
16 minute read
KALL
Kallets rufsete rykte
Kvifor er kall eit litt betent tema å snakke om?
Helene Reite Uglem Illustrasjonsfoto fra Misjonsarkivet/VID
Kva er eigentleg kall? Bjarte Hetlebakke har alltid lurt litt på det. Det var inga «indre stemme», men ein snirklete veg som førte han til å bli prest, for så å forske på kvifor folk tek slike val.
KJEMPA MED KALLET Hetlebakke forskar på kall ved VID Stavanger. No har han skumma gjennom Tobias sin alvorstynga søknad på førre side.
– Kva tenker du når du les dette?
– Tankane hans er typiske for denne tida. Kallet var noko du kjempa med. Indre kamp var nærmast eit teikn på Den heilage ande, for å seie det banalt. Smerte og offer betydde berre at du var på rett veg, byrjar VID–forskaren som trur brevet såleis klang godt i NMS sine øyrer i 1843.
– Han verkar oppriktig. Dette kjem frå hjartet, trur stipendiaten.
Bjarte Hetlebakke, forskar ved VID Stavanger
– Samstundes ser vi ein mann som kunne gått under?
– Ja. Heldigvis er ikkje dette strenge gudsbilete, ein Gud som tvinger, rådande lenger. I boka Fred fortel Arne Garborg om ein far som fordømte seg sjølv til døde. Det viser kor langt det kan gå.
«BAKVENDTLAND» – Tobias kjenner seg svak og ubrukeleg. Det får meg til å tenke på Timoteus i Bibelen. Han sleit med magen og kjende seg for ung. Likevel var det nettopp han Gud ville bruke. I business er det den sterkaste som vinn fram. I Guds rike er det ofte omvendt, fortset Hetlebakke.
Og Tobias gjekk frå ei livskrise til å leie ein stor misjonsstasjon i Sør–Afrika, som fekk store ringverknader i landet.
– Men sjølv om det rette sinnelag spela ei viktig rolle, var det også mange andre krav til misjonærane, seier forskaren og viser til boka «Skal jeg bli missionær? – en rådgiver» av Fredrich Wyrz frå 1901.
– På 44 sider listar han opp kva som må vere på plass. Eventyrlyst var tabu. Hadde ein sjuke foreldre burde ein bli heime. Det var ikkje likegyldig kven du gifta deg med. Det var strenge krav, seier Hetlebakke som likevel synes misjonærrekrutteringa på 1800–talet har eit litt forenkla rykte.
– Misjonsskolen tok inn fattige gardsgutar frå bygdene og betala utdanninga deira. Dei vart løfta fram, og det var litt av ei klassereise. Dei fekk tittel og heltestatus. Det var den indre motivasjonen som betydde noko, ikkje kva samfunnslag du kom frå.
Og ferdig «danna» sette dei seg altså på eit skip med flyttelass, bøker og trø-orgel. Ofte for livet ut.
BALANSEGANGEN Så kom det ein ny generasjon med andre idear. Misjonærbarnsaka sette familien på dagsorden. Kallet betydde ikkje lenger livet ut. Personlege kvalifikasjonar vart viktigare. Eventyrlyst vart stuereint. Misjonærane fekk breiband til Noreg.
– Er alt betre no?
– Vi snakkar knapt om kall lenger. Likevel trur eg mange tenker på det, svarar Hetlebakke som får mykje respons når han fortel kva han forskar på.
– Vi må snakke om kallet igjen. Gud som kallar er evig, så kallet går ikkje ut på dato. Det betyr ikkje at vi skal tilbake til den strenge tonen frå 1840. Vi let frykta for å hamne i ei grøft hindre oss frå å utfordre kvarandre på dette.
– Kva seier Bibelen om kall?
– I Matteus seier Jesus: «Følg meg, så vil eg gjere dykk til menneskefiskarar.» I Johannes seier han: «Kom og sjå.» Begge deler handlar om ei vandring med han. Dette gjeld for alle, ikkje spesielt utvalde.
Han viser fram eit ikon med treeininga som sit ved eit bord. Der er ein ledig plass.
– Dette er det grunnleggande. Vi er først og fremst kalla til å ta del i dette fellesskapet, men også til å bli med i Hans store oppdrag som er misjonsbefalinga, forklarer han og seier at kvile og arbeid heng saman.
– Så er det ikkje nødvendigvis alltid ei «indre stemme» som gir oss retning. Kanskje er det eit behov eller ei ledig stilling? Då må ein tørre å ta steget, og ikkje vere redde for å feile.
«ALL IN» The Send skapte debatt i haust. Enkelte fekk dårlege assosiasjonar til 70–talet, der radikal forkynning skapte vekking, men også brente barn. Slagordet «all inn» kan føre til utbrente unge, og usunne krefter frå liknande arrangement i USA og Brasil vil prege The Send Noreg, hevda fleire. Den norske kyrkja (Dnk), NMS og NMSU er blant dei som ikkje er med i den tverrkyrkjelege rørsla. – Kva tenker du?
– Eg syns det er bra at ein snakkar om kall igjen. Oppfølging er viktig, noko eg syns Dnk er gode på og difor kunne hatt mykje å bidra med. Dei kunne også rekruttert folk inn i kyrkjeleg utdanning til dei mange ledige stillingane i kyrkja, seier han og legg til:
– Så må alle, ikkje berre The Send, halde beina på jorda når ein snakkar om kall. Det er mange fallgruver som alle arrangement bør tenke på. Usunne maktstrukturar og press kan oppstå alle stader. Ein skal ha antennene ute når ein samlar folk slik, og det må vere lov å stille kritiske spørsmål.
– Men korleis finn ein balansen med arbeid og kvile?
– Eg trur det byrjar i fellesskapet med Jesus. Han ønskjer ikkje at vi skal slite oss ut, men følgje han og ta opp vårt kors. Det betyr at alle kristne er kalla til offer og teneste, svarer Hetlebakke.
– Kyrkjefedrane snakka om den treeinige dansen når dei skildra Gud, fortset han.
– Der Gud er, skjer det noko, og det er kjekt å vere med. Det har eg sjølv erfart som prest, at kallet gir perspektiv, meining og gjer oss uthaldande.
Og kanskje var det nettopp denne dansen Tobias fann i Zululand.
1. Kva er eit kall for deg? 2. Har kall gått ut på dato? 3. Kvifor snakkar me ikkje om kall lenger?
Trond Hjorteland


KLAUS MUFF |
evangelist i NMS
1. For meg vart det sådd noko i barneåra som modnast fram. Kallet er noko djupt personleg. Det har aldri vore eit spørsmål om eg vil eller ikkje, for eg ville. Spørsmålet var heller om Gud ville ha meg, noko som løyste seg ved at Gud kalla heilt konkret, for så å bekrefta det i sitt ord. Kallet gjorde at livet fekk ei retning, som evangelist i NMS, svarer Klaus (79) om kallet han har kjent heile livet.
2. Nei, men det kan ha fått eit anna innhald. Før i tida snakka ein om livskall. Forma kan også ha endra seg, men kallet til teneste står der. Me treng å fornya dette med kall. «Følg meg», seier Jesus. Ikkje berre til frelse, men også til teneste.
3. For ein del har kallet fått negative konsekvensar. Så slår pendelen andre vegen, og kallet blir utydeleg og lite utfordrande. Det gjeld både kallet til frelse, etterfølging og teneste. Me er kanskje blitt litt sjølvstyrande.
BÅRD MÆLAND |
VID vitenskapelige høgskole
1. – Et kall er en særlig forpliktelse med betydelig varighet. For meg er det først og fremst å være far eller ektefelle. Men det kan også være et bestemt arbeid eller oppgave.
2. – Nei, men vi kan gjerne bruke andre ord. Det har vært nødvendig å diskutere hvordan forståelsen og forkynnelsen av kall har vært tidligere, hvor kall til kirkelig tjeneste til tider har trumfet andre legitime og viktige hensyn og forpliktelser.
3. – Selv om det sjelden forkynnes og snakkes om, dukker det opp. Kanskje flere enn vi tror har behov for å ha litt større perspektiver på forpliktelser, funksjoner og oppgaver man har. Jeg tror det er viktigere å snakke om hva som er viktig, og at det er bruk for deg, enn at man skal ha et bestemt kall for å gjøre det. For eksempel er det viktig at noen er gode foreldre, sykepleiere, prester eller bedriftsledere. Da er det tilsvarende viktig at noen tar på seg slike oppgaver. Dersom man kan snakke slik om det, kan man også gjerne snakke om å ha et kall.
GUNN BAKKEN |

forbedar i NMS
1. – Gud har leia meg til ulike oppgåver gjennom livet. Oppgåver som eg av og til ikkje trudde eg skulle klara, men så har det gått bra. Kanskje kall handlar om å stola på Gud? Ansvaret for bønneringen var nok eit kall. Det starta med at eg trefte misjonær Frode Brügger Sætre og forstod at Mali var eit vanskeleg land å driva misjon i. No veks bønneringen seg større og større, fortel Bakken som har eit 40 år langt NMS–engasjement bak seg. Først som husmor på Mesnali, der ho blei kjent med NMS i Trøndelag. Ho var med på å arrangera generalforsamling i Trondheim i 2005, og har seinare vore leirleiar og møteleiar. I dag er ho kjend for sitt bønneengasjement, og over 100 personar får jamleg bøne–SMSar som sprer seg vidare.
2. – Nei, men utanfor kristne samanhengar kan det virke uforståeleg. Men eg meiner bestemt at Gud kallar folk til å gjera ting.
3. – Eg trur me skulle ha snakka meir om kall. Under ein leir på Mesnali var det ein som preika over misjonsbefalinga som sa: «Send meg kor du vil, men ikkje som lærar
til Finmark!». Eg trur ikkje Gud kallar heilt på tvers av det som folk ønskjer og drøymer om. Men kanskje utfordringa for mange er å gå. Dersom fleire hadde våga å la seg leia av Gud, kunne det ha skjedd endå meir spennande ting.

KONSTANSE RAEN | mangeårig
misjonær for NMS i Kamerun
1. – Eg har alltid prøvd å kvile i at det eg gjer nå er det rette i den livsfasen eg er i. Det å ha ei overtyding om å vera i Guds plan, gir styrke og uthaldenheit når livet er tungt. Det gjorde at eg og mannen min, John Gunnar, haldt ut så mange år i Kamerun. Eit kall får fokuset vekk frå deg sjølv. Når eg ser tilbake på arbeidet i Kamerun, kan eg lure på om vi var der for lenge, om det kosta for mykje. Samtidig blir eg glad av meldingar om kor mykje arbeidet har betydd. Men ein må ikkje bli einøygd i kallet, slik at det går på bekostning av andre. Misjonærbarndebatten har gjort at foreldre spør seg om dei gjorde det rette.
2. – I dag er mange skeptiske til sterk kallsforkynning, men me må ikkje hiva barnet ut med badevatnet. Det er trygt og godt å ha ei meining med livet, samstundes som ein ikkje må la denne overtydinga køyre over andre. Men å spørje Gud om meininga med livet sitt, går aldri ut på dato, håpar eg. har opplevd at det blei for mykje. Det er nok ein viktig grunn, men eg håpar ikkje diskusjonen gjer oss redde for å snakke om kall. Å leva i Guds plan og kjærleik, for å gjera godt for nesten, burde vel vera eit mål for alle Guds barn?

BERIT SIVERTSEN SØRVIG |
leiar i Salten områdeutval og mangeårig NMS-engasjement
1. – For meg er kall knytta til misjon og ei historisk forplikting, i den forstand at eg står i ein større samanheng, ei tidslinje med enkeltmenneske som braut opp frå heimbygda og drog ut som misjonærar. For meg er det ei forplikting å føra dette vidare. Det er fint å stå i slik ein historisk tradisjon, samstundes som eg får bety ein forskjell her og nå. Men kallet må vera grunnfesta i trua mi og det den er bygd på. Om kallet berre er tufta på historisk forplikting, kan den vanskeleg stå seg.
2. – Mange brukar også kall utanfor kristen kontekst. Skildringane av kall trur eg har halta noko opp gjennom. Det er jo ikkje slik at me berre skal venta på eit høgt rop frå Herren. Kallet oppstår like gjerne i møte mellom menneske, eller gjennom tekstar som rører oss. Eg trur kallet kan appellere til følelsane, andre gonger til tankane og intellektet eller til føtene og hendene. Me må vera frimodige om korleis me snakkar om kall – at det blir omsnakkandes igjen. Det er me sjølve som gjer det gammaldags og utdatert. Me er nok blitt litt ufrimodige. 3. – Me har laga for smale, tildelte kategoriar om korleis me snakkar om kallet. At ein snakkar seg sjølv ned, fordi ein ikkje har hatt ei sterk kallsoppleving. Det er ikkje alle som får ei totaloppleving av kallet slik Paulus gjorde, kanskje er det dei færraste. Dette gjer at me vegrar oss mot å bruka det så mykje, fordi ein tenker at kallet på ein måte ikkje held mål. Eg prøver faktisk å bruka ordet kall når nokon spør meg. Eg ønskjer å vera tru mot det store, verdsvide prosjektet som NMS er ein del av. Salmen «Lær meg å kjenne dine veie», appellerer til meg om å læra meg å sjå kor Herrens vegar går for meg og korleis Herrens tankar vegleier meg. Følgjande strofe samanfattar det viktigaste: «Men lær meg fremfor alt å kjenne din grenseløse kjærlighet». For meg er kall eit kjærleiksforhold til Gud, når alt kjem til alt.

Født med løse teltplugger
Audhild betalte en pris for foreldrenes kall til Kamerun. Nå skal hun selv reise ut for NMS.
Helene Reite Uglem
Audhild husker alle husene hun har bodd i. Fra 1 til 18 år ble det 10 forskjellige hus i tre ulike land. Hun husker luktene, lydene, tingene og tekstilene. De ligger lagret i kroppen. Det gjør også kroppsspråket, faktene, talemåten og humoren som titter fram når hun besøker barndomslandet Kamerun. Audhild var baby da foreldrene forlot huset i Stavanger og flyttet til Frankrike. Etter språkkurset kom de til Kamerun med en toåring. Foreldrene prøver så godt de kan å forberede Audhild på det hun ikke forstår rekkevidden av. Når hun fyller sju skal hun flytte hjemmefra, til den norske skolen, 16 mil unna på humpete veier.
SKOLEN
Audhild har på ett vis alltid vært litt eksotisk.
AUDHILD STEINNES HEUM
Flytter til Madagaskar 20. mars sammen med mannen Hans Jacob og de tre barna Samuel (6), Selma (4) og Louisa (2). Audhild blir studiekoordinator for studentene fra norske universitet og høyskoler som har praksis på Lovasoa. Hans Jacob blir rådgiver på Lovasoa og jordbruksskolen Tombontsoa. Audhild vokste opp i Kamerun og kom til Norge som 15–åring. Erfaringene har kommet godt med de 10 årene ved Senter for Interkulturell kommunikasjon, der hun har vært forsker og undervist ved VID Stavanger.
Den eneste norske i barnehagen. Ett av internatbarna det har vært så mye snakk om. En flerkulturell tenåring som vender hjem til et ukjent land. Men erfaringene kommer godt med som forsker på det flerkulturelle feltet. Hun forstår migranter bedre enn de fleste.
– Derfor ville jeg ikke vært oppveksten foruten. Det er en berikelse jeg bærer med meg som forsker og underviser. Og jeg er glad i landet. Kamerun er et hjem, sier hun.
Førsteklasse går ganske fint. De tre elevene og husmoren får et nært forhold. Men så kommer det nye ansatte, flere barn og færre skuldre å gråte på.
– Vi lærte oss å bli foreldre for hverandre, forteller Audhild som ble voksen fort. – Jeg besøkte foreldrene mine i de store feriene. Gikk på badet selv. Satte toalettmappa pent på plass, pusset tennene, sa godnatt og la meg. For det var det jeg var blitt vant til, sier hun og må le litt.
Snart blir hun storesøster og kjenner på et ansvar da brødrene etter hvert kommer til skolen. Hvilken skulder skal hun gråte på? Hun holder tårene tilbake fram til foreldrene forsvinner rundt svingen. Gråter på do, eller i den lille hagen i utkanten av misjonsstasjonen. Blir en ekspert i å skjule sporene. Audhild er så flink og fornuftig, sier de voksne.
LOJALITETSKRAVET
– Det var en stilltiende forventning om å ikke klage. Jeg så jo hvor viktig jobben deres var. Det var et kall fra Gud selv. Det er det vanskelig å opponere mot, fortsetter hun.
Når hun en sjelden gang treffer foreldrene, føles det kunstig. De sier de er glade i henne, men de reiser jo.
– Jeg prøvde å leve opp til forventninger jeg tenkte de hadde. Være mest mulig lett å like. Men det var ikke enkelt for dem heller, for en uskreven regel sa at man ikke skulle besøke barna mer enn andre. Enkelte hadde barna sine enda lenger borte, forklarer Audhild.
Et slags motto vokser fram i henne: Det er egentlig bare deg selv du kan stole på fullt og helt.
– De siste årene på skolen var vanskelige, så jeg fikk flytte til en misjonærfamilie nær skolen. På sju år hadde jeg hatt 12 ulike voksenpersoner som stedfortredere for foreldrene, forteller Audhild som nå var blitt 14 år og snart skulle flytte til Norge. Der er misjonærbarndebatten i gang. Audhild skal bli blant de siste internatbarna i NMS. Først nå spør flere hvordan det egentlig har vært å bo så langt borte fra foreldrene? En ny forståelse for barn og tilknytning vokser fram.
Ved senga hennes henger det en korktavle, og på den et sitat: «Gud kan tillate at vi opplever vanskelige ting, men gjennom det vil Han ofte lære oss noe.» I Norge kommer nok belønningen, tenker hun. Da skal alt bli bra.
UKJENT LAND
Familien flytter til Moi.
– Det var lenge siden vi hadde bodd sammen. Jeg kjente på sorg og sinne. Utad var jeg glad, men hjemme kom frustrasjonen ut. Det var ikke lett å forstå for de hjemme, forteller Audhild som ikke helt forstod det selv heller. Ikke før hun deltar på et lederkurs og får grunnleggende psykologiundervisning.
– Da begynte en prosess. Jeg gikk på Hald etter videregående, der vi skulle jobbe med livshistorien vår. Det året gråt jeg i bøtter og spann, og gjennom veiledning forstod jeg hvorfor.
Prosessen fortsetter under sykepleieutdanningen på Diakonhjemmet.
– Etter første studieåret fikk jeg permisjon for å være ettåring for NMS i Kamerun. Jeg fikk plassert mye da. Den indre reisen ble kanskje viktigere enn den ytre, forteller hun.
Snart ser hun at det ikke bare sorg og savn etter foreldre som preget årene i Kamerun. Hun fikk en drøm også, der under korktavla. Hun skulle til Niger for å jobbe blant nomadene. Det fascinerede folkeslaget som ofte hadde kommet vandrende til barndomslandet og hadde like løse teltplugger som henne selv. Det ser hun nå.
– Men før jeg kunne reise videre, måtte jeg komme på plass i meg selv.
MISJONÆRBARNSAKEN
Audhild engasjerer seg i misjonærbarnsaken gjennom NORUT. Hun går i dialog med misjonsorganisasjonene. Internatskolene er borte, men ikke ringvirkningene. Hun tar et oppgjør med NMS, og det kjennes frigjørende. Hun følger med på organisasjonen, men på avstand. Det faller henne ikke inn at hun noen gang skal reise ut for NMS. Men reise skal hun. Det er sikkert.
– Jeg innså at om jeg noen gang skulle gifte meg, så måtte jeg lære å stole på folk. Ekteskap krever sårbarhet, innså Audhild som måtte lære seg å gråte foran folk. Lære å lene seg mot andre, slik andre gjorde mot henne.