Språk i arkivet

Page 43

Det er vanleg å hevde at runeinnskrifter som viser trekk som ikkje passar inn i dei «runeortografiske konvensjonane», viser påverknad frå bokstavskrift, og med det meiner ein som oftast manuskriptkultu­ ren. Det har ikkje vore forska så mykje på bokstavinnskrifter i Norden, og derfor har det vore lett å oversjå at mange av dei trekka som stikk seg ut som uvanlege eller mindre typiske i runeinnskrifter, like godt kan vere påverknad frå bokstavinnskrifter som frå manuskriptskrift. Like eins kan det som verkar som typiske trekk ved runeinnskrifter, vise seg å heller vere noko som er typisk for innskrifter, uavhengig av om dei er skrivne med runer eller bokstavar. Eitt slikt trekk er at ein ikkje bruker mellomrom for å markere ordgrenser. Når mellomrom blir brukt for å markere ordgrense i runeinnskrifter, meiner eg det finst godt grunnlag for å kalle det påverknad frå manuskriptkulturen. Men at ein ikkje markerer ordgrenser eller markerer ordgrenser ved inter­ punksjonsteikn, det er ikkje typisk for runeortografi, men for innskrif­ ter i det heile.20 I innskrifta N 553 er ordgrenser markerte med inter­ punksjonsteikn mellom dei tre første orda, i tillegg til at innskrifta blir avslutta med tre prikkar, medan det ikkje er markert ordgrense mellom dei to siste orda, amik, á mik. Dette er heilt i tråd med praksis i inn­ skrifter, og heilt annleis enn i manuskriptteksten på pergamentblada som er sjølve psalteret. Der blir ordgrenser markerte med mellomrom. I diskusjonen om bokstaven <K> ovanfor kjem det fram at ein på bakgrunn av forma på <K> åleine ikkje kan seie at den som rista innskrifta, viser kjennskap til manuskriptskrift, fordi den lukka K-en er den vi finn både i manuskriptskrift og i bokstavinnskrifter. At rista­ ren kjende til manuskriptskrift, er klart, for innskrifta står jo på per­ men til ei bok med manuskriptskrift i. Men av det ein ser i innskrifta isolert, viser den som rista, ikkje påverknad som må komme frå manuskriptskrift.

20 Her snakkar eg om situasjonen i den nordiske mellomalderen, ca. 1050–1550. Tidlegare blei ordgrenser også i manuskriptskrift anten ikkje markerte (scripta continua) eller markerte ved interpunksjonsteikn, men det var før vi hadde manuskriptskrift i Norden. Om bruken av mellomrom for å markere ordgrenser, sjå t.d. Saenger (1997).

43


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.