.v.), Gjertrud Liabø Thorsen og Iren Øvrestrand (t.h.) trivst med å vere kreative og går første året på design og handverk. Til hausten vert det linja delt i to, noko dei tykkjer blir spennande. ALLE FOTO: OLIN MARIA YRI

FRISØR: Aurora Sundbotten Eikelid har i mange år hatt ein draum om å bli frisør. Det var grunnen til at ho starta på design og handverk. Til hausten har ho valt å gå vidare på frisørlinja på Eid vidaregåande skule.


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2020 9

– Eit godt miljø på skulen Samlingspunkt og aktivitetar gjennom året er viktig for skulemiljøet, ifølgje Marie Løviknes. På Eid vidaregåande skule er det elevar og tilsette frå 37 nasjonar. Ifølgje elevrådsleiar

Marie Løviknes, er det viktig med sosiale aktivitetar for å ha eit godt fellesskap. – Eg tykkjer vi har eit godt miljø på skulen. Vi har ulike aktivitetar gjennom året, som til dømes utkledningsdagar, seier ho. I tillegg til aktivitetar, er kantina noko av det viktigaste.

Kantina er hjartet av skulen og elevane Fjordabladet snakkar med trekk dette fram. – Kantina er utan tvil samlingsstaden på skulen. Det er veldig viktig å ha ein slik samlingsstad og veldig bra at vi har det, seier elevrådsleiaren. OLIN MARIA YRI olin.yri@fjordabladet.no

MILJØ: Elevrådsleiar Marie Løviknes tykkjer miljøet er godt.

RUSS: Russen arrangerer ofte temadagar på Eid vidaregåande skule. ALLE FOTO: OLIN MARIA YRI

MUSIKAL: Gjennom programfag som musikal og breiddeidrett vert elevane frå dei ulike klassene betre kjent. ALLE FOTO: OLIN MARIA YRI

Blir kjent på tvers av linjene Programfaga musikal og breiddeidrett fører elevane frå alle dei ulike klassene ved Eid vidaregåande skule saman. Bergljot Elvebakke (16 år) kjem frå Kjølsdalen og går førsteklasse på elektro medan Emma Sjåstad (17 år) kjem frå Stadlandet og går 1. klasse studiespesialiserande. Dei er to av rundt 40 elevar som har valt musikal som programfag dette året, og er no midt opp i oppsetting av skulemusikalen «Little Women» der dei har ekstraroller. – Kvifor valte de musikal? – Eg hadde sal og scene på ungdomsskulen og tenkte musikal kunne vere kjekt, fortel Bergljot. – Eg hadde lyst å prøve noko nytt og lære litt. Musikal er spennande og litt uvanleg frå det eg vanlegvis gjer, fortel Emma.

LAGAR VEGG: Eid vidaregåande skule har eit nært samarbeid med Opera Nordfjord noko elevane set pris på. Her vert det laga vegg til musikalen.

KREATIVT: Elevane som går design og handverk er ein kreativ gjeng, og i klasserommet står det mange slike rom.

Musikal og breiddeidrett er to programfag Eid vidaregåande tilbyr alle elevane, og Bergljot og Emma tykkjer det er kjekt med slike tilbod. – Det er kjekt å ha noko anna å gjere enn berre «å kople lyspære». Det vert mykje sitting, så då er det kjekt å ha noko som bryt opp kvardagen med noko som er litt meir sosialt, seier Emma. – Eg tykkjer det er ekstremt

VENNAR: Emma Sjåstad (t.v.) og Bergljot Elvebakke (t.h.) tar musikal dette skuleåret.

bra at skulen har eit slikt tilbod. Det er eit stort pluss, legg ho til.

Eg tykkjer det er ekstremt bra at skulen har eit slikt tilbod. Emma Sjåstad

Elevane som tar musikal og breiddeidrett går i ulike klasser. Det fører til at elevane vert kjent på tvers av linjene. – Gjennom musikal møter vi mange ulike elevar frå dei ulike linjene som vi kanskje ikkje ville gjort til vanleg. Vi har difor fått mange nye vennar, seier Bergljot og Emma. OLIN MARIA YRI olin.yri@fjordabladet.no


10 FEBRUAR 2020 NORDFJORDSAMKØYRINGA

VI GIR DEG

VIDAREGÅANDE TILBOD I NORDFJORD STRYN VIDAREGÅANDE SKULE Hegrevegen 1 – 6783 Stryn – Tlf. 57 63 86 00 E-post: postmottak.strynvgs@sfj.no – web: stryn.vgs.no

STUDIEFØREBUANDE UTDANNINGSPROGRAM – Studiespesialisering Realfag Språkfag, samfunnsfag og økonomi YRKESFAGLEGE UTDANNNIGSPROGRAM – Bygg- og anleggsteknikk (vg1) Vg2 Byggteknikk – Helse og oppvekstfag (vg1) Vg2 Helsearbeidarfaget

– Sal, service og reiseliv (vg1) Vg2 Reiseliv (fylkesdekkande tilbod) Vg2 Sal, service og sikkerheit Vg2 Transport og logistikk – Teknikk og industriell produksjon (vg1) GMU (grunnskuleutdanning for minoritetsspråkleg ungdom). Landslinje i skiskyting: Tilbod til elevar på Studiespesialisering og Bygg- og anleggsteknikk.

EID VIDAREGÅANDE SKULE Sophus Lie-vegen 3 – 6770 Nordfjordeid – Tlf. 57 63 83 00 E-post: postmottak.eidvgs@sfj.no – web: eid.vgs.no

STUDIEFØREBUANDE UTDANNINGSPROGRAM – Studiespesialisering – Påbygg til generell studiekompetanse, både på Vg3 og Vg4 nivå.

– Vg2 Trearbeid frå hausten 2021, eller 1 + 3 modell.

YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM:

– Elektrofag (vg1) Vg2 Elenergi og ekom Vg2 Datateknologi og elektronikk Vg2 Automatisering Vg3 Dataelektronikarfaget Vg3 Automatiseringsfaget

– Frisør-, blomster- og interiør og eksponeringsdesign (Vg1) Nytt nasjonalt utdanningsprogram frå hausten 2020 – Vg2 Frisør – Vg2 Interiør og utstillingsdesign – Handverk, design og produktutvikling (Vg1) Nytt nasjonalt utdanningsprogram frå hausten 2020

– Teknikk og industriell produksjon (vg1) Vg2 Industriteknologi Vg2 Industriell møbelproduksjon - Landsdekkande tilbod

GRUNNSKULEKLASSER FOR MINORITETSSPRÅKLEG UNGDOM (GMU)

MÅLØY VIDAREGÅANDE SKULE Tennebø, 6718 Deknepollen – Tlf. 57 63 79 00 E-post: postmottak.maloyvgs@sfj.no – web: maloy.vgs.no

STUDIEFOREBUANDE UTDANNINGSPROGRAM: – Studiespesialiserande – Yrkes- og studiespesialiserande utdanningsprogram – 4 år med opplæring i skule – bedrift Vg1 Teknikk og industriell produksjon Vg2-Vg4 Industriteknologi Vg1 Helse- og oppvekstfag Vg2-Vg4 Helsearbeidarfag Vg1 Naturbruk Vg2-Vg4 Akvakultutur med marine fag

YRKESFAGLEGE STUDIEPROGRAM – Informasjonsteknologi og medieproduksjon (vg1) Nytt nasjonalt utdanningsprogram frå hausten 2020 – Teknikk og industriell produksjon (Vg1) Vg2 Køyretøy Vg2 Maritime fag – Bygg og anleggsteknikk (vg1) Vg2 Byggteknikk – Helse og oppvekstfag (vg1) Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag – Naturbruk (vg1) Vg2 Akvakultur Vg2 Fiske og Fangst – Restaurant og matfag (vg1) Vg2 Kokk og servitørfag

FIRDA VIDAREGÅANDE SKULE Firdavegen 21 – 6823 Sandane – Tlf. 57 63 85 00 E-post: postmottak.firdavgs@sfj.no – web: firda.vgs.no

3 vegar til studiekompetanse – STUDIESPESIALISERANDE – MUSIKK, DANS, DRAMA – IDRETTSFAG

Lik oss på

SØKNADSFRIST: 1. mars: Ordinær skule/læreplass


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2020 11

FORNYBAR Vi hjelper deg å lykkes!

BÆREKRAFT

KLIMA

Søknadsfrist 30. mars. Har du lærevansker eller psykiske/fysiske utfordringer? Trenger du ekstra oppfølging for å fullføre en videregående opplæring? •

Elektrofag

Salg, service og reiseliv

IKT-servicefag

Påbygg til generell studiekompetanse

Informasjonsteknologi og medieproduksjon

facebook.com/krokeidevgs www.krokeide.vgs.no

firmapost@krokeide.vgs.no

Sindre gjorde det: Det har vore godt å ha PRO i ryggen slik at eg er sikker på at all dokumentasjon som skal til er på plass. Sindre har nytta seg av sjansane til å ta ein del kurs via opplæringskontoret, og tykkjer dei er flinke til å følgje opp lærlingane. – Då eg i fylgje fagplanen trengte opplæring i andre fagområde enn det mi lærebedrift kunne tilby, vart det ordna gjennom ei anna bedrift som også er tilslutta PRO.

Thomas gjorde det: Eg trudde det skulle bli vanskeleg å få seg læreplass, og var i utgangspunktet litt negativ. Så tok Pro Opplæringskontoret kontakt og eg fekk tilbod om to læreplassar.

Lene gjorde det:

Søk deg læreplass gjennom PRO opplæringskontoret fordi: • • • • • • • •

Du får ei trygg læretid, med god oppfølging Du får opplæring i dei fagområda du har rett på i følge læreplanen Du får delta på organiserte sosiale aktivitetar i lag med andre lærlingar Du får kurs i viktige fag knytt til di utdanning Du får tilbod om utveksling til bedrifter i andre land Du får fast fagleg oppfølging frå opplæringskonsulent Vi tar vare på heile lærlingen – både det faglege og det sosiale Vi utdannar fagfolk med fagfolk!

Søk ved å sende søknad til: post@pro.sf.no

Då Lene var ferdig på VG2 industriteknologi i Sogndal hadde ho ingen klare mål om kvar ho skulle få seg lærlingplass. – Eg søkte gjennom PRO opplæringskontoret og møtte på intervju – og slik vart det.

Automatiseringsfaget • CNC-maskineringsfaget • Dataelektronikarfaget Elektrikarfaget • IKT-servicefaget • Industriell overflatebehandling Industrimekanikarfaget • Industrimontørfaget • Industrirøyrleggjarfaget Industrisnikkarfaget • Kjemiprosessfaget • Kontor- og administrasjonsfaget Laboratoriefaget • Logistikkfaget • Mediegrafiker • Motormekanikarfaget Platearbeidarfaget • Produksjonsteknikkfaget • Salsfaget • Serigrafifaget Sveisefaget

Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Er du oppteken av klimaet og framtida? Vi ser etter deg som vil bidra i vårt målretta arbeid og engasjement for framtidas løysingar. Hos oss finn du eit stort mangfald av framtidsretta jobbar, frå fagarbeidarar, ingeniørar til eit breitt spekter av administrative fag og leiing. No er vi på søken etter lærlingar innan elektrofaga, energimontør og energioperatør, sjå meir på sfe.no Søknadsfrist 1. mars

Profesjonell – Rekruttering – Opplæring

pro.sf.no

Sogn og Fjordane Energi


12 FEBRUAR 2020 NORDFJORDSAMKØYRINGA

DAGLEG LEIAR: Øystein Nes er tilsett som dagleg leiar INVIRO – Nordfjord Virtuelle Campus. Han tek til i jobben den 1. april i inneverande år. INVIRO skal tilby løysingar på dei utfordringane bedriftene har knytt til rekruttering, kompetanseheving og utviklingskapasitet.

Jobb og utdanning – Av fem ungdomar som reiser ut for å få seg utdanning, kjem berre ein tilbake. Fire av fem blir dersom vi kan tilby høgare utdanning lokalt.

D

et seier Trond Haavik, som har jobba med etablering av «Fjordane Virtuell Campus», som no har fått namnet INVIRO – Nordfjord Virtuelle Campus. −Med ei høgskuleutdanning innan elektro og automasjon på Nordfjordeid, så handlar det om fleire ting. Det handlar om å halde tritt med utviklinga. Det handlar om å sikre at verksemdene i dette miljøet greier å trekke til seg den kompetansen dei har trong for, anten ved å rekruttere utanfrå og/eller ut-

danne folk sjølv. I mange år har vi erfart at ungdom som reiser ut av fylket for å få seg ei god utdanning, er vanskelege å få tilbake. Av fem ungdomar som reiser ut for å få seg utdanning, kjem berre ein tilbake. Fire av fem blir dersom vi kan tilby høgare utdanning, seier Trond Haavik. I utgangspunktet var INVIRO – Nordfjord Virtuelle Campus eit samarbeidsprosjekt initiert av ei gruppe bedrifter som driv innan elektro, automasjon, enøk og byggfag i Nordfjord. Bedriftene gjekk saman om å danne dette prosjektet fordi dei såg at dei hadde eit stort vekstog utviklingspotensiale, men at rekruttering, kompetanseutvikling og utviklingskapasitet var hindringar for å realisere det potensialet. Desse utfordringane ville ein takle ved å etablere Fjordane Virtuelle Campus. −INVIRO skal tilby løysingar på dei utfordringane bedriftene har knytt til rekruttering, kompetanseheving og utviklingskapasitet. Ved å etablere selskapet og utdanningstilbodet, kan vi no tilby tilpassa utdanningsløp for studentar og ikkje

minst tilsette i bedriftene. Dei vil og samarbeide om utviklingsprosjekt og rekrutteringsstrategiar. Dette skal gjere tilgangen på relevant arbeidskraft betre og gjere kvar einskilde bedrift betre rusta til å henge med i den stadig raskare teknologiske utfordringa, seier Trond Haavik som understrekar at det er næringslivet sjølv som sit i førarsetet.

I planleggingsfasen informerte vi fleire statsrådar og statssekretærar som besøkte Nordfjordeid om den desentraliserte høgskuleutdanninga vi var i ferd med å få på plass. Tilbakemeldingane var rimeleg klare på at det ein no har kome i gong med i Nordfjord langt på veg var i tråd med korleis ein tenkjer rundt desentralisert høgskuleutdanning i framtida. −Det er to moglegheiter når ein skal ta høgare utdanning. Ein kan gjere som ein har gjort, prøve å få dei som har tatt utdanning til å flytte dei heim, eller ein kan gje eit desentralisert utdanningstilbod lokalt. Det er det siste som er så viktig, og det femner breitt, seier Trond Haavik.

−Målgruppa til INVIRO er tilsette i bedriftene, personar som er ferdige med vidaregåande og som ønskjer å ta vidare utdanning og ikkje minst elevane og foreldra til elevane som går ut av ungdomsskulen og som skal bestemme seg for vegen skal gå vidare. −Når det gjeld den siste gruppa, så vil eg tru at det er av interesse å vite at om du vel yrkesfag på Eid vidaregåande skule, så er sjansen for å få lærekontrakt og jobb i regionen stor og ikkje minst at du kan ta vidareutdanning utan å møtte flytte. Det som er ein bonus, er at tilbodet også treff dei som allereie har etablert seg med familie. For denne gruppa er det ei utfordring å flytte på seg, seier Trond Haavik. Den 3. september var ein historisk dag. Då starta 27 fagskuleelevar eit treårig deltidsstudium innan elektro- og automasjonsfag med base på Eid vidaregåande skule. Det er første gong fagskulen etablerte eit studium som har utdanningsstad utanom avdelingane i Førde og Måløy. TORMOD FLATEBØ tormod@fjordabladet.no


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2020 13

Gode grunnar til å velje Høgskulen i Volda

Drømmer du om å bli

FRISØR? Da kan vi hjelpe deg vi tilbyr høgare utdanning innan:

Studiebygda Volda er særleg kjent for medieutdanningane sine, tradisjonsrike og innovative lærarutdanningar og eit kreativt og godt studentmiljø.

For mer informasjon se cancamskolen.no. Studiestart: august 2020 og janauar 2021

• Administrasjon, planlegging og leiing • Estetiske fag, kunst- og musikkfag • Helse og sosialfag • Historie og religion • Idrett og friluftsliv • Lærar- og barnehagelærarutdanning • Medie- og journalistfag • Språk og litteratur

www.samordnaopptak.no

hivolda.no

www.fagskule.no

Tlf: 70 10 72 76 post@cancamskolen.no // Ålesund

fagskulen@vlfk.no

HAR DU LYST TIL Å

BLI LÆRLING I ENERGIMONTØRFAGET I BKK?

Frequency.no

Vi har ledige læreplassar i Bergen, Sunnfjord og ytre Sogn Send søknad på BKK.no innan 3. mars 2020

Visste du at ... … …

Fjord1 har om lag 70 opplæringsstillingar i løpet av eit år i kortare eller lengre periodar kompetanseområda våre spenner mellom anna frå miljøteknologi, forretningsutvikling, HR og IKT til strategi, catering og økonomi/finans …

Fjord1 er det største ferjereiarlaget i Noreg med om lag 1200 tilsette over store delar av kysten til Noreg

vi tilbyr spennande traineestillingar

VI JAKTAR ALLTID PÅ

NY KOMPETANSE

Gode arbeidsmiljø, personleg utvikling og engasjerte leiarar kjenneteiknar arbeidskvardagen i Fjord1. Selskapet er det leiande ferjeselskapet i Norge, men vi har også aktivitet knytt til hurtigbåt, catering og reiseliv. Fjord1 er eit innovativt selskap med store ambisjonar, og vi er stadig på jakt etter ny kompetanse innan ulike fagområde! Sjå ledige stillingar på fjord1.no

Følg oss på Facebook og Instagram

VÅRE VERDIAR: STOLTE • OPNE OG ÆRLEGE • PÅLITELEGE • GODT HUMØR • TEAMÅND • LØNSAME

Målet er å ha i overkant av 70 lærlingar, og rundt 20 dekk- og maskinkadettar, fordelt på våre fartøy

...

Fjord1 er leiande innan det grøne skiftet i ferjenæringa


14 FEBRUAR 2020 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Ein del av toppidrettsfaget Fem timar med e-sport i veka er ein del av toppidrettsfaget ved Firda vidaregåande skule. Du kan altså ta e-sport som toppidrettsfag ved skulen. I kombinasjon med andre programfag, som kan vere studieførebuande

eller musikk til dømes. Ved sidan av Firda vidaregåande skule på Sandane er det Arna vidaregåande skule i Vestland fylke som tilbyr e-sport som programfag. Rundt om i landet er det no fleire vidaregåande skular som har starta opp med e-sport som programfag.

Det er også ei rekkje folkehøgskular som har e-sport på timeplanen, mellom anna Sunnfjord folkehøgskule i Førde. INGER TRÆEN inger@fjordabladet.no

GÅR I FRONT: E-sport er ein veksande aktivitet, og ein idrett som er større enn langrenn. Firda på Sandane går i front med dette faget.

E-sport på timeplane Kunne du tenkje deg å bruke litt av skuledagen til dataspel eller e-sport? Nokre av elevane ved Firda vidaregåande skule har ein slik kvardag.

D

et er litt kjekkare å skulle stå opp for å gå på skulen når ein får bruke litt av tida på dataspel, seier Alexander Bortne. Han går andre året på studiespesialiserande ved Firda vidaregåande skule på Sandane. Der han også har valt fem timar i veka der han kan halde på med sin kjære hobby, eller kanskje livsstil. Toppidrett med esport er eit programfag elevane i år kan velje i andre og tredje klasse ved Firda vidaregåande skule. Alexander kan fortelje at dataspel har vore ei interesse så lenge han kan hugse. – Eg var vel rundt fem år når eg oppdaga speling for første gong. Etter det har det blitt stadig meir, seier han som i dag kan spele opp til åtte timar på ein dag/kveld. Men no er han altså blitt litt meir strukturert, og gløymer ikkje at han skal sove når natta kjem. – Før kunne eg sitje oppe ut over natta å spele. Rundt klokka tolv var det slik at eg skulle berre spele litt til, men så sprang tida ifrå meg. Neste gong eg såg på klokka kunne den vere halv fire om natta. Men eg kom meg alltid opp om morgonen for å gå på skulen altså, seier han som i dag har fått meir kontroll på både speletid, søvn og læring når det gjeld dataspel. Hausten 2019 var første skuleåret Firda vidaregåande skule prøvde tilbod om e-sport som eige programfag. Forslaget vart møtt med ein viss skepsis, men etter kvart som ein sette seg inn i korleis eit slikt fag måtte byggast opp, endra det seg fort. Skulen såg moglegheiter gjennom dette faget og eit halvt år med erfaring har ikkje fått nokon til å angre på forsøket. Tvert om har skulen bestemt at dette faget blir ein del av fagtilbodet også neste skuleår. – Det ligg mykje viktig og positivt i dette faget, både meistring, person-

leg utvikling og livsmeistring, seier avdelingsleiar Magne Larsen. Faget Toppidrett e-sport kan ein velje som sitt valfrie programfag på alle dei ulike linjene ved skulen. I dag er det sju elevar ved skulen som har dette programfaget, fire frå studiespesialiserande, ein frå idrettslinja og to frå musikklinja. – Det er ikkje slik at vi berre kan sitje inne i vår eiga boble å game lenger. Vi må analysere, planlegge og strukturere korleis vi jobbar med spelinga. Det kan også bety at vi avgrensar tida til eit bestemt timetal kvar dag. Og så må vi passe på å få i oss sunn mat og drikke, sove nok og trene. Det er nesten slik som Magnus Carlsen og sjakk. Ein må halde seg i form for at hjernen skal fungere. Det er slutt på tida med berre brus og chips framfor skjermen, seier Alexander. Saman med dei andre har han lært mykje av læraren og instruktøren, som dei har. – Vi har ein instruktør som sjølv er god på e-sport. Han er til stades når vi spelar for å gje oss gode tips og råd undervegs. Og så må vi øve på det vi ikkje er så gode til. Vi må spisse korleis vi jobbar med idretten vår, slik at vi blir betre, seier Alexander og får støtte frå dei andre. Marie går på musikklinja og har valt e-sport som sitt valfrie programfag. Ho har lyst til å halde fram med e-sport, og lage design til nye spel. –Når eg spelar så får eg ofte idéar til nye spel, og korleis dei kunne vere forma ut. Både når det gjeld design, men også musikk. Draumen i framtida må vere å kunne designe sitt eige spel, og så komponere musikk som kan leggast på, seier Marie. Også Isak Dombestein, som går siste året på musikk, kan tenkje seg å lage sine eigne spel. –Draumen er å kunne leve av å halde på med e-sport, seier han. INGER TRÆEN inger.treen@fjordabladet.no


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2020 15

Har anerkjend e-sport som idrett

IKKJE BERRE NERDAR: – Det er på høg tid at dataspel blir stovereint seier tidlegare kulturminister, Trine Skei Grande.

I haust kom regjeringa ut med dataspelstrategien Spillrom. Eit dokument på nær 50 sider med ein plan for utvikling av dataspel/ e-sport fram mot 2022. For mange som spelar spel er

dette dokumentet blitt ei anerkjenning på at e-sport er blitt teken inn i varmen på lik linje med annan idrett. Trine Skei Grande var kulturminister då dette dokumentet kom på plass. Ho spelar sjølv dataspel, og seier i føreordet at dataspel både er kunstuttrykk, sjølvstendig kulturuttrykk, næ-

ring og fritidsaktivitet. –Spelaren må ta aktive val, ta stilling til dilemmaer og møte konsekvensane. Førestillinga om den passive dataspelaren er ei mistyding, seier Skei Grande i dette dokumentet. Regjeringa har sett opp fleire punkt for å utvikle vilkåra for e-sport i Norge.

en=kjekkare skuledag SOSIALT: Det er sosialt å spele saman seier frå venstre Simen Austreim, Isak Dombestein, Marie Elise Sola Strand og Alexander Bortne.

Einaste skulen med e-sport Firda vidaregåande skule er den einaste vidaregåande skulen i tidlegare Sogn og Fjordane som tilbyr e-sport på timeplanen. Hausten 2019 vart e-sport starta opp som eit forsøk ved Firda, og komande haust vil skulen tilby seksten plassar i dette programfaget. Programfaget toppidrett e-sport er med nokre veldig få unntak tilgjengeleg for alle elevar ved Firda. Men for å få ta dette programfaget må ein søkje om plass. Dette gjer skulen for å kartlegge personleg motivasjon, nivå og interesse hjå dei aktuelle elevane. Avdelingsleiar Magne Larsen ved skulen seier at motivasjon og interesse for faget er viktig. –Er det mange søkjarar til hausten må vi plukke ut dei som vi opplever som mest motiverte og mest eigna til å gjennomføre eit slikt fag, seier Larsen.

GLER SEG TIL SKULEN: Dei som har valt e-sport har sitt eige spelerom på Firda. Dette blir nytta både i skuletida og etter skuletid. Ved open skule er det ein del av det sosiale miljøet på skulen, og aktivitetane ein kan halde på med. Elevar frå venstre: Alexander Bortne, Marie Elise Sola Strand og Isak Dombestein.

INGER TRÆEN inger.treen@fjordabladet.no


16 FEBRUAR 2020 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Traineestillingar Ønsker du å jobbe med Internett og relaterte tenester? Som trainee kan vi gje deg ein spennande start på karrieren din i eit innovativt og lærerikt miljø. Du får eigen mentor som syter for di faglege og personlege utvikling. Vi kan gi deg konkurransedyktig løn og moglegheit for fast tilsetting.

Forretningsutviklar

Sikkerheitskonsulent

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåver:

• Bidra til å utvikle nye forretningsområde i Enivest • Vere med å vidareutvikle eksisterande produkt i Enivest • Delta aktivt i Enivest sitt interne utviklingsarbeid • Overvake, strukturere og analysere kundar, konkurrentar og marknad • Samarbeide tett med andre funksjonar i selskapet

• IT-sikkerheit i Enivest • Nettverksarkitektur og sikkerheit i nettverk og for våre kundar • Informasjons- og sikkerheitsarkitektur • Penetrasjonstesting og sårbarheitsanalyse • Analysere og tolke innsamla data • Sikkerheitskultur, sikkerheitsforståing og modning • Koding og scripting

• Utvikling og vedlikehald av Enivest sitt kundesystem, nettside og eksterne portalar for kundar og samarbeidspartnarar • Delta aktivt i Enivest sitt interne utviklingsarbeid • Utforske og bidra til at Enivest sitt utviklingsteam held seg oppdatert på ny teknologi

Prosjektingeniør

Trainee innan IT-drift

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåver:

• Utvikling, drift, konfigurer­ ing og planlegging av datakommunikasjonsløysingar for internett, IP-VPN, multicast/IPTV • Planlegging, konfigurering og levering av ruterar, svitsjar, kundeutstyr mm • Delta i Enivest si vaktordning for beredskap og nettovervaking

• Prosjektering, planlegging og prosjektleiing for utbygging av fibernett og annan infrastruktur • Oppfølging og koordinering av eksterne entreprenørar, installatørar, leverandørar og samarbeidspartnarar • Forhandlingar og utforming av kontraktar • Dokumentasjon av nett

• Drift av lokalnett, klientar og servere • Systemdrift av Interne system • Systemdrift av skytenester

Nettverksingeniør

Frontendutviklar

RIST SØKNADSF 20 0 1. MARS 2

gus t 2020 u A : g in t t Tilse t 2021 til augus

Kvalifikasjonar til stillingane og kontaktinformasjon finn du på enivest.no/ledig-stilling www.enivest.no

ne N B! s tillinga e e in a r t Alle no m t på gjen s a k ø s å m fylket. Framti d s


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.