Måløy Havfiskefestival 2018

Page 1

måløy havfiskefestival 2018

FOTO: MARIANNE S. ROTIHAUG

Fjordenes Tidende del 2 tysdag 31. juli 2018


2 MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2018 FJORDENES TIDENDE

– et senter i sentrum 1918 – 100 år – 2018

Ta turen innom en av våre butikker for en god handel! S r e n 0-KrO

d e K r a m

10

er g n i l e re aVd

å i alle V

Jernvare aS Jernia

Mange gode tilbud å hente i alle våre butikker!

SKO aS

eurOSKO


FJORDENES TIDENDE MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2018 3

Vi gleder oss til

Havfiskefestivalen

fiSKeredSKap aS KaiBuTiKKen

BOWLinG aS


4 MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2018 FJORDENES TIDENDE

Gler seg over responsen frå lokalmiljøet – Vi føler oss veldig godt tatt imot, seier Rita Andal i havfiskefestivalen.

Ho og resten av styret i festivalen gler seg over korleis responsen har vore frå både næringsliv og frivillige. – Vi er privilegerte og har eit

næringsliv som støttar oss. I tillegg har vi frivillige som stille på år etter år, fortel Andal. Likevel legg ho ikkje skjul på at det kan vere vanskeleg å få folk til å melde seg som frivillige til arrangementet tidleg. – Folk vil gjerne ikkje love seg vekk for tidleg, men når datoen for festivalen nærmar

seg så har vi nok nok. Men den daglege leiaren seier at alle er hjarteleg velkomne om dei kan bidra. – Det er alltid kjekt med nokre nye, og vi er alltid positive om nokon vil bidra til å utvikle og bringe festivalen vidare, smiler Andal.

FRIVILLIGE: Frithjof Silden (t.v.) og Anders Myksvoll Sætren stilte opp som båtførarar for deltakarane i EM i havfiske som gjekk av stabelen i Måløy i fjor. ARKIVFOTO: OLINE NAVE

Set barna i fremste rekke Gjennom Måløy Havfiskefestival sine seks føregåande arrangement har barna og kystkulturen stått i sentrum. Dette ønskjer leiinga å byggje vidare på i åra som kjem.

– Festivalen har utvikla seg i den retning som vi ville. Vi har bevegd oss forsiktig framover og fokuset har heile vegen vore på at barna skal lære seg meir om kystkultur, båtvett, havet og fisk, fortel dagleg leiar Rita Holvik Andal i Måløy Havfiskefestival. Sjølv har ho vore med sidan oppstarten av festivalen for sju år sidan, og fortel at kjerneverdiane har vore dei same sidan byrjinga i 2011. – Det handlar om at ungane skal meistre og lukkast, utan at det kostar noko. Vi ser på dette som eit langsik-

tig marknadsføringsprosjekt av Måløy. Skal ungane flytte tilbake den dagen dei blir vaksne, må dei ha hatt positive opplevingar i barndomen.

Vil halde fast på forma

I fjor vart europameisterskapen i havfiske arrangert under Måløy Havfiskefestival. Då strakk festivalen seg over åtte dagar, slik blir det ikkje i år. – No er vi tilbake til den opphavlege forma med festival over to dagar. Slik skal det vere i nokre år, før vi eventuelt byrjar å bygge oss opp att mot eit


FJORDENES TIDENDE MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2018 5

Gir æra for suksess til unikt samarbeid Nordfjord Havfiskeklubb og Måløy Havfiskefestival meiner ein viktig suksessfaktor er samarbeidet mellom dei to.

– Det at vi kan konsentrere oss om konkurransane, profesjonalisere det og gje fiskarane

ultimate opplevingar og rettferdige konkurransevilkår og samstundes vite at det er mange flinke folk som skapar folkeliv i land er ein uslåeleg kombinasjon, seier Kjell Oldeide i Nordfjord Havfiskeklubb. Også Rita Andal i havfiskefestivalen rosar samarbeidet. – Vi er avhengige av kvaran-

dre. Dei fiskar og har ansvar for alle fiskekonkurransane, medan vi skapar aktivitet på land. Mange av EM-deltakarane hadde aldri sett ein slik aktivitet på land, og mange av dei sa at dette var noko dei ville prøve å ta med seg tilbake til sine land.

TRENG KVARANDRE: At festivalen sørger for folkeliv på land gir klubben høve til å konsentrere seg om fiskekonkurransane. ARKIVFOTO: JULIANNE FLØLO

BYGGJER VIDARE: 3. og 4. august blir Måløy Havfiskefestival arrangert for sjuande gong. Styret, som består av, f.v. Nils Myklebust (styremedlem), Rita Andal (dagleg leiar), Kjell Oldeide (nestleiar), Dagheid Nord (styreleiar) og Tone Holvik-Eriksen (prosjektleiar), meiner dei har funne si suksessoppskrift. – Det handlar om at ungane skal meistre og lukkast, utan at det kostar noko. Vi ser på dette som eit langsiktig marknadsføringsprosjekt av Måløy, slår Rita Andal fast. FOTO: MARIANNE S. ROTIHAUG

Satsar på å få nytt EM til Måløy i 2022 Nordfjord Havfiskeklubb har stort tru på at europameisterskapen i havfiske i 2022 blir lagt til Måløy.

nytt meisterskap i Måløy. Den daglege leiaren er oppteken av at festivalen skal skilje seg ut frå dei andre festivalen som blir arrangert i kommunen i løpet av sommaren. – Vi har eit anna preg. Det er heilt fantastisk at vi har arrangement som Måløydagene, Strandfestivalen i Refvik og Elvisfestivalen, men vi representerer noko anna. Vi er berre på Torget og vi har vår greie med kystkultur og eit fokus på barna. Vi skal vere ein festival for heile familien, der ungane kan lære og meistre.

Vil ha sterkare miljøfokus

Sjølv om Rita Andal er godt fornøgd med korleis festivalen har utvikla seg dei siste sju åra, ser leiinga heile tida etter måtar å utvikle seg på. – Vi har eit sterkt miljøfokus, men dette er eit satsingsområde, og noko vi vil prioritere sterkare i åra som kjem. Nytt av året er jo at Kraftstasjonen skal lage mat på kaia når fangsten kjem inn. På den måten får folk sett at fisken blir tatt hand om. Ei anna målsetting med at kokkane står på kaia er at fleire skal få smaken

på råvarene som kjem frå havet. – Det er viktig for oss at ungane lærer seg å like fisk. Vi har eit eige prosjekt som heiter havets skattekiste, som har vore veldig populært. Her lagar vi til ulike typar fisk og grønsaker, og så får barna lage til sine eigne pakkar i aliminumsfolie, forklarar Andal, som meiner havfiskefestivalen er eit viktig arrangement i Måløy. – Det er dette vi er bygd opp på; kysten og fisk, slår ho fast. MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no

– Vi jobbar heile tida for å profilere oss for framtida, slik at vi kan få EM tilbake hit. Det ser det ut som vi skal klare, men avgjerda skal takast, seier Kjell Oldeide i Nordfjord Havfiskeklubb. Han fortel at sannsynet er stort for at EFSA (European Federation of Sea Anglers) legg EM til Norge i 2022. Når det er gjort skal EFSA Norge bestemme seg for kva klubb og by som skal få arrangere. – Slik vi ser det no er det to reelle kandidatar. Nordvegen Havfiskeklubb på Karmøy og Måløy. – Dei har aldri arrangert tidlegare, men vi har bevist at vi kan. Eg trur det hadde blitt veldig spennande om vi hadde fått lov til å arrangere ein gong til. Grunna erfaringane vi har gjort oss, hadde det nok blitt endå betre enn i fjor, smiler Oldeide. Han støttar seg også på tilbakemeldingane etter fjoråret. – Presidenten i EFSA Europa, som er ein tøff mann, tok til tårene då han skulle samanfatta meisterskapen under gallamiddagen vi hadde på Raudeberg. Han sa at det arrangementet Måløy hadde levert, var slik han hadde drøymt om at EM kunne bli.


6 MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2018 FJORDENES TIDENDE

Natas kafè og restaurant serverer thailandsk mat, både ala carte og take away. For å bestille mat, eller bord, ring oss på 47 27 56 12. Åpent alle dager, utenom mandager.

sommersalg!

÷30-70% rabatt jeansdager Nå får du 25% rabatt på alle jeans • FRITT VALG! VIC LEFDAL

Best pris på:

GATE 1 NR. 34 – MÅLØY TLF: 57 85 17 92

Markiser • Persienner Garasjeporter • Screen • Plissè Levegger• Traktorklippere Plenklippere • Trimmere Vedlikeholdsfritt: Gjerde Rekkverk • Terassegulv Vindussprosser • Skodder og Varmepumpehus

Lokal forhandlar:

Fasade-miLjø

v/Bjørn Inge Oppedal

Måløy

Besøksadr: Sæterneset, 6700 Måløy, Tlf. 913 89 696, e-post: bjoing-o@online.no

Fliser Antrasitt 30x60 pr. m2 KUN

199,Baron Ultra Hybrid 10 l

1598,- / 1398,-

Baron Storm

Høykvalitets oljemaling

1198,- / 990,Baron Solid oljemaling 10 l Ord. 978,-

698,Saalongtepper

Tarkett Starfloor klikkvinyl pr. m2

298,-

Vi i Fjordenes Tidende skriv om der du bur. Eller plassen du flytta frå, men som alltid vil vere «heime».

Fo orskjellige kvaliteter k 160x230, nå

-50%

Hagegruppe Fevik 2 stoler + bord

3990,- / 2900,-

Fargerike Måløy – Gate 1 nr 70 – Tlf. 57 85 53 00 – maloy@fargerike.no

To gonger i veka kjem du tett på med lokalavisa i postkassa eller i innboksen. Bestill avisa på abonnement@fjt.no, 57 84 90 00 eller på fjt.no


FJORDENES TIDENDE MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2018 7

Sommertilbud TA VARE PÅ ØYNENE DINE I SOLA du får nå et par GRATIS solbriller (utvalgte modeller), med din styrke, når du kjøper et par nye briller hos oss.

2 1 fOR

+ Re nte fRi

Tilbu det gje lde r også ve d kjø p av progressive glass.

0,-

bR illl eko n to Kan ikke kombineres med andre tilbud.

Ing en re nter og ge by re r i op ptil 18 m nd

- Øye for ditt syn 6700 Måløy - Tlf. 57 85 15 62 - post@hugo-farstad.no


8 MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2018 FJORDENES TIDENDE

Fargesprakande tilbod

Eliasbåten fyller to år

Vil du bli forvandla til eit dyr eller ein superhelt? I rorbua kan ein fredag og laurdag få forvandla ansiktet sitt til eit dyr eller ein figur. I tillegg til ansiktsmålar kjem det laurdag ein artist frå sirkuslinja på Fjordane folkehøgskule. Ifølge komiteen skal han vise nokre skikkeleg kule triks. Om du vil prøve desse triksa sjølv kan ein kanskje gjere det laurdag i eit hoppeslott som Kiwi set opp i samband med festivalen.

Fredag inviterer Redningsselskapet til bursdagsfeiring for Eliasbåten. Båten vart døypt under Havfiskefestivalen for to år sidan, og i fjor var det feiring då båten fylte eitt år. Feiringa i år blir over same lest som tidlegare år. Her blir det is til barna og kasting av vassballongar. Fredag ligg Eliasbåten på land og alle som vil kan kome om bord. Laurdag er båten på sjøen og barna kan få vere med på ein båttur.

LOKALT INNSLAG: Skjærgårdsgutta, som består av Willy Blålid, Elling Bortne, Arne Andal og Helge Blålid, skal sørge for den rette havfiskefestivalstemning når dei spelar opp laurdag føremiddag. I tillegg spelar Shadows og havfiskefestivalen sitt eige countryband. På kveldstid blir det også lokal musikk. Fredag er det quiz med Gjert Myrestrand før duoen Pink Six tar over scena. Laurdag kveld spelar Love Boys frå Selje, før bluesrockbandet Rawdhouse entrar scena. ARKIVFOTO: BENEDIKTE FLATAKER

Slik set dei stemninga i rorbua Skjærgårdsgutta skal sette dei frammøtte på Torget i autentisk rorbustemning. – Vi legg ned mykje ressursar i å gjere festivalteltet om til ei skikkeleg rorbu. Vi kler heile teltet innvendig med treveggar og vi pyntar med kuler og garn. Det skal vi sjølvsagt gjere i år også. Vi forsøker å vere gjennomførte i alt vi gjer, seier dagleg leiar Rita Andal i Måløy Havfiskefestival.

Rorbua vil vere open heile dagen både fredag og laurdag, og fleire av programpostane skal gå føre seg i teltet. Om vêret ikkje svarar til forventningane blir fleire aktivitetar flytta inn under tak.

Quiz

Fredag kveld har arrangørane planar om å lage ein real pubkveld for dei som tar turen til rorbua. Her blir det både musikk og konkurranse. – Er du og venegjengen din quiz-nerdar? Kan dykk skilje mellom ein sei og ein makrell? Då kan ein møte opp på fiskequiz i rorbua, smiler prosjektleiar Tone Holvik-Eriksen.

Arrangørane lovar ein morosam og uhøgtideleg quiz som vil få latteren til å sitte laust. Vidare seier komiteen at alle får noko å tygge på når Gjert Myrestrand opnar spørsmålsbunken. Vinnarlaget blir premiert med billettar til Rorbua etterfølgande kveld.

Lokal musikk

Fredagen er det Pink Six, som består av Anette Myre Silden og Bjørn Engelbrektsson, som står for den musikalske underhaldninga. Pink Six spelar både coverlåtar og eigenprodusert musikk. – Ryktet fortel at desse to veit alt om korleis ein lagar ein

lagar god stemning. Bandet Gruppeterapi med Olav Barmen Trollebø, Jonas Kråkenes, Birk Eikrem og Kristian Herland skal spele på dagtid og kveld fredag.

Konsertar på dagtid

For å lage den gode stemninga på dagtid laurdag har havfiskefestivalen fått med seg tre band som skal spele. Dette er Skjærgårdsgutta, som består av Willy Blålid, Helge Blålid, Elling Bortne og Arne Andal, Shadows med Helge Blålid, Willy Blålid, Harald Barmen og Arne Andal, og Havfiskefestivalen sitt eige countryband som består av Willy Blålid,

Inga Andal, Helge Blålid, Elling Bortne, Harald Barmen og Arne Andal.

Avsluttar med blues

Når Rorbua opnar for kvelden er det Love Boys frå Selje som først entrar scena. Deretter kjem Rawdhouse. – Dette er eit av landet sitt mest lovande bluesrockband. Dei spelar masse klassikarar frå 60 og 70-talet i tillegg til eigenproduserte låtar. Vi gler oss stort til disse gutta går på, seier arrangørane. Bandet frå Østfold spelar også på dagtid laurdag. MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no


FJORDENES TIDENDE MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2018 9

Festivaltilbud fredag og lørdag

330%

÷

rabatt på alt i butikken

Det lønar seg Å V E LG E TOYO TA H Y B R I D

Tech Bi-Tone Toyota C-HR Hybrid Lounge

Pris kr 359.900,-

PRIVATLEIGE

VINTERHJUL INKL. I PRISEN

kr 2.493,- pr. mnd.* FASTRENTE

1,95% nom. STARTLEIGE

kr 65.625,- inkl. mva. Toyota Safety Sense med radar • Sekvensielle blinklys • Sportsseter • Varme i ratt • LED-lys framme og bak • JBL lydanlegg • Kollisjonsvern • Adaptiv Cruise Control • Automatiske fjernlys + mykje meir

o Edition Hybrid Toyota Rav 4 AWD 71 Nord

197 hk.

PRIVATLEIGE

Pris kr 476.700,VINTERHJUL INKL. I PRISEN

kr 3.423,- pr. mnd.* FASTRENTE

1,95% nom. STARTLEIGE

kr 75.000,- inkl. mva.

Velkommen til

Gode Hjem Måløy As Gate 1 Nr. 137 Måløy – tlf. 95 36 66 20

Festivaltilbud Måløy Glassmagasin Alle serviser

Alt bestikk

-40% -25% Masse varer fra

-30-50%

KAMPANJEMODELL!

Automatgir • Adaptiv Cruise control • Toyota Safety Sense • Navigasjon • Ryggekamera • Elektrisk opning og lukking av bakluke * DAB+ radio + mykje meir

Go Nye Yaris 1,5 Hybrid Active PRIVATLEIGE

Pris kr 238.600,VINTERHJUL INKL. I PRISEN

kr 1.683,- pr. mnd.* FASTRENTE

1,95% nom. STARTLEIGE

kr 37.500,- inkl. mva.

Automatgir • Toyota Safety Sense • Navigasjon • Ryggekamera • DAB+ radio • Automatisk klimaanlegg • Regnsensor • Nøkkelfri start + mykje meir

Auris Hybrid Vision Sport PRIVATLEIGE

kr 1.996,- pr. mnd.*

Pris kr 309.800,VINTERHJUL INKL. I PRISEN

FASTRENTE

1,95% nom.

-25%

Mote hjør net

Alle varer

Masse sommer- og vårvarer -30% Lekeland tlf. 57 84 92 39 Måløy Glassmagasin

velkommen til en hyggelig handel!

STARTLEIGE

kr 48.750,- inkl. mva. Automatgir • Cruise control • Toyota Safety Sense • Navigasjon • Ryggekamera • DAB+ radio • Nøkkelfri start • Regnsensor + mykje meir *Inkl. frakt og reg.kostn. lev. Førde. Privatleige eks.: Auris 5-dørs: startleige/etabl.gebyr kr 53.740,-, totalt kr 125.596,-, 3 års bindingstid, køyrelengde 45 000 km. Renta er subsidiert i 3 år for deretter å bli justert til normal salsrente. Forbruk, utslepp CO2 og NOx på annonserte modellar: sjå www.toyota-nf.no. Avbilda modellar kan ha ekstrautstyr. Vi tek atterhald om trykkfeil. Tilbodet gjeld avgrensa tal bilar.


10 MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2018 FJORDENES TIDENDE

Fredag 3. august

Lørdag 4. august

1100

Rorbua åpner

0900

Folkekonkurranse

1100

Barnebordet åpner

1100

Rorbua åpner

1100

Elias småbåtbasseng

1100

Eliasbåten tar deg med på sjøen

1100

Eliasbåten kommer

1100

Hoppeslott

1100

Knutebenk

1100

Kystlaget selger sild

1100

Tang, tare og krabbe i akvariet

1100

Fisk og krabbe i akvariet

1200

Blekkulf kommer

1100

Knutebenk

1300

Eliasbåten vår feirer 2 år

1100

Blekkulf kommer

1300

Gruppeterapi spiller

1130 - 1230

Ansiktsmaling

1300 - 1800

Fiskerimuseet er åpent

1130 - 1700

Fiskerimuseet er åpent

1330 - 1430

Ansiktsmaling

1400

Havets skattekiste

1130

Skjærgårdsgutta, Shadows og Havfiskefestivalens eget countryband

1500

Båtene kommer inn

1200

Dykkere plukker skrot opp fra sjøen

1530

Smaksprøver av dagens fangst

1230

Barnas miljøløype

1900

Rorbua åpner for kvelden

1230

Sirkusartist

1930

Quiz

1230

Auksjon ved Turid Breidalen

2100

Gruppeterapi spiller

1300

Barnefiskekonkurranse på lekteren

2200

Pink Six spiller

1330

2400

Slutt

Avduking og presentasjon av gatekunstverk

1400

Rawdhouse spiller heftig blues

1500

Båtene kommer inn

1530

Smaksprøver av dagens fangst

2000

Rorbua åpner

2100

Love Boys spiller oppvarmingskonsert

2230

Rawdhouse spiller

0200

Slutt

Med forbehold om endringer


FJORDENES TIDENDE MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2018 11

Konkurransetid Amatørar, barn og profesjonelle fiskarar kan få teste fiskelukka frå kai og frå båt når arrangørane inviterer til fire ulike fiskekonkurransar fredag og laurdag. Bla om og les kva du kan delta på.


12 MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2018 FJORDENES TIDENDE

All fangsten går til matproduksjon Overskotsfisken frå alle konkurransane denne helga blir sendt til Snorre Seafood på Raudeberg. – Her ser vi på det med fiske, ikkje som konkurranse og idrett, men som mat. Dette er flott sjømat, understrekar Kjell

Oldeide i Nordfjord Havfiskeklubb, som arrangerer denne helgas NorgesCup. I tillegg til at Kraftstasjonen i Måløy skal lage smaksprøver av ein del av det som kjem på land (sjå eigen sak), blir den resterande fisken sendt til fiskemottaket på Raudeberg. – I tillegg til at ingenting då

blir kasta vekk, så får vi nokre kroner som vi kan ordne premiar for, samt at vi kan nytte pengane til å utvikle festivalen vidare, seier Oldeide, som understrekar at det er den gode og oppegåande infrastrukturen i Måløy og resten av kommunen som gjer at havfiskefestivalen lar seg gjennomføre.

TAR IMOT FISKEN: Snorre Seafood tar imot all fisken frå konkurransane. Her er elevar på besøk i fabrikken.ARKIVFOTO: SIV K. BERG

Ønskjer seg lokal vinnar i cupen Fredag og laurdag reiser over 30 fiskarar frå Norges Havfiskeforbund på havet for å sikre seg ein siger i NorgesCupen. Den lokale havfiskeklubben håpar snart ein fiskar heimehøyrande i regionen skal klatre til topps. – Vi håpar at fleire frå Nordfjord havfiskeklubb skal delta. Vi har ein del påmelde frå klubben og det er på tide at vi prøver å få ein lokal vinnar, smiler Kjell Oldeide i havfiskeklubben. Han fortel at deltakarane kjem frå mange ulike klubbar og at mange av dei beste fiskarane kjem til Måløy for å delta i konkurransen. – Her fiskar dei ut frå stramme reglar og konkurrerer mot kvarandre på toppnivå. Når båtane seglar ut fredag er ein om lag halvvegs i cupen, som vart starta 7. april og blir avslutta 7. oktober. Båtane kjem inn med fangsten fredag og laurdag ettermiddag, og då blir det veging og oppmåling før dei største fiskane blir hengt opp i storfiskstativet på Torget. – Når vinnaren er kåra så går ikkje han eller ho tomhendt heim frå konkurransen. Vi har eit premiebord som har passert 100.000 kroner i verdi, forklarar Oldeide.

STØRST: NorgesCupen er ein av konkurransen under festivalen. Kato Bøe frå Stryn fekk den største fisken, ein torsk på 12,5 kilo, under NorgesCupen i 2016. Her saman med May Liza Johannessen. ARKIVFOTO: BENEDIKTE FLATAKER

Oppmodar familiar om å fiske i lag Laurdag er det folkekonkurransen som står på programmet. Arrangørane fortel at ein ikkje treng reise langt for å stikke av med sigeren i denne klassa.

DOBBELSIGER: Stig Solheim (nr. 2 f.v.) vann folkeklassa under Måløy Havfiskefestival for andre året på rad i 2016. I år håpar arrangørane enda fleire vil ta ein tur på havet, og stiller med båtar til dei som treng det. FOTO: BENEDIKTE FLATAKER

– Her kan ein ta med seg familien i båten og reise på fisketur, og ein treng ikkje reise langt for å få god fangst på kroken. Eit år vart vinnarfisken fanga i Måløysundet. Dette var ein torsk på mellom 11 og 12 kilo. Ein treng ikkje gå over bekken etter vatn, smiler Kjell Oldeide. I fjor var det 76 deltakarar i denne klassa, og Oldeide fortel at her plar folk vente til dei ser kva vêret blir før dei melder seg på. – Det som folk skal vite er at vi har leigd inn mellom anna Nybakk slik at folk som ikkje har båt sjølve skal få høve til å vere med. Reglane i folkekonkurransen er enkle. Her handlar det berre om å få den største fisken. – Her er det ingen vanskelege poengberekningar, berre kriging om den største fisken. Etter å ha delteke i folkekonkurransen oppmodar Oldeide folk om å bli att i Måløy. – Der kan ein oppleve festivalstemninga på land også, og med fisketur og festival i bagasjen har ein fått med seg det beste av heile helga.


FJORDENES TIDENDE MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2018 13

Engasjementet rørte presidenten Då presidenten i EFSA fekk sjå over 100 barn på lekteren i Måløy under fjorårets festival vart han svært imponert.

– Vi tok han med så han fekk sjå barnefiskekonkurransen, skulearbeida som elevar had-

de laga gjennom vinteren, han fekk sjå folkelivet på Torget og han fekk vere med ut i båt. Det var ein rørt president som samanfatta korleis han opplevde europameisterskapen i Måløy, fortel Kjell Oldeide. Under gallamiddagen, som avslutta EM i havfiske i fjor, forsnakka også presidenten

IMPONERTE: Martine (7) og Liam Solberg (5) var blant dei 100 barna som imponerte EFSA-presidenten.

seg i avslutningstalen. – Han klarte ikkje la vere å seie at Måløy skal arrangere neste gong EM blir lagt til Norge. Han føregreip vel litt akkurat der, avgjerda skal takast i dei rette instansane, men det var veldig kjekke ord å høyre, smiler Oldeide.

ARKIVFOTO: CHRISTINA CANTERO

– DEN VIKTIGASTE KONKURRANSEN: I fjor var det over 100 ungar som deltok i barnefiskekonkurransen. Arrangørane håpar på nok ein rekord i år, og seier arrangementet er viktig for næringa og framtida til sportsfiskarane. Arrangørane ber ungar og vaksne bruke redningsvest og lovar premie til alle som deltar. ARKIVFOTO: CHRISTINA CANTERO

Det er ikkje noko som gler arrangørane meir enn dette synet – Eg kallar dette den viktigaste konkurransen under heile festivalen. Det seier Kjell Oldeide om barnefiskekonkurransen som går av stabelen laurdag.

Under fjorårets festival var over 100 ungar samla på lekteren for å delta i konkurransen. – Det er ikkje noko som gler ein mann som har vore i fiskerinæringa heile sitt liv meir enn å sjå alle dei ungane som står der og fiskar. Like kjekt er

det å sjå at bak ryggen til desse ungane står det like mange ivrige foreldre og besteforeldre, smiler Oldeide, som fortel at det var om lag 200 folk på lekteren i Måløy under arrangementet i fjor. – Vi håpar på ny rekord i år.

For både framtida til næringa og for sportsfiskarane er dette viktig. Har ein ei good fiskeoppleving i barndomen, så er dette noko ein hugsar for resten av livet, understrekar han. Arrangørane lovar også pre-

mie til alle som deltar. – Reglane er heilt enkle. Ein kan fiske med det ein har og alle kan vere med, samanfattar Oldeide, som samstundes understrekar viktigheita av at alle som er på lekteren har på seg redningsvest.

– Ei ypparleg helg å vise fram Måløy på Under bedriftskonkurransen håpar Kjell Oldeide lokale verksemder vil ta med seg kundar og leverandørar ut på fisketur.

FISKE: Fredag er det bedriftskonkurrane.ARKIVFOTO: CHRISTINA CANTERO

– Det er kjekt å ta med seg kundar og leverandørar til Måløy denne helga. Då får dei vist fram kor fantastisk flott Måløy er og kor gode vi er på det maritime. Dei vi har høyrt

frå, som har vore her, har likt seg veldig godt, fortel Oldeide. Bedriftskonkurransen går føre seg fredagen under festivalen, og båtane med verksemdene på seglar ut etter at deltakarane i NorgesCupen har reist ut. Verksemdene kjem til kai før fiskarane frå havfiskeforbundet. – Dette er alltid moro. Her er det litt «lausare» reglar enn for deltakarane i NorgesCupen, og vi plar køyre på med

litt interne konkurransar. Havfiskeklubben og festivalen ordnar også med båtar til deltakarane. I fjor var det om lag 40 deltakarar i denne klassa, og arrangørane håpar dei skal kome opp i liknande tal påmelde i år. – Vi håpar dette er noko dei lokale verksemdene vil vere med å støtte opp under. Vi kan love ein sosial og kjekk dag på havet, stadfestar Oldeide.


14 MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2018 FJORDENES TIDENDE

SKAL DU BYGGE NY BOLIG? Vi er forhandler av Urbanhus Gate 1 nr. 190 / 6700 Måløy / T: 57 84 88 00 / firmapost@unu-as.no Evt. kontakt Kent Rune Bugjerde mob: 905 11 520 Åpningstider

Mandag - torsdag: 07:30 - 16:00 Fredag: 07:30 - 13:30

www.unu-as.no

STIORST UTVALG TIL

SKOLESTART!

SOMMERSALGET

fortsetter

Kampanjeperioden glelder t.o.m.11/8 2018

massevis av varer

UKESTILBUD! UKKE 31

NYHETER!

10,-

SKOLESTART! ALLE* PENNALER

30% *GJELDER IKKE BECKMANN

1900

-30% på alt i Vichy

NEKTARIN KURV BaRe, kurv

2000

50-70%

PR. PK

FRA

KRONE-IS

Vitusapotek Måken - Måløy

ALT TIL

SKOLESTART

PR. KURV

Måløy Brygge - tlf. 57 85 08 05

Måløy Brygge, 6701 Måløy Tlf: 57 84 98 80 Fax: 57 84 98 89 epost: maaken@vitusapotek.no Åpningstider i sommer: man-fre 9-16, lør 10-14

6-pk, sjokolade & jordbær, 3,33 kr. pr. is

Gjelder i uke 31. Vi tar forbehold om eventuelle trykkfeil og at noen varer kan være utsolgt.


FJORDENES TIDENDE MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2018 15 Endå meir å gle seg til

RYDDESALG! ALLE HAGEMØBLER

-50%

EN MENGDE VARER Inntil

-70%

TILBUDENE GJELDER TORSDAG - LØRDAG!

MÅLØY

Bygg draumehytta på Harpefossen Aktivitet heile året!

• Familievennlig • Midt mellom hav og bre • Ski inn / ski ut • Downhill sykling og riding • Kort avstand til handelssenteret Nordfjordeid • Jakt og fiske • Flott turterreng sommar og vinter • Gode utleigemoglegheiter med online booking

Attraktive solrike hyttetomter som held høg standard, tilrettelagt for alle moderne fasilitetar. Tomtene ligg i umiddelbar nærleik av både skitrekk, lysløyper og turstiar opp på høgfjellet. Skisenteret inneheld alle fasilitetar, har varierte nedfartar, store områder for frikøyring, terrengpark, big-air bag, stort skileikområde, 6 heisar, 13 nedfartar og snøsikkert.

Kom og sjå våre nye attraktive tomteområder! Rimelege prisar.

6770 Nordfjordeid Kontakt: Reidar Vonheim / Tlf. 901 53 660 / hyttegrend@harpefossen.no

www.harpefossen.no

g l a S e d d y r SStatrtoerrtortSdag kl. 10.00 % 0 7 0 3 tt raba

r e d g n e m på av varer!

Måløy StorMarked, deknepollen, telefon 57 85 33 33 - GratiS parkerinG 750 kvm sportsbutikk


16 MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2018 FJORDENES TIDENDE

Vil formidle historia

Inviterer til auksjon

Fiskerimuseet på Lekteren i Måløy held ope kvar laurdag i sommar. Under Havfiskefestivalen har dei i tillegg utvida opningstider. – Det er naturleg å utvide opningstidene akkurat den helga sidan vi har samanfallande tematikk, smiler Lillian Myklebust, ein av vertane på museet. Vil du oppleve meir historie og kystkultur kan du oppsøke Kystkulturlaget. Dei skal selje sild på Torget laurdag.

Turid Breidalen arrangerer auksjon laurdag under havfiskefestivalen. Gjenstandane vil vere fiskerirelaterte og ifølge arrangørane er det mogleg å gjere eit skikkeleg kupp. – Turid har lurt fram ei rekke godbitar frå sine inste kammers. Det er nemleg der ho gøymer sine flottaste skattar, lokkar arrangørane. Det blir også fleire aktivitetar gjennom heile dagen fredag og laurdag på Torget.

AVDUKING: Laurdag skal dette kunstverket på Lekteren i Måløy avdukast. Tone Holvik-Eriksen, som er initiativtakar til prosjektet, kan fortelje at det bak presenningen skjuler seg fire fiskarar som står stolt over ei makrellstørje dei har fiska. Holvik-Eriksen fortel at ho på motsett side av Lekteren ønskjer å få opp eit gatekunstverk som viser kvinner som flekker hå. Men i første omgang er motivet ei makrellstørje, noko som botnar i havfiskeklubben sitt ønskje om kvote på tunfisk. FOTO: MARIANNE S. ROTIHAUG

Håpar gatekunst skal gi kvote Havfiskeklubben sitt ønske om ei makrellstørjekvote er inspirasjonen bak det nye gatekunstverket i Måløy. – Verket viser fire fiskarar som står stolt over ei makrellstørje dei har fiska, forklarar initiativtakar Tone Holvik-Eriksen. Verket, som er plassert på Lekteren i Måløy er laga av

Mikael Noguchi som er ein profesjonell 3D-artist, spelutviklar, illustratør og «gatekunstnar». Han har tidlegare laga graffiti for blant andre superstjerna Justin Bieber. Holvik-Eriksen fortel at motivet for det nye verket ikkje er tilfeldig. – Måløy Havfiskefestival og Nordfjord Havfiskeklubb jobbar saman med Havforskingsinstituttet om eit merkeprosjekt av makrellstørje. Allereie i år kan vi få kvotar. Her ser vi i festivalen eit stort potensial i form av ei satsing på fisketurisme med ein global marknad.

Kan bli fiske etter tunfisk i år

I år blir det opna for eit merkefiske på størje eller tunfisk i regi av Havforskingsinstituttet. Her skal 20 fiskar fiskast levande opp til båten, og så skal forskarar rykke ut og sette inn eit popup-merke. Grunna små ressursar er det bestemt at dette fisket skal gå føre seg med Bergen som base. – Vi la inn ein sterk søknad for at Måløy ville vere ei fantastisk bra hamn for dette merkefisket, men dei ønskte først å prøve frå Bergen, forklarar Kjell Oldeide i Nordfjord Havfiskeklubb. Men om ein ikkje får fylt opp kvoten på 20 fisk mellom

20. august og 1. oktober må forskarane flytte på seg. – Då kan vi få fiske etter makrellstørje i Måløy allereie i år. Her har vi hatt observasjonar av tunfisk i Halneset, og på klubbturen vår i år såg vi størjer som låg og leika seg ved Kråkeneset, fortel Oldeide.

Vil bli sportsfiskarplass

Makrellstørja er den største tunfiskarten og kan bli mellom 700 og 800 kilo. Arten kan svømme mellom 70 og 80 kilometer i timen og er ifølge Oldeide noko av det mest ultimate ein kan få på stong. – Folk reiser langt for å oppleve dette. Om vi tidleg mar-

knadsfører oss som Sør-Norge sin sportsfiskarplass og får tunfisk som ein av artane vi kan fiske etter, då har vi skote gullfuglen. Dette kan vi kombinere med laksedorging, fiske i innlandselvane og tradisjonelt havfiske etter kveite og lange, og då kan vi verkeleg gjere det stort, seier Oldeide som viser til at ein i kommunen har ei historie knytt til makrellstørjefiske. – Vi ligg midt i smørauget for denne ressursen, seier Oldeide, som sjølv allereie har kjøpt tunfisksnelle og -stong. MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no


FJORDENES TIDENDE MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2018 17

Ditt spisested på Torget. Festivalåpningstider: Fredag - lørdag 10.00 - 03.00

Radio-TV Service

Ordinære åpningstider: Mandag - torsdag 12.00 - 20.00

elkupp.com – Tlf. 57 85 14 01

kjøp avisa her Sandane Autosenteret Åheim Spar Volda Narvesen Stryn Narvesen Førde Narvesen på rutebilstasjonen, Sjuke-huskiosken Florø Narvesen Bremanger O. Håvardstun Kalvåg Spar Svelgen Coop Prix, Svelgen Motorsenter Ålesund Sunnmørsposten Andre Ekspressbåten Selje/Bergen/Selje

Søndag 14.00 - 18.00

... eller last ned appen og kjøp avisa der du er, når du vil.

Frequency.no

Måløy Rema 1000, Kiwi, Måløy Mix Holvik Bunnpris Oldeide Mat Raudeberg Spar Deknepollen Kiwi, Rema 1000, Måløy Servicesenter, Bakeriet Kaffebar Selje Coop Prix, Bunnpris Flatraket Joker Stadlandet Bunnpris Bryggja Bunnpris Stårheim Stårheim bensinstasjon Nordfjordeid Bunnpris, Coop Extra, Esso, Circle, Narvesen, Rema 1000, Sjukehuskiosken

Fredag - lørdag 12.00 - 03.00

DEI SJU TENESTEPRINSIPPA I KINN KOMMUNE Alle innbyggarane i Flora og Vågsøy nyttar seg i dag av ulike kommunale tenester, anten det er skular, kommunale vegar eller omsorgsbustadar. Kinn har ambisiøse mål om korleis ein skal utvikle tenestene framover.

1

NÆRLEIK TIL TENESTENE: - I Kinn skal ein ha tenester der ein bur. I intensjonsavtalen står det tydeleg at ein skal «ha og utvikle førstelinetenester som skular, sjukeheimar, helse- og omsorg, barnehagar og kulturtilbod der dei er ved samanslåinga».

2

FØREBYGGING OG TIDLEG INNSATS: - Ein skal ha fokus på førebygging i alle livets fasar. Utallige studiar viser at tidleg innsats anten det gjeld store eller små behov er den mest effektive måten å drive helsearbeid, og gjev også høgst livsverd for brukaren. Når vi brukar meir midlar tidleg, brukar vi mindre på å reparere.

3

4

HEILSKAP OG SAMHANDLING: - I dag er ein i begge kommunar for dårlege til å samhandle og jobbe på tvers. Dette blir spesielt tydeleg for dei som har store tenestebehov i dag innan helse og omsorg, men også for dei som blir sendt frå sakshandsamar til sakshandsamar med byggjesøknaden sin. Vi må snakke saman meir internt, og sikre at innbyggarane opplev ein administrasjon som ser heilskapen. GOD KVALITET: - Du som innbyggar skal oppleve god kvalitet på tenestene som blir leverte til deg. Ein vesentlig del av dette er å avklare forventingar og vere tydeleg tidleg om kva du kan forvente av oss som kommune.

5

DYKTIGE MEDARBEIDARAR: - Vi skal ha tidenes kompetanseløft i Kinn. Ikkje fordi nivået er lågt i dag, men fordi kompetanseutvikling er med på å løfte kvaliteten på tenestene våre. I intensjonsavtala står det at Kinn skal vere «ein kunnskapsutviklande og attraktiv arbeidsplass for dei tilsette» og at ein skal «rekruttere dyktige medarbeidarar inn i ein samla kompetanseorganisasjon».

6

SAMHANDLING OG SAMSKAPING MED INNBYGGARANE: - I både Vågsøy og Flora er ein i dag for dårleg til å involvere innbyggarane i vesentlege prosessar, som planprosessar. Det skal vere eit bærande prinsipp i Kinn at ein aktivt skal involvere innbyggarane i prosessar som er relevante for dei. I intensjonsavtalen står det også at ein skal «vere ein aktiv samfunns- og næringsutviklar og etablere møteplassar, partnarskap og samhandling».

7

24/7-FORVALTNING: - Ved hjelp av betre tekniske system skal kommunen vere der for deg når du treng det. I det ligg at du skal vere mindre avhengig av opningstider både for å finne informasjon og for å levere nødvendig dokumentasjon, søknadar og informasjon til oss.

Kinn kommune vert den åttande største kommunen i nye Vestland fylke med 17.500 innbyggarar og 1.600 tilsette. For å utvikle gode tenester og skape ein god arbeidsplass, legg kommunen til grunn sju sentrale tenesteprinsipp i styringa av kommunen.

INF

ORM

ASJ

ONS

MA

GAS

IN F OR

INN

BYG

GJA

RAN

E I FLO

RA

KOM

MU

www.kinn.kommune.no Reformoptimisten - sidde 4

Bygdeen

gasjeme nt -

side

8

Ung

FØLG OSS PÅ SOSIALE MEDIER FOR NYHENDE OG AKTUALITETAR FACEBOOK

INSTAGRAM

YOUTUBE

dom en mob

ilise

rer -

side

16 Tenesteutvikling i Kinn - side 10

BLI KYSTKJENT MED KOM MUN DEN NYE EN KI NN

MAG AS PÅ V INET FIN ÅR H N EIME DU SIDE

NE

OG

VÅG

SØY

KOM

MU

NE


18 MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2018 FJORDENES TIDENDE

Tilbyr skattar frå havet

Vil lære deg nye knutar

Havfiskefestivalen har bestemt seg for å vidareføre tilbodet om havets skattekiste. Her klargjer arrangørane ulike typar fisk og grønsaker, og så kan barna lage sin eigen fiskepakke som blir laga til på grillen. – Dette har vore eit veldig populært tilbod, og passar rett inn i tanken om at vi skal få ungar til å ete fisk, fortel dagleg leiar Rita Andal, som understrekar at tilbodet er ope for alle.

Arrangørane inviterer små og store til å lære seg nye knutar, eller å friske opp gamle kunstar når dei set opp knutebenken på Torget fredag og laurdag. – Knutebenk er ein moglegheit både for unge og vaksne til å lære seg dei viktigaste knutane og knop som brukast til sjøs. Her kan du få testa dine gamle knutekunstar eller lært deg nokre for første gang, skriv komiteen om den nye programposten.

Gir ei smaksprøve på festivalfangsten Kraftstasjonen skal lage smaksprøver til dei frammøtte på Torget av fangsten som båtane kjem inn med under Havfiskefestivalen. Prøvekaninane var godt nøgde med fiskeburgaren dei smakte. – Kjempegodt, var responsen frå Dag-Rune Lågeide og Ingrid Fredriksen då dagleg leiar Andreas Foss Iversen ved Kraftstasjonen Restaurant & Kolonial i Måløy gav dei ei smaksprøve på fiskeburgaren med laks og torsk. Under Måløy Havfiskefestival skal kokkar stå på kaia og lage smaksprøver på det båtane måtte kome inn med av

ulike fiskeslag. – Sidan starten har vi i festivalen sett på det som ei stor moglegheit å utnytte råvara vi tar opp frå havet. Samstundes ønskjer vi eit samarbeid med næringslivet, som kan føre til felles hygge og glede hos publikum, fortel dagleg leiar Rita Andal for festivalen. Både Kraftstasjonen og festivalen ønskjer at folk skal bli flinkare å ete fisk. Her gir Andreas Foss Iversen deg oppskrifta på tre gode fiskemiddagar:

meierismør og 4 spiseskeier creme fraiche. For å gjere fiskesuppa tjukkare piskar du opp 3 desiliter fløyte til krem, og vender det inn i fiskesuppa. Smak til med sitron og salt.

Fiskesuppe

Bakt kvitfisk

Kok opp krafta og tilsett 2 spiseskeier

Ulike fiskeslag treng ulik behandling.

Ta utgangspunkt i ein liter fiskekraft. Om ein ikkje lagar det sjølv er det enkelt å få tak i både hos Havfruen og i vanlege daglegvarebutikkar.

I suppa kan ein ha i nesten alt ein vil eller føler for, som til dømes reker, blåskjel, rogn og ulike fiskeslag. Men det er viktig at du ikkje kokar fisken i suppa, men trekk den, for at den ikkje skal smuldre opp. Å bake fiske er enkelt og det trengst få førebuingar. Du startar med å sette steikeomnen på 180 grader, gjerne med eit lite vassbad nedst i omnen.


FJORDENES TIDENDE MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2018 19

Fiskar og båtar på land

Set fokus på reint hav

Både fredag og laurdag vil det ligge til rette for leik med småbåtar og fiskeobservasjonar på land. Festivalen set opp Elias sitt småbåtbasseng der det blir både småbåtar, ferjer, håvar, og små fiskestenger. I akvariet blir det både tang, tare, krabbe og fisk i løpet av helga. I tillegg vil barnebordet, som er små bord og stolar med aktivitetar som teikning og måling, vere ope og tilgjengeleg gjennom helga.

Havfiskefestivalen ønskjer eit sterkt miljøfokus på arrangementet. Dette viser att i programmet. Fredag og laurdag kjem Blekkulf for å snakke med barna om miljø. Laurdag er planen at dykkarar skal plukke skrot opp frå sjøen, og i etterkant av dette inviterer festivalen barna til å delta på ei miljøløype der deltakarane får lære meir om miljø, kjeldesortering og konsekvensane av søppel i havet.

BAKT KVITFISK: 170 grams fiskefiletar treng mellom sju og åtte minutt i steikeomnen. Her er fisken servert med byggotto, reddik, graslauk og nøttesmør.

FISKESUPPE: I fiskesuppa kan ein ha i nesten alt ein vil eller føler for, som til dømes reker, blåskjel, rogn og ulike fiskeslag. Hugs at fisken skal trekke, og ikkje koke.

PRØVESMAKING: Dagleg leiar Andreas Foss Iversen (t.v.) ved Kraftstasjonen Restaurant & Kolonial i Måløy serverer fiskeburgar til Dag-Rune Lågeide og Ingrid Fredriksen. – Kjempegodt, var responsen frå Lågeide, som har røter på Bryggja. ALLE FOTO: MARIANNE S. ROTIHAUG

Nokre fisketypar er ypparlege å bake, medan andre er best i steikepanne. Om du skal bake fisken, er det absolutt ein fordel å bake denne med skinnet på.

Nesten alt fungerer med ein godt bakt kvitfisk. Her har vi byggotto med reddik, vårlauk og nøttesmør.

Del fiske opp i porsjonsbitar på om lag 170 gram og legg bitane på ei bakebrett med olje. Skinnsida skal vende opp. Om fisken ikkje har vore salta, strø godt med salt over rett før du sett den i omen.

Fiskeburgaren kan lagast i ei kjøkkenmaskin, men foodprosessor er føretrekt.

Steiketid kjem an på tjukkleiken på fisken. Ein kan kjenne på fisken når den er ferdig ved å trykke på fileten. Når fiske flakast forsiktig, men gir lett motstand er den ferdig. Ein kan også stikke fileten med ein tynn kniv mot fibrane. Om kniven glir lett gjennom utan motstand er fisken ferdig. Ein reknar om lag 7–8 minutt på filetstykke på 170 gram.

Fiskeburgar

Eit lite triks er å legge blandebollen i frysen eller kjøleskap før du startar. Fiskefarsen vil blande seg lettare om alle ingrediensane har lik temperatur. Denne temperaturen skal helst vere så låg som mogleg. Dette treng du til fiskeburgarane: 600 g laks 400 g torsk 200 g røykt laks i terningar 1 lauk 1 ss potetmjøl

1 egg 2 dl fløyte 2 ts salt graslauk, etter ønske. Start med å lage ei farse av grovkutta laks og torsk. Ha i finkutta løk, potetmjøl, egg og salt. Når dette bind seg saman i blandebollen kan du begynne å spe i iskald fløyte til farsen setter seg. Vend i finkutta røykelaks og graslauk etter ønske og begynn å forme farsen til burgarar. Den kan steikast ferdig i panne, eller i steikeomn ved å gi den ei lett steikeskorpe i panna først. MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no


20 MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2018 FJORDENES TIDENDE

Du som abonnerer på papiravisa kan lese alle sakene på fjt.no, også dei som er merka med eit plussteikn + . I nokre av sakene får du ekstra innhald som biletseriar, animasjonar og videoar.

+

Du kan logge deg inn på fjt.no både på pc, nettbrett og mobil.

1 Gå til fjt.no og «Logg inn» i menyen øvst til høgre.

2

3

!

Vel «Opprett bruker», legg inn din e-post og vel eit passord.

Du mottar ein e-post frå Fjordenes Tidende. Klikk på lenka i e-posten for å aktivere brukaren din.

NB! Har du allereie ein Spid-brukar hos f.eks. Aftenposten, Finn.no eller VG? Då loggar du deg inn med same e-post og passord på fjt.no.

Treng du hjelp? Ring kundesenteret vårt. Vi hjelper deg gjerne! Tlf. 57 84 90 00


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.