Hav av moglegheiter

Page 1

Hav av moglegheiter Magasin om fiskeri og havbruk i Sogn og Fjordane. Gitt ut av Fjordenes Tidende og Firdaposten i november 2018.

Fører arven vidare

Side 6 og 7

21 år og klar: Peder Stave har ei fortid som sjømann, og no står han klar til å overta drifta av familieverksemda Per Stave på Stadlandet.

foto: Jørn-Arne Tomasgard


2

hav av moglegheiter 2018

Les meir om desse sakene:

Har kollegaer kloden rundt Side 8–9

Fabrikk reiste seg frå oska Side 16–17

Einaste utviklingsaktør frå fylket Side 30–31

Gir ungdom sjansen Side 34–35

Fekk pris for taremat Side 36–37

Elevar med pigghå på timeplanen Side 38–39

Hav av moglegheiter 2018 Dette bransjemagasinet er det 16. i rekka frå Firdaposten i Florø og Fjordenes Tidende i Måløy. Vi som til dagleg kivast om å vere først med lokale nyhende i dei dekningsområda vi deler, ser heilt klart at vi saman kan lage eit betre og meir komplett produkt. Ansvarlege redaktørar: Erling Wåge i Fjordenes Tidende og Svend Arne Vee i Firdaposten. Redaksjonsansvarlege: Arve Olav Solbakken, Firdaposten og Sindre Blålid Kvalheim. Skrivande journalistar: Arve Olav Solbakken, Sindre Blålid Kvalheim, Jørn Tomasgård, Liv Standal og Arne Hjorth Johansen. Marknadsansvarlege: Sander Ødelien, Firdaposten og Ståle Tennebø i Fjordenes Tidende. Formgjeving: Bernt Ove Berntsen, Firda Trykk: Sogn og Fjordane Trykk. Førde. Opplag : 49.000 eksemplar som blir distribuert til alle hustandar og verksemder i Sogn og Fjordane.

VISJONEN: Slik tenker INC-konsernet seg bruk av nye baseområde. Her kjem også base for seismikkselskapet PGS rett aust for hydrogen-arealet.

Grønare tenking FLORØ: INC-konsernet på Fjord Base bygger snart eit pilotanlegg for laks til 50 millionar. Men dei har ein stor og grøn visjon om storanlegg i vest kombinert med hydrogenfabrikk.

cellepanel. Dessutan tenker vi å samle opp mest mogleg av dei biologiske avfallstoffa og nytte dei til produksjon av biogass, forklarer Førde. Men først skal ein teste ut lakseproduksjonen i eit pilotanlegg, plassert rett ved sidan av Havlandet Marin Yngel midt på baseområdet. Bygginga av piloten skal starte i 2018. – Dette gjer vi for å utnytte den tekniske infrastrukturen og systema i Havlandet Marin Yngel og for å utnytte kompetansen og arbeidskrafta til dei som jobbar der, forklarer Førde.

– Pilotanlegget er første steg i satsinga på eit stort landbasert anlegg på Gaddholmen, fortel økonomidirektør Roald Førde til Firdaposten.

Bjørn Lillelien presiserer at i drifta av pilotanlegget med konsesjon på 200 tonn matfisk av laks, legg dei opp til ei detaljert prøvetaking og loggføring av både miljø og helseparameter på laksen for å hente ut mest mogleg kunnskap før oppskalering i eit nytt anlegg på Gaddholmen. Oppsamling av biologisk avfall og utnytting av denneer også sentralt i utprøvinga. – Vi brukar landets fremste ekspertise i planlegginga og anlegget skal leverast av Aqua Optima,som har lang erfaring med RAS-system i landbaserte anlegg, fortel Lillelien.

Visjonen er å kombinere eit stort landbasert produksjonsanlegg for laks med ein hydrogenfabrikk. Hydrogen er venta å bli eit viktig produkt som eit miljøvennleg drivstoff til framtidas båtar, lastebilar, bussar og bilar. – «Avfallstoffet» i hydrogenproduksjon er rein oksygen, som vi kan bruke direkte i lakseproduksjonen. Ein hydrogenproduksjon frigjer også mykje varmeenergi. Vidare tenker vi oss at den sørvendte delen av halltaket på lakseanlegget kan dekkast med sol-

Arve Olav Solbakken



4

hav av moglegheiter 2018

Kronikk: Ei framtidsnĂŚring


hav av moglegheiter 2018

Visste du at vi i Sogn og Fjordane produserer over 500 millionar laksemåltid kvart år? Ikkje nok med det, så er miljøavtrykket frå denne laksen mindre enn 1/10-del av kjøttdeigen du nyttar i fredagstacoen din. Laksenæringa er ei berekraftig næring som syter for trygg mat, arbeidsplassar og verdiskaping til kyst og samfunn – ei næring verdt å satse på! Du tykkjer kanskje no at eg er ein smule inhabil på området, med min bakgrunn frå ein oppdrettsfamilie. Men eg bygger på objektive fakta. Det krevst berre litt over ein kilo fiskefôr for å produsere ein kilo laks, og det er få råvarer som kan måle seg med dette. Myten om at det fortsatt blir brukt større mengder antibiotika svirrar rundt på diverse medium i ny og ne. Dette stemmer faktisk ikkje. Av den totale antibiotikabruken i Norge går omtrent 0,5 prosent til produksjon av laks (273 kg), 10.3 prosent til produksjon av storfe (5 850 kg) og 89,3 prosent er forbrukt av menneske (51 177 kg). Effektive vaksinar og førebyggjande tiltak syter for ein frisk fisk. At laksen er sunn for meg og deg blir kontinuerlig sjekka og er under streng kontroll. Årleg blir over 12 000 laks analysert for miljøgifter og resultata viser at desse er langt under kritisk grenseverdi. Samtidig er laksen rik på omega-3, vitaminar og mineralar som vi alle er avhengige av – spesielt no på vinterstid. Viss ikkje laksen var sunn og god, kva er det då som gjer til at Helsedirektoratet rår oss til å ete meir laks? Som i dei aller fleste næringar, har også havbruk utfordringar. Lak-

selusa er ei av dei. Det er faktisk mindre lakselus enn før i anlegga, men strengare grenser har ført til at laksen må behandlast oftare for å oppretthalde dei låge grensene. Lusegrensa er låg fordi villaksen skal skånast, noko som også er i alle oppdretterar si interesse. Lakselusa er ein tilpasningsdyktig parasitt- som er ein naturleg del av naturen. Derfor må vi finne effektive og berekraftige metodar å handtere den på. Oppdrettarane jobbar iherdig kvar dag for å få bukt med lusa, og totalt sett vert det no investert fleire milliardar kroner i utstyr i kampen mot lakselusa. Luselasarar, mekanisk avlusing, luseetarar (rensefisk), havmerder, lukka merdkonsept og mykje meir. Skal vi innfri statens ynskje om mangedobling av lakseproduksjonen, så må vi naturlegvis få kontroll på lusa. Alle dei over 100 søknadane om utviklingskonsesjonar talar i alle fall for at viljen og innsatsen er tilstades hos oppdrettarane. Men skal vi oppnå vekst, trengs det meir enn berre vilje. Vi treng kloke og engasjerte fagfolk, som kan løyse notidas og framtidas utfordringar. Med den teknologiske utviklinga som no skjer i havbruksnæringa, med resirkuleringsanlegg og anna spanande teknologi, vil ein framover trenge fleire ingeniørar og biologar. Og er du kompetansedyktig og villig til å bu i distrikta, så er du ein ettertrakta arbeidskandidat til ein jobb som kan by på ein spanande og variert kvardag i ei næring i rask utvikling. Det krevst også større politisk vilje og meir tilrettelegging for akvakultur. Dei 100 søknadene om utviklingsløyve, er retta inn mot å finne løysingar utfordringane, men

berre åtte søkjarar har fått godkjenning. Ytterlegare sju søkjarar har fått beskjed om at dei er gjennom nålauget. Likevel, har dei aller fleste fått minimalt med løyve på konsept som krev astronomiske investeringar og inneber betydeleg økonomisk risiko. Eg tykkjer det er underleg at staten ikkje er meir positive til slike prosjekt, med eigarar som er villig til å satse stort for å realisere kostnadkrevande prosjekt som ein tidlegare berre kunne drøyme om. Signala har vore at det må investerast betydelege summar for å få gjennomslag for konsepta. Det fører til aktørane må bygge opp og samle mykje kapital for å realisere prosjekta. Ikkje alle aktørane har denne moglegheita. Gode idear med lågare investeringsbehov, som er verkar gode og lovande på papiret, blir ikkje prioritert. Dette er eit stort paradoks. Utviklingsordninga har utløyst den største innovative nytenkinga sidan oppbløminga av oljenæringa, men til suboptimal nytteverdi. Eg høyrer stadig diskusjonar om at oppdrettsnæringa bør flyttast på land. Eg kan seie meg einig i at ei løysing på berekraftig vekst er å produsere noko laks på land. Mogleg opp til ein viss størrelse, som til dømes større smolt. Men å flytte heile næringa på land, er like surrealistisk for meg som å flytte landbruket på sjøen. Å flytte heile næringa på land vil krevje enorme landareal. I tillegg må vi ha plass til vekst samanlikna med dagens produksjon. Anlegga må naturlegvis plasserast ved kysten, med tilgang på sjøvatn og ferskvatn, samt krevje eit enormt energibehov for å syte for tilstrekkeleg mengde av nød-

vendige innsatsfaktorar som ein elles har naturleg tilgang på i sjø. Det krev også enorme investeringssummar og produksjonskostnaden per kilo vil verte langt over det normale. Skal ein oppnå ein berekraftig, fullskala produksjon av laks på land, må ein ha dei beste føresetnader for at produksjonen vert lønsam. Eg har tru på at visse område eignar seg til landproduksjon, men ikkje for 1,3 millionar tonn laks. Verdas overflate består av meir enn 70 prosent sjø, og Noreg har en kyst med mange moglegheiter. Vi har optimale akvatiske forhold til å produsere laks i Noreg. Vi er blitt velsigna med ein fantastisk kyst, men likevel nyttar vi berre omtrent 0,5 prosent av vårt totale sjøareal. Samstundes er verdas befolkning estimert til å stige til ni milliardar i 2050. Skal vi klare å fø alle desse menneskja, må vi produsere meir mat, og kva betre måte er det enn å utnytte vår fantastiske havressurs? Skal vi fortsette å vere den sterke sjømatnasjonen som vi er, så inneber dette blant anna meir satsing på havbruk. Det er ei viktig næring for samfunna omkring i landet, som syter for arbeidsplassar og verdiskaping over heile landet. Meir tilrettelegging av havbruk vert essensielt for framtidig vekst, og ikkje minst å dyrke fram fleire dyktige og kompetente fagfolk med oppdatert kunnskap, med hunger for å løyse morgondagens utfordringar i havbruksnæringa!

Gaute Vassbotten, Sjømattrainee hjå PwC Bergen.

5


6

hav av moglegheiter 2018

Eplefall langs stammen FAR OG SON: – Eg er klar til å gi frå meg ansvaret når han er klar, seier Rune Stave om

STADLANDET: Halvparten av lutefisken i Sverige og Finland kjem her i frå. No står 21-åringen Peder (21) klar til å overta familiebedrifta.

JØRN-ARNE TOMASGARD og sindre blålid kvalheim

fjt@fjt.no

Vi minner om riktig merking av fast reiskap for fritidsfiskarar Livet i havet - vårt felles ansvar

sonen Peder.

Foto:Jørn-Arne Tomasgard.

– Eg tek det gradvis. Eg må lære meg drifta med tørking, luting og kvalitetsvurdering. Så får vi ta ting etter kvart, seier Peder. Det er 44 år sidan bestefaren, Per, opna fiskemottaket på Stadlandet. Sidan har familiebedrifta produsert lutefisk og tørrfisk for sal i butikkar. Dei siste 23 åra under leiing av Peder sin far, Rune. No står sonen klar til å overta slik Rune gjorde i 1995. – Eg har sagt at han skal få den tida han treng for å kjenne seg trygg i rolla. Men eg er klar til å gi frå meg ansvaret når han er klar, seier Rune Stave, før han legg til:

– Eg er veldig stolt over at ein ny generasjon no skal ta over.

Skal inn i hus Under Rune si leiing har produsenten av lutefisk, tørrfisk og hundefôr teke store steg. – Vi hadde mykje tørking ute tidlegare, men eg bestemte meg for at all produksjonen skulle inn. Det førte til mykje meir stabil drift og jamnare kvalitet. Selskapet har 12–13 tilsette og omsette i 2017 for drygt 26 millionar kroner – ei auke på 7 millionar kroner frå året før.

Laboratorium med lang erfaring og høy kompetanse på mikrobiologiske og kjemiske analyser av næringsmiddel, vann og miljø. 6718 Deknepollen, tlf: 57 85 35 11, lab@matmiljo.no www.mat-miljo.no Akkreditert laboratorium etter NS-ISO/IEC 17025

Adr: Postboks 185 Sentrum, 5804 Bergen • Besøksadr.: Gate 1, nr. 60, Måløy Tlf: 03495 • epost: postmottak.maloy@fiskeridir.no • www.fiskeridir.no


hav av moglegheiter 2018

Foto: Fjt

Overskotet vart på halvannan million kroner.

Marknadssamarbeid – Vi fann ut at vi måtte ha eit samarbeid på marknadssida, vi kunne ikkje sitje her på eit nes åleine. På den måten kan vi styre med det vi kan utan å måtte tilsette fleire folk. I staden kunne vi auke produksjonskapasiteten, seier Stave, som trur omsetnaden i år vil nå 30 millionar. – Grunnen er høgare prisar både inn og ut. Eg seier som ein gammal fiskeskipper: «Overskotet ligg borti krokane her».

Vi byggjer og byggjer varelager og passerer snart 20 millionar kroner, avslører Stave. På lutefisk er Per Stave AS størst i Finland og Sverige der dei har høvesvis 50 og 40 prosent av marknaden. I Norge er marknadsdelen om lag 10–12 prosent. – Vi produserer råstoff til 500 tonn lutefisk til Sverige og Finland. I år lagar vi om lag 250 tonn ferdig lutefisk til den norske marknaden. Mottaket sin tørrfisk av hyse og sei går til Nigeria, medan om lag 10 millionar av omsetnaden kjem frå produksjon av

TØRRFISK: Tørrfisk er basis for både lutefisk og hundemat. Lutefisk blir laga av lange

og torsk.

hundefôr der produktet er kappa tørrfisk pakka i vakuum.

Rådgjevar og vaktmeister Rune Stave eig 100 prosent av verksemda, og sjølv om han no står klar til å overlate den daglege drifta til neste generasjon, så vil eigarskiftet komme ved eit seinare høve. 57-åringen har i tillegg til sonen Peder også to døtrer. – Det er betre at han får ta over medan verksemda har sunn drift og ting går bra, enn at vi ventar. Eg vil vere her slik at han kan rådføre seg om han treng det. Eg blir rådgjevar og vaktmeister, smiler Rune.

Foto: Jørn-Arne Tomasgard.

Peder Stave reiste til sjøs på fiskebåt då han var 15 år, og gjekk i land frå Godøybåten Nesbakk i november i fjor. Han har også bakgrunn frå havbruksutdanninga ved Måløy vidaregåande skule, og ser no fram til etter kvart å overta ansvaret for familieverksemda på Stadlandet. – Vi skal byggje kantine, garderobe og kontor som skal vere ferdig til jul. Prosjektet har eit budsjett på om lag ein million kroner. Elles har vi høveleg bygg slik situasjonen er no. Men marknaden kan endre seg frå dag til dag, så vi må følgje med og tilpasse oss, slår 21-åringen fast.

BREMANGER KOMMUNE MED HAVROM FOR INNOVASJON OG NYSKAPING Innovasjon og nyskaping er grunnlaget for at lokalsamfunna skal utvikle seg. Bremanger har både ånda, folka og naturen som skal til for å verte ei drivkraft innan desentraliserte innovasjonsprosjekt og utvikling av nye og etablerte næringar. Fiskerihamna i Kalvåg er eit døme på eit prosjekt som kan få store positive ringverknader for regionen og næringa. Bremanger er ein fiskerikommune med eit hardt arbeidande og optimistisk fiskerimiljø. Ei ny fiskerihamn er avgjerande for ei vidare berekraftig utvikling i Bremanger kommune.

Bremanger kommune bremanger.kommune.no

KALVÅG FISKERIHAMN

Frequency.no

FRÅ ARKIVET: Rune Stave saman med far Per Stave som han overtok etter i 1995.

7


8

hav av moglegheiter 2018

Her jobbar dei kloden

FLORØ: Som del av Steinsvik-gruppa har databedrifta Mercatus vakse frå vel ti til kring 35 medarbeidarer.

arve Olav solbakken tekst og foto

Mercatus-tilknytte folk kan du treffe på både i Tasmania, Quatar, Vietnam, Skottland, Norge, Chile og Canada. Men alt arbeidet som blir gjort, er å finne i «skya». Programvarene er webbaserte og derfor lett tilgjengeleg verda over. – Utviklinga i selskapet er komen inn i ein meir moden fase, slik at med unnatak av salsteamet, så reiser vi mindre enn før. Grunna tidsforskjellane må service-desken vere fleksibel på arbeidstidene. Vinterstid har vi kundar spreidd over 19 tidsso-

ner frå British Colombia i vest til Australia i aust, forklarer Steinar H. Midbø. Mercatus har no 12 tilsette i Florø, ein i Austevoll og ein skotte som jobbar online frå Quatar. Steinsvik-avdeling i Chile tel åtte personar, medan det er 14 utviklarar i sving i Nha Trang i Vietnam. Steinsvik Mercatus gjer det bra i konkurransen og vann nyleg ei stor kontakt med Nordlaks i Finnmark, som har 30 konsesjonar på lakseproduksjon. Mercatus sin største kunde, Marine

Harvest, har dei jobba tett med sidan 2001. – Marine Harvest er eit stort integrert system med produkssjon av rogn, settefisk, matfisk, eigen fôrfabrikk, eigne båtar, slakteri og foredling. Men våre system er attraktive også for dei små- og mellomstore selskapa i bransjen. Men software er ferskvare på same måte som brød frå bakeriet. Ein må ligge frampå i utviklinga, elles blir ein fort utdatert, understrekar Midtø. Mercatus sine datasystem er delt i modulane Farmer, Future,


hav av moglegheiter 2018

n rundt

VIETNAM-besøk: To Mercatusprogrammerarar, Thanh og Khanh.,

fakta ■■ Mercatus starta som ei gründerbedrift i

Florø i 2000. Økonomen Knut Eikeland og datamannen Michael Dorfman stod bak utviklinga av selskapet, som spesialiserte seg på utvikle programvare for biologisk produksjon kobla mot økonomi, finans, helse og miljø innan landbruk og lakseoppdrettsnæringa. Web-baserte løysingar gjer tilbodet tilgjengeleg globalt. ■■ I 2007 overtok dataverksemda Ocea i Austevoll aksejkontrollen i selskapet, som seinare fekk namnet Ocea Mercatus. Seinare blei dette del av Steinsvik-gruppa, som er ein av to store total-leverandørar av programvare og all slags utstyr til den globale oppdrettsnæringa. ■■ Mercatus har Marine Harvest som sin største kunde, men leverer også til mange små og mellomstore verksemder i bransjen. ■■ I tillegg til laks, leverer dei til firma som jobbar med rensefisk, sea bass, tilapia og baramyndi. Dei er ikkje lenger inne i agri, dvs. landbruksproduksjon.

MØTE: Steinsvik

Finance og Vet. Farmer blir brukt til å styre den biologiske produksjonen, Future blir brukt til produksjonsplanlegging, Finance koblar biologi til økonomi og finansiering. Vet-programmet blir brukt styring og dokumentasjon til fiskehelse. For tida jobbar dei med å utvikle Farmer-løysings slik at den brukast også på smarttelefon og nettbrett ute i felten.

sjå Video på Firdaposten.no

"

Å jobbe med software er som å drive eit bakeri. Både brød og programvare må vere dagsferske og attraktive. Steinar Midtbø

si Mercatusavdeling i Florø. Dagleg leiar Steinar Haveland Midtbø og nestleiar Kjetil Watnedal har møte med kollegaer i Austevoll, Chile og Vietnam.

Faksimile: Firdaposten i året 2001. Michael Dorfman og Knut Eikeland.

9


10

hav av moglegheiter 2018

OPPVAKSEN PÅ MERDKANTEN: Han har vakse opp med fiskeoppdrett og er sikker på at dette vil han satse på. Det er godt for familien og for lokalsamfunnet i Batalden, som nyt godt av å ha ei solid hjørnesteinsvedrift i nabolaget. Arkivfoto

Knutepunkt k Florø l Florø Havn er ei miljøvennleg pulsåre som knyter Sogn og Fjordane til verda, eit naturleg bindeledd mellom veg og sjø for heile regionen.

Den korte vegen til lokale råvarer ssf.no

Florø si rolle som eit viktig knutepunkt blir òg ivareteke av fylket sin største flyplass. God kommunikasjon gjer det enkelt å reise til og frå byen; • • • •

Direktefly til og frå Oslo og Bergen Hurtigruta Ekspressbåt til og frå Bergen, Nordfjord og Sogn Regelmessige avgangar.

Fugleskjærskaien – FLORØ Postboks 17, 6901 Florø e-post: hamn@flora.kommune.no - Tlf: (47) 57 75 67 40 OR FL

w

A HAMN

K

F

Sparebanken Sogn og Fjordane er stolt støttespelar for mange lokale bedrifter. Ei av desse er Sogn Aqua.

www.florahamn.no

Ei aktiv hamn, pulserande av liv og røre, med passasjerbåtar, supplybåtar, fiskebåtar, brønnbåtar og fraktebåtar som fremjer byen sine rike maritime tradisjonar.

ww no .florohamn.


hav av moglegheiter 2018

11

20 år og fersk leiar FLORA: Kristoffer Karstensen har lenge visst kva han vil jobbe med. Han var ferdig med TAF - tekniske og almenne fag i Måløy denne våren. Fire år på den unike linja som kombinerer yrkesfag og studiekompetanse gav han fagbrev som driftstekniker og fast jobb i familiefirmaet E. Karstensen Fiskeoppdrett. Ikkje det at det kom som noko overrasking.

Då Kristoffer kom i tenåra, vart det jobbing på oppdrettet på eigne bein. - Kvifor passar dette yrket så godt til deg, trur du? - Eg er oppvaksen på ei øy og eg likar alt som har med båt og fiske å gjere. Vi produserer berekraftig mat for heile verda. Vi blir fleire og fleire her på jorda, vi treng meir og meir mat, så kvifor ikkje produsere den maten i sjøen? Den blir alt for lite brukt, slår han fast. - Mange har eit litt anna syn på oppdrettsnæringa enn det du har. Møter du ofte folk som er kritiske? - Nesten kvar dag. Nokre vel eg å høyre på. Dei har gjerne sett seg inn i sakene. Andre har bestemt seg på førehand og nektar å høyre på kva som blir sagt. Men eg held meg roleg og fortel det eg veit. Dei har si meining, det har alle rett til. - Kva overbeviser deg om at bransjen din er berekraftig?

- Statistikken seier at 100 kilo fôr gir 65 kg laksefilet, men berre 20 kilo kylling og 13 kilo svin. Så allereie der er det logisk at laksen ligg best an. Og så brukar vi havet, vi treng ikkje stort areal for å produsere mykje mat, argumenterer den tredejegenerasjons oppdrettaren. Han har prata seg varm no, og fortel at avføringa til laksen ikkje er skadeleg, men inneheld næringssalt som fungerer som gjødsel. – Vi har så strenge reglar at dersom det viser seg at noko blir skadeleg, blir vi stoppa. Medisinar blir knapt nok lenger brukt i lakseoppdrett, medan annan matproduksjon brukar mykje. Det blir ikkje brukt lenger slik folk trur, strekar Karstensen under og viser til at det i fjor blei det brukt antibiotika i 0,5 prosent av all lakseproduksjon i Norge. (Artikkel i full lengde er tilgjengeleg i web-magasinet.)

"

Næringa vil bli meir teknologisk. Vi har allereie laser som drep lakselus, skikkeleg science fiction! Kristoffer Karstensen

Liv Standal tekst

HAVNEVIK

Dei fleste barnehageungar synes nok det er stas å få vere med pappa på jobb, og Kristoffer var ikkje noko unnatak. - Det var langt meir spennande å vere med pappa på jobb enn å vere i barnehagen,, smiler Kristoffer. Og ofte når han var med, fekk han vere med på levering av laks. Då kom store båtar og henta fisken som hadde vakse seg stor i merdane deira. - Ja, eg syntes det var skikkelig sti-

lig, eg var glad i store båtar. Og det at laksen hamna over heile verda - det syntes eg også var veldig kult!

Bli med oss i arbeidet med å forme framtida

I MARINE HARVEST REGION VEST HAR VI MANGE FORSKJELLIGE STILLINGER INNENFOR MANGE FAGFELT; Regiondirektør – Controller – Produksjonssjef – HR leder – Kvalitetsleder – Planleggings leder – Fabrikksjef – Fiskehelseleder – Områdeleder – Biologisk Controller – Miljø og myndighetskontakt – Leder serviceteam – HMS koordinator – Kvalitetskoordinator – Fiskehelsebiolog – Veterinær – Rensefisk koordinator – Innkjøpskoordinator – Driftsleder - Assisterende driftsleder – Driftstekniker – Lærling akvakultur – TAF lærling akvakultur - Elektriker – Mekaniker – Teknisk leder – Skiftleder – Fabrikkplanlegger – Logistikk koordinator.

Det er ulike type utdanninger som gir arbeid hos oss. Det er lokal videregående utdanning, høyskole eller universitet. Vi ser etter motiverte personer som ønsker å være med å lede den blå revolusjonen, fremtiden ligger i havet.

Vi skaper trygge arbeidsplasser og verdiskaping i Sogn og Fjordane. Marine Harvest Region Vest har ca. 470 ansatte fra Sognefjorden til Hustadvika. Totalt i Sogn og Fjordane har vi 136 ansatte fordelt i 9 kommuner.

www.marineharvest.com


12

hav av moglegheiter 2018

TI ÅR SIDAN SIST: Båtbygg står føre sitt første nybyggingsprosjekt etter at dei fekk oppdraget med å bygge Austral Fisheries sitt nye fiskefartøy. Fartøyet er utvikla av Måløy-selskapet Skipskompetanse. Her står dagleg leiar Per Jørgen Silden i Skipskompetanse (framme midt i bildet) og Båtbygg-direktør Kjell-Inge Sjåstad saman med tilsette ved Båtbygg.

Kryssa kloden for å kjø MÅLØY: Australsk reiarlag valde Måløy-bedrifter til å teikne og bygge selskapet sitt nye flaggskip.

Det indiske hav fant Carter kompetansen han ønskte til å bygge reiarlaget sitt nye flaggskip, Cape Arkona – eit 67 meter langt fiskefartøy. – Dette er eit resultat av at våre tilsette har gjort ein fantastisk jobb tidlegare, seier Båtbygg-direktør Kjell Inge Sjåstad, som viser til at verftet bygde om eit fartøy for reiaren i 2015.

– For oss var valet enkelt. Deira erfaring gir oss tillit til at vi vil få eit fantastisk nytt fartøy som vert levert til rett tid og etter budsjett. Orda kjem frå David Carter i reiarlaget Austral Fisheries. I Vågsøy, 10.000 kilometer unna basen på Mauritius i

Raudeberg-verftet driv normalt med reparasjon, vedlikehald og ombyggingar. No skal dei levere sitt første nybygg sidan offshorefartøyet GSP Prince vart levert i 2009. – Vi har jobba litt med nybyggingsprosjekt i det siste fordi det har gått

Offshore-nedturen

lengre tid mellom ombyggingsprosjekta etter offshore-nedturen, forklarer direktør Kjell-Inge Sjåstad. Sals- og prosjektleiar Kenneth Sekkingstad forklarer at Cape Arkonaprosjektet òg vil utvikle kompetansen ved det 75 år gamle verftet: – Vi har mange ombyggingsprosjekt som grip inn i ny teknologi, men ein ny båt er ein ny båt på same måte som eit nytt hus er eit nytt hus. (...) Det er greitt for oss å kunne halde ved like kompetansen på å ta ut skrog og følge opp teikningsleveransar. Fartøyet vert rigga for fiske med autoline, teiner og trål, og vil ha kapasitet til å ha med seg alt utstyret på ein tur til havområda i Antarktis.

– Austral er veldig avhengige av at produkta dei får verkar, for det er store avstandar i områda dei opererer. Det tar åtte-ti dagar å gå frå Mauritius til fiskefelta, forklarer Sjåstad.

Design og bygging I tillegg til å vere eit døme på at den marine kompetansen i Måløy-regionen tiltrekker seg internasjonal merksemd, så er Cape Arkona òg nok eit eksempel på eit fartøy som først ser dagens lys på eit teiknebrett i Vågsøy før det vert bygd i den same verftskommunen. Dei lokale skipsdesignerane Seacon, Naval Consult og Skipskompetanse har alle hatt nybyggprosjekt


hav av moglegheiter 2018

FLEIRBRUK: Cape Arkona vert rigga for fiske med autoline, teiner og trål, og vil ha kapasitet til å ha med seg alt utstyret på ein tur til havområda i Antarktis.

TRE VERFT: Båtbygg er eit av tre verft på Raudeberg. Stadyard og Johansen Slip & Mek. er dei to

andre.

Foto: John Kråkenes

jøpe båt i Måløy ved eit eller fleire av dei fem verfta i kommunen dei siste åra. Skipskompetanse har to 40 meter lange fiskefartøy under bygging ved Stadyard på Raudeberg, og det er òg dei som har utvikla Cape Arkona, som skal byggast på Båtbygg to kilometer unna. – Reiarlaget trekker hit etter at lokale aktørar har gjort ein kjempejobb tidlegare. Så vi set stor pris på at vi får den moglegheita. Samtidig har vi hatt fleire internasjonale kundar allereie, og det er sjølvsagt ikkje negativt når vi skal levere eit fartøy til andre sida av jorda, seier Per Jørgen Silden i Skipskompetanse. Han er dagleg leiar for eit selskap som i fjor noterte seg for både omset-

nads- og resultatrekord. Rekordane på høvesvis 25 og 6 millionar kroner kom i ein periode der Skipskompetanse har blitt langt fleire ved kontoret i Måløy. Svenn Sørstrand (31) er blant dei som har flytta heim til Måløy for å jobbe for selskapet som no har nærmare 20 tilsette.

130-180 i arbeid – Ein får sjå at det ein lager på teiknearket vert bygd i verkelegheita, så det er spennande og gir nok av utfordringar som skal løysast, seier Sørstrand. Cape Arkona-skroget skal byggast i Polen og skrogkuttinga starta i haust. – Skroget blir levert til oss i augustseptember neste år, og så blir det ei

"

Reiarlag kjem hit fordi lokale aktørar har gjort ein kjempejobb tidlegare. Per Jørgen Silden

utrustningstid på seks månader, seier Kenneth Sekkingstad om nybygget som skal leverast innan april 2020. Mens det jobbar rundt 90 personar på Båtbygg på ein vanleg arbeidsdag, så forventar Sekkingstad at det vil jobbe 130–180 personar ved verftet i perioden når Cape Arkona skal byggast. Det inkluderer fleire av Båtbygg sine faste lokale underleverandørar. Så når eit reiarlag i Det indiske hav vel å bygge sitt nye flaggskip på kysten av Sogn og Fjordane, gir det ringverknader langt ut over kontora til Båtbygg og Skipskompetanse.

SINDRE BLÅLID KVALHEIM tekst

13


Frequency.no

SIKKER JOBB -TRYGG FREMTID

• Pelagia Måløy Sildoljefabrikk • Pelagia Måløy • Pelagia Måløy Sentrallager • Pelagia Selje

VI SØKER LÆRLINGER TIL FREMTIDSNÆRINGENE

• Pelagia Kalvåg Good people make good fish!

PELAGIA I SOGN & FJORDANE

• Produserer ca 270 000 tonn fisk • Sysselsetter over 200 personer • Utleie av fryselagerkapasitet på 18.500 tonn

OPPLÆRINGSKONTORET FOR FISKERI- OG HAVBRUKSFAG Post: Postboks 89 - 6707 Raudeberg Besøk: Maritim Park - 6710 Raudeberg Tlf.: 57 85 22 32 | Mob.: 959 86 700 post@okfh.no | www.okfh.no

www.pelagia.com


Det er her Det skjer – heile året – heilt siDan 1860! • Restaurant/pub • Julebord m/juleshow • Overnatting i sjøhus/rorbu • Gjestebrygge • Båt- og kajakkutleige •

rmatur, blåtur, bryllaup, kurs og konferanse

Tlf. 57 79 69 00 • Fax 57 79 69 01 • E-post: post@knutholmen.no www.knutholmen.no • Ope alle dagar!

Fisken først

I Frøy jobber vi på fiskens premisser. God fiskevelferd er bærekraftig og lønnsomt. Med fisken i fokus, utvikler vi i felleskap morgendagens blå næring.

NCS AS NCD AS NCE AS

FRØY REDERI AS FRØY AKVARESSURS AS FRØY AKVASERVICE AS

Maritim Kompetanse Servicebåter Dykking ROV Kabellegging Sjøentreprenør

FRØY VEST AS FRØY VEST REDERI AS

SEADIVE AS

froygruppen.no Frøy Vest AS - Adresse: Evja Industriområde, 6718 Deknepollen. Tlf: 57 85 00 00. post@froyvest.no


16

hav av moglegheiter 2018

TEKNISK LEIAR: Helge Langeland trivst med måsen rundt seg. Foto:AHJ

Nøgd: Jan Otto Hoddevik er fungerande fabrikksjef.

Fabrikken som ingen s FLORØ: Berre oska låg att etter fagforeiningskamp og politiske basketak då Pelagia la ned fabrikken. Men i vår dukka Hoddevik-karane opp som fugl Føniks frå Egersund.

Global Fish la planar om ny fabrikk i Egersund til sides og overlet området til det dominerande selskapet i bransjen, Pelagia. I staden fekk dei overta den nedlagde fabrikken i Gunhildvågen i Florø. I praksis dreg dei no i gang ein ny fabrikk med flett nytt utstyr. Kapasiteten blir dobla i høve tidlegare drift, frå kring 550 til 1100 tonn i døgnet. Teknisk sjef Helge Langeland har jobba på spreng sidan påske med å få alt på stell. – No har eg gått her sida april, og har knapt sett ein måse på den tida, men no blir det fullt opp, smiler han. Testkøyringa er venta å vere over i oktober, slik at dei kan bli operative i november. Den faste staben blir på seks per-

"

Vi er no klar til å ta i mot dei aller største båtane. Dei er blitt enormt store.

Jan Otto Hoddevik, Global Fish

sonar, men det vil vere 22 menneske i arbeid per skift når fabrikken tek mot fisk med full kapasitet. På anlegget treff vi også Bjørnar Brendø, som har lagt jobb i oljenæringa bak seg og gler seg over å vere tilbake i fast jobb i heimbyen. – Det har vore nokon hektiske månader. Men no gler vi oss over å testkøyre fabrikken og komme i gang med produseringa. Det er det vi likar best, seier han. Sals og marknadsdirektør Jan Otto Hoddevik i trippa lett utolmodig kring om i fabrikken, medan automasjonsekspertane frå Optimar finsjekka sensorar og produksjons-logistikken. Som fungerande fabrikksjef ønsker han å komme i gang så fort råd


hav av moglegheiter 2018

ein av seks: Bjørnar Brendø gler seg over fast jobb i ny

fabrikk.

sortering: Her går makrell gjennom sorterting på storleik og blir slusa inn i anlegget.

Ny fabrikkdrift: At det skulle bli ny drift i dette anlegget med mottak av sild og makrell, den tanken var gravlagt i Florø. Då poppa det opp gründerar frå fiskeribyen Måløy og sette i gong Skjermdump frå video: Arve Solbakken på nytt. Måsen er no tilbake i Gunhildvågen. .

OPTIMAR: Teknikarane i Optimar finstiller sensorar og styring av produksjonsflyten.

såg komme er. Blir båtane liggande for lenge ved kai, så mistar mottaket retten til å reklamere på kvalitet. Nettopp optimalisering av kvalitet går som ein raud tråd gjennom dei nye produksjonslinjene. Dette er ein ny type der fisken blir transportert inn og gjennom anlegget fram til pakking i underkjølt sjøvatn (RSW). Å halde temperaturen låg er avgjerande for kvaliteten på fisken. – Fantastisk kjekk oppleving å komme inn i Florø igjen. Vi var eigarar av anlegget her til 2015, men selde til Pelagia. No gler vi oss til å komme i gang med operasjonen her i Florø igjen. – Kva er det med måløyværingar som gjer at de er så gode i denne bransjen?

– Måløy er tufta på fiskeri og foredling. Dette har eg og familien min vakse opp med. Mange i min generasjon har levd gjennom åra med sildeoljelukt, jobba i anlegg og synest fiskeri er veldig spanande, fortel Hoddevik, som vaks opp berre to hus i frå Harald Skaar i Måløy, som bygde opp dette anlegget i Florø i regi av Skaarfish. Brørne hoodevik, Geir og Jan Otto bygde frå slutten av 1980-talet opp Global Fish som eit av dei største selskapa i landet, med anlegg frå Egersund i sør til Trøndelag i nord. I år 2000 satsa dei på å bli del av konsernet Pan Fish. Då dette stranda kjøpte Global Fish tilbake anlegga Maaløy Seafood og Skaarfish-anleg-

get i Florø i 2003. I 2007 fusjonerte Global Fish med Domstein, og danna konsernet Norway Pelagic. Kontrollen i dette selskapet hamna etter kvart hos Austevoll Seafood, som no er hovudeigar i Pelagia, som har fabrikkar i Kalvåg, Måløy og Selje. Hoddevik-karane gjekk ut i 2013 og har sidan 2013 drive produksjon i eit leigd anlegg i Egersund. Dei sat som eigarar av fabrikkanlegget i Florø, men selde det til Pelagia i 2017. Argumentasjonen frå Pelagia var at dei ikkje kunne satse på eit anlegg dei ikkje eigde. I staden vart eigarskapen brukt til å legge ned fabrikken.

arve Olav Solbakken tekst og foto

global fish ■■ Adm. dir. Geir Hoddevik

og Jan Otto Hoddevik gjenoppbygger Global Fish med base i Ålesund. ■■ I august 2018 kjøpte Tromsø-selskapet Nergård seg inn med 40 prosent eigarskap i Global Fish, via sitt dotterselskap Lofoten Viking på Værøy. ■■ Dei tre selskapa dannar felles salsselskap for pelagiske produkt.

17


18

hav av moglegheiter 2018

Oppfostra til satsing SOGN OG FJORDANE: Ei heit havbruksnæring kan bidra til fleire varme hender i kystkommunane. – Kommunane som er flinke til å legge til rette for akvakultur skal få betalt. Vi skal premiere dei som vil og får det til, seier fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) til Fjordenes Tidende.

Havbruksfond Denne hausten kom den første betydelege «gåva» frå myndigheitenes sitt havbruksfond til norske oppdrettskommunar. Sjølv om kommunane i Sogn og Fjordane samla fekk 3,6 millionar kroner frå fondet i 2017, var det heilt andre størrelsar på gevinstane denne hausten. Totalt var Havbruksfondet i år på 2,7 milliardar kroner. Av dette fekk elleve kommunar i Sogn og Fjordane drygt 188 millionar kroner, medan Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk drygt 31 millionar. – Dette viser at når vi aktivt tek i bruk kysten, så klarer ein å også legge igjen verdiar lokalt, seier administrerande direktør i Coast Seafood, Sverre Søraa.

Vil utvide Coast-deleigde Blom Fiskeoppdrett er blant selskapa som ønskjer å utvide opp-

utbetalingar ■■ Gulen: ■■ Flora: ■■ Solund ■■ Hyllestad: ■■ Askvoll: ■■ Bremanger: ■■ Høyanger: ■■ Vågsøy: ■■ Fjaler: ■■ Selje: ■■ Gloppen:

36,2 MNOK (16) 29,6 MNOK (16) 23,6 MNOK (11) 19,1 MNOK (7) 17,9 MNOK (13) 17,5 MNOK (8) 15,2 MNOK (9) 10,7 MNOK (3) 8,4 MNOK (5) 7,3 MNOK (2) 2,8 MNOK (3) (Tal lokalitetar i parantes) Kjelde er Nærings- og fiskeridepartementet.

drettsaktiviteten i Sogn og Fjordane, og som er avhengig av at kommunar, og i mange tilfelle, Fylkesmannen, tillèt dette. – Eg er svært glad for at mange kommunar i denne regionen legg til rette for akvakultur når ei ser kva pengar dei får

frå Havbruksfondet, seier Harald Tom Nesvik. Det var i 2015 at Stortinget bestemte seg for å opprette eit havbruksfond. Årets pott kjem av at rundt 50 selskap har brukt 3,9 milliardar kroner på å kjøpe nye laks-, aure- eller regnbogeaure-løyve langs norskekysten. 80 prosent av beløpet går til kommunane (87,5 prosent) og resten til fylkeskommunane (12,5 prosent).

Gir litt tilbake – Denne utbetalinga er med på å synleggjere at oppdrettsnæringa gir noko tilbake til lokalsamfunna. Dette er pengar kommunane kan bruke på å utvikle tilbod til innbyggjarane sine innan kultur, helse, skule, idrett, infrastruktur eller andre område, sa Harald Tom Nesvik då størrelsen på tildelingane vart kjend i september. Fleire har uttrykt skepsis til at tildelingane berre er knytt til vekst i næringa: «Havbruksfondet er vel og bra, men det betales altså bare for utvidede produksjonsrettigheter og nye konsesjoner – ikke for bruk knyttet til konsesjoner som er tildelt gratis tidligere. Det er dermed et system som er basert på og avhengig av evig vekst, om og når naturens og sentrale myndigheters rammevilkår tillater det», heiter det i ein uttale frå styret i Nettverk for fjord- og kystkommunar.

Dei tek til orde for eit produksjonsvederlag der selskapa betaler ei avgift til kommunane per kilo seld laks og aure.

Velkomne kroner Uansett er det klart at for trøblete kommuneøkonomiar langs norskekysten, så er pengane frå Havbruksfondet særdeles velkomne. I Vågsøy kommune hadde ein ikkje budsjettert med inntekter frå fondet i år, og eit tilskot på 10,7 millionar kroner er nesten like mykje som kommunen hentar i eigedomsskatt årleg. Å budsjettere med tilsvarande beløp dei kommande åra kan derimot vere ei farleg øving for lokalpolitikarane. Myndigheitene tillèt ei kapasitetsauke på seks prosent i havbruksnæringa kvart andre år, og i 2020 kan verdien på veksten vere ein heilt annan enn i år. – I år vil høge lakseprisar gi et bilde av prisane på konsesjonane. Om lakseprisane går ned og bedriftene ser på konsesjonane som mindre lukrative om to år, så kan det nok ende opp med at dei betaler mindre, seier regionsjef for Sjømat Norge, Hans Inge Algrøy, til Fjordenes Tidende.

sindre blålid kvalheim tekst

Fiskehelsetjenester – Miljøtjenester – Rådgiving – Brønnbåtkontroll

Et helhetlig perspektiv på havbruksproduksjon, fiskehelse og miljø

Bergen – Florø – Smøla – lekneS – HarStad – reykjavik


hav av moglegheiter 2018

19

HAVBRUK: Vågsøy er ein av kommunane som får pengar frå Havbruksfondet på grunn av oppdrettsaktiviteten i kommunen. I haust var nytilsett fiskeriminister Harald Tom Nesvik Foto: N. og Fiskeridepartementet. på besøk på eit av Marine Harvest sine anlegg i kommunen. F.v. Céline Tomé, Thomas Midtvik og Henrik Søraa.

FISHING

AQUACULTURE

INDUSTRY

Stadpipe has developed into one o f Norways leading specialists in advanced piping systems. We are driven by the desire to find the best solutio ns that suit the costumer’s needs. We take responsibility fro m design to completition and always plan our pro jects tho roughly in partnership with the customer.

w w w. s t a d p i p e . n o


20

hav av moglegheiter 2018

SATSAR: Dagleg leiar i Maaløy Seafood, Roger Skavøypoll (t.v.), og administrerande direktør i Coast Seafood, Sverre Søraa, ser fram til oppgraderinga av anlegget til Maaløy

Seafood.

Foto: Sindre Blålid Kvalheim

Vil bli komplett sjømatselskap

MÅLØY: Milliardkonsernet innan laks, Coast Seafood, satsar også på sild og makrell. – Vi har ikkje tid til å lene oss bakpå, sa Coast-direktør Sverre Søraa, då han i mars presenterte planane for eit nytt fryselager i Måløy. Prislappen var 15– 20 millionar kroner – det vil seie rundt 20 prosent av overskotet til Coast Seafood-konsernet i fjor. Med ein omsetnad på over fire milliardar kroner i 2017 var ingen selskap i Sogn og Fjordane i nærleiken av Coast Seafood AS. Fjord1 ASA og Helse Førde HF var dei neste på lista med inntekter på 2,7 milliardar kroner kvar.

25 år – Omsetnadsveksten er på 8–10 millionar frå 2016 og det betyr at vi kan seie at det er endå ein ny rekord, seier Søraa. Neste år er det 25 år sidan han og Martin Øvrebø etablerte lakseeksportøren, som har utvida sortimentet og no definerer seg som eit sjømatselskap. Dei to måløyværingane eig framleis halvparten kvar av selskapet, og etter at Coast Seafood AS i fjor bokførte eit resultat før skatt på drygt 116 millionar kroner, har eigenkapitalen i selskapet no vakse til meir enn 460 millionar. – Den heilt unike handlefridomen det gir oss finansielt, er noko som vi aktivt brukar til å styrke vår posisjon i marknaden, forklarar Coast-direktøren.

Måløy Seafood

MÅLØY: Med bygginga av eit nytt fryselager (heilt til venstre i dette bildet) vert det ein gang så travle fiskerinabolaget i sørlege Måløy for alvor «gjenoppliva». Foto: Sindre Blålid Kvalheim

I 2007 brukte dei denne handlefridomen til å kjøpe Maaløy Seafood. Anlegget er det siste fiskemottaket i Måløy sentrum som framleis er i drift. Dei siste åra har dei «nye» eigarane mellom anna brukt over 20 millionar kroner på å doble produksjonskapasiteten ved den pelagiske fabrikken.

– Pelagisk fisk vert stadig viktigare for Coast og vi vil fortsette å investere i Maaløy Seafood, seier Sverre Søraa. Det neste året skal altså igjen eit tosifra tal millionar investerast i anlegget i form av eit nytt fryselager, som òg gir eigarane anledning til å modernisere andre funksjonar ved fiskemottaket.

Inn i sildolje Samtidig satsar dei tungt på andre sida av Ulvesundet. Ved Pelagia sitt mottak på Trollebø leverer jamleg fartøy sildefangstar på over 1.000 tonn. Og saman med makrell og kolmule bidrar silda til stor aktivitet både ved det pelagiske mottaket og ved Pelagia-eigde Måløy Sildoljefabrikk. Sildoljefabrikken presenterte i august planane for ein ny fabrikk som skal vere i drift neste sommar. – Det vert ein ny fabrikk og ei eiga linje der vi skal ta ut makrellolje frå avskjer frå fabrikkane i Måløy og Selje. Vi skal produsere olje godkjent for humant konsum og det får vi ikkje gjort i dagens fabrikk, forklarte COO i Pelagia Feed, Arnt-Ove Hoddevik. Fabrikken vil styrke fiskerikonsernet sin posisjon i Ytre Nordfjord ytterlegare etter at Pelagia i mai opna det dei sjølve omtaler som «verdas mest moderne sildefabrikk.» Investeringane til Coast og Pelagia er venta å både trygge eksisterande, samt generere nye arbeidsplassar, i regionen. Coast brukar traineeordningane til Framtidsfylket i Sogn og Fjordane og sjømatclusteret i Bergen til å knytte til seg nye medarbeidarar. Coast-teamet har no vakse til 42 personar fordelt på hovudkontoret i Måløy og kontora i Bergen, Haugesund, Midtøsten og USA. – Vi har dei siste åra brukt mykje tid og energi på å bygge organisasjonen Coast, seier Sverre Søraa, som understrekar at dette er eit pågåande arbeid. – Å sjå at det allereie gir resultat er kjempegøy. Det ultimate målet for Martin og meg er å skape eit sjømatselskap som vil overleve oss.


hav av moglegheiter 2018

Våre 115 tilsette slaktar i år 2000 trailerlass prima laks og aure frå gode kundar langs heile vestlandskysten vestlandskysten.

Vi er stolte aV det!

La oss lære av hverandre

Veronica Sandnes, Sandnes Fiske­ oppdrett AS

Vi liker å prate med folk, og er opptatt av å lære. Vi har også mye å lære bort. Sammen kan vi stadig øke kvaliteten og heve kunnskapsnivået blant alle som jobber med oppdrett, salg og foredling av laks og ørret. Prat med oss på telefon 57 75 00 00 kom innom Fugleskjærgt. 8 i Florø eller besøk oss på www.norwell.no Your source of seafood value

Slakteriet AS Postboks 393 6901 Florø Tlf.: 57 74 98 00 www.slakteriet-as.no

www.selstad.no

Global Fish AS vart reetablert i 2013 og har lokale eigarar med over 100 års erfaring innan pelagisk fiske og foredling. Vi har akkurat starta produksjonen i Florø igjen, etter å ha kjøpt anlegget tilbake frå Pelagia. Våre hovudprodukt er: Sild Makrell Hestemakrell Lodde

Selstad er en internasjonal leverandør av utstyr og kompetanse til det maritime markedet, og opererer fra elleve forskjellige lokasjoner med hovedkontor i Måløy. Vår spisskompetanse ligger innen oppdrettsutstyr og fiskeredskaper, men vi leverer også tau og utstyr til sikkerhet, industri og offshorevirksomhet.

GLOBAL FISH GLOBAL FLORØ AS Kyllervegen 4 6906 FLORØ Selstad AS | Moldøen | 6700 Måløy, Norway | selstad@selstad.no | T: +4757852500

21


22

hav av moglegheiter 2018

KUTTA TOPPJOBB: Leif Stavøstrand slutta i det han kallar den feitaste oljejobben i Florø for å drive gründerverksemd med faren.

coast innovation: Gunnar Stavøstrand har drive med oppfinningar lenge og har utvikla båtheis, forenkla ferjelem-system og fôringsmodular til havbruk.

Gründergenet klikka in FLORØ: Far og son har hårete mål. I 2025 skal Evoy omsette for 900 millionar og vere med og redde klimaet ved å utvikle sjøens Tesla. Leif Stavøstrand og faren Gunnar på Svanøy jobbar med å utvikle ein batteridriven elektrisk motor for fritidsbåtar og mindre yrkesfartøy. «Tesla på sjøen» var overskrifta då Leif A. Stavøstrand (39) presenterte planane til selskapet. Målet er å bytte ut båtmotorar som går på fossilt brensel med elektriske motorar kopla til ein batteribank. Kapitalbehovet er på 20 millionar kroner. Selskapet Evoy AS vart registrert i Brønnøysundregisteret i februar i år. Leif og faren Gunnar Stavøstrand (68) står bak. Dei gjekk

inn med 100.000 kroner i aksjekapital og har seinare auka denne til 500.000 kroner. Gunnar Stavøstrand har tidlegare utvikla ny teknologi for oppdrettsnæringa, og også alternative ferjekaier og båtheisar. Målet er å utvikle ein elektrisk motor med ei rekkevidd som er god nok til 60 prosent av alle båtturar i Norge. Leif Stavøstrand var fram til 1. april i år leiar for Saga Fjordbase AS, det INC-eigde selskapet som handterer røyr og anna logistikk på oljebasen i Florø. Han sa opp jobben for å gå for fullt inn i familieverksemda saman med faren. Stavøstrand har bakgrunn innan fiskeoppdrett og fiskeri, han er mariningeniør og har segla utanriks som skipskaptein, og han har teke ein mastergrad i forretningsdrift og administrasjon (MBA) på Handelshøyskolen i Bergen. – Å slutte i fast jobb i oljebransjen er det tøffaste eg har gjort, seier Leif Stavøstrand. Han sa farvel til millionlønn og topp-jobb som administrerande direktør ved Saga Fjordbase. – Det blir litt meir knekkebrød enn

"

Timinga er rett og marknaden er der. Og Elon Musk har gjort alt grovarbeidet for oss. Leif og Gunnar Stavøstrand

før, men pengar har aldri vore ein motivasjon for meg. Det er det å skape noko som er- og har vore drivkrafta. Det var utruleg kjekt på basen, med gode kollegaer og framoverlente eigarar. Men eg har ikkje angra eit sekund. Jobben som adm.dir. på Saga Fjordbase er den feitaste oljejobben i Florø, ifølge Leif sjølv, men oljedirektøren har blitt miljøforkjempar på sin hals. Det han er mest stolt av frå tida som oljedirektør, er Lean and Green-prosjektet, der eit samarbeid mellom aktørane på basen kutta utsleppa med mange tonn CO2. Dette blir likevel småtteri mot miljøgevinsten som ligg som eit potensial i Evoy, om dei lykkast med å oppnå måla sine. Berre fritidsbåtane i Norge slepp i dag ut over ein halv million tonn CO2. Det er meir enn alle landets ferjer slepp ut samla. I tillegg kjem yrkesbåtane, som til dømes fiskeoppdrettarane, med like mykje utslepp. Desse er spesielt godt egna til å gå over til elektrisk drift, meiner Evoygründerane.


hav av moglegheiter 2018

Vinterdagar hos toyota Rav4 HSD AWD 71 Nord Edition

Frå

kr. 477.700,-

Privatleige kr 3.631,- pr mnd Fastrente 1,95 % nom. Startleige kr. 75.000,-

rav4

C-HR HSD Lounge Tech Bi-Tone

Frå

Båtheis: Hydraulisk båtheis for røffe vêrtilhøve - ein ide som førebels ikkje har teke laus i marknaden.

nn igjen – Evoy skal skape- og selje, eit elektrisk framdriftssystem for båtar. Vi skal ikkje lage båtane. Det er minst 50 produsentar som jobbar med det, og er gode på det. Det vi skal gjere er å sette saman komponentar, kjent teknologi frå bilmarknaden, til ein ny pakke som kan brukast i båt. Marknaden er klart for dette, forklarar Leif. – Elon Musk har gjort alt grovarbeidet, legg Gunnar til. - Er det slik at de først og fremst rettar dykk mot fiskeoppdrettarane? – Alle skal få, vi siktar både mot fritids og proffmarknaden, men med tanke på førstegongsinvesteringa ser vi at dette er spesielt godt eigna for oppdrettarane. Dess fleire timar du brukar i året, jo fortare blir investeringa nedbetalt. Oppdrettarane brukar båten 400 til 600 timar i året, og vil spare inn investeringa på eitt til to år. Evoy har skaffa seg ein intensjonsavtale med Steinvik Fiskefarm. Prototypen skal vere klar i februar og skal testas ut der. – Timinga vår er rett. Marknaden er der. 60 prosent av alle båtreiser er

kortare enn 25 nautiske mil. Meir batterikapasitet treng dei fleste ikkje. Vi skal få til den teknologiske biten. Vi veit også at regjeringa lukter på tiltak for båtmarknaden, utan at det dermed er sagt at det kjem i denne runden, men det har vore på bordet. Dette kan bli ein stor næring. I tillegg til Evoy driv Leif og Gunnar også selskapet Coast Innovation saman. Eit selskap som har auka omsetnaden, og levert overskot dei siste åra. Her er tanken at dei skal byte roller etter kvart. – Her skal eg inn som dagleg leiar etter kvart, medan han far blir styreleiar og kan sparke meg litt på leggen innimellom, forklarar Leif, men far sjølv ser føre seg ein litt anna rolle. – Eg hadde no tenkt å bli seniorkonsulent eg, og gjere slik seniorkonsulentar gjer. Gå i vegen og snakke tøv.

kr 372.500,-

Privatleige kr 2.772,- pr mnd d Fastrente 1,95 % nom. Startleige kr. 62.500,-

Yaris HSD Activ ve GO

Frå

kr 240.900,-

Privatleige kr 1.935,- pr mnd Fastrente 1,95 % nom. Startleige kr. 37.500,-

Auris 5d HSD Sp port Vision

Frå

kr 317.500,-

Privatleige kr 2.161,- pr mnd Fastrente 0,95 % nom. Startleige kr. 50.000,-

ALLE TiLBuD

ER BASERT på RESTVERDi ETTER 3 åR OG 45 000 km.

Arne hjort johansen og Arve Olav Solbakken

auris

23


24

hav av moglegheiter 2018

SLIK KAN DET BLI: Storanlegget vil vere lukka rundt produksjonsaktiviteten på land. RENSEFISK: Steinvik vil produsere enno fleire rognkjeks. NØGD: Alex Vassbotten er nøgd med at byggesteg ein snart er i gang. BREVIKA: Her ser vi planområda som må regulerast. PROSJEKTLEIAR: Bjarte Steinhovden er Steinvik sin mann under bygginga i Svelgen.Her orienterer han formannskapet. Alle foto: Firdaposten

Bygger storanlegg SVELGEN: Vegen fram til realisering av Steinvik sitt storanlegg i Svelgen har vore lang og kronglete, men no er det endeleg klart for første byggesteg. Flora-selskapet Steinvik Fiskefarm si satsing i Svelgen går heilt tilbake til 2011, då dei kjøpte to konkursråka anlegg for marin fisk i Breivika. Dei lanserte då planane om i tillegg til satsing på rensefisk også å satse på eit stort postsmolt-anlegg for laks. Grunnleggande innsatsfaktorar var tilgang på varmt vatn frå Elkem og vasskjelda i Risevatnet. I 2018 søker Steinvik gjennom Breivika Eigedom no endeleg om å reise bygningane til det nye store fiskean-

legget i Breivika. Vegen fram har vore lang og kronglete. Planane måtte leggast om fordi fylling i sjø viste seg å vere meir omfattande enn tenkt, naboar protesterer mot støy og tap av verdi på eigdommar, nye reguleringsplanar måtte gjennomførast frå kommunen si side. Dessutan gjekk underentreprenør Maskin En3prenør1 gjekk på ein smell og enda i skifteretten midt i anleggsperioden. Eit mogleg neste byggesteg inneber at småbåthamna må flyttast frå Breivika. Korleis det kan gjerat må kommunen avklare i revidert arealplan. Steinvik legg opp til å redusere innslaget av industristøy mest mogleg for private bustader i Breivika . – At oppdrettskar blir innebygde må sjåast på som ein betydeleg fordel for det omkringliggande nabolaget, opplyser Sindre Moldskred, som står for administreringa av søknaden. Han viser også til at naboane i bakkant i sør vil ha siktlinjer som ligg høgare enn gesimshøgda på industribygget. – Desse vil ha full utsikt til landska-

"

Første byggesteg har blitt møtt med berre positive reaksjonar i lokalsamfunnet. Alex vassbotten

pet og ikkje få noko endring i sol og lysforhold, påpeikar Moldskred. Naboane lenger mot aust- vil tape ein del utsikt mot vest. Anlegget skal i første omgang produsere smolt på 300 gram og ein skal kunne doble produksjonen av rognkjeks frå 2,5 til fem millionar per år. Kontraktsbeløpet på sjølve anlegget er på 190 millionar kroner, men ein rekner med totale investeringar på 240 millionar. – Anlegget skal vere både ei forlenging av eksisterande rensefiskanlegg, medan den andre delen blir påvekstanlegg til stor laksesmolt, seier Alex Vassbotten. Alle kara i gjennomstrøymingsanlegget vil ha tilgang på både ferskvatn og sjøvatn og vere utstyrt med dobbelt sett med røyr. Det er Artec Aqua står for ingeniørarbeid og tekniske løysingar.

Arve Olav Solbakken


hav av moglegheiter 2018

100YEARS 1915-2015

Kjøp ørreten vår hos

Skaar Norway AS Kolkaia 3 • 6900 Florø • Telefon 57757780 • Fax 57757781 E-post: pit@skaar-norway.com

www.skaarint.com

25


26

hav av moglegheiter 2018

Gode fiskeprisar løftar maritim industri MÅLØY: Gode fiskeprisar er gull verdt for industrien på land. 12 av 17 selskap i Måløy Maritime Group hadde rekordhøge inntekter i fjor.

– Det har vore spanande og krevjande tider, men vi har òg kome ut med eit bra resultat, seier fagleg leiar i Ulvesund Elektro, Geir Saltkjel. Totalleverandøren av elektriske tenester har lagt bak seg det mest innbringande året i selskapet si snart tjueårige historie. Og sjølv om elektrikarane frå Vågsøy har ein fot i fleire næringar, så er dei gode tidene i fiskeri- og havbruksnæringa blant det som bidreg til veksten. – Med stor aktivitet på verfta, så var 2017 et veldig hektisk år for oss. Det vart eit toppår når det gjeld omsetnad, seier Geir Saltkjel om inntektene på 48 millionar kroner, som er nesten det dobbelte av det selskapet i snitt hadde årleg i perioden 2008–15. Overskotet på 9,5 millionar i fjor var òg rekordstort. Før jul i fjor var Ulvesund Elektro involvert i bygginga av ikkje mindre enn ni ulike fartøy i inn- og utland. For tida er dei mellom anna invol-

gjorde på Torbas, forklarer Geir Saltkjel. Vågsøy-selskapet har nesten dobla staben dei siste åra og er no oppe i 34 tilsette. Ein av dei er Lars Nygård (26), som fekk sin elddåp som prosjektleiar på 200-millionarsfartøyet Torbas for fire år sidan. – Fleire av dei eg gjekk på skule med er ikkje elektrikarar i dag. Nokre er i større bedrifter, men der «druknar» ein kanskje litt, sa Nygård då han tidlegare i år var med på å presentere planane for fiskefartøyet Stormhav, som Ulvesund Elektro skal vere med på å bygge neste år.

travle tider.

STADPIPE: Nils Per Sjåstad har

HUSEVÅG RØR: Olav NydaL og Kristian Nydal ligg ikkje på latsida.

vert i bygginga av to nye fiskefartøy ved Stadyard, og Ulvesund Elektro skal òg vere med på bygginga av ytterlegare to fiskefartøy ved Vågsøyverftet. – Sidan bygginga av Torbas (2014-

15) har vi jobba tett med Stadyard og skipsdesignerane i Måløy. (...) Torbas var flott å kunne bruke i marknadsføringa vår, og dei fem nybyggingskontraktane vi har inngått i det siste har sitt utspring i den jobben vi

Ulvesund Elektro sitt gode fjorår var på ingen måte eit unntak i klynga av selskap i Måløy Maritime Group (MMG), som profilerer fiskeribyen som ein «one stop shop» der fiskeriflåten finn alt dei treng. 12 av dei 17 selskapa hadde rekordhøge inntekter i fjor og for 7 av selskapa var òg overskotet rekordstort.


hav av moglegheiter 2018

SAMARBEID: Lars Nygård (nr. 3 f.v.) og Geir Saltkjel frå Ulvesund Elektro kan glede seg over meir arbeid ved Stadyard, her representert ved Malvin Silden (f.v.) og Agnar Lyng. Neste år skal dei bidra i bygginga av fartøyet Stormhav, som er utvikla av Måløy-selskapet Seacon, her representert ved Rune Stian Nybakk (t.h.).

– Det går eigentleg bra på alle frontar og då dryp det på oss òg, seier dagleg leiar Wictor Svoren i Isovent. Dei driv med isolering og ventilasjon og har vore involvert i bygginga av fleire fiskebåtar dei siste åra. I fjor vart det omsetnadsrekord for Vågsøy-bedrifta. Det vart det òg for handverkarane i Husevåg Rør (ikkje MMG-medlem) etter at dei mellom anna gjorde større jobbar ved fiskemottak. – Vi hadde rekordomsetnad i fjor og botnlinja vår har heller aldri sett betre ut, seier dagleg leiar Kristian Nydal. På Stadlandet føyer Stadpipe seg inn i rekka av MMG-bedrifter som har lagt bak seg eit rekordgodt år. Omsetnaden er nesten tredobla sidan 2017, og som leverandør av komplette røyropplegg til mellom anna fiskeri og havbruk er dei blant aktørane som for tida nyt godt av gode prisar på fisk. På Stord er dei i

Foto: Sindre Blålid Kvalheim

ferd med å levere 15–20 kilometer med rør til det som etter planen skal bli verdas største landbaserte oppdrettsanlegg. – Oppdrett er i tida, og no blir det satsa tungt på landbaserte anlegg der fisken kan vekse seg større før han blir sett i sjøen. Her kjem det til å skje mykje vidare også, og vi må berre vere med, seier dagleg leiar Nils Per Sjåstad. Sjølv om fleire av dei nemnde selskapa opplever utfordringar med å rekruttere nok hender og hovud, så har oppturen for handverkarane heldt fram i 2018. Og med nye fartøy, fiskerifabrikkar og oppdrettsanlegg under planlegging i regionen ser ikkje den flotte kurva til å flate ut med det aller første.

sindre blålid kvalheim

måløy maritime group i 2017 Omsetnad Resultat før Selskap (MNOK) skatt (MNOK) ■■ Båtbygg AS 181,5 0,2 ■■ Selstad AS 353,3 (R) 20,6 ■■ Skipskompetanse AS 25 (R) 5,8 (R) ■■ Stadyard AS 149,5 1,9 ■■ Fiskevegn AS 98,2 (R) 6,4 (R) ■■ Måløy Radioforretning AS 34 2,8 (R) ■■ Stadpipe AS 89,5 (R) 6,7 (R) ■■ Ulvesund Elektro AS 48 (R) 9,5 (R) ■■ Westmek AS 67,4 (R) 4,3 ■■ MHService AS 590,9 8 ■■ Coast Seafood AS 4.046 (R) 116,1 (R) ■■ Isovent AS 24 (R) 1,1 ■■ Nordfjord Havn IKS 24,1 (R) 3,9 ■■ Havfront AS 1,9 (R) -0,6 ■■ Verlo AS 45,7 (R) 3,5 (R) ■■ Naval Consult AS 7,1 -0,4 ■■ Sentronik AS 11 (R) 0,6 R: Rekordomsetnad eller rekordoverskot. Kjelde: purehelp.no

27


28

hav av moglegheiter 2018

Stolt og kry! En uavhengig eksportør av laks og ørret!

MILJØFISK: Slik er anlegget tenkt i Bulandet.

Vil bygge pilot Ei rekkje aktørar, mellom dei Bulandet Miljøfisk, jaktar på investorar til prosjekta sine. Oppdrettsveteran Ola Sveen og fleire medeigarar står bak Bulandet Miljøfisk. Dei har fått fem konsesjonar til å produsere lakse på land med eit spesielt konsept. Ved å plassere kara i eit sund og under havnivå, kan dei få til svært rasjonell drift ved å utnytte tyngdekrafta til å sende sjøvatn gjennom anlegget. Utfordringa som Bulandet Miljøfisk har, på same måte som brørne Bakke i Smart Salmonmed sitt prosjekt på landbasert storsmolt-oppdrett i Smørhamn i Bremanger, er å skaffe nok risikovillig kapital. Bulandet Miljøfisk ønsker å viser at

Ola Sveen. konseptet funger via pilotdrift. – Vi satsar i første omgang på å bygge eit pilotanlegg, som kan bli ein naturleg del av ei full utbygging seinare, fortel Ola Sveen.

Komplett navigasjon og kommunikasjonsutrustning til Havbruksnæringa. Eksempel på leveranser:

Gåsø Jarl

Artic Fjell

Firda Fighter

Aqua Tromøy

Komplett navigasjon, kommunikasjon og utstyr til fiskeleiting. Design og levering av

bropulter til alle typer fartøy

Nordic Prince og Argos Georgia

Komplett styring, Autopilot, Joystick og DP Dynamisk Posisjonering

stolte tradisjoner - nye tanker Vi utfører reparasjon, vedlikehold, ombygging og nybygg av fartøy. Vår kunnskap er din trygghet.

Gunnar K

Sikkerhetssystemer for oppdrett: personell og anlegg. Elektronisk merking og registrering av aktivitet i havner og sjøområder ved hjelp av VHF radio, lukket radiosamband, AIS, Aton, radar, kamera, internett, alarm, lys, sirene osv.

Vi påtar oss oppdrag i inn og utland – service og nyinstallasjoner.

Ocean Electronics med avdelingene Måløy Radio og Sigurd Solberg

www.oceanelectronics.no

www.stadyard.no


NORSK AKKREDITERING TEST 184


30

hav av moglegheiter 2018

AUST FOR OLJEBASEN: Slik kan Nekst sitt landanlegg i Botnastranda blir sjåande. Det er lagt opp til bruk av stor grad av resirkulering av vatn og utstrekt bruk av grøn teknologi ved at alt avfall i produksjonen skal kunne nyttast til bioenergiproduksjon og liknande. Arkiv

Einaste gjennom nåla FLORØ: Som einaste aktør i Sogn og Fjordane har Nekst førebels fått tilsagn om to utviklingskonsesjonar i sjø. Dei søkte om 16. –Uansett ser vi tildelinga som ei tillitserklæring. Det seier Martin Ramsdal og Kjell Audun Aasen i Nekst. Selskapet lanserte

for eit par år sidan også planar om eit gigantisk landanlegg rett aust for Fjord Base i Florø. Dei fekk konsesjon til satsinga på settefisk på oljebasen for lage stor supersmolt på opp til 2,7 kilo. Sjøfasen blir då redusert til seks månader og dei har søkt om utviklingskonsesjonar til konseptet Havliljen i sjøen. Prosjektet har så langt vore finansiert av eigenkapital og kjærkomne bidrag frå blant andre Innovasjon Norge. Nekst planlegg å hente kapital frå to eksterne investorar og gjere ei trinnvis utbygging av gigant-anlegget aust på baseområdet i Florø. Arealet er allereie regulert i Florelandet Nord-planen og Flora kommune stiller seg også velvillige til å levere

ferskvatn frå Flora vassverk. Investeringsråma er på tre milliard kroner. Men det blir truleg inga realisering utan å få på plass utviklingskonsesjonar i sjø. – Viss vedtaket på to konsesjonar blir ståande, står det som kunne ha blitt den største industrisatsinga i Sogn og Fjordane i fare. Nekst er positivt til at behandlinga held fram, og vi vil i dialog med direktoratet leite etter løysningar for å kunne realisere prosjektet i ei akseptabel form, varslar initiativtakarane Martin Ramsdal og Kjell Audun Aasen i Nekst. sjøkonsesjonane handlar om den delen av lakseproduksjonen som fører fram til slakteklar fisk, etter at fisken først blir avla fram til rundt 2,7

kilos vekt på land. Utan nok volum på den havbaserte delen av produksjonen, vil heile prosjektet stå i fare. – Finn vi ikkje en akseptabel løysning med Fiskeridirektoratet, vil vedtaket påklagast, seier Kjell Audun Aasen frå Nekst. Fiskeridirektoratet har fått inn 104 søknader om utviklingskonsesjonar, som i produsjonsvolum tilsvarte 898 vanlege laksekonsesjonar. I sommar var status at dei hadde 58 inne til handsaming, medan 32 hadde fått avslag. Dei 16 utviklingsløyva som Nekst har søkt om ville utgjere ein produksjon på 12480 tonn laks, noko som kan gjere Nekst til ein storaktør innan lakseoppdrett i fylket. Omsetninga vil


hav av moglegheiter 2018

HAVLILJEn: Merdane i anlegget skal kunne senkast ned i djupet for å unngå påslag av lakselus. Arkiv

«EGGET»: Slik ser konseptet Egget ut. Marine Harvest har fått seks testkonsesjonar på 780 tonn kvar til å prøve dette.

Gode resultat kan bety gullkanta investering I ordninga utviklingsløyve ligg det at dei kan gjerast om til vanlege driftskonsesjonar. Kvar konsesjon har ein marknadsverdi på 140 millionar kroner.

STRI JOBB: Martin Ramsdal har jobba i tre år for å få godkjent industriplanane.

Arkiv

auget kunne ligge på 6-700 millionar kroner årleg. Driftsopplegget legg opp til å veksle mellom to forskjellige lokalitetar med fire store havmerder og ein havgåande serviceplattform. Teknologien er utvikla av det vel renommerte Marine Construction (MC) i samarbeid med mellom andre ABB. under tvil om konseptet kan definerast inn under ordninga utviklingsløyve, har Fiskeridirektoratet godkjent to konsesjonar. Det vil gje ein produksjon på berre 1500 tonn, men direktoratet sine folk meiner det er nok til å få teste konseptet. Nekst på si side argumenterer med at to konsesjonar gir for lite volum til at investorane vil gje klarsignal til satsinga i Florø. Nekst viser til at in-

Dei åtte søknadene som var godkjende fram til i sommar representer 53 konsesjonar, tilsvarande ein produksjon på 41.780 tonn. I tillegg til dei åtte som er klar, er det seks konsept som har fått klarsignal for vidare vurdering, mellom dei Nekst. Av dei som er godkjende - tronar Nordlaks med sin Havfarm på topp med best uttelling. 21 løyve omrekna til marknadsverdi av vanlege konsesjonar er på svimlande 2,9 milliard kroner.

Det som kjenneteiknar dei foreslåtte løysingane er å ta i bruk betong og eller stålkonstruksjonar basert på offshore-teknologi med heilt eller delvis lukka løysingar. Dei som har fått godkjenning er: ■■ Ocean Farming- havmerd- 8

konsesjonar

■■ MNH Produksjon- Aquatraz- 4

konsesjonar

■■ Marine Harvest - Egget- 6

konsesjonar

■■ Atlantis Subsea Farming- Atlantis-

1 konsesjon

■■ AkvaDesign- AkvaDesign- 2

konsesjonar

■■ Norway Royal Salmon- Arctic

Offshore Farming- 7 konsesjonar

■■ Hydra Salmon Company-

Produksjonstank- 4 konsesjonar

■■ Nordlaks Oppdrett- Havfarm- 21

konsesjonar

vestorar ventar seg kring 10 prosent avkastning på kapitalen. Dei meiner at konseptet må testast i full skala. 1500 tonn vil kunne fylle ei av dei fire havmerdene og då vil ein ikkje kunne ha noko samanlikningsgrunnlag. Men direktoratet på si side meiner at test i ei eining er nok til å teste korleis opplegget kan fungere. Men siste ord er ikkje sagt i denne saka. Fiskeridirektoratet har gitt andre søkarar langt fleire. Nordlaks fekk heile 21 utviklingskonsesjonar. Den kommersielle verdien av ein ordinær konsesjon er for tida på kring 140 millionar kroner.

HAVFARM: Eit skipsforma merdanlegg skal testast ut av Nordlaks og har fått 21 utviklingskonsesjonar.

31


salmongroup.no

salmongroup.no

Norges viktigste nettverk for lokale oppdrettere

1. januar 2020 går Eid og Selje saman og blir Stad kommune - med nær 10.000 innbyggjarar mellom hav og fjord. Vi har blikket vendt mot havet. Som vertskommune for Stad Skipstunnel, med engasjerte innbyggjarar og eit mangfaldig og sterkt næringsliv, ser vi lyst på framtida. Vi vil gjere det vi kan for å skape størst mulig ringverknader knytt til havet og havressursane, vekstpotensialet i kystnæringane, reiseliv og ny fornybar energi. Å byggje ein ny kommune krev god planlegging, solid innsats og samarbeid frå alle partar, både i og utanfor kommunen. Vi inviterer alle til å bli med oss på laget. Velkomen til Eid, Selje og nye Stad kommune! www.stad2020.no

TOTALLEVERANDØR ELEKTRO ElEktro

MaritiM

FibEr

SATSiNgSOmRåDER iNNAN hAVbRuK Og fiSKERi:

Elektrifisering av sjøanlegg / Fiskeflåten Fiskemottak / Settefiskanlegg / Oppdrett Vi har 24 timErS VakttElEFOn

leirvåggata 23 6900 FlorØ 577 52 920


SPØR MALVIN & CO!

Alt innen jernvare, verktøy, maskiner, verksted og maling Profesjonelle leverandører til private og bedrifter!

ORIGOD – den fleksible samarbeidspartneren

Døgnbemanna vakttelefon 940 15 823 918 08 644

MEKANISK AVDELING Produksjonsavdelinga vår kan tilby eit bredt spekter av mekaniske varer og tenester. Origod AS har lang erfaring innanfor aluminium, rustfritt og syrefast. Maskinverkstaden vår har ein moderne maskinpark der vi kan utføre allsidig bearbeiding.

Florøø

Evjagata, Postboks 172, 6901 Florø Tlf. 57 74 15 40 / 952 65 750 E-post: salg@ppfloro.no

walcon.no

walcon – et fyrtårn på kysten

Fagarbeid er styrken vår mekanikere rørleggere sveisere stålutrustning hydraulikk

A til Å - www.atilaa.no

• • • • •

Telefon 917 20 347 P.b. 1067, Ole Aaserudsgata 7 6909 FLORØ

MASKINPARK • Sveisemaskiner TIG/MIG/ MAG • Hydraulisk presse • NC kantpresser • Profil og kombisaks • Platesakser • CNC maskineringssenter • CNC dreiesenter • Dreiebenk

• • • • • • • •

Brennebord Fres Borverk Valse Pulver lakkeringsanlegg Profilvalse Plansliper og bladslipere 5 tonns traverskran

Postboks 274, 6902 Florø • Tlf. 57 75 21 40 • www.origod.no A til Å - www.atilaa.no I

Foto: Photoevent


34

hav av moglegheiter 2018

FUSJON: Ervik Havfiske og Carisma Fish i Måløy fusjonerer. F.v. viseadm.direktør Arild Aarvik (tidl. Carisma Fish), styreleiar Kåre Furnes, adm.direktør Geir Solvåg Foto: Sindre Blålid Kvalheim og konsernsjef Stig Ervik.

BASEN: Ervik Havfiske-konsernet har sitt hovudkontor på Otneimneset utanfor Foto: Ervik Havfiske Leikanger på Stadlandet.

I front med å gje dei u STADLANDET: For å styrke sin posisjon som eit av verdas største linebåtreiarlag, valde Ervik Havfiske like godt å gi lærlingplassar til ei heil skuleklasse. – I fjor var det sju elevar i fiske- og fangstklassa ved Måløy vidaregåande skule. Vi gav lærlingplass til alle i

klassa, så neste år satsar vi på at dei utvidar klasserommet sånn at vi kan ta inn fleire, smiler Robert Ervik i Ervik Havfiske. Han er fersk driftssjef i linebåtreiarlaget som no er blant lærebedriftene i Sogn og Fjordane med flest lærlingar. Berre Hydro Aluminium (45) i Årdal, Fjord1 og Flora kommune (begge 33) har fleire enn Ervik Havfiske (24).

Samarbeid med skule – Vi samarbeider tett med Måløy vidaregåande skule og har aldri hatt fleire lærlingar, fortel Robert Ervik. Fiskerikonsernet på Stadlandet, som er eigd av Stig og Kjell Magne Ervik, er no oppe i rundt 400 tilsette.

– Då oljeprisane gjekk opp og fiskeprisane ned, såg vi at fiskarar gjekk til oljen. No er det omvendt, men vi har vore forsiktige med å tilsette «oljefolk» av frykt for at dei like raskt skal gå tilbake, seier driftssjef Robert Ervik.

skal erstatte eldre fartøy i nordlegare farvatn og har kvar ein prislapp på 175 millionar kroner. – Vi jobbar kontinuerleg med fornying og utskifting. Vi har økonomiske musklar til det, sa Stig Ervik til Fiskeribladet i august.

20 båtar

Milliardkonsern

Nærmare 20 fiskebåtar har Ervik Havfiske i reiarlaget, og nå to nye fartøy står klare ved årsskiftet, så har dei bygd fire nye autolinebåtar på eit års tid. Tidlegare i år gjekk dei to nybygga Argos Georgia og Nordic Prince direkte frå det tyrkiske verftet til Sørishavet for å fiske tannfisk. Dei to fartøya, som er under bygging i Tyrkia,

Overskotet i holdingselskapet Ervik Havfiske Holding AS i fjor enda på 136 millionar kroner- av ein omsetnad på 596 millionar kroner. Tidlegare i år vart Måløy-reiarlaget Carisma Fish slått saman med Ervik Havfiske. – Ervik Havfiske er ein spydspiss som vi i Carisma Fish har sett opp til i


hav av moglegheiter 2018

LOSSING: Autolinebåten Frøyanes til kai for å losse ved Foto: Ervik Havfiske Domstein på Raudeberg.

KONTROLL: Mannskapet kontrollerer kvaliteten på ei Foto: Ervik Havfiske linefanga lange.

REKRUTTERING: Ervik Havfiske samarbeidar tett med fiske og fangst-linja ved Måløy vidaregåande skule. Her er elevar ved skulen på tur med opplæringsfartøyet Skulebas i Lofoten Foto: privat tidlegare i år. Fleire av elevane jobbar i dag på båtar i Ervik-konsernet.

DÅP: Argos Georgia vart døypt på Gibraltar før den sette kursen mot Sørishavet og fiske etter tannfisk.

Foto: John Kråkenes/Ervik Havfiske

unge sjansen mange år. Samtidig ser vi at når vi set oss ned saman, så er det aktivitetar vi er gode på, som dei rett og slett ikkje har hatt tid til å vere gode på, sa Arild Aarvik då fusjonen var eit faktum i februar. På fiskerimessa i Trondheim i august kunne han fortelje om eit godt første halvår. – Eg ser optimistisk på framtida. Dette er ei trendnæring og ungdom søker seg hit. Stig Ervik meiner fusjonen med Carisma er ein typisk vinn-vinn-situasjon. – Vi får inn ein aktiv aksjonær med eit godt kontaktnett, og no har vi svært god samla kompetanse i selskapet. Når det gjeld linebåtar, er det

ikkje mange som slår oss på administrasjon, økonomi eller drift lenger. Om det er nokon som kjem opp på vårt nivå, så skal vi bli endå betre, ler stadværingen.

Leia frå Stadlandet På Otneimsneset, nord på vêrharde Stadlandet, vert Ervik Havfiske leia frå konsernet sitt flotte og nyleg utvida administrasjonsbygg. 60 personar har sin arbeidsplass for konsernet på land, medan fleire hundre til dagen jobbar i havområde som Sørishavet og Barentshavet. Eigarane er alle utprega lokalpatriotar, og har i ei årrekke bidrege til å sikre jobb for andre bedrifter på sta-

"

Det er ei genuin interesse for å gje delar av overskotet tilbake til lokalsamfunnet. Kåre Furnes, styreleiar

den, og til å sikre andre tilbod i lokalmiljøet. Seinast ved satsinga på hotelldrift i Furebuda Lodge. Det gler mellom anna styreleiaren i konsernet, måløyværing og tidlegare reiar, Kåre Furnes. – Det er ei genuin interesse for å gi delar av det overskotet vi skapar i gruppa tilbake til lokalsamfunnet. Det er noko av det eg set pris på, og noko som eg trur blir stadig viktigare framover etter kvart som andre næringar vert seld ut av landet og ikkje bidrar på den same måten som ein gjer når ein har det lokale eigarskapet.

Sindre blålid kvalheim

35


36

hav av moglegheiter 2018

Prisa for sunn mat ASKVOLL: Tare frå Værlandet var med på vinnarlaget som gjekk til topps i NM i Sunn Fastfood.

værlandet: Daniel Fedøy jobbar vidare med tare som matressurs.

Dette skaper stor entusiasme i gründerbedrifta Seaweed AS, ytst i havgapet i Sunnfjord. – Sigeren til Anne Lise Sørensen og Patricias Gatekjøkken er veldig inspirerande for oss som arbeider hardt for å få havets grønsaker på menyen, seier Daniel Fedøy i Seaweed AS. NM i Sunn Fastfood vert arrangert kvart år av Opplysningskontoret for frukt og grønt. Årets vinnar frå Troms har i mange år markert seg i toppen av konkurransen. Det same har produktutviklarane i Slåtto og Norsk Storhusholdning. Dagleg leiar Daniel Fedøy i Seaweed AS kan ikkje rose forsking og utviklingssamarbeidet med Slåtto og Norsk Storhusholdning nok. – Dette er menneske med utruleg stor matkunnskap, nysgjerrigheit og yrkesstoltheit. Vi har lært utruleg mykje.I tillegg opplever vi at dei behandlar oss med respekt for det vi kan, sjølv om vi er ei veldig lita bedrift, seier Fedøy.

Den nye Fiskeburgeren med tare og ramsløk frå Slåtto og Norsk Storhusholdning inneheld 77% rein fisk. Tilsettinga av tare fra Seaweed AS får fram dei gode smakane av fisk og hav, samtidig som innhaldet av salt kan reduserast til ein prosent. Det vanlege i denne type produkt er gjerne opp mot tre prosent salt. Taren gir god konsistens og bindeevne i fiskemat. – Vi håpar at folk skal få augene opp for produkta våre som velsmakande og sunn salterstatning. I tillegg inneheld taren mange gode vitamin og mineral. Folk må likevel være merksame på at tare inneheld mykje jod. For lite eller for mye jod i kosthaldet er ikke heldig», seier Fedøy.

"

Ein meir berekraftig matproduksjon er det ikkje råd å tenke seg. Reint sjøvatn og lys er det einaste som skal til. Daniel Fedøy

Alger som mat er veldig vanleg i andre delar av verda, men framleis litt nytt i Europa. – Ein meir berekraftig matproduksjon er det likevel ikkje råd å tenke seg. Algane treng verken ferskvatn, gjødsel eller fôr for å trivast. Reint sjøvatn og naturleg lys er alt som skal til. Vi har stor tru på at dette er starten på noko veldig positivt. Folk ynskjer seg fleire naturlege produkt med lågare saltinnhald og sunne eigenskapar, avsluttar Daniel Fedøy.

arve Olav Solbakken

Engines for marine use – provides the whole range

Yanmar Pleasure Boat Engines (6.6 – 342 kW)

Yanmar Comercial High Speed Propulsion Engines (47 –1341 kW)

Salg, deler og service Yanmar Medium speed Propulsion Engines

– utføres av oss –

(374 – 4500 kW) Purpose-built marine engines

Yanmar manufactured marine transmissions

Class-leading fuel consumption

IMO MARPOL emission compliance

www.ervikhavfiske.no


hav av moglegheiter 2018

37

DYRKING: Tare blir dyrka på strekk av tauverk i sjøen. Pressefoto.

Måløy vidaregående skule

www.maloy.vgs.no

Yrkes og studiekompetanse

YSK/TAF • • • •

Eg synest det var fire flotte år, og den erfaringa eg har fått med meg frå næringslivet er i å ta svært nyttig med seg vidare.

Løn under utdanning Fagbrev og spesiell studiekompetanse Teori på skulen, praksis i bedrifter Fireårig løp

Nysgjerrig? Sjå: www.maloy.vgs.no www.taf.no

YSK/TAF er læring i praksis som gir alle moglegheiter

Studietilbod i Måløy: - Bygg- og anleggsteknikk - Helse- og oppvekstfag - Naturbruk - Restaurant- og matfag - Teknikk og industriell produksjon - Studiespesialisering

Sjå våre nettsider på www.maloy.vgs.no YSK (TAF) Yrkes- og studiekompetanse innafor: - Industriteknologi - Helsefagarbeidar - Akvakultur

Måløy vidaregåande skule 6718 Deknepollen Telefon: 57 63 79 00 E-post: postmottak.maloyvgs@sfj.no


38

hav av moglegheiter 2018

FANGSTDAGBOK: Fangsten vart ført inn i fangsdagboka.

AUTOLINEVETERAN: Asbjørn Førde er son til Erling Førde, som var gründeren som utvikla autolinefisket.

MUSEUMSBÅT: Linebåten Haugefisk hadde eit tett program i

haust.

LIV OG RØRE: Kjell Grotle lagar liv og røre i flokken. A

Tidskapsel med humor FLORØ: – Halve fiskaryrket er at du kan ha det litt moro innimellom. Viss ikkje, er det ikkje noko interessant.

Arve Solbakken tekst, video og foto

Den røynde linefiskaren Kjell Grotle, legg vekt på å skape litt liv og røre rundt arbeidet ombord. – Det er mykje hardt fysisk arbeid og ein blir sliten. Og viss ikkje ein klarer å ta fram det positive og ha det litt moro, då grev ein seg inn i ein mørk tunnel. Viss alle berre held kjeft heile tida, då er det ikkje noko interessant, seier han. I Kystmuseet sitt opplegg med «Tidskapselen», prøver dei å ta elevane tilbake i tid og lære dei om korleis fiskaryrket og fiskeria var for kring 50 år sidan. Elevgjengen i 9A som skeptiske seig ned på stolane i «klasserommet» under shelterdekk på Haugefisk, morgontrøtte med eit halvt auge på mobilen, fekk veldig lite behov for underhaldning over internett ut over dagen. Etter at dugnadskipper denne dagen, Svein Åge Sandvik frå Florø, tok sikkerheitsbriefinga, går førstekonservator Bjørn Fjellheim i gang med formidlinga

på vegner av Kystmuseet. Elevane blir delte inn i grupper som skal sirkulere, først ein gjeng til å steike fiskeburgarar i byssa. Deretter ein gjeng til å lære knop og knutar, ein gjeng til å egne line og ein gjeng som får omvising i maskinrom, styrehus og autolinemaskina. Så byter ein på. Drifta av Haugefisk er heilt avhengig av dugnadsgjengen i Haugefisks Venner. Politikar og veteranbåtentusiast Kåre Jarl Langeland brukar sitt store kontaktnett og ringer kysten rundt etter folk som kan ha lyst å ta ein tørn ombord. Det er lett å sanse at dei røynde sjøulkane har det sosialt og kjekt i lag. Men likevel dukkar spørsmålet opp om det ikkje finnest også andre drivkrefter som held dei gåande: – Viss vi kan lære ungdommen det vi kan, så er det kjempegreier, understrekar Kjell Grotle. – Men, det er dugnadsarbeid. Det går

ei viss stund og so blir det kanskje litt for mykje. Vi håpar berre dei har nok folk til å byte litt på det. Elles så er fiskeri etter oljenedturen faktisk blitt eit slags statusyrke, i forhold til slik det var ein gong i tida då var på ungdomskulen. No er det meir ordna forhold. No kan ein jobbe ein månad og ha fri ein månad, i forhold til før- då måtte vi jobbe nesten heile året. Etter at lina vart sett i Hellefjorden er det nysteikte fiskeburgarar å få i messa. Då linene blir dregne eit par timar seinare byrjar moroa for alvor. Kjell Grotle er sjefen i luka og kleppar inn brosme og lange, medan pigghåen ligg og sprellar på dekk etter eit brutalt møte med nokkehjulet. Gutane løftar opp pigghåen etter sporden med ærefrykt, medan jentene med solide adrenanlinkick ler og skrålar i skrekkblanda fryd. Nina Gjerdset er kontaktlærar for 9A: – Ein veldig uvanleg og kjekk skuledag. Og veldig relevant. Opplegget er su-


hav av moglegheiter 2018

39

FINALE: Finalen på dagen blei sett med å få lov å hoppe på havet med overlevingsdrakt.

kulturell skulesekk

20 klassar med på fiske

Alle foto: Arve Solbakken

r

Mellom 3. september og 2. oktober var 9. klassar frå Gulen i sør til Selje i nord, med på linefiske med MS Haugefisk som er eigd av Kystmuseet i Sogn og Fjordane. I alt 20 klassar, 374 elevar, har takka ja til dette heildagstilbodet som er ein del av samarbeidsprosjektet «Tidskapselen» mellom Den Kulturelle Skulesekken og Musea i Sogn og Fjordane. Målet er å gje ungdomane kunnskap om eiga fortid og styrke deira rotfeste gjennom besøk på eige museum.

pert og alt går på skinner. Elevane kosar seg og dei lærer masse om gammal kystkultur. Dei fleste klarer å gjennomføre ting og får med seg det dei skal. – Det er ikkje alle som toler fiskelukta? – Nei, men det har vi fått til. Vi har ein avtale med elvane på det, fordi det går an å trekke litt friskluft i luka. Eg har jobba på Skaarfish sjølv i ungdommen og eg veit at lukta den går vekk etter kvart som ein blir vant til den. Til slutt ventar den største lekkerbiskenen for elevane. Tilbake ved kaia ved Haffen, er det kappløp for å komme seg inn overlevingsdraktene og få hoppe i sjøen. Ein kan trygt slå fast at Kystmuseet med dette formidlingsopplegget har klart å oppfylle ambisjonen om å vere eit levande museum.

Opplev litt av turen ved å sjå vår video på firdaposten.no

haugefisk ■■ MS Haugefisk er ein

førstegenerasjons shelterdekka autolinebåt. Den vart brukt til banklinefiske i Nordsjøen, Nordatlanteren og Barentshavet. Den 105 fot lange Haugefisk kom som nybygg til Bremanger i 1978 og hadde heimehamn her mesteparten av tida den var i drift.

– Sidan Kystmuseet har eit flytande og levande kulturminne i Haugefisk går vi med båten til elevane sin heimkommune, snarare enn å transportere dei til museumsanlegget i Florø, fortel formidlingsleiar Jorunn Bjerck ved Kystmuseet i Florø. I opplegget skal elevane få kunnskap om fiskeri, ei avgjerande kystnæring i all si tid. Dei skal få delta i linefiske på tradisjonellt vis med handegning og med autoline og egnemaskin, den nye teknologien som vart innført på 1970-talet. Dei skal bli kjent med livet til dei som var fiskarar om bord i ein autolinebåt, på bankane kring Nordsjøen og langt av garde i havområda nord- og vestover. Haugefisk, som er ein shelterdekka autolinebåt bygd i 1978, vart verna av Kystmuseet i 2005. Sidan då har Kystmuseet hatt sin eigen havgåande fiskebåt med eit mannskap av frivillige, mange av dei med bakgrunn i fiskerinæringa, som er med å arbeide for at denne delen av kystkulturen vert tatt vare på og formidla. Elevane får vere mannskap om bord i Haugefisk for ein dag. Dei skal fiske med line på gamlemåten, skjere agn og egne lina for hand. Dei skal og nytte autoline-teknologien med egnemaskin. Dei arbeider i lag med røynde folk som har vore på fiske og som kjenner livet om bord i båten godt.


Verden går fremover Fôring er den viktigste oppgaven innen havbruk. Derfor skal du velge det beste og mest avanserte verktøyet. Vi i Steinsvik har holdt på med fôringssystemer siden 80-tallet. Gang på gang har systemer som Are 126, MultiFeeder, GMT Feeder og FeedStation satt standarden for hva som er mulig å oppnå med et sentralfôringsanlegg. Verden rundt er våre løsninger i bruk både for matfisk og settefisk. Nå har vi hevet nivået nok en gang. Vi presenterer Next Generation FeedStation!

Ta kontakt for mer informasjon.

www.steinsvik.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.