Program
På innsida
Omvising i Nasjonalbiblioteket Lurar du på kva som skjuler seg bak veggane i Nasjonalbiblioteket? Blant freskar av Emanuel Vigeland og Per Krohg tek vi deg med på ein runde i huset. Du får høyre om historia, NOV. arkitekturen og kunsten. Kvar runde endar med ei omvising i utstillinga eller ei vising av utvalde skattar frå arkiva våre. ONSDAG
22.
FOTO: FRIDTJOF NANSEN NASJONALBIBLIOTEKET
zz kl. 14.00
Det litterære Arktis
Liv Lundberg og Henning Howlid Wærp I den norske polarlitteraturen er Arktis ein stad lang borte, eit eventyr i eit farleg og audt landskap. Men nord for polarsirkelen har òg fire millionar menneske sin heim. Kva rolle har NOV. førestillinga om det arktiske spelt i den norske kulturhistoria? Og korleis viser nordområda seg i norsk litteratur? Litteraturprofessor Henning Howlid Wærp har i forskingsprosjektet «Arctic Modernities» og i boka Arktisk litteratur som kom i haust, mellom anna sett nærare på litteratur om og frå Arktis. Forfattaren Liv Lundberg underviser ved forfattarstudiet i Tromsø, og har i fleire av sine dikt reflektert rundt det arktiske med både eit konkret og eit symbolsk blikk. No møtest dei til samtale om litteraturen frå og om nord, og om Arktis som noko framand og noko nære. ONSDAG
22.
Arrangementet er ein del av det internasjonale biblioteksamarbeidet «Arctic Imagination». zzkl. 19.00