NATT&DAG, Oslo, november 2016

Page 45

SPILL KOMMENTAR

NORSK FAUNA

Lat oss snakke om norske spel.

En film av Gabriel Mascaro

TEKST RASMUS HUNGNES Ulikt denne stadig meir underbetalte skribenten (det er berre takka Fritt Ord at underteikna fortsatt kan halde denne spalta gåande), blei det rotnorske spelet Sulphur Nimbus: Hel’s Elexir (PC) nyleg finansiert via crowdfundingnettstaden Kickstarter. Det er tale om eit fysikkbasert spel der ein flyg, rullar og galopperer rundt i rolla som hippogriff (ei blanding av ørn og hest). Det kan kallast ein slags mekanisk og stilistisk arvtakar til Spyro the Dragon- og Mario 64-æraens 3D-platformarar, iblanda inspirasjon frå så forskjellige klassikarar som dei planetære romskipssimulatorane Terminal Velocity (1995) og Descent (òg 1995) så vel som den delen av dei klassiske 16-bits Sonic the Hedgehog-spela som omhandlar flyt og oppretthalding av momentet – å halde det blå pinnsvinet i kontinuerlig rørsle. Som om ikkje det var nok, ryktast det at eit av folkeferda ein lyt ha med å gjere i spelet snakkar nynorsk. Om dette stemmer, og ingen går i fella, men passar seg for den, vil vi alle finne ut av om eit års tid – då skal spelet etter planen sånn ca vere ferdig. Ein demo av Sulphur Nimbus finst allereie på internettsida til utviklaren Oddwarg. Den kvikke og nidkjære lesaren vil kan hende henge seg opp i det at underteikna er fullkome inhabil når det gjeld å vurdere dette storslege programmeringstalentet sine digitale kreasjonar. Lat meg difor nytte høvet til å påpeike at ørna (altså eine halvdel av nemnde hippogriff), fordi ho lev i dagsljoset og blir sett på som strålande i sin essens, har sin symbolske motsetnad i ugla. Ugla jaktar i natta sitt mulm og mørke, og dermed flaksande sprangride galant vidare til ein annan rotnorsk spelaktualitet: Owlboy (PC). Owlboy har vore i utvikling hos den norske utviklaren D-Pad i bortimot ti års tid. DPad, må vite, er den delen av ein spelkontroller som peikar i alle himmelen sine retningar – kort for direction pad. Owlboy har eit element av såkalla twin stick shooter, og spelast nok best med ein slik spelkontroller. Men, gode nyhende: det fungerer òg framifrå med mus og tastatur. Spelet er først og framst eit slags 2D-platformspel i 16-bit-inspirert stil – men, som nokon sa, det ser ut som eit Super Nintendo-spel, berre mykje betre. D-Pad har difor coina omgrepet hi-bit for å tale om grafikk inspirert av fordums tids pikselgrafikkspel i 8-, 16- og 32-bit, berre betre – og Owlboy, det kan, sett bort frå det reint estetiske, minne om Wonder Boy in Monster World og Zelda-serien sine små episke eventyr. Det har òg ein god klessing besynderlig kozehumor og ein underfundig sosiopolitisk undertone blanda i seg. Her spelar du rolla som utskudd extraordinaire i uglesamfunnet: Du er ein ugleunge som ikkje er riktig klok. Og det er det ugler aspirerer til – visdom, klokskap, foredling, heider og ære. Men du, du er talentlaus, ein skamplett for samfunnet. Det er difor du blir mobba av dei fleste – dei fleste utanom dine nære vener, som òg i grunn er ganske håplause tilfelle. Men – er det mogeleg? Kan det tenkjast at kan hende nettopp dykk, dei minst trulege heltane, kan hende har eigenskapar andre manglar, og endar opp med å redde dagen? Det, kjære lesar, får du – kan hende – vite dersom du slenger over nokre grunkar til D-Pad, lastar ned og speler spelet deira. Mellombels minnar eg om bloggen Fuck You, Penguins innsiktsrike refleksjonar om dei livstrøtte hipsteruglene som tykkjer dei har sett alt: «Is this great or what?» and this owl gave me this look and said, «What.» (He actually said «who», but I’m pretty sure that was just his lame meta-commentary on the commonness of the actual «What» joke.) The fucked up thing about it was that it was some seriously good watermelon sorbet, too, so there’s no way he wasn’t enjoying that shit.»

1

1 1

Shadow Warrior 2

2 1

Rez Infinite

1

Dishonored 2

PC - KONSOLL SEINARE

Polske Flying Wild Hog har laga eit nytt viltert actionspel spekka med wannabeninjaen Wangs tørre ordspel. Storveges sverdsvingande tidtrøyte!

PS4/PSVR

«En real muskelbunt – et betagende filmunivers» Montages

Cyberpunk-rytmespelet Rez debuterte på Dreamcast og Playstation 2 i 2001, og er vel som velskapt for virtual reality. Det ser bortimot likt ut som det virtuelle spelet som spelast i VR i sci-fi-filmen Lawnmower Man – kan hende får ein supre krefter dersom ein spelar det over tilstrekkeleg langstrakte tidsrom? Neppe. Kanskje?

3

PC, PS4, XB1

Dishonored var høveleg overtriveleg å spele gjennom då det kom ut hausten 2012, spekka som det var og er og blir med steampunk-teknologi, magi og ultravald. Det er grunn til å tru at kjekkleiken vil kunne gjentakast med nr. 2, ute 11. november.

På kino fra 25. november NOVEMBER 2016

45


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.