Temabilag hus & heim

Page 1

hus & heim Temabilag for Nordfjord september 2018

Innreier låven for å byggje vidare

I dette vesle, raude bygget flytta Sølvi Haugen Leivdal inn då ho innsåg at kundane ville kome for å sjå varene ho selde. No tek ho steget vidare og pussar opp låven for å fortsetje utviklinga av Tore-Garden. SIDE 10 OG 11

Føler seg heime i miljøet

SIDE 2 OG 3

Tek vare på historisk hus

SIDE 6 OG 7


2 SEPTEMBER 2018 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Bygde eit hus som pustar Sterkare miljøfokus er ein trend i tida – også innan husbygging. Det tok Elisabet Kjerstad Bøe og Håvar Korsvoll konsekvensen av. Ekteparet har bygd nytt bustadhus på farsgarden hans, i Bygstad. – Vi har vel vore samde om det meste sjølv om eg aller helst ville bygge heime i Stryn, ler Elisabet, som til dagleg har 50 prosent stilling i fylkeskommunen med ansvar for fornybar energi og bruk av hydrogen. Den andre halvparten er hjå Tibber i Førde som har fokus nettopp på løysingar knytt til meir miljøvenlege bustadhus og energistyring. Håvar er sivilingeniør, og når han ville kombinere dette yrket med sauebonde vart det nytt hus med utsyn over Dalsfjorden. Like ved grensa til Fjaler. – Vi har fått eit hus der vi føler at vi får naturen inn i huset, seier Elisabet, og forklarar litt av bakgrunnen for prosjektet. Begge er opptekne av miljø, og begge er teknologisk interesserte. – Huset er trass alt eit av dei store tinga i livet. Det skulle gjerast skikkeleg. Problemet var at det ikkje fanst nokon katalog for miljøhus, fortel Elisabeth og legg til: – Heldigvis kom vi over ei støtteordning i Husbanken. Vi kom med på konferansar og rådgjeving. Etter kvart samla vi informasjon samstundes som vi stilte oss opne for å dele det vi kom fram til med andre.

Energisystemet

Planlegginga starta for fem år sidan, og no har dei budd der i to, og huset verkar som det skal. I stikkords form snakkar vi om vassboren varme frå fjorden med varmepumpe på 5 kW, elektrisk energi frå solceller på taket. Eit anlegg på 7,6 kW. Straumen frå solcellene blir balansert på nett. Nokre timar kjøper dei straum, og nokre timar sel dei. Dei kjøpte

10.000 kWh straum frå nettet i 2017 noko som er under halvparten av eit vanleg årsforbruk, og det er eit tankekors at solcelleproduksjonen ligg i eit område som er utan sol fire månader i året. Dagslyset gjer jobben. – Vi utnyttar innstråla energi med store vindaugsflater mot sør, innvending energimagasin gjennom massivt tre og murar av teglstein, og naturleg ventilasjon som utnyttar utforminga i huset til innog utlufting. – Det er herleg å vakne til eit frisk vinddrag, seier Elisabet, og viser til lukene i taket som blir styrt automatisk til opning og lukking med tanke på varme og ventilasjon i rett tid.

Gode val

Det er eit lite skår i gleda at alt av massivt tre kom på lastebilar frå Tyskland og Austerrike som ferdige element. – Dette må vi kunne greie i Norge, seier ho og viser til at ting er i ferd med å endre seg. Dei har fått mange spørsmål om miljøhuset, og ho er overtydd om at dersom det vart bygt eit demonstrasjons hus ville det blitt mange vitjingar. – Huset har ei buflate på 280 m² og ein kostnad på 22.000 per m² er ikkje avskrekkande, meiner Håvar og viser til kva dei har fått for pengane. Denne prisen vil gå ned etter kvart som etterspurnaden aukar og interessa veks. – Vi har hatt vitjing av elevar frå vidaregåande i Førde, fortel Elisabet, som meiner det må byggjast opp eit informasjonsapparat. – Vi har opne dører etter samarbeidet med Husbanken, men det blir ikkje det same, seier ho. Ei vandring gjennom huset viser at satsing på miljø ikkje er hinder for å skape trivsel, hygge og praktisk utforming. – Bruk av massiv tre opnar for nye moglegheiter om vi evnar å tenkje lokalt. Utvendig kledning er furu i kjerneved henta frå sagbruk i Kaupanger. Den skal tole ver og vind utan måling og vere vedlikehaldsfritt i framtida, seier dei to som har bygt eit hus både for seg sjølve og framtidige generasjonar. INGE FÆNN nordfj@fjt.no

SYSTEM: Taklukene slepper inn lys, og vert opna for lufting og letne att automatisk med tanke på varme og ventilasjon i rett tid. – Herleg å vakne til eit friskt vinddrag, seier Elisabeth.


NORDFJORDSAMKØYRINGA SEPTEMBER 2018 3

FRAMTIDSRETTA: Ekteparet Elisabet Kjerstad Bøe og Håvar Korsvoll framfor det nybygde miljøhuset ved Dalsfjorden i Bygstad. ALLE FOTO: INGE FÆNN

KJERNEVED: Ytterveggen av furu i kjerneved, som er henta frå sagbruk i Kaupanger, skal vere vedlikehaldsfri, vonar Elisabet.

TEGLSTEIN: Teglsteinsmurane inne i huset er dekorative samstundes som dei samlar varme.


4 SEPTEMBER 2018 NORDFJORDSAMKØYRINGA Dansk design overraskene låge prisar.

-20%

No med på kjøkken, garderobe og bad

Vi feirer ny Kvik butikk alle fliser - 30% i september Gjelder ikkje Ulfven og fast lavpris produkter

Lotus Mondo 2

ord kr 14 995,-

-40% no

9 994,-

Total pris 86 721,–* Benkeplate 40 930,– MANO kjøkken

45 791,– * Veil. utsalgspris Mano kjøkken 45 791,- er for skap og sokkel. Prisen for benkeplaten er 40 930,-. Totalpris 86 721,-. Prisen er ekskl. montering, frakt, vask, blandebatteri, hvitevarer og belysning.

-Vedomn -Stålpipe

-Møbler -Kjøkken

-Stein -Flis

-Bad -Gravminne

Andre varme tilbud,sjå: www.fagmiljo.no

FAGMILJØ

Attraktiv firemannsbustad på Sandplassen 1 i Nordfjordeid.

”Litt meir enn du trur” www.fagmiljo.no

Øyrane Senter Firdavegen 20

6800 Førde Tlf 57 72 10 60

Har du lyst på ein enklare kvardag

i ei topp moderne leilegheit med fantastisk utsyn over Eidsfjorden?

Bu sentralt og fritt i 4-mannsbustad med carport i Hotellhagen på Nordfjordeid.

Salet av leilighetene i Sagaparken Panorama, Blokk B, er allereie i gang, og du kan no skaffe deg din plass ved fjorden – på beste vestkant på Nordfjordeid.

Fleire bustader er prosjektert.

15 lyse og moderne leiligheter.

Kontakt oss for meir opplysningar om bustadprosjekta, samt få utdelt prospekt og prisliste.


JØKK E DK et aliter v K i ov

r å 0 6

ET

Bjarne Es

varefabrik Tre k pe

NO

R

N

RDFJO

NORDFJORDSAMKØYRINGA SEPTEMBER 2018 5

Frå draum til

NORDFJORDKJØKKENET

www.espetrevare.no 6770 Nordfjordeid | Tlf: 57 86 23 11 | e-post: post@espetrevare.no


6 SEPTEMBER 2018 NORDFJORDSAMKØYRINGA

PÅ JOBB: Heradshuset låg like ved kyrkja. Kvinnene i robåten er budeier som skal ro over Breimsvatnet for å mjølke kyrne i Restranda. FOTO: PRIVAT

GJENBRUK: – Ingen tvil om at det er kyrkjematerial, seier Ståle Fitje og peikar på rosemåling og ein smilande engel på ein planke. FOTO: PRIVAT

KLENODIUM: Kista frå den gamle Breimskyrkja er mange hundre år gammal. FOTO: INGE FÆNN

Kunstlag bergar 131 å Gloppen kunstlag fekk tilslaget då det 131 år gamle heradshuset på Breim vart lyst ut for sal. Restaureringsarbeidet er i full gang, mellom anna med midlar frå Kulturminnefondet. – Her var private kjøparar som melde interesse, men vi fekk tilslaget fordi vi ville berge eit hus med kulturelle og historiske verdiar for ettertida, seier Ståle Fitje i kunstlaget. Det ventar mykje arbeid, men dei angrar ikkje. – 370.000 frå Kulturminnefondet kjem godt med, seier han og pirkar i flassande måling på karmane kring vindauga. Rutene skal takast ut, rammeverket som er til dels beinhard adel, skal vølast før rutene verte sett inn på nytt. Det skal kittast og målast. – Rutene er til dels av blanka glas som viser teknikken som vart brukt for slike ruter sist på 1800-talet, fortel kunstlagsrepresentanten.

Kyrkjematerial

Det gamle heradshuset ligg fint til ved Breimsvatnet, ikkje langt frå kyrkja på Reed. Det gav rom for all kommunal verksemd i Breim fram til kommunesamanslåinga med Gloppen i 1964. Det stettar ikkje dagens krav, men det var retteleg eit stashus den gongen det vart bygt. Trass i litt mindre lekkasje har det halde seg godt. Huset er bygt av kvalitetstømmer frå den gamle Breimskyrkja. Den vart bygd kring 1660, og vart riven i 1887, byggeåret for heradshuset. Det finst ikkje spor etter rote når ein pirkar i treet, og heller ikkje mott. – Ingen tvil om at det er kyrkjematerial, konstaterer Fitje og peikar på rosemåling og ein smilande engel på ein planke like nede ved golvet i andre etasje. Det finst fleire skrivne kjelder som

fortel om ei vakker kyrkje med roser og blomar, bibelord på bjelkane og mykje anna. Bygdefolket var utruleg glad i denne kyrkja. Då ho vart riven vart ein del inventar frå kyrkja spreidd kring på gardane, men også i heradshuset. Mellom anna ei stor kiste som dei førebels ikkje veit alder på. Det var truleg denne som stod framme i koret til oppbevaring av kyrkjeleg utstyr.

Grundig førebuing

– Vi har gjort eit grundig førearbeid med planar og råd og rettleiing frå fagfolk, og no er vi i gang for alvor, seier Fitje. Neste steg blir taket, og så har dei betre tid på det som skal gjerast inne. Det blir spennande å sjå kva som kjem fram av tømmer etter kvart som gammal panel og tapet vert riven. Det kan dukke fram skattar som dei knapt har aning om i dag. Restaureringsarbeidet blir ei blanding av kunst og historie, og kunstlaget vonar at det kan bli ein samlingsstad for ulike lag, organisasjonar, utstillingar og samkomer. Eit hus for ålmenta. Det er god plass i den gamle kommunestyresalen der alvorlege ordførarar i biletrammer, alle menn, fylgjer utviklinga frå veggen. Det skal også byggjast eit lite kjøkken,

– Utan endringar

– Det er viktig for oss at vi får til ein antikvarisk standard, og at vi greier å skape eit miljø både ute og inne. Området rundt huset, hagen, må også gjerast noko med, og her kan vi ta i bruk planar som har vore laga tidlegare nettopp med tanke på eit uteområde. Vi skal få ein fin uteplass og gjere området tilgjengeleg også for rullestolbrukarar. Det er sjeldan å finne heradshus frå denne perioden i dag. Huset er bygt i sein-empirestil. – Gloppen kunstlag som no står som eigar etter ei lang papirmølle, har som mål å ta vare på huset slik det er no utan endringar. På den måten vil historia til huset leve vidare, avsluttar Ståle Fitje, som saman med andre interesserte har mange dugnadstimar føre seg. INGE FÆNN nordfj@fjt.no


NORDFJORDSAMKØYRINGA SEPTEMBER 2018 7

MANNSDOMINERT: I den gamle kommunestyresalen fylgjer alvorlege ordførarar i billedrammer, alle menn, utviklinga frå veggen. FOTO: INGE FÆNN

NYMÅLA: Svingtrappa til andre etasje er oppattmåla i friske fargar. FOTO: INGE FÆNN

SPENNANDE: Ståle Fitje i eit av romma i andre etasje der tapet og plater skal fjernast for å få fram gammal kyrkjehistorie. FOTO: INGE FÆNN

år gammalt heradshus

ELDST I NORDFJORD: – Vi har gjort eit grundig førearbeid med planar og råd og rettleiing frå fagfolk, og no er vi i gang for alvor, fortel Ståle Fitje i Gloppen kunstlag. Dei har kjøpt det tidlegare heradshuset i Breim frå 1887, som no skal pussast opp til å bli ein samlingsstad for ulike lag, organisasjonar, utstillingar og samkome. Eit hus til bruk for ålmenta. FOTO: INGE FÆNN


8 SEPTEMBER 2018 NORDFJORDSAMKĂ˜YRINGA

TAKsEriN Ng

EIG DU HUS, HYTTE ELLER LEILEGHEIT?

AV bygg og Eig gEdomAr Vi har gjennom Norges Eiendomsakademi (NEAK) godkjent utdanning g og vi tilbyr takseringstenester inn nan følgjande omrĂĽder: •

• • • • •

Verd ditakst bustad - Tilsttandsvurdering - Boligsaalgsrapport - Verdi og lünetaksering Verditakst Land dbruk Skadetakst Skadeskjønn Naturskadetakst for Land dbruksdirektoratet Naturskadetakst for Norsk Naturskadepool Jostein Vonheim 900 24 850 Terje Walaker 416 21 130

Det løner seg ü vere medlem i Huseiernes Landsforbund!

IKKJE ? EM MEDL ed sm Send sm 2007. til 1 3 1 L H 495,Kun kr ĂĽ pr. r

• Gratis juridisk, økonomisk og byggteknisk rĂĽdgiving • Gratis kontrakt for handtverkartenester, utleige, m.m. • Gratis kurs om viktige tema: Arv, farer og feller ved utleige, nabokonflikter, skatt pĂĽ bustad og utleige, m.m. • Betydelege rabattar frĂĽ vĂĽre partnarar, til dømes: Varme & Bad, Verisure, If Skadeforsikring (10%), m.fl. • Huseiernes Landsforbund arbeider for ĂĽ ta hand om dine interesser som eigar av bustad eller fritidsbustad • Boligmagasinet Hus & Bolig heim i postkassen 5 gonger ĂĽrleg • Les meir om alle medlemsfordelane pĂĽ huseierne.no

Jan Erik Mardal Distriktsleiar Sogn og Fjordane Tlf. 954 95 555 sognogfjordane@huseierne.no

huseierne.no

Tonniingsgate 15, 6783 Stryn

1 ! ! ! ' '*! "! # ' #'! # 0'! & ! ! ! + !! * # ! / # ' ) %$ ( ./, ' $ $ % - - (- - #' !

Flytsparkling av smĂĽ og store golv, trinnlydisolering Forhandler

Spesialvarer til bygg og anleggsbransjen. Butikk: Bente 908 16 828

Tlf. 900 24 823 E-post: steffen.lunde.bsl@enivest.net

Bygg VĂĽtrom Injeksjon Puss Piperehabilitering

Vi gir deg folk i Nordfjord pü papir, nett og mobil - kvar dag, heile døgnet.


NORDFJORDSAMKØYRINGA SEPTEMBER 2018 9

Hugsa du å sløkke lyset? Heimen din kan også bli smart. Aldri har det vore enklare å få huset og tinga dine til å snakke saman. Med Flikk er heimen din alltid tilgjengeleg. Overalt.

Kom i gang på flikk.no

SKAL DU BYGGE NY BOLIG? Vi er forhandler av Urbanhus Gate 1 nr. 190 / 6700 Måløy / T: 57 84 88 00 / firmapost@unu-as.no Evt. kontakt Kent Rune Bugjerde mob: 905 11 520 Åpningstider

Mandag - torsdag: 07:30 - 16:00 Fredag: 07:30 - 13:30

www.unu-as.no


10 SEPTEMBER 2018 NORDFJORDSAMKØYRINGA

DRIV FRÅ GARDEN: Tore-Garden ligg midt i noko av det mest fruktbare jordbrukslandskapet i Nordfjord. Her er også plass til handel.

UTVIDAR: Butikken flyttar snart inn i nyoppussa lokale i låven. Men gamlestova til høgre skal framleis vere i bruk.

FULLT HUS: Sølvi Haugen Leivdal har ein innhaldsrik butikk i gamlestova på garden, men det er trongt. Snart blir det betre plass.

I GODSTOLEN: Sølvi Haugen Leivdal er frå ein driftig familie i Hornindal, der brørne driv GRS Riflestocks. Sjølv satsar ho og mannen Torbjørn for tida stort på interiørbutikken Tore-Garden i Leivdalen i Eid. Den gamle grindelada frå 1800-talet er i ferd med å bli forretningslokale. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

Sølvi sit gjerne og dingla Sølvi Haugen Leivdal finn fram ein rund stol som heng frå ein kjetting i taket når vi bed henne vise favorittmøbelet sitt. – Det er fint å sitje og dingle og slappe av medan du les ei bok eller ser på tv. Vi har hatt ein slik stol i vår eigen heim lenge,

og han blir mykje brukt. Han er produsert i Nederland av HK Living, ein produsent eg har handla frå lenge, og som eg synest har mykje fint. Materialet er bambus, og opphenget er ein solid kjetting, seier opphavskvinna til nettbutikken Tore-Garden. Det var i 2013 ho starta interiørbutikk på garden der ho bur i Leivdalen i Eid. Ideen var nettbutikk, altså at kunden kunne sjå bilete av varene på ei nettside og tinge elektronisk, for så å få produktet sendt i posten. No sel dei alt frå klede til sko, møblar, lampar og såpe.

Tredoblar arealet

Fem innhaldsrike år etter oppstarten tek verksemda sats og flyttar over i låven på garden der det er i ferd med å bli innreia eit om lag 150 kvadratmeter stort, vinterisolert lokale. Den karakteristiske raude gamlestova på 50 kvadratmeter skal framleis nyttast. Mannen til Sølvi, Torbjørn Leivdal, har teke eit års permisjon frå jobben i Eid kommune for å jobbe med utviklinga av ToreGarden. I samband med oppussinga fann dei årstalet 1843 rissa inn, det vil seie at låven truleg vart bygd då. Det var i så fall nokre

år før utskiftinga i Leivdal i 1885. Då vart klyngetunet spreidd til gardane som er der i dag. Låven har stått tom sidan dei vart med i samdrift med naboane i 2006. Interiørbutikken føyer seg inn i ei etter kvart lang rekkje konsept i kategorien alternativt jordbruk. – Vi har eit budsjett på 1,2 millionar kroner pluss mva. på satsinga. Når vi har gjort unna denne tunge investeringa, og dersom vi klarer å halde omsetnaden på same nivå som tidlegare, er det realistisk at Torbjørn også kan ta ut løn frå selskapet. Vi får sjå kva det blir

til, seier Sølvi. Teknisk har dei organisert drifta slik at butikken betaler leigeinntekter på garden, i tillegg til tenester som til dømes snøbrøyting.

Starta som spøk

Eit interessant trekk ved verksemda er at Sølvi aldri har hatt nokon forretningsplan. Ting har gått seg til med naturleg teft. – Utgangspunktet var at det skulle vere ein nettbutikk. Så byrja kundane å spørje om dei kunne kome hit og sjå varene. Då tenkte eg at «kanskje vi kan ha varene i gamlestova på gar-


NORDFJORDSAMKØYRINGA SEPTEMBER 2018 11

TIL HEILE LANDET: Pakkane med interiørvarer går frå Leivdalen til heile landet. – No er det om lag 50–50 netthandel og i butikk, fortel Sølvi Haugen Leivdal.

HENG I KJETTING: Eigaren fortel at ho har brukt stolen i fleire år utan at han har ramla ned.

BAMBUS: Stolen er forma som eit egg og fletta saman med bambus.

ALTERNATIVT LANDBRUK: Sølvi Haugen Leivdal håpar å ha det nye lokalet klart til julehandelen. Her blir vinterisolert og med vedfyring.

lar i favorittmøbelet sitt den». Vi har brukt låven til å pakke inn ting, og vi har hatt samkomer der, til dømes julemarknad. Men problemet er at der har vore utetemperatur. I fjor fraus tapen i 15 minusgrader. No isolerer vi og får inn vedomn og varmepumpe, slik at det skal bli koseleg atmosfære. Vi skal setje inn eit langbord med plass til 15 personar. Tanken er at vi kan ta imot blåturar og venninnegjengar. Vi kan få inn mat utanfrå og kombinere god mat og drikke med handel. Sølvi fortel at butikken har hatt auke i omsetnaden kvar månad målt mot same månad

føregåande år, alle åra ho har drive. – Det er usikre tider i handelsnæringa, der både vanlege butikkar og nettbutikkar blir nedlagt. Men vi må berre prøve. Eg har tru på at det er råd å halde fram auken i omsetnad sidan vi no får eit større lokale der vi kan presentere varene betre. Og vi kan ta imot grupper for handlekveldar. Men eg ynskjer å halde det på eit nivå der eg har kontroll sjølv. Leverandørar spør kvifor eg ikkje satsar større. Men eg trivast slik det er no. Håpet er at prosjektet skal vere ferdig til julehandelen

startar i november. Ho seier heile prosjektet starta som ein spøk. – Vi spøkte om at vi skulle lage til låven og flytte butikken inn der. Etter å ha spøkt med det ei stund, tenkte vi til slutt «kvifor ikkje?».

Netthandelen har auka

Etter at ho lenge omsette meir i butikken på garden enn på nettet, har pendelen svinga tilbake mot netthandel. – No er det om lag 50–50 netthandel og i butikk. Vi har 8.000 følgjarar på Instagram og 21.000 på Facebook, det har ein god effekt når vi legg

ut bilete av varer der. Forretninga tek stadig nye vegar, det gjeld berre å tilpasse seg. Også for Posten som fraktar varene. – Når det kjem ei ny vare, er eg av og til byrja ta førehandstingingar. Nyleg la eg ut ein lampe og fekk 120 tingingar, 75 prosent var førehandstingingar. Det gjorde at eg tok inn eit stort parti. Postbilen måtte køyre to gongar. Andre gongen kom han med ein stor varebil! Eit godt fraktsystem gjer at det er mogleg å drive butikk på ein gard sju kilometer frå nærmaste handelsstad.

– Posten kjem på tunet og hentar og bringar. Dei er fantastiske.

FAVORITTMØBEL Namn: Sølvi Haugen Leivdal Alder: 47 Adresse: Leivdalen i Eid Bur: Tore-Garden Favorittmøbel: Stol frå HK Living som heng i taket JØRN-ARNE TOMASGARD nordfj@fjt.no


12 SEPTEMBER 2018 NORDFJORDSAMKØYRINGA

INTERIØR I TV-RUTA: «I dagens Velstands-Norge ser vi fleire og fleire innreie huset sitt som ein kopi av dei ferdige oppussingsobjekta på tv. Å komme inn i ein norsk heim i dag, er ofte som å stige inn i ein møbelkatalog eller eit interiørmagasin» skriv Jarl Wåge i denne kommentaren. TEIKNING: JAKKI MOORE

Puter som snakkar Alle tv-kanalar med respekt for seg sjølve har oppussing- og interiørprogram.

«Tid for hjem», «Sinnasnekkeren», «Superoppusserne», «Sofias ängler» og «Ekstrem oppussing» er berre nokre av dei. Alle skodd over same lest; ein programleiar, ein interiørarkitekt og ein gjeng med dyktige handverkarar dukkar opp hos ein familie med eit kaotisk, halvferdig eller nedslite hus og lover å forvandle det til det ugjenkjennelege i løpet av nokre dagar. Så får vi fylgje utviklinga og gje oss over av kor effektive og kunnskapsrike fagfolk er. Dei skiftar ut rør, installerer nytt elektrisk anlegg, snikrar innbydande inngangsparti, byggjer siste skrik i kjøken og bad, kreerer ei stove dei som bur i huset (og som sjølvsagt ikkje får vere i nærleiken medan forvandlinga skjer) ikkje hadde hatt fantasi nok til å designe på eiga hand.

Siste dagen, når familien er venta heim, er det hyperaktiv jobbing med «finishing touches». Då rullar dei ut golvteppe, hengjer opp bilde, ber inn pyntegjenstandar, puter og plantar, fyrer opp i den nye, supermoderne peisen, tenner stearinlys, og simsalabim; eit komplett og fullt ferdig interiør slik interørdesignaren og trendforskarar har bestemt at eit komplett og fullt ferdig interiør skal sjå ut akkurat no. Så er det berre å sleppe inn den bortviste familien og avduke forvandlingane så dei storaugde og overlukkelege kan seie «Wow» og «My God» og «Eg har ikkje ord» og «Er dette verkeleg mitt hus» medan dei tørkar ei forræderisk tåre eller to. Og sidan lever dei lukkelege… I Oslo er det eit kulturprosjekt som heiter SALT. Langs den nye hamnepromenaden har dei bygt opp to digre, lofotske fiskehjellar. På området der dei står, blir det arrangert konsertar og kunst og handverksmarknader. Der er barar, og det blir servert mat av mangt slag. Det som fascinerer meg mest der, er ein kafé innreidd

akkurat som ei retro fiskarstue. Å gå inn der, er som å komme rett tilbake til eigen oppvekst. Kvar einaste gjenstand fortel ein historie. Er ein heldig, er det ledig ved bordet i omnskråa der det brenn lystig i Jøtul-omnen på kalde dagar. Dei to fata på veggen, eitt med bilde av kronprins Olav, det andre av kronprinsesse Mårtha, var bryllaupsgåve frå tante Vesla og onkel Odd i Oslo. Klokkestrengen med smijernsbeslag blei brodert av frua i huset i lange vinterkveldar. Ho hekla òg det fargerike teppet som heng over armlenet på den gamle sofaen. Dei fire spisestuestolane laga ektemannen den sesongen han ikkje kunne vere med på Lofotfisket fordi han hadde brekt foten. På eine veggen heng familiefotoet som blei tatt den gongen dei kledde seg i finstasen og drog til fotografen i byen. I bokhylla står firebindsleksikonet ho kjøpte då ho byrja å tene pengar. Halvparten kontant. Resten på avbetaling. Og radiokabinettet. Gudhjelpe meg for ein luksus. For eit møbel. Radioen som tok med seg verda inn i stova. Barnetimen kvar laur-

dagsettermiddag: «Hysj, hysj, ver stille som mus.» «Melding om fiske» på kvardagar. I dagens Velstands-Norge ser vi fleire og fleire innreie huset sitt som ein kopi av dei ferdige oppussingsobjekta på tv. Å komme inn i ein norsk heim i dag, er ofte som å stige inn i ein møbelkatalog eller eit interiørmagasin. Matchande fargar på alt frå møblar, til fliser, lampar, tekstilar og pyntegjenstandar. Perfeksjon sett i system. Men det blir liksom ikkje så mykje å fortelje om: «Vi har bestilt det meste på nett og hadde folk til å gjere alt». Det triggar heller ikkje fantasien på same måten som ei retro fiskarstue når du kjenner att alt du ser rundt deg frå IKEA-katalogen. Er det kanskje difor det blei ei trend med «puter som snakkar»? Der det står «Home» eller «family»? Kanskje det er difor folk kjøper store malte bokstavar dei kan sette saman til ord som «Velkommen» på eit bord i gangen, «Love» på peishylla eller «Eat» i kjøkenavdelinga? JARL WÅGE nordfj@fjt.no


NORDFJORDSAMKØYRINGA SEPTEMBER 2018 13

HOst HOs VerlO motorsag ms 180

Vi skaper din

KompostKvern UD2500

Robust kvern med valser. Enkel å bruke og en kraftig motor (2.500W) max grendiameter er 45mm. (3.990,-)

Lett motorsag for vedsaging Vi er serviceverksted for Stihl. • Effekt 1,4 kW • Bensindrevet • Skjærelengde 35 cm • En kraftig fritidsmodell

DRØMMEBOLIG og følger deg i prosessen fra idé til ferdigstilt hjem

(3.290,-)

Høstpris:

Høstpris:

2.490,-

2.890,-

Kom innom. Dette er to av mange gode tilbud vi nå har i butikken.

© Nordwest3d

Oppussing, eller nybygg? Vi tek jobben!

© Husevåg Arkitektur

Vi tegner gjerne også ditt drømmehus!

Malingsarbeid – Våtrom – Belegg - Flis Kontakt oss gjerne for tilbod. Tlf. 57 86 20 70 post@lenco-as.no

www.husevag.no

Vi bygger begge disse flotte husene!

Tlf. 57 85 09 00 www.mbs.as


14 SEPTEMBER 2018 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Dette må du tenkje på når du vandrar «på attgrodde stiar» Ferdsel over innmark er ei kjelde til konflikt. Då kan det vere greitt å vite om allemannsrett, avtaler og hevd av ferdselsrettar. Sommarhalvåret er høgsesong for bruk av stiar og ferdselsvegar i inn- og utmark. Mange går lange turar langs stiar i fjellet, medan andre tek seg fram over ein sti til hytta si eller til ein badeplass. Ofte har stiane lege der i ei årrekkje, og vi nyttar dei som ei sjølvfølge slik vi har gjort i alle år. Men ferdselsrettar, særleg over privat eigedom, er ofte ei kjelde til konflikt mellom hyttenaboar eller mellom brukarar og grunneigarar som ikkje ønsker trafikk over eigen eigedom. Dette har vi også sett fleire døme på her lokalt der tvistar har blitt ført for domstolane. Eg vil her gå kort gjennom kva regelverk som gjeld for bruk av stiar og liknande ferdselsvegar til fots.

UTE PÅ TUR: «Ferdselsrettar, særleg over privat eigedom, er ofte ei kjelde til konflikt mellom hyttenaboar eller mellom brukarar og grunneigarar som ikkje ønsker trafikk over eigen eigedom», skriv Jan Erik Mardal i dagens informasjonsspalte i Hus & heim-magasinet. TEIKNING: TURID BREIDALEN

Ferdsel i utmark

erfaring med kva slike avtalar bør innehalde og kva som krevst for å kunne tinglyse retten.

I utmark kan kvar og ein ferdast til fots heile året, når det skjer omsynsfullt og med tilbørleg varsemd. Dette følgjer av friluftslova. Med omgrepet «utmark» har lovgivar meint alt som ikkje blir rekna som «innmark». Som innmark reknar ein vanlegvis med gardsplass, hustomt, dyrka mark, engslått og kulturbeite mv.

Rett basert på hevdvunnen bruk

Ferdsel i innmark

Det er i friluftslova fastsette reglar for ferdsel på veg eller sti i innmark. Kvar og ein kan ferdast fritt også på innmark når marka er frosen eller snødekt, men likevel ikkje i perioden 30. april til 14. oktober. Retten til å ferdast gjeld likevel ikkje på gardsplass eller på hustomt, inngjerda hage samt enkelte andre unntak som blir fastsett i § 3. Dersom ferdsel kan valde skade på åker eller attlegg mv. har eigar eller brukar likevel rett forby ferdsel også vinterstid, typisk ved å sette opp forbodsskilt eller stengsel. Det er i lova § 3a gitt eigne reglar som gjeld ferdsel i innmark som fører til utmark. Eit døme på dette er ein sti over eit kulturbeite som leiar fram til ein badeplass. Her følgjer det at ferdsel på slike vegar/stiar er tillate heile året, men likevel berre dersom ferdselen skjer utan å passere gjennom gardsplass eller over hustomt eller på annan måte vere til utilbørleg fortrengsel eller ulempe for eigar eller brukar. Kommunen kan fastsette eigne reglar for slik ferdsel i forskrift.

GIR GODE RÅD: Advokat Jan Erik Mardal er distriktsleiar i interesseorganisasjonen Huseiernes Landsforbund i Sogn og Fjordane, og har mange gode råd til huseigarar. FOTO: PRIVAT

Også her kan eigar eller brukar forby ferdsel som i utgangspunktet er lovleg, men berre dersom slik ferdsel vil kunne medføre nemneverdig skade.

Tilkomst og ferdselsrettar

Ei rekke stiar leiar ikkje til utmark, men til private hytter, byggeplassar, private badestrender og liknande. Rett til ferdsel som ikkje følgjer av friluftslova må då ha heimel i eit anna rettsgrunnlag, typisk gjennom ei avtale mellom grunneigar og brukar. Ein rett til gangveg på sti eller veg over ein annan sin private eigedom blir kalla ein servitutt, dvs. ein rettigheit på ein grunneigedom som grunneigar må respektere og som vil kunne avgrense hans eigen bruk.

Ein servitutt kan vere avtalt skriftleg eller munnleg. For at det ikkje seinare skal oppstå tvil om retten sin eksistens og innhald tilrår vi at avtalen blir gjort skriftleg og tinglyst. Retten blir gjerne etablert i samband med frådeling og sal av tomter. I avtalen vil det typisk bli beskrive kvar i terrenget retten går, om retten er personleg eller er ein realservitutt, det vil seie at retten kan følgje eigedomen ved eventuelle seinare overdragingar. For at retten skal kunne tinglysast hos Kartverket må den formulerast etter visse reglar på skøyta eller i eige vedlegg, samt at den aktuelle vegen eller stien blir teikna inn på eit situasjonskart. Her kan det vere lurt å ta kontakt med advokat som har

Ein rett til bruk av sti eller veg kan òg vere stifta gjennom hevd. Det følgjer av hevdslova § 7 at den som brukar eller har tingen som om han var bruksrettshavar, hevdar bruksrett. Dersom retten viser seg av fast tilstelling, til dømes at vedkomande har etablert ei gangbru eller liknande, er hevdstida 20 år. Dersom bruken ikkje viser av ei slik fast tilstelling er hevdstida 50 år. I rettspraksis ser ein fleire tilfelle der retten ikkje har operert med eit klart skilje på om retten er etablert ved hevd eller avtale, men at desse grunnlaga flyt noko i kvarandre. Innhaldet i retten vil då kunne kvile på fleire moment, mellom anna kva behov retten skal vareta og korleis retten har vore praktisert mellom partane.

HL VEIT RÅD •• Huseiernes Landsforbund (HL) er ein landsomfattande interesseorganisasjon for eigarar av hus og leilegheiter, sameige, burettslag og gardeigarar. •• Advokat Jan Erik Mardal er distriktsleiar i HL Sogn og Fjordane, og i Hus & heim-bilaget kjem han med gode råd til huseigarar. JAN ERIK MARDAL Huseiernes Landsforbund


NORDFJORDSAMKØYRINGA SEPTEMBER 2018 15

Premium-WiFi

Spar kr 500,i etablering

Finn ut meir på enivest.no/premium-wifi

Kampanjeprisar: Premium WiFi (Bustadpakken) mnd.pris

Etablering (avhengig av ditt internett-produkt)*

For abonnentar med DSL, Radio og Fiber 50/50

kr 49,-

kr 899,- (rettl. 1399,-)

For abonnentar med Fiber 150/150

kr 49,-

kr 495,- (rettl. 995,-)

For abonnentar med Fiber 300/300 og 500/500

kr 49,-

kr 0,-

Ekstra boks

kr 0,-

kr 995,-

Ditt internett-produkt

* Månadspris på ditt internettabonnement kjem i tillegg

TRÅDLAUST INTERNETT I HEILE BUSTADEN DIN Slit du med WiFi? Har du opplevd at det trådlause internettet ikkje er stabilt og raskt i heile huset? No har vi løysinga. Med Premium WiFi Bustadpakke får du 3 boksar som gjev deg stabilt internett med høg hastigheit som når ut til heile huset.

Modem

Lurer du på noko eller ønsker du å bestille? Gå inn på enivest.no/premium-wifi eller ring kundeservice på 57 00 91 00

NB! For å kunne bestille Premium WiFi må du ha eit internettabonnement som er tilknytt Enivest.

Nett der du er


16 SEPTEMBER 2018 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Nytt tak?

Vi har markedets billigaste tak frå Evertile

alltid fraktfritt levert!

NYHEIT

På lAgEr: Evertile ru: svart, raud antikk, grå antikk. 30 års vasstettgaranti. Everglaze: Svart høgglans/glassert. 30 års vasstettgaranti. Evertech: Svart matt. 30 års vasstettgaranti. Alutech: Svart aluminium. 50 års vasstettgaranti.

Evertile pr. kvm

177,50

Takpanne

Dekkande mål: 367x1260 mm

Everglaze pr. kvm

2,15 panner = 1 kvm

Alutech pr. kvm

201,90 237,90

NYHEIT Aluminium

Evertile pr. stk

120,53

Møne buet

Everglaze pr. stk

370 mm

138,49

Alutech pr. stk

141,29

NYHEIT Aluminium

Evertile pr. stk

156,47

Møne buet start/slutt Koppen Industrier AS er et byggevarefirma med fokus på nybygg og rehabiliteringsmarkedet. Vi er hovedleverandører til flere store prosjekter i regionen, og er tilknyttet en rekke entreprenører. Vi spesialdesigner også hytter, naust og garasjer som byggesett.

Vår målsetting er korrekt levering til rett tid og rett pris!

med d på åsatte endestykke 370 mm

Everglaze pr. stk

179,77

Alutech pr. stk

183,50

NYHEIT Aluminium

Evertile pr. stk

165,04

Gavlbeslag høgre/venstre

Everglaze pr. stk

187,27

Dekkande mål: 1100 mm

Alutech pr. stk

190,98

NYHEIT Aluminium

Evertile pr. stk

1744

Luftehatt 100-450 steinbe.

Furene, 6100 Volda - T.: 70 04 59 90 - Fax: 70 06 87 70 - www.koppenind.no - post@koppenind.no

Vi har faste køyreruter:

Everglaze pr. stk

Dim.

!

170 m 2 stk 35 stk 20 stk 64 stk 1 stk 1 stk 4 pk 3 rulle r

2

Takpanne 369x1260 Møne start/slutt Møne Gavel lang venstre/høgre Gavel kort venstre/høgre (ekstra ved kort gavel) Rep. sett Lufthatt Skru 5,0x35 rustfritt Møne/ventilband 5m

Totalt m/MVA fritt levert

2041

Alutech pr. stk

Penger å spare ved å velge Evertile/Everglaze/Alutech

Alle dagar: Ørsta og Volda Tysdagar: Sykkylven, Stranda og Hellesylt Tysdagar: Hornindal, Stryn, Loen, Innvik og Utvik Onsdagar: Giske, Sula, Ålesund, Ørskog og Haram Onsdagar: Nordfjordeid, Måløy, Bremanger, Selje, Stadtlandet og Vanylven Torsdagar: Sande, Herøy, Ulsteinvik og Hareid

ERT V E L T FRIT

Tilkopl.: Ø 160, 150, 130,125, 110 og 100 mm Gummimansjett med sjølvklebande butylkrage. 150x150 mm. Kullsvart. NYHEIT Aluminium

2041

NYHEIT

Aluminium Alutech

Evertile ru

Evertech

Everglaze svart

30.173,313,4.219,3.301,(7402,-) 109,1.743,2.610,2.235,-

34.318,360,4.847,3.745,(7875,-) 124,2.041,2.610,2.235,-

34.318,360,4.847,3.745,(7875,-) 124,2.041,2.610,2.235,-

40.443,367,4.945,3.820,(8023,-) 124,2.041,2.610,2.235,-

44.703,-

50.280,-

50.280,-

56.585,-

Du sparer mykje ved å kjøpe Evertile

Her finn du oss!

Ope:

8-17 (9-14)


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.