Sommaravisa 2022

Page 1

r a m m o S AVISA 2022

GRATIS AVIS


. FIRDATIDEND Onsdag 25. mai 2016 SOMMARAVISA 2022• FIRDA TIDEND

2

Selje Måløy Nordfjordeid

Stryn

Sandane Florø Skei Førde Dale

Askvoll

Luster

Fjærland

Høyanger

Sogndal

Årdal

Balestrand

Vadheim

Lærdal

Vik

Aurland Flåm

Sommaren er her! Sommaren 2022 er komen, og i Sommaravisa til Firda Tidend presenterer vi attraksjonar og reiseliv i Gloppen og Jølster, med ein smak av resten av Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Vi har plukka ut noko av det du bør få med deg når du er i området, og vi overdriv ikkje når vi seier at opplevingane står i kø! Dei to siste somrane har vore prega av koronapandemien og restriksjonane den har ført med seg, men i år bør vi vere tilbake til normalen.

Vi trur nordmenn sine feriar i eige land desse åra har gjeve meirsmak, og at mange også i år vel å feriere innanskjers i staden for å reise ut. Når ein så veit at dei utanlandske turistane er på god veg tilbake, ligg mykje til rette for tidenes norske turistsesong. Ta med deg Sommaravisa og bli betre kjend i regionen vår. God sommar!

Sandane i Nor dfjor d:

Attraksjonar og aktivitetar i Gloppen

side

4

Bu og et i Gloppen

side

11

Attraksjonar og aktivitetar i Jølster

side

25

Bu og et i Jølster

side

30

Da an Pa atlansky (Sør Afrika)

Attraksjonar og aktivitetar i Nordfjord side

36

Attraksjonar og aktivitetar i Sunnfjord side

40

Mike Fa arris (US) The Te exas Gentlemen (US)

Attraksjonar og aktivitetar i Sogn

42

side

j rdBBlues Fjo - 02222 1998-2

25 års-jubileum å

20.-22. oktober er

Jesper Lindell Band

(SE)

al” Willson (US)) a Good Time Charlie (med 1995-besetninga) Damer i Blues Steinar Karlsen

Sommaravisa 2022

Utgjevar: Firda Tidend, Nordstrandsvegen 4, 6823 Sandane Ansvarleg redaktør: Aadne Gloppestad Opplag: 10.000 eksemplar Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk

Soft City

Years Affter Fluty Strings Ar r..: Fjæra Bluesklubb

www..fjor dblues.no


.

3

FIRDA TIDEND SOMMARAVISA • Onsdag 25. mai 2016 FIRDA TIDEND 2022

Lokal, heimelaga og nydeleg mat. Vår kjøkkensjef, Bodil, er ein svært god ambas­ sadør for norske bønder og norske produkt. Menyane hennar består av heimelaga rettar med råvarer frå lokale produsentar, dei fleste under 3 til 10 km vekke frå hotellet. I vår historiske restaurant kan vi tilby ei reise i lokale smakar. Geit og lam er frå lokale bønder, medan viltkjøtet er frå lokale jegerar. Vi har også lokal sjøkreps og i tillegg tilbyr vi bær, frukt og grønsaker som er dyrka på Sandane. Mykje av baksten lagar vi sjølv, og spekematen vår er frå eige produksjons­ kjøkken og stabbur. Urtane skaffar vi frå Høgt og Vilt­ ein gard uti fjorden.

Møte eller bedriftslunsj Med vår heimekoselege atmosfære, moderne møtelokaler og herlege lokalmat, tilbyr vi den perfekte råma for lyse idèar og ny inspirasjon.

Julebord

Våre julebord er alltid populære, så her er det først til mølla som gjeld…! Vår fantastiske julemat er heimelaga med lokalprodu­ serte råvarer, og tilbereidd av kokkar med genuin interesse for å gje deg den beste matopplevinga. Med julepynta lokaler og levande lys er julestemning garantert, så vi anbefalar å plan­ leggje julebordet så tidleg som muleg.

gloppenhotell.no - 578 65 333 – post@gloppenhotell.no

Kurs og konferanse Ta med leiargruppa, kollegaer eller samarbeidspartnerar til eit hotellopphald med gode opplevingar. Bu i historiske rom, spis god heimelaga mat og delta i aktivitetar som er skreddarsydd for gruppa.


. FIRDATIDEND Onsdag 25. mai 2016 SOMMARAVISA 2022• FIRDA TIDEND

4

Attraksjonar og aktivitetar i Gloppen

Vil ta deg med ut i naturen Guidingselskapet Nordfjord Aktiv er allereie godt i gang med sesongen, og står klare for å gje turistar og lokale ei fin oppleving i vill og vakker vestlandsnatur.

T.h: Nordfjord Aktiv tilbyr kajakk-kurs og -turar frå 1. juli til 7. august i sommar. Over: Stisykling er eitt av satsingsområda til selskapet

Sidan april har selskapet mellom anna tilbydd guiding for cruiseturistane på Nordfjordeid. Nordfjord med kajakk og sykkel – Vi møter dei ved skipet, og tar dei med på ein tre timar lang kajakktur på Eidsfjorden. Dette er stort sett fulle turar, noko som viser at det er mange som har lyst å oppleve Nordfjord frå kajakk, seier Olin Johanne Henden, dagleg leiar i Nordfjord Aktiv.

Kajakk og stisykling er satsingsområde til selskapet om sommaren. Henden fortel at dei har eit godt samarbeid med Nordfjord folkehøgskule på Vereide.

hov for det. Nordfjord Aktiv vidarefører aktivitetsnivået frå i fjor. I tillegg til dei faste turane og kursa, lagar guidingselskapet ulike opplegg for grupper og familiar.

Kort veg til fjorden – Vi er stasjonerte på Vereide i år, med kort veg ned til fjorden, og kajakkturane og -kursa våre har start der. Stisyklane er òg plasserte på folkehøgskulen, men vi har moglegheit til å bringe syklane dit du er om det skulle vere be-

Skreddarsyr – Vi har eigne program med lagbyggingsaktivitetar for næringslivet, og kan skreddarsy ein dag for firma som ønskjer det. Det same kan vi gjere for familiar som ønskjer seg ein fjelltur og eventuelt ein kombinasjon av turar og

kurs. I år har vi òg laga til ein båldag for familiar og grupper, seier den engasjerte leiaren. Olin Johanne og resten av gjengen i Nordfjord Aktiv får òg besøk av fleire skuleklassar. Då står kajakk og stisykling står på programmet, med pizzabaking i Trivselsskogen som bidreg til høg kos-faktor. Selskapet har fire faste guidar

som opererer ut frå basen på Sandane. – Vi har fått tak i veldig godt kvalifiserte guidar, så vi har tru på at dette blir ein skikkeleg fin sommar, akkurat som fjoråret blei det, smiler Henden

Bedrifter og offentlege verksemder i Nordfjord- og Sunnfjordregionen brukar:

DATA

INSTITUTTET www.datainstituttet.no

- Sal av datamaskiner og utstyr - Berging av data/bilder/e-post - Reparasjonar - Cloud tenester - Nettverksikkerheit - Back-up - bedrifter og privat - Konsulenthjelp

Datamaskiner, Skrivarar, Hjelp til oppstart av utstyr!

Alltid gode tilbod!

Magnar Mobil: 982 30 400 magnar@datainstituttet.no Besøksadresse: Sandane Senter Krånavegen 7 Tlf. 57 00 92 20


.

5

FIRDA TIDEND SOMMARAVISA • Onsdag 25. mai 2016 FIRDA TIDEND 2022

Eidsfossen Eidsfossen i Gloppeelva er svært mektig og vakker ved høg vassføring om sommaren, og er eit markant landemerke. Fossen er ein kaskadefoss med eit fall på 32 meter. Her ligg også ei av dei lengste laksetrap-

pene i verda, heile 230 meter lang. Denne er ikkje i bruk lenger, så Eidsfossen er stoppunkt for laksen som vandrar opp elva som er vide kjend for eit godt laksefiske.

Eidsfossen ved Sandane er mektig ved stor vassføring.

Country-en i Breim er endeleg tilbake, og ifølgje arrangøren blir det fullt framfor scena på Norsk Fjordhestgard i år òg. Her frå konserten med Tanya Tucker i 2018

Sikrar countrystemning i heile Gloppen 5 dagar, 17 konsertar, 27 artistar og 700 dugnadssjeler-Norsk Countrytreff i Breim er tilbake med full styrke 13.-17. juli

Etter to år der pandemien herja og la si klamme hand over det meste av kultur- og festivalliv, er det mange arrangørar som ønskjer sommaren 2022 hjarteleg velkomen. Rekord Vestlandets største countryarrangement, Norsk Countrytreff, stiller i år med eit fullpakka program og rekord på førehandssal av billettar. – Vi har slite litt med motivasjonen under koronatida, men no er det veldig kjekt å kome i gang igjen og sleppe laust. Ut frå billettsalet kan det sjå ut til å bli tidenes største og beste countrytreff, seier festivalsjef Arve Kleppe entusiastisk. Han og resten av gjengen i

Breim står spennklare i startgropa og ventar på å ta imot det største talet artistar som det populære arrangementet nokosinne har hatt. Nummer 26 Årets festival er nummer 26 i rekkja, og allereie onsdag brakar det laust med Åsmund Åmli Band i Kolbeins Saloon på Fjordhestgarden. – Etter det går det slag i slag med 30 timar musikk berre på festivalområdet desse dagane, og i tillegg er vi ute i bygdene i heile Gloppen, frå Hyen til Byrkjelo, med konsertar for dei eldre, dei unge, og alle midt i mellom, seier han. Kleppe klarar ikkje å trekkje ut eitt høgdepunkt frå pro-

grammet. – Det er berre høgdepunkt, ler han, og held fram: – Nokre av dei største banda i Noreg spelar i Breim denne helga, som Hellbillies, Gunslingers, Vassendgutane, Get Rhythm, Rotlaus og Ila Auto. Så har vi Carlene Carter, Whey Jennings og Seth Mulder frå over dammen. Vi har heilt bevisst lagt opp til eit fullstappa program, for å lokke folk ut igjen etter to år i dvale. Etter mi meining er dette det beste programmet vi har hatt, konstaterer countrysjefen. Cash i kyrkja Konserten i Breim kyrkje laurdag ettermiddag er eitt av fes-

tivalen sine mest populære innslag, og her er det ifølgje Kleppe om å gjere å vere tidleg ute, for kyrkja brukar å vere stappande full. Åtte band spelar på kyrkjekonserten laurdag, mellom anna Get Rhythm som covrar Johnny Cash sine låtar. – Stedottera til Cash, Carlene Carter, er siste artist ut i kyrkja, og det blir nok ei oppleving for både ho og publikum å høyre det norske bandet.


. FIRDATIDEND Onsdag 25. mai 2016 SOMMARAVISA 2022• FIRDA TIDEND

6

Russehola Russehola ligg på sørsida av Gloppefjorden og er eit minne frå Den andre verdskrigen. Hausten 1944 rømde fire russiske krigsfangar frå fangeleiren på Sandane. Dei kom frå kvarandre under flukta, men takka vere dristig innsats frå lokale hjelpesmenn vart dei samla i ei hole der dei overvintra saman med ein norskrussar som had-

de måtta gje frå seg passet sitt til dei tyske okkupantane. Etter at freden kom, reiste dei heim att til Sovjetunionen. Lenge trudde ein at dei hadde fått ein tragisk lagnad i heimlandet etter returen, men i 2016, 71 år seinare, kom det livsteikn frå ein av fangane. I seinare år er Russehola restaurert og gjort tilgjengeleg for publikum.

Dei fem som overnatta i Russehola vinteren 1944-45.

g i d r e f l i t t k u r f å r F n i v e n n e br

Synnøve Vik Bergstad og Jann Vestby har bygd opp ei bedrift med utgangspunkt i ressursane på garden i Gloppen.

Gardsbrenneriet på nordsida av Gloppefjorden er historia om to kjemikarar som valde å flytte heim, ta over slektsgarden Jørnbruket på Hauge og utvikle den til noko langt meir enn ein gjennomsnittleg fruktgard i Nordfjord. Synnøve Vik Bergstad og Jann Vestby er begge utdanna kjemikarar frå NTNU, og har tidlegare arbeidd innanfor næringsmiddel og oljeindustrien. Stor produktportefølje I 2009 flytta dei til Gloppen og overtok den tradisjonsrike fruktgarden til familien til Vik Bergstad, med tradisjonar for fruktdyrking heilt tilbake til 1800-talet. Dei starta forsiktig opp med drikkevareproduksjon i 2012, og etablerte Gardsbrenneriet i 2015. Brennevin og likørar baserte

på frukt og bær blei lanserte som ei første satsing. I åra etter er produktporteføljen stadig utvida, og inneheld no eit vidt spenn av ulike alkoholfrie og alkoholhaldige drikkevarer, der dei gode råvarene står i fokus. Dei brukar norske råvarer som eple, plommer, bringebær, rabarbra, solbær, rips, jordbær og morellar. Noko av råvarene dyrkar dei sjølve. Auka lønsemd Garden har også lange tradisjonar for grønsaksdyrking,

og enkelte av urtene som inngår i gin- og akevittprodukta blir dyrka på gardsbruket. Mykje av frukta, bæra og urtene som vert nytta blir også levert frå lokale produsentar i regionen, eller hausta inn frå den frodige vestlandsnaturen. Heile prosessen frå behandling av råvarer til tapping av ferdig produkt skjer på garden. – Vi har heilt sidan vi starta med tanken på Gardsbrenneriet tilbake i 2009, ønskt å bruke garden, råvarene og ressursane som finst her i Gloppen og i Nordfjord til å

lage gode produkt med fokus på gode smakar, god råvareutnytting og ikkje minst å auke lønsemda til alle dei flinke bøndene vi kjøper råvarer frå, seier Jann Vestby. Gardsbrenneriet har eigen gardsbutikk og tilbyr smaking av brennevin, sider og hard seltzer med omvising. Det er òg høve til å gå på vandring i den store, økologiske eplehagen med 4.000 epletre. Der har ein teke vare på mange gamle og lokale eplesortar.


. SOMMARAVISA FIRDATIDEND TIDEND • Onsdag 25. mai 2016 FIRDA 2022

7

Trivselsbadet Trivselshagen på Sandane inneheld kulturhus, kino, bibliotek, kafé, symjehall, storhall, turnhall, klatrevegg og treningssenter. I symjehallen Trivselsbadet kan du slappe av i boblebassenget, ta ein tur i sklia, symje lange økter i 25 meter-bassenget,

opphalde deg i velværebassenget med 34 grader, hoppe frå 3-meteren, ta svalestup frå stupebrettet, varme deg i badstua og la dei minste kose seg i barnebassenget med bobler, lys og minisklie.

Trivselsbadet er ein unik kulturskatt.

Gloppen har sin eigen kammermusikkfestival Gloppen Musikkfest 2022 byr på både folkemusikk, jazz og klassisk i september.

Den unike Holvikejekta finn du på Øyrane, kring ein km frå Sandane sentrum. Jekta var bygd i Kråafjøra på Sandane i 1881 og var i bruk fram til 1906, då ho blei sett på land for godt. Ho er 20 meter lang og 8,6 meter brei og er den einaste store, opne, klinkbygde jekta som er bevart. Dette gjer henne til eit viktig maritimt kulturminne både i norsk og europeisk samanheng. Ho er blitt omtala som ei «sjøens stavkyrkje», og fagfolk har rangert henne som eit kulturminne på linje med vikingskipa. Eit verne- og formidlingsbygg for å sikre jekta for ettertida og fortelje historia om jektefarten, er under planlegging.

Den amerikanske pianisten Shuann Chai er ein av dei ti hovudmusikarane som blir å sjå under årets Gloppen Musikkfest. 6. september opnar Sogn og Fjordane sin lengstlevande kammermusikkfestival, Gloppen Musikkfest, for 20. gong på Sandane. Konglomeratfestival Fjorårets festival med Det Norske Kammerorkester i sentrum, var ein draum som gjekk i Årets festival byr oppfylling for eldsjelene på ei eklektisk og bak Gloppen Musikkfest. – Blir det litt som å hoppe spanande samling etter Wirkola, dette her? av musikarar. – Fjorårets festival var fantastisk, men i år blir det frykteleg morosamt å få lov til å gjere ein litt meir konglomeratfestival. Kammerorkesteret er så pass konseptuelle at dei krev ein heil festival for seg sjølv. I år har vi hatt ein større fridom i uttryk-

Holvikejekta

ket, seier styreleiar Hanne Oftedal. Ulike sjangrar Årets festival byr på ei eklektisk og spanande samling av musikarar, der sjangeroverskriding ser ut til å vere ein fellesnemnar. Den anerkjende jazz-saksofonisten Håkon Kornstad kjem til Sandane, og har i tillegg til saksofonen med seg stemma som instrument. Trekkspelar Frode Haltli bevegar seg òg i eit breitt musikklandskap, med både folkemusikk, jazz og klassisk på repertoaret. Tre av musikarane returnerer frå fjorårets festival, fiolinist Johanne Haugland og kontrabassist Marius Flatby, som begge spelar

i Det Norske Kammerorkester. Folkesongar Malin Alander, som nett har sleppt debutplata si, kjem igjen til årets festival, med solo-innslag på fleire av konsertane. Ti hovudmusikarar Nye til festivalen er pianist Shuann Chai frå USA, den unge, norske fiolinisten Ludvig Gudim, og den portugisiske oboisten João Miguel Silva. Sistnemnde spelar til dagleg i Oslo Filharmoniske Orkester. Saman med dei kunstnarlege leiarane Ida Klokk-Bryhn og Audun Sandvik, byr festivalen altså på ti hovudmusikarar, i tillegg til distriktsmusikarane frå Sogn og Fjordane.

Nordfjordfolkemuseum Nordfjord Folkemuseum i Jølet på Sandane er regionmuseum for Nordfjord og ein del av Musea i Sogn og Fjordane. Friluftsmuseet består av 44 antikvariske bygningar frå 1600-, 1700- og 1800-talet. Bygningssamlinga inneheld stover, stabbur, låvar og fjøs, stall og støl, hunde- og hønsehus, skulestove og fargeri. Museet har tematisk ansvar for vasskraft i Sogn og Fjordane, og fungerande kvernhus, stampe, sag og hjulhus ligg langs elva knytt saman av dammar og renner. I det eldfaste administrasjonsbygget er det skiftande utstillingar, museumsbutikk og kafé.


. FIRDATIDEND Onsdag 25. mai 2016 SOMMARAVISA 2022• FIRDA TIDEND

8

Gamle Gimmestad kyrkje . Gamle Gimmestad kyrkje er ei langkyrke i tre frå 1692. Ho har 70 plassar, og det er berre kyrkja i Ålfoten som er eldre av trekyrkjene i Nordfjord. Kyrkja ligg på eit høgdedrag på garden Gimmestad på

sørsida av Gloppefjorden, og har nyleg gått gjennom ei omfattande restaurering. Gamle Gimmestad kyrkje er vel verd eit besøk.

Norsk Fjordhestgard Norsk Fjordhestgard er eit hestesenter idyllisk omringa av vill og vakker Vestlandsnatur. Senteret ligg like ved E39 mellom Reed og Byrkjelo, noko som gjer det enkelt å finne fram. Senteret driv med all mogleg hesteaktivitet. Turisme, lange eller korte tu-

Fosseteateret på toppen av Holvikefossen.

Trivselsskogen opplevinga av teateret seg. På TIN-Camp (Trygg i Naturen) er det gapahukar med soveplassar, og der er lagt til rette med bakaromnar og grillplassar. I den nyopna Tufteparken kan du trene til vakker fuglesong og nydeleg utsikt.

Like ved Sandane sentrum ligg det flotte friluftsområdet Trivselsskogen. Skogen har eit tilrettelagt sti-nettverk, der du kan velje turar som passar akkurat for deg. Ein av turane går til Fosseteateret på toppen av Holvikfossen. Alt etter årstid, mengde vatn og vind, endrar

rar på hesteryggen eller i vogn i vakre omgjevnader, rideundervisning, ridekurs osv.

Norsk Fjordhestgard ligg på Råd i Breim.

Gloppebua På den pensjonistdrivne Gloppebua midt i Fjordlandsbyen Sandane kan du kjøpe handverksprodukt som strikka sokkar, huer og genserar, vovne løparar og babyklede. I kafeen bak butikkutsalet blir det servert framifrå vaflar og kaffi. Litt av utvalet på Gloppebua

Refjæra

Sommar i Refjæra. Stall Rygg tek deg med på ridetur.

Stall Rygg Stall Rygg på sørsida av Gloppefjorden tilbyr riding og køyring for heile familien heile året. Turane blir lagde opp etter ønske og ferdig-

heiter, alt frå korte turar i nærområdet til fjellturar på fleire timar. Vakker natur blir ugløymeleg frå hesteryggen.

Grandeparken Midt i Sandane sentrum ligg den vakre Grandeparken. Her kan du senke skuldrene, slappe av, sole deg, ta deg eit bad og ete ein is eller tre. Grandeparken på Sandane.

Refjæra ved Breimsvatnet er ein svært fin badeplass på varme sommardagar. Litt bortanfor fjæra, ved bryggja, er det laga til rekreasjonsområde med sitjeplassar og hoppetårn. Der startar også kulturstien med fem tavler med informasjon om historiske Reed. Staden var eit kommunikasjonsknutepunkt då Den Trondheimske postveg var i bruk.


. SOMMARAVISA FIRDATIDEND TIDEND • Onsdag 25. mai 2016 FIRDA 2022

9

Sandanedagane Helga 12.-14. august går dei årvisse Sandanedagane av stabelen på Sandane. Det er næringslivet som står bak dagane som er tradisjonelle marknadsdagar med ei rekkje gode tilbod, utstillarar, underhaldning, aktivitetar og rikeleg med høve til å fylle magen med gode mat- og drikkeprodukt, mange av dei svært kortreiste! Sandanedagane pleier å vere ein folkefest i kommunesenteret i Gloppen.

Friluftshelga i Hyen

I Nordfjord stisenter finn du både ein klatresti og ein nedoversti som gjev deg fleire moglegheiter.

Nordfjord Stisenter Likar du fart og spenning på sykkelsetet, er Nordfjord stisenter på Vereide rette plassen for deg. Der finn du to km med stiar, kular, doserte svingar og det meste ein

Friluftsliv står i fokus under Friluftshelga i Hyen, som varer ei heile veke, frå 18. til 24. juli. I løpet av desse dagane byr arrangørane på motbakkeløp, fjellturar, kulturvandring, fiskekonkurranse, idrettsstemne, fotballkamp, sommarkonsert, flakedans, friluftsgudsteneste, salsutstilling og ei rekkje andre aktivitetar. Er du ikkje kjend i Hyen frå før, er Friluftshelga eit godt høve til å bli det!

kan tenkje seg og ønskje når det kjem til sykkelsti. Senteret høver for alle, og er ein flott plass å ta med seg vener eller familie for å vere aktiv. Nærleik til naturen er eit stikkord under Friluftshelga i Hyen i slutten av juli.

Matamål Matamål, matfestivalen i Sogn og Fjordane, finn stad på Sandane siste helga i september med ulike mat- og drikkerelaterte aktivitetar. Det blir produsert svært mykje lokalmat av dyktige produsentar i Gloppen, og under torgdagen laurdagen er mange av desse til stades med produkta sine.

Torgdagen til Matamål er svært populær. Sandane Golfklubb si bane ligg i landlege omgjevnader på Eide.

Sandane Golfklubb Sandane Golfklubb si niholsbane på Eide, sør for Sandane sentrum, er kjend for å vere utfordrande, i tillegg til panoramautsikta mot Gloppeelva, Eidsfossen og Ryssdalshornet. Fleire hol har smale fairwayar

Oversettelsesfeil.

med vasshinder, høg rough eller out of bounds langs sidene, samt små greenar som ofte hallar frå deg. Dette gjer det ekstra vanskeleg å få ein høg treffprosent på greenanE.

Med den spisse forma si er Eggenipa blitt eit ikon for fotografar og folk på vandretur.

Eggenipa Den kjende og særprega toppen Eggenipa sør for Byrkjelo er svært mykje fotografert, og er også eit ynda turmål. Fjellet ruvar 1.338 meter over havet, og opplevingane på ein tur til toppen er store og majestetiske, med utsikt,

mektig natur og mjølkesyre som sentrale ingrediensar. Eit prosjekt der ein vil legge til rette for ein betre sti til og frå toppen, og med det gjere fjellet meir tilgjengeleg for folk, er i gang.

Antikk & Rarieteter I ein gammal låve på Gimmestad på sørsida av Gloppefjorden ligg antikvitetsbutikken Antikk & Rariteter. Her

kan du få bonde- og bymøblar frå svunne tider, og mykje, mykje meir.


. FIRDA Onsdag 25. mai 2016 • FIRDA TIDEND SOMMARAVISA 2022 TIDEND

10

Kleppeparken Midt i Byrkjelo sentrum, på begge sider av Myklebustdalselva, ligg Stig Eikaas sin skulpturpark med 90 skulpturar. Skulpturane er i all hovudsak av stein, og framstår som ei kunstutstilling i friluft. Kleppeparken på Byrkjelo. Karnilstunet er eit koseleg gammalt gardstun med strålande utsikt.

Karnilstunet Karnilshaugen, også kalla Tinghaugen, er ein tinghaug lokalisert på garden Hauge, to kilometer nordvest for Sandane. Den var over ti meter høg og med ein diameter på rundt 55 meter. Dette gjer haugen til den menneskebygde største tinghaugen på Vestlandet, og mellom dei ti største i Norden. Haugen har særeigne astronomiske forhold knytt til både sommarsolkverv og vintersolkverv. Dette styrker trua på at haugen hadde ei form for

Fjordlandsbyen Sandane Sandane er kommunesenteret i Gloppen, ein triveleg tettstad, eller fjordlandsby, med eit variert utval koselege butikkar. Her finn du det meste av det du treng, og ikkje minst er det mange moglegheiter til å setje seg ned med ein kopp kaffi og noko å bite i. Den flotte Heradsplassen er hjartet i Sandane sentrum.

religiøs meining. Haugen har vore grundig undersøkt både av arkeologar og geologar, men aldri blitt graven ut. Tinghaugen ligg i Karnilstunet, eit svært vakkert plassert tun med strålande utsikt i alle retningar, mellom anna innover mot Sandane. Tunet er eigd av ei stifting som ønskjer å skape eit levande tun der ulike grupper kan kome og få gode opplevingar. Den gamle låven er pussa opp og blir nytta som selskapslokale.

Geitebygda Kandal I den sjarmerande geitebygda Kandal ved Breimsvatnet ligg Sølvane Gard. Låven er gjort om til eit annleis selskapslokale, med gullspeglar, store velurgardiner, messinglampar og skinnfellar. I det nye Kandal Klyngetun med ei-

gen restaurant tilbyr vertane overnatting. Overnatte kan du òg gjere i hytter og sel på stølen. I Kandal finn ein òg Kandal Ysteri og Gardsmat, som lagar førstklasses geitost, og Kandal Kjøtt som lagar kjøtprodukt av kje og geit.

Geitene har alltid vore ein viktig aktør i Kandal, og er det framleis.

Columbusparken Ved utløpet av Straumselva i botnen av Hyefjorden, ligg Columbusparken. Her kan du nyte roa og planlegge neste tur i den ville og vakre naturen i området.

DGI Verdensholdet består av Danmark sine dyktigast urnarar. Nivået blant utøvarane er skyhøgt, og troppen er kjend over heile verda.

Turnarar i verdsklasse kjem til Gloppen

Columbusparken i Hyen.

Sommarutstilling Gloppen har mange kunstnarar. I sommar har Aase Skrivervik og Ståle Fitje salsutstilling med keramikk og måleri i Gloppen Kunstlag sine lokale på Sandane. Skrivervik er keramikar med utdanning frå England, Fitje er utdanna lærar, har drive med kunstmåling i nesten 50 år og har ei rekkje kurs og utstillingar bak seg. Aase Skrivervik og Ståle Fitje presenterer keramikk for utebruk og oljemåleri på salsutstillinga si i sommar.

20.-27. juni i år kjem det danske verdslaget i turn, DGI Verdensholdet, til Gloppen. Den danske turntroppen skal ha to stopp i Noreg denne sommaren. I Gloppen blir det lagt opp til mellom anna workshops og foredrag, før opphaldet blir avslutta med show i Hyen og på Sandane.


.

11

FIRDA TIDEND SOMMARAVISA • Onsdag 25. mai 2016 FIRDA TIDEND 2022

Bu og et i Gloppen

Sigmund Grinde og sonen Frode Grinde leiger ut to hytter på Rauset. – Utan tvil den finaste plassen på jord, seier Sigmund audmjukt.

– Finaste plassen på jord Med panoramautsikt til omverda og fjelltoppar så langt auget maktar å sjå, ligg vestlandsidyllen lett tilgjengeleg for dei som leiger seg inn på Kvitfella feriehytter på Rauset på sørsida av Gloppefjorden. Dess lenger opp du kjem i bakkane mot Rauset, dess meir veks trua på at du kan

strekkje deg og ta på himmelen. Historisk sus 16:9 Sigmund Grinde og sonen Frode bur på den nest øvste garden i bygda, og har vel 60 dyr av typen Angus Aberdeen. I 2000 sette dei opp to feriehytter på garden, og sidan den gong har dei to karane husa turistar på sommaren

og arbeidsfolk på vinterstid. Sigmund lovar god utsikt og gode naboar om du leiger deg inn på ein av dei velutstyrte hyttene, og eit aldri så lite historisk sus når du legg deg om kvelden. Under gravinga til grunnen fann dei nemleg restar av ei gammal vikinggrav. – Det viste seg at det var ei vikingkvinne, og ho har lege der sidan år 800, seier han og

Bak høge gjerde, men med god blikk-kontakt, kan du prate med Angus-kyrne på garden. Dei går ute heile året.

viser ein stein som er sett opp i hagen for å markere der grava låg. Fjord og fjell På den andre sida av gjerda står nokre av dei gode naboane og lever det gode uteliv heile året. – Men dei er nok på tur i fjellet om sommaren, fortel Sigmund om ammekyrne som tar med seg kalvane opp i

endå høgare trakter på sommarferie. Hyttetrappa på Rauset er eit fint utgangspunkt om du vil gå i fjellet eller nyte fjorden. – Vi har båt nede ved fjorden som hyttegjestane kan bruke, og her oppe er det eit uendeleg tal fjellturar ein kan bryne seg på, med både fiskevatn og badevatn, konstaterer hyttebonden.

La humla suse: Om fjorden eller fjellet ikkje lokkar, kan ein ta ein pust i bakken og nyte utsikta til noko av det beste Vestlandet har å by på.


. FIRDATIDEND Onsdag 25. mai 2016 SOMMARAVISA 2022• FIRDA TIDEND

12

Mona Lisa Restaurant

Vaffleriet

I Skarsteinsbakken midt i Sandane sentrum finn du Mona Lisa Restaurant. Restauranten serverer alt frå pizza og hamburger til reker og biff.

I Nordstrandsvegen på Sandane ligg bistrokafeen Vaffleriet, som mellom anna lagar ferske sirupsvaflar og minipannekaker, og serverer is og kaffi. Vaffleriet i Sandane sentrum.

Mona Lisa Restaurant held til i eit koseleg, hundre år gammalt hus.

– Sommaren på segnomsuste Bakar-Jon

Solgunn Sårheim Brakestad og gjengen på Bakar-Jon på Byrkjelo har det travelt om sommaren. Svært mange av dei forbipasserande på E39 stoggar for å få seg ein matbit eller to og kjøpe med seg kortreiste produkt.

Inne på Bakar-Jon på Byrkjelo er det hektisk heile året, men om sommaren blir tempoet skrudd opp eit par ekstra hakk. – Eg trur nok folk blir litt overraska når dei kjem innom dørene til oss. Vi har mykje meir å tilby enn kva dei trur når dei stoppar utanfor, seier dagleg leiar Solgunn Sårheim Brakestad. Bognar Det gule huset på Byrkjelo rommar mykje glede for auge og gane, og både butikken og kafeen bognar over av bakevarer, lokalmat, godteri, sjokolade og godt drikke. – Og ikkje minst is, smiler Sårheim Brakestad.

Lokale produsentar Den daglege leiaren fortel at både det søte og det salte er populært om sommaren, og lokale spekematprodusentar som Kandal Kjøt gjer det godt. – Vi er ein av dei som sel mest av deira produkt, og har ekstra fokus på dei lokale produsentane. Til dømes går halvparten av den vekentlege produksjonen hos Olden Bryggeri til oss.

velfylte butikken. Gjetordet om dei gode brøda og den rause søtbaksten har nådd både Trondheim, Bergen og Oslo. Historier om brødbestillingar frå Hansabyen er det fleire av. – Eg trur det er mange som har oss som fast stoppestad. I tillegg er det mange utanlandske turistar innom, dei er allereie byrja å kome. Det er veldig kjekt, og hektisk, smiler ho.

Stoppestad Og det er slett ikkje berre dei lokale som nyt godt av den

Populær Så langt er det berre éin BakarJon, men ifølgje Sårheim Bra-

kestad er dei etterspurde i andre delar av landet òg. – Ja, det er fleire som lurer på kvifor det ikkje finst ein slik butikk i deira by, smiler ho. – Kan vi då kanskje om nokre år finne ein Bakar-Jon-filial i Bergen? – Tja, då må vi i alle fall klone eit par medarbeidarar herifrå først, ler ho.


.

13

FIRDA TIDEND SOMMARAVISA • Onsdag 25. mai 2016 FIRDA TIDEND 2022

Vereide Bakeri

Lauget Kaffi & Kultur

I Firdavegen på Sandane ligg tradisjonsrike Vereide Bakeri sitt utsal. Bakeriet, som no blir drive av 4. generasjon Vereide, serverer framifrå bakarvarer basert på gode, gamle oppskrifter, kombinert med nyhende.

Lauget er ein urban kafé midt i Sandane sentrum som satsar på lokal, gjerne økologisk, mat og drikke som framhevar dei mange flotte ressursane i nærområdet.

Vereide Bakeri byr på gode bakarvarer og kaker.

På Lauget kaffi & kultur kan du nyte ein cappuccino og få underhaldning frå scena med på kjøpet.

Gloppen Camping har nærleik til det meste

Gloppen Camping ligg to km frå Sandane sentrum og har nærleik til fjord og fjell, butikkar og kulturopplevingar.

Sesongen i fjor var rekordprega. 2022 teiknar til å bli minst like bra. Gloppen Camping og Fritidssenter melder om tidleg sesongstart, den beste pinsa nokon gong og ein juni månad utan ledige hytter. God sesongstart – Eigentleg var det litt roleg før påske slik at det var litt å ta igjen, men sidan har det vore svært bra, fortel Rune Kjørvik som driv campingplassen saman med sønene. – I pinsa var det aldeles fullt. Det var ikkje ei ledig seng i hyttene eller ledige oppstillingsplassar for verken bubilar eller campingvogner, fortel Kjørvik. Han gleder seg over at også mai blei betre enn same månad i fjor, og ikkje minst over at det aldri har vore så mykje

hytteutleige som det blir i juni. Resten av sommaren lovar også godt. Når det gjeld bubilar, er trafikken som normalt så langt. – Dei tek vi ikkje imot førehandstingingar på, anna enn i spesielle høve, fortel Rune Kjørvik. Mest nordmenn På denne tida er det ein god del tyske bubilturistar. Dei brukar campingplassane i veka, men held seg unna i helgane. – Då er det fullt. Dei likar fred og ro, seier Kjørvik. Elles er det mest nordmenn som under pandemien oppdaga at eige land har mykje å by på, og at det eigentleg ikkje er dyrare enn å reise til utlandet. – Men fleire campingplassar

Kjørvik driv Gloppen Camping og Fritidssenter. Han opplyser at årets sesong lovar bra.

og hotell har nytta høvet til å setje opp prisane i sommarsesongen etter covid-19. Det likar eg dårleg. Vi har same pris året rundt. Det trur eg er lurt. Mange gjester kjem i alle fall igjen år etter år, fortel Rune. Mange fasilitetar Gloppen Camping og Fritidssenter har 20 plassar for tilfel-

dige bubilar og disponerer 20 hytter, der 15 er av god standard, medan fem er utan dusj og toalett. Sandane Camping og Fritidssenter ligg to km frå Sandane sentrum ved Fv 615 til Hyen, på eit idyllisk område i sjøkanten med furutre og fleire hundre meter flott sandstrand. Om ikkje badetemperaturen i sjøen er tilfredsstil-

lande, har Gloppen Camping og Fritidssenter eige oppvarma basseng. Frå campingplassen er det kort avstand til flotte turopplevingar og fiske i både sjø og vatn. Campingplassen tilbyr også utleige av båtar, og ved flytebryggja har dei sitt eige vikingskip. Om gjestane ønskjer å handle, er det gåavstand til sentrum og alle fasilitetar. Kulturlivet i Gloppen er rikt og byr på mange arrangement året rundt. Som gjest hos Gloppen Camping og Fritidssenter er avstanden kort til det meste. Gloppen Camping og Fritidssenter har ei flott sandstrand der gjestane kan nyte sol og badeliv.


. FIRDATIDEND Onsdag 25. mai 2016 SOMMARAVISA 2022• FIRDA TIDEND

14

Good Mexican

Daiva sin butikk

Restauranten Good Mexican på Reed lokkar gjestane med meksikansk mat med norsk tilpassing.

På Sandane finn du Daiva sin butikk, ein særprega butikk for deg med auge for det unike og spesielt vakre, i kombinasjon med servering av kaffi, is og gammaldags sukkertøy.

Good Mexican opna i Breim våren 2021.

Daiva Vereide sel unike gåveartiklar, kaffi og is.

Gloppen Hotell satsar på det norske Hos Bodil på Gloppen Hotell finn du noko ganske unikt i desse tider – eit nærast heilnorsk kjøkenpersonale. Midt i Sandane sentrum finn du tradisjonsrike Gloppen Hotell, med røter over 150 år tilbake i tid. Fire av fem Bodil Fjellestad Eikrem er inne i sitt 16. år som kjøkensjef på det populære hotellet, og leiar i dag eit kjøken som legg vekt på høg kvalitet med lokale sesongvarer i sentrum. Med seg i kjøkenhæren har ho fire faste kokkar og fire lærlingar. Alle så nær som ein er norske. – Eg trur ikkje det er så mange hotell eller restaurantar som kan skryte av at dei har berre norsktalande personale på kjøkenet, smiler ho. Mattradisjonar For kokkar og kjøkenhjelp er mangelvare for tida. Dei siste åra er det færre og færre som vel å utdanne seg kulinarisk her i landet. Serveringsstadane må difor importere arbeidskraft for å få det til å gå rundt. – For oss er det ein klar fordel å ha norske kokkar. Vi satsar mykje på lokalmat, og det er ikkje alltid lett for ein som kjem utanfrå å setje seg inn i norske mattradisjonar. I tillegg har vi fleire som har lokal tilknyting, og som etter kvart veit kva gjestane vil ha, seier Fjellestad Eikrem. Lagarbeid Ho trekkjer fram stabilitet og kontinuitet som viktige

punkt for å skape både god mat og eit godt arbeidsmiljø. – På eit kjøken lærar ein kvarandre å kjenne på både godt og vondt, og vi blir som ein familie. Hos oss er det kjefting, smelling og latter om eitt anna, men vi veit kvar vi har kvarandre. Det er ikkje berre eg som sit og skriv menyen, vi er eit lag som jobbar godt i lag. Menyen skiftar kvar tredje veke, og midt i juni er det fersk fisk som spelar hovudrolla. Lokalt og i sesong – Vi prøver å tenkje på kva vi har lokalt til ei kvar tid, og bruke det som er i sesong. Vi brukar lokalt svin med lokal honning til dømes, og rabarbra er i sesong akkurat no. Om ikkje lenge kjem jordbæra, så dei kjem nok med på neste meny. Akkurat no får eg masse fantastiske urter frå Devik som er i full blomster, seier ho entusiastisk. Sesongen er godt i gang på Gloppen Hotell, og Bodil fortel om hektiske dagar med bryllaup nesten kvar helg, og tilnærma fullteikna bøker til hausten. Då er det godt å ha lærlingar å ty til. I dag har ho fire i lære, men ein av dei er ferdig i august. Rekruttering – Frå hausten av hadde eg håpa å få med meg to nye lærlingar, slik at vi til saman

Kjøkengjengen på Gloppen Hotell: – På eit kjøken lærer ein kvarandre å kjenne på både godt og vondt, og vi blir som ein familie, seier kjøkensjef Bodil Fjellestad Eikrem (nr. to f. h.)

hadde fem. Men det kan sjå ut som at det blir første gong på dei 16 åra eg har jobba her at vi ikkje får tak i nok lærlingar, seier ho. Det har ført til at hotellet har måtta tenkje litt alternativt for sommarsesongen. – No er vi så heldige at vi får hjelp frå ungdomsskuleelevar. Det er sjølvsagt ikkje berre å steppe rett inn i eit a-lacarte-kjøken, men ungdomane skal hjelpe oss med ein del av preppinga, slik som å skrelle og kutte. På den måten klarer vi oss. Og kven veit, på denne måten kan vi kanskje rekruttere litt fleire inn i kokkeyrket òg, konkluderer kjøkensjefen.

Fakta om Gloppen Hotell Gloppen Hotell, 1866 til 2022 Utgangspunktet for etableringa av hotellet var dei engelske lakselordane som kom for å fiske i Gloppeelva. Framleis tilbyr hotellet lakse- og sjøaurefiske i elva. Hotellet rommar til saman 61 rom frå tre ulike hundreår, mellom anna 17 historiske rom der alle er individuelt innreia. Gloppen Hotell har lagt vekt på å ha ein restaurant med høg kvalitet, og har satsa stort på lokalmat.


.

15

FIRDA TIDEND SOMMARAVISA • Onsdag 25. mai 2016 FIRDA TIDEND 2022

Bær- og fruktbygda

Nordfjord Lodge

I området rundt Gloppefjorden har det i lange tider vore dyrka mykje bær og frukt. Mange av dyrkarane sel produkta sine rett frå åkeren og hagen. Meir kortreiste varer er ikkje mogleg å få tak i!

Nordfjord Lodge ligg på Reed. Huset har fem soverom og totalt ti sengeplassar. Her er hage med plass til å vaske stisyklar og legge seg ned i graset og høyre humla suse. Tre minutt frå lodgen er Breimsvatnet. I naustet ligg kajakk og kano som gjester kan leige.

Jon Slagstad er ein av mange frukt- og bærbønder i Gloppen.

Nordfjord Lodge er i eit koseleg, gammalt hus på Reed, med fin hage rundt

– Byrkjelo Camping står øvst på lista vår. Her er reint og velstelt og aldri bråk, seier Jakob Hansen frå Sunnmøre. Det er Arvid Aarseth og Per Skrøppa heilt samde i.

Gjestane kjem igjen og igjen til Byrkjelo camping. To av dei er stamgjestene Arvid Aarseth og Per Skrøppa (t.h.). Her er dei i samtale med driftsleiar Arve Myklebust (t.v.).

Byrkjelo Camping har trufaste gjester Han ferierer på Byrkjelo Camping i bubil saman med kona. Det har dei gjort i mange år. Campingplassen ligg sentralt til ved gjennomfartsåra E39, nær Byrkjelo sentrum med den velrennomerte lokalmatbutikken og bakeriet Bakar-Jon, og berre nokre minutts gange til Byrkjelo sentrum. Favoritt – Byrkjelo Camping står øvst på lista vår, fortel Jakob. Vanlegvis stoggar dei to til fem dagar fleire gonger i året før dei reiser vidare, eller heim igjen til Fjørå nær Valldal. Det er fleire årsaker til at dei likar seg så godt på Byrkjelo Camping. – Noko av det beste er sanitæranlegget. Det er perfekt. I tillegg er det noverande vert-

skapet like triveleg som det føregåande. Vi blir alltid godt mottekne. Og så er det aldri bråk her, slår Jakob fast. Det går berre eit par minutt før to andre stamgjester, Per Skrøppa og Arvid Aarseth, stoggar og blir bodne på ein kaffikopp av driftssjef Arve

Myklebust. Dei er der saman med ektefellane sine. Velstelt – Vi er stamgjester og trivst svært godt på Byrkjelo Camping. Og det vi set aller mest pris på, er at campingplassen er så velstelt, rein og fin, seier

Byrkjelo Camping står øvst på lista vår, seier Jakob Hansen frå Sunnmøre.

dei. I fjor vart Byrkjelo Camping selt til ei lokal investorgruppe. Arve Myklebust er tilsett som driftsleiar. Han tykkjer det er kjekt å få så gode tilbakemeldingar, for dei nye eigarane ønskjer å vidareføre drifta av Byrkjelo Camping i same gode spor som dei tidlegare eigarane Kristin Sindre Bjørkelo og Anders Bjørkelo var så kjende for. I 2010 gjekk Byrkjelo Camping til topps i Norges Caravanforbund si kåring av landets finaste campingplass. Kriteria for kåringa var tilrettelegging for born og vaksne, vedlikehald og reinhald, trivsel og hyggjeleg vertskap. Rusta opp Det ønskjer dei nye eigarane å leve opp til. Dei har pussa opp fire hytter og utbetra sa-

nitæranlegget. For å auke inntektspotensialet har dei også lagt til rette for 16 nye oppstillingsplassar for bubilar og campingvogner. Det kjem i tillegg til dei eksisterande 33 plassane. Byrkjelo Camping har til saman 72 drop-in plassar for bubilar og campingvogner, eit område for telting og til saman ti hytter av ulik standard. I sommarsesongen kan gjestene også nytte badebassenget.


. FIRDATIDEND Onsdag 25. mai 2016 SOMMARAVISA 2022• FIRDA TIDEND

16

Å sove i eitt med naturen Å overnatte mellom tretoppane blir stadig meir populært, og trehyttene på Sandane har vore nær fullbooka sidan dag éin. Olav Aabrekk hadde lenge vore nysgjerrig på konseptet trehytter, og har laga fleire skisser av ulike løysingar og design opp gjennom åra. Raskt populær – Eg hadde lyst å få til litt skikkeleg komfort, og ei god kjensle av at ein var inne i og i eitt med naturen, seier gründeren. Den første hytta såg dagens lys på Engesetåsen over Sandane i 2017. Ryktet gjekk, og det eine Instagraminnlegget tok det andre. På slutten av sesongen var det mange som hadde vore innom hytta med den spektakulære utsikta over Sandane, Sørstrandsfjella og Gloppefjorden. – Den vart veldig populær, men det var mange som tok kontakt og ville ha med ungane sine. Det var det ikkje plass til i denne hytta, og difor sette vi opp ei to-etasjar familiehytte året etter. Her er det mellom anna ein trestamme i staden for trapp mellom første og andre etasje, smiler han. Romslegare Og denne sommaren er hytte nummer tre på trappene. Aabrekk er far til ein gut som har CP, og familien har sakna eit tilbod på litt utradisjonelle stadar å overnatte for dei som har behov for litt ekstra plass og lettare tilkomst. – Eg har følt litt på at eg er programforplikta til ikkje berre å klage på andre plassar, men faktisk gjere noko sjølv med dette tilbodet, innrømmer han. Difor er bygg nummer tre på Engeset utforma slik at ein kan trille rett inn i ei romsleg hytte med lågare kjøkenbenk og brytarar, mellom anna. – Den kan òg vere aktuell for dei som treng litt meir komfort, sidan den har eige toalett. På området er det òg ein eigen gapahuk med bålplass som gjestene kan nytte seg av. Det siste tilskotet på trehyttestammen finn du litt lenger ute langs Gloppefjorden, på Gloppestad. Aabrekk og samarbeidspartnar Marius Tenden hadde ein idé om ei flytt-

Gloppa tretopphytte ligg idyllisk til på Gloppestad, nokre få minutt køyretid frå Sandane sentrum.

bar hytte, som kan flyttast etter sesong og andre forhold. – Det er så mange flotte plassar i regionen vår, men det er ofte ein økonomisk bøyg å kome over når ein skal setje opp ei hytte. Difor hadde vi lyst å lage ei slik hytte, og gå i samarbeid med ein grunneigar om ein plass som både han og vi synest er fin og tilgjengeleg. Alle dei flotte plassane På Gloppestad har dei funne nettopp ein slik plass, og har fått dispensasjon til å ha hytta Gloppa ståande i eit hogstfelt i ti år. – Bonden skal ikkje bruke dette området før trea skal hoggast ned, og på denne måten kan han få leigeinntekter medan han ventar. Når avtalen er over, vil vi pakke saman hytta, og det vil ikkje merkast at den har stått der. Slik får ein utnytta fleire fine destinasjonar, seier Aabrekk og legg til at planen er å gjere avtalar også med andre grunneigarar som har godt eigna

lokasjonar, og at det kanskje kan bli mogleg å finne mobile hytter fleire fantastiske stader på Vestlandet i løpet av nokre år. Internasjonalt Bestillingsboka for trehyttene er nærast fylt opp for sesongen, og slik har det vore sidan starten i 2017. – Vi såg litt mørkt på det då korona-

en slo inn, men det viste seg at nordmenn fekk auga opp for alle dei fine plassane vi har å ta av her på Vestlandet. No er dei utanlandske turistane byrja å kome, og denne sommaren har vi bestillingar frå Kina, Japan, India, Saudi-Arabia, Storbritannia, USA – eigentleg heile verda. Det verkar for å vere eksotisk å sove mellom trea, smiler han.

Nesholmen

Nesholmen ligg vakkert plassert ved Eimhjellevatnet.

Sentralt plassert ved Rv15, Florø, Førde og Sandane innan ein radius på ein time, ligg idylliske Nesholmen i Hyen. Med Eimhjellevatnet som næraste nabo kan overnattingsstaden by på flotte badeplassar, sandstrender, svaberg og fine fiskeplassar frå land og i båt. Nesholmen har også eit stort uteområde med leikeplass og baner for sandvolleyball og basketball

Reed Camping

Audś Cottages

Reed Camping ligg heilt nede ved Breimsvatnet, med gode fiske- og bademoglegheiter. Utleige av hytter og oppstillingsplass for bubilar og campingvogner.

På Sandal i den vakre og ville Myklebustdalen, ti minutt frå Byrkjelo, leiger Aud Bergheim ut feriehus. Husa ligg ved Sandalsvatnet, der auren sprett villig.

Reed Camping ligg idyllisk til ved vatnet.

Feriehusa på Sandal ligg like ved Sandalsvatnet som byr på godt aurefiske.


.

17

FIRDA TIDEND SOMMARAVISA • Onsdag 25. mai 2016 FIRDA TIDEND 2022

# ($ $

- # 14-17

'# -$! 12-16

-

!$# '% , # +

$$ $% % #

* - $ %- # # &- % - % - ///

- %*$- % # # 10-15 $ 10-16 # " % . #. 06-23

' $ # $+

% # ' %'# '$ % $ # + ! " "# # %

$! "" $ $%'# *& + # " $$ #% " # ' ( # ($ $$ / ( #% * #$ %'# % +

-

. )))/ %# ($ $ / - )))/ "" / ' / - )))/ "" % / - $ # $/

"" ' - # ($ $ - "" % - "" - ""


. FIRDATIDEND Onsdag 25. mai 2016 SOMMARAVISA 2022• FIRDA TIDEND

18

Gloppen Camping & Fritidssenter

­ 24 hytter IIII, III, II IIII III II ­ 96 caravanplassar med straumuttak ­ 2 utandørs oppvarma symjebasseng ­ 300 m barnevenleg badestrand ­ Sportsfiske ­ Båtutleige ­ Trampoline ­ Leikeplass ­ Butikk/storkiosk

Kraft og køyreglede

Sørstrandsvegen 195 ­ 6823 Sandane tlf. 948 00 309 ­ 41 46 84 33

Marknadsleiar i Sogn og Fjordane 2021

Telefon 57 86 84 00

post@gloppen­camping.no ­ www.gloppen­camping.no

! r a m m o s Aktiv Nordfjord Aktiv har daglege aktivitetar på stisykling og kajakk-padling frå 1. juli til 7. august. Vi har guida turar og kurs. Vi har lagbyggingsaktivitetar og -kurs, samt skreddersydde opplegg. Ta kontakt!

Booking på www.nordfjordaktiv.no eller kontakt oss på tlf 90089170 - post@nordfjordaktiv.no

Foto: Eirin Myklebust og Kyrre Buxrud


. SOMMARAVISA FIRDATIDEND TIDEND • Onsdag 25. mai 2016 FIRDA 2022

19

Kvitfella Feriehytter - med panoramautsikt

Rauset-støylen

Kvitfella og Rauset ligg ein liten køyretur på 13 kilometer frå Sandane sentrum, og på denne perla av ein gard, finn ein verkeleg roen. Dette er den perfekte staden for ein roleg ferie i fantastiske omgjevnader. Hyttene ligg usjenert til i bakkane over Gloppefjorden, solrikt og med panoramautsikt mot fjord og fjell. Her kan ein oppleve livet på ein gard, gå turar i skog og fjell, fiske på fjorden, det er eit flott tur- og fisketerreng innover dei mange dalane rundt plassen, eller berre slappe av og nyte utsikta frå hytteveggen. Kvitfella Feriehytter er også eit fint utgangspunkt for dagsturar til både bre og hav i Nordfjord og områda rundt. Gloppen og nabokommunane er kjent for eit rikt festival- og kulturtilbod, og alt er lett tilgjengeleg frå Rauset. Gloppeelva er også mellom dei mest populære lakseelvane i landet. Vi har to romslege og godt isolerte hytter, med stor stove, velutstyrt kjøken, 4 soverom, bad, oppvaskmaskin, vaskemaskin, frysar, internett og parabol-TV. Velkomne til ein fredfull, fantastisk stad i nydelegnatur.

www.kvitfella.no - post@kvitfella.no (+47) 95 74 22 81- (+47 ) 99 15 14 88

VELKOMEN TIL

SOMMARHANDEL på

e n a d n a S

Sandane er eit sentrum som innbyr til trivsel! Her er eit hyggjeleg handelsmiljø med bilfrie område ved sjøen og på Heradsplassen. På den flotte leikeplassen ved Heradshuset kan borna boltre seg. Og vil du kose deg på stranda, kan du berre ta turen til den nye Grandeparken midt i Sandane sentrum! Ønskjer du å oppleve bygda i feststemning, så kan du ta turen til Sandane for å oppleve dei store arrangementa som skjer framover.

22 18 SANDANEDAGANE Fredag 12. til søndag 14 august

BUTIKKAR OG BRANSJAR Aagård Sko Arkja Mote Bademiljø / Fantasi Chatlet Coop Extra Sandane Daiva sin butikk Datainstituttet Norli Bokhandel Fargerike Sandane Firda Elektro Grete's Frisørsenter Intersport Lauget kaffi og kultur Leiv Ausrheim Luggen Frisør Modehjørnet

Møbelringen Sandane Rema 1000 Sandane Heime Sandane Gullsmedforretning Sandane Mat AS. Bunnpris Sandane Tekstil og Interiør Skinlo & Co Sveisen Frisør Tystad Blomster Upscale Vaffleriet Vereide Blomster Vest Optikk Sesong Yrkes & Fritidsklær

Velkomen til trygg og god handel på Sandane


. FIRDATIDEND Onsdag 25. mai 2016 SOMMARAVISA 2022• FIRDA TIDEND

20

FRODE HALTLI • HÅKON KORNSTAD MALIN ALANDER • SHUANN CHAI • MARIUS FLATBY LUDVIG GUDIM • JOHANNE HAUGLAND JOÃO MIGUEL • IDA KLOKK-BRYHN • AUDUN SANDVIK DISTRIKSMUSIKARANE I SOGN OG FJORDANE

Byrkjelo Camping

6. – 11. SEPTEMBER 2022

- Familievenleg campingplass nær Byrkjelo sentrum - Hytteutleige og romslege oppstillingsplassar for bubilar og campingvogner - Eige badeanlegg med stor solterrasse, oppvarma symjebasseng og plaskebasseng til dei minste - Gangavstand til nærbutikk, kafè og supermarknad - Leikeplass, grillhytte og bålplass - Mange fine fjell- og fotturar i regionen, og godt aurefiske i området.

KJØP BILLETT OG SJÅ PROGRAM PÅ G L O P P E N M U S I K K F E S T. N O

– med utsikt mot Eggenipa

Fiskekort kan kjøpast i resepsjonen

Tlf. +47 901 24 701 www.byrkjelocamping.no/ e-post: camping@breim.no

Holvikejekta ein unik turistattraksjon Holvikejekta i Gloppen er unik i verdssamanheng. Ho er den einaste jekta i opphaveleg stand som er bevart, og det største klinkebygde fartøyet i Nord-Europa. Holvikejekta vart bygd i Kråafjøra på Sandane i 1881, og var i drift som fraktefartøy til og frå Bergen i 25 år, før ho vart sett på land i 1906. Frå middelalderen og fram til slutten av 1800-talet fanst det hundrevis av jekter frå Finnmark i nord til Rogaland i sør. Berre i Nordfjord var det i 1840-åra 75 jekter. Av vestlandsjektene er det no berre ei att, Holvikejekta. Holvikejekta er ein del av Nordfjord Folkemuseum. Den ligg på Øyrane like utanfor sentrum, der ein kan sjå ho i dag. Eineståande Holvikejekta er eineståande. Eit verne- og formidlingsbygg vil presentere jekta og historia rundt den på ein spennande og attraktiv måte. Bygget er finansiert av stat, fylke og vertskommunen Gloppen. Arbeidet med bygget vil ta til hausten 2022.

Opningstider Nordfjord Folkemuseum: Tysdag-søndag 11-17 misf.no

Norsk Storbiltreff vert arrangert siste helga i august på Norsk Fjord­ hestgard i Breim. Det sosiale og den gode stemninga er essensen på vårt treff. Her skal alle føle seg velkomen, enten du kjem med 2022 mod eller 1972 mod. Og vi skal ha noko for ein kvar smak. Det blir aktivitetar, underhaldning frå scena, konkurransar, og sosialise­ ring som passar for alle i alle aldrar. Vi sjåast på i Breim.


. SOMMARAVISA FIRDATIDEND TIDEND • Onsdag 25. mai 2016 FIRDA 2022

21

“Verda o og vi” Asle Toje

Opplev det unike Gardsbrenneriet - handverksprodukt rett frå garden Gardsbrenneriet er handverksdestilleriet i Nordfjord og ligg idyllisk til på Jørnbruket på lune og solfylte Hauge på nordsida av Gloppefjorden. Heile prosessen frå dyrking av råvarer til tapping av ferdig produkt skjer på garden. Vi har gardsbutikk der du kan få kjøpt mellom anna fruktmost, gløgg, sukkerøl, brus og sider, vi tilbyr smaking av alkoholhaldige og alkoholfrie produkt og hagevandring i den historiske eplehagen.

opplev.gardsbrenneriet.no

Friluftshelg i Hyen 18.- 24.juli 2022 18/7:

Olsokløp frå Ommedal til Ommedalsstøylen Turgåarar og konkurranseklasse

19/7:

Kulturvandring på Nesholmen ­ og fiskekonkurranse i Storefjorden frå ca kl 18

20/7:

Idrettsstemne Basisball på idrettsplassen etter idrettsstemnet

21/7:

Fjellturar – i år prøver vi å få til eit par turar med ulik lengde og «vanskegrad» Skytetrening på Aa­bakkane

22/7:

Fotballkamp QUIZ­kveld

23/7:

Sommarkonsert i kyrkja Salsutstilling og ulike aktivitetar i sentrum Flakedans på Vågen

24/7:

Friluftsgudsteneste ved kyrkjesteinen i Hope kl 12 Salsutstilling og matservering med rømmegraut i sentrum

“Hvordan krigen i Ukraina endrer Verden”

Trivselshagen Sandane

Torsdag 29. september kl. 20.00 Følg oss på Facebook!

Billettsal i kafeen i Trivselshagen eller www.trivselshagen.no

Obs!

Vil du støtter “Verda og vi”? Vipps gjerne til

3705. 49. 80796

Mars-oktober, frå kl. 07.00 til seint på kveld, så lenge det er lyst… www.sandanegolf.no Tlf. 99384085 post@sandanegolf.no

Du finn Friluftshelga på Facebook og Instagram

Kontakt oss gjerne om du vil vite meir om vegen til golf .... !


. FIRDATIDEND Onsdag 25. mai 2016 SOMMARAVISA 2022• FIRDA TIDEND

22

butikken PÅ Å BYRKJELO, LANGS E39

Bakeri Lokalmat Salatbar Gåvepakniingar Kafè

Ta tuuren innom Byrkjeelo! OPE KVA AR RDAGAR 8-20 LAURDAG 99 18 OG SØNDAG 12-18


. SOMMARAVISA FIRDATIDEND TIDEND • Onsdag 25. mai 2016 FIRDA 2022

23

CA ARLEN RLENE LENE NE CARTEER WHEY JENNING GS | HELLBILLIES | VASSENDGUTTAN A E IL A AUTO | GUN NSLINGERS | ROTL AUS SETH MULDER AN A D MIDNIGHT RUN | HALM

TROND SVENDSEN & TUXEDOO | LONGHORN | GET RHY THM | ÅSMUND ÅMLI BAND ARVE HÅL ANDS CAJUN GUMBBO | FOLK FLEST | MIGHT Y MAGNOLIAS | ROGER GRÆSBERRG & FORENINGEN | BENEDICTEE BRÆNDEN | SIVERT BJØRDAL BAND | NORA LEGRAND RED JACKETS | STRENGEPLUKK UKK | BO OUTLAW & LØITEN T WANG DEPOT | FROM HANK TO WAYLON FEAATT G.THOMAS & HAWK CHRISTENSEN. EN. SPECIAL GUEST ÅSMUND ÅMLI GRØFTEKARANE | RUBY RED & THE MOONSHINE BROTHERS | INGVILD FLOTTORP Hovudsponsor

Støtta av

GLOPPEN KOMMUNE

NORSKCOUNTRY TREFF.NO

Sponsorar

REED

gasta.no

Generalsponsor


. FIRDATIDEND Onsdag 25. mai 2016 SOMMARAVISA 2022• FIRDA TIDEND

24

ereide Bakeri AS

olavaabrekk@gmail.com, tlf. 41043249

– over 115 år med

t s e f g o g a kvard

Sidan starten i 1906 har vi hatt bakeri på Sandane, og vi er trufaste mot gode, gamle oppskrifter. No er det 4. genera­ sjon i familien som driv bakeriet på Vereide og utsalet midt i Sandane sentrum. Vi lagar tradisjonelle festkaker i alle variantar på bestilling – marsipankaker, bløtkaker, sjokoladekaker, oreokaker, suksess­terter osv. osv. I Sandane sentrum har vi kafè og utsal, og her har vi eit godt utval av påsmurt, brød, wienerbrød, bollar, kavringar, kringler, mykje god kaffimat, softis og kaker.

Eventyrleg tretopphus med magisk utsikt Fantastisk trehytte i skogkanten tre km frå sentrum av Sandane. Panoramautsikt utover den vakre Gloppefjorden og dei majestetiske fjella på Sørstranda. Dette er kremen av Vestlandsnatur.

Hjarteleg velkomen inn for ein god kaffikopp med nydeleg tilbehøyr! Tlf 957 64 564

Perfekt komfort med vannbåren varme i golvet, eit lite kjøken, ei herleg, ferdigoppredd seng, og muligheit til å henge opp ei hengekøye. Frå stolane framfor hytta er det berre å nyte. Rett over fjorden ser du den eventyrlege Traudalen og Traudalsnibba. Her kan du leige båt og fiske aure, gå tur på tilrettelagte stiar ved vatnet, bade og kose deg. Vil du ha ei større utfordring, kan du ta ein tur på toppen av Traudalsnibba og sjekke utsikten ...

Gloppa trehytte har framleis litt ledig sommaren 2022 - Vi ønskjer deg hjarteleg velkomen til ei magisk naturoppleving!

! n e k k i t u b Sommar

Vi har det du treng til ein aktiv sommar!

Fiskeutstyr Kajakk, stå-opp brett og kano Syklar og sykkelverkstad Turutstyr Kle og sko til trening og fritid

Vi formidlar

Fiskekort i Gloppen Utleige av båtar i Traudalen

Sørstrandsvegen 6 ­ tlf. 57 88 44 00 wsww.intersport.no


. SOMMARAVISA FIRDATIDEND TIDEND • Onsdag 25. mai 2016 FIRDA 2022

25

Attraksjonar og aktivitetar i Jølster

Perla på Sandalsstrand

Publikum kan i år mellom anna studere korleis gamle torvtak blir restaurerte.

Omtrent halvvegs langs sørsida av Jølstravatnet, mellom Sandalen og Myklebust, ligg det idylliske Astruptunet. Her levde den etter kvart verdskjende kunstnaren Nikolai Astrup, og her produserte han mesteparten av kunsten sin, enten det handlar om måleri eller tresnitt. Museum Nikolai Astrup døydde i 1928, 48 år gammal, og kona Engel (36) sat att med ein stor barneflokk og eit tunkompleks som skulle haldast ved like. I tillegg skulle ho ta seg av alle gjestene som etter kvart kom for å sjå heimen til kunstnaren som allereie før sin død var godt kjend, i alle fall i kunstinteresserte krinsar. På 1960-talet vart tunet selt til Jølster kommune, som tidleg på 80-talet reiste eit nytt eldfast galleri og magasinbygg for å vise fram kunsten til målaren, grafikaren, gartnaren og småbrukaren som hadde ein urokkeleg kjærleik til naturen i heimbygda, noko som går att i motiva hans.

Stor hage Nikolai Astrup hadde ein stor hage der han dyrka bær, frukt og grønsaker. Ein del av produksjonen gjekk til å lage vin, ein vin som var sterkt etterspurd i bygda, spesielt til festlege høve som bryllaup. Denne hagen er no under restaurering, leia av kompetente menneske innan landskapsarkitektur, kulturminne og bygningskultur. Også bygningane er under restaurering, og det er frå fleire hald blitt sagt at Astruptunet kanskje er den viktigaste kunstnarheimem i Europa, at det er eit nasjonalt og internasjonalt fyrtårn, og at det er eit anlegg av nasjonal og internasjonal interesse. Det store restaureringsprosjektet har ein prislapp på om lag 50 millionar kroner, og er i hovudsak finansiert av Sparebankstiftinga DNB, i tillegg til Sunnfjord kommune. Formidling Restaureringa av tunet og hagen er ein del av formidlinga som publikum får servert i prosjektperioden som i utgangspunktet varer ut neste år. Dei som besøker Astrup-

tunet vil sjå korleis handverkarar og gartnarar arbeider, og dei vil sjå gode eksempel på antikvarisk reparasjon av dei gamle husa i tunet. I tillegg er der i år ei utstilling som fortel om «den første tundirektøren», Engel Astrup. Ho var tekstilkunstnar og produserte mellom anna bunadsforkle og gardin med mønster av Nikolai Astrup Original kunst, både måleri og tresnitt, er også å finne på årets utstilling, så ein tur i Astruptunet er noko flest mogeleg bør ta seg tid til i sommar.

Jonsokbålet er eit sentralt motiv i Astrup sin kunst.


. FIRDATIDEND Onsdag 25. mai 2016 SOMMARAVISA 2022• FIRDA TIDEND

26

Eikaasgalleriet

Eikaasgalleriet blei oppretta då Ludvig Eikaas donerte ei stor samling av sine eigne verk til dåverande Jølster kommune.

Eikaasgalleriet er eit kunstmuseum og galleri på Ålhus som tilbyr kunst av både Ludvig Eikaas og andre kunstnarar, lokale og andre. Namn som Haakon Bleken, Kjartan Slettemark og Oddvar Torsheim har hatt utstillingar her.

Vandring i is og historie Breen er kanskje det mest urnorske vi har, og brevandring er ein populær attraksjon både blant norske og utanlandske turistar. Jostedalsbreen er den største breen på det europeiske fastlandet og dekkjer store delar av fjellområdet mellom Sogn og Nordfjord, med brearmar som Briksdalsbreen, Nigardsbreen, Tunsbergdalsbreen, Bøyabreen og Supphellebreen som dei mest kjende. Breførar I sommarhalvåret kan både store og små oppleve breen på nært hald med utgangspunkt i ein av desse armane, og fleire profesjonelle firma tilbyr guida turar under kyndig rettleiing frå ein erfaren breførar. Gaute Dvergsdal Bøyum er ein av mange breførarar i distriktet, og står klar kvar sommar til å ta imot turistar frå heile verda. – Noko av det kjekkaste eg veit er å ta med folk til breen for å utforske isen, gje dei unike opplevingar, meistringskjensle og dele kunnskap om bre og lokalhistorie, seier Dvergsdal Bøyum. Han fortel at dei utanlandske turistane slit litt med uttalen av namnet hans, og som oftast ender dei opp med «goat» i staden for Gaute. – Når eg då fortel gjestane om meg sjølv og turane mine, så seier dei nesten kvar gong «You really are a mountaingoat». Så kva passar vel då betre enn å kalle firmaet mitt for Mountaingoat guiding, spør han. Haugabreen Dei fleste av dei guida turane til Gaute i løpet av sommaren går til Haugabreen i Jølster. Dette er ein brearm som kjem ned frå platået Myklebustbreen, ein eigen bre som ligg rett ved Jostedalsbreen. Denne turen er karakterisert som ein av dei «snillare» breturane, og har startpunkt i Stardalen i Jølster. – Eg samarbeider med overnattingsstadane i området og tilbyr primært breguiding for desse. Men i tillegg har eg òg ein del lokale gjestar og folk som er på gjennomreise.

Brevandring på Haugabreen i Stardalen.

Spektakulært I løpet av sesongen går Dvergsdal Bøyum på dei fleste brearmane til Jostedalsbreen, og har brekryssingar over platået mellom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. – På vårparten går vi Jostedalsbreen på langs med fjellski, ein tur som mange kallar vårens vakraste eventyr. Turen, med ei rute som er 60-70 km lang og går over tre dagar, startar ofte i Erdalen og endar opp i Fjærland. Deltakarane søv i telt oppe på sjølve breplatået, og på vegen går dei forbi det mektige fjellet Lodalskåpa (2083 moh.), som er den vestlegaste 2000-meters toppen i Noreg. – På toppen der er det ei spektakulær utsikt. Ein ser Sunnmørsalpane i nordvest, Jotunheimen i aust, og fjella heilt på sørsida av Sognefjorden.

Gaute Dvergsdal Bøyum på Supphellebreen.


. SOMMARAVISA FIRDATIDEND TIDEND • Onsdag 25. mai 2016 FIRDA 2022

27 Jølstramuseet ligg sentralt plassert på Vassenden, her eldhuset.

Jølstramuseet Jølstramuseet på Vassenden har ei samling på fleire tusen gjenstandar, hovudsakleg frå Jølster, og i tillegg tilbyr dei kunstutstillingar. Utstillarane er både lokale kunstnarar og tilreisande.

Sommarnatt i Jølster Førde internasjonale folkemusikkfestival, eller Førdefestivalen, går av stabelen i tidsrommet 6.-10. juli. Mesteparten av festivalen går føre seg i Førde, men det blir også arrangert satelittkonsertar rundt om i Sunnfjord kommune og i nabokommunane. Jølstramuseet Ein av satelittkonsertane går føre seg på Jølstramuseet på Vassenden og er blitt ein årviss tradisjon. – Endeleg skal vi igjen få nyte sommarnatta i og rundt dei fine stovene på Jølstramuseet, og oppleve tett-på-akustiske konsertar med dei finaste musikarane. Magiske musikkmøte, nett slik du har lengta etter, skriv Førdefestivalen i omtalen av arrangementet som går føre seg nattestid, frå 23.00 til 02.00, og som inkluderer fleire artistar som har konsertar i lokala på museet, konsertar som varer i 25 minutt. Det er lagt opp slik at publikum sit i ro medan artistane flytter seg frå lokale til lokale. Magisk stemning Jølstramuseet er ein vakker og stemningsfull plass, som skapt for intimkonsertar av det slaget som går føre seg under «Sommarnatt på Jølst». Å kome inn i tunet når sommarnatta seinkar seg over dei gamle husa og den flotte hagen, er ei oppleving i seg sjølv. Med musikk av høg klasse i tillegg, blir ein slik

Jølstramuséet blir også i år konsertarena under Førdefestivalen. Her frå ein tidlegare konsert i galleriet i 2010.

kveld i museet eit minne for livet. I år får publikum høyre ei rad artistar, dei fleste norske, men også ein utanlandsk, nemleg Damir Imamovic frå Bosnia-Herzegovina. Han blir kalla kongen av sevdah-musikken. – Musikk lækjer hjarta våre

Midttunet Midttunet i Sandalen, på sørsida av Jølstravatnet, er eit særmerkt kulturminne. Her finn du tolv bygningar av ulikt slag, sette opp gjennom ein periode på kring 200 år, frå tidleg på 1600-talet til kring 1850. Bygningane står på sine opphavlege plassar, og med inventar gjev dette tunet eit godt bilete av byggjeskikk og levemåte i distriktet i desse hundreåra.

og får oss gjennom alt. Den trøystar i vanskelege tider, og utfordrar i gode. Så er det tider, som dei vi lever i no, då vi treng å lækje musikken. For å gjengjelde ei teneste til ein god ven, seier Imamovic. Trekkspel og song Astrid Molland med trekk-

spel og song har vore i Jølster før og blir å høyre denne kvelden. Det same blir Duoen Anders Lillebo og Sigrid Stubsveen spelar folkemusikk frå Engerdal. Indre Sunnfjord spelemannslag med Sigmund Eikås i spissen kjem også, så her blir det mykje å velje

i. Det blir noko for ein kvar smak og for eit kvart øyre. Jølstramuseet står klar til å ta i mot artistar og publikum til det som fort kan bli eitt av høgdepunkta under festivalen.

Midttunet er ei kulturhistorisk perle.


. FIRDATIDEND Onsdag 25. mai 2016 SOMMARAVISA 2022• FIRDA TIDEND

28

Fotobutikk mot alle odds

Reidar Helgheim driv framleis forretninga som faren Alf starta i 1946.

Den digitale tidsalderen har vore svært krevjande, og fotobutikkar landet over har lagt ned i hopetal. Ein butikk som framleis er i drift, snart som den siste i mils omkrins, er Alf Helgheim & Co på Skei. Ein skulle kanskje tru at vesle Skei var ein av dei første stadane som ville miste fotobutikken sin, men god service og ikkje minst detaljert kunnskap om kamera, kikkert, ur og optikk, gjer at butikken er vide kjend og har kundar frå eit stort område. Vel verd ein stans for dei som køyrer gjennom Jølster i sommar!

Stardalen Mannskor har nyleg lagt bak seg suksessen «Nynorskens skog». Til hausten er dei klare med nye konsertar, saman med mellom andre Odd Erik Lothe (t.v.).

Stardalen Mannskor på ny musikalsk vandring Over 3.000 personar var med på Stardalen Mannskor si vandring i «Nynorskens skog» saman med Olav Stedje og Oddvar Torsheim. I oktober legg koret ut på ny musikalsk vandring – denne gongen saman med Odd Erik Lothe og Synnøve Nordvik til «Landet bakom blått». Nordfjord sin kanskje mest kjende artist og komponist har signert kjende låtar som «Den finaste songen», «For halv maskin» og «Nordfjordnatt». Desse, og fleire

av hans mest kjende songar, er med på den musikalske vandringa. Gjennom songane følgjer dei draumen om eventyret bakom blånane, utferdstrongen til lands og til havs – og seinare; lengta heim att til røtene. Dette kan du oppleve i Trivselshagen på Sandane 7. oktober og i Sogndal kulturhus 8. oktober. 14. oktober er det duka for konsert i Operahuset på Nordfjordeid, og turneen blir avslutta i Førdehuset laurdag 15. oktober. – Over 3000 såg vår første storsatsing med Olav Stedje og Oddvar Torsheim. Dermed har vi noko å forsvare, og håpet vårt er at vi maktar å fylle alle dei fire

kulturhusa, seier prosjektleiar i Stardalen Mannskor, Bjørn Førde. Godt samarbeid Songaren, musikaren og komponisten frå Kjølsdalen i Nordfjord blir sjølvsagt med på konsertane. Det same blir Gloppens gullstrupe, sopranen Synnøve Nordvik. Med på laget er også orkesteret som var med på suksessen «Vi vandrar saman i Nynorskens skog»; Jørn Moen, Geir Søreide, Eivind Kjørvik, Håvard Nordvik, Torgeir Apalset og Arne Søholt. Alle frå Gloppen. Musikalsk leiar er Trygve Apalset. – For oss i koret er det moro å

jobbe saman med så profesjonelle folk. Dei er med på å løfte koret opp på eit nivå vi elles ikkje ville makte, seier Førde. – Samarbeidet med Odd Erik Lothe har gått svært godt. Han er jordnær og heilt utan primadonnanykkar, og har også takka koret for at vi gidda å gjere dette i lag med han. Men gleda er på vår side, seier Bjørn Førde. Sette foten ned Men ikkje alt har gått som planlagt. Turneen skulle eigentleg ha vore gjennomført i mars. Koronapandemien sette derimot ein effektiv stoppar for desse planane.

– Det var uvisse om både om tal publikum på eventuelle konsertar og kor mange vi kunne vere på øving. Det var også fleire periodar vi ikkje kunne øve. Til slutt kom vi til eit punkt der vi måtte setje foten ned og jobbe for å flytte konsertane til oktober. Og der vil eg rose leiarane i kulturhusa som snudde på hælen, og gjorde det dei kunne for å hjelpe. Dei har gjort sitt for at vi skulle få det til, seier Førde.


.

29

FIRDA TIDEND SOMMARAVISA • Onsdag 25. mai 2016 FIRDA TIDEND 2022

Rafting Jølster Rafting tilbyr rafting i øvre del av Jølstra og i Stardalen, noko som har synt seg å vere eit populært tilbod.

Rafting på Jølstra.

Sunnfjord Golfklubb Ved Jølstraholmen på Vassenden ligg Sunnfjord Golfklubb si niholsbane. Fasilitetane inkluderer driving range, kortholsbane, treningsgreen og -bunkerområde. Golf er ein fin aktivitet både for unge og eldre.

Eit eldorado for sportsfiskarar Gloppen, Jølster og resten av regionen er eit eldorado for sportsfiskarar. Her kan du fiske i både sjø, ferskvatn og elvar. I Gloppen kan du fiske etter saltvassfisk som torsk, makrell, sei og lyr i Gloppefjorden og Hyefjorden, eller prøve å lure laksen i Gloppeelva og dei lakse- og sjøaureførande vassdraga i Hyen. Er du på jakt etter storauren, er Breimsvatnet eit godt alternativ. Av dei mange gode fiskevatna elles i kommunen bør Traudalsvatnet, Gjengedalsvatnet og Eimhjellevatnet nemnast. Jølstervassdraget er eitt av Europa sine aller beste aurevassdrag. Her blir det fanga om lag 20 tonn aure av topp kvalitet kvart år. Storaurestammen i vassdraget gjev årleg sportsfiskarar jølstraaure på fleire kg. Sjølve dronninga er Jølstra frå utoset på Vassenden til Baubrekka ved Moskog. Her er det mange store, djupe hølar som er enkle å fiske i. I Jølster er det teke i bruk digitale kart der fiskeplassar og parkeringsplassar er merka. Her er også dei beste fiskeplassane omtala. Jølster Aurefest, som er den største sportsfiskekonkurransen i ferskvatn i Noreg, går av stabelen den andre helga

Jølstra er rekna for å vere ei førsteklasses flugefiskeelv. det har vore arrangert både VM, EM og NM i elva.

i juni kvart år. I 2019 var det over 1900 personar som deltok. Hovudpremien er ein bil.

Ei rekkje vatn byr på aure av prima kvalitet.

Også i resten av Nordfjord, Sunnfjord og Sogn er det ei rekkje gode lakseelvar og

tallause innlandsvatn det er mogleg å prøve fiskelukka i.

Gloppeelva byr på godt laksefiske. Her er Jannicke Gram med ein laks på 14,2 kg.


. FIRDATIDEND Onsdag 25. mai 2016 SOMMARAVISA 2022• FIRDA TIDEND9

30 FIRDA TIDEND • FREDAG 12. juni 2020

Bu og et i Jølster

Optikar og kafédrivar: Elisa Sunde har skapt sin eigen arbeidsplass på Skei.

Unik serveringsstad på Skei Etter berre to år har kafeen Brunsj og Briller på Skei skapt seg eit namn langt utanfor Jølster. For tre år sidan starta Elisa Sunde på prosjektet som ho hadde gått med i magen ei stund; å kunne kombinere lidenskapen for matlaging, utdanninga si, og ein draum om å vende heim. Heim Etter tre år i Oslo og fem år i Bergen hadde ho lyst å flytte tilbake til Jølster. – Eg er utdanna optikar, og det er ikkje akkurat det enklaste yrket å ta med seg heim til ein liten plass som Skei, seier Sunde. Ho måtte finne noko som kunne vere med på å fylle opp timebanken. Akkurat det kan vi vel seie at ho har klart. Sidan opninga i juni 2020 har det gått meir eller mindre i eitt for den arbeidsame dama.

Jamt og trutt Med briller i den eine enden og kafé i den andre, har ho klart å skape sin eigen arbeidsplass i heimbygda. – Det har sjølvsagt vore nokre periodar som har vore tyngre enn andre, sidan eg opna midt i koronatida. Der har koronamidlane frå kommunen vore gode å ha. Men no går det jamt og trutt, og eg har ei grei omsetning, seier gründeren. No har ho ei tilsett som kokk i 80 prosent stilling, og innimellom kafé og optikardrifta er dei lokale flinke til å leige lokala til møte og andre arrangement. Utvikle vidare – Korleis ligg det an med di stilling då? Kva prosent ligg den på? – Nei, der snakkar vi nok nærare 130 prosent, smiler ho, og held fram: – Men målet er å få kokken opp i 100 prosent, slik at eg

kan konsentrere meg meir om å utvikle konseptet endå meir. For ifølgje Elisa har ho ikkje fått vist fullt ut kvar ho vil med brunsj-biten. – Eg er veldig opptatt av god mat, og motivasjonen då eg starta var å lage noko som er litt annleis, med innspel av andre smakar og smakskombinasjonar enn kva ein er vane med på desse kantar, seier ho. Planen er å reindyrke konseptet endå meir, og finne ein variant av smårett- og brunsjdelen som kanskje kan kombinerast med faste temakveldar. – Kanskje Brunsj og Bobler, til dømes, undrar ho. Briller Førebels er det kafédelen som krev mesteparten av tida hennar, men to dagar i veka er sett av til optikarfaget, der ho mellom anna tar imot kundar for synsundersøkingar.

– Det er mange kafékundar som stoppar opp for å ta ein titt på solbrillene eg har til sals på veg inn eller ut, men det er ikkje alltid eg har tid til å hjelpe dei når eg er oppteken i kafeen. Det er noko som eg vil prioritere framover. No går den populære verksemda inn i ei endå meir tra-

vel tid, men Elisa gler seg til å ta i mot sommargjestane. – Nokre av dei er allereie byrja å kome, men frå siste veka i juni til første veka i august er det full rulle. Eg har fått sommarhjelp, og vi er klare til å ta i mot mykje besøk. Dette blir kjekt, smiler den driftige dama.

Asiatisk: Innimellom dukkar Elisa sine bao buns opp på menyen.


.

31

FIRDA TIDEND SOMMARAVISA • Onsdag 25. mai 2016 FIRDA TIDEND 2022

Skei Servicenter - mykje meir enn ein bensinstasjon

– Skei Servicenter er meir enn ein bensinstasjon, seier Ola Fugle framfor hyttene i sentrum.

– Skei Servicenter er så mykje meir enn Cirkle K og bensinstasjonen, seier Ola Fugle og fortel engasjert om verksemda han har bygd opp, steg for steg, sidan han tok over drifta i 1986. Vi sit i kafeen som vart pussa opp for ikkje så lenge sidan.Utanfor stansar det alltid ein buss. Det er nemleg der bussar frå alle retningar møtest, og det er i kafeen at passasjerane ventar på korresponderande buss. Stadig noko nytt Då Ola Fugle, eller Ola-en som han går for på Skei, tok over verksemda, var det bensinstasjon det handla om. Sidan har han stadig fått nye

bein å stå på, og han ramsar opp i fleng. – Først fekk eg på plass nytt dieselanlegg og deretter bygde eg den første hytta. Sidan har det berre balla på seg, seier den nesten aldri kvilande gründeren. Han ber oss om å bli med ut for å vise oss noko han er litt stolt av, nemleg det store ladeanlegget for el-bilar, både Tesla-ladarar og Ionity, som ladar andre merke. Han har også lading for bussar og lastebilar, og er såleis klar for framtida. Alt i alt har han 26 ladepunkt tilgjengelege. – Lading for buss og lastebil er det ikkje mange i Sogn og Fjordane som har, fortel han. Hytter På den romslege plassen aust for butikk og bensinstasjon,

finn vi også fire store og moderne utleigehytter, og ein automatisk tømmestasjon for bubiltoalett. Men det er på Jølster Panorama, eller Haugen Camping som det heitte tidlegare, at turisttrafikken først og fremst går føre seg. Ola kjøpte den gamle campingplassen i 2002, og fekk ein lang prosess for å få bygd ut som han ønskte. Vegvesenet, som etter kvart skulle i gang med bygging av ny E39 Bjørset- Skei, kom med motsegn til Ola sine planar. Men med det han kallar god hjelp frå kommunen, kom han i gang med bygging av bubilplassar, nytt servicebygg og vegar. Det aller nyaste, ei arkitektteikna hytte i funkisstil, står klar til dei som ønskjer noko eksklusivt og litt utanom det vanlege.

Nærleik til vatnet er eit stikkord for den nye hytta på Jølster Panorama. Ved Skeri Servicenter finn du eit tipp, topp moderne ladeanlegg

Klar for god sesong Utbygginga av Jølster Panorama nærmar seg slutten. Når den er i mål, kan Ola tilby 80 bubilplassar, og det treng han for sesongen ser veldig bra ut. – Ja, i år blir det veldig bra. 80 prosent av dei som har bestilt plass her er utlendingar. I fjor var det nesten ingen utlendingar, men dei er tilbake for fullt i år, seier Ola i det han viser rundt i den nye og flotte hytta. Den er noko heilt for seg sjølv, og der kan gjestene i dobbelsenga vakne til utsikt til vatn og fjell. Hytta har også stort og moderne kjøken og ein romsleg terrasse. – Det er planar om fleire slike hytter, men først får vi få denne ut i marknaden, så får vi sjå etter kvart, seier Ola og

ser på klokka og tek telefonar i eitt sett. – Eg håpar neste generasjon får glede av det, smiler han. Det gjer dei nok. Alle tre borna er i dag engasjerte i verksemda frå grytidleg morgon til seint på kveld. – Ja, vi startar på kjøkenet halv fem og opnar butikk og kafé klokka seks, avsluttar den travle bedriftseigaren før han hastar vidare til ein monteringsjobb på campingplassen.


. FIRDATIDEND FREDAG 12. mai juni 2016 2020 •• FIRDA FIRDA TIDEND Onsdag 25. SOMMARAVISA 2022 TIDEND

10 32

Høyseth Camping

Jølvassbu Camping ligg idyllisk til ved elveosen på Vassenden og har mange fisketuristar.

Høyseth Camping ligg inst i Stardalen, ved innfallsporten til Jostedalsbreen nasjonalpark. Dei som overnattar der har mange tilbod å velje i, mellom anna tur på Haugabreen og andre fjellturar. Blir dei svoltne, er det kort veg til Stardalen Sommarkafé.

Høyseth Camping har flott utsikt mot Fonn og Jostedalsbreen.

Stardalen Hyttegrend

Jølvassbu og Solrenning Ved enden av Jølstravatnet og starten på Jølstra, ligg to campingplassar, Jølvassbu og Solrenning. Begge har lang tradisjon for turisme, og på Solrenning har Jølster Rafting

base. Jølvassbu har mange fisketuristar og sel fiskeutstyr, i tillegg til å drive camping med hytter, teltplass og oppstillingsplass for bubilar.

Stardalen Hyttegrend ligg inst i Jølster, nær opp til Jostedalsbreen nasjonalpark. Hyttegrenda med ti høgstandardhytter, ligg nokre kilometer frå hovudtrafikkåra, i rolege omgjevnader frie for støy frå industri og biltrafikk, men med nærleik til vill og variert natur.

Stardalen Hyttegrend finn du heilt aust i Jølster.

Restaurant Låven

Stardalen Sommarkafé

Dette er ein del av Jølstramuseet på Vassenden, og har pannesteikt, sjølvfiska jølstraaure som signaturrett. I tillegg serverer dei frå a la carte-meny, også der med lokale råvarer så langt det lèt seg gjere.

Stardalen Sommarkafé ligg i vakre Stardalen, inst i Jølster. Den koselege kafeen har fokus på heimelaga mat og kaker. Om sommaren er kafeen open kvar dag frå slutten av juni til midten av august.

I Restaurant Låven tilbyr Jølstramuseet god mat i trivelege omgjevnader.

Audhild Viken

Butikken til Audhild Viken AS på Skei har ein stor kafé som er open i turistsesongen. Her blir det servert lunsj til bussgrupper og andre, i tillegg til raspekaker som blir servert kvar dag. Kafeen reklamerer også med tradisjonsmat som kjøtkaker og vaflar.

Utleigehytter Rundt om i Jølster finst det mange utleigehytter og hus utanom campingplassane. I Årdalen finn vi Jølsterlia, og på Kjøsnes finn vi Kjøsnes feriehytter. I Dvergsdalsdalen er det både hus og hytter til leige, noko ein finn også fleire andre stader i Astrup-bygda.

Jølstraholmen Langs, rundt og mellom Jølstraholmen Camping & Hytter på Vassenden snor den fiskerike elva Jølstra seg. På Jølstraholmen er det alt frå ordinære campinghytter til glamping og delux-hytter med absolutt alle fasilitetar. På campingplassen finn du ei rekkje aktivitetar for borna, som vassklie, badedam med kajakk og SUP-brett, trampolinar og bordtennis. Like ved ligg daglegvarebutikken SPAR Jølstraholmen og Jølstringen Kafé, som mellom anna har middagsservering.

Stardalen Sommarkafé byr på middagsbuffé søndagar.

Kafeen til Audhild Viken på Skei reklamerer med raspekaker kvar dag i sommarsesongen.

Thon Partner Hotel Skei

Hotellet på Skei, i enden av det kjende Jølstravatnet, har store og hyggjelege salongar, fleire lokale for større og mindre selskap, terrasse og hage. Restauranten blei pussa opp for to år sidan og kan i dag tilby gjestene tiltalande lokale med panoramautsikt til vatnet og fjella rundt. Restauranten tilbyr mellom anna buffé til overnattingsgjester og andre.

Restauranten til hotellet på Skei vart nyleg pussa opp.

Lunde Turiststasjon

På Jølstraholmen kan du både ete, drikke, overnatte og vere med på ei rekkje aktivitetar.

Lunde Turiststasjon.

På Lunde inst i Kjøsnesfjorden er det lange tradisjonar for turisme knytt til breen, og der har vore breførarar i fleire generasjonar. I dag er det også tilbod om aktivitetar på vatnet, og moderne hytter med 40 senger tek imot turistar heile året.


.

11 33

Onsdag 25. FIRDA TIDEND 2022 FIRDA TIDEND SOMMARAVISA • FREDAG 12.mai juni2016 2020

STARDALEN

STARDALEN MANNSKOR og Odd Erik Lothe på turné i fylket

- bygda rett under breen

Stardalen Hyttegrend og Stardalen Sommarkafe held til i Stardalen Bygdetun, ca 5 km frå krysset på Klakegg og E39, i flotte og rolege omgjevnader. Stardalen Sommarkafè har eit barnevenleg uteområde, med leikeplass og liten trafikk. Vi byr på ein variert meny, heimelaga mat og kaker, is, kaffi og brus. Kafeen er open kvar dag frå 27. juni til 7. august. Kvardagar kl. 14.00-20.00 Søndagar kl. 12.30-19.00.

Bygdetun Sommarkafé

Stardalen Sommarkafé (+47) 91 83 78 58 www.stardalensommarkafe.no kafe@stardalen.no

- med seg på laget har dei også Synnøve Nordvik til konserten «Landet bakom blått». Denne spennande nysatsinga til karane frå Stardalen og deira musikalske leiar, Trygve Apalset, kan opplevast på følgjande stader: - Trivselshagen på Sandane - Sogndal Kulturhus - Operahuset Nordfjordeid - Førdehuset

07. oktober 08. oktober 14. oktober 15. oktober

www.trivselshagen.no www.sogndal.kulturhus.no www.operahuset.no www.fordehuset.no

Alle førestillingane byrjar kl. 19.30. Billettsal i gang på kulturhusa sine nettsider. Hjarteleg velkomne til ei flott musikkoppleving med Stardalen Mannskor, Odd Erik Lothe, Synnøve Nordvik og dei dyktige musikarane dei har med seg frå Gloppen: Jørn Moen, Geir Søreide, Eivind Kjørvik, Håvard Nordvik, Torgeir Apalset og Arne Søholt. Musikalsk leiar: Trygve Apalset.

Stardalen Hyttegrend har ope heile året, tilbyr 10 høgstandardhytter med plass til 4-6 personar, alle med gratis wifi, bad, kjøken og terrasse. Vi ønskjer velkomen til ein ny sommarsesong, flott natur, god mat og trivelege hytter – ein perfekt stopp på vegen til breen!

Stardalen Hyttegrend

God personleg service i over 60 år Opningstider: kl. 10-18 (16)

Stardalen Hyttegrend: (+47) 57 72 89 88. www.stardalenhyttegrend.com kontakt@stardalenhyttegrend.com

Damene på Førde Gullsmedforretning har jobba i gullsmedbransjen i over 60 år, og i den koselege butikken i andre etasje på Coop Mega i Førde får ein alltid god service. Førde Gullsmedforretning har stort utval i bunadssølv i alle variantar, smykke, armbånd og stilige øyredobbar for damer. Slipsnåler, smykke, klokker og armbånd til herrar får ein også kjøpt her. I tillegg til gull og sølv, tilbyr dei smilande og dyktige damene på Førde Gullsmedforretning lys, serviettar, glas frå Hadeland, pynteting og mykje, mykje anna.


. FIRDATIDEND FREDAG •• FIRDA Onsdag 12. 25. juni mai 2020 2016 SOMMARAVISA 2022 TIDEND

12 34

– eksklusive smakar og trendy brillebutikk midt i hjartet av Sogn og Fjordane På Brunsj og Briller lar vi oss aller helst inspirere av asiatiske smakar, gjerne med innspel av Jølster og Norge. Vi komponerer tapasrettar eller 3retters-menyar med bruk av lokale råvarer, og skreddarsyr svært gjerne ditt arrangement og selskap. Nydeleg kaffi i alle variantar kan nytast på uteserveringa vår, med utsikt over Jølstravatnet. Brillebutikken er bygd opp på høg kompetanse og her blir det utført synsundersøkingar og sal av briller. Vi handplukkar kvar brille og solbrille, og vi har eit godt utval til både born og vaksne.

JØLVASSBU CAMPING – RETT VED ELVEKANTEN TIL JØLSTRA Jølvassbu er ein liten, intim campingplass med ørretfiske som hovedaktivitet.

Vi tilbyr overnatting i hytter, bubilar, telt og hengekøye. Du finn oss ved elva Jølstra med Jølstravatnet 100 meter vekke, halvveges mellom Bergen og Ålesund. I nydelege naturomgjevnader er det gangavstand til fiskeplassar, merka turstiar, badestrand, nærbutikk og restaurant. 5 minuttar med bil til golfbane og skisenter. Båtar, kano, kajakkar og fiskeutstyr til leige. Sal av fiskeutstyr. Vi har lang erfaring med sportsfiske, og deler gjerne kunnskapen med våre gjester.

I sommar har vi ope for briller og for brunsj tysdag - laurdag kl. 10.00 - 17.00, og byr på pizza, salatar, suppe, dessertar, fersk bakst og smørbrød. Alt er sjølvsagt heimelaga.

Briller kan prøvast og handlast i heile opningstida. Synsprøvar på førespurnad : tlf. 930 55 730 og e-post: sundeelisa@gmail.com. Velkomne innom til gode smakar og siste skrik innan briller.

Utstillingsopning Frå Jølster til Sunnfjord

Ludvig Eikaas og Oddleiv Apneseth

Laurdag 18. juni kl. 12

Vi byr på gjensyn med Oddleiv Apneseth sine fotografi frå Jølster 2008, som vert synt saman med fire nye panorama frå storkommunen Sunnfjord. Utstillinga byr også på utvalde verk av Ludvig Eikaas, i tillegg til ein serie portrett der fotografen Apneseth møter kunstnaren Eikaas. Opning ved Jenny Følling Ordførar, Sunnfjord kommune Musikk av Erlend Apneseth

Misf.no


.

13 35

Onsdag 25. FIRDA TIDEND SOMMARAVISA • FREDAG 12.mai juni2016 2020 FIRDA TIDEND 2022

MUSIKK I KRISER MUSIC IN TIMES OF CRISIS

6.–10. JULI 2 0 2 2 Velkomen til festivalopplevingar i Jølster!

SOMMARNATT PÅ JØLST

Torsdag 7. juli kl. 23.00 Jølstramuseet, Vassenden Gåsehudalarm, for endeleg skal vi igjen få nyte som marnatta blant dei fine stovene på Jølstramuseet, og oppleve tett-på-akustiske konsertar med dei finaste musikarane: Damir Imamović, Anna Massie og Bruce MacGregor, Lillebo & Stubsveen, Ulla Pirttijärvi, Solfrid Molland og Indre Sunnfjord Spelemannslag. Konsertar i tre ulike stover, sjå program på arena og facebook. Sal av mat og drikke. Buss frå Førdehuset kl. 22.15, og retur kl. 02.00 er inkl. i billetten.

FOLKEMUSIKKEN OG FORTELJINGANE Søndag 10. juli kl. 13.00 Eikaasgalleriet, Ålhus Anders Viken (1898–1977), meisterspelemann og komponist frå Jølster; Kvar kom skaparkrafta frå? Korleis klarde han å kombinere familieliv og lærar gjerning med eit så rikt og nyfike kunstnarskap? Velkomen til eit møte mellom forfattar Arne Henning Årskaug og hans nyskrivne skjønnlitterære tekstar om den velkjende mannen og kunstnaren, og Vikenforteljingar og slåttar, slik felespelar Arne M. Sølvberg og Øyvind Lyslo har forma dei.

Urpremiere

SMAK PÅ VERDA – SUPRA MED IBERI CHOIR Søndag 10. juli kl. 18.30 Fjordamattunet, Vassenden Fjordamattunet er perfekt ramme når Iberi Choir inviterer til georgisk suprafest. Publikum sit ved langbord saman med songarane, medan mat, vin, drikkeviser og andre festsongar «flyt» om einannan. Menyen er georgisk tradisjonsmat laga lokalt i Førde av georgiske kokkar. Ver rask om du vil oppleve dette unike eventyret! Maten, og buss frå Førdehuset kl. 17.45 og retur etter arr. er inkludert i billetten. Drikkepakke kjøpast separat.

Kjøp billettar på

Event payments made easy

@fordefestival

fordefestival.no

Sjekk årets speleliste på Spotify! @Fordefestival Design: Univerket

Skan koden for å sjå heile programmet


. FIRDATIDEND FREDAG 12. mai juni 2016 2020 FIRDA TIDEND Onsdag 25. SOMMARAVISA 2022•• FIRDA TIDEND

4 36

Attraksjonar og aktivitetar i Nordfjord Sagastad

Refviksanden

Sagastad er eit kunnskapssenter på Nordfjordeid som formidlar vikinghistorie. Senteret er forankra i forsking i samarbeid med Universitetet i Bergen, som er med på å sikre innhaldet i utstillinga. Den mest sentrale delen av kunnskapssenteret er rekonstruksjonen av Myklebustskipet. Dette er 30 meter langt og ein av dei største vikingskipa i verda.

Heilt vest i Nordfjord, i enden av bygda Refvik kring 10 km frå Måløy, ligg Refviksanden. Den 1,5 km lange stranda med den kritkvite sjelsanden er rekna for å vere mellom dei finaste badestrendene i Noreg, og er svært populær på varme sommardagar.

Den mektige Briksdalsbreen

Briksdalsbreen i Briksdal i Olden er ein vestleg arm av Jostedalsbreen, den største isbreen på det Europeiske fastlandet – verna som nasjonalpark.

Breen vart danna for kring 2500 år sidan. Briksdalsbreen strekkjer seg frå 1910 meter over havet og nesten ned til Briksdalsvatnet 350 moh. Breen har forma Briksdalen gjennom fleire tusen år, resultatet er eit landskap med glattslipte berg og frodig vegetasjon. Dei første turistane dukka opp i Briksdalen midt på 1800-talet. Den gongen var det helst engelske rikfolk som kom, men etter at vegen mellom Rustøen og Briksdal stod klar kring 1890, blei det meir fart på turismen. I lange tider frakta bøndene i Oldedalen turistar med hest og kjerre inn til den vakre breen. I 2004 valde dei å legge ned dette tilbodet, og i staden tilby å sitje på med spesielle

Briksdalsbreen har vore eit populært reisemål sidan midt på 1800-talet. I dag sit mange på med «trollbilane» frå enden av bilvegen og nesten heilt fram til brevatnet.

«trollbilar». Turen går frå haldeplassen

like ved suvenirbutikken i Briksdal, og vegen slynger

Loen Skylift Loen Skylift er ei gondolbane i Loen i indre Nordfjord. Den går omtrent frå sjønivå ved fjorden og opp til fjellet Hoven, 1011 moh, og er ei såkalla pendelbane der dei to gondolane går vekselvis opp og ned. På toppen kjem du i nærkontakt med den mektige naturen, og du kan nyte utsikta frå den populære restauranten på kanten av fjellet. Bana blei opna av Dronning Sonja i 2017 og er blitt ein stor at- Loen Skylift er ei av dei brattaste banene i verda og løftar traksjon. deg tusen meter nesten rett opp.

seg i vakker natur opp langs fossar og stryk. Frå endesta-

sjonen er det kring 500 meter å gå inn til vatnet ved breen.

Kannesteinen Kannesteinen er ein spesiell, stettforma stein som ligg i fjæra i bygda Oppedal ved Måløy. Steinen, som er om lag tre meter høg, er blitt forma av havet og bølgjer gjennom tusenvis av år. Kannesteinen kan du sjå heilt ytst i Nordfjord.


. SOMMARAVISA FIRDA TIDEND ••Onsdag 25.12. mai 2016 FIRDA 2022 FIRDATIDEND TIDEND FREDAG juni 2020

375

Måløyraidsenteret

Måløyraidsenteret har fleire utstillingar knytte til Den andre verdskrigen.

I grålysinga den 27. desember 1941 gjekk ein kombinert britisk-norsk styrke til åtak i Måløy. Målet var å nedkjempa dei tyske styrkane der, uskadeleggjere dei tyske kanonstillingane og øydeleggje industriverksemder av nytte for den tyske okkupasjonsmakta. Åtaket kom uventa på tyskarane, dei

fleste i den 300 mann store styrken dei hadde stasjonert i Måløy vart drepne eller tekne til fange. I 2018 vart Måløyraidsenteret, som fortel historia om det spesielle raidet, opna i det gamle rådhuset i Vågsøy kommune, sentralt i Måløy.

Frå industrieventyr til nostalgi:

Gamle Innvik Ullvarefabrikk På sørsida av Nordfjorden, i Innvik, ligg Gamle Innvik Ullvarefabrikk – den største industribygningen i tre i Nord-Europa. Innvik Ullvarefabrikk vart grunnlagt i 1890 av søskenborna Wald P. Skaaden og Andreas R. Svarstad. Desse to karane utfylte kvarandre. Wald var ein nevenyttig kar, medan Andreas var fagmannen i spinneribransjen. Bakgrunnen til Andreas var årsaka til at dei valde å satse på ein ullvarefabrikk, og det opphavlege namnet var Indvikens Uldspinderi. Indvikens Uldspinderi skilde seg ut frå dei andre industribedriftene i Nordfjord og på Sunnmøre, med den gigantiske storleiken på bygningen. Andre bedrifter innan industrien byrja i det små og voks seg store, men i Innvik satsa dei stort med det same. Fabrikken var i gang hausten 1890, med 15-20 tilsette og 13 timars arbeidsdag. Dette utvikla seg til ein stor og viktig arbeidsplass for bygda, og fram mot 1905 var talet tilsette auka til over 50. Mange av desse var kvinner. På 1960-talet gjekk bedrifta over til møbelstoff, dei produserte møbelstoff med 20

Gamle Innvik Ullvarefabrikk er den største industribygningen i tre i Nord-Europa.

vevstolar, og ullteppe på 4 vevstolar. I august 1971 var det reist eit nybygg på 1700 kvadratmeter. Åra fram mot 100 års-jubileet i 1990 var prega av store svingingar i den internasjonale marknaden, samt oljekrisa. Dårlegare økonomi hjå folk førte til at det vart kjøpt færre møblar, og konkurransen frå utlandet auka. 18. august 1991 var det kroken på døra

for Innvik Ullvarefabrikk. Men ikkje lenge etterpå, vart det starta opp att eit nytt selskap, Innvik Ullvare. No vart det lagt nye planar for utviding, og kreativiteten blomstra. I 2007 var omsetninga komen opp i 74 millionar kroner. Historia til Innvik Ullvarefabrikk og seinare Innvik AS, sit i veggane i den gamle trebygningen frå 1890. I dag har

bygda slege ring om det vi kan kalle «storstova» i Innvik, og dette nostalgiske lokalet skal restaurerast og bevarast, slik at den gamle bygningen blir vedlikehalden. Gamle Innvik Ullvarefabrikk er stiftinga som i dag har ansvar for dette historiske bygget. Den gamle fabrikken er open for bryllaup, konfirmasjonar og andre arrangement. I dag finst det scene og amfi med

300 sitjeplassar i andre etasje. I dette spennande lokalet skal det føregå to storhendingar i sommar: Ny framsyning av musikalen «Ull innerst i sjela» 24., 25. og 26. juni, samt øvingskonsert med Stardalen Mannskor og Odd Erik Lothe 27. august.

Markerer seg på festivalkartet Malakoff Rockfestival starta som ei elevbedrift, men har no vakse seg til å bli ein av dei største festivalane på Vestlandet. Frå 650 besøkande i debutåret 2003, til over 30.000 musikkelskande gjestar i 2019. Den vesle festivalen på Nordfjordeid er ikkje lenger så liten. Torsdag 21. juli brakar det laust i Malakoffparken i sentrum av Nordfjordeid igjen, og årets artistrekkje er ikkje til å kimse av. Godguten frå Balestrand, Kjartan Lauritzen, opnar

showet torsdag, og seinare på kvelden kan ein høyre mellom anna Honningbarna og Veronica Maggio. Fredag stikk fleire norske artistar som Polkabjørn & Kleine Heine, Kurt Nilsen, Gabrielle og Kvelertak innom festivalscena, medan laurdagens program mellom anna rommar svenske Timbuktu & Damn!, amerikanske Clutch og britiske Slowthai. Sondre Justad får gleda av å synge alle inn i sommarnatta som siste artist ut på Malakoff 2022. Festivalcampen er ein av landets største, og er plassert rett

ved sida av konsertområdet. Her kan ein slå opp eige telt, eller ta inn i ferdig oppslegne lavvoar eller i containerhus. Den ekstra miljøbevisste vil kanskje heller velje ei natt i eit kartent, eit 100 prosent resirkulerbart telt av papp. Moglegheitene er mange, og kvar konsertkveld blir avslutta med ein times etterfest med DJ-ar på festivalcampen.

Tre dagar i juli aukar folketalet i Nordfjordeid kraftig. Her frå Highasakite sin konsert under Malakoff 2014.


. FIRDATIDEND Onsdag 25. mai 2016 SOMMARAVISA 2022• FIRDA TIDEND

38

– Eit sjarmerande og unikt konsertlokale med to storhendingar i sommar

Gamle Innvik Ullvarefabrikk

Velkommen til hotellet ”med fjorden i hagen”

Ny framsyning av musikalsuksessen frå 2021 «Ull innerst i sjela» 24.-25.-26. juni 2022 kl. 19.30. 35 aktørar og eit dyktig orkester står på scena i 2,5 time i dette sjarmerande konsertlokalet frå 1890, og framfører musikalen om menneska og historia bak Innvik Ullvarefabrikk. Jon Are Steen har vore musikalsk forfattar og musikalsk leiar, til tekstane av Torstein Tvinnereim. Øvingskonsert med Stardalen Mannskor og Odd Erik Lothe «Landet bakom blått» 27. august 2022 kl. 19.00. Over 3000 menneske var med på Stardalen Mannskor si vandring i «Nynorskens skog» i 2021, og denne kvelden har DU sjansen til å høyre dette flotte koret med si nye satsing.

Hjarteleg velkomne til god musikk og nostalgisk stemning i Gamle Innvik Ullvarefabrikk i sommar! Stiftelsen Gamle Innvik Ullvarefabrikk Billettar på TIKKIO.COM

- Badestrand, sandvolleyballbane. Familievennleg, roleg, gode turløyper for fotturar i fjellet. - Kort veg til kjende turmål i området som Briksdalen, Geiranger, Fjærland eller Vestkapp. - Rom med fin utsikt, heimelaga mat. - Selskap, catering, årsmøte, møte, kurs. Kontakt oss for informasjon og prisar. Innvik Fjordhotell Misjonsheimen AS, 6793 Innvik, tlf. 57 87 49 90, e-post: post@innvikfjordhotell.no, www.innvikfjordhotell.no Side 1

30 sterke mannsrøyster under dyktig musikalsk leiing av Trygve Apalset, med eit flott orkester i bakhand og Odd Erik Lothe i front, byr på ein øvingskonsert før haustturnèen deira startar.

Underhaldning, loddsal og servering i 1.etasje før og etter begge arrangementa.

BRIKSDAL FRISKT, FRODIG OG EVENTYRLEG VAKKERT

BESØK KATTANAKKEN

SVOLTEN ETTER TUREN?

SOUVENIRAR / TAX FREE

Glitrande isbre, ville fossar og sol over grøne lier. Ekspert-rute. Spør etter vegen i Fjellstova

I Fjellstova kan du nyte gode rettar - med spektakulær utsikt. 550 sitteplassar

Spanande utval souvenirar og norsk strikk av høg kvalitet. Hyggeleg handel i Briksdal

6792 Br iksdalsbre / Tlf: 57876800 / post@br iksdal.no / br iksdal.no

tegneren.no Foto: Berge Myrene, Bjarte Haugen, Dale of Norway, Mattias Fredriksson/Fjord Norway

TROLLSKYSS TIL BREEN Ta med familien på safari i vakre Briksdal. 1,5 time tur/retur. Book turen din på briksdal.no


. SOMMARAVISA FIRDATIDEND TIDEND • Onsdag 25. mai 2016 FIRDA 2022

39

& THE RATTLESNAKES

NORDFJORDEID 21.–23. JULI M A L A KO F F. N O B I L L E T TA R PÅ T I K K I O . CO M #denbestefestivalopplevinga


. FIRDATIDEND Onsdag 25. mai 2016 SOMMARAVISA 2022• FIRDA TIDEND

40

Attraksjonar og aktivitetar i Sunnfjord Sunnfjord Museum speglar dagleglivet til sunnfjordingane Sunnfjord Museum ligg vakkert plassert ved Movatnet langs E39, like aust for Førde sentrum.

Dette er eit kulturhistorisk museum med samlingar og utstillingar som speglar dagleglivet til folk flest i Sunnfjord gjennom tidene. Frå 1500 til 1900 Friluftsmuseet består av ein opphaveleg husmannsplass, og eit rekonstruert klyngetun med urtehage, støl og kulturlandskap. Bygningane i frilufts-

museet kjem frå heile Sunnfjord, og syner eit tidsspenn i byggeskikk frå 1500 til kring 1900. Museet ligg i naturvakre omgjevnader. Her finn du fleire turstiar med informasjonstavler som fortel om den lokale natur- og kulturhistoria. Alle besøkande får tilbod om omvising i fleire av dei antikvariske husa og på museumsområdet. Du kan også få med deg den nye utstillinga FRITID og lære om fritid i Sunnfjord dei siste 150 åra.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum Sogn og Fjordane Kunstmuseum finn du midt i Førde sentrum, i eit bygg som har fått ein internasjonal pris for den særprega arkitekturen. Samlinga er på over tusen verk, og syner regional og nasjonal biletkunst og kunsthandverk frå 1900-talet og fram til i dag, med hovudvekt på tida etter 1970. På varme sommardagar kan ein nyte vêret på takterassen i fjerde etasje. Kunstbutikken byr på eit variert utval, og Kafé Sobra har ein meny med heimelaga varme og kalde rettar.

Familiedagar I løpet av sommaren er det fleire dagar med aktivitetar. 23. juni blir det tradisjonsrik jonsokfeiring med Sunde Krins grendelag. Tre torsdagar i juni og juli blir det familiedagar med aktivitetar for store og små. – Vi gler oss til nok ein sesong, og håpar på besøk frå både nærmiljøet, og etter to år med pandemi, også resten av verda, seier museumsleiar Marie Nicolaisen. Sesongen blir avslutta 11. august.

Norsk Hjortesenter

Norsk Hjortesenter ligg idyllisk til på Kvalstad Gard på sørsida av Svanøy i Kinn kommune. Senteret driv med oppdrett av hjort og dåhjort. Låven på garden husar moderne konferanserom, serveringslokale, viltslakteri og kjøkken. Her kan du ete nydeleg mat i fred og ro. Ei omvising blant dyra vil gje deg ei spesiell oppleving.


. SOMMARAVISA FIRDATIDEND TIDEND • Onsdag 25. mai 2016 FIRDA 2022

41

Ferske Smakar er eit hjerteborn av dei to venninnene Anette og Gudrun Johanne. I over ti år har dei tilbydd bakst og konditorvarer lokalt i Sunnfjord, via både catering og kafe. Du finn oss på Øyrane Senter i Førde, der du vil finne eit godt utval i påsmurt og salatar, som er kjapt å ta med seg, eller nyte i den koslege kafekroken vår. Vi har også eit utval kaffi, te, kaker og etter vår meining områdets beste softis. www.ferskesmakar.no 57821454 / post@ferskesmakar.no FB og Insta @ferskesmakar

KRUT // er tufta på lokale verdiar og gründerånd, med kjærleik for kaffi. Historia starta med Kjetil og Sognefjord Kaffibrenneri, med eit lite kaffiutsal i gangen på Elvetorget. Dette har då vokst inn i nye lokaler som no tilbyr den same gode, lokalbrende kaffien. Men i tillegg tilbyr vi no også enkle, men gode rettar, med litt ekstra fokus på berekraft og vegeterianske alternativ. Vår kjære Rena har drege med seg mange gode element frå si fartstid i kafebransjen i Nederland, og ynskje å tilby ei kosleg og smakfull oppleving. Du finn oss i 1. etasje på Elvetorget i Førde

www.krutkafe.no 90102880 / post@krutkafe.no FB og Insta @krutforde

Vookal.no

#møtast påtorget!

39

elvetorget.no

BUTIKKAR

KJØPESENTER FØRDE GRATIS PARKERING

OPNINGSTIDER: 10.00–20.00 (16.00) REMA1000: 07.00–23.00


Onsdag 25. mai 2016 .• FIRDA TIDEND9 SOMMARAVISA 2022 FIRDA TIDEND

42 FIRDA TIDEND • FREDAG 12. juni 2020

Attraksjonar og aktivitetar i Sogn

Brebygda Fjærland har sitt eige bremuseum Takka vere Supphellebreen og Bøyabreen har Fjærland lange turisttradisjonar. I 1991 fekk bygda sitt eige bresenter, Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten. Museet er eit interaktivt museum for heile familien som gir deg kunnskap om brear og klima på ein ny og spennande måte. Museet er ei privat stifting oppretta av Den Norske Turistforening, International Glaciological Society, Norges vassdrags- og energidirektorat, Norsk Polarinstitutt, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo i 1989. I 1990 la kronprinsesse Sonja ned grunnsteinen for sente-

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten i Fjærland.

ret, og året etter opna ho det – som dronning. Føremålet med Norsk Bre-

museum er å samle, skape og spreie kunnskap om brear og klima. Stiftinga si verksemd

omfattar naturvitskaplege og kulturhistoriske fagfelt. Bremuseet syner samspelet i

naturen og mellom natur og menneske.

Fargerik butikk med eksotisk historie Sogndal har store kjøpesenter og mange kjedebutikkar, men i Fjøra finn ein også små og eksotiske nisjebutikkar. Ein av desse er Mango Design, ein spennande klesbutikk med ei eksotisk historie og ei fargerik dame i front. Butikken framstår i dag som ein koseleg nisjebutikk med oppdaterte moteklede for damer flest. Eksotiske produkt Men slik har det ikkje alltid vore. Den interessante historia til butikken starta med at Tove Ness gjekk på universitetet i Oslo, og tok spansk forkurs i unge dagar. Der vart ho tilrådd å reise til Mexico eller Guatemala, for å lære meir spansk. Tove, som var ung og eventyrlysten, og aldri hadde vore utanfor Europa, greip sjansen og reiste til Mexico. Her møtte ho Mango, som etter kvart vart mannen hennar. Han laga smykke i sølv,

og anna lokalt handverk, og Tove selde smykka hans på gata saman med lokalbefolkninga. To år etterpå hadde Tove og Mango flytta heim att til Sogndal, og i 1993 opna dei butikken Mango, i det koselege huset i Gildevangen 2. Her selde dei eksotiske produkt, som utskorne masker frå Afrika, kaffi frå Mexico og Guatemala og handlaga smykke i sølv, samt lokalt handverk. Elektrisk stemning Midt i denne spennande historieforteljinga, kjem Hedda Bremer Christensen og Toril Einarsen inn i butikken. Hedda bur i Bergen og kjem frå Bærum, men ættar frå Hafslo. Toril Einarsen bur i Balestrand og kjem frå Sotra. Dei er faste kundar på butikken til Tove, og kjem eins ærend til Sogndal for å handle på Mango. Etter kvart vrimlar det av damer i alle variantar og fa-

songar i butikken. Intervjuet vert sett på vent, for no er det reine jentekvelden på Mango. Fargerike kjolar, tøffe skjørt, Magic-bukser, flotte tunikaer og caprybukser blir prøvde i fleng, medan latteren og «kaklinga» høyrest langt ut på gata. Ei heilt elektrisk stemning blant damer frå eit stort område, og Tove alltid like smilande og profesjonell medan ho hjelper damene i prøverommet og ekspederer i kassa nesten på same tid. Tove fortel om store endringar sidan starten i 1993. Det dei hadde av varer den gongen, var det ikkje mogleg å kjøpe andre stader. Det var ikkje netthandel, og folk måtte møte fysisk opp i butikken for å handle. Som så mange andre har Mango Design no også nettbutikk.

Mango-eigar Tove Ness (i midten) med to av dei faste kundane sine, Hedda Bremer Christensen og Toril Einarsen.


10 . SOMMARAVISA FIRDA TIDEND • Onsdag 25. mai 2016 FIRDA TIDEND 2022

43 FREDAG 12. juni 2020 • FIRDA TIDEND

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum Dette er eit friluftsmuseum med bortimot 40 historiske bygningar frå mellomalderen fram til vår eiga tid. Friluftsmuseet ligg i eit flott naturog kulturlandskap på Kaupanger med slåttemarker, åkrar og beiteområde. Her er gangvegar og stiar, leikeplassar og naturløyper. Store delar av kulturlandskapet på museet

er knytt til 1800-tals jordbruket, og i sommarsesongen driv museet ein gard slik dei gjorde det i Sogn for kring 150 år sidan. I den store hovudbygningen finn ein utstillingar knytte til jordbruk, handverk, tekstilar og klede, mat og drikke, og ei utstilling knytt til høgtidsdagane våre. Ein kan sjå gamle

handverkarverkstader, gå på besøk til det gamle tannlegekontoret eller kike inn i den gamle krambua. I hovudbygningen ligg også museumsbutikken og museumskafeen.

Sogn Folkemuseum ligg på Kaupanger.

Urnes stavkyrkje i Luster – med sjarmerande Solvorn og «Den romantiske vegen». Luster har svært mykje å by på. På rundturen frå Hafslo, over fjorden til Ornes, vidare langs sørsida av Lustrafjorden til Gaupne og tilbake til utgangspunktet, får ein med seg variert kultur og natur. Eikum Hotell på Hafslo, som er over 100 år gamalt og framleis drive av den same familien, har lange tradisjonar med skyssing av turistar i eigne hotellvogner. Frå rundt 1965 og fram til kring 1980, køyrde 2. og 3. generasjon hotellvertskap på Eikum, Sigmund og Birger, turistar til alle dei populære attraksjonane i indre Sogn. Ein av dei finaste turane var då dei parkerte i Solvorn, «Sørlandsbyen» med Noregs eldste hotell i Walaker Hotell, og vart skyssa over fjorden til Ornes. I dag er det ferja MF Urnes, ein attraksjon i seg sjølv, som skyssar turistar og andre over fantastiske Lustrafjorden frå Solvorn til den eldste stavkyrkja i landet, Urnes stavkyrkje. Denne kyrkja står på UNESCO si liste over dei mest verneverdige kulturminna i verda, etter å ha fått innpass her i 1979. Ho er bygd kring 1130, og er den einaste i sitt slag på den nemnde verdsarvlista. Urnes stavkyrkje er eit av dei mest verdifulle kulturminna i landet, og juvelen i krona mellom dei kulturhistoriske eigedomane til Fortidsminneforeininga.

Dersom ein køyrer vidare på sørsida langs Lustrafjorden, også kalla «Den romantiske vegen», passerer ein Feigumfossen, med 218 meter fossefall. Ein kan også sjå starten på Lerum saft- og syltetøyfabrikk på Sørheim, og den tidlegare husmorskulen i Kroken, Munthehuset, høgt over Lustrafjorden. Munthehuset var møtestad for forskarar, geografar og ikkje minst nokre av dei fremste norske kunstmålarane i den nasjonalromantiske perioden (første halvdel av 1800-talet). Både Flintoe, J.C.Dahl, Fearnley, Tidemand og Gude m. fl. besøkte denne perla ved Lustrafjorden for å arbeide og hente inspirasjon. Munthehuset er i dag restaurert og ope for besøkande etter avtale. Den første saft- og syltetøyproduksjonen til Lerum, som i dag er den største saft-, syltetøy- og juiceprodusenten i Norge, starta på Sørheim. Den vesle fabrikken, Safthuset, vart bygd i 1909, og er no open for omvising etter avtale. Dersom ein blir tørst eller svolten på turen, er det ingen fare, då det er sjølvbetente buer fleire stader langs ruta. Der kan ein kan kjøpe både bringebær, morellar, vaniljesaus og god lokal drikke. Ein slik flott tur er ekstra attraktiv viss ein reiser med gode vener, gjerne også med innlagde drikkepausar og skravlestopp.

Ferja MF Urnes, som trafikkerer Lustrafjorden, er ein attraksjon i seg sjølv.

Urnes stavkyrkje i Luster er frå kring 1130 og mellom dei eldste bevarte stavkyrkjene i Noreg.

I idylliske Solvorn ligg det eldste hotellet i Noreg som framleis er i drift, Walaker Hotell frå 1640.


11 . FIRDATIDEND Onsdag 25. mai 2016 SOMMARAVISA 2022• FIRDA TIDEND

44 FIRDA TIDEND • FREDAG 12. juni 2020

Sogndal – regionsenteret i Sogn

Pryd og Brukskunst 60 år med Sognebunad og tilbehøyr Me held til midt i Sogndal sentrum, og er kanskje den største bunadsbutikken i Sogn. Kvar dag set det to sydamer i butikken vår, og syr sognebunad til kvinner, herrar og born etter norske tradisjonar. Me tilbyr sjølvsagt også alt tilbehøyr til bunaden, som t.d. bunadssølv, smykkeskrin til sølvet, bunadsslips- og sløyfe. Dei populære dåpshuene har me også for sal. Me har alt til dame- og herrebunad, samt også alt av bunadssølv til dame og herre. Ønskjer du å bestille eller reparere ein sognebunad, er du hjarteleg velkomen innom butikken vår. Pryd og Brukskunst har også lange tradisjonar innan sal av gull, sølv, klokker, sølvbestikk, gåveartiklar, pledd, tøfler mm. Me har også ein trendy og fin interiørdel, der me har eit godt utval av bruks- og pyntegjenstandar til heimen. Hjå oss finn dunoko til ein kvar smak, inkludert gåvetips og souvenirgjenstandar.

Sogndal har eit triveleg sentrum med eit breitt utval av butikkar. Foto: Veri Media.

Som også er kjent for fotball, Fjellsportfestivalen, fantastisk laussnø og produksjon av saft! Sogndal er «hovudstaden» i Sognefjorden med omlag 12.000 innbyggjarar. Om sommaren er Sogndal populært for tilreisande frå heile verda, som blir begeistra over alt «Saftbygda» har å by på. Namnet «Saftbygda» kjem frå den tradisjonsrike familiebedrifta Lerum, som har ei lang historie innan saft og syltetøy i Sogn.

I Sogndal sentrum, som lokalbefolkninga i alle år har kalla Fjøra, kan ein rusle rundt og kjenne på smaken av sommar. Her er det koselege etestader og unike butikkar. Kanskje finn ein også Noreg sitt beste utval innan is her…? Sognefjorden kjem på land ved kaia i Sogndal, her finn ein også Dampskipskaien Kafé og Turistinformasjon, som byr på fjordaktivitet ved utleige av kajakkar og SUP-brett. I sentrum kan ein også

ta turen på Fjordstien, der ein omtrent «går på vatnet», med ei flott utsikt over Sogndalsfjorden. Sogndal Fotball sitt OBOS-lag er alltid spennande å følgje, spesielt på deira ferd mot opprykk til Eliteserien. Med ny trenar, Tore André Flo, og eit flott stadionanlegg – Fosshaugane Campus – skal alt vere lagt til rette for det. Dei byr på fleire kampar på heimebane i sommar.

Opningstider: Måndag – fredag: 10.00 - 16.30 Laurdag: 10.00 - 15.00 Parkvegen 5, 6856 Sogndal 57 67 10 16 post@prydogbrukskunst.no

På Fjordstien i sentrum kan ein nesten «gå på vatnet». Foto: Mariann Skau, Sogndal kommune.


.

13 45

FIRDA TIDEND SOMMARAVISA Onsdag 25. FIRDA TIDEND 2022 FIRDA TIDEND •• FREDAG 12.mai juni2016 2020

Hafslovegen 166 , 6869 Hafslo Tel: +47 576 80 600 www.eikum.no | E-post: post@eikum.no Eikum Hotell har vore i same familie sidan 1919, og idag er det 4. generasjon som ønskjer deg velkomen til Hafslo. Hotellet er kjend for god, heimelaga mat og personleg service, og har i over 100 år vore eit glimrande utgangspunkt for turar til Jostedalsbreen, Sognefjorden, Sognefjellet og Urnes Stavkyrkje.

Spennande fiske- og naturopplevingar på Hafslo/Veitastrond Kvam Guiding og Service skreddarsyr di tur- og fiskeoppleving. Sjå her kva me tilbyr: • Fisking • Guida fiskeoppleving • Leige av fiskeutstyr • RIB-tur på Veitastrondsvatnet • Besøk på ysteri • Fjelltur • Utleige av EL- sykkel

Eikum Hotell har idag 60 rom, restaurant og stor hage. Me har ope heile året, og arrangerer svært gjerne ditt neste selskap, jubileum, dåp og møte.

Velkomen til mektige naturopplevingar i Luster. Kontakt oss på www.kvamgs.no tlf.nr 46 29 79 18 e-post: post@kvamgs.no

Velkommen til pyramiden, eit butikk og servicesenter i Gaupne. senteret vart åpna i 1985 som det fyrste handelsenteret i fylket!

Vi har/We have: - Gratis parkering/ Free parking - Ladestasjon til elbil/ Charging - bibliotek/Library - 2 kafeer/Cafes - 10 butikkar/Stores www.pyramidensenter.no

Pyramidensenter

Bruktbutikken


. FIRDATIDEND Onsdag 25. mai 2016 SOMMARAVISA 2022• FIRDA TIDEND

46

t s e l f r e m -for da

hjå oss!

BLI NY

Fargerik, frittståande butikk i sentrum av Sogndal, som har både ung og vaksen mote i str. 34-54. Til kvardag og fest, Mango er best! Me har “Verdas beste” bukser og godt utval i selskapsantrekk!

Du finn oss midt i Sogndal sentrum Opningstider: Mån-fre 11-16 - Laurdag 11-15 mangodesign.no – alltid ope

Tlf. 402 41 152 Følg oss på .... Parkvegen 5 – Sogndal sentrum

AMFI Mykje å gle seg til. Alltid.

VELKOMEN TIL SOGNDAL OG 60 SPREKE BUTIKKAR!

Følg oss på Facebook og Instagram! @amfisogningen AMFI SOGNINGEN | 10-19 (18) | amfi.no/sogningen


. SOMMARAVISA FIRDATIDEND TIDEND • Onsdag 25. mai 2016 FIRDA 2022

l o S , r a m Som og l a d n Sog

Sogndal er fantastisk om sommaren! Kos deg i parken, ta ein tur langs nydelege Fjordstien, nyt god mat og drikke på ein av våre koselege kafear og restaurantar – eller ta deg ein runde i våre spennande nisjebutikkar, som er heilt unike for Sogndal! Ein spasertur i Fjøra i steikande sol gjev verkeleg smaken av sommar. Eit yrande liv av kafèar og restaurantar, butikkar som har flytta ut på gata, blomsterbutikk, frisørar i fleng og delikatessebutikk bidreg til den gode sommarstemninga. Med Sognefjorden heilt inn på land, er også kaien eit populært område.

47


48

Onsdag 25. mai 2016 • FIRDA TIDEND

VI UTVIDER STADIG TILBODET TIL SKEI SERVICENTER OG KAN NO TILBY 26 LADEPUNKT, 16 TESLA OG 6 IONITY

BUTIKK OG KAFÉ ER NYOPPUSSA OG PÅ JØLSTER PANORAMA HAR VI EI

NY ARKITEKTTEIKNA HYTTE KLAR TIL BRUK


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.