Hus & heim 2022

Page 1

HUS & HEIM

Temabilag for Nordfjord mai 2022

Åse skapar glede med fargar I heimen til Åse Skjølberg set fargerike detaljar, bruktkupp og fine, rare ting tonen. SIDE 2 OG 3


2 FREDAG 6. MAI 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Åse har auge for å ska­p Åse Skjøl­berg bru­ker mykje far­gar i hu­set sitt på Haugen. – Eg li­kte ofte alle dei fine og spe­ si­el­le tin­ga folk had­de i hei­ma­ne sine då eg var lita, og som eg ik­kje fekk lov å ta på, smi­ler ho.

– Eg var i vel­dig man­ge år svært hel­dig for­di eg ik­kje lik­ te ty­pis­ke an­ti­kvi­te­tar el­ler ting som var tren­ dy el­ ler verdt noko. Eg såg et­ter fine, rare, søte og mo­ro­sa­me ting. Eg var for ek­sem­pel ofte ålei­ ne om å kup­pe dei rare lam­ pa­ne og porselensbambiane. Men no er dei flei­re om bei­ net, og dei har blitt dyre.

S

Følg din ei­gen smak

å no trå­lar ho lop­ pe­mark­na­dar og brukt­bu­tik­kar et­ ter knuselege ting som min­ ner om barn­dom­men. – For­di no kan eg ta på dei, ler ho. Nes­ten alt blir kjøpt brukt, og ho li­ker å måle og fik­se opp ting. Ho er godt for­nøgd med no­kre bru­ne kruk­ker ho kjøp­te for ein del år sidan og spray­må­la knall­grø­ne. – Rosa er også ein far­ ge som har gått igjen hos meg, men eg er vel­dig glad i grøn, mint og tur­kis. Eg li­ker også gul – og i det sis­te har oran­sje kome inn frå si­de­lin­ja. 47-år­in­gen er frå Brem­an­ ger, har budd len­ge og hatt in­te­ri­ør­bu­tikk i Mål­øy, men bur no i Stad kom­mu­ne.

Sor­te­rer bø­ker et­ter far­gar

Kjær­lei­ken til far­gar er tyde­ leg i alle rom. Gjes­tar kan gå seg vill i hyl­le­ne for det er fi­ gu­rar, rå­dyr og va­sar overalt. Ho blan­dar ekte og kopi, fint og hu­mo­ris­tisk, kunst og bar­ ne­kunst. Bø­ke­ne er eit ka­pit­ tel for seg sjølv. Dei er ik­kje sys­te­ma­ti­sert al­fa­be­tisk el­ler etter tema, men et­ter far­gar. For det gjer jo hyl­le­ne ekst­ra de­ko­ra­ti­ve. – Hjer­nen min fun­ge­rer sånn at når eg ten­ker på ei bok, hug­ sar eg ik­ kje all­ tid kven som har skri­ ve den. Men eg hug­ sar kor­ leis den ser ut og kva far­ge den har. Så for meg er det prak­tisk å ha hyl­le­ne slik, for­kla­rer ho. Åse inn­røm­mer at ho er ein sam­lar. Det blir mykje av det ho li­ker best. Som hyl­ler, pu­ ter, far­ge­ri­ke va­sar, bam­bidyr og små lam­pe­skjer­mar. – Sjå her, hei­le den­ne po­ sen er full av små lam­pe­skjer­ mar. Folk lu­rer på kva eg skal med dei, ler ho. Men Åse har sjølv­sagt ein plan, i alle fall for no­kre av dei. I vin­dau­get står ein svært spe­si­ell mangearma lam­pe. – Den har eg laga av ein ly­ se­sta­ke. Den er ein fa­vo­ritt. Det er på lop­pe­mark­na­dar ho finn skat­ta­ne.

Åse els­kar kupp, og hug­sar kva ho har be­talt for man­ge av fi­gu­ra­ne og va­sa­ne. – På lop­pe­mark­na­dar er det vik­tig å sjå et­ter ting du li­ker og blir glad av. Plasser tin­gen i ei hyl­le el­ler på eit bord, la den stå der litt og kjenn på om det er rett plass. Skal den bu der el­ler skal den ik­kje bu der? ler ho. For det­te er også noko ho an­be­fa­ler. Å flyt­te litt rundt på ting. Om­møb­le­re. For dei som har lyst på meir far­gar i hu­set rår Åse dei til å be­gyn­ne med ei lita sone. – Hei­le rom­met treng ik­kje vere i same stil. Det er lurt å berre kom­me i gang med eit lite pro­sjekt der ein får meist­ rings­fø­lel­se av re­sul­ta­tet. Alt treng ik­kje å bli gjort så grun­ dig. Det er bet­re å gje­re det enn at det ald­ri blir noko av. Åse li­ker også å lage ting. Ho hek­lar og per­lar, og bru­ ker det ho la­ger. – Det kan vere du­kar, ku­ ler, fi­gu­rar, men også tøf­lar og pledd. Eg li­ker også å hek­ le uli­ke kles­plagg. Eg har ein In­sta­gram-kon­to som hei­ter «purglede» der eg legg ut ein del av det eg la­ger. For det er gle­de det hei­le hand­lar om. Og det å om­rin­ ge seg og sine med far­gar er noko av det som gjer Åse al­ ler mest glad. KJELLRUN ÅSEBØ kjellrun@fjt.no

FAR­GE­GLE­DE: Åse har auge for far­gar. ALLE FOTO: KJELL­RUN ÅSE­BØ

GODE RÅD 1. Tenk på det du sjølv li­ker, ik­kje det andre li­ker el­ler som er «rett» 2. Lag so­ner. Start med ei lita far­ge­rik sone 3. Flytt litt rundt på ting og føl deg fram 4. Start med små, en­k­le pro­sjekt 5. Gå på lop­pe­mark­na­ dar og brukt­bu­tik­kar og finn ting du er glad i. 6. Bruk­te møb­lar i heil­tre to­ler bruk 7. Bruk tin­g du la­ger som pynt

ELS­KAR BAM­BI: Åse har ein for­kjær­leik for rå­dyr.

LAGA SJØLV: Det­te er fa­vo­ritt­lam­pen til Åse.


NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 6. MAI 2022 3

pe gle­de gjen­nom far­gar STUA: I stua står ein flott, ga­mal reol, og det å vere på lop­pe­mark­ nad er noko av det Åse li­kar best.

KO­SE­LEG: Spisestua er ei av dei man­ge so­ne­ne i hu­set.

GÅR TIL VERKS: – Et­ter at eg kjøp­te meg mo­tor­sag har ener­gi­ni­v­ået i li­vet mitt sti­ge, ler Åse.

TING: Det heng ting på lam­par og dei står fram­for speg­lar.

DYR: Åse har ein for­kjær­leik for rå­dyr.

HUN­DA­NE: Wal­ter og Mal­vin ko­sar seg sam­an med Åse i den far­ge­ri­ke ha­gen.


4 FREDAG 6. MAI 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA

VÅRSTEMNING Inspirasjon for hus og hage Alt i blomster Busker Hekkplantar Vintergrønt Bærbusker Frukttre Stauder Rosetre

TILBOD:

Granium - Surfina Kraftige plantar – Eigen produksjon 3 stk. Pr. stk. kr.

79,-

Kr

210,-

TILBOD:

Stemor

VINDUER F O R

E N

N Y

TILBOD: OPNINGSTIDER I MAI: Mandag-fredag 10-1630 Torsdag 10-18 Laurdagar i mai 10-16

T I D

EN GRØNNERE FREMTID

Gartnerjord 50 liter Blomstertelefonen: 57 86utvalet 08 44 Hagesenteret med det STORE

Din fagblomsterbutikk Frequency.no

Nordfjordeid - Tlf. 57 86 08 44 www.hildenes.gartneri.no Følg oss på

STÅRHEIM BYGG AS NYBYGG - RESTAURERING - VÅTROM - TOTALENTREPENØR VI UTFØRER:

Grunn • Betong • Tømrerarbeid • Kjerneboring • Betongsaging Utvendig og innvendig asbestsanering

Tlf. 57 86 14 79 | Adresse: 6777 Stårheim | epost: post@starheimbygg.no

Vi gir deg Temabilag folk i Nordfjord på papir, nett og mobil hus&heim – kvar dag, heile døgnet.

nordfj@fjt.no 57 84 90 00

Vi gir deg folk i Nordfjord på papir, nett og mobil – kvar dag, heile døgnet.

BLÅSEISOLERING - Etteriosolering av gamle bygg - Isolering av nybygg

Fjordanne

VI KJEM GJERNE PÅ BEFARING

ISOLERING

Gunnar Kjørvik, 6823 Sandane Telefon 918 27 844 e-post: gatlekj@online.no - www.cbinorge.no

nordfj@fjt.no 57 84 90 00


NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 6. MAI 2022 5

HEILE SIDA ER EIN ANNONSE

Frå Oslo til Askrova – Praktiske utfordringar eg aldri har tenkt på før Trine Espeseth kom frå tjukkaste Oslo til den «yderste nøgne ø» – og fekk seg litt av ei aha-oppleving. At ein plutseleg ein dag kunne stå utan straum, at vêret avgjorde om ein kom seg til jobb, for ikkje å snakke om netttilgangen. Det var totalt ubrukeleg, og reine bingoen om ein hadde nett eller ikkje. Det var ein stor overgang, fortel Trine som styrer familiebedrifta Aqua Seapro AS frå kontoret i Florø, eller frå garden på øya Askrova i Kinn. arbeid og koordinering. Trine tek seg av det som har med sal og administrasjon, i tett samarbeid med dei to karane som stort sett er ut på oppdrag for familiebedrifta.

Digital gardsdrift Gardsdrifta krev og ein koordinator, og orden i papira. Ein kan ikkje drive gard utan stabilt nett i dag, smiler Trine. Når ein skal ha kontakt med landbruksetaten eller ein skal sende dyr til slakt, så skjer alt digitalt. Tidlegare var dette eit håplaust arbeid, når ein aldri viste kor tid nettet kom og gjekk. For meg var alle desse utfordringane ein stor overgang. At eg må sove 14 dagar i fjøsen i lammetida, og at svigermor må ta seg av ungane er utfordrande og kjekt – men at ein ikkje kan stole på logistikken var ein stor overgang.

Må vere eit hestehovud framfor Det er mange praktiske utfordringar med å vere øybuar, som eg aldri har hatt eit forhold til tidlegare. Eg kan for eksempel ikkje køyre til bensinstasjonen, om vi plutseleg skulle gå tom for brød i heimen. Ein må heile tida vere eit hestehovud framfor, og planlegge meir. Då den nye fiberen skulle på plass i heimen, var det og viktig å tenke framover og ha ei plan. Montørane var veldig i møtekommande, og eg er glad for at vi fekk vere med å meine noko om kvar ting skulle plasserast. I ettertid har vi kjøpt eit mesh-nettverk, som forsterkar og gir eit større dekningsområde på garden.

I ein travel kvardag er eit stabilt nett gull verdt for Trine som sjonglerar logistikken med familiebedrifta Aqua Seapro AS, småbarnslivet og garden på Askrova.

Det er mykje logistikk som skal på plass, når 3 ungar skal på skule og barnehage på fastlandet, mor skal på kontoret og far har sitt virke om bord på dei to servicebåtane til familiebedrifta. I tillegg er det sauer, kyr, hestar, hundar, kattar og høner som skal ha sitt stell heime på garden. Det er Trine og mannen André som er dei formelle drivarane av gardsdrifta. – Men vi hadde aldri klart alt dette utan storfamilien. Vi er som eit stort kollektiv, der dei som er heime må ta i eit tak der det trengs.

Stabilt nett er avgjerande Når kvardagen vår er slik, er vi heilt avhengig av at vi har stabilt tilgang på nett. Etter at Enivest installerte fiber på øyane har vi fått ein heilt ny kvardag, seier Trine. Om ungane er sjuke, eller båten blir innstilt på grunn av vêret, så kan vi likevel få gjort det same arbeidet heime, som på kontoret i Florø. For ungane er det og avgjerande å kunne ha kontakt med skulen, kunne levere oppgåver og det som er naturleg å ha på plass i skulekvardagen.

Administrerer mann og svigerfar Familiebedrifta Aqua Seapro AS, som mannen og svigerfaren til Trine driv saman, er heile tida på farten med dei to servicebåtane «Solkongen» og «Solfjorden» – på oppdrag for fiskeoppdrettarar mellom Bergen og Stad. Vi er til saman 8 tilsette, og har i hovudsak oppdrag for havbruksnæringa med mellom anna notvask og ringspyling. I tillegg tek vi på oss oppdrag med ankerfortøyning, ROV, sveising og kabellegging. Alt dette krev sjølvsagt eit vist kontor-

Servicebåten «Solkongen» på jobb for oppdrettsnæringa på Vestlandet.

Friluftsliv er viktigaste avkopling No framstår arbeids- og kvardagen min som veldig fleksibel. Eg kan ta ein dag på kontoret på fastlandet – og ein dag heime om eg vil. Sjølv om Trine er oppvaksen i Oslo, så har ho alltid vore opptatt av friluftsliv. Eg har alltid gått mykje i skogen og hatt hund, og det kan eg heldigvis drive med her også. Terrenget på Askrova blir flittig brukt, og så har eg oppdaga kajakkpadling. Det er ein fantastisk rekreasjon, der eg ikkje er avhengig av andre enn meg sjølv – og at eg kjenner meg trygg. Ein kjem nær elementa på ein heilt anna måte enn om ein fresar rundt i ein motorbåt. Sjølv om det er travelt å styre familieføretaka og samtidig vere småenivest.no barnsforeldre må ein ta seg tid til å kople ut både nett og arbeid inn i mellom.


6 FREDAG 6. MAI 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA

URBANT LEVESETT: Kamilla Rake i stova i leiligheita i Bøahagen. Vi ser her er kvalitetar som slitesterk laminat på golv, malt gips med listfrie overgangar på veggar og i tak, og spottar i tak. Camilla seier familien likar seg veldig godt i leiligheita, men framtidsplanen er å ta over ein gard ved Mindresundet. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

Kamilla og familien har valt Kamilla Rake og familien er av dei som har valt ein urban måte å leve på i blokkbygde leiligheiter i Bøahagen ovanfor Stryn sentrum.

T

renden med leiligheiter og fortetting er ikkje heilt ny i sentrumsområda i Nordfjord. Men det ein har sett siste åra, er ei vidareutvikling av det urbane levesettet til større blokker med leiligheiter, gjerne bygd med prefabrikkerte betongelement, med parkeringskjellar under og heis til kvart plan. Inngangen er via svalgang på baksida, og i fronten kan ein forven-

te å finne opa løysing med stove og kjøken, med direkte utgang til forhåpentlig solrik terrasse. Mellom blokkene er fellesområde, med leikeplass for born. Det er nettopp dette konseptet ein finn i Bøahagen, eit prosjekt i regi av grunneigar Halvard Bøe og HS Eigedomsutvikling, eit selskap i same gruppe som entreprenørverksemda HS Bygg. For folk som ynskjer ein lettvint kvardag i ein moderne bustad, er konseptet lett å falle for.

Femminuttssamfunn

Kamilla Rake fortel at ho og sambuaren Sondre Tenden tidlegare budde i gata i Stryn sentrum. – Der var det liv og røre heile tida. Her oppe er det sentrumsnært, men du slepp støyen. Vi var dei første som flytta inn her. I desember er det fem år sidan vi flytta inn, fortel ho. Paret har ei dotter på to år, barn num-

mer to er på veg. Leiligheita dei bur i er i overkant av 80 kvadratmeter. Dei har to soverom, bad og vaskerom i tillegg til opphaldsrom og ein romsleg terrasse. Alle leiligheitene har sportsbod, og parkeringsplass i garasjeanlegget under. – Det er ein god stad å bu, seier Kamilla som også er avgåande styreleiar i sameiget. Ho jobbar i barnehage i sentrum, slik at alt er lagt til rette for en lettvint kvardag i småbarnsfasen der spart tid er verdifullt. Mora hennar bur i nærleiken. Det blir ein kvardag med fem minutt til alt. – Det er heilt supert å bu her, med fint uteområde der vi har det sosialt vår og sommar. Vi har mellom anna ei grillhytte på uteområdet der vi stadig vekk fyrer opp bålpanna. Vi prøvar å skape godt samhald. Det er noko med å ha naboar du er godt kjent med.

Godt inneklima

Kamilla peikar på energiløysingane i ei slik blokk som gode og miljøvennlige. – Det er vassboren varme frå fjernvarmeanlegg med oppvarming i golva. I vår leiligheit får vi varme både nedanfrå og ovanfrå. Her er ventilasjonssystem, slik at det blir lunt og godt inneklima. Planen etter kvart er at dei skal overta farsgarden til mannen på Tenden ved Mindresundet. Då er planen å selje leiligheita. Men det blir ikkje med det første. – Vi har mykje vi må ordne med oppussing av hus, før vi kan flytte inn på garden. Det er praktisk å kunne bu her til alt er i orden der. Ho trur marknaden for vidaresal er bra. – Slik marknaden er for sal av hus og leiligheiter i Stryn, trur eg ikkje det er noko problem å få selt vidare.


NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 6. MAI 2022 7

FEMTE ÅRET: Kamilla Rake og sambuaren var dei første som flytta inn i Bøahagen. Det er open løysing mellom stove og kjøken, og direkte utgang til terrasse.

FRÅ INNGANGSPARTIET: Du kjem inn i leiligheita via svalgang på baksida. Soverom og bad ligg på kvar sida av gangen inn til opa løysing med stove og kjøken, ei klassisk romløysing.

TILBAKETREKT, MEN SENTRALT: Biletet frå hjartet av Stryn sentrum viser at Bøahagen ligg sentralt til, men likevel skjerma.

MODERNE GARDSDRIFT: Då Halvard Bøe vaks opp, dreiv faren med mjølkekyr. Området må kunne kallast indrefileten av tomteareal, og Halvard utviklar det sjølv gjennom HaBøe AS.

FIN UTEPLASS: Ein kvalitet i Bøahagen er romslige solvendte terrassar direkte ut frå opphaldsrom. Her står Kamilla Rake på sin.

urban levemåte på bygda Moderne gardsdrift

Halvard Bøe er etter kvart blitt ein erfaren næringsutviklar i Stryn, etter at han har drive med alt frå utvikling av hytter til leiligheiter og småkraftverk. Mykje av verksemda har utgangspunkt i garden han eig i Bøabakkane. Familien bur sjølv i eit hus rett ovanfor Bøahagen. Prosjektet blir bygd på farsgarden til Halvard. – Eg overtok garden med 30 mål innmark etter far min som dreiv med mjølkekyr. Det er ikkje lenge sidan, men tidene endrar seg. Eg driv ei form for gardsdrift eg også, seier Halvard. Han fortel at forteneste frå selskapet HaBøe AS blir brukt til utvikling av nye prosjekt. – Vi var ni bruk som selde 150 hyttetomter på Bøanedsetra, og vi utvikla Vikaelva kraftverk med 30 medeigarar. No utviklar vi Bøahagen i samarbeid med HS Bygg som er entreprenør og medeigar. Vi eig selskapet 50-50. Vi er glad i

lokal verdiskaping og prøvar å nytte flest moglege lokale verksemder, fortel Bøe.

Slik marknaden er for sal av hus og leiligheiter i Stryn, trur eg ikkje det er noko problem å få selt vidare. Kamilla Rake

Han nemner Stryvo som leverandør av stål og Stryn Betongelement som to av underleverandørane. Bøe fortel at dei byrja planlegge Bøahagen-prosjektet for ti år sidan, og starta bygginga i 2016.

Selt 24 av 25

Sjølv om det alltid er ein viss risiko og uvisse med slike storsatsingar, er Bøe nøgd med utviklinga i prosjektet så langt. – Vi har selt 24 av 25 leiligheiter i første byggetrinn. Storleiken varierer frå 62 kvadratmeter til toppleiligheitene på 102 kvadratmeter. Firemannsbustadene framfor leiligheitsbygget er også 102 kvadratmeter. Vi tek sikte på å starte utbygginga av andre byggetrinn mest mogleg direkte, litt avhengig av førehandssalet, seier Bøe. Grunnarbeidet med dei første murane er allereie kome opp til neste byggesteg som blir tilnærma identisk med

den blokka som står der no. Til saman er det planlagt 50 leiligheiter i prosjektet. Eit usikkerheitsmoment no er at byggekostnadene har auka kraftig siste året. Den siste leiligheita på 102 kvadratmeter som vart selt i første byggetrinn hadde ein prislapp på 4,5 millionar kroner. – På grunn av auka kostnader må prisen opp i neste byggesteg. Så får vi berre sjå om det påverkar interessa. Men kostnader og inntekter må henge ihop, påpeikar Bøe. – Kjøparane her er alt frå tilflyttarar, til barnefamiliar og eldre som sel einebustad for å få ein meir lettvint kvardag. Sjølv om vi eigentleg hadde forventa fleire i den siste kategorien. JØRN-ARNE TOMASGARD nordfj@fjt.no


8 FREDAG 6. MAI 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA

KREATIV: André har laga mykje sjølv. Mellom anna dei to tappekranene som er lage av gamle patronhylser. FOTO: KJELLRUN ÅSEBØ

GÅR PÅ LOPPEMAKRNAD: Alle møblane i baren er kjøpt brukt. Denne sofaen og borda har stått i ein pub på Voss. FOTO: KJELLRUN ÅSEBØ

ROMSLEG: Det er ingen liten pub André har fått plass til i huset. Heile kjellaren er via til publivet. FOTO: KJELLRUN ÅSEBØ

det går heilt fint, ler An­dré. Det er ik­kje lett å sjå at det står igjen no­kre ting An­dré må gje­re, men han er per­fek­sjo­nist og plan­legg å fik­se opp bar­dis­ ken. – Den skal må­last og lak­kast skik­ke­leg, i til­legg til at det skal kome ei bryst­ning på fram­si­da.

Kjøp­te sin ei­gen bar­ne­ha­ge

BYGDE OM HEI­LE HU­SET: An­dré Øv­ste­dal kjøp­te seg hus på Hals­ør og enda opp med ei­gen­laga pub i kjel­la­ren. På den eine tap­pe­kra­na er det fak­tisk vin. FOTO: KJELL­RUN ÅSE­BØ

An­dré har pub i kjel­la­ren – Då eg var på vis­ning spøkte dei eg kjøp­te hu­ set av at eg kun­ne lage ein pub i kjel­la­ren, sei­er An­dré Øv­ste­dal. I rom­ju­la gjor­de han ak­ku­rat det i hu­set sitt på Hals­ør i Kinn kom­mu­ne. å det tids­punk­tet var det berre ein tom be­tong­kjel­lar. Men sam­ an med fire kom­pi­sar blei pu­ben bygd på seks da­gar mel­lom jul og nytt­år. Og et­ter det har det vore ein sam­lings­plass nes­ten kvar helg An­dré er heime frå job­ ben som styr­mann.

fø­lel­sen når du går inn. Ba­ren er stor og mørk, og er heilt gjen­nom­ført med bar­disk, tap­pe­kra­ner, flas­ke­hyl­ler, spe­gel og ty­pis­ke pub-re­kvi­ sit­tar. De­tal­jar som svart tak med stål­bjel­kar, mør­ke vinduslis­ ter og hampetau som tak­lis­ter teik­nar eit endå ty­de­le­ga­re bil­de. – Oskebegera og mug­ge­ne stod i hu­set då eg kjøp­te det. Og tappetårna er fak­tisk pa­ tronhylser frå 1913 som også stod i hu­set då eg kjøp­te det, og som eg har bygd om, smi­ ler han. Den grø­ne so­fa ­ en og bar­ bor­da kjøp­te han frå ein pub på Voss, bor­det av ei dame i Før­de og sto­la­ne er kjøpt på lop­pe­mark­na­den på Rau­de­ berg.

Patronhylser som tap­pe­kran

Frå fot­ball til vorspiel

P

Det er umog­leg å ik­kje få pub-

Pu­ben har stor­skjerm så An­

KA­ME­RAT­DUG­NAD: An­dré fekk hjelp av kom­pi­sar til ar­bei­det med å for­vand­le kjel­la­ren til ein klas­sisk pub. FOTO: PRI­VAT dré og kom­pi­sa­ne ser fot­ball­ kam­ par der, og la­ get som gjeld er Liverpool. El­ les blir pu­ ben brukt til mykje for­skjel­lig. For no­kre ve­ker sidan fei­ra dei burs­da­

gen til ein ka­me­rat fei­ra og ofte blir det heilt van­le­ge vor­ spi­el i pu­ben. – Eg får all­tid hjelp til å ryd­ de opp og vaske over når vi har hatt so­si­a­le kvel­dar her, så

Sjølv om An­ dré laga ba­ ren i rom­ ju­ la, er det fire år sidan han kjøp­te sjølve hu­set som er frå 1941. Då var det ga­malt og nedslite, og han har to­tal­re­no­ vert det. – Hu­set er fak­tisk fullt av his­ to­rie. Det var ei tyskarbrakke un­der andre verds­krig. Då kyr­ kja brann ned på Rau­de­berg, bruk­te dei det­te hu­set som kyr­ kje. Så det er man­ge som er døypt og kon­ fir­ mert i stua oppe, for­tel han. I ein pe­ri­o­de var det fel­les dusj i hu­set for hei­le byg­da, og det har også vore bar­ne­ha­ge. – Eg har fak­tisk sjølv gått i bar­ne­ha­ge her, ler han. Då An­dré star­ta job­ben med å lage til sin nye heim be­gyn­te han i ho­vud­eta­sjen med stua og kjøk­ke­net. Han be­gyn­te å pus­sa opp når han had­de fri frå job­ben. – Eg bruk­te rundt tre må­na­ dar. I til­legg fekk eg hjelp frå for­eld­ra mine med pyn­tin­ga, sei­er han.

Har vore drau­men

Han har all­tid visst at han ein gong skul­le for­and­re eit hus. – For­eld­ra mine har pus­sa opp man­ge hus medan eg voks opp, så tan­ken har ei­gent­leg all­tid vore at eg skal pusse opp mitt eige. Eg sat på sku­len då eg såg hu­set blei lagt ut for sal. Då be­gyn­te eg å lage skis­ser over kor­leis det kun­ne bli i eit teik­ ne­pro­gram og to da­gar sei­na­re kjøp­te eg det, smi­ler han. – Eg måt­te sage opp gol­vet i hei­le kjel­la­ren for å leg­ge nye røyr og det var må­nads­vis med gra­ving. Det er eit ga­malt hus, så eg støyt­te på mykje rundt kvart hjør­ne. Sjølv er han mest for­ nøgd med kjøk­ ke­ net for­ di det er stort og fint, og ta­ket i pu­ben i kjel­la­ren. Men pro­sjek­tet er ik­kje heilt i mål. – Eg har no­ kre rom igjen oppe og gan­gen nede før eg er fer­dig, smi­ler han. KJELL­RUN ÅSE­BØ kjellrun.asebo@fjt.no


NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 6. MAI 2022 9

REALISER HYTTEDRAUMEN I FAGRE STRYN NO OPNAR VI FOR SALG AV HYTTETOMTER I HYDLA 4!

Hydla Hyttegrend ligg ca 3 km frå Stryn sentrum, langs det vidstrakte turløypenettet nordvestover frå vår næraste nabo Stryn Vinterski mot Ullsheim.

plassert i eit utbyggingsområde på totalt 600 daa. Med ei høgd på mellom 320 og 420 meter over havet har du fantastisk utsikt utover fjord og fjell.

Med utsikt til vakker vestlandsnatur ligg våre tomter

Det unike med hytter i Stryn er at det skjer noko heile

året. Stryn er ein av dei store turistkommunane på Vestlandet med variert aktivitet året rundt. I sentrum kan ein finne uterestaurantar og unike shoppingmuligheiter, med mellom anna «outlets» frå kjende klemerke.

Ta kontakt med oss!

Hydla Hyttegrend Tlf.: 916 21 287 – E-post: post@hydla.no

Velkomen til Fagre Stryn!

www.hydla.no

Hydlaparken – Hydlavegen 25 post@hydlaparken.no Tel. 91 91 50 55


10 FREDAG 6. MAI 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA

– Folk vil flytte heim til Nordfjord, men mangla Markanden skrik etter brukte bustader. – No er det ei svært god tid å selje på, seier eigedomsmeklar Jan Erik Mardal. GODE RÅD: Eigedomsmeklar Jan Erik Mardal kjem med råd til dei som no vurderer å selje ein bustad. FOTO: HÅVAR FAGERLI

Det er stor etterspørsel etter bustader i heile Nordjord, og eige-

domsmeklaren får mange telefonar frå folk som vil flytte heim til Gloppen der han har sitt kjerneområde med sal.– Vi blir oppringt av mange typiske heimflyttarar som vil ha tips om ledige bustader. Då må vi berre beklage å seie at det er veldig lite til sals, seier Jan Erik Mardal i Gloppen Eigedomsmekling.

– Mitt inntrykk at det er veldig få eigedomar til sals i heile distriktet. Det er ikkje berre snakk om einebustader, men også hytter og ikkje minst småbruk. Det finst nesten ikkje i marknaden. Mardal håpar at dei som har vurdert å selje bestemmer seg for å gjere det no, sidan etterspørselen er så stor og at det kan

NABOAR: Heidi og mannen hennar bur i huset til venstre og eig no også nabohuset i Holvik. FOTO: PRIVAT

RENOVERING: Arbeidet med fasaden er i gong. FOTO: PRIVAT

FØLTE MED HUSET: Som naboar hadde dei følgt med på nabohuset i 20 år. No eig Heidi Rønhovde og mannen nabohuset i Holvik og huset skal. FOTO: KJELLRUN ÅSEBØ

Kjøpte det falleferdige nab – Hei, mitt namn er «Strandbo». Eg ser litt trasig ut, men inni meg boblar det av spenning. Før var det eit yrande liv her, men ein etter ein har flytta ut, og no er det berre meg igjen. Einsam og forlaten.

S

lik informerte Heidi Rønhovde om at ho og mannen hadde kjøpt det nedslitne nabohuset i Holvik i Kinn kommune. Ho bestemte seg for å gi huset ei stemme i sosiale medium og fortelje om den oppussingsreisa som no stod framfor «Strandbo»-huset frå 1956.

Glad i gamle hus

Heidi har alltid vore fascinert av gamle hus. – Då vi var små hugsar eg at søskenbarnet mitt og eg var rundt og sjekka ut gamle, fråflytta hus. Det var alltid spennande å tenke på kven som hadde budd der og kva som var historia deira. Så då moglegheita til å kjøpe nabohuset dukka opp, bestem-

te dei seg for å slå til. – Vi har budd ved sidan av «Strandbo»-huset i 20 år og sett på forfallet. Det hadde stått tomt i tre år då vi kjøpte det i fjor haust. Dei begynte raskt å pusse opp på fritida. Først ut var leilegheita oppe og den er i dag leigd ut. Dei skal no jobbe med fasaden. – Eg er handlangar og gjer

det eg får beskjed om. Eg har stort sett også hatt ansvaret for målinga, medan det byggmessige har mannen min tatt seg av. Så no er det isolasjon, pussing og skrifting av vindauge og dører som står for tur, seier ho.

Lærer undervegs

Ho innrømmer at ho også har lært ein del ting sidan dei starta og ho prøver å vise fram kva


NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 6. MAI 2022 11

ar bustad sjå ut som mange vil flytte hit. – Det er i alle fall synd med alle husa som er lite i bruk i dag når etterspurnaden er så stor som han er no, seier Mardal.

– Bruk god tid på planlegging

Eigedomsmeklaren påpeikar at dei nye krava til dokumentasjon på bustaden gjer at ein må rekne

med litt meir tid til salsprosessen. Det første ein bustadseljar må gjere er å starte arbeidet med å samle dokumentasjon. – Om ein har pussa opp, må ein finne fram kvitteringar og anna dokumentasjon. Beste plassen å ha denne dokumentasjonen er i ei offentleg mappe som heiter boligmappa.

Neste steg er å bestille takstmann for å lage tilstandsrapport. – Då må ein ha dokumentasjonen på plass. Utan dokumentasjon på oppussinga, kan ikkje takstmannen gje ei så god vurdering som du elles ville fått.

– Vel rett tidspunkt

Vidare kan det vere lurt å for-

TOK TAK: Her startar oppussinga av kjøkkenet oppe. FOTO: PRIVAT

høyre seg med fleire eigedomsmeklarar og innhente tilbod derifrå. Det er mykje ansvar med eit sal av ein eigedom, og Mardal meiner difor det er lurt at ein brukar eigedomsmeklar. Han har også fleire råd til dei som skal selje ein eigedom. – Tenk også på tidspunktet du vil selje på. Om du har utsikt,

men har lite sol på vinteren, er det beste å vente til våren når sola står høgt. Vil du vise fram hagen, er sommaren den beste tida. Tenk gjennom kva du vil gjere av måling og oppussing, og kva du vil få igjen for det. HÅVAR FAGERLI havar.fagerli@fjt.no

FERDIG: Her er kjøkkenet oppe ferdig pussa opp. FOTO: PRIVAT

Vi har funne nokre skattar i denne prosessen. Blant anna nokre gamle, sjarmerande stolar i fløyel. Heidi Rønhovde

STOLANE DUKKA OPP I DET GAMLE HUSET. FOTO: privat

bohuset og gav det nytt liv som blir gjort på instaen «Nabohuset i Holvik». Dei har fått fleire tilbakemeldingar på at det er kjekt at gamle hus blir tatt vare på. – I tillegg truar sonen vår med å flytte heim igjen til hausten og då må vi berre skunde oss å lage til leilegheita nede. Men der må vi ta alt frå botnen av, smiler ho. Heidi og mannen var over-

raska over korleis huset var på innsida. – Med tanke på korleis huset ser ut på utsida, spesielt på nedsida der vêret har stått på i alle år, blei vi litt overraska over det ikkje var dårlegare enn det var inne. Då dei kjøpte huset, var det framleis ein del ting igjen inne i huset og dei måtte rydde ein del.

– Så vi har funne nokre skattar i den prosessen. Blant anna nokre gamle fløyelsstolar som eg synest er veldig sjarmerande og tok med heim. Men det kan hende dei kjem tilbake til leilegheita nede der dei høyrer heime, smiler ho. Dottera fant også mange skattar på loftet, som klipsøyredobbar og smykke som låg igjen etter den eldre dama som

budde der eingong. – Det dukkar opp litt forskjellig, smiler Heidi.

Tidkrevjande forandring

Heidi meiner det både er spennande og tidkrevjande med eit slikt prosjekt. – Men det er greitt å vise at sjølv om ting ser håplause ut i starten så kan det bli bra. Og ting tyder på at huset i

alle fall har det mykje betre. – I det siste har naboane rydda og styrt rundt meg og lagt planar for våren. Dei nye folka innomhus er glad i musikk, og dei har verkeleg snudd opp ned på kor einsamt og stille eg hadde det, seier «Strandbo» sjølv. KJELLRUN ÅSEBØ kjellrun@fjt.no


12 FREDAG 6. MAI 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA

No er det

endå meir lettvint å selje bustad gjennom oss Dette får du hjå oss: • Interiørrettleiing ved bustadstylist inkludert i marknadspakken • Profesjonell fotograf • Skreddarsydd marknadsføring • Gratis utlånshengar når du skal flytte ut • Gunstige prisar på utvask gjennom BB-gruppen • Vår salsgaranti: Om vi ikkje skulle få selt bustaden din, får du heller ingen kostnad med å bruke oss • Løpande oppdateringar gjennom heile salsprosessen via tenesta «Bustaden min»

Vi er framoverlente, lokalkjende meklarar som følgjer deg trygt gjennom heile salsprosessen, frå første møte til sal, signering og overtaking.

Lån meg GRATIS!


NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 6. MAI 2022 13

Vi feirar samarbeidet med BB-gruppen og gir

gratis utvask til fem av dei ti første som inngår avtale om sal av bustaden sin gjennom oss! Dei fem heldige vinnarane blir avgjort ved loddtrekking 01.06.22.

Verdi inntil kr 20.000,-

Kampanjeperiode til og med 30.05.22 (gjeld kun privatpersonar).

Vi kjem gjerne på synfaring for å starte planlegginga med deg – ta kontakt!

Selje bustad? SNAKK MED OSS Sissel Anett, Henriette og Tage veit kva som skal til for eit vellukka sal.

Sissel Anett: 970 76 649

Henriette: 992 49 078

Tage: 957 30 234

eigedomsmekling.no


14 FREDAG 6. MAI 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Gunnar må sjå fjord og sjø – flyttar frå sentrum og opp i høgda Som den kystmannen han er måtte Gunnar sjå fjorden. – Eg er heilt avhengig av utsikt, og gler meg til å flytte inn i nytt hus til sommaren, seier Gunnar Stensaker frå Sandane.

– Eg kjem opphavleg frå Måløy. Vi budde der oppe i Gate 6 med fantastisk utsikt mot sjøen. Eg må berre sjå fjord og sjø, og gler meg til å flytte inn her med denne utsikta, smiler Gunnar Stensaker.

Kjøpte tomt

Saman med kona, Lisbeth Stensaker, kjøpte dei tomt på Hø-

genausen rett over Sandane sentrum. Huset er under oppføring, og planen er å flytte inn til sommaren. Huset ligg fint til saman med fleire nybygg rett nedanfor E39. Gjennom vindauga kan ein nyte ei flott utsikt over Sandane sentrum, Gloppefjorden og fjella på sørsida av fjorden. – Det er ei fantastisk årstid no.

Blå himmel og kvitt på toppane. Det er ei nydeleg utsikt, seier Stensaker.

Sakna betre plass

Dei bur no i ei leilegheit i Sandane sentrum, men lengta tilbake til å igjen bu ein einebustad. – Leilegheit i sentrum er fint det, men vi sakna det å ha lit betre plass. No bygger vi alt på ei

flate for oss to oppe, og har gjesterom i kjellaren, seier han Det er fleire handverkarar i sving rundt om på huset medan vi er der, og Gunnar sjølv jobbar med uteområdet. – No er planen å kunne få flytte inn til pinse, og vi gler oss, seier han. HÅVAR FAGERLI havar.fagerli@fjt.no

SPESIALLAGA BORD: Finn ved spisebordet han har laga sjølv av ei 70 år gammal gran frå barndomsgarden.

EIT ROM MED UTSIKT: Store vindaugsflater i allrommet gjev både lys og utsikt.

BYGDE HUSET SJØLV: Finn Barlund med sonen Fillip (4) framfor huset deira i Øvre Valborgkleiva 9 på Sandane i Gloppen kommune. ALLE FOTO: HÅVAR FAGERLI

Bretta opp ermane og b Etter å ha teikna draumehuset stod Finn Barlund overfor eit val, skrote teikningane eller bygge huset sjølv.

F

inn Barlund og familien ville ikkje legge bort draumen om huset dei hadde teikna på i eitt år. Pristilboda frå entreprenørane

var alt for dyre. Løysinga vart at Barlund tok 50 prosent permisjon frå jobben som takstmann, og bygde huset heilt sjølv. Etter ni månader med eigeninnsats kunne Barlund, sambuar Janne Helgheim og borna Live (2) og Fillip (4) flytte inn. Huset til Finn og familien ligg fint til i øvre Valborgkleiva med panoramautsikt over Sandane og Gloppefjorden. Barlund har gjort alt sjølv,

heilt frå første streken på teiknebrettet fram til huset stod ferdig i mars i 2021. Det einaste han har fått hjelp til er det elektriske, betongarbeidet og ein leigekar i ni dagar.

Likar å jobbe

Barlund er utdanna tømrar og byggmeister. I 2015 vidareutdanna han seg til takstmann, og arbeidde som takstmann i Bjørsvik Takst & Eigedom fram til han starta for seg sjølv i de-

sember 2021. Han driv i dag sitt eige takseringsselskap, Verdsett AS. Som takstmann reiser han rundt i heile Nordfjord, der han hovudsakleg gjer eigedomstaksering og tilstandsrapportar. Sidan Barlund både er tømrar, byggmeister og takstmann har han hatt med seg mykje fagkunnskap som har vore nyttig i prosessen. Han visste allereie før han starta at all fritid ville gå med til husbyg-

ginga framover. – Korleis heldt du oppe motivasjonen gjennom dei ni månadane dette stod på? – Eg er kanskje litt over gjennomsnittet glad i å jobbe. Eg blir liksom ikkje sliten av å halde på med den typen arbeid. Motivasjonen var å kome seg inn og bli ferdig. Det gjekk i grunnen veldig fint. Då var han meir spent på korleis resten av familien skulle greie det, for det var ikkje my-


NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 6. MAI 2022 15

HAR OVERBLIKKET: Gunnar Stensaker prioriterte utsikt då han skulle bygge nytt hus. ALLE FOTO: HÅVAR FAGERLI

HUSET TIL GUNNAR OG LISBETH STENSAKER MED RYSSDALSHORNET I BAKGRUNNEN. FOTO: Håvar Fagerli

GUNNAR STENSAKER HAR GOD UTSIKT OVER SANDANE SENTRUM. FOTO: Håvar Fagerli

TERRASSEN: Frå Øvre Valborgkleiva har ein fin utsikt over Kleivedammen, Sandane og ut Gloppefjorden.

TO DUSJAR: – Det blir meir og meir vanleg med dobbel dusj, seier Barlund.

bygde huset heilt sjølv kje familien såg til han gjennom byggeperioden. I løpet av byggeperioden budde familien i kjellarleilegheita til svigerforeldra i Leirbrekka. – Det gjekk heilt fint.

Smarte løysingar

Huset har ein flott og karakteristisk fasade. Då sambuarparet starta planane med draumehuset teikna dei først fasaden. Dei har henta inspirasjon frå andre hus, og sett dette

saman til sitt eige draumehus. – Om vi skal gje eit tips til dei som vil teikne sitt eige hus, er det å starte i den andre enden enn vi gjorde. Vi starta med å teikne fasaden. Start heller med planløysinga, og teikn fasaden etterpå, seier han og fortel at det finst gode og billige teikneprogram tilgjengeleg på nettet for dei som vil planlegge og teikne sitt eige hus.

Eg er kanskje litt over gjennomsnittet glad i å jobbe. Finn Barlund

Midt i allrommet står eit spisebord laga av ei 70 år gammal gran frå barndomsgarden i Jølster. Det ligg mange timars hardt arbeid med elektrisk

handhøvel bak bordet som gir rommet eit heilt spesielt særpreg. Huset har eit reint og moderne preg med mange smarte løysingar. Det er ikkje berre det som er synleg som husbyggarane har tenkt nøye gjennom. – Ventilasjon er veldig viktig i eit hus. Ei løysing vi vil tipse andre om som har isolert garasje tilknytt bustaden, er å sende avkastet frå ventilasjonen ut i garasjen. Han viser då til at

den brukte lufta frå huset går ut i garasjen, og med det får ein godt ventilert garasje, noko som ofte er problematisk med vanlege løysningar som naturleg ventilering. Barlund angrar ikkje på at dei valde å gjere husbygginga på denne måten. Dei trivst på toppen av Valborgkleiva i eit funksjonelt og moderne hus med mange smarte løysingar. HÅVAR FAGERLI havar.fagerli@fjt.no


16 FREDAG 6. MAI 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA

FORTETTING: Leiligheitene i Grodåsbakkane er ein del av utviklinga med fortetting i Grodås sentrum i Hornindal.

HAR BYGD SJØLV: Det er lett å tenkje seg fine sommarkveldar i solnedgangen på denne verandaen som Eva har bygd sjølv.

Her fall livet til Eva på plass Eva Gjervan stortrives i den nye leiligheita i Grodåsbakkane med utsikt over Europas djupaste innsjø. Ho kunne fort budd i Volda.

H

o dreiv og kika på leiligheit i Volda og vurderte å flytte dit. – Men då eg forstod at dei skulle i gang med bygginga her, var eg ikkje i tvil om at eg ville kjøpe leiligheit i Grodåsbakkane, fortel Eva Gjervan. Eva, som opprinnelig er frå Meldal i Sør-Trøndelag, fortel at ho hadde 30 årsjubileum på Ekornes-avdelinga på Grodås i september. Etter at ho vart skilt, valde ho å selje huset i Kirkhornsbakkane. Ho budde eit par år i leigd bustad i Grenda, før ho i mars i fjor flytta inn i den nye leiligheita på 82 kvadratmeter i bakkane like ovanfor Grodås. – Eg likte meg veldig godt i Grenda. Med fast jobb ville eg likevel kjøpe noko eige. Eg kika litt rundt, men fann ut at etter snart 31 år i Hornindal har eg slått meg til ro her. Det er også hakket billigare her enn for tilsvarande leiligheiter i Stryn, på Eid og i Volda.

Sjølvbygd veranda

Med tre soverom har ho plass til å ta imot besøk både av slekta frå Trøndelag og av dei tre vaksne borna på 19, 21 og 24 år. – Eg var veldig tydelig på at eg ville ha tre soverom. Utgangspunktet var at det skulle vere to soverom, men eg fekk viljen min. Eg er veldig godt nøgd. Det er kort veg til både jobben på Ekornes og til butikkar. Ein kvalitet du legg merke til med ein gong du kjem inn i stova til Eva, er uteplassen på framsida dit du har tilgang gjennom verandadør frå stova og kjøkenet. Her er det vidsynt med himmel og flott utsikt mot sentrum og vatnet. Vi kan berre tenkje oss til fine sommarkveldar på verandaen med solnedgangen i vest. Sjølv om Eva no jobbar administrativt på Ekornes har ho bakgrunn som møbelsnekkar. – Eg har bygd verandaen sjølv.

HAR FUNNE SIN STAD: Eva Gjervan har fått det veldig trivelig i leiligheita i Grodåsbakkane. Både sofaen ho sit i og spisestua bak er produsert av hennar eigen arbeidsgjevar, Ekornes. Kjøkenet er produsert av Hjelle Snikkarverksted i Holmøyane. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD Kjøken frå Holmøyane

Inne i leiligheita er det også spor etter møbelhandverkarfaget. Både sofa og spisestue er naturleg nok frå Ekornes. Kjøkenet er frå Hjelle Snikkerverksted. Ifølgje Eva har verksemda i Holmøyane fast leveranse av kjøken til leiligheitene i Grodåsbakkane. – Med min bakgrunn likar eg å sjå treet i møblane. Eg ville ha heiltre på frontane i kjøkeninnreiinga, og det kunne dei levere, fortel ho og viser oss naturens eige mønster gjennom dei svartlakkerte dørene på kjøkkeninnreiinga.

Lokalt eigedomsselskap

Det er selskapet Hornindal Eigedomsutvikling AS som står bak utbygginga i Grodåsbakkane. Selskapet er eigd av Knut Sollid, Stig Olav Lødemel og Bottolf Grodås med ein tredel kvar. Sollid er byggentreprenør, Lødemel driv elektrofirma, medan Grodås er grunneigar der dei første utbyggingane i selskapet fann stad. Med Grodåsbakkane er utbyg-

ginga flytta over på ein annan grunneigar. Lødemel fortel at alle dei 20 leiligheitene i første byggetrinn i Grodåsbakkane er selde. – Det har vore ein heilt utrolig respons. Sidan vi starta selskapet i 2012 har vi selt 53 leiligheiter. Hadde du sagt til folk i bygda i 2012 at vi skulle selje 53 leiligheiter, trur eg dei fleste hadde rista på hovudet. Vi ser at kjøparane er heile spekteret av folk - unge, eldre, kvinner og menn. Ved sidan av folk med tilknytning til bygda som kanskje flyttar frå ein utkant for å kome nærmare butikker og helsetenester og få det meir lettstelt, er her tilflyttarar frå Hellesylt, Stryn og Måløy.

Planar for byggetrinn B

Fire av fem bygg med fire leiligheiter i kvart er komne opp i Grodåsbakkane så langt. Utbyggjarane har vidare planar når første byggetrinn er ferdig utbygd. Totalt er det planlagt 68 leiligheiter i prosjektet. Bak byggja som er komne opp no, er det

planlagt leiligheitsbygg i tre etasjer. Ifølgje Lødemel har leiligheitene i bygga som er komne opp i Grodåsbakkane så langt ein snittpris på 2,8 millionar kroner. På grunn av sterk auke i byggevareprisane trur han byggetrinn B fort kan bli 600.000 kroner dyrare. Lødemel var også den siste ordføraren i gamle Hornindal kommune. Han er nøgd med at bustadprosjektet har ført til auka næringsaktivitet og at det er positivt for folketalet. – På det jamne har det vore åtte-ti personar i arbeid på prosjektet sidan starten i 2012. Eg trur dei som kjøper ser at Hornindal har gode kvalitetar med skule, barnehage, butikkar og helsetenester, og vi har sjukehus og flyplass i nærleiken. Set du passarspissen på Grodås på kartet og ser omkrinsen for 45 minutt køyring, ser du at du kjem til både Stryn, Eid, Volda, Ørsta og Stranda. JØRN-ARNE TOMASGARD nordfj@fjt.no


NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 6. MAI 2022 17

Smart lading i appen vår med Zaptec Go Elbilladaren som passar alle elbilar. Liten, delikat og lader 10x fortare enn om du ladar direkte i stikkontakta. Bestill med, eller utan installasjon og få Smart lading i appen vår inkludert. Pris frå kr 6 990,Bestill på wattn.no

Det nye straumselskapet ditt frå TAFJORD, SFE, Tussa/Stryn og Sognekraft. Positivt lada. Alltid.

KJØKKEN KJØKKEN OG BAD OG BAD fra fra

Handler du hos oss Handler du hos oss

Drage Byggevarer A/S avd. Måløy 22 12 00 09 • mona@dragebygg.no Drage Byggevarer A/S avd. Måløy 22 12 00 09 • mona@dragebygg.no

Drage Byggevarer A/S avd. Stadt 22 12 00 99 • trude@dragebygg.no Drage Byggevarer A/S avd. Stadt 22 12 00 99 • trude@dragebygg.no

Nystøl & Fagerhol AS Fiskå 70 02 08 30 • post@nystol-fagerhol.no Nystøl & Fagerhol AS Fiskå 70 02 08 30 • post@nystol-fagerhol.no


18 FREDAG 6. MAI 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Prosjekterer 80 tomter med slåande utsikt – Vi driv på å prosjektere eit nytt hyttefelt mellom Furheilt ohogane og Naustdalsetra, seier Vidar Haugland i Harpefossen skisenter og hyttegrend i Stad kommune.

Dei som kjøper hytter her kjem til å få ei utruleg fin utsikt, ifølge den daglege leiaren. – Vi har eigentleg ikkje fleire tomter å selje. Vegard Meland i Din Bustad driv på å bygge ut sitt felt, og vi driv no også på å prosjektere eit nytt felt mellom Furuhogane og Naustdalsetra, seier han og legg til:

– Det kjem til å bli rundt 80 veldig flotte tomter der, seier han. Ifølge Haugland skal dei også bygge nokre leiliegheiter på toppen av Furuhogane. – Dette blir leilegheiter til folk som er veldig opptatt av ski. Det er høgt til fjells. Men det er ikkje berre for ski-

folket. Andre kan også få glede av ei hytte her, meiner han. – Det er også fantasiske turmoglegheiter der på sommaren, seier han, og legg til at det er kjekt å jobbe når det er så mykje spennande som skjer. KJELLRUN ÅSEBØ kjellrun.asebo@fjt.no

GLER SEG: Vidar Haugland i Harpefossen skisenter og hyttegrend. FOTO: KJELLRUN ÅSEBØ

TRIVST: Kristina og Stian fall for huset og gjekk berre og venta på at det skulle kome for sal. FOTO: BJØRN ERIK DRABLØS

FOTTE HUS: Dei tre husa var dei første som kom langs det som i dag heiter Skogavegen. Med si sentrale plassering og gode solforhold var tomtene svært ettertrakta. FOTO: BJØRN ERIK DRABLØS

KJØPTE DRAUMEHUSET: Ekteparet Kristina Naustdal Ervik og Stian Ervik har gjort seljeværingar av seg etter at dei i 2021 kjøpte det historiske huset soM blir kalla lensmannsgarden i Skogavegen. FOTO: BJØRN ERIK DRABLØS

Draumehuset til Kristina og Kristina Naustdal Ervik og mannen Stian Ervik flytta heim til Nordfjord i 2019. No har dei starta eit nytt kapittel saman med den tre månader gamle sonen Sverre i eit rundt hundre år gammalt hus, nemleg den gamle lensmannsgarden i Selje.

S

jølve kjem dei frå Nordfjordeid og Ervik på ytre Stadlandet. Eit kompromiss gjorde at dei hamna i Selje, og ikkje i Ervik eller på Nordfjordeid. – Vi var jo veldig klare for å flytte heim og stifte familie. Men vi hadde eigentleg bestemt oss for at vi ville bu på Nordfjordeid, eller kanskje i Ervik. Selje var i alle fall ikkje noko alternativ. Men så dukka

dette huset opp, seier Kristina. Geografisk er det heilt klart ein fordel med tanke på begge sine familiar. Det er vel å merke ein halvtime lenger å køyre til kommunesenteret på Nordfjordeid enn til Stian si heimbygd, Ervik. Men plasseringa gjer det enklare å kome seg enten hit eller dit. – Ja heilt klart! Eg trur dei synst det var litt rart i starten, men som eg seier til dei: «det er jo framleis den same kom-

munen», ler Kristina.

Fasjonabelt strøk

Huset dei har kjøpt ligg i Skogavegen i Selje, og er eit av tre større hus som dukka opp i dette området for rundt hundre år sidan. Deira hus, lensmannsgarden, ligg mellom doktorgarden og huset til handelsmann Bjørkelo. Det var med andre ord folk i dei «finare» samfunnslaga som først etablerte seg i det som i

dag er eit stort byggefelt i Selje. Lensmann P.O. Hamre skal ha vore den første som tok i bruk huset. Det fungerte derfor også som lensmannskontor, og ikkje minst som arrest for bygdas småkriminelle. Det kan ein framleis sjå spor etter i kjellaren på huset, i form av ei celledør med eiga serveringsluke. Under krigen fortel historia at lensmannen også ved fleire høve heldt selskap for tyske offiserar. Nokre hevdar at han


NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 6. MAI 2022 19

Fekk fart på leilegheitene etter å ha arrangert open dag Sju av totalt elleve leilegheiter i første byggetrinn av Solvang Boligpark i Deknepollen i Kinn kommune er no selt. – Vi ligg ganske bra i rute med heile prosjektet, seier Heming Drage.

Salet av leilegheitene i første byggetrinn av Solvang Boligpark gjorde eit hopp etter at det ble arrangert open dag. – Vi inviterte folk til open dag for å vise kor langt vi har kome. Det var cirka 30 som møtte opp, og det var fleire enn vi hadde forventa, seier Heming Drage som gjennom Dragebygg AS er

både medinvestor og entreprenør for leilegheitsprosjektet i Deknepollen. I vekene etter den opne dagen i mars blei det selt fire leilegheiter. No er det berre fire leilegheiter som står igjen å selje av totalt elleve i første byggetrinn. – Folk som har vore interessert i desse leilegheitene har

nok tenkt og spekulert ein del. Det er jo lettare for folk å ta avgjerda når ein får kome inn i råbygget og få eit betre bilde av størrelsen på leilegheitene og sjå korleis utsikta blir. Det er noko anna enn å sjå på ei planteikning. GJERT MYRESTRAND gjert@fjt.no

NØGDE: Heming Drage (t.v.) og Ørjan Solvang har fått god respons. FOTO: GJERT MYRESTRAND

Meir tid til å jobbe med fasaden Noko som har tat tid, er totalrenoveringa av fasaden. Ekteparet har etterisolert, i tillegg til at det er sett inn nye glas, dører og montert ny kledning. Til sommaren skal også taket fornyast.

OVER 100 ÅR?: Ekteparet har fått opplyst at huset blei bygd i både 1916 og 1925. Då det var nytt, var det mindre. Det blei bygd på sørover mot Doktorgarden på 1940-talet. FOTO: FRÅ BOKA GAMLE SELJE

– Når det er tatt, er det aller meste av grovarbeidet gjort. Vi leigde inn hjelp til alt ute, men det som er inne vil vi prøve å gjere sjølve, seier Stian Ervik, som no også får meir tid til dette etter at han gjort nokre endringar i arbeidssituasjonen. – Eg jobbar hos Stadpipe på Stadlandet der eg tidlegare var anleggsleiar og reiste mykje. Dei første ti månadene vi budde her, var eg vel vekke i åtte i av dei, seier han. Men no har han begynt som formann i produksjonen. – Så då får eg litt betre tid, seier han.

FENGSEL: I kjellaren ser ein framleis spora etter fengselscella, med både beslag og serveringsluke på døra. FOTO: BJØRN ERIK DRABLØS

g Stian har ei sterk historie gjorde dette for å samle inn informasjon, samtidig som han overfor tyskarane gav uttrykk for å vere på deira side. Det sit dermed mykje historie i veggane, og bidrar til stoltheiten ekteparet har for huset. – Det er stas. Vi forelska oss eigentleg i dette huset, og då vi fekk vite at det kom for sal, gjekk vi berre og venta. Det vi ønskte oss var eit eldre hus med god plass, plassering og ikkje minst hage, seier Kristina.

Flytta på loftet

Ekteparet tok over huset i februar 2021. Då starta arbeidet med å totalrenovere bygget, eit arbeid dei er godt i gang med. Heldigvis for dei, bestod huset av to leilegheiter, ei oppe og ei nede. Det gjer at dei kan bu i den eine medan den andre får seg ei overhaling. – Det passa oss perfekt, og vi flytta opp på loftet medan vi reiv alt nede. Til slutt vil det bli slått saman til ein bustad der vi

har kjøkken, stue, vaskerom og eit lite bad nede, og soverom oppe, forklarar ho. Sjølv om dei også på sikt skal renovere loftet, var det nok med eitt strøk måling for at dei skulle føle seg heime medan arbeidet i etasjen under held på. Og arbeid med huset har det vore mykje av. – Vi reiv alt av golv heilt ned til bjelkelaget og la nytt. Så no er det snorbeint. Men vi ser at

det har tatt litt lenger tid enn vi hadde tenkt, for vi hadde eigentleg ein plan om å vere inne til jula i fjor, smiler Stian. At vesle Sverre på tre månader melde sin ankomst, endrar sjølvsagt også prioriteringane. – Vi stressar ikkje. Men det er veldig deilig at vi har denne plassen her oppe enn så lenge, seier Kristina. Å flytte til ein ny plass der ein ikkje kjenner så mange er uvant. At han måtte få seg jobb

med mindre reising var også ein del av avtalen, ifølge Kristina. – Eg sa til han at om vi skulle vi flytte til Selje, måtte han vere heime kvar dag. Det var litt av «dealen», smiler ho. – Men vi trivst veldig godt, og har allereie fått gode vennar her. Og så er det ikkje så langt til Ervik eller Nordfjordeid på besøk heller. BJØRN ERIK DRABLØS bjorn@fjt.no


20 FREDAG 6. MAI 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA

SOLVANG BOLIGPARK

Illustrasjon: arøya

Topp moderne leiligheter til salgs ved Ivahavet i Deknepollen

Solgt

BLOKK B

Solgt

B102

Byggingen av blokk B er godt i gang, ferdigstilles julen 2022

Kommer for salg

B302

Solgt B202

Solgt

Solgt

Solgt

BLOKK A

B402

Solgt

For nærmere informasjon om salget eller for å avtale visning, kontakt:

Finnkode: 161331544

Advokat Endre Rutledal - E-post: endre@advaco.no

Se annonse på Finn.no for mer detaljer

FIAM Fiesta soft. Lekker og superlett stol i hagen, på hytta, på stranda eller i stova om du vil. Lett å flytte på, lett og lagre. Fleire fargar. Regulerbar. Trekket kan takast av og vaskast. FIAM Chico soft krakk i same tekstil/farge.

Fiam Chico soft 1.395,-

Fiam Fiesta soft 2.875,-

UTESOFA SORANO

3-setar 12.670,Stol u/arm 6.190,-

SETTPRIS

3 setar + 2 stolar 23.790,-

GRATIS HEIMKJØRING! Opningstider:

Mandag-onsdag Torsdag Fredag Lørdag

09.00-16.30 09.00–18.00 09.00–16.30 10.00–15.00

Velkomen til oss! Distriktets største frittståande møbelbutikk Vi leverer i heile distriktet!

MØBLER Vi leverer i heile distriktet

Gjeld i heile Nordfjord, ved kjøp over 10.000,-

Tlf: 57 86 09 22 6770 NORDFJORDEID Følg oss på www.sundemobler.no


NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 6. MAI 2022 21

Ta vare på det kjæraste du eig Som medlem i Huseierne får du: • Gratis juridisk og byggteknisk rådgivning • Gratis boligrelaterte kurs • Gratis sambuar- og utleigekontrakt • Gode rabattar på byggevarer og andre boligrelaterte produkt Les mer på huseierne.no

Bli medlem! Send

HL131 til 2007 (kr 559,- per år)

Det handlar om heimen din!


22 FREDAG 6. MAI 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA

LAGDE DUGNADSRING: Her er nokre av dei som er med i Jenteringen. Nede i døropninga står huseigar Terese Balsnes. I vindauget øvst til venstre står Solbjørg Haveland og Silje Bakke. Øvst til høgre smiler Linda Balsnes og Kine Krokstrand. Og nedst til høgreførebur Bente Vonheim og Siri Kjøsnes seg til innsats. BEGGE FOTO: SVANHILD BREIDALEN


NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 6. MAI 2022 23

Jenteringen stiller opp for kvarandre Kva gjer du når du skal rydde kjellaren, bygge drivhus, fikse hagen og pusse opp badet samtidig, og døgnet ikkje har nok timar? Eller om du har konfirmant i hus, men lite familie på staden til å sette i gang med å bake kaker og lage bordkort?

D

u gjer som dei ni damene i og rundt Nordfjordeid. Du startar Jenteringen, ein hakket meir aktiv og organisert dameklubb enn dei vi normalt kjenner til. Ringen er sett saman av ulike grupperinger av venner og kjente, og til saman dannar dei altså Jenteringen som blir forklart som «organisert dugnad der ein bidrar når ein kan. Og når ein ikkje kan, får ein ikkje lov å ha dårleg samvit for det» Det står å lese i ringen sine eigne vedtekter. For sjølv om mange av samankomstane også handlar om å ha det kjekt i lag, har dugnadsringen oppstått utifrå eit reelt behov. – Det var nok Bente som fekk ideen, og lanserte den under eit sushikurs, seier Linda Balsnes, og ser bort på Bente Vonheim, som nikkar. – Ja, men eg var nok litt bakpå den gongen. Eg hadde renovering av hagen, eit drivhus som skulle opp, plutseleg hadde eg kjøpt hytte, og det var golv som skulle leggast. Det balla på seg, ler ho. – Vi har jo alle mange prosjekt. Det er alltid noko ein skal gjere, seier søstera til Linda, Terese Balsnes. – Vi tenkte at det sikkert var mange som hadde andre talent enn oss sjølve og at vi kunne utnytte det, seier Linda, og får støtte av Siri Kjøsnes. – Ein har jo nettverk, kanskje besteforeldre og annan familie, men det er ikkje alltid ein har lyst å spørre eller føler ein kan, seier ho.

Stilte opp med vaskebøtta

Då vi møtte gjengen hadde sju av ni møtt opp til vindaugspussedugnad nettopp på Balsnes Gard der Terese skulle ha konfirmasjon om ei veke. – Vi får huset fullt av slekt og vener, og så har eg høyrt at ein visstnok må ha reine vindauge. Det har ikkje vi. Når sola står på, er det vanskeleg å sjå ut. Eg vil jo framstå på ein ordentleg måte når svigermor kjem, smiler ho, og legg til: – Men det er frykteleg mange vindauge! Det tar uhorveleg lang tid åleine, men litt kortare tid når ein er mange.

Ikkje alltid lett å spørre

Eit slikt nettverk som damene har laga kan vere lurt av mange grunnar. Nokre har lite familie på staden, andre er til-

bur ho i Kjølsdalen med sambuar og tre barn, og er ei av dei som har eit mindre familienettverk. – Vi har annan familie langt unna, så då er det veldig hyggeleg å bli spurt og kjekt å få vere med, seier ho. – Klart du får vere med, du som har så god humor, ler Bente. – Ja, kva er eigentleg kompetansekrava for å få vere med? – Ingenting. Men Terese kan køyre traktor og har motorsag! seier Bente. – Eg har traktorlappen, ja, og eg øver meg fram og tilbake her på plassen. Motorsaga, den likar eg godt. Eg skal bli skogsarbeidar i neste liv, smiler Terese. Det er heller ikkje krav til utføring av jobben på ein spesiell måte. – Nei, berre at ein gjer sitt beste og yter etter evne. Og så er det etter vedtektene verken erstatning eller klagerett på arbeidet, smiler Bente.

Det sosiale STILLER OPP: Bente Vonheim (t.v.) og Siri Kjøsnes har ikkje noko problem med å vaske vindu og støtte Ukraina samtidig. flyttarar og jobbar med å bygge opp eit nettverk. Og felles for alle er også at ein ikkje har lyst å belaste familien og dei ein kjenner unødig mykje. Løysinga blei jenteringen der du har den tryggleiken at du alltid kan spørre. – Det er så snaut å ha ei sånn gruppe der du kan spørre, og du veit at dei gjerne bidrar, seier Solbjørg Haveland. Sjølv er ho eigentleg frå Bremanger. – Det er jo sånn at når ein flyttar til ein stad, så er folk gjerne allereie godt etablert med venner og omgangskrets. Så det er fint å bli plukka opp i eit sånt konkret nettverk, seier ho, og legg til: – Men når det er sagt, vil eg også seie at måten vi blei tatt imot då vi flytta hit har vore heilt fantastisk. Vi har blitt inkludert og folk har vore så snille. Vi hadde ikkje tenkt å bli, men no er det vanskelig å tenke på å flytte, smiler ho. – Eg flytta heim etter 15 år, og mine barndomsvenner var etablert i sine kretsar, så det kan vere vanskeleg å få innpass igjen. Ein må på ein måte bygge opp vennekretsen igjen, seier Linda. Søstrene Silje Bakke og Torill Instanes er begge tilflyttarar til Nordfjordeid. Silje for 17 år sidan, og Torill i haust. – Det er heilt fantastisk å få vere med

i ein sånn gjeng. Så hyggeleg, og ein får trent lattermusklene, seier Torill.

Har nokre reglar

Og med den samla kompetansen dei har i ringen kan dei hjelpe til med nær sagt alt mogleg, innanfor visse rammer sjølvsagt. – Ja, vi har nokre reglar. Det er for eksempel sånn at ikkje alle treng å kome kvar gong. Hjelpetida er sett til tre timar, og ein kan godt avslutte med enkel mat, drikke og hygge. Det er tillate å sende stand in med relevant kompetanse. Ein kan låne ut sambuarar og eksterne også, forklarar dei. Behova melder ein inn i ei gruppe på Facebook med dato, tid, stad, tal hjelparar ein treng og utstyr ein må ta med. Eit eksempel som viser kor enkelt det kan vere skjedde nyleg. Då var det nokon som trengte å låne ein bunad. – Det er ein ganske stor ting å låne ein bunad, og det er kanskje ikkje alle du føler du kan spørre. Då var det greitt å kunne sende ei melding inn i gruppa, smiler Linda.

Ingen kompetansekrav

Kine Krokstrand er frå Asker, men flytta til kommunen for tolv år sidan. No

Men ringen av damer som hjelper kvarandre med det meste vedgår at dette også handlar mykje om det sosiale. Det blir gjerne ei god stund med kaffi og «planlegging» før ein går i gang med arbeidet. Og at det skal vere sommarfest og juleverkstad i ringen er for lengst bestemt. – Når det står i vedtektene er vi jo nøydde til å gjere det, seier Terese. Dei er glade for å ha kvarandre. – Var det ikkje Randi som sa «endeleg er eg også med i ein klubb»? smiler Bente. – Ja, før i tida var det jo kvinneforeininger overalt. No har vi laga vår eiga med vår eigen vri, seier Terese. SVANHILD BREIDALEN svanhild@fjt.no

GODE RÅD Tips til dei som vil starte ein dugnadsring •• Det trengst ein initiativtakar •• Tenk at det også er ein måte å bli kjent på •• Det skal vere lystbetont •• Legg lista lågt – ikkje stress •• Det er lov å seie nei •• Dårleg samvit er ulovleg •• Det skal forenkle kvardagen, ikkje belaste


24 FREDAG 6. MAI 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA

DEN STØRSTE REKLAMESAMKØYRINGA I NORDFJORD Bruk sterke og truverdige lokale mediekanalar Annonse i papiravis Alle digitale kanalar Stillingskarusell Content og native marketing Videoprofilering Rådgjeving sosiale medium Monica Refvik Tlf. 907 07 185 E-post: monica@fjt.no

Nordfjordsamkøyringa dekkar kommunane

Kinn, Stad, Bremanger, Vanylven, Volda, Stryn, Gloppen og Sunnfjord


NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 6. MAI 2022 25

LYST OG FINT: No får pastellfargane blomstre i store delar av huset. Her er gangen.

FAVORITT: Den nyinnkjøpte fuglelampen, som er dansk design, har blitt ein favoritt hos Annette.

UTEROM: Familien har brukt mykje tid på å skape følelsen av å vere ved Middelhavet i hagen.

Familien har fargefest heime – Alt var kvitt og ton-i-ton, men no er det ein fargefest her heime, smiler Annette Stene Seljen.

S

om hos mange andre var det lyse vegger, ton-i-ton tekstilar og lyst interiør i huset til familien på fem fram til nyttår. Men etter to år med pandemi kom fargane inn då jula fór ut. – Eg trur ikkje det var berre heime hos oss at det var behov for litt forandring etter to år med pandemi og mykje heimetid. Vi ville ha forandring og første veka i januar måla eg stova rosa, fortel Annette. Seinare har pastellfargane fått blomstre fleire stadar i huset, som ligg idyllisk til på nedre Tennebø i Kinn kommune. Ein vegg i stova har fått fargen soft, kjøkkenet er måla i deco pink, peisen er gul og gangen er måla i ein dus lilla. – Dei som kjenner meg seier at heimen vår no står veldig godt til personlegdomane våre. For min eigen del har eg alltid vore ein fargerik person, og no kjenner eg meg tryggare på å velje det eg likar, framfor å følge trendane.

Hobby og lidenskap

Mykje av interiøret blir dokumentert på Annette sin instagramkonto. Ein konto med over 3.200 følgarar. – Interiørinteressa starta då eg flytta inn i ein tomannsbustad i Okshola. Der kom eg med tidleg i prosessen og fekk vere med å ta mange val. Då tråla eg interiørmagasin etter inspirasjon og tips. Då familien kjøpte hus for sju-åtte år sidan dokumenterte Annette prosessen på instagramkontoen sin, og den vart raskt populær. Men i fjor vart kontoen med over 30.000 følgarar hacka og ho mista kontoen og følgarane. Men ho er tilbake og under kontoen annettesteneseljen hentar ho inspirasjon og forsøker å inspirere andre. – Det kjekkaste er når folk kommenterer, spør om kvar ting er kjøpt eller om fargekodar. Det gjer meg veldig glad, seier ho, og understrekar at ho har fått mange nære vennskap med folk som deler den same lidenskapen og hobbyen som Annette sjølv.

Lopper og design

I tillegg til pastellar på veggane har Annette og familien fleire interiørelement som du legg merke til. På veggane heng fleire fargesterke bilete, på eit bord ved sofaen står ein

FARGERIK FAMILIE: Annette Stene Seljen (bak t.h.) og familien trivst godt i den fargerike heimen. Fremst sit Myrtel og Steinar. Bak dei står Julie. Og framføre Annette sit Joachim. ALLE FOTO: PRIVAT fuglelampe med knallrosa skjerm, på sofabord og kjøkkenbord er det fargesterke blomster, vasar og to kaffikoppar forma som sitronar. – Eg er veldig opptatt av miljø og berekraft, og kjøper mykje brukt og på loppemarknad. Sjølv om eg har nokre designelement, så er eg ikkje opptatt av alt skal vere design eller dyrt. Eg deler like gjerne mitt nyaste loppisfunn som bilete av ein dyr vase, seier Annette som trekk fram både Arnes blomsterverden og loppemarknaden til Turid Breidalen som to lokale skattkammer. Annette er også stor tilhengar av

gjenbruk, og møblar og interiør ho har hatt tidlegare brukar ho gjerne igjen. Eit glasbord frå Ikea med kvit ramme har no fått gullramme og ei lysekrone med store mengder prismer vart sirleg demontert, før den vart spraya turkis og hengt opp att.

Sommarplanar

Så langt er det meste av det rundt 290 kvadratmeter huset renovert. Familien har også gjort mykje arbeid i hagen. – Der er det mannen min som har gjort det meste. Vi har støypt mykje, sett opp ein ny mur, snikra platting og pergola.

Og på uteområdet skal det også skje meir i sommar. – Planen er å lage eit blomsterbed som skal isolerast og leggast varmekablar i. Vi vil jo gjerne skape følelsen av å vere ved Middelhavet, og då hadde det vore veldig fint og fått på plass både lavendel og sitrusblomster. – Men ute skal det vere mest mogleg vedlikehaldsfritt. Vi orkar ikkje å stå med rumpa høgst heile sommaren, smiler Annette. MARIANNE S. ROTIHAUG marianne@fjt.no


26 FREDAG 6. MAI 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA

FUNNE SEG TIL RETTE I HYDLA:: Det er opa løysing mellom kjøken og stove i hytta til Synnøve og Gunnar Hide. I bakgrunnen er det dør direkte ut på verandaen.

Synnøve og Gunnar er d Ekteparet Synnøve og Gunnar Hide valde Hydla i Stryn då dei investerte i familiehytte. Ifølgje utviklar Otto Vik er om lag 80 prosent av hytteeigarane i feltet sunnmøringar.

V

ik fortel at dei har opplevd sterk pågang frå hyttekjøparar på Sunnmøre etter at Kvivsvegen opna i 2012. Synnøve Overå Hide og Gunnar Hide frå Hareid stadfestar at dei er ein del av kvivsvegeffekten. – Tidlegare kjøpte folk på Sunnmøre kanskje hytte på Bjorli. Men etter at Kvivsvegen opna, føler eg det har dreidd mot Nordfjord. Det er mange i hyttene rundt oss her frå stader som Ulsteinvik og Fosnavåg, fortel Synnøve der ho sit i solveggen på hytta i øvre del av Hydla.

Hytta ligg nesten oppe på Tverrfjellet mellom Stryn og Markane. Hit er det bygd eit nett av vegar med infrastruktur. I vinter har det vore enorme snømengder. Då vi var på besøk, var brøytekantane to meter høge, og ein såg knapt hytta til ekteparet Hide frå vegen. Inne på den overbygde verandaen var det derimot tørt og snøfritt. Då sola og varmegradene kom fram i slutten av mars, var vegen kort frå stova til solveggen med kaffikoppen.

Halvannan time i bil

– Det er om lag halvannan time å køyre frå der vi bur til Stryn. Det er passeleg avstand, og heilt anna klima når du kjem hit. Her kan vi gå på ski frå døra. Det er milevis med flotte skiløyper. Arvid Hatledal i Turløyper Stryn fortener verkeleg ein laurbærkrans, meiner Gunnar. Ekteparet Hide flytta inn i hytta si rett før jul i 2020. Gunnar er jamvel blitt lei-

ar i Hydla Hytteeigarforening. Medan kona er lærar, jobbar Gunnar med elektroløysingar for sjømatnæringa. Han fortel at dei har lagt inn fiber i hytta. – Rett som det er tek eg meg ein tur åleine hit midt i veka og har heimekontor. Her er det stilt og fredeleg, og eg får jobbe effektivt. Det er like raskt nett her som heime.

Familiehytte

Gunnar og Synnøve har tre vaksne barn og eit barnebarn. Hytta er om lag 120 kvadratmeter. No byggjer dei garasje med bodplass for å få plassert meir av ski og utstyr i uteboda. – Hytta er stor nok til at alle kan vere her samtidig. Borna er spreidd i Hareid, Bodø og Kristiansund. Alle kan bruke hytta. Vi snakka med dei før vi kjøpte, og vi var samde om å kjøpe her. Vi er positivt overraska over kor fint det er her om sommaren også. Hytta blir fak-

tisk mest brukt om sommaren, fortel Synnøve. Gunnar rosar anleggsarbeidet som er gjort i feltet. – Det er bygd mykje her på kort tid, og ein kunne forvente at mykje ikkje var i orden. Men der må eg gje skryt til entreprenørane. Dei har gjort seg flid med arbeidet og det ser fint og ordna ut alle stader. Det gjer at det er trivelig å vere her også om sommaren. Dei to fortel at dei reiste rundt og testa ut fleire stader i området, før dei bestemte seg for Hydla. – Det var ein venn av oss som ville ha oss med til Fjellsetra i Sykkylven. Vi reiste dit og prøvde ut det, men valde å sjå oss rundt andre stader også. Grunnen til at valet fall på Hydla var ein kombinasjon av reiseveg heimanfrå, fine tilhøve for både langrenn og alpint, det er fint å vere her både sommar og vinter, og det er ikkje langt til sentrum.


NORDFJORDSAMKØYRINGA FREDAG 6. MAI 2022 27

I SOLVEGGEN: Ekteparet frå Hareid i flytta inn til jul 2020 og fortel at dei trivst. kjempegodt. – Det er høvelig avstand heimanfrå og heilt anna klima om vinteren.

GRUNNLEGGJAREN: Otto Vik er mannen bak Hydla Hyttegrend. Med det siste feltet, Hydla 4, er det 200 tomter i hyttegrenda.

PLASS TIL ALLE: Synnøve og Gunnar har tre vaksne barn og eitt barnebarn. – Det er stor nok plass til at alle kan vere her samstundes, seier dei.

HATT JOBB I 20 ÅR: Kompanjongane Terje Svarstad (t.v.) og Odd Lunde bygde første hytta i Hydla i 2003 og har meir eller mindre hatt fast arbeidplass i hyttefeltet sidan.

MILEVIS MED LØYPER: Langrennsløypene til Turløyper Stryn er eit salsargument i Hydla. Rett fram ser vi Hydlastova og klatreparken som Otto Vik har investert 30 millionar i.

del av Kvivsveg-effekten •

Det er passeleg avstand, og heilt anna klima når du kjem hit. Her kan vi gå på ski frå døra. Det er milevis med flotte skiløyper. Gunnar Hide

Hatt jobb i feltet i 20 år

Grunnleggjar av Hydla Otto Vik la ut det første feltet i 2003. No har han selt 140 tomter. Til dei fleste av tomtene har han også selt hytte gjennom Byggtorget som har driv i Vik i Stryn. Dagen etter vi var der, skulle han legge Hydla 4 ut i marknaden. Dette feltet har 60 tomter, slik at Hydla totalt vil få 200 hytter. Det er eksklusive hytter i feltet. Ifølgje Gunnar Hide vart ei hytte tilsvarande deira selt for 5,5 millionar kroner nyleg.

Estimerer ein eit gjennomsnitt på fem millionar kroner per hytte, er det anslagsvis skapt verdiar for 700 millionar kroner med dei 140 hyttene som førebels er bygde i Hydla. – Vi er opptekne av lokal verdiskapning, og har engasjert lokale verksemder til alt frå planarbeid til grunnarbeid og bygging. Det er folk som byggjer hytter i Hydla no som bygde den første hytta her for 20 år siden, og som har hatt det som arbeidsplass alle desse åra, fortel Vik. Han fortel at det er fire ulike tømrarlag som i stor grad fordeler arbeidet. Vik nemner i tillegg arkitekt Inger Langvik i A-vista, planleggar Åse Bergset i 3D Smia og maskinentreprenør Arvid Hatledal AS som sentrale aktørar i arbeidet. Verksemda Otto Vik har bygd opp har utgangspunkt i sagbruk og trelasthandel. No leiger han ut bygningsmasse til alt frå treningssenteret Gym Stryn, til bilverkstad, caravansenter og flishan-

del. I tillegg til trelasthandel og hytteutvikling som han driv sjølv. Det har vore omstilling og endring heile vegen.

– Gudegåve frå møringane

– Det har vore mange utfordringar, men artig. Då vi starta med hyttebygging, rista mange på hovudet, og meinte at no kom eg til å tape det siste eg hadde av pengar, seier Vik. Men når det gjeld hyttene, vart Kvivsvegen nøkkelen. – Det vart ein ny region då den opna, seier han, og meiner vegen kom som ei gudegåve frå møringane. – Tidlegare kom møringane med campingvogn eller tok inn på Hotel Alexandra. No kjøper dei hytte i staden. I løpet av ein god time kjem dei til eit heilt anna klima enn det er der dei bur. Eg trur 8085 prosent av kjøparane er sunnmøringar som kjem gjennom Kviven, smiler han.

Dette blir det siste feltet

Sjølv om Vik anslår at det no er kring 450 nye eller planlagde hytter i området med Hydla og Bøanedsetra, og området er regulert i kommunedelplanen for 850 hytter, signaliserer han at Hydla 4 blir det siste feltet for hans del. 62-åringen er med i selskapet som jobbar med å utvikle nye Selje Hotell. Men han avviser at han no reinvesterer forteneste frå hyttebygging i Stryn for å utvikle forretningane til eit større område. – Grunnen til at eg engasjerer meg i Selje Hotell, er at eg er knytt til staden Selje frå barndommen av. Eg hadde onkel og tante der, og var der mykje. Eg synst det er ein veldig fin plass som fortener eit skikkelig hotell. JØRN-ARNE TOMASGARD nordfj@fjt.no


28 FREDAG 6. MAI 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA

MEINER ENDRINGANGE ER TIL DET BETRE: Målet med lovendringane er at det skal bli tryggare bustadhandel, seier Jan Erik Mardal, distriktsleiar i Huseierne. FOTO: HÅVAR FAGERLI

Reglane for bustadsal er stramma inn: – Betre for både kjøpar og seljar Det er ikkje lenger lov til å selje ein bustad «slik som den er». – Meir krav til dokumentasjon på eigedomen skal seljast vil føre til færre konfliktar, meiner distriktsleiar i Huseierne, Jan Erik Mardal.

A

lle som skal kjøpe og selje brukte bustader må følge reglane i avhendingslova, og i 2022 kom det nye reglar for bustadsal. Dei viktigaste endringane i lova er at det er skjerpa krav til dokumentasjon på eigedomen som skal seljast, og ein ikkje lenger kan selje ein brukt bustad «slik som den er».

Advokat og distriktsleiar

Jan Erik Mardal er distriktsleiar for Huseierne i Sogn og Fjordane og søre Sunnmøre. Huseierne er ein landsomfattande forbrukarorganisasjon for eigarar av bustader. Mardal driv også sitt eige advokatfirma og eigedomsmeklingsfirma, i tillegg til å vere distriktsleiar i Huseierne. – Målet med desse lovendringane er å sørge for at det blir ein tryggare bustadhandel. Det har

vore for mange reklamasjonar og saker i rettssystemet etter bustadsal, seier han.

Tilstandsrapport

Det er no blitt endå viktigare for seljaren å hente inn dokumentasjon på bustaden. Den viktigaste dokumentasjonen er ein tilstandsrapport laga av ein takstmann. – Poenget med ein tilstandsrapport er at ein takstmann går grundig til verks og kartlegg heile bygningen. Tilstandsrapporten skal vise synlege feil og manglar, og bustaden blir vurdert ut frå kva ein kan forvente av alder og type bustad, forklarar Mardal. Det er ikkje eit lovkrav om tilstandsrapport når ein skal selje bustad, men Mardal rår likevel alle bustadseljarar til få utarbeidd ein tilstandsrapport. – Reglane til dokumentasjon frå seljar er skjerpa, og ein er med det nesten tvungen til å innhente tilstandsrapport for å unngå at ein blir gjort ansvarleg for eventuelle feil som dukkar opp etter salet. Seljar er ansvarleg for eventuelle feil og manglar inntil fem år etter salet. Det er vanleg å teikne bustadseljarforsikring i samband med eit hussal, slik at ein er forsikra mot framtidige utgifter på feil som ein ikkje visste om då bustaden vart selt. – Om ein ikkje har tilstandsrap-

port, får ein heller ikkje teikna bustadseljarforsikring. Det er eit krav med tilstandsrapport for å få denne forsikringa. Av våre oppdragsgivarar teiknar kring 80–90 prosent bustadseljarforsikring, seier han.

Målet med lovendringane er å sørge for at det blir ein tryggare bustadhandel. Det har vore for mange reklamasjonar og saker i rettssystemet etter bustadssal. Jan Erik Mardal

Enklare å forstå

Endringane i lova skal gjere det enklare og betre for både seljaren og kjøparen av bustaden. Krava til dokumentasjon er skjerpa, men dokumentasjonen skal samtidig vere enklare å forstå for alle partar. – Ikkje berre skal lova vere enklare å forstå, men ein tilstandsrapport skal også vere enklare å lese. Det er noko vi Huseierne har jobba mykje med opp mot departementet.

Tilstandsgrad og fargekodar

Det er vedtatt i ei forskrift korleis ein tilstandsrapport skal skrivast. Bustaden får ei tilstandsgrad mellom ein og tre med fargekodar, slik at ein enkelt kan sjå kva tilstand bustaden har. Det skal også vere eit kostnadsoverslag over kva det vil koste å utbetre dei feila og manglane som kjem fram av tilstandsrapporten. – I den nye lova får kjøpar ein såkalla eigendel på 10.000 kroner dersom det ligg føre ein mangel som gir krav på prisavslag. Eigendelen inneber at dersom kjøpar har krav på eit prisavslag på 100.000 kroner, så blir kravet redusert til 90.000 kroner. Seljar skal fylle ut eigenmelding før sal der ein må passe på å få fram rette opplysingar. Det kjem fram i lova at ein ikkje kan gje mangelfulle og urette opplysingar. Feil med bustaden som er gjort kjent før salet, kan ikkje kjøpar klage på etter salet. – Det er seljar sitt ansvar å få fram dokumentasjon, og det er kjøpar sitt ansvar å sette seg inn i dokumentasjonen. Les nøye gjennom dokumentasjonen, og kontroller at dei faktiske opplysningane som står tilstandsrapporten er rett, er råda frå Jan Erik Mardal i Huseierne. HÅVAR FAGERLI havar.fagerli@fjt.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.