Temabilag hus & heim

Page 1

hus & heim Temabilag for Nordfjord 27. april 2018

Er innflyttingsklare i nytt bustadfelt Pappa Øystein Heimsæter og ungane Ada-Sofie og Dennis er mellom dei første som flyttar inn i Hogaåsen bustadfelt på Nordfjordeid. – No håpar vi berre at vi snart får naboar, seier husbyggjaren. SIDE 2 OG 3

Held døra open for «alt»

SIDE 4

Tek tak i golvkundane

SIDE 6 OG 7


2 APRIL 2018 NORDFJORDSAMKØYRINGA

MIDTPUNKT: Dei første bustadhusa i Hogaåsen er klare for innflytting. Øystein Heimsæter valde ein tomt som ligg om lag midt i det nye feltet.

UTKIKKSPUNKT: Det er ikkje alle leikeplassar som har ei utsikt som dette å slå i bordet med.

TILRETTELAGT: Eid kommune har brukt mykje ressursar på bygging av infrastruktur i Hogaåsen.

Var mellom førstevelja Øystein Heimsæter gjekk mange rundar i Hogaåsen før han bestemte seg for å byggje midt i det nye bustadfeltet på Eid. – Eg studerte tomtene grundig. Hadde eg bygd høgare oppe, kunne eg fått ei flatare tomt. Men vi ynskjer ikkje å miste nærleiken til Eid. Ein annan fordel her er at vi ikkje kjem opp i snøgrensa. Her er gangveg i forkant, så vi slepp at det blir bygd noko framfor. I tillegg er det rett inn i friområdet austover. Tomta er over eit mål, og ei av dei største i feltet, seier Heimsæter. 1. juni skal huset på totalt 240 kvadratmeter stå klart til innflytting. Saman med to andre husbyggjarar som er i ferd med å flytte inn i Hogaåsen i desse dagar, har han hatt fordelen med å vere førsteveljar i eit felt med totalt 39 bustadtomter. Tre tomter er lagt ut for sal til konsentrert bustadbygging. På lenger sikt er kapasiteten i Hogaåsen 120 tomter. Heimsæter seier han sjekka moglegheita på Skårhaug, men at han valde Hogaåsen fordi han då stod friare til å velje hustype og utbyggjar sjølv.

Kjøpte gravemaskin

– Dei siste åra har eg budd i leilegheit på Flata. No ville eg opp i sola, eg gler meg til å kome opp frå gryta. Eg bestemte meg berre for å satse her. Noko som har vore påpeika med det nye byggjefeltet, er at i alle fall nokre av tomtene kan vere dyre å opparbeide sidan det er bratt og mykje fjell. Heimsæter seier det var med i vurderinga hans også. Han løyste utfordringa på sin eigen måte. – Eg kjøpte meg gravemaskin sjølv. Sidan eg tidlegare jobba som maskinførar i mange år, veit eg kva det går i. Eg leigde Alvin Drage til å sprenge. Resten av arbeidet med å grave og flytte på ting har eg gjort sjølv. Når huset er ferdig, sel eg gravemaskina igjen. Husbyggjaren reknar på at jobben

med grunnarbeid fort kunne kosta han 800.000 kroner om han skulle leigd inn eit maskinfirma.

– Litt galskap

Heimsæter har delt omsorg for borna Dennis (14) og Ada-Sofie (8). Han byggjer huset åleine, og han seier han i hovudsak byggjer det for ungane si skuld. – Hadde det vore berre meg, kunne eg kjøpt meg ei leilegheit. Men eg vil at ungane skal ha eit hus å kome til når dei er hjå meg. Det er sjølvsagt ei tøff økonomisk satsing å byggje åleine, men eg har leilegheit for utleige i første etasje, det gjer prosjektet mogleg. Vi sjølve skal bu på 160 kvadratmeter i dei to øvste etasjane. Det er stort nok for oss. Blink Hus Sølvberg Bygg har bygd huset. Det er modellen Tunheim i Blink Hus-katalogen som dannar utgangspunktet, men Heimsæter har gjort mange endringar, mellom anna med verandaene nedover. Han fortel at han har vore veldig fokusert på kostnadskontroll. – Det er ikkje ein 1000-lapp som ikkje er nøye vurdert når det har vore snakk om endringar. Eg er nøydd til det, for eigentleg er det litt galskap å byggje dette huset åleine.

Håpar på naboar

Husbyggjaren i Hogaåsen vil ikkje talfeste kostnaden med prosjektet nøyaktig, men han seier sluttrekninga kjem på over 5 millionar kroner. – No håpar vi berre at vi snart får naboar. Vi har ikkje lyst å bu her åleine, det kan bli kjedeleg for ungane. Aller helst ynskjer vi oss barnefamiliar slik at ungane kan få vener. Vi har også lyst å leige ut leilegheita til ein barnefamilie. JØRN-ARNE TOMASGARD nordfj@fjt.no

Hadde eg bygd høgare oppe, kunne eg fått ei flatare tomt. Men vi ønskjer ikkje å miste nærleiken til Eid. Øystein Heimsæter, husbyggjar i Hogaåsen byggjefelt i Eid


NORDFJORDSAMKØYRINGA APRIL 2018 3

LITT GALSKAP: Øystein har hatt streng kostnadskontroll. – Det er ikkje ein 1000-lapp som ikkje er nøye vurdert når det har vore snakk om endringar.

KJØPTE GRAVEMASKIN: Øystein Heimsæter har erfaring som gravemaskinførar, og kjøpte like godt eiga maskin då han skulle opparbeide tomta.

HJELPER TIL: Måling er noko av det Dennis Heimsæter (14) kan hjelpe til med i byggjeprosjektet.

arane i Hogaåsen i Eid NABO TIL MYKLEBUSTÅSEN: Hogaåsen er i praksis ei vidare utbygging av Myklebuståsen austover.

Ventar på vårløysing Tre utbyggjarar har kjøpt eller reservert tomt i Hogaåsen. Det opplyser Inger-Lise Myrold, førstekonsulent på teknisk drift i Eid kommune, som har ansvaret for formidling av tomtane. Det er Sølvberg Bygg som har kjøpt tomta der dei planlegg tomannsbustad. Din Bustad har prosjektert einebustad til sals i feltet, ifølgje finn.no. Den siste aktøren er Opal. – Elles er der ein privat interessent som vi ventar tilbakemelding frå, seier Myrold. Tal frå Boligprodusentenes Forening for første kvartal viser at nybustadsalet i Norge fall med 17 prosent første kvartal, medan igangsetjing fall med 26 prosent. Ifølgje Myrold har det også vore stille på Eid. – Det har vore litt stille siste året, men det verkar som marknaden kan løsne no. Eid kommune tilbyr også hustomtar i Løkjastranda, på Stårheim, i Kjølsdalen og Holmøyane. I tillegg er det private tomtefelt på Skårhaug og Stokkenes i sentrumsområdet.

FANTASTISK UTSIKT: Snart flyttar Øystein Heimsæter og borna Ada-Sofie og Dennis inn i nytt hus i Hogaåsen, som nokon av dei første i det nye feltet ovanfor Nordfjordeid sentrum. Ein stor kvalitet med tomtene her er den fantastiske panoramautsikta over Nordfjordeid, fjorden og Eidsbygda. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

JØRN-ARNE TOMASGARD nordfj@fjt.no


4 APRIL 2018 NORDFJORDSAMKØYRINGA

GAMMALT BLIR NYTT: Johan Berge og Veronica Beitmyren i Utvik Tre har ikkje eigne favorittmøblar, men brenn for å berge andre sine interiørskattar. Dette er utskjæringar frå eit gamalt hus på Tistam. Dei var heilt opprotna, men Utvik Tre laga nytt. Den vesle verksemda såg dagens lys i 2012. ALLE FOTO: INGE FÆNN

Leverer «målsaum» Dei tilsette ved Utvik Tre har ikkje eigne møblar som dei har eit spesielt tilhøve til, men dei vøler gjerne «hjartebarnet» til andre.

Det kan ofte vere vanskeleg å skilje seg med ein gamal stol eller eit bord som har vore mykje brukt i slekta gjennom generasjonar. Men det finst håp. Når tidens tann har kravd sitt, står Utvik Tre klar til å gje ei hjelpande hand. – Vi seier ja til det meste,

seier veteranen i verksemda, Johan Berge. Han viser fram dører til to hus som er under restaurering. Dei skal sjå ut slik dei gjorde i farne tider. Eit anna oppdrag under arbeid er utskjæringane på eit eldre hus frå Tistam. «Målsaum» i heil tre er merkevara til Utvik Tre. Ei lita verksemd som såg dagens lys i 2012, etter at dørfabrikken Dooria vart historie. – Vi gjer det som andre ikkje får til. Av og til er det nesten som eg angrar på at vi har sagt ja, men vi har løyst det meste, kjem det lunt frå Berge.

EIGENDESIGN: Denne veggseksjonen har gjengen i Utvik Tre utvikla sjølve. – Vi seier ja til det meste, seier veteranen i verksemda, Johan Berge.

Johan kom til Moelven som det heitte den gongen, vel 16 år gammal. Det var sommaren for 42 år sidan. Han har vore med på alle oppturane og nedturane til fabrikklokala stod tome. Då det vart kroken på døra for Dooria, valde han å satse vidare saman med Kjell Arne Berstad og Veronika Beitmyren. Dei brukar dei gamle Dooria-maskinene og litt nye, men det meste er handarbeid. Mellom arbeida finn vi langbord i eik til Longevasshytta som Indre Sunnfjord Turlag har i Jølster. Johan fekk ein fjelltur på fleire timar for å ta

mål av bordet. Bordet skulle nemleg gå over to rom med hol for ein stolpe, og alt passa på millimeteren. – Gjendebu var eit artig oppdrag. Vi slipte ned lakka golv, fjerna golvbelegg, olja opp igjen og la nytt tak inne, fortel dei. Kundegruppa er i all hovudsak indre Nordfjord. Dei lagar det folk vil ha anten det er nytt eller vøling av gammalt. Ting som ikkje er butikkvare. Vi brukar berre heiltre, aldri sponplater. Folk får det dei vil ha. Når folk skal bygge nytt eller restaurere dukkar det opp

spesielle ynske. Utvik Tre reiser ut til kundane med målband i lommen for å finne gode, praktiske løysingar. Det har vore fleire store oppdrag, men det viktigaste er dei mange små. Og dei har fullt opp å gjere.

LAGA UTEBORD: Kunden kom med skisse av eit utebord med klaff og her er resultatet.

TRIO: Dei tre i verksemda valde å satse vidare saman då det var kroken på døra for Dooria. Det er frå v. Johan Berge, Kjell Arne Berstad og Veronika Beitmyren.

FAVORITTMØBEL Navn: Johan Berge Alder: 63 Adresse: Utvik Bur: i einebustad på gard INGE FÆNN nordfj@fjt.no


NORDFJORDSAMKØYRINGA APRIL 2018 5

STÅRHEIM BYGG AS NYBYGG - RESTAURERING - VÅTROM - TOTALENTREPENØR VI UTFØRER:

Grunn • Betong • Tømrerarbeid • Kjerneboring • Betongsaging Utvendig og innvendig asbestsanering

Tlf. 57 86 14 79 | Adresse: 6777 Stårheim | epost: post@starheimbygg.no

Vi kan tilby tenester innan anlegg som:

Natursteinsmuring, tomt, vegar, boring/sprenging, pigging av fjell, grøfting, riving, transport og div. masser. JB Anleggsservice AS, tlf. 91 17 66 78 v/John Bjørn Moen

Følg oss på facebook JB Anleggsservice

EIG DU HUS, HYTTE ELLER LEILEGHEIT?

saetren.no

Det løner seg å vere medlem i Huseiernes Landsforbund!

IKKJE ? EM MEDL ed sm Send sm 2007. l ti HL131 495,Kun kr pr. år

• Gratis juridisk, økonomisk og byggteknisk rådgiving • Gratis kontrakt for handtverkartenester, utleige, m.m. • Gratis kurs om viktige tema: Arv, farer og feller ved utleige, nabokonflikter, skatt på bustad og utleige, m.m. • Betydelege rabattar frå våre partnarar, til dømes: Varme & Bad, Verisure, If Skadeforsikring (10%), m.fl. • Huseiernes Landsforbund arbeider for å ta hand om dine interesser som eigar av bustad eller fritidsbustad • Boligmagasinet Hus & Bolig heim i postkassen 5 gonger årleg • Les meir om alle medlemsfordelane på huseierne.no

Jan Erik Mardal Distriktsleiar Sogn og Fjordane Tlf. 954 95 555 sognogfjordane@huseierne.no

Din lokale elektriker Smarthus - El installasjon

huseierne.no

KUBA

Har du tanker om å bygge hus? Bestill vår katalog

Tommy Bjørdal Selger Tlf: 47 68 94 97 E&post: tommy@bybm.no

BYGG & BOLIGMARKEDET

www.nordbohus.no

Bjørn&Inge Nesje Selger Tlf: 41 69 11 91 E&post: bjorn&inge@bybm.no


6 APRIL 2018 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Rettar seg inn mot g Fjordane Golv AS med utgangspunkt i Olden og Kalvåg er under etablering, og etter mange år med både veggar og tak blir det golv på heiltid.

Odd Egil Vanberg og Stig Melheim har arbeidd med måling, tepper, flis, tepper og himling i meir enn 20 år. Dei har arbeidd kvar for seg, men aldri vore skikkeleg konkurrentar. – Vi har hatt godt samarbeid og frå no av blir det eitt firma der vi spesialiserer oss på golvarbeid, fortel dei to som akkurat har eit oppdrag med teppelegging på Stryn

Hotel samstundes som dei skal avslutte arbeidet i dei 13 leilegheitene som er under oppføring i Flogården i Stryn sentrum. Dei vaks opp som naboar i Olden, men Stig har overteke mora sin slektsgard i Kalvåg. Det er grunnen til at det blir to firmaadresser. – Vi har valt å konsentrere oss om eitt område innan for faget, nemleg golvarbeid. Det gjeld avret-

ting, belegg, teppe og flis alt etter kva kunden ynskjer, og vi ser føre oss både industri og private bustadar som kundeområde, seier dei. Nyleg avslutta dei flislegging av eit golv på 720 kvm i eit butikkbygg i Hovdebygda, og dei har hatt oppdrag på Voss. – Etter kvart som vi får fotfeste og kanskje også fleire tilsette ser vi både Sogn og Fjordane og nabofyl-


NORDFJORDSAMKØYRINGA APRIL 2018 7 AVRETTING: – Vi har hatt godt samarbeid og frå no av blir det eitt firma der vi spesialiserer oss på golvarbeid, fortel Stig Melheim (t.v.) og Odd Egil Vangberg i Fjordane Golv AS. Her er duoen i ferd med avretting av golvet før dei legg teppe. ALLE FOTO: INGE FÆNN

FLOGÅRDEN: Stig Melheim (t.v.) og Odd Egil Vangberg framfor Flogården der dei har hatt mykje av arbeidet med 13 nye leilegheiter.

SPESIALISERING: Så langt har karane i Fjordane Golv AS arbeidd både med golv, veggar og tak, men framover er det golv som gjeld. – Vi tek på oss heile hus med laminat, teppe og belegg alt etter kva eigaren ynskjer, seier dei.

golvarbeid på heiltid ka som arbeidsområde, men Nordfjord blir hovudbasen, seier dei to. Det er industrien som kan opne for dei store jobbane, men bustadhus er også aktuelt. – Det er aukande interesse for å pusse opp eldre hus. Avretting av gamle golv er ein krevjande jobb. Vi tek på oss heile hus med laminat, teppe og belegg alt etter kva eigaren ynskjer. Vi ser også at det

er meir interesse for å slipe ned og setje i stand gamle tregolv. Det er eit omfattande arbeid. – Men kvifor berre golv? – Det er det vi likar best å arbeide med. Ingen ting er umuleg. Detsom er vanskeleg tek berre litt lenger tid. Folk set krav til kvalitet, smiler dei to karane. Dei er også leverandørar av det som skal til om kunden ynskjer

det, men førebels er det ikkje planar om butikk og eigne utstillingslokale. At dei no blir to og går inn i eit samarbeid ser dei som ein klar fordel. Tunge tepperullar er ikkje lette å hanskast med, og går det bra kan dei bli endå fleire som deler på dei tunge løfta. INGE FÆNN nordfj@fjt.no

Vi ser føre oss både industri og private bustader som kundeområde. Odd Egil Vangberg og Stig Melheim i Fjordane Golv AS


8 APRIL 2018 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Isolerglas som doggar? Knust glas? Energisparing? - Då er isolasjonsverdien halvert. - Glaset blir delvis svekka mot lekkasje Ring oss for rådgjeving i høve val av nytt glas og riktige glasløysingar!

Arne

*

Henning

Grim

Din totalleverandør av alt innan glas: - Isolerglas, solavskjermande glas og spesialglas - Luxaflex solavskjerming - Alum. fasader, glastak, vinterhage, vindu/dører - Trervindu, PVC FAGKUNNSKAP GIR TRYGGHET

GODE PRISAR!

RobotklippeRe iMow

fra 13.490,-

Kontakt

GLASS-SIKRING AS

Følg Glassfagkjeden på Facebook

Miimo

fra 17.995,-

* Ved bruk av kabellegger blir tråden lagt under bakken, ingen synlige spor i gresset. Montering/installasjon fra 3.990,-

Vi er autorisert forhandler og har kompetansen til å finne rett produkt til akkurat din hage.

5 innflyttingsklare leilegheiter for sal Velkomen til visning onsdag 2. mai kl 18.00 – 19.00

Gå til «Boligvelgaren» på www.boahagen.no for å sjå kva som er ledig. Der er også teikningar og prisar.

BØAHAGEN: • Ferdig utbygd vil det vere 50 leilegheiter. • Størrelsar på 62, 79 og 102 kvm. • Kort avstand til «alt» • Bilfritt miljø med parkering i kjellaren. • Heis til kvar etasje. • Vakkert, praktisk og sosialt.

Prisar frå kr 2 335 000,-

KONTAKT:

Halvard Bøe Tlf: 970 95 132 E-post: halvard@haboe.no Heimeside: www.boahagen.no

Besøk vårt hagesenter på Felleskjøpet Eid

Plukk og miks Kryddermix

• V.nr: 6440053

Kryddermix til utplanting • V.nr: 6440052

49,-

3 STK

100,Osvegen 10 6770 Nordfjordeid Osvegen 10 Tlf Tlf.6770 72 50 50 50 Nordfjordeid Tlf. 72 50 50 50


JØKK E DK et aliter v K i ov

r å 0 6

ET

Bjarne Es

varefabrik Tre k pe

NO

R

N

RDFJO

NORDFJORDSAMKØYRINGA APRIL 2018 9

Frå draum til

NORDFJORDKJØKKENET

www.espetrevare.no 6770 Nordfjordeid | Tlf: 57 86 23 11 | e-post: post@espetrevare.no


10 APRIL 2018 NORDFJORDSAMKØYRINGA

EI ANNA TID I HEIMEN: «Eg hugsar godt då vi mangla innlagt vatn i husa. Då alt vatnet vi skulle bruke, måtte berast inn og ut att», skriv Jarl Wåge i denne kommentaren. Kanskje ikkje rart det sit spikra dagen då familien endeleg fekk eige bad på loftet. TEIKNING: JAKKI MOORE

Rein badelykke Hundrevis av millionar menneskje manglar vatn på kloden vår. Det ville vere forunderleg rart å seie at folk på Vestlandet manglar vatn. Men eg huskar godt då vi mangla innlagt vatn i husa.

Då alt vatnet vi skulle bruke, måtte berast inn og ut att. Då vi hadde laugardag kvar laurdag og bada i stamp på kjøkengolvet. Då vi skylte kleda i bekken som rann gjennom småbruket om våren og sommaren fordi vi sjølvsagt ikkje hadde vaskemaskin. Då nattpotta var eit viktig møbel fordi utedoen, som onkelen min kalla Amerika, låg i null-lukt-avstand frå huset. Men så. Under over under. Vi skulle få innlagt vatn. Bestefaren

min, som kunne finne vatn med ønskekvist, blei tilkalla og fekk i oppdrag å finne ut kvar vi skulle grave brønn. Like utanfor huset gjorde kvisten utslag. Han konstaterte at det var fem meter ned til vasskjelda. Og ganske riktig. Der var det vatn.

dei tok litt plass frå to soverom. Eit eventyr av eit bad. Kvite fliser. Badekar. Ja, eg sa badekar! Og handhalden dusj. Eit hollywoodsk luksuseventyr. Mi elles så nøkterne mor strålte om kapp med flisene og krommen. Så stolt at ho knapt fylgde bakken.

Eit finurleg system med vasspumpe gjorde at det ein vakker dag sildra vatn ut av springen over den nye utslagsvasken. No var det som om moderne tider rann inn i huset vårt. Oppvaskbenk. Varmt og kaldt vatn.

Då vi fekk besøk frå Amerika, og då meiner eg landet, var det fyrste ho gjorde å ta dei med opp på loftet, høgtideleg opne baderomsdøra og aller nådigast la dei stige inn i dette våtromseventyret.

Mor mi tralla og song. Oppvasken var plutseleg ein fest. Etter kvart kom det ei ekte, skinande kvit vaskemaskin i kjellaren. Vi fekk vassklosett. Ingen fleire amerikareiser i all slags vêr. Modernare enn dette kunne ein ikkje ein gong fantasere om.

Sanninga er at baderommet vårt var knøttande lite. Det var lågt under taket. Med akkurat plass til badekar, ein vask, ei hylle vi stadig støytte hovudet opp i, nokre knaggar og ein stol til å leggje klede på.

Men stopp ein hal. Det mangla noko vesentleg. Bad. Foreldra våre var hinsides lettsindige og bestemte at det skulle byggjast bad på loftet. Bad, mine damer og herrar! Og bad blei det. Ved at

Då amerikanarane vel var reiste igjen, sa mor mi litt beskjemma: «Og eg som drog dei opp på badet. Dei har heilt sikkert minst tre bad i huset sitt. Kvart einaste eitt minst dobbelt så stort som vårt.»

Men same det. Vi hadde bad. Utviklinga hadde nådd vårt hus òg. Det var rein og skir badelykke å senke seg ned i karet og kjenne det varme vatnet kjærteikne og lauge heile kroppen. JARL WÅGE nordfj@fjt.no

Badekar. Ja, eg sa badekar! Og handhalden dusj. Eit hollywoodsk luksuseventyr. Mi elles så nøkterne mor strålte om kapp med flisene og krommen. Jarl Wåge


NORDFJORDSAMKØYRINGA APRIL 2018 11 Hagestolar med regulerbar rygg!

Provance

10.395,-

8.995,cornwal sett. 2 stolar+2 pallar+bord. Komplett, innkl.puter. Farge: «seagrass».

spisebord Ø150 cm Inkl. 6 stolar m/pute. Pris dreieplate 595,-

14.995,KomPlett!

Farge «chocolate brown»

Tid for hage

Georgia. spisebord 200x100 cm m/glassplate. Inkl.6 regulerbare stolar med puter.

10.995,KomPlett!

Brighton. 3+1+1. Inkl. puter og bord 140x80 cm

eden Hagesett.

2 stolar+bord. Inkl. puter.

3.995,-

Bristol vinkelsofa. 3-v-2/2-v-3. Inkl. puter og bord 140x80 cm

Fleire hagemøblar i butikken! Opningstider: Mandag - onsdag Torsdag Fredag Lørdag

09.00 - 16.30 09.00 - 18.00 09.00 - 16.30 10.00 - 15.00

Velkomen til oss! Sogn og Fjordane sin største frittståande møbelbutikk.

MØBLER Vi leverer i heile distriktet

10.995,KomPlett!

Tlf: 57 86 09 22 6770 NORDFJORDEID Følg oss på


12 APRIL 2018 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Dette bør du vite når du kjøper hus eller hytte på festa tomt Ei festetomt er ei tomt som du leiger (festar) av ein grunneigar (bortfestar). Når du kjøper ein bustad eller hytte på ein festa eigedom, kjøper du samstundes retten til å leige tomta. Denne retten er regulert i festekontrakten. Der står det kor mykje du som festar skal betale i årleg leige (festeavgift) for tomta, og kor lenge avtalen varer. Det er vanleg å sette opp ei festekontrakt for fleire tiår av gongen. Mange kontraktar er dermed gamle, men gjeld framleis. Nokre festekontraktar er tidsuavgrensa, det vil seie at dei ikkje har ein sluttdato. Det er særleg i samband med utløp av ei festekontrakt at problem kan oppstå. Derfor er det viktig for deg som kjøper bustad eller hytte på festetomt å undersøkje om du har ei tidsavgrensa festekontrakt og når tid festekontrakten i så fall går ut. Då må du nemleg vere førebudd på endringar og eventuelt på at festeavgifta kan auke. Dersom du som festar ønskjer at kontrakten vert fornya, skjer det automatisk. Etter lova løper festet vidare utan at du eller bortfestar treng å gjere noko som helst. Men bortfestar har lov til å skru opp festeavgifta. Dette vert kalla éingonglovnaden fordi det berre kan skje éin gong. Då kan avgifta settast til 2 prosent av råtomtverdien. Råtomtverdien er verdien på tomta slik den i utgangspunktet var, altså utan t.d. den vakre hagen, vegen og vassrøyra du som festar, eller festaren før deg, har tilført. Det er likevel eit tak for kor høg festeavgifta kan settast. I dag svarar til om lag 12.035 kroner per dekar.

Det er ikkje berre ved kontraktsfornying at ei slik oppjustering av festeavgifta kan skje. På grunn av lovendring med tilbakeverkande kraft, hadde bortfestar lov til å skru opp festeavgifta dersom avtalen vart fornya i tidsrommet mellom 1. november 2004 og 30. juni 2015 utan at det skjedde ei oppjustering då. Men denne retten gjaldt berre ut 2017. Etter 1. januar 2018 kan grunneigarar berre oppjustere avgifta når kontrakten vert fornya, dersom det ikkje eksplisitt står i kontrakten at den kan regulerast etter t.d. marknadsverdi. Det blir altså litt færre overraskingar for dei som kjøper hus eller hytte på festetomt frå 2018. Det vanlege er at det skjer det ei konsumprisregulering av festeav-

VIKTIG Å SJEKKE NÅR KONTRAKTEN GÅR UT: «Det er særleg i samband med utløp av ei festekontrakt at problem kan oppstå», skriv distriktsleiar Jan Erik Mardal i Huseiernes Landsforbund i dagens informasjonsspalte i Hus & heim-magasinet. TEIKNING: TURID BREIDALEN hold til drifta av garden. I praksis vil det vere vanskeleg for bortfestar å nekte innløysing etter dette landbruksunntaket.

GIR GODE RÅD: Advokat Jan Erik Mardal er distriktsleiar i interesseorganisasjonen Huseiernes Landsforbund i Sogn og Fjordane, og har mange gode råd til huseigarar. FOTO: PRIVAT

gifta kvart tiande år. Ei slik regulering har bortfestar krav på ifølgje tomtefestelova, om ikkje anna er avtalt i festekontrakten. Men det kan vere avtalt i den enkelte festekontrakt at denne reguleringa skal skje oftare og då er det kontrakten som gjeld. I enkelte kontraktar er det avtalt ei regulering etter marknadspris. Dersom kontrakten er inngått før 26. mai 1983 og inneheld ein slik klausul, har bortfestar berre lov til å oppjustere festeavgifta éin gong etter 2001. Dette inneber at dei fleste som har denne klausulen i kontrakten allereie har oppjustert festeavgifta. Men i enkelte tilfelle har bortfestar kanskje gløymt det, eller ikkje nytta seg av høvet. Dette bør du som festar undersøkje. I staden for å krevje fornying av

festekontrakten, kan du krevje innløysing av tomta. Innløysing betyr at du skal få kjøpe tomta. Du treng ikkje å vente til festetida går ut med å fremje krav om innløysing. Uansett kor lenge kontrakten varer kan du etter 30 år krevje innløysing. Etter at dette kan du krevje innløysing kvart andre år, dvs. 32 år, 34 år osb. Det er likevel ikkje berre å seie frå om at no vel eg å løyse inn tomta. Eit slikt krav skal fremjast skriftleg, og det skal skje seinast eitt år før innløysinga skal skje. For fritidseigedomar kan du berre fremje kravet kvart tiande år.

Det gjeld eit viktig unntak der festetomta høyrer til ein landbrukseigedom. Dette gjeld berre for fritidseigedom. Det blir likevel sett eit minstekrav til festeinntekt og kor mykje inntekta utgjer i for-

Tomtefestelova regulerer innløysingssummen som skal settast på eigedomen. Hovudregelen er at prisen skal settast til 25 gonger festeavgifta. Dersom det er mindre enn ti år til kontrakten går ut, har bortfestar lov til å oppregulere festeavgifta og legge denne til grunn for salet av tomta. Oppreguleringa skjer då som tidlegare nemnt ved éingongslovnaden: Den vert sett til to prosent av råtomtverdien, eller maksimalt 12.035 kroner per dekar (2017). I mange tilfelle kan bortfestar krevje 40 prosent av råtomtverdien ved innløysing i staden for 25 gonger festeavgift. Det er verd å merke seg at tvistar om innløysingssum ikkje er uvanleg. Ei rekkje konfliktar rundt dette endar i domstolane. Det kan vere lurt å rådføre seg med advokat tidleg i ein prosess om innløysing av festetomt for å vere trygg på at det skjer på rett måte.

HL VEIT RÅD •• Huseiernes Landsforbund (HL) er ein landsomfattande interesseorganisasjon for eigarar av hus og leilegheiter, sameige, burettslag og gardeigarar. •• Advokat Jan Erik Mardal er distriktsleiar i HL Sogn og Fjordane, og i Hus & heim-bilaget kjem han med gode råd til huseigarar. JAN ERIK MARDAL Huseiernes Landsforbund


NORDFJORDSAMKĂ˜YRINGA APRIL 2018 13

...heim – til draumane diner

Fargehandel

Kjøkken og bad

Belysning

Handverktøy / Makita

Trelast - golv - flisar - garderobe - vedovnar

Trebo-Hus AS

Jarbrugda, 6823 SANDANE

OPNINGSTIDER MĂ…NDAG - FREDAG: 07.30 - 16.30 LAURDAG: 10.00 - 14.00

STUBBEFJERNING Effektiv stubbefjerning!

1 ! ! ! ' '*! "! # ' #'! # 0'! & ! ! ! + !! * # !

Visste du at gamle stubbar er ein flott heim for maur og andre smükryp? Vi fjernar stubbar og røtter etter tre, busker og hekk. Vi tilbyr ogsü enkel trefelling Ta kontakt for uforpliktande tilbod

tlf. 907 80 709

Ring: 91633137 E-post: norsktakfornying.sfj@gmail.com for uforpliktende pris.

Nordfjord Stubbeservice Lunde, 6783 Stryn • Tlf. 907 80 709 epost: nordfjord.stubbeservice@gmail.com facebook.com/nordfjord.stubbeservice

Last ned Gira Design Configurator

Frequency.no

/ # ' ) %$ ( ./, ' $ $ % - - (- - #' !

Vi fjerner mose og impregnerer taket ditt

VĂ…RSTEMNING TEMN Inspirasjon for hus og hage

FORENKLE HVERDAGEN MED SMARTHUS I en bolig med standard installasjon kreves det en bryter for hver lampe og flere termostater for ü styre varmen. Med smarthusbrytere fra Micro Matic kan du styre alt pü et sted, tilpasset dine behov og brukermønstre. Tenk deg en bryter ved sengen som er merket God morgen. Med ett trykk settes huset i morgenmodus, med de innstillingene du pü forhünd har bestemt. Varmen reguleres til komforttemperatur, rombelysningen øker gradvis, persiennene üpner seg og favorittmusikken din spiller. Slike scenarier, som for eksempel Hjemme, Borte, God natt og Ferie, lar deg kombinere flere forskjellige handlinger pü en gang, som styring av lys, varme, ventilasjon og lyd. De er tilpasset dine behov, forenkler hverdagen og er ogsü tilgjengelig fra din smarttelefon. I tillegg kan man velge blant mange lekre design slik at bryteren stür i stil med interiøret. Man har selvsagt mulighet til ü oppgradere til flere funksjoner, andre styringsenheter og annet design, nü og i fremtiden.

Sogn og oppland

Alt i blomster Busker Hekkplantar Vintergrønt BÌrbusker Frukttre Stauder Rosetre

TILBOD:

Graniium - Begonia Kraft ftige t plantar – Eigen produksjon 3 stk. fleire Pr. stk. kr.

69,-

60,pr stk

TILBOD:

Ste emor

10-pa akninger og skĂĽler

TILBOD:

Garrtnerjord 50 liter Dek kkbark Hagese enteret med det STORE utvalet

Din fagblomsterbutikk www.ulvesund-elektro.no

Nordfjordeid - Tlf. 57 86 08 44 www.hildenes.gartneri.no Følg oss pü


14 APRIL 2018 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Inviterer kundane sine inn i «stuen» Glassmester Kvamme AS i Almenningen lar kundane kome tett på produktet.

Dag Arne Kvamme og kona Randi har nemleg bygd ei Fenstrastue, ein fullisolert vinterhage inntil privathuset. Den blir aktivt brukt i mar-

knadsføringa, og fungerer også som ei demo-stue du kan ta nærmare i augesyn. – Når ei skal investere for ein halv million i utviding av huset, så må ein kunne ha moglegheit til «sjå på varene» før ein bestemmer seg, skriv glasmeisteren i ei pressemelding. Han og kona har også sett av

ein heil dag for å vise fram stua til skodelystne. – 5. mai inviterer vi hele Nordfjord på «Åpen Vinterhage» på vår eigedom i Falkevik. Eg håpar mange potensielle kundar som har ein draum om å skaffe seg ein lys og triveleg og godt isolert uteplass, tar turen innom oss den dagen.

EIGA DEMO-STUE: Glasmeister Dag A. Kvamme og kona Randi opnar sin nybygde vinterhage for potensielle kundar laurdag 5. mai. FOTO: PRIVAT

Vinterhage gjer nytta heile året Vinterhage er eit heilårsrom til glede både i våte vestlandssomrar og i kalde vintrar. For mange er det også ei god løysing for utviding av bustadhuset. – Dette var ei god investering, forsikrar Jon Inge Kandal i den vesle bygda Kandal ved Breimsvatnet. Vinterhagen er fire år gammal, og nyleg kunne han hauste siste sitronen frå treet ved inngangen. – Vi valde ei løysing i plan med inngangspartiet då kona mi, Oddny Helene Heggdal, fekk problem med å gå i trapper, fortel Kandal.

– Ei god investering

Vinterhagane er ikkje bundne av standard modular. Kunden kan velje fritt i storleik, utsjånad og ikkje minst fargane på dei vedlikehaldsfrie aluminiumsprofilane. – For oss vart dette ei god investering. Det er vedlikehaldsfritt, seier Kandal, som også har fått ei løysing slik at glastaket reinskar seg sjølv på regnversdagar. Tømmerhuset frå trettiåra er ikkje av dei største, men med vinterhagen har dei fått eit heilårsrom med grø-

ne plantar sofakrok og kontorplass. – Det er ikkje alltid så ryddig som dag, smiler han og flytter litt papir frå hagemøblane. Varmen regulerer dei med skyvedører både ut mot den opne terrassen og gardstunet, og på kaldaste vinteren kan dei setje inn varmeomn om det trengst. Kandal meiner at dette er eit godt alternativ til tre. Det er vedlikehaldsfritt og ingen ting som stengjer for utsynet.

To vinterhagar

Vinterhagar er berre ein mindre del av tremannsverksemda Glass-sikring AS på Sandane, men Arild Sætre fortel om aukande interesse. Dei har heile Nordfjord og Møre som arbeidsområde, og stadig fleire ser vinterhagen som eit godt alternativ til andre utvidingar av huset fordi det er vedlikehaldsfritt og lett å tilpasse resten av huset. Andre leveransen til bygda Kandal kom i fjor. Sjølvfolket, Paul Nygård med familie, var ikkje heime, men bestefar Bjørn hadde fullmakt til å opne dørene til rommet med eit fantastisk utsyn mot Breim over Breimsvatnet. – Her er bratt, men her sit vi trygt, smiler pølseprodusenten som er landskjend for spekepølser og andre produkt av geitekjøtt. Han fortel at ungefolket hadde bruk for meir plass og valde løysinga med vinterhage, og alt første året hausta dei tomatar i sofakroken. INGE FÆNN nordfj@fjt.no

EIN FIN PLASS: Ungefolket var borte så Bjørn Nygård til v tok fri frå pølseproduksjonen for å vise den fine utsikta frå vinterhagen. Her saman med Arild Sætre.


NORDFJORDSAMKØYRINGA APRIL 2018 15

Vil bli marknadsleiande på vinterhagar Dag A. Kvamme har tatt mål av seg til å bli marknadsleiande for fullisolerte vinterhagar i Norge.

Den daglege leiaren i Glassmester Kvamme AS i Almenningen merker stadig større etterspurnad etter godt isoler-

te og robuste vinterhagar som kan brukast hele året. – Vi har i to år tilbode godt isolerte sommarstuer, og i 2018 har vi tatt skrittet til no også å tilby fullisolerte vinterhagar. Vi har som mål å bli marknadsleiande på leveranse av særdeles godt isolerte vinterhagar av typen Fenstrastuen, seier Kvam-

me i ei pressemelding til glassportal.no. – Målet er å ha ei mann i fast jobb til å produsere stuer, og eit arbeidslag på fast montering over hele vårt ambulerande område. Vi ser også på moglegheita på sikt for å opparbeide eit landsomfattande forhandlarnettverk.

VIL VEKSE: Glassmester Dag A. Kvamme har mål om å ta større delar av marknaden på vinterhagar. FOTO: PRIVAT

NYTT ROM: Vinterhagen vart eit nytt heilårsrom i bustadhuset til Jon Inge Kandal frå trettiåra. Kandal til v. saman med Arild Sætre.

GOD LØYSING: Vinterhagen vart festa i den gamle tømmerveggen med sterke boltar.

UTSYN: Det er ikkje berre eit ekstra rom. Med glass på alle kantar får du eit fantastisk utsyn, seier seljaren, Arild Sætre.


16 APRIL 2018 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Premium-WiFi

Spar kr 500,i etablering

Finn ut meir på enivest.no/premium-wifi

Kampanjeprisar: Premium WiFi (Bustadpakken) mnd.pris

Etablering (avhengig av ditt internett-produkt)*

For abonnentar med DSL, Radio og Fiber 50/50

kr 49,-

kr 899,- (rettl. 1399,-)

For abonnentar med Fiber 150/150

kr 49,-

kr 495,- (rettl. 995,-)

For abonnentar med Fiber 300/300 og 500/500

kr 49,-

kr 0,-

Ekstra boks

kr 0,-

kr 995,-

Ditt internett-produkt

* Månadspris på ditt internettabonnement kjem i tillegg

TRÅDLAUST INTERNETT I HEILE BUSTADEN DIN Slit du med WiFi? Har du opplevd at det trådlause internettet ikkje er stabilt og raskt i heile huset? No har vi løysinga. Med Premium WiFi Bustadpakke får du 3 boksar som gjev deg stabilt internett med høg hastigheit som når ut til heile huset.

Modem

Lurer du på noko eller ønsker du å bestille? Gå inn på enivest.no/premium-wifi eller ring kundeservice på 57 00 91 00

NB! For å kunne bestille Premium WiFi må du ha eit internettabonnement som er tilknytt Enivest.

Nett der du er


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.