NATT&DAG Oslo januar 2014

Page 33

Denne kategorien presenteras i samarbeid med Frontlosjen. www.frontlosjen.com

DEN LISTIGE LILLE REVEN Bergen nasjonale opera Grieghallen Regi og koreografi: Inbal Pinto og Avshalom Pollak Lenge før Ylvis: Den listige lille reven skreiv Leoš Janácek basert på ei teikneseriestripe i ei tsjekkisk avis. Operaen som handla om menneska, dyra og den store livssyklusen vi alle er ein del av hausta lovord frå kritikarane da den hadde si norgespremiere i Bergen i september. I dette dristige og rå eventyret for vaksne har Bergen Nasjonale Opera tøygd seg sjølv lengre, og lyktas med det. Utruleg flotte og leikande kostyme, snedig og eventyrleg scenografi og særs dyktige prestasjonar. Også samspelet mellom musikk, koreografi og scenografi er heilstøypt.

design

Knowit.no |

foto

Yaniv Cohen

1 1

carte blanche DOBBELFORESTILLINGEN PITE | SHARIFI

MØRKETID Den Nationale Scene Regi: Petter Næss Det irske familiedramaet som gikk på Den Nationale Scene i januar og februar var ei gjennomført framsyning der alt klaffa. Mørketid er skrive av den engelske forfattaren Rebekka Lenkiewicz og regissert av Petter Næss, mellom anna kjent som regissør av store filmar som «Bare Bea». På scena stod Reny Marie Gaasand, Eirik del Barco Soleglad, Gerald Pettersen, Ellen Birgitte Winther, Thea Borring Lande, Ragnhild Hjorthøy og Frode Bjorøy, og publikum fekk komme tett inn på karakterane som ein følte at ein kjende etter dei to og ein halv timane framsyninga varte. Fleire store skodespelarprestasjonar og eit prakteksemplar av dyktig enseblespill. Vakker og allsidig scenografi; eit abstrakt titteskap som sprengjer sine eigne rammar. Eit rørande lyspunkt i mørketida.

2 1

Hovedscenen, den norske opera & Ballett 20. JANuAR kL 19.00 Billetter: 21 42 21 21 | operaen.no www.carteblanche.no | Teatersjef Bruno Heynderickx

#blackboxteater

DE SELEKTIVE Teaterterminalen Cornerteatret Regi: Mari Sofie Andreassen Frigruppa Teaterterminalen med kunstnarisk leiar Mari Sofie Andreassen har base i Bergen, og fleire av aktørane både på og av scena har bakgrunn frå Studentteatret Immaturus. Førestellinga fekk særs gode kritikkar frå media. Vårt Land skreiv mellom anna at «aktørene er strålende representanter for et tidstypisk politisk samtidsteater […]. De makter å få oss til å røpe vårt menneskesyn og brette ut vår moralske agenda». Det var ikkje akkurat ein enkel tematikk Andreassen hadde valt seg. Førestellinga stiller eksistensielle spørsmål om selektiv abort og sorteringssamfunnet – eit tema som både regissør og aktørar taklar med nyansar, overblikk og humor. Dette er vanskeleg tematikk, men eit utroleg godt samansett ensemble evnar å kome i hamn med ei god og tankevekkjande framsyning.

1 3

FAR, FAR AWAY KRISTINE NILSEN OMA Korskirken Regi og koreografi: Kristine Nilsen Oma Den bergensbaserte dansekunstnaren Kristine Nilsen Oma har lyktast i å få mannen i gata til å sjå samtidsdans, spesielt gjennom samarbeidet med Bergen bymisjon i Korskirken. Det høgst personlege verket om oppveksten med ein narkoman far har hausta lovord frå publikum, og blir omtala som gripande og ektefølt, nakent og ærleg. Nilsen Oma gir dei som er råka i rusdebatten eit ansikt. Samspelet mellom dansekunstnar og musikar Øyvind Hegg-Lunde er i seg sjølv nok til å bli rørt til tårar.

4 1

@blackboxteater

17. – 18. 01 KL 19.00 FLORENTINA HOLZINGER/ VINCENT RIEBEEK (AT/NL)

FREDAG 17. JANUAR:

SPIRIT

www.blackbox.no

SESONGÅPNINGSFEST OG KATALOGSLIPP 01/2014

33


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.