KONSERT Nydeleg ver, eksamenstid og deadline. Tre gode grunnar for å ikkje tilbringe ein og ein halv time i Klubben ein søndagskveld. Big Business Band, Breiviken Skyline og manglande arbeidslyst. Tre betre grunnar for likevel å plassere seg ved eit av borda sånn i sju-tida. Denne konserten var avslutninga på eit seminar storbandet hadde i helga. Dei hadde i den samanheng fått fatt i tre eksterne musikarar. Desse gjorde sitt til å heve nivået, både i kapasitet av instruktørar og solistar. Ketil Hugås på piano fekk ikkje dei heilt store sjansane til å briljere, men Reid Gilje sine høge tonar på flygelhom/ trompet sette verkeleg ein ekstra piff på storbandet. Karl Seglem, saksofon, var stadig frampå med improvisasjonar. Særleg i "Mixolydian Soul Frog" fekk han leike seg i cin elles så langdryg melodi. Også BBB kunne varte opp med ei rekke dugande solistar. "Ingen nevnt, ingen glemt" Repertoaret var ikkje av dei mest spennande. Men det friska absolutt opp med slagverkorgier som "El Gatotriste" ved siden av "gode gamle schHigerar frå gamledagar". Breiviken Skyline hadde også øvd inn ein del nye nummer, blant anna "Ray's Rock House". Og den gamle kjenningen "Birdland" var no på sitt beste. Men til vår store skuffelse blei vi snytt for kveldens høgdepunkt: Nils Ketil sin debut som sanger. Grunna halskatarr?? ! Forøvrig er konsertreferat noke herk! !!!!! !!
anr