Sommaravisa 2022

Page 1

2022

BAD: Ingenting er som varme sommardagar der sola kan tørke deg etter eit friskt bad. Her frå Hornindalsvatnet ein varm julidag. FOTO: ROY ARON B. MYKLEBUST


2 FJORDINGEN SOMMAREN 2022

MYKJE SNØ: Stryn sommerskisenter pr. 30. mai 2022. Uvanleg mykje snø og kalde netter gir håp om lang sesong i år. FOTO: STRYN SOMMERSKISENTER

SOMMAR+SKI: Få dagar etter opning er det ikkje mykje urørt snø att, men snø er det rikeleg av. FOTO:

KLARE: Sesongarbeidarane Lars Jørgen Braathen og Lotta Kornelia Engan er klare til ein hektisk sommar i kaféen på sommarskisenteret FOTO: MATTIS LILLESTØL

UNNI SKÅRE

••Stryn Sommerskisenter:

Håpar på sesong ut juli Mange har reist langt for å kunne stå på ski i juni. Tjukk tåke prega skianlegget på Tystigen opningsdagen 1. juni, men ein kunne likevel skimte mange folk i bakken. Finske Markku frå Helsinki er ein av dei, og han er som ein stamgjest å rekne. – Det er vel 13. året eg er her på sesongopning og sjeldan har eg sett så mykje snø som i år. Sikta er dårleg men vi har det gøy likevel, seier Markko. Han er ein av mange som har reist langt for å kunne stå på ski i juni. – Sesongstarten her er obligatorisk. Det er nok 15. året mitt her i år, seier svensken Johan Eklund. Veninna Maragaret Powezka frå Polen besøkte sommarskisenteret første gong i 2003 og no er ho stamgjest. – Eg vart straks hekta på denne staden og flytta faktisk til Vestlandet for å kome nærare fjella, seier Margaret, busett i Bergen. Dagleg leiar ved skisenteret, Nina Lensebakken gler seg over dei store snømengdene. – Det er uvanleg mykje snø i år og det er på høgde med 2020. Det er vanskeleg å spå kor lang sesongen blir, men vi håpar frå midten til slutten av juli. No håpar vi folk ikkje er lei av ski og tek turen opp, seier Lensebakken. ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no

STAMGJEST: – Det er 13. gong eg er her ved sesongstart og sjeldan har eg sett så mykje snø som i år. Eg blir her nok i ti dagar, sa finnen Markku (t.v.) frå Helsinki på opningsdagen. Her er han saman med Jonas frå Göteborg og Iina og Kimy, også frå Helsinki. Dei hygga seg i bakken sjølv om verken vêret eller føret var det beste opningsdagen 1. juni.

OBLIGATORISK: – Sesongstarten er obligatorisk, seier svenske Johan Eklund. Polske Maragaret Powezka flytta til Vestlandet etter å ha besøkt sommarskisenteret første gong i 2003.

NØGD: Leiar av sommarskisenteret, Nina Lensebakken, gler seg over snømengdene 1. juni.

Ansvarleg utgjevar: P.b. 248, 6781 Stryn. Telefon 57 87 45 00. Trykk: Polaris Trykk Ålesund AS. Opplag: 30.000

HØGE BRØYTEKANTAR: Mattis Lillestøl føre 5–6 meter høge brøytekantar på veg opp til Tystigen 1. juni.

Fulldistribusjon: Nordfjord, Volda, Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Stranda, Sykkylven, Skjåk. Forsidefoto: xxxxxx


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

Ullaviklia

4

Kostnad

k i Sanntid

Klimaavtry

bru Straumfor

3

rvepremie 500 kr i ve ... til deg og

KO N TO

Bestemor er 100%

itt Huset m

Heim

Prognoser

Analyse

sine Wattson s straumtip

Tenester

Mine sider

Vi gir deg tryggleik i ei vanskeleg tid Dei tilsette hos oss har skulering gjennom Virke Gravferd og til saman over 65 års erfaring. Vi er her når du treng oss som mest, og hjelper deg med å lage ei personleg, fin og verdig gravferd. Slik du ynskjer. Du kan kontakte oss heile døgnet.

Legg sommarferien til Fagre Stryn. Vårt hotell ligg i hjarte av eit fantastisk turområde som berre MÅ opplevast. Kort avstand til attraksjonar som: Skålatårnet, Lodalskåpa, Kattanakken, Hornindalsrokken, Via Ferrata og Skyliften i Loen.

Vi har teieplikt og kan møtast til samtale på vårt kontor eller heime hos deg.

Tlf. 905 50 905 www.hjelmeland.as

Stryn Hotel AS Visnesv. 1, 6783 Stryn Tlf. 0047 57 87 07 00 post@strynhotel.no www.facingfjords.no

Ditt byrå sidan 1978

3


4 FJORDINGEN SOMMAREN 2022

Sommershopping

SAMMEN SKAPER VI EN TRYGG OG TRIVELIG HANDEL

www.stryntorg.no

Rema 1000 • Cubus • Sport Outlet Stryn • Upstairs • Notabene • Nille • Sunnfjord Apotek Stryn • Clip Frisør • Zoo1 Matstova Heimebakeri og Kafè • Vinmonopolet • Sparebanken Vest • Fysioterapi og Trening - Thomas Heisig

SOMMARTILBOD Essve Terrasseskrue for skjult montering

Essve Monteringsverktøy

Kun kr

Kun kr

pr bx à 250

pr stk.

649,-

369,-

Gjøco Terrassebeis 2,7 L

Gjøco Treolje XO 2,7 L

Kun kr

Kun kr

389,-

209,-

Jordan supersett til terrasse

Kun kr

399,pr stk.

Opningstider mand-onsd.. 0730 - 1630 torsd ............. 0730 - 1800

GRANDEVEGEN 4 • TLF 57 87 16 80 Tilboda gjeld til og med 2. juli.

lørd ................ 1000 - 1400


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

REALISER HYTTEDRAUMEN I FAGRE STRYN SALG AV HYTTETOMTER I HYDLA 4 HAR STARTA! God Sommar

DAGSKORT, SESONGKORT OG GÅVEKORT Hydla Hyttegrend ligg ca 3 km frå Stryn sentrum, langs det vidstrakte turløypenettet nordvestover frå vår næraste nabo Stryn Vinterski mot Ullsheim.

plassert i eit utbyggingsområde på totalt 600 daa. Med ei høgd på mellom 320 og 420 meter over havet har du fantastisk utsikt utover fjord og fjell.

Med utsikt til vakker vestlandsnatur ligg våre tomter

Det unike med hytter i Stryn er at det skjer noko heile

året. Stryn er ein av dei store turistkommunane på Vestlandet med variert aktivitet året rundt. I sentrum kan ein finne uterestaurantar og unike shoppingmuligheiter, med mellom anna «outlets» frå kjende klemerke.

Ta kontakt med oss!

Hydla Hyttegrend Tlf.: 916 21 287 – E-post: post@hydla.no

Billettar kjøper du på www.hydlaparken.no

Velkomen til Fagre Stryn!

www.hydla.no

Hydlaparken – Hydlavegen 25 post@hydlaparken.no Tel. 91 91 50 55

5


6 FJORDINGEN SOMMAREN 2022

K U LT U R H U S E T

Sommarope frå 6. juli - 14. august

Kulturhuset og symjehallen: Ope onsdag - søndag kl. 12.00 - 16.00

KÅRE ROSETH’S PLASS: 17. juli blir det gudsteneste ved Kåre Roseth’s plass, ved Stryn vidaregåande skule. Bildet er teke i samband med ei skuleavslutning. FOTO: NIKOLAI STOREVIK

Sommargudstenester KINO

Onsdag, fredag og laurdag Søndag

kl. 13.00.

kl. 13.00 og 18.00.

Velkomen innom oss i sommar! strynkulturhus.no

Tlf. 909 70 853

SKÅLA OPP

Laurdag 13. august 2022

“La Sportiva Skåla Opp” i Loen i Stryn kommune 07.00 - 09.00 10.00 11.00 11.00 - 15.00 18.15 19.30

Start mosjonsklasse Start konkurranseklasse (maks 800 deltakarar) Kongleriket Mini Skåla Opp Utdeling av medaljar på toppen til alle som fullfører Premieutdeling og gåvepremiar på Hotel Alexandra Grillparty i Alexandrahagen

Mosjon: Konkurranse:

Aldersgrense 10 år Aldersgrense 15 år

La Sportiva vinnarpris i dame- og herreklasse: 1.pr kr 35.000,2.pr kr 17.000,5.pr kr 4.000,6.pr kr 3.000,Rekordpris (inkl. 1.premie) kr 120.000,For påmelding og informasjon: www.skaala.no eller Hotel Alexandra, tlf 57 87 50 00

3.pr kr 8.000,7.pr kr 2.000,-

4.pr kr 6.000,8.pr kr 1.000,-

26. juni; 3. s i treeiningstida – Mark 10, 13-16

14. august; 10. s i treeiningstida – Mark 11, 25-26

- Sagedammen, Nordsida 11:00 Gudsteneste - Hornindal 11:00 Gudsteneste - Erdalsetra, Oppstryn 12:00 Friluftsgudsteneste - Tistamstøylen, Utvik 14:00 Stølsmesse

- Loen 11:00 Gudsteneste - Utvik 11:00 1. klassegudsteneste - Nedstryn 16:00 Familiegudsteneste - Randabygd 16:00 1. klasseguds/ teneste for Nordsida og Randabygd

30. juni; torsdag

21. august; 11. s i treeiningstida – Joh 8, 31-36

- Selja, Selje 12:00 Seljumannamesse

- Bombeneset, Oppstryn 11:00 Friluftsgudsteneste med presentasjon av dei nye konfirmantane. - Innvik 11:00 Gudsteneste med presentasjon av dei nye konfirmantane - Austefjord 11:00 Familiegudsteneste. Skulestart

10. juli; 5. s i treeiningstida – Matt 18, 12-18

28. august; 12. s i treeiningstida – Joh 4, 27-30. 39-43

- Olden 11:00 Gudsteneste - Hornindal 19:00 Kveldsgudsteneste - Nedstryn kyrkje 19:00 Gudsteneste

- Loen 11:00 Gudsteneste - Utvik 11:00 Gudsteneste med presentasjon av dei nye konfirmantane - Hornindal 11:00 Familiegudsteneste. Skulestart

- Olden 18:00 Salmekveld 03. juli; 4. s i treeiningstida – Matt 9, 35-38

17. juli; Aposteldagen – Mark 3, 13-19 - Kåre Rosets plass (Stryn vgs) 11:00 Gudsteneste - Innvik 19:00 Gudsteneste 24. juli; 7. s i treeiningstida – Mark 5, 25-34 - Loen 11:00 Gudsteneste - Utvik 11:00 Gudsteneste - Raudfjell, Nordsida 14:00 Støylsmesse 29. juli; Olsok – Luk 22, 24-27 - Olden gamle kyrkje 18:00 Guds/ teneste - Oppstryn 20:00 Gudsteneste 31. juli; 8. s i treeiningstida – Luk 12, 28-34 - Nedstryn 11:00 Gudsteneste - Bjørke 11:00 Gudsteneste 07. august; 9. s i treeiningstid –Luk 6, 36-42 - Anders Svor museet, Hornindal 12:00 Gudsteneste - Brekkestova, Utvikfjellet 14:00 Friluftsgudsteneste. Breim sokn vert invitert

04. september; 13. s i treeiningstida – Joh 15, 13-17 - Nedstryn 11:00 Gudsteneste - Olden 11:00 Gudsteneste med presentasjon av dei nye konfirmantane 10. september; laurdag - Austefjord 10:00 Konfirmasjonsgudsteneste - Bjørke 11:00 Konfirmasjonsguds/ teneste - Hornindal 12:00 Konfirmasjonsgudsteneste 11. september; Vingardsøndag - Matt 19, 27-30 - Innvik 11:00 Hausttakkefest - Randabygd 11:00 Gudsteneste m/pres. av dei nye konfirmantane - Bødalen, Loen 13:00 Friluftsguds/ teneste - Ljosheim kapell 16:00 Haustakkefest - Nedstryn 19:00 Kveldsgudsteneste


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

Stryn •• Hydlaparken

•• Stryn Aktivitetslodge •• Stryn Street Food Festival

7


8 FJORDINGEN SOMMAREN 2022

POPPIS: Til denne sesongen har Hydlastova fått på plass slush-maskin, og det har vore ein umiddelbar suksess fortel Per-Johnny Tenden.

MORO FOR ALLE ALDRE: I Hydlaparken er det moro og spenning å finne for både dei aller minste, ungdomar og godt vaksne. FOTO: THOMAS THAULE

PUMPTRACK: Hydlaparken kan også by på pumptrackbane. Den ligg midt i parken.

••Hydlaparken:

Klatremoro og zip-line-spenning for heile familien Hydlaparken er i gang med sin fjerde sesong, og no har også cruiseturistane inntatt klatreparken. – Ja, vi har hatt første gruppe frå cruise og det gjekk veldig bra. Dei var i ekstase, seier dagleg leiar Per-Johnny Tenden, og fortel om godt vaksne cruiseturistar som storkosa seg i anlegget

like vest for Stryn Vinterski. Og truleg vil det bli mange av dei gjennom sommaren, sidan skipet Iona vil kome med opp til to bussar kvar tysdag. Det kan bety 800-900 besøkjande, i tillegg til dei ein elles har. – Målet er å nå 10.000 gjester totalt denne sesongen.

Sjef med høgdeskrekk

Tenden er ny dagleg leiar for Hydlaparken og Hydlastova. 40-åringen har jobba med sal og service halve livet, men likevel er han spent på det som no ventar. – Eg har veldig høgdeskrekk,

innrømmer han. Men læring gjer meister, også for vaksne. – Eg har klatra alle løypene og det har gått veldig bra. Eg «kjenner i det» nokre stader, men det er sundt det, smiler Tenden.

Framsyningar med «Hydle»

I fjor vart klatrepark-maskoten Hydle lansert for publikum, med eit eige, lite syngespel. Det vesle ekornet vil også dukke opp denne sommaren, og ein legg opp til framsyningar nærast dagleg i juli månad. Her er planen å vidareutvikle førestillinga med fleire karakterar, men førebels er det kun Hydle.

VELKOMEN: Per-Johnny Tenden ønskjer velkomen til ein ny sesong i Hydlaparken. Han er ny dagleg leiar for parken og Hydlastova, og håpet er å nå 10.000 besøkjande denne sesongen.

Taco-buffet

Klatreparken vil ha ope kvar dag i skuleferien, med unntak av siste veka før skulestart. Også den flotte Hydlastova vil vere open. Tidlegare har ein hatt kokk og «a la carte», men denne sesongen går ein over til eit litt enklare konsept. – Vi vil køyre taco-buffet. Det er ikkje berre for klatreparken sine gjester, men også for dropin. Taco er barne- og familievenleg og det trur eg vil slå godt an, seier Tenden.

HYDLAPARKEN •• Ved hyttefeltet Hydla, vest for Stryn Vinterski •• Sju klatreløyper •• Til saman 58 hinder •• 11 ziplines •• Klatretårn •• Pumptrack •• Kafe •• Flott utgangspunkt for turar på sti og i barkeløyper

ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

Ved BUA Stryn kan du låne sports- og fritidsutstyr gratis BUA Stryn har på kort tid blitt ein særs populær «utstyrsbank». Ved BUA (barn og ungdom i aktivitet) kan ein låne sportsog fritidsutstyr heilt gratis, eit tilbod mange nyttar seg av. – BUA er for alle. Her kan privatpersonar, organisasjonar, skular med meir få låne utstyr. Ikkje alle treng å eige alt, og kanskje har ikkje alle plass heime heller. Det kan også vere lurt å prøve utstyr før ein eventuelt går til innkjøp, seier Marit Sandnes Skrede i frivilligsentralen, og Siv Otterdal Bøe og Jannike Sunde frå kommunen. BUA Stryn har mykje utstyr i containeren sin, som står i hagen ved Telegrafen ung-

domskafe/Frivilligsentralen i Perhusvegen. Her finn ein SUPboard, rulleskøyter, skateboard, hjelmar, redningsvestar, spel, sparkesyklar, våtdrakter og mykje meir. Om vinteren kan ein låne ski, skisko, snowboard og liknande. BUA vil vere open i heile sommar. – Og jentene inviterer til vafler og kaffi i opningstida slik som i fjor, seier Sandnes Skrede. Ho minner om at brukarar må registrere seg på nettet for å få låne utstyr. Det er Stryn Frivilligsentral som eig og driftar BUA i Stryn. Tiltaket er i samarbeid med Stryn kommune. THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no

LEIG GRATIS: BUA Stryn, leiger ut aktivitetsutstyr gratis, noko som har vist seg å vere veldig poulært. F.v. Marit Sandnes Skrede, Siv Otterdal Bøe og Jannike Sunde.


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

HYDLE: Det nye tilskotet i Hydlaparken er familieforestillinga om ekornet Hydle. Det er framsyning kvar dag i fellesferien. FOTO: GUNNHILD SINDRE

KORT VEG: Foreldra Emma Gjelset Bendal (t.h.) og søstera Malin Isabell har hytte like ved parken.

9

GODT BESØK: Hydlaparken har hatt jamt og godt besøk sidan dei opna i juni 2019. Målet i år er 10.000 besøkjande.

GATEMAT: Kristian Hansen og Kristian Hool Egge vinviterer til Street Food festival i august. Boder med smakar frå dei fleste verdshjørne vil prege gatene denne helga.

Stryn Street Food Festival 19.-21. august kan festivalbygda Stryn by på endå ei festhelg. Då inntek ei rekkje street food-boder gatene. Det blir både lokale kokkar og kjøkken fra Thailand, Hellas, Spania og Mexico - for å nemne nokre. LUFTIG MORO: I Hydlaparken finn du til saman 11 zip-lines. Fleire av dei med utgangspunkt i det høge klatretårnet som ruvar i parken. Frå der kan du også hoppe. Garantert sommarfugl-framkallande!

Seks stiar fører til dagsturhytta i Stryn

– Vi har lyst til å ta spennande, kulinariske smakar og opplevingar til Stryn, seier Kristian Hansen ved Stryn Gastrobar, som står bak festivalen. Han seier ideen kjem frå gata i Bangkok, Marrakech og Cancún, og

marknader i London, København og Berlin. – Frå kring 15 matboder skal publikum meske seg med allskens godsaker frå alle verdshjørne, tilbredt av entusiastiske kokkar, seier Hansen, som også kan fortelje om storfint besøk frå årets Bocuse D’Or -deltakar, Filip August Bendi med team. Han vil tilberede ein eksklusiv middag denne helga. – Det blir også diverse smakskurs med ulike leverandører av drikkevarer og det blir Bondens Marked, opplyser Hansen. I tillegg vert det musikk og underhaldning. BENGT FLATEN bengt.flaten@fjordingen.no

Dagsturhytta i Kloppemyra er populært turmål for små og store. Ikkje mindre enn seks stiar fører fram til dagsturhytta i Kloppemyra. Olav Auflem, leiar i Indre Nordfjord Turlag, synst personleg den finaste turen går frå svingen på nedsida av Stryn Vinterski. Turlaget er ansvarleg for vedlikehald på hytta, og Auflem fortel at dei ønskjer utvikling i området. – Vi har lyst å lage til natursti, gangbru og tau i trea, slik at dei yngste får fleire opplevingar enn berre turen. Så har vi vore på synfaring med kommunen med tanke på å lage ny sti, slik at også rørslehemma kan ta seg fram til hytta. Håpet er å få det

DAGSTURHYTTA I STRYN: Den populære dagsturhytta i Kloppemyra i Stryn har vore koronastengd sidan midten av mars, men laurdag 30. mai opnar den att. Foto: Indre Nordfjord Turlag til, men det må skje i eit lagspel med kommunen, seier Auflem. Dagsturhytta er utstyrt med bøker, og ute er det bålpanne

og ved, til fornuftig bruk, som Olav Auflem seier. BENGT FLATEN bengt.flaten@fjordingen.no

BOCUSE D’OR DELTAKER: Filip August Bendi (midten) kjem med laget sitt til Stryn Street Food Festival. PRESSEFOTO


10 FJORDINGEN SOMMAREN 2022

Kino og open symjehall i kulturhuset I Stryn kulturhus er det kino og symjehall som vil prege aktiviteten gjennom sommarvekene. Her blir det kino på dagtid kvar veke, og open symjehall 12-16 onsdag til søndag i fellesferien. – Eg reknar med at vi er dei einaste i Stryn som håpar på dårleg vêr i sommar. Då bru-

kar det å vere gode dagar her, ler kulturhussjef, Kåre Bruvoll Alme. I kinosalen kan han by på eit lite, men variert, utval filmar som kjem til å surre og gå gjennom sommaren. – Det blir litt tilbakeblikk til gamle klassikarar, seier Alme, og opplyser om følgjande fire

filmar på kinoplakaten i juni og juli: «Jurassic World», frå universet rundt Jurassic, «Lightyear», som handlar om karakteren Buzz frå Toy Story, «Elvis», som er ein biografisk musikalfilm, og til slutt animasjonsfilmen «Minions». ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

BADETEMP: Symjehallen kan alltid by på god badetemperatur.

KINOSOMMAR: Kåre Bruvoll Alme ved Stryn kulturhus tilbyr kino fleire dagar kvar veke gjennom sommaren.

START: Gummibåtfestivalen i Stryn samla i fjor kring 200 deltakarar med ulike opplåsbare farkostar. Her frå starten ved brua på Sætre.

Gummibåtfestival på elva Siste helga i juli er det igjen klart for flamingoar og einhjørningar flytande ned Stryneelva. Roleg sig nedover elva, frå brua på Sætre til sentrum, i ulike gummibaserte farkostar har synt seg å vere ein suksess. Ja, gummibåtfestivalen i Stryn er kanskje meir populær enn nokon gong. Difor beheld også arrangøren i stor grad den gamle og gode oppskrifta. Men Kristian Hool Egge kan røpe at nokre nye element kjem inn.

– Ja, det blir scene og mange DJ-ar på Per Bolstad plass. Dette i samarbeid med Vertshuset og Isehaug, fortel han. Blant dei som vil syte for stemning på kvelden, etter at gummifartøya har ankra opp, er Tungevaag, Sjur m/Alexander Raftevold og DJ Phongsak – Så mykje nordfjordunderhaldning der altså, seier Hool Egge. ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

Proffveka i Stryn Proffveka i Stryn er eit tilbod til ambisiøse gutar og jenter i alderen 13- 15 år, som ynskjer å satse på fotball. Den andre veka i august er det klart for den 11. utgåva. Å vere deltakar på Proffveka skal vere litt prestisje. Maksimalt 76 utespelarar, 38 gutar og 38 jenter, og 12 keeparar, vert plukka ut til å delta. Proffveka tilbyr som vanleg topp kvalifiserte trenarar som skal bidra til utvikling gjennom tilbakemeldingar og eit innblikk i kva som krevst for å bli ein topp fotballspelar. Instruktørar i år er blant anna Roar

STRYN AKTIVITETSLODGE: Låven er på mange måtar «hjertet» i Stryn Aktivitetslodge. Her blir det overnattingsplassar, aktivitetsrom og selskapslokale. 25. juni inviterer Svein Ørjasæter stryningar og andre til å kome på besøk, og få ein smakebit på konseptet han ønskjer å tilby framover.

I mål med låven - inviterer til opningsdag plassar. – Det er det eg skal leve av. Overnatting og etter kvart guiding. Han kan ikkje rose gjengen nok, som har stått på med renoveringa siste månadane. Det har vore doble skift for å kome i mål til sommarsesongen. – Men det blir veldig bra, slår han fast. – Og så skal vi nyte etter å yte, smiler han.

– Etter to år med bygging byrjar eg verkeleg å sjå lys i tunnelen. Og vi har rett og slett framskunda deadline og skal ha skikkeleg opningsseanse

25. juni, fortel Ørjasæter. Då inviterer han stryningane til ein smakebit på kva han vil tilby; bading i elva, aktivitetar, frukost og fjelltur, før ein avsluttar med kos og hygge i bakhagen. Allereie denne sommaren håpar han å ha alle papir i orden slik at låven kan takast i bruk. Der blir det omlag 20 sengeplassar i tredje etasje, fordelt på sju rom. I tillegg har han 11-12 sengeplassar i det gamle Sundehuset og to leilegheiter med til saman ti senge-

NYTE: Etter nokre intense månader med jobbing kan Svein Ørjasæter snart nyte fruktene av innsatsen.

HAGEN: I hagen ved Sundehuset har Ørjasæter laga til med bålplass, bar og sitegrupper, som inviterer til kos og hygge etter ein lang dag med aktivitet. Yt-flyt-skryt og nyt er hans mantra. Bildet er teke frå trehytta som også er ein del av konseptet.

Svein Ørjasæter har nærast tatt heile døgnet i bruk dei siste månadane, for å realisere draumen og konseptet Stryn Aktivitetslodge. Og prikken over i-en er låven.

ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

DYKTIGE INSTRUKTØRAR: Proffveka i Stryn er kjent for eit høgt nivå på instruktørane. Her er det Paul Lever som gir råd. Wold, Sigrid H. Hansen, Kent Rudning, Marius Hagen og Aaron Lancaster (keepertrenar). ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

11

Tlf 57 87 10 87 - Mob 908 54 362 www.visneshotel.no

Velkomen til vår sommar-restaurant!

KATTANAKKEN: Ein av dei meir krevjande turane til INT er breturen til Tungestølen, som går via Kattanakken i Oldedalen. Den er 9.-10. juli. FOTO: ROGER OLDEIDE

INT inviterer til turar for ein kvar smak i sommar Det er tett mellom godbitane for den turglade i årets sommarprogram frå Indre Nordfjord Turlag. Her er alt frå krevjande to-dagarsturar til meir enkle turar på nokre timar. Når ein kjem til fellesferien har turlaget i Indre Nordfjord allereie lagt bak seg nærare 15 turar. Men det står att omlag like mange fram til sesongen blir avslutta i oktober. Mange av turane krev ei viss erfaring og er merka raude eller svarte. Ein tur av sistnemnde kategori er breturen til Kattanakken og Tungestølen. Den finn stad 9.-10. juli, og er ein fellestur saman med Luster Turlag. – Dette vert to krevjande turdagar. Turen opp til Kattanakken er bratt - flott og krev sitt då ein også har bra tunge sekkar. Vidare over breen og mot Tungestølen kan bli både spennande og noko strevsam, men i godt vêr vert det ein fantastisk tur, står det i turprogrammet. Nedstigning mot Tungestølen er via Skyttarpiggen. Vel framme på Tungestølen vert det felles middag og overnatting i sovesal. Søndag er det tenkt å gå tilbake mot Fjærland gjennom Snaudalen og Suphelleskaret. Denne turen vil ta mellom 3-7 t.

TURPRGRAM

25.06.-26.06. (Svart- ekspert) Vetledalssetra - Slæom 02.07.(Svart- ekspert) Lodalskåpa 09.07.-10.07. (Svart- ekspert) Kattanakken – Tungestølen 24.07. (Raud-krevjande) Skjorta på Breim 30.07.(Raud-krevjande) Kamperhamrane tur/retur 06.08.(Raud-krevjande) Ceciliekruna 13.08.(Svart- ekspert) Kinesiske mur i Olden 27.08.(Grøn - enkel) Tur til Verlostøylen 20.08.(Raud-krevjande) Åbrekkenebba 28.08.(Raud-krevjande) Marsåhyrna 03.09.(Blå-middels) Trollenykjen 04.09.(Raud-krevjande) Reinskredfjellet 04.09.(Grøn - enkel) Kom-deg-ut dag, BUA i Hornindal 10.09.(Svart- ekspert) 3-topptur Stryn 02.10. Blåtur 14.10.(Grøn-enkel) Lommelykttur, Tonningsetra til Spjelkebu Besøk nettsida til Indre Nordfjord Turlag for detaljar om turane: indrenordfjord.dnt.no

A la carte meny basert på norske og kortreiste råvarer, kvar kveld i sommar frå kl. 18.00. Bordbestilling. Servering av forfriskninger på terrassen fram til kl. 23.

Vaffeltunet opnar 29. juni! Ta med familien på vår sommarkafé her på Visneslåven! Ope kvar dag frå kl. 11-16 Stor vaffelmeny med salte og søte smakar, grove og fine vaflar. Kaffimeny og god lokal drikke.

Tlf 57 87 10 87 - Mob 908 54 362 www.visneshotel.no

Fiskebutikken i Stryn Vår spesialitet:

RØYKELAKS God gammal oppskrift

FØRSTEKLASSES SKALLDYR FERSK FISK Besøk vår lille kafé i sommar! Vi har gode varmrettar, fiskesuppe og skalldyr.

ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no Perhusvegen 9, 6783 Stryn - Telefon 57 87 10 94

Ser eller opplever DU noko som kan vere interessant for fleire?

VERLOSTØYLEN: Ein tur av den meir lette varianten er til Verlostøylen i Utvik 20. august. FOTO: PRIVAT

Tips oss!

redaksjon@fjordingen.no Tlf. 57 87 45 00 - (kl. 08-16) 40 40 21 40 kveld/ helg


12 FJORDINGEN SOMMAREN 2022

Kulturdagane

i Hornindal 4. - 7. august 2022

TORSDAG 4. AUGUST : Kl 20.00 Konsert med Sigvart Dagsland m. musikarar i Hornindal kyrkje billett kan kjøpast på Ticketmaster - kr 395,FREDAG 5. AUGUST: Kl 16.00 Kl 17.00 Kl 18.00 Kl 21.00

Karneval Opning av Kulturdagane i Hornindal ved ordførar Sølvi Dimmen barnediskotek i Grosalen Utedans i Groparken

LAURDAG 6. AUGUST : Kl 10.00 - 17.00 Stands, kafear, hoppeslott, vassaktivitetar, dyreskue, leik og moro, grilling, mjølkespann-halding mm Kl 10.00 - 17.00 Kunst og salsutstilling på Smia Kl 12.00 - 16.00 Veteranbilløp m rebusløype Kl 12.00 - 16.00 Traktorparade og utstilling Kl 13.00 Klovnen Fix på Utescena – trylle/tulleshow. Kl 13.30 Klovnen Fix lagar ballongar til barna Kl 14.00 Konsert med Hornindal Musikkorps frå utescena /Korpset har kafe med gode kaker Kl 15.00 Konsert frå utescena Kl 21.00 Dans i Groparken - Dølenz

Kulturdagane i Hornindal

SØNDAG 7. AUGUST : Kl 10.00 - 17.00 Stands, kafear, hoppeslott, vassaktivitetar, hesteskokasting. Kunst- og salsutstilling på Smia Kl 10.00 - 12.00 Frukost i Groparken Kl 11.00 Rebusløp og stand v. Røde Kors Kl 12.00 bagasjeromsmarked v. P-plassen på Spar – påmeldingsfrist 31. juli Kl 12.30 Kulturgudstjeneste ved Anders Svor Museum – Musikkinnslag Kl 13.00 Ta sjansen. Sal av Rømmegraut og spekemat i sentrum. Kl 14.00 Musikkinnslag frå utescena. Kl 16.30 Flaskeslepp i elva – 1. premie kr 10.000,- 2. og 3. premie kr 1000,Lokale lag og organisasjonar sel mat og kaffi i sentrum laurdag og søndag.

Følg med på Facebook: Kulturdagane i Hornindal, Det skjer i Hornindal, Honndalsportalen.com

TA SJANSEN

Kan bli endringar.

Sponsorar:

SIGVART DAGSLAND

Hornindal

Legg handelen til i sommer

9

Spekemat frå Stranda

Original/utan sukker, 0,33l

90 + pant

Store reker

69 Pr kg.

90

32 for

Coca-Cola/ Sprite/Fanta

HORNINDAL

6-pakning Evergood kaffi filtermalt

-40%


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

Hornindal & Markane •• Hingarden, hesteriding •• Kulturdagane •• Dansegalla

13


14 FJORDINGEN SOMMAREN 2022

RIDEBANE: På garden til Olav Rune Seljeset og Eline Koopman har dei stor ridebane der dei tilbyr rideskule gjennom store deler av året.

MANGE HESTAR: Det er totalt elleve hestar på Hingarden, der sju av dei kan nyttast til riding. Dei to følla er truleg først klare om tre år.

FJELLIDYLL: Ein varm og fin sommardag på hesteryggen i fjellet i Hornindal. FOTO: PRIVAT

Her kan du ta fjellturen på hestery I Hornindal kan du bli med Eline frå «Hingarden» på fjelltur, utan å nesten gå ein meter sjølv. Det syter hestane hennar for. Eline Koopman flytta til Norge og Hornindal for halvtanna år sidan. Men fjordhesten er langt ifrå ny for henne. Ho har jobba med hestar i meir enn 30 år, og heime i Nederland var det også fjordhesten som var den føretrekte rasen. – Der er det mykje fjordhestar, kanskje nesten meir enn i Norge, fortel ho. Saman med Olav Rune Seljeset driv ho Hingarden i Hornindal. Der har dei totalt elleve hestar, sju for riding, og på si eiga bane med flomlys tilbyr dei ridetrening for ungar gjennom heile året. Men når sommaren kjem er det turistar dei rettar seg inn mot. – Då har vi blant anna ein tredagarstur, der vi reiser inn på fjellet og overnattar i hytte eller telt, fortel Koopman, og peikar på fjellet rett ovanafor garden. Der ligg hytta dei brukar å legge den første overnattinga. På dag to rir ein austover og inn til Horndøla bru, og overnattar der. Siste dagen går turen tilbake til Hingarden. Men dei kan også tilby kortare

UTSYN: Frå fjellryggen ovanfor garden er det eit flott utsyn mot Hornindalsvatnet. FOTO: PRIVAT variantar i nærområdet, som ein gjer unna på ein dag eller eventuelt berre nokre timar. Dei ordnar også med mat på turen, både på dagsturane og tre-dagarsturen. – På dagstur er det ofte berre eg som er med og då vil Olav Rune lage lunsj og han kjem med den når vi tek ein stopp.

– Må ha litt erfaring

Allereie i mai er det fleire som har booka turar, både på dei kortare variantane og den lengste tre-dagarsturen. Men Koopman seier at ein må ha litt erfaring med hest, før ein legg

FALEIDE SKULEMUSEUM: Her går postvegen inn skogen og slynger seg opp til Vegtun. Ein flott, rydda sti/veg. FOTO: KÅRE NYGÅRD:

ut på tur med dei firebeinte. – Ein må ha vore gjennom litt rideinstruksjon først. Vi har kjempesnille hestar, men det er framleis ein hest, seier ho. Er ein frå nærområdet, og er heilt utan erfaring frå hesteryggen, så kan løysinga vere å ta nokre rideleksjonar først, og så gjennomfører ein turen litt seinare på sommaren. – Men folk må også berre ringe dersom dei vil prøve litt og få nokre rideleksjonar, understrekar Koopman. ROY ARON B. MYKLEBUST roy@fjordingen.no

LANG ERFARING: Eline Koopman har jobba med hest i over 30 år, og har drive m

SLAKT: Langs sørsida av Langesetvatnet er vegen slak og småkupert. FOTO: H. VARTDAL

STEINBRUER: Etter Sindre passerer ein ikkje mindre enn tre slike flotte steinbruer. FOTO: HARALD VARTDAL


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

15

Utstyrsbank i Grobygget

Anders Svor museet

Hornindal Utstyrsbank held til i Grobygget, og her kan alle som vil låne tur- og friluftsutstyr heilt gratis. Det er ikkje fast opningstid, men ønskjer du å låne utstyr vert du oppfordra om å ta kontakt med dagleg leiar på frivilligsentralen. Så gjer ein avtale om lån og henting/levering. I utstyrsbanken finn ein mellom anna kano, kajakk, SUP-board og redningsvestar.

Museet ligg idyllisk til på Grodås ved Hornindalsvatnet. Den arkitektteikna bygninga frå 1953, omgitt av ein vakker skulpturpark, er vigd bilethoggaren Anders Svor (1864-1929). Han var fødd og oppvaksen på Svor i Hornindal og synte tidleg talent for treskjæring. Han tok utdanning i Oslo og København, før han slo seg ned i hovudstaden. I sommarsesongen 24.juni-21.august er museet ope onsdag-søndag.

yggen

Sommar hos O.P. Lødøen Landhandel Isdisken er fylt opp og vi ønskjer sommarglade gjester velkomen! Is frå Kulinaris, gjærbakst frå Geiranger bakeri, sjokolade frå Jentene på Tunet og forfriskande drikke, er litt av det vi kan friste med i sommar.

Velkomen til Hornindal! www.oplodoen.no

Kontormaskiner Rekvisita Kontormøblar Kassaløysingar

HORNINDAL

Tlf.: 957 80 452

med hest sidan ho var seks år gammal. Heime i Nederland er fjordhesten eit vanleg syn.

Postvegen Faleide-Øyebakken Frå kaia på Faleide føl du vegen gjennom gardstuna og til Faleide skulemuseum. Her startar ein flott og rydda sti gjennom skogen, opp til Vegtun. Der kryssar den Panoramavegen, og etter framleis litt stigning flatar stien ut og held fram i småkupert terreng på sørsida av Langesetvatnet. Første garden ein kjem til er Skogtun. Postvegen går her på dyrka mark. Hald deg på bøakanten. Ved Myrhaug kjem du etter kvart inn på bygdevegen og føl den forbi Bruheim, Kroken og til Flore sag. Der rundar du sagbruket og går un-

nabakke. Her går Postvegen delvis på ein skogsveg og delvis ved sida av, men der er det heilt attgrodd. Føl skogsvegen fram til bygdavegen og fortset forbi garden Sindre. Så, via skytebana og tre flotte steinbruer, er du framme på Øyebakken. Då har du lagt bak deg ein ca. 10 km lang tur. ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

Velkomen til sommarhandel!

Helsing Anne Britt og May-Helen Følg oss på

Hornindal


16 FJORDINGEN SOMMAREN 2022

Bilbingo på Sindre

Dagsturhytta i Hornindal

Den tradisjonsrike bilbingoen ved skytebana på Sindre er i gang for sesongen. Fram til og med søndag 28. august kan du freiste vinnarlukka der. Det er Hornindal og Markane skyttarlag som arrangerer, og dei byr på gratis kaffi og har elles kiosk med is, brus og sjokolade. Under bingoen vel du sjølv om du vil sitje i bilen, i lagshuset eller kanskje i paviljoengen. Og sit du i bilen, ja då markerer du sjølvsagt med ein «tut» om du har bingo!

Dagsturhytta i Hornindal er ei av hyttene med mest spektakulær utsikt, og er blitt ein populær stopp på korte eller lengre turar. Hytta vart opna som ei av dei siste i Sogn og Fjordane, og blant dei mest påkosta dagsturhyttene. Med stor platting på utsida er hytta ein fin rasteplass anten ein vil nyte livet ute eller inne med ei god bok på leseloftet. Frå hytta har du god utsikt til Grodås, innover dalen og utover Hornindalsvatnet.

FOLKSAMT: Sist dansegallaen i Hornindal vart arrangert var i 2019. Då var det kring 600 i Honndalshallen fredag og 800 laurdag. FOTO: PRIVAT

Utvidar dansegallaen Når dansegallaen i Hornindal er tilbake etter tre års pause, utvidar dei lik så godt arrangementet med ein dag. – Vi har merka at vi får bubilar som kjem tidleg og difor ønskjer vi å vidareutvikle arrangementet, seier Edvin Haugen i fotballgruppa i Hornindal. Dei er arrangør av den populære dansegallaen, som samla nærare tusen danseglade då den vart arrangert sist, i 2019. Årets dansegalla er 25.-27. august og på opningskvelden torsdag vert det dans med Kathe’s i Groparken. Her vil det

også vere dagarrangement laurdag. Der vil Kathe’s, Steinar Engelbrektson og Anne Nørdsti bidra. Fredag og laurdag kveld er dansearrangementa i Honndalshallen. Det svenske bandet Donnez og norske Contrazt syter for stemninga fredag, medan Steinar Engelbrektson band og Anne Nørdsti spelar laurdag. – Første bubil-bestillingane er på plass og vi merkar interessa er der. Men vi er litt spent, sidan det er tre år sidan sist, om publikum er der, seier Haugen, som reknar med 150-200 bubilar denne helga. ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

ANNE NØRDSTI: Saman med Donnez, Contrazt, Steinar Engelbrektson og Kathe’s skal Anne Nørdsti spele på årets Dansegalla i Hornindal 25.-27.august. PRESSEFOTO

PÅ DET TREDJE SKAL DET SKJE: Etter å ha annonsert Sigvart Dagsland på plakaten for Kulturdagane dei siste to åra, men kyrkjekonserten har blitt avlyst på grunn av koronapandemien, så ser det no endeleg ut til at publikum kan få oppleve artisten første helga i august. PRESSEFOTO

Kulturdagane med Dagsland og Ta sjansen Sigvart Dagsland opnar årets Kulturdagar i Hornindal med kyrkjekonsert. Etter å ha annonsert Dagsland på plakaten dei siste to åra, men pandemien har sett ein stoppar for arrangementet, så tykkjer arrangøren det er ekstra gledeleg å endeleg få den populære artisten på plass. – Her reknar vi med fullsett kyrkje torsdag, seier Elisabeth

TA SJANSEN: Det blir ei ny utgåve av Ta sjansen under Kulturdagane første helga i august. FOTO: YOURI VAN DER WERVE

G. Lødemel hos arrangøren. Kulturdagane er første helga i august, og fredag held arrangementet fram med karnevalstog. Her blir det premiering og gratis is til alle barna, før opning og underhaldning frå scena i Groparken. Der blir det utedans seinare på kveld, og då får ein teke i bruk den nye scena og danseflaken. Også laurdag blir det utedans i Groparken. Klovnen Fix kjem til Hornindal med trylle- og tulleshow,

og for dei minste blir det også hoppeslott, Eliasbåt, Bjørnis, vassaktivitetar og barnediskotek - for å nemne noko. I løpet av helga blir det elles Ta sjansen, konsert med Hornindal musikkorps, bagasjeromsmarked, underhaldning frå utescena, måleriutstilling, rebusløp, og flaskeslepp i elva. Der kan du vinne 10.000 kr. Søndag er det frukost i Groparken ved Bygdekvinnelaget. ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

BAGASJEROMSSAL: Lopper er alltid poppis, og bagasjeromssalg har blitt eit fast innslag på Kulturdagane i Hornindal.

FOTO: YOURI VAN DER WERVE


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

Kombiner tur og orientering i fjellet IL Veten og Markane IL held fram samarbeidet og tilbyr også i år turorientering i indre Nordfjord.

– I fjor var første året der vi la deler av postane på fjellkart og det vil vi gjere også i år. Med mykje snø i fjellet går det litt tid enno før postane blir

hengt ut. Men i slutten av juni håpar vi å ha fått ut alle postane, seier Henning Heimlid i Markane IL. Postane blir lagt ut i området mellom Sagedammen og Nakkjen på Fjelli, mot Gryta og Hogden i Stryn, og i Tonningskamben. – Dette skal gje varierte turar

og terreng og vi håpar det motiverer både små og store til turar i skog og fjell. Turorienteringskarta blir tilgjengelege gjennom appen «Turorientering», nettstaden Turorientering.no, og lokale samarbeidspartar. ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

«LAURDAPROMENADEN»: Den skråa, støypte muren ned mot vatnet er blitt ein ynda badeplass. I løpet av sommaren kjem også vasstrampolina på plass på Hornindalsvatnet. FOTO: ROY ARON B. MYKLEBUST

Populær innsjø i sommarvarmen På varme sommardagar er Hornindalsvatnet blitt staden å reise for mange. Her er gode tilhøve både for bading, soling og aktivitetar på vatnet. – Badestranda, Groparken og for den del heile strandsona blir meir og meir populær, og vert oppdaga av stadig fleire, stadfestar Kristine Sofie Or-

heim Hansen, dagleg leiar i Hornindal Frivilligsentral. Ho og medhjelparane hennar har fleire fingrar med i spelet for at fastbuande og tilreisande skal ha det triveleg i sentrum. Anten det er ved tilrettelegging eller gjennom utlånsbanken, der ein kan låne utstyr til aktivitetar på vatnet eller ein tur i skog og mark. «Laurapromenaden», frå kaia til badestranda, er tilgjengeleg for alle. Langs heile ruta

og i sentrum elles har eldsjelene i Hornindal næringslag planta blomar og gjort det triveleg. – Vi er heldige som har Europas djupaste og kanskje klåraste innsjø i nærområdet vårt, seier Orheim Hansen. Som og fortel at vasstrampoline og hoppeslott i vatnet vil bli lagt ut i løpet av sommaren. BENGT FLATEN bengt.flaten@fjordingen.no

17

Fjord-O i juli

POSTAR: Både på Fjelli og Stryn vert det lagt ut postar denne sommaren.

16. og 17. juli arrangerer IL Veten Fjord-O i orientering, tidlegare kjent som Nordvestgaloppen. Arrangementet er som i 2016 eit samarbeid mellom IL Veten og Ålesund-klubben Emblem. Det er løypenettet rundt Roset som er arena for den delen av arrangementet som skal gå i Stryn. Arrangøren håpar på 1.000 deltakarar, der truleg 100–150 er utlendingar. Konkurransane er for alle nivå.

REKORDHALDAR: Ein kan velje mellom lang løype på 75 km og halv distanse. I den lengste traséen skal løparane innom 20 postar. Lars Erik Skjervheim har rekorden her på 8,52,30t FOTO: OLE ELTVIK

Hornindal Rundt er tilbake Etter stillstand siste åra er det igjen klart for ultrafjelløpet Hornindal Rundt. Men snøen kan by på ei ekstra utfordring i det allereie krevjande løpet. – Ja, einaste vi ventar på er at vêrgudane skal vise sola, for vi har litt mykje snø i traseen. Men det er ikkje ei ubetinga ulempe heller, for det er eksklusivt å springe fjelløp på snø. Særleg dei frå utlandet opplever det å springe på ein fjellbre som magisk, seier Svein Otto Espe hos arrangøren. Hornindal Rundt er eitt av dei eldste ultra-fjelløpa i Norge,

og årets utgåve er den 11. i rekkja. Espe kan opplyse at dei to utøvarane som har gjennomført den lengste traséen på 75 kilometer alle åra, er påmeldt også i år. – Det er Martin Hauge Nilsen frå Ulsteinvik og vår eigen Inge Asbjørn Haugen, fortel Espe. Siste åra har målgang vore i Honndalshallen, men nytt av året er at ein tenkjer å kople løpet sterkare til Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet, og med Groparken som ramme for start og mål. – Så vi satsar på alle tiders tur i fjella også i år, avsluttar Espe, og ønskjer velkomen 9. juli. ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

Hornindalsvatnet maraton 23. juli er det klart for den 30. utgåva av Hornindalsvatnet maraton.

STUPETÅRN: Frå dette stupetårnet ved kaia er det utført mange akrobatiske hopp dei siste sommarane. FOTO: ROY ARON B. MYKLEBUST

Maratonløpet langs Europas djupaste innsjø er ei kraftprøve, anten du spring heil, halv eller nokre av dei kortare løpa som óg er poulær del av arrangementet. Tidlegare gjekk starten i nabokommunen (no Stad) på nordsida av Hornindalsvatnet. Men frå 2014 har løpet fram og

tilbake mellom Grodås og Otterdal. Årsaka til omlegginga var rasfaren på utsida av Kjøshammartunnelen, der den gamle traséen gjekk. Heilmaraton startar i området ved Hornindal omsorgssenter, går gjennom sentrum, via idrettsparken og fram og tilbake til Otterdal heilt til løparane har fullført 42.195 meter.

BENGT FLATEN bengt.flaten@fjordingen.no


18 FJORDINGEN SOMMAREN 2022 Reisetida til Hornindal er no: Hyttefeltet ligg 400 moh, 7 min med bil frå Grodås sentrum. 2 • 25 min frå Stryn Feltet består av 111 tomter på ca. 1 200 - 2 253 m og • 25 min frå Volda tre fortegningsfelt. • 1 time og 5 min frå Ulsteinvik ■ Dei fleste har utsikt mot Hornindalsvatnet • 1 time og 15 min frå Fosnavåg (Europas djupaste innsjø), og innover dalen. www.hornindalski.no • 40 min frå Nordfjordeid ■ Med opninga av Kvivsvegen har Hornindal fått • 45 min frå Stranda OPNINGSTIDER TREKKET www.harevadet.no • 1 time og 30 min frå Ålesund til Harevadet ei veldig sentral beliggenheit. ■ ■

VELKOMEN TIL Harevadet Hyttegrend er eit Harevadet Hyttegrend nytt hyttefelt i Grendadalen Laurdag og søndag kl. 10.30 - 16.30 kommune, – Idyll heile året!Grendadalen ii Hornindal Hornindal nsdag kl. 18.00 - 21.00 Medlem Sogn og Fjordane. Vinterferien (v 8) kl. 10.30 - 16.30 i Alpepass Påskeveka, alle dagar kl. 10.30 - 16.30 Harevadet Hyttegrend AS

HAREVADET HYTTEGREND

Gausemel

HORNINDAL

SKISENTER

post@harevadet.no VI TILBYR Harevadet Hyttegrend er eit www.hornindalski.no ● T-trekk 1.500 meter nytt i Grendadalen www.harevadet.no ● To hyttefelt slalåmtrasear VI TILBYR på 1.650 meter Ski for alle - hornindalski.no

• T-trekk 1500 meter ● Flomlys heilt frå toppen i ein trasé i Hornindal kommune, • To slalåmtrasear på 1650 meter Harevadet Hyttegrend liggkvar i solrike, • Flomlys heilt frå toppen i einkl. trasé ● 3 kmog lysløype, preparert til 18 Sogn 3Fjordane. km lysløype, preparert til kl 18.00 kvargje kveld, snøsikre og• idylliske omgjevnader, og kan deg

Idyll heileligg året! Hyttefeltet 400 moh, - 7 min. med bil frå hornindalski.no Grodås sentrum. Feltet består av 110 tomfacebook.com/hornindalski

kveld, kl. 10 laurdag og søndag. til kl. 22. kl 10.00 laurdag og søndag. Lys til klLys 22.00 fine naturopplevingar både sommar og vinter. Turløype rundt setrane i Grendadalenskisenter. og til og Næraste nabo tili Hornindal ● Turløype• rundt setrane Grendadalen Honndalssetra 20 km t/r, topptur til Høgenibba til Honndalssetra 1190 moh. 20 km t/r, toppturHyttegrend til Høgenibba 1.190 moh.snøsikre • Varmestove, servering – Skiutleige Harevadet ligg i solrike, hornindalski.no hornindalski.no • facebook.com/hornindalski ● Varmestove, servering ● Skiutleige facebook.com/hornindalski

naturopplevingar både sommar og vinter.

Hornindalsvatnet (Nord-Europas djupaste Harevadet Hyttegrend AS post@harevadet.no innsjø), og innover dalen.www.hornindalski.no Gausemel

www.harevadet.no NO-6763 HORNINDAL Følg har oss på Hornindal Med opninga av Kvivsvegen Tlf.: (+47) 489 54 764 Tlf.: (+47) 483 28 458

fått ei veldig sentral beliggenheit. Reisetida til Hornindal er no:

Hornindal skisenter

DANSEGALLA

25.- 27. august skjer det i Hornindal! OBS! Nytt av året. Det blir dans torsdag også!

Torsdag: Kathes i Grobygget (sentrum) dørene opnar kl.20.00, musikk frå kl.21.00 - 01.00. Fredag: Donnez og Contrazt (Dørene opnar kl 20.00, musikk frå 20.30 - 02.30) Laurdag: Steinar Engelbrektsson og Anne Nørdsti (Dørene opnar kl 20.00, musikk frå 20.30 - 02.30) Dagtid laurdag showtelt i Groparken frå kl 12.00 - 17.00. Kathes, Steinar Engelbrektsson og Anne Nørdsti. Skjenkeløyve - 18 årsgrense • Billettar www.tikkio.com eller hjå kontorpunkt Hornindal. Bubil/campingvogn camp: Tlf. 949 82083 (150 kr pr. natt u/straum - 200 kr pr. natt m/straum) Arrangør Hornindal IL Fotballgruppa


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

Vi har utstyret for ein

EVENTYRLEG

SOMMAR!

Stort utval i sykkelutstyr!

Mykje spennande i fiskeavdelinga!

dale, FOX, Giant, Cannon nk, Mucoff, Haibike, Evoc, Spa thers Maxxis, Crank Bro n! og Sweet Protectio

linga: e d v a o k s i r e rk e m Våre favoritt rmour!

er d n U g o a v i t r o p S HOKA, La

YTRE-EIDE SPORT AS Tonningsgt. 32 Tlf: 57 87 10 62

OPNINGSTIDER: Man-fre kl. 10-18 Laurdag kl. 10-16

ytreeidesport1

A

19


20 FJORDINGEN SOMMAREN 2022

Abonnement FjorDingen - DigitAl ü

Tilgang til Fjordingen sine abonnentsaker på nettavisa

ü

eAvisa - heile papiravisa digitalt

ü

Digitalt arkiv - her kan du sjå tilbake på eldre utgåver av Fjordingen

Tingar du abonnement Før 27. juni får du Fjordingen digitalt ut august 2022 for

kun kr.

1,-

Tingar du abonnement etter 27. juni får du Fjordingen digitalt

første mnd for kun kr.

49,-

Deretter kostar det

149,-

kr pr.mnd.

For meir info ta kontakt: Tlf. 57 87 45 00 - abonnement@fjordingen.no eller sjå våre kundeservicesider på www.fjordingen.no

Førehandssal av

StryNeSOga Strynesoga, den nye bygdeboka for Stryn, er planlagt i fem bind. Først ute er stryningar busette frå Hopland til og med Markane. Deretter kjem bøker om dei andre bygdene i kommunen, Vikane, Olden, Loen, Oppstryn og Nedstryn.

Bestill og kjøp bygdeboka no - då hjelper du Stryn Historielag med trykking av bind 1 (av 5) i Strynesoga: Randabygda/Hopland, Fjelli, Blakset, Markane og Faleide. Boka kostar kr. 500,Betal til følgjande kontonummer og merk betalinga med “Strynesoga 1” Sparebanken Sogn og Fjordane kontonummer: 3705 41 62392 Sparebanken Vest kontonummer: 3626 33 16678 Du kan også betale med VIPPS: #509002 til Stryn Historielag. Boka kjem hausten 2022 - dette er spennande og lærerik lesing! Annonsa er betalt av:

Velkomen til sommarhandel i fagre Stryn! STRYN HANDEL www.strynhandel.no


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

Nordsida

•• Tvinnefossen •• Kulturdag på Ulvedal •• Kulturløypa

21


22 FJORDINGEN SOMMAREN 2022

PILKAST: Varm opp med pilkast før du set nasen mot Tvinnefossen!

DUSJ: Litt ut på sommaren, når Tvinnefossen ikkje er på sitt største, kan ein driste seg til ein liten dusj bak fossen.

AKTIVITETAR: Langs vegen til fossen har det siste åra vore laga til ei rekkje aktivitetar for store og små. Eitt år kunne ein skrive på steinar frå Lote-stranda.

••Tvinnefossen i Randabygda:

Karoline er blitt «vertinna ved Tvinna» Som næraste nabo er Karoline Lunde på mange måtar blitt vertinna for det spektakulære vassfallet Tvinnefossen i Randabygda. Lunde er busett på enden av grusvegen, som strekk seg om lag ein kilometer austover frå Rand Skule. Frå henne og mannen Edvin går det ein traktorveg inn skogen, og fram til fossen. Det som gjer den spesiell, i tillegg til eit mektig og flott syn, særleg i snøsmeltinga, er at den renn av eit framspring i berget som gjev rom for å bevege seg under fossen. Det skal vere eitt av få fossefall i NordEuropa med veg for folk og dyr bak fossefallet. Namnet Tvinna kjem av måten elva renn i det bratte landskapet, i fossar og

kvervlar, ikkje ulikt slik garn vert tvinna.

Gøymd perle

Frå å vere ein attraksjon som helst dei lokalkjende tok med gjestene sine til, har dette også blitt eit populært turmål for turistar dei siste åra. Som så ofte elles måtte det tilflyttarar til for verkeleg å få auga opp for den litt gøymde attraksjonen. – Eg og Anne Therese Eikeland kom nye inn til bygda og vi tenkte at dette er no ei perle, og kvifor var det så attgrodd? Vi fann ut at vi måtte lage oss ein hobby. Så då starta vi å rydde, ta ned litt tre og slå langs kantane. Og karane var med, fortel Lunde. Dette var i 2014. Dei pønska også ut aktivitetar og «postar» som skulle gjere turen fram til fossen endå kjekkare, særleg for barnefamiliar. – Vi fann ut at vi skulle ha noko for lattermusklane og noko for hovudet. Så vi hadde litt av kvart, smiler Lunde. Her

VETESTOVA: For over tusen år sidan, då ein nytta vetesystemet med bål som varsling om fiendar, vart denne vesle stova bygd på Ulvedal.

kunne ein måle på steinar, kaste piler, «vasse i pengar» og fleire andre kreative aktivitetar. Framleis prøvar dei å få til noko kvart år, slik at opplevinga fram til fossen skal få ein ekstra dimensjon. Og Edvin er den som får sett mange av ideane ut i livet. – Eg seier eg vil ha det sånn og sånn, og så fiksar han det, ler ho.

TVINNEFOSSEN: Fossefallet, eit par kilometer aust for Rand skule, er blitt eit po blitt «Tvinnefoss-vertinna».

Auke i besøket

Og Lunde har merka ein stor auke i besøket siste åra, spesielt frå barnefamiliar. Ho trur at grepa dei har gjort har bidrege til at fleire ønskjer å kome, men det som verkeleg har skote fart i besøket til Tvinnefossen trur ho er sosiale media. – Ja, eg trur det er den vesentlege årsaka til at det kjem meir folk. Folk legg ut at ein var «her og her», og fine bilde. ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

BAGGEHOLA: I følgje soga søkte Helje Bagge skjul i denne hola i Ulvedalsfjellet kring år 1500.

GJENNOM TUNET: Besøkjande må gjennom tunet til både naboen og Lunde og mannen for å ta seg inn til fossen. Det tykkjer Lunde er heilt greit.

KVERNHUSDALEN: I den Øvre kulturløypa finn ein sju restaurerte kvernhus.


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

23

Flott utgangspunkt for turar til fjell og fjord På Nordsida er det mange fine turmogelegheiter. Eit enkelt utgangspunkt for fjellturar er Nordfjord fritidssenter (ca 500 m.o.h.). I området ligg det fleire støylar og til desse går det stiar eller grus-/traktorveg som gjer det lett å finne fram. Ønskjer ein lenger turar er Bergsetnakken (1.133 m.o.h.) og Heida (990) to

fine alternativ. Ein annan fjelltur som er å anbefale, er Glitteregga (1.298). Då kan ein gå frå fritidssenteret, gjennom Buberskaret og til Klebergsdalen, eller starte turen i Slettene ved Nosatunnelen eller frå Randastøylen. Eit anna tips er å ta turen ned til fjorden, anten på Bergset- eller Sølvbergssida. På Bergset

startar turen på Lillejord, og frå her slynger ein ca. 1 km bratt sti seg nedover berget. Frå Sølvbergstunet går ein litt slakare sti. Nede ved fjorden møter du eit idyllisk syn med frukthagar, naust, og ein gammal husmannsplass. ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

BERGSETNAKKEN: Her får du mykje utsikt for strevet.

FJORDIDYLL: Ved Sølvbergsnausta, og Bergsetnausta på andre sida av elva, er det frukthagar og gamle bygningar.

KJEM TIL ULVEDAL: Odd Nordstoga skal halde konsert ved Sagedammen på Ulvedal siste laurdagen i august. PRESSEFOTO

••Kulturdagen på Ulvedal:

opulært turmål. Karoline Lunde er «næraste nabo» og er på mange måtar

Konsert med Nordstoga Kulturdagen på Ulvedal blir i år markert med konsert siste laurdagen i august. Og det er ein av landets store festivalartistar, Odd Nordstoga, som entrar scena ved Sagedammen på Ulvedal.

FLOTT SYN: Tvinnefossen er eit mektig syn, særleg i snøsmeltinga. Det som gjer den heilt spesiell er at ein kan gå bak fossen og over til andre sida.

Kulturløypa på Ulvedal Ein skil mellom Øvre og Nedre kulturløype. I førstnemnde kan ein oppleve kvernhusdalen med sine sju restaurerte kvernhus. Vidare går råsa til Vetestova, ei over tusen år gammal vakthytte frå tida med vetesystem, då ein brukte bål for å varsle om fiendar som var på veg inn fjorden. Frå Vetestova går det sti nedom husmannsplassen Rabben, vidare gjennom det flotte Ulvedals-tunet og til Lunden og

Tjærehjellen, før ein er tilbake til Sagedammen. I den Nedre kulturløypa kan ein besøke Baggehola. Soga fortel at Helje Bagge heldt skjul her etter eit futedrap i Innvik på tidleg 1500-tal. Like ved ligg eit utsiktspunkt som gjev mektig utsyn mot fjorden, og går ein endå litt vidare kjem ein til ein gammal frukthage, der det i nyare tid er planta ut ei rekkje blomar, plantar og buskar. Stiane er jamt over godt merka.

– Først var det ein draum, og no blir det ein realitet, strålar Ane Bergset Mandal i arrangementskomiteen. – Eg trur det blir magisk med Odd i sitt rette element, mellom gardar og i naturen ved det fine vatnet. Eg trur mange vil få det med seg, og eg er ikkje bekymra for at det ikkje skal kome folk. Eg trur det blir kø frå Kvalen og inn, smiler Mandal, og antydar ca. 600 sitjeplassar i amfiet.

Konsert og ispedd bakst frå steinomnen

Kulturdagen på Ulvedal har blitt eit meir eller mindre fast innslag sommarstid, sidan den såg dagens lys på tidleg 2000tal. Innhaldet har variert gjennom åras løp, med skodespel,

konsertar, aktivitetar og konkurransar. Men i alle år har friluftsområdet ved Sagedammen vore utgangspunktet.

Eg trur det blir magisk med Odd i sitt rette element, mellom gardar og i naturen ved det fine vatnet

Ane Bergset Mandal

Når arrangøren vel å satse på ein artist av Nordstoga sitt kaliber, har dei også valt å konsentrere innsatsen om konserten. – Ja, det blir berre konsert, for det vert meir enn nok arbeid med den, seier Mandal. Dei satsar likevel på å fyre opp steinomnen, og sal av bakst frå den. Eit alltid populært innslag.

– Typisk Nordsida

Bergset Mandal ser ikkje mørkt på å ta på seg eit så stort arrangement på ein så liten plass.

KONSERTARENA: Siste helga i august vert idylliske Sagedammen, med amfi til ca. 600 personar, konsertarena. Heller tvert imot. – Vi er avslappa. Det hadde eg ikkje vore andre stader, men på Nordsida stiller folk opp og støttar kvarandre og eg er trygg på at det går fint, seier ho. ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no


24 FJORDINGEN SOMMAREN 2022

SUBARU SOLTERRA AWD NY E-SUV - SAMME DNA Velkommen til prøvekjøring!

Pris fra 488 900,-*

FORD KUGA HYBRID

Firehjulstrekk

og X-mode som standard

Høy bakkeklaring 21 cm

Velkomen til prøvekøyring!

Inntil 466 km** WLTP-rekkevidde

Subaru Safety Sense

Avansert Sikkerhetspakke

FORD KUGA LADBAR HYBRID Subaru Care-app OPPTIL 56 KM ELEKTRISK REKKEVIDDE Tilkoblingssystem

FRÅ 454.000,-

HEILELEKTRISK I KVARDAGEN - PLASS OG REKKEVIDDE TIL HELGETURANE *Veil. kundepris levert Oslo, lokale lev. kostnad kan tilkomme. Bildene som er vist her er kun for illustrerende formål, og kan avvike fra modellens standardspesifikasjoner. Det tas forbehold om skrive- og trykkfeil. ** Elektrisk rekkevidde avhenger av modellvariant, kjørestil, veiforhold, utetemperatur, varme/ Prisen er inkludert frakt og levering, Stryn. CO2-utslepp frå 125 – 130 g/km (1.0L EcoBoost hybrid 125HK - 1.0L EcoBoost hybrid 155HK). Blanda drivstofforbruk frå 0,55 – 0,56 l/mil (1.0L EcoBoost hybrid 125HK klimaanlegg forhåndstemperering. 1.0L EcoBoost hybridog 155HK).

Åpningstider: Man-fre 08-16 Lør 10-14

Salgskontakt Ford Knud Frausing, mob: 481 45 880

rgesfôr bruker organisk selen og eamin i IDEAL svinefôr - blandingar. DDD

DRØV Serien til melkekyr og storfeoppdrettR

FOTO: CATHRINE DOKKEN

• •Norgesfôr Norgesfôrbruker bruker varmestabil varmestabil Levucell® Levande LevandeGjær Gjærii DRØV-blandingar. DRØV- blandingar. • Norgesfôr bruker organisk selen og • Norgesfôr bruker organisk selen og ee-vitamin i IDEAL IDEAL svinefôr-blandingar. Serien til purke, smågris og slaktegris vitamin i IDEAL svinefôr - blandingar. FOTO: CATHRINE DOKKEN

rgesfôr bruker varmestabil Levucell® vande Gjær i ØV- blandingar.

www.norgesfor.no

frå Ottadal Kraftfôr frå OttadalenKraftfôr Mølle Kontakt for tilbud og bestilling: Kontakt Kontakt for for tilbod tilbod og og bestilling: bestilling: Ottadalen Tlf:61 6121 2118 1820 20 Ottadalen Mølle, Mølle, Lom: Lom: Tlf:

Ottadalen Mølle, Lom: Tlf: 61av2småse Tenden Tlf:57 5787 0769 6910 11 Tenden Transport: Transport: Tlf: GRATIS utkjøring Kraftfôr fr Salg, Salg, Vestlandet: Vestlandet: våre lager Tenden Transport: Tlf: 57 0 i Stryn, Sogn John Tlf:94 9479 7915 1579 79 John Magne Magne Tlf: Susann Tlf:48 4800 0093 9377 77 Susann Tlf. Salg, Vestlandet: • NorgesfôrTlf: bruker94 varme7 IDEAL Serien til purke, smågris og slaktegris

DRØV Serien til sau og lam

Gjær i Besøk Levande vår heimeside www.no

Kraftfôr fråfacebook Ottada Følg oss på av for tilbu Gratis utkøyring DRØV- blandingar.

FOTO: CATHRINE DOKKEN

• Norgesfôr bruker organ vitamin i IDEAL svinefôr • Norgesfôr bruker varmestabil Levucell® Levande Gjær i DRØV- blandingar.

småsekk og storsekk våre lager i stryn, småsekkfrå og storsekk frå GRATIS utkjør • Norgesfôr bruker organisk selen og evitamin i IDEAL og svinefôr - blandingar.våre lager sogndal Ørsta!

GRATIS utkjøring av våre lager i Stryn, Sogndal og Ørsta!

Besøk vår heime

GRATIS utkjøring av smås Følg oss på våre lager i Stryn, Sog Besøk vår heimeside: Besøk vår heimeside www.n www.norgesfor.no/ottadalen

Besøk vår heimeside www.norgesfor/ottadalen.no

IDEAL Serien til purke, smågris og slaktegris

DRØV Serien til geit

Følg oss på facebook for tilbud og nyheiter!

Kraftfôr frå Ottadalen Mølle • Norgesfôr bruker varmestabil Levucell®

Følg oss på facebook for tilb

Følg oss på facebook for tilbod og nyheiter!


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

Oppstryn •• Stisykling •• Jostedalsbreen Nasjonalparksenter •• Segestad

25


26 FJORDINGEN SOMMAREN 2022

Kafé og kajakkutleige på Hjelle I Gamlebutikken på Hjelle kan du få ein smak av det britiske. Der tilbyr vertinna Emma Hjelle «engelsk afternoon tea», i tillegg til kaffi og lokale spesialitetar.

Gamlebutikken, som har røter tilbake til 1882 då berre 20 år gamle Thor Hjelle starta opp med handelsverksemd i «gamle buda», er no kafé og utsal for kunst og brukskunst, engelsk porselen, lokale speisalitetar og delikatesser. I kafeen er pizza og engelsk Afternoon Tea spesialitetane.

Gamlebutikken er open tysdag til søndag i sommarferien. Nytt av året er utleige av SUP-board og kajakk frå den gamle garasjen til hotellet. Her blir det også sal av is og brus. Det er sonen til Hjelle, 12 år gamle Thor Robson som skal drifte dette tilbodet.

VERTINNE: Emma Hjelle er frå England, noko som også pregar menyen.

NYTT TILBOD: Thor Robson, son til Emma og Lorentz Hjelle, tilbyr utleige av kajakk og SUP-board. Det skjer frå garasjen i hotellet.

••Aktiv ferie i Oppstryn:

Full fres på Folven Fred Syversen er skikøyraren frå austlandet som forelska seg i Oppstryn og Sommarskisenteret i ungdomsåra, og som valde å busette seg i bygda som vaksen. Her har han gjort interessene for ski, sykkel og klatring til levebrød, og Folven Camping er utgangspunktet for det meste. – Det er mange grunnar til å spandere tid her for å finne på ting, seier Syversen, og dreg fram dei flotte sykkelstiane, klippene ein kan klatre i og Oppstrynsvatnet som inviterer til både fisking, kajakk og SUPboard. – Så det er mykje å finne på, og ein må vere her meir enn ei helg altså, smiler Syversen. Særleg når det gjeld å utvikle tilbodet til dei sykkelglade, har Syversen og gode hjelparar lagt ned ein imponerande innsats. – Vi har bygd ein sykkelsti som startar ved Øvstefoss og endar nede ved Folven. Ei fantastisk mogelegheit. Om ein er nybyrjar, og ikkje klarar å sykle heile, så klarar ein å sykle deler av den. Så har ein stiane som går i Erdalen og Sunndalen, og

FOLVEN CAMPING: Syversen tok over campingplassen på Folven i 2013 og den fungerer som ein base for aktivitetane og festivalane han har utvikla. Der har han 35 større og mindre hytter.

SYKKELSTI: Fred Syversen i godt driv i den flotte sykkelstien som er tilrettelagt mellom Øvstefossen, via Napen og til Folven. Totalt ca sju kilometer tilrettelagt sti. Her litt nedanfor Øvstefossen.

«Glæra», som går frå Skjeringsdalen. Også kalla «Himalayastien». For dei utan så mykje erfaring anbefalar Syversen å halde seg nede i dalen, og dreg fram Guddalsskogen og bak sætra i Erdalen som fine plassar.

Mange av planane Syversen

hadde då han kom i 2013, er sett ut i livet, takka vere enorm dugnadsinnsats frå bygdefolket og velvillige grunneigarar. Han er no inne i sin 10. sesong ved Folven. Tida anar han nesten ikkje kvar er blitt av. Han har lært campingdrift «the hard way», men har funne eit konsept både han og gjestane trivst med. Og han ser at Folven er kanskje ein litt utypisk campingplass.

KLATREVEGG: Ved inngangen til Sunndalen ligg eit flott og lett tilgjengeleg klatrefelt, «Klippa».

NYDELEG TURTERRENG: Sunndalen, og dalane elles i Oppstryn, inviterer til flotte turar sommarstid. Når det er snø i fjellet skal ein derimot vere forsiktige på grunn av rasfaren.

Via ferrata

Også mogelegheitene for klatring er gode. Blant anna ved inngangen til Sunndalen, like

VIA FERRATA: Rett ved «Klippa» ligg Via ferrata. Her klatrar ein i juvet over Sunndøla.

ved Folven camping. – Ein kan gå rett frå campingen og opp til «Klippa» eller Via ferrata. Eventuelt kan ein sykle eller køyre til Erdalen. Ved Folven kan du leige utstyr til å klatre via ferrata. Ei rute som gjev ei heilt spesiell oppleving, der Sunndøla fossar under deg i juvet.

– På dagtid er det ingen her

– Du veit, på dagtid er det ingen her. Ved andre campingplassar kan det vere litt folk her og der som slappar av, men her er det tomt. Alle er ute og gjer noko. Så då kan vi slappe av eller reise ut å sykle, ler Syversen. ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

27

Ta sjansen og fiskefestival i august 13. august vert det ein skikkeleg festival- og familiedag i Oppstryn. Då er det igjen klart for Ta sjansen, og i tillegg børstar dei støv av fiskefestivalen. Dagen startar med fiskefestival i Oppstrynsvatnet, før kreative farkostar set utfor rampen i Ta sjansen. Det heile skal avsluttast på Matstova

med levande musikk, opplyser Terje Guddal hos arrangøren Oppstryn ungdomslag. Nytt av året er at arrangementet blir avvikla ved nasjonalparksenteret. Noko anna som er nytt er tidspunktet. – Det blir litt seinare på sommaren, før vart det kombinert med jonsokfeiringa, så

no blir det litt varmare i vatnet og, smiler Guddal, som håpar mange vil melde på båtar til konkurransen. Han lovar flott premie til den best gjennomførte båten, og seier at You Tube, og filmar frå tidlegare utgåver, kan vere ein fin plass for inspirasjon og tips til bygginga.

2016: Den gong 3,5 år gamle Peder Guddal var med i fiskekonkurransen.

TA SJANSEN: Tidlegare utgåver av Ta sjansen har vore arrangert ved Lund stadion. I år blir det ved Nasjonalparksenteret. Her frå 2017.

BOTANISK HAGE: Dagleg leiar Wenche Nesje kan by på både utstillingar og aktivitetar ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Her i den botaniske hagen finn ein kring 200 blomar. FOTO: GUNNHILD SINDRE

Leik og læring ved nasjonalparksenteret Jostedalsbreen Nasjonalparksenter har opna dørene for sesongen, og dagleg leiar Wenche Nesje tykkjer det er kjekt å helse utlendingane tilbake.

FLATAR UT: Nedanfor Skåre flatar sykkelstien ut, og her kryssar ein rv15 før ein held fram langs elva og vidare gjennom lysløypa i Oppstryn før ein tek hovudvegen siste biten ned til Folven.

– Cruiseturistane har kome tilbake for fullt, i tillegg til individuelle utanlandske, noko som er særs gledeleg, seier Nesje, som reknar med auka besøk frå nordmenn når fellesferien står på trappene. Ved nasjonalparksenteret kan ein fort bruke ein heil dag, viss ein vil det. Her kan ein lære om geologi, botanikk, skred, lokal historie, kulturlandskap

og dyreliv. – I tillegg har vi ein geologisk park der ein kan få eit spennande innblikk i bergartar frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn og deira geologiske historie. I den botaniske hagen kan ein sjå rundt 200 blomar og plantar som er henta frå nærområdet, fortel Nesje. I tillegg til kafé og ein gåvebutikk, byr senteret også på utleige av kano og SUP-brett. Og ei flytebrygge like ved inviterer til bading. – Dette er eit kjekt tilbod for badeglade bygdefolk, samt tilreisande som ønskjer å ta seg ein dukkert i Oppstrynsvatnet. ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

KOLLEGA: Kenneth Mangersnes er naturrettleiar ved senteret. – Ein framifrå ressurs, skryt dagleg leiar Wenche Nesje.

Segestad - kort tur og storslått oppleving Ved Hjelle i Oppstryn, omkransa av brear og fjell, ligg garden Segestad. Røtene går heilt tilbake til vikingtida.

SEGESTAD: Frå den vesle fjellgarden i Oppstryn har ein eit flott utsyn mot fjell og vatn. FOTO: MARIE JOHANNE FOLVEN

Garden Sigdestad, eller Segestad som ein uttalar namnet i dag, ligg på ei lita fjellhylle, i munningen av Glomsdalen, like ved Hjelle. Den ligg rett i overkant av 300 m.o.h.

Det skal ha vore ei eiga fjellgrend her oppe i dalen med gardane Selstad, Nås, Flåten og Tømra, i tillegg til Sigdestad. Lengst inne i Glomsdalen, på setra Stol, har ein funne kolgroper som fortel om liv heilt tilbake til jernalderen.

Liten times tur

Turen startar frå parkeringsplassen på Glomnes, og etter nokre hundre meter på bilveg byrjar stien opp til garden. Det

er ein tidvis bratt sti, og vil nok for dei fleste ta ein stad mellom 30 og 60 minutt. Frå Segestad har ein ei flott utsikt mot store delar av Oppstryn. Der er fire bygningar som er opne for publikum, og ein tur innom grindeverks-løa frå 1890, eller gråsteinshuset frå 1908, gjev smakebit frå ei svunnen tid. ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no


Kjære abonnent! LOKALAVISA FOR INDRE NORDFJORD NR. XX, 82. ÅRGANG LAUSSAL KR 25,- FREDAG 26. MAI 2017 FJORDINGEN.NO

Denne ubåten finst det berre tre av i verda

Hugs at som abonnent på papiravisa har du 28 FJORDINGEN SOMMAREN 2022 også tilgang til eAvisa (papiravisa digitalt) og alle abonnent-sakene på www.fjordingen.no

Allsidig arbeidsveke for 9. klassingane SIDE 13

Kan plukke jordbær om tre veker SIDE 11

Fjordingen

• O.E Hagen AS i Stryn har investert • Den ubemanna ubåten kan gjere

10 millionar kroner i ein heilt spesiell risikofylte inspeksjonar opptil seks ubåt som gir dykkerfirmaet nye opp­ kilometer inne i vasskrafttunnelar. SIDE 5 drag, spesielt retta mot kraftselskap.

Djupe hol og oppsmuldra asfalt på fylkesveg 60 i Hornindal

7 0 9 0 0 3 5 3 8 0 0 10

gir deg nyheiter du kan stole på.

UNIK UBÅT: F.v.: Sigbjørn Hagen, Olav Erik Hagen og Per Magnus Teigen i O.E Hagen AS viser fram ubåten som det pr. i dag finst berre tre av i verda. ROV-ubåten kan gi firmaet frå Stryn nye oppdrag langt utover landegrensene. FOTO: ROGER OLDEIDE

SIDE 8

Loen Skylift får 300.000 til digital marknadsføring SIDE 9

Musikalsk søk mot nordnorske røter SIDE 6

Går av etter 31 år som helseog sosialsjef SIDE 10

• Leiker •• Leiker Reiseeffekter •• Reiseeffekter Bøker •• Bøker Barneutstyr •• Barneutstyr Kontorrekvisi • Kontorrekvisita

For å få tilgang til eAvis og abonnent-saker på www.fjordingen.no må vi ha registrert mobilnummeret eller mailadressa di i vårt abonnementsystem. Er du ikkje registrert, send mobilnummeret og mailadressa di til: abonnement@fjordingen.no åten finst så ordnar vi det. Denne ub tre av i verda det berre ar du iravisa h Er dette i orden kan du berre følgje oppskrifta under:

t! n e n n o ab KjæreFølg medpap

) og t på abonnen apiravisa digitalt o m o s t a s på det som (p isa gen.n Hug g til eAv på www.fjordin n a lg ti å ogs ene nent-sakskjer alle abon

1

i ditt distrikt.

82. D NR. XX,

E NORDFJOR

A FOR INDR LOKALAVIS

ÅRGANG

LAUSSAL

KR 25,-

26. MAI FREDAG

EN.NO

DING 2017 FJOR

Allsidig ke for arbeidsve ne 9. klassinga 13 SIDE

Kan plukke jordbær om tre veker

Slik gjer du det: SIDE 11

Gå inn på k søk Musikals www.fjordingen.no mot nord- er kan gjere na ubåten norske røt s Den ubeman opptil sek og trykk på tert • fylte inspeksjonar ves lar. in nne n har siko i vasskrafttu en AS i Stry heilt spesiell ri lometer inne • O.E Hag «LES EAVIS» kroner i ein opp­ ki 10 millionar dykkerfirmaet nye p. selska t som gir lift mot kraft i ubå øverste sielt rettahøgre hjørne* Loen Sky 0 drag, spe .00 dag det pr. i ten som fram ubå ROGER OLDEIDE AS viser FOTO: i O.E Hagenlandegrensene. nus Teigen utover Per Mag drag langt Hagen og nye opp , Olav Erik maet frå Stryn gi fir bjørn Hagen F.v.: Sig båten kan UNIK UBÅT: i verda. ROV-u av berre tre

finst

SIDE 6

SIDE 5

får 300 til digital marknads føring

og Djupe hol ra oppsmuld * for å lese e-avis på nettbrett eller asfaltesvpåeg 60 fylk smarttelefon må du i tillegg laste ned i Hornindal 03 7 090

10 5 3800

vår app i Appstore (iphone/ ipad) eller Playbutikk (android).

Tonningsgt. 23, 6783 STRYN. Tonningsgt. Tlf. 57 8723, 106783 16 STRYN. Tlf. 57 87 10 16

er 31 Går av ett seår som hel jef og sosials

SIDE 9

3

SIDE 10

SIDE 8

fjordingen.no

Trykk på gen.no «Ny bruker» ystem. rdin nements www.fjoHer skriv n å o p du inn b r a e k rt a å a di i v nnent-s di og ailadress epost-adressa is og abo dieittil:passord. lagar ssadeg g til eAv ummeret eller m g mailadre n a lg ti o Trykk på «registrer» For å få gistrert mobiln mmeret re mobilnu r vi det. må vi ha registrert, send a n o så ord je Er du ikk nt@ fjordingen.n nder: e m e n n skrifta u abo lgje opp fø e rr e an du b i orden k Er dette

Bokhandel i over 100 år! 1920 - 2022

4

2

Du får så tilsendt ein epost til den adressa du har oppgitt. Bekreft denne, og logg deg inn med epostadressa og det passordet du valde, og registreringa er fullført.

Vi har: Vi har: Indre Nordfjor Vi harNordfjord boka: Indre (Presteboka (Presteboka) Indre Nordfjord (presteboka)

Trøbbel? Kontakt oss: Tlf. 57 87 45 00 eller abonnement@fjordingen.no

Treng du transport? du det : r e j g k i Sl

1

Gå inn på ingen.no rd www.fjo på og trykk VIS» «LES EA ørne* høgre hj e i øverst

I bilparken har vi:

3

www.fjordingen.no

ein tilsendt Du får så n adressa du de e, til st epo reft denn gitt. Bek har opp g inn med de og logg det essa og epostadr du valde, og t ørt. passorde fu ga er llf registrerin

2 bilar • 3 minibussar ler brett el på nett ned gg laste se e-avis * for å le on må du i tille / ipad) eller ef ne el ho tt smar re (ip to ps Ap i vår app k (android). Playbutik

(også for rullestolbrukarar)

2

Trykk på r» ke «Ny bru du inn Her skriv ssa di og re ad epostord. g eit pass lagar de egistrer» «r Trykk på

4

? Trøbbel s: os Kontakt ler 45 00 el ingen.no 87 57 f. Tl rd ment@ fjo abonne

For bestilling eller andre spørsmål ring:

57 87 23 50

.no rdingen jo .f w w w

Lik pris i butikk som på nett Besøk oss i sommar besøk oss under strynefor for mange gode tilBod! messa mange gode tiLbud!

Power Stryn, Perhusvegen 25, 6783 Stryn // Telefon: 91 07 35 69 35 37 41 // varehussjef.stryn@power.no varehussjef.stryn@power.no Telefon 99

www.power.no


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

Loen & Lodalen •• Skåla Opp

•• Via Ferrata •• Loen Play

29


30 FJORDINGEN SOMMAREN 2022

Motbakke-stjernene har meldt sin ankomst

Har delteke i alle løpa Totalt ti personar har fullført samtlege av dei 19 løpa som er avvikla. Dette er Anbjørn Sølvberg , Jan Egil Gjørven, Kåre R. Haugen, Oddgeir Bukve, Kjetil Magnar Guddal, Lars Håheim, Kjell Olav Kusslid, Hans Bjørn Kvalsvik, Kjell Erling Mundal og Endre Risøy. Planen er å markere dei som fullfører for 20. gong i samband med grillpartyet som skal vere i hagen ved Alexandra etter løpet.

JOSEPH GRAY: Vinnar frå 2013, Joseph Gray stiller til start i år.

Blant dei mange påmelde til den truleg siste utgåva av Skåla Opp, finn ein fleire store namn. Tidlegare vinnarar som Stian Angermund-Vik, Joseph Gray og Torbjørn Ludvigsen har meldt sin ankomst til Loen. Av lokale håp finn vi den unge motbakkespesialis-

ten Trym Dalseth Lødøen, eidar med far frå Hornindal. På kvinnesida er fjorårsvinnar Karoline Holsen Kyte, jølstringen Eli Anne Dvergsdal og tidlegare OL-deltakar, Kirsten Maraton Melkevik påmeldt. Også den kvinnelege løyperekordhaldaren, Anita Håkenstad Evertsen, stiller.

Totalt var det flest deltakarar i 2014 med 1.900 løparar og mosjonistar. Også interessa for å delta i årets utgåve har vore upåklageleg. Så langt er 870 konkurranseløparar påmelde. Sidan ein veit av erfaring at kring 20 prosent ikkje kjem til start, tek dei imot 950 påmeldingar før dei set strek.

••Skåla - 1.848 m.o.h.

Frå rekreasjon til motbakkeløp og attraksjon Det var neppe eit konkurranseløp doktor Hans Henrik Gerhard Kloumann såg føre seg i 1891. Opphavsmannen til steintårnet på Skåla hadde helst rekreasjon i tankane. Laurdag 13. august er det klart for motbakkeløpet Skåla Opp. Det blir tjuande, og truleg siste gong, ein arrangerer løpet i det som populært vert kalla «NordEuropas tøffaste motbakke» Det er eit løp som utan tvil har sett den mektige fjelltoppen på kartet for alvor, og sjølv om konkurranseutøvarane pesar seg opp på imponerande tider, er det for folk flest framleis rekreasjonen som er det viktige. Og skal ein få ein fin tur, både med tanke på å nyte dei

flotte omgjevnadane og porsjonere kreftene riktig, ja då bør ein setje av dagen. – Norges lengste motbakke, som Bjørn Dæhlie sa, så ein må starte roleg i alle fall. Mange føler seg friske og kjappe første delen, men det blir ofte seigt frå Skålavatnet og opp, seier Erik Rune Brendefur, dagleg leiar for Loen Active og løpsleiar for Skåla Opp. –Ein må tenke på at det er over 1.800 høgdemeter. Så ta pausar undervegs og ta det som ein dagstur, viss ein ikkje er godt trena. 6-7 timar opp og ned er heilt normalt. Og hugs ein skal gå heilt ned att. Mange tenkjer det er «pice of cake», men det også tek tid.

God sti

Elles er han klar på at niste og drikke i sekken er eit «must», samt ekstra klede. – Ein kan også fylle på med vatn frå elva, ved Sjingla-brua,

ved Skålavatnet og i skaret på ca 1.400 høgdemeter. Men der er ikkje vatn på toppen, minner han om. På føtene brukar han sjølv helst lette joggesko. Ønskjer ein ekstra ankelstøtte kan fjellsko vere lurt. Stien har gjennom fleire år blitt utbetra, og så sant det ikkje er for vått er det tørr og god sti med lange steintrappeparti og lett å fote seg.

Nytt løp til Hoven

Tanken når ein gir seg med Skåla Opp er å få til eit liknande løp i tilknyting til Hoven. Det vil vere atskilleg enklare å avvikle arrangørteknisk, deltakarane kan nytte gondol på returen og ikkje minst er det flotte fascilitetar på toppen. – Men først må vi ha ein gangog sykkelveg frå Rake til Loen. seier Brendefur, og håpar det kan vere klart innan 2024. ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

POPULÆR FJELLTOPP: Motbakkeløpet Skåla Opp har verkeleg sett det 1.848 meter høge fjellet på kartet. I år er truleg siste utgåva, men løpsleiar Erik Rune Brendefur har planar om eit nytt løp til Hoven.

Har opplevd ein enorm interesse for Via Ferrata Kvart av dei to siste åra har ein stad mellom 15.000 og 20.000 klatra Via Ferrata i Loen.

GJØLMUNNESTRENGEN: I 2015 kom denne wirw-brua på plass over Gjølmunna. Men du MÅ ikkje gå den for å kome deg til topps. FOTO: SVERRE HJØRNEVIK

– Det har vore heilt ekstremt. Vi hadde dobling frå 2019 til 2020, men det får vi nok ikkje i år, seier dagleg leiar i Loen Active, Erik Rune Brendefur. Med såpass mykje besøk i fjor betydde dette i praksis at 250300 personar skulle opp fjellet

kvar einaste dag i juli. Likevel klarte ein å unngå dei verste kødanningane. – Vi klarte å fordele det greitt, og fekk dei første gruppene av garde klokka 08.00 om morgonen. I dei to rekordsesongane har kring ti tusen av dei besøkjande nytta guide, og kring halvparten av desse igjen har leigd utstyr. Med andre ord har klatreløypa opp til Hoven blitt ein knallsuksess også økonomisk.

Fire ruter

Via Ferrata Loen er ein spektakulær klatresti som er sikra med wire heile vegen, og tek deg til toppen av Hoven på 1.011 moh. Du klatrar heile tida med ei storslagen utsikt mot Nordfjorden, Lodalen, Oldedalen, Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen. På toppen ligg Hoven Restaurant, og ned att kan du ta Loen Skylift. Som ein del av ruta opp kan du krysse Gjølmunnebrua, den lengste Via Ferrata-brua i Europa.


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

Rekordar Skåla Opp

31

Populære DNT-hytter Skålatårnet og Skålabu er sjølvbetjente DNT-hytter. Skålatårnet er utvilsamt Norges, eller kanskje verdas mest spesielle turisthytte. Og Skålabu, som vart opna sommaren 2017, var i fjor ei av dei mest besøkte DNT-hyttene i landet. Det er Bergen og Hordaland Turlag som eig og driftar turisthyttene på Skåla.

Damer: 1t 20 min. 6 sek.: Anita Håkenstad Evertsen (2008) Herrar: 1t 8 min 39 sek. (opprinneleg sti): Jon Tvedt (2007) 1t 7 min 6 sek. (ny sti): Ahmet Arslan, Tyrkia (2012)

(Foto: Roger Oldeide)

SKÅLATÅRNET: Det var doktor Hans Henrik Gerhard Kloumann som fekk ideen til Skålatårnet. Det vart bygd i 1891 for rekreasjon i den friske fjellufta.

LUFTSPORT: Hoven er blitt eit ynda fjell for luftsportutøvarar. Med gondolen kan ein gjennomføre mange hopp for dag. For folk flest er utsikta frå toppen meir enn vel nok. FOTO: ROY ARON B. MYKLEBUST

Luftsport og luftig pizza «Luftig» er fellesnemnaren på Hoven i Loen. Anten det er snakk om dei mest vågale som kastar seg utfor fjellet for flygetur, turistar i via ferrataen, folk på fjelltur - eller pizzaen.

REKORD: Ahmet Arslan er den som har rekorden i Skåla Opp. I 2012 sprang han på 1t 7min 6 sek.

– Hoven, det er kort og greitt verdas mest effektive treningsplass for basehopp, seier Thomas Berg Hestad. – Takka vere gondolen og god tilrettelegging, klarar du fint eitt hopp i timen, utan det minste stress. Det er heilt perfekt. Men først og fremst gjer gondolen at folk flest får enklare tilgang til fjellet. Både for å opp-

leve storslegen utsikt og frisk luft, og ikkje minst å få eit enkelt utgangspunkt for turar vidare. På fem-seks minutt tek gondolen deg frå fjorden og opp på 1.010 meter. Der startar eit godt merka og tilrettelagt nettverk av stiar på over 70 km. Sidan opninga i 2017 har anlegget på Hoven vore gjennom fleire utbyggingar. I fjor kom ei ny avdeling i Hoven restaurant. Det betyr ca. 70 nye sitjeplassar inne og 50 ute. – Og ikkje minst er vi svært stolte av pizzaomnen og pizzamenyen med namn etter lokale fjell og setrar, seier marknadssjef Ann-Helen Blakset. BENGT FLATEN bengt.flaten@fjordingen.no

a siste to sommarane Den ligg 750 meter over havet, er 120 meter lang og går over det 160 meter djupe gjølet. Turen vil definitivt gje deg sommarfuglar i magen. Er du ein retteleg våghals kan wire-brua over Gjølmunna vere tingen. «Gjølmunnestrengen» er 36 meter lang og ligg litt ovanfor via ferrata-brua.

Amerikanerar i dongeribukse

Via Ferrata i Loen består av fire ruter, med litt ulik vanskegrad.

Ragnarok Ekstreme vart opna i 2019 og er den tøffaste og tilhøyrer vanskegrad F. Men før ein i det heile teke kjem i gang med klatringa, ventar ein times gange på bratt veg og sti. Den strekninga er nyttig for guidane, fortel Brendefur, for då får ein ofte luka ut dei som ikkje er heilt rusta for turen opp fjellveggen. – Det kjem amerikanarar i dongeribukse og utan niste og drikke eller noko. Så vi må vere

litt strenge i starten og luke ut litt. Det lukar seg ofte ut første timen. Folk som ikkje er i form merkar det før første innsteget. Trikset er at dei finn ut av det sjølve og ikkje blir fortalt det, smiler Brendefur. Om du ikkje fekk nok «adrenalin-kick» på veg opp, så kan du også krysse Gjølmunna på toppen med zipline. ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

LUFTIG PIZZA: Peter Halmi er ein meister i å lage pizza, sjølvsagt med italiensk mjøl og ein runde i lufta for å bli ekstra fin. FOTO: BENGT FLATEN


32 FJORDINGEN SOMMAREN 2022

BRENG:Det er ikkje vanskeleg å skjøne at akkurat denne plassen i Lodalen er blitt ein favoritt blant turistane.

MINNETAVLE: Lodalen har ei dramatisk forhistorie med to store steinras frå Ramnefjell i 1905 og 1936. Litt før Kjenndal står minnetavla.

KJENNDALEN: I enden av Lodalen ligg Kjenndalen og Kjenndalstova. Her med utsyn mot Ramnefjell. Vegen fortset innover mot Kjenndalsbreen.

AKTIVITETSHUS: Loen Play ligg i tidlegare Loen Hotel og rommar ulike klatreinstallasjonar og sklier. På sikt kjem det også eit tilbod for dei litt eldre borna i kjellaren.

Loen Play er på plass

PRIMUS MOTOR: Sambuarparet Liris Celine Endresen og Robin Berglid inviterer 8.-10. juli til ein ny Overland Festival i Lodalen. Her frå fjorårets festival, som var den første. FOTO: JØRN SØNSTERUDBRÅTEN.

I vår opna eit leikeland i Loen. Loen Play skal ha aktivitetar for born frå 0-15 år.

Fram til sommaren er tilbodet eit aktivitetshus for born i aldersgruppa 3-12 år, samt ei avdeling for dei aller yngste. Men i løpet av sommaren vil tilbodet bli utvida med aktivitetar i kjellaren, med ei avdeling for dei litt eldre borna, frå 5-15 år. Der er det tenkt ulike avdelingar med til dømes klatreinstallasjonar.

Trår til med ny Overland Festival i Lodalen

ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

spasertur. Det er også høve til å ta med sykkel, men det må tingast på førehand.

– Overlanding er å reise til unike destinasjonar der du brukar køyretøy som framkomstmiddel, og ofte har du med deg alt du treng for å bu ute i bilen, forklarar Robin Berglid. Ilag med sambuaren Liris Celine Endresen er han primus motor for festivalen. I premiereåret i fjor deltok ca. 200 personar fordelt på 131 bilar. Berglid fortel at slike treff er veldig populære i utlandet, og dei kan samle opp imot 10.000 personar. Blant anna Abentauer Allrad i Tyskland. – Vi prøver å lage ei samling som er open for alle, uansett bilmerke. Ofte er slike treff kun for eit spesielt bilmerke eller modell. Så er du «Vanlifer», har ein typisk overland-rigga bil, er takteltcamper, har ein camper på pickup-planet, brukar bil og bur i bakketelt på tur, køyrer motorsykkel på tur, har ein stor ekspedisjonsbil, ei stasjonsvogn eller Caddy med sengeløysing bak? Ja, då er det berre å finne vegen til Lodalen 8.-10.juli.

ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

Etter at mange gjester ved Hotel Alexandra etterspurde eit leikeland, bestemte det populære hotellet i Loen å bygge eit sjølv. Leikelandet er lokalisert i tidlegare Loen Hotel, som ligg mellom campingsplassen og Hotel Loenfjord.

Båttur med MS Kjenndal II MS Kjenndal II går på Lovatnet frå mai til september. Mange av turane er bestilte gruppeturar, men på utvalde dagar kan du vere med på billetturar. Turistbåten er sertifisert for 100 passasjerar. Det er 100 sitjeplassar inne, 40 på dekk og 20 bak. Det er toalett og kiosk om bord. Båtturen startar ved Sande og er ei spektakulær oppleving der ein verkelig får sett og opplevd Lodalen og den storslåtte naturen. Framme ved Kjenndalstova er det ein to timars stopp, slik at det blir tid til å nyte eit godt måltid eller ta ein

KJENNDALSTOVA: Inst i Lovatnet ligg Kjenndalstova. Her legg kaptein Jan Ove Hogrenning inn ein to-timars pause.

Har du sansen for det litt meir ekspedisjonsprega campinglivet er Norwegian Explorers Overland Festival i Lodalen tingen.

TAKTELT: Mange av fjorårets deltakarar nytta taktelt på bilane. FOTO: JØRN SØNSTERUDBRÅTEN

GOD DELTAKING: Allereie i den første utgåva av festivalen deltok 131 bilar. Basen var Bødal. FOTO: JØRN SØNSTERUDBRÅTEN


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

hotellet «med fjorden i hagen» Familievennleg, roleg, gode turløyper for fotturar i fjellet.

• Rom med fin utsikt, heimelaga mat.

tegneren.no / Foto: Bjarte Haugen, Berge Myrene, Dale of Norway

Velkomen til Innvik • Badestrand, sandvolleyballbane. • Kort veg til kjende turmål i om-

rådet som Briksdalen, Geiranger, Fjærland eller Vestkapp.

33

Selskap, catering, årsmøte, møte, kurs.

Kontakt oss for informasjon og prisar! Innvik • tlf. 57 87 49 90 • e-post: post@innvikfjordhotell.no • www.innvikfjordhotell.no

PÅ EVENTYR I BRIKSDAL GLITRANDE ISBRE, VILLE FOSSAR OG SOL OVER GRØNE LIER

Kort veg til gode minner! oldenfjordhotel.no • tlf. 57 87 04 00

REIS PÅ SAFARI

NYT LUNSJ I FJELLSTOVA

TA MED MINNER HEIM

Ta Trollbil til Briksdalsbreen

Servert med fantastisk utsikt

Reiseminner

Via Ferrata Loen Zipline kvar dag (med vêrforbehald)

*Kajakk-utleige kun til dei som kan framvise NPF (VåttKort Grunnkurs), EPP2 eller BCU 2STAR

Foto: Marius Beck Dahle

Foto: Marius Beck Dahle

br iksdal.no / @br iksdalsbre

NORGES L E T TA S T E TO P P T U R Loen Skylift til 1011 meter over fjorden Merka turstiar

Kajakk med guide

Hoven Restaurant & Bar

Guida fjellturar

Uteterrasse med servering

Utleige av SUP-brett, sykkel, trøbåt og kajakk*

Skyshop & Café

BOOKING: loenactive.no Tlf. 57 87 58 00 post@loenactive.no

Aktivitetar med Loen Active

loenskylift.no


34 FJORDINGEN SOMMAREN 2022

Camping i indre Nordfjord OLDEVATN CAMPING 6788 Olden

OLDEN CAMPING GYTRI 6788 Olden

Oldevatn Camping ligg idyllisk til ved Oldevatnet, omkransa av fjell og isbrear,10 minutt køyring frå Olden sentrum, i retning Briksdal. Vårt hovedfokus er service og reinhald, samt eit variert aktivitetstilbod i alle aldersgrupper.

Olden Camping Gytri, ligger ved Oldevatnet, 13,5 km fra Olden sentrum, ved Fv 5724 Olden – Briksdalsbreen. Vi er den andre campingplassen etter RØRtunnelen.

Tel. +47 57 87 59 15 post@oldevatn.com www.oldevatn.com

Telefon: +47 482 26 970 post@oldencamping.com www.oldencamping.com

GRYTA CAMPING 6788 Olden

Eventyrleg vakkert ved Oldevatnet, midt mellom Olden og Briksdal. Gratis båt og sitontop kajakk til alle våre gjester. Flotte turmulegheiter. Hjarteleg velkomne! Tel. +47 57 87 59 50 gryta@gryta.no www.gryta.no Oldedalsvegen 1272, 6788 Olden

STRYN CAMPING 6783 Stryn

Hos oss kan du overnatte i større hytter og enklare campinghytter, campingvogn, bobil eller telt. På campingen finst det og eit leikeområde for born med minigolf. - Midt i Stryn sentrum Tel. +47 57 87 11 36 post@stryn-camping.no www.stryn-camping.no

STRYNSVATN CAMPING PlusCamp • 6763 Stryn

Strynsvatn Camping ligg fint til med utsikt over Strynevatnet. Perfekt base for opplevingar i distriktet. Vi har høgstandard hytter og oppstillings-plassar for bobil, campingvogn og telt.12 km til Stryn sentrum. Tel. +47 57 87 75 43 camping@strynsvatn.no www.strynsvatn.no

HORNDØLA CAMPING Muldsvorvegen 5, 6763 Hornindal

Velkomen til Horndøla Camping ved foten av Hornindalsrokken. Her er storslått natur midt mellom fjell, fjordar og brear. Caravan og teltplasser. Vi har serveringsfasiliteter og kiosk.

Mob. +47 905 66 622 ochaugen@online.no

MELkEVOLL BRETuN 6792 Oldedalen

Melkevoll Bretun camping er ein unik camping som ligg rett ved den verdskjende Briksdalsbreen. Vi har fine hytter og rundt oss finn vi store fossefall, flotte fjellturar, klatring og glitrande brear Velkomen til ein aktiv ferie i frisk og urørt natur! Tel. +47 915 19 208 info@melkevoll.no www.melkevoll.com

MINDRESuNDE CAMPING 6783 Stryn

Frå Mindresunde har ein fin utsikt over Strynevatnet. Plassen har lang strandlinje og lett adkomst til vatnet. Du finnoss 10 km frå Stryn sentrum ved Rv 15. Tel. +47 415 66 316 post@mindresunde.no www.mindresunde.no

LOENVATN FERIESENTER 6789 Loen

Loenvatn Feriesenter ligg fint til ved Lovatnet, ca 4 Km frå Loen. Her er hytteutleige, kafé og kiosk. Fiskeutstyr, båtar m/motor og kano til utleige. Alle hyttene er utstyrt med dusj og WC, kjøkkenutstyr, dyner og puter. Tel. +47 402 46 871 tor.sande@enivest.net www.loenvatn.com

Velkomen til oss i sommar!


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

Olden & Oldedalen •• Mølla Gjestehus •• Briksdalen •• Oldendagane

35


36 FJORDINGEN SOMMAREN 2022

MØLLA: På cruisekaia i Olden ligg det gamle murbygget som i dag husar restaurant og pub, og er base for Briksdal Adventure og Olden Cruise.

RASTEPLASS: Kråka ved Avleivikja, like ved Olden, ligg flott til ved fjorden og har utbygd toalettfasilitetar.

LAUKIFOSSEN: Nokre få kilometer etter at ein har teke av i retning Oldedalen møter dette flotte synet deg. Laukifossen er absolutt verdt ein fotostopp.

••Mølla Gjestehus i Olden:

Kreps, kos og kajakk KREPSETUR: Frode Briksdal med to flotte eksemplar frå krepseteina han har drege opp ved Avleivikja. Rib-tur med fangst av kreps til eige matfat er eit populært tilbod ved Mølla Gjestehus.

I Olden kan du kombinere ein fartsfylt rib-tur på fjorden med fangst av kreps, som i sin tur endar opp på din eigen tallerken på Mølla Gjestehus.

– Dette er beste turen i vårt program. Ein får gjere noko og sjå noko, samstundes som ein får ein vanleg rib-tur, seier Frode Briksdal. Han har drive med aktivitetar retta mot turistar sidan 1995. Det starta som eit reint breføringssel-

AVLEIVIKA: Badestranda i Avleivika mellom Loen og Olden er mykje besøkt om sommaren. FOTO: SIGRID HEGGESTAD

skap, men no er mykje av aktiviteten knytt til sjøen, og Mølla Gjestehus, som ligg rett ved cruisekaia i Olden. Vi er med på ein tur for å sjekke ei av dei kring 20 krepseteinene som Briksdal har liggjande ute i fjorden.

OLDEN SENTRUM: Margrete Krogh Opheim på den 2,5 meter breie «badestranda».

– Når vi kjem til eit teinepunkt er det gjestane sjølve som gjer resten. Tilbake på kaia står det ein kokar klar med heitt vatn og litt salt. Då kokar vi fangsten. Vi får som regel ikkje nok på ein slik tur, så då har vi også litt i bakhand. Vi tek ein «Ingrid Espelid»,

smiler Briksdal. – Men vi har aldri bomturar, forsikrar han.

Indrefilet frå lokale bønder

For Briksdal betyr det å drive turisme i ei lita bygd at ein må spele på lag med andre aktørar. Det

OLDEN CRUISE PARK: Badestranda i enden av Olden Cruise Park.


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

TROLLBIL: Tidlegare var det hestar som skyssa turistane opp til Briksdalsbreen, men no er det små bilar, Trollbilar, som har overteke jobben.

POPULÆRT: Briksdalen er framleis ein av krumtappane av sjåverdigheiter i indre Nordfjord. Ein estimerer at kring 300.000 vitjar dalen kvart år.

37

MELKEVOLL BRETUN: Ein flott campingplass som ligg rett før Briksdalen.

MØLLA GJESTEHUS: Ligg flott til ved cruisekaia i Olden. I tillegg til restaurant er dette basen til aktivitetane for Briksdal Adventure.

BERGTEK: Om ein ikkje kjem like tett på den som før, bergtek den flotte Briksdalsbreen framleis dei besøkjande.

LOKALE MED SJEL: Mølla gjesthus er pussa opp til eit flott serveringslokale over to etasjar, innreia smakfullt i maritim stil. gjer han på fleire måtar. Mølla Gjestehus eig han saman med Olden Cruise, som tilbyr bussutflukter. Med felles base kan dei dra vekslar på kvarandre. I tillegg samarbeider han med lokale bønder, for kortreist kjøtt til gjestehuset. – For min del handlar det om å støtte lokalsamfunnet, då får ein så mykje tilbake. Som indrefilet frå gardbrukarar rundt om i bygdene våre, seier Briksdal, som håpar at ein på sikt kan utvide samarbeidet til også andre varer.

Bre og kajakk

Av aktivitetar elles, som selskapet

Briksdal Adventure tilbyr, er kajakk veldig populært. I dag har dei kring 20 doble kajakkar og 8-10 enkle. Dette vert truleg dobla i nær framtid. Også brevandring er ein del av tilbodet framleis. Briksdalsbreen er rett nok bytt ut med Tystigbreen på Strynefjellet, og det er eit stykke unna glansdagane på 90og tidleg 2000-tal, då ein kunne oppleve kring 20.000 gjester i løpet av ein sommar. Men turane for komande sesong er nesten fullbooka, i følgje Briksdal, som har tru på ein god sommar. ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

«Strandfeber» i Olden Olden kan by på fleire strender, og i følge eit skilt ligg Norges kaldaste og minste strand midt i Olden.

Olden Cruise Park har fått ei fin lita badebukt i enden av det fine anlegget. Også badeplassen i Avleivika har fått eit skikkeleg løft, og framstår med den kvite skjelsanden, som den reinaste «Copacabana». Kjøpmann i Olden, Andrè Opheim, er ein kreativ kar. Og når han ikkje kan skilte med den flot-

taste stranda, så veit han likevel råd. Ved sida av eigedomen hans i Olden sentrum ligg nemleg ei opa, lita bukt på 2,5 meter. Her har det kome opp eit skilt om at dette er Norges kaldaste og minste strand. – Påstanden om den kaldaste badestranda er korrekt då elva med brevatn renn ut i fjorden ved sida av, hevdar den humoristiske kjøpmannen. BERIT MELHEIM redaksjon@fjordingen.no

– Briksdalen er så mykje meir enn bre Briksdalen med Briksdalsbreen er blant krumtappane når det kjem til sjåverdigheiter i indre Nordfjord. Det har den vore sidan «tidenes morgon», og at den ligg noko meir tilbaketrekt, samanlikna med for 20 år sidan, stoppar på ingen måte turiststraumen. – Det er mange som seier det er ein heilt unik dal å kome opp i. Og på Asia-marknaden, og Kina spesielt, har dei nesten marknadsført trollbil-turen meir enn sjølve breen. Vi må nok få fram endå meir av verdien i den naturen som ligg rundt oss, og tenkje eit vidare spekter enn før, seier Rogeir Haugen, og fortel at ein i større grad enn tidlegare no fokuserer på heile dalen i marknadsføringa, med alt den har å tilby av fossar og storslått natur. Haugen er booking-ansvarleg for trollbilane og det er lite som tilseier at det blir færre turistar framover. Opninga att for cruiseturisme merkast godt. – Ja, cruisemarknaden er utruleg viktig for oss. Innslaget av gjester frå cruisebåtane som kjøper tur til Briksdalen, med både servering og trollbil, har auka vesentleg, seier Haugen. Når det gjeld individuelle gjester har dei opplevd ein

MEIR ENN BRE: Briksdalen har mykje flott å by på. Som Kleivafossen ein passerer omlag halvvegs på turen opp til breen.

TROLLBIL: Rogeir Haugen er booking-ansvarleg for trollbilane som fraktar turistar inn til breen. Denne sommaren er cruiseturistane tilbake og det merkast godt på aktiviteten. enorm auke av nordmenn dei siste to åra med korona. – Men dei norske turistane legg

turen litt etter Yr, smiler han. ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no


38 FJORDINGEN SOMMAREN 2022

Olden gamle kyrkje

Skarsteinsetra Opp

Korskyrkja er frå 1759, men utgravingar syner at det har stått ei stavkyrkje same plass, truleg frå kring 1300. Takka vere ein stor dugnadsgjeng er kyrkja open dagleg gjennom sommarmånadane. Også utanom hovudsesongen er det ope når det ligg cruiseskip til kai. Kyrkja er open frå seinast klokka 10.00 og stenger tidlegast kl 18. Det er ikkje guidar i kyrkja, men det er slått opp informasjon på fleire språk som fortel om historia.

Løpet går 10.september, og brukar å samle mange mosjonistar i tillegg til dei som deltek i konkurranseklassane. Siste åra har det kun vore løp, men i år satsar ein på å ta sykling inn att i arrangementet. Distansen er 4,6 km, 400 høgdemeter skal forserast og tøffaste stigningane er siste 1,7. Herrerekorden har EM-vinnar i motbakkeløp (2015), Johan Bugge frå Eidsvåg IL, på 19.34. Eli Anne Dvergsdal, Gneist IL, har damerekorden på 24.54.

Cruiseanløp 2022 - Olden og Loen Dato 22.jun 24.jun 28.jun 29.jun 30.jun 02.jul 03.jul 05.jul 07.jul 09.jul 10.jul 12.jul 13.jul 15.jul 19.jul 25.jul 26.jul 27.jul 29.jul 30.jul 31.jul 01.aug 02.aug 03.aug 09.aug 10.aug 15.aug 16.aug 17.aug 18.aug 19.aug 20.aug 21.aug 22.aug 23.aug 24.aug 30.aug 31.aug 02.sep 06.sep 07.sep 08.sep 09.sep 10.sep 13.sep 15.sep 20.sep 23.sep 03.okt 09.okt 17.okt 23.okt 31.okt 06.nov 14.nov 28.nov 04.des 11.des 12.des 26.des

Skip AIDAnova World Explorer Hamburg Balmoral Iona Norwegian Star MSC Preziosa Sky Princess Viking Venus Mein Schiff 4 World Explorer Costa Fortuna Marina Azamara Pursuit Le Dumont D´urville Iona Carnival Pride Queen Victoria Costa Fascinosa World Navigator Silver Moon Balmoral Iona Queen Victoria Le Dumont D´urville Borealis Ocean Majesty Iona Le Dumont D´urville Seabourn Venture Seabourn Ovation Costa Fortuna Iona Viking Jupiter Seven Seas Navigator Queen Victoria Le Dumont D´urville Viking Venus Azamara Quest Costa Fascinosa Aurora Balmoral Silver Moon Iona Le Dumont D´urville AIDAnova Iona Le Dumont D´urville Balmoral Silver Whisper Iona Bolette Queen Victoria Mein Schiff 4 MSC Magnifica Costa Fascinosa Arcadia Seabourn Ovation Iona Sky Princess Iona Norwegian Star Norwegian Prima Anthem of the Seas Jewel of the Seas Iona MSC Virtuosa Queen Mary 2 Le Champlain Costa Facinosa Iona Vasco Da Gama Iona Mein Schiff 3 Spirit Of Adventure AIDAluna Otto Sverdrup Maud Otto Sverdrup Maud Otto Sverdrup Maud Otto Sverdrup Otto Sverdrup Maud Maud Otto Sverdrup Otto Sverdrup

Havn Olden Loen Olden Olden Olden Loen Olden Olden Loen Olden Loen Olden Olden Olden Loen Olden Olden Olden Olden Loen Olden Olden Olden Olden Loen Olden Olden Olden Loen Olden Loen Olden Olden Loen Loen Olden Olden Loen Olden Olden Olden Olden Olden Olden Loen Olden Olden Olden Olden Loen Olden Loen Olden Olden Olden Olden Olden Loen Olden Olden Olden Loen Olden Olden Olden Olden Olden Olden Olden Olden Olden Olden Olden Loen Olden Olden Loen Loen Loen Loen Loen Loen Loen Loen Loen Loen Loen Loen

Ank. 07:00 09:00 08:30 08:00 09:00 07:00 07:00 09:00 08:00 08:00 09:00 07:00 10:00 08:30 13:00 09:00 08:00 09:00 08:00 09:00 08:00 08:00 09:00 08:00 13:00 08:30 09:00 09:00 07:00 08:00 08:00 08:00 09:00 08:00 11:00 08:00 13:00 08:00 08:00 10:30 08:00 08:00 08:00 09:00 07:00 07:00 09:00 09:00 09:00 08:00 09:00 09:00 09:00 07:00 08:00 10:30 09:00 08:00 09:00 08:00 09:00 07:00 12:00 08:00 08:00 09:00 08:00 08:00 08:00 10:30 09:00 08:30 09:00 07:30 08:00 09:00 07:00 12:00 07:00 12:00 07:00 12:00 07:00 07:00 10:00 12:00 07:00 07:00

Avg. 16:00 17:00 11:30 06:00 18:00 16:00 17:00 19:00 18:00 19:00 18:00 17:00 22:00 20:00 19:00 18:00 16:00 18:00 18:00 18:00 18:00 18:00 18:00 18:00 19:00 17:00 20:00 18:00 12:00 17:00 17:00 17:00 18:00 18:00 20:00 18:00 19:00 18:00 18:00 20:00 18:00 18:00 22:00 18:00 12:00 16:00 18:00 17:00 18:00 14:00 18:00 17:00 18:00 18:00 16:00 20:00 19:00 17:00 18:00 16:00 18:00 16:00 19:00 18:00 17:00 18:00 17:00 18:00 17:00 20:00 18:00 16:00 18:00 18:30 22:00 19:00 15:00 20:00 15:00 20:00 15:00 20:00 15:00 15:00 20:00 20:00 15:00 15:00

Lengde 337 126 144 218 345 274 333 330 228 293 126 272 239 181 131 345 294 294 290 126 213 218 345 294 131 238 136 345 131 170 211 272 345 228 171 294 131 290 181 290 271 219 213 345 131 337 345 131 219 186 345 238 294 293 294 290 285 211 345 330 345 274 294 348 293 345 331 344 132 290 345 219 345 293 236 252 139 136 139 136 139 136 139 139 136 136 139 139

FOLKSAMT: Det brukar å vere godt besøk på Oldendagane, og i år vil også cruiseskip ligge til kai medan arrangementet pågår. Her frå Oldendagane i 2017.

Endeleg klart for Oldendagane igjen Suksessoppskrifta frå tidlegare utgåver ligg til grunn når Oldendagane er tilbake for fullt etter tre år med pause. Arrangementet finn som vanleg stad første helga i juli, og då startar det heile med frukost på Olden Bygdetun, tilberedd av Olden Bygdekvinnelag. På Bygdetunet vert det også kunstutstilling og kafé begge dagar. På programsida vil Olden Hornmusikk opne dagane, før det går slag i slag med sykkelakrobaten og sjongløren Malte Knapp frå Sverige, Marshmallow-kastekonkurranse og stor moteoppvisning med finklede frå 50- 60- og 70-talet. Her er det ønskeleg med bidrag, og det er berre å leite fram «polka dot- kjolen» eller slengbuksene og gi ein lyd til oppvisningsansvarleg, Tove Sunde. Søndag er det kyrkjekonsert med dei lokale artistane Linda Gytri og Anders Kvile. Seinare på dag vert det oppvising med drilljentene i Olden og «flaskeløp» i elva. Tradisjonen tru vert det også Oldenrevy. Her er det høve til å kome på generalprøva fredag, då utan alkoholservering. Hovudframsyninga er laurdag. – Den blir tre gongar så god

MALTE KNAPP: Sirkusartisten Malte Knapp kjem til Olden for å vise fram sine kunstar, blant anna på einhjulssykkelen.PRESSEFOTO som vanleg, sidan det er tre år sidan sist, smiler Ketil Finsås Hansen, som er ein av aktørane i revyen. Hans faste karakter, russaren Jan Igor, er i år bytt ut med amerikanaren Jon Earstone. Han seier at ein elles i revyen vil gjere seg ferdig

med Covid-19, utan å gå meir inn på korleis det vil føregå. Begge kveldar vert det dans på Mølla, og det blir pub og kafe ved Yris. ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

Din lokale leverandør av drivstoff til sjø og land Med vårt MH24 kort får du rabatt på hver tanking. Søk enkelt på mhservice.no! Fosnavåg Kulen Almenningsfjellet Moldøen Ålesund Kolset Florø

Måløy Bryggja Furuholmen Klubbevika Byrkjelo Haugsbygda Utvik

Telefon: 57 85 36 50 | Epost: post@mhservice.no

Leirvik Bremanger Smørhamn Sørbøvåg Dragsund Åheim

mhservice.no

39


VOOKAL.no

40 FJORDINGEN SOMMAREN 2022

Internett frå Enivest – best i test * andre året på rad *nPerf Speed Test H2 2020 – H1 2021, fast breiband

er b fi l l i t Bes TV a i l e T og i dag!

Sjekk kva du kan få der du bur

enivest.no


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

Innvik & Utvik •• Støylsturar

•• Sommardagane i Utvik •• Liatunet

41


42 FJORDINGEN SOMMAREN 2022

Café Go’beten er stoppestaden i Innvik For både vegfarande og fastbuande har Cafe Go’beten i Innvik blitt ein populær stad å stoppe. INNBYDANDE: Kaféen i Innvik har sitjeplassar både ute og inne, her på framsida har ein utsikt oppover mot dalen og fjella.

Café Go’beten i Innvik er ein treffstad med både ultralokalt og internasjonalt preg. Over 90 nasjonalitetar besøkte kaféen i

2020 og fekk teste lokale mattradisjonar og ditto drikkevarer. No kjem også stadig fleire frå nabobygdene innom. Det er Trude Presthus som driv serveringsstaden saman med ektemann Halstein. Presthus tok over drifta i 2013, og har satsa mykje på lokal forankring. Lokale mattra-

disjonar, lokale råvarer, mat laga frå grunnen av. Hjorteburger, festkaker, påsmurte godbitar, kaffilefser, flatbrød og fiskelefser. Og ikkje minst: Festdelikatesse nr. 1 i Nordfjord, sveler med pudding. GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no

KÅRSTADSTØYLEN: Solveig Stange flytta frå Dresden i Tyskland og til Utvik for jobb i 2010. Ho såg behovet for rydding og merking av stiar til dei flotte støylane i nærområdet, og i perioden 2016-2019 vart det lagt ned ein formidabel jobb som har resultert i 43 kilometer med merka stiar til alle dei ti støylane. Her frå Kårstadstøylen, som er ein av fire støylar aust for fv60 Utvikfjellet. Nede ved fjorden skimtar ein Utvik, Tistam og Moldreim.

Har sytt for merka stiar til kvar ein I Utvik er det til saman 43 km med merka stiar til dei ti støylane i området. Og dei kan takke ein tilflyttar frå Tyskland for at støylane no er gjort meir tilgjengelege for alle. Solveig Stange flytta frå Dres-

den til Utvik for tolv år sidan. Då ho skulle prøve å gjere seg betre kjent med turmogelegheitene i nærområdet, oppdaga ho at det var ikkje så enkelt. – Det var ikkje noko som var merka her. Først gjekk eg litt onsdagsturar ilag med turlaget, og då vart eg litt kjent. Men når eg skulle gå åleine fann eg ikkje alltid fram, fortel Stange. Ho tenkte at dette var neppe eit problem berre for henne, og at betre skilting og merking uansett ville kome alle til gode. Ho

kom etter kvart i kontakt med Olav Auflem i det lokale turlaget, og etter litt planlegging og søking etter tilskot sette dei i gang stiprosjektet i 2016.

Omfattande jobb

Det skulle vise seg å bli ein svært omfattande jobb. Stiar måtte ryddast fram, det måtte setjast opp merkestikker, fleire bruer over elvar måtte byggjast og ikkje minst skulle det opp alle mogelege slags skiltvariantar.

Til ein del av jobben hadde Stange god hjelp frå turlaget, særleg med dei tre bruene som vart laga, mellom Bruland og Juv og mellom støylane på Tistam og Moldreim. Men svært mykje av jobben med rydding, måling av avstandar og oppsetjing av skilt, gjennomførte ho og hennar dåverande kjærast på eiga hand. – Ja, det vart til saman ca 600 timar på oss, fortel Stange. Året etter at stiprosjektet vart avslutta, måtte ho rett og slett

ta ein pause frå støylsturane. Då hadde ho fått sin «dose» med lokale stiar for ei stund. – Men no går eg her igjen, ler Stange, og fortel at det krev at nokon held stiane ved like.

Ti støylar

Det er til saman ti støylar kring Utvik som no er gjort lettare tilgjengeleg som følgje av rydding, merking og skilting. Fire av dei ligg aust for fv60 over Utvikfjellet. Det er Kårstadstøylen, Bergsstøylen, Myklebust-


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

43

Populær gjestehamn i Utvik

MARINA: Utvik Marina har blitt ei populær gjestehamn ved fjorden.

Då Utvik fekk sin marina i 2018, vart det ein populær stad å stikke innom med båten. Her er det berre å stige i land, så har du både butikk og serveringsstad framfor deg.

Utvik Marina har gjesteplassar med tilgang til straum og vatn. Marinaen har eit brygge-system som vart levert av Marinas Solution, og anlegget stod ferdig våren 2018. Utvik Marina ligg midt i Utvik sentrum. Dette er nok ein av årsakene til at gjestehamna har blitt godt motteken.

Her har du berre nokre få steg å gå frå du stig i land frå båten og til du er på nærbutikken eller på kaféen i Sjøatunet. Vikane og Utvikfjellet er også eit svært godt utgangspunkt for fotturar.

KARTMAPPER: I tilknyting til stiprosjektet er det laga til flotte mapper med kart og informasjon om dei ulike turane. Desse ligg tilgjengeleg på blant anna hytter i nærområdet.

STRÅLANDE SOMMARDAGAR: I 2018 vart Sommardagane i Utvik arrangert i strålande vêr og 30 varmegrader.

Bruland og basar på Sommardagane På Sommardagane i Utvik blir det blant anna foredrag ved Roger Sevrin Bruland. Men det heile startar med basar fredag. GOD SKILTING: No er det nesten umogeleg å gå feil om ein skal besøke ein av støylane. Det er tett mellom skilta og merkestikkene. Truleg er over hundre skilt plassert i terrenget rundt Utvik.

n støyl i Utvik støylen og Verlostøylen. Så er det seks støylar vest for Utvik sentrum; Valakerstøylen, Brulandstøyøen, Juvstøylen og Frøysetstøylen ligg nærast, og Moldreimstøylen og Tistamstøylen lengst vest. Og Stange meiner å sjå at tilrettelegginga og skiltinga har hatt ein effekt på besøket. Det er lagt ut bøker på støylane og her er det mange som skriv seg inn. Det er også laga flotte mapper med kart og informasjon

som ligg ute på hytter i området, slik at tilreisande kan orientere seg enkelt. – Eg har fått god respons for jobben og folk er veldig fornøgde, seier Stange, som også tykkjer det er ein fin tanke at ho har bidrege til noko i bygda når ho etter kvart skal returnere til Tyskland som pensjonist. ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

– Ja, det blir god, gammaldags basar i teltet fredag kveld, smiler Aslaug Valaker. Ho har med seg Veronika Bøe Holvik, Torunn Solheim, Ingrid Gjerløw og Hilde Stenseth i styret for sommardagane. Laurdag blir det grilling på

kaia, fiskekonkurranse ved Geitholmslaget, «Årets Utvikar» skal kårast og det vert som alltid ulike aktivitetar og boder i sentrum. – Vi tenkjer også å prøve oss med «andeslepp» i Storelva om det let seg gjere. Roger Sevrin Bruland, som kjem frå nettopp Bruland i Utvik, vil kome i teltet og fortelje litt om livet som journalist i utlandet. Det skjer laurdag. På kvelden vert det tradisjonen tru dans i teltet på kaia, og

i år er det « 3 Naboar» som skal framkalle danselysta. – Og Kafe Sjøatunet er med heile helga og serverer god mat og drikke, seier Valaker, som håpar og trur at mange finn vegen til Utvik sentrum etter trøblete år med avlyste Sommardagar. I 2017 vart dei avlyst grunna flaumen, og i 2020 og 2021 grunna korona. I år er det 30 år sidan første «Sommardagane i Utvik».😊 ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

Sommardag i Liatunet Nyvølt hjulhus og nytt amfi er noko av det ein kan sjå når det igjen vert Sommardag i Liatunet.

– Ja, endeleg vert det sommardag i Liatunet att. Datoen vert som vanleg den siste søndagen i august, og innhaldet går etter den gamle oppskrifta, med underhaldning, rømmegraut og spekemat, sveler og godt drikke, omvisning, og, ikkje å forgløyme: eldhussteikte brød, seier Dag Van-

berg, som også i år har ein viktig finger med i spelet. – Det aller viktigaste og spennande vert likevel å presentere og vise fram det nyvølte hjulhuset. Men, kanskje det likaste: amfiet! Endeleg kan folk sesse seg på det nye amfiet. Det har stått klart lenge nok, seier Vanberg. Liatunet i Innvik har til saman elleve bygningar og har røter tilbake til 1500-talet. ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no

ENDELEG: Dag Vanberg er leiar for stiftinga for Liatunet, og gler seg til siste helga i august.


44 FJORDINGEN SOMMAREN 2022

strynemessa.no strynemessa.no strynemessa.no

strynemessa.no strynemessa.no strynemessa.no

TIVOLI/ UNDERHALDNING TIVOLI/ TIVOLI/ UNDERHALDNING UNDERHALDNING

LANDBRUK LANDBRUK LANDBRUK

UNDERHALDNING UNDERHALDNING UNDERHALDNING

MAT MAT MAT

HUSFLID/HANDVERK HUSFLID/HANDVERK HUSFLID/HANDVERK


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.