Page 1

172

2019 – 3 49. årgangen


2


BLADSTYRAR Vemund Olav Aukrust I SKRIFTSTYRET Ingeborg Storesund Nes Vemund Olav Aukrust Mathias Louis Sørbø Emma Rolfsnes Sele Jannicke Totland Mari Aas Finne Ingeborg Juvik Knut Sondre Åsheim Roheim ILLUSTRATØRAR Johanne Weum Mina Fredborg Stokke Julie Garmo Thyra Steffensen Wanvig FRAMSIDE Eva Østigård BLADBUNAD Geir Egil Eiksund Odin Hørthe Omdal OMBREKKING Ingeborg Storesund Nes Mathias Louis Sørbø Vemund Olav Aukrust Jannicke Totland Emma Rolfsnes Sele KORREKTUR Vegard Storsul Opdahl Kine Gjertrud Svori Synnøve Sætre Vebjørn Sture Knut Sondre Åsheim Roheim Yngve Farestveit Erstad Elise Tørring Synnøve Midtbø Myking Hans Rasmus Glomsrud Ole Jan Borgund Gro Morken Endresen

SLUTTKORREKTUR Ingeborg Storesund Nes Mathias Louis Sørbø Jannicke Totland Emma Rolfsnes Sele Mari Aas Finne Knut Sondre Åsheim Roheim Vemund Olav Aukrust

PRENTEVERK RSK Grafisk OPPLAG 530 UTGJEVAR Studentmållaget i Oslo. Forfattarane står sjølve ansvarlege for innhaldet i artiklane. ISSN 0332-7744 MÅL OG MAKT OG STUDENTMÅLLAGET I OSLO Lilletorget 1 0184 Oslo E-POST malogmakt@malogmakt.no INTERNETT smio.no malogmakt.no ÅRSTINGING Tre nummer, kr 200 LYSINGAR 2500 kroner for éi side KONTONUMMER 3450 35 12671


KORT OM BIDRAGSYTARANE

VEMUND OLAV AUKRUST (f.1996) Frå Bøverdalen i Lom. Etter å ha vorte danna ute ved Høgskulen i Volda, freistar han som skulert uteliggjar tilværet som båtbuar ved sidan av kyrkjemusikkstudiet i hovudstaden. KETIL ZACHARIASSEN (f. 1969) Førsteamanuensis i moderne historie ved Institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi ved UiT Noregs arktiske universitet. Zachariassen er medlem av Sanning- og forsoningskommisjonen. I forskinga si har han arbeidd med eit breitt spekter av tema innan moderne nordnorsk historie, frå urfolks- og minoritetshistorie, til økonomisk historie og regionshistorie. Han har mellom anna publisert bøkene Samiske nasjonale strategar. Samepolitikk og nasjonsbygging 1900-1940. Isak Saba, Anders Larsen og Per Fokstad (2012) og Oppdrag Nord-Norge. SpareBank 1 Nord-Norges historie bind 2 1989-2014 (2014). ROLF THEIL (f. 1946) Fødd i Porsgrunn, og vaks opp i Grenland. Før han begynte å studere i 1966, arbeidde han eit år som fabrikkarbeidar og sjømann. Han tok magistergraden i lingvistikk i 1975, med kinesisk og samisk som støttefag. Frå 1976 til 2016 arbeidde han ved Universitetet i Oslo, og underviste og forska i allmenn og afrikansk lingvistikk, frå 1994 som professor. Han har hatt mange forskingsopphald i Afrika – i Kamerun, Mali, Etiopia og Zambia. Interessa for romani vakna våren 1967, då han fann boka Hemmelige språk og tegn (1945) av Øyvin Ribsskog i ein bokhandel i hovudstaden. Dei siste tjue åra har han hatt eit nært samarbeid med interesseorganisasjonane til romanifolket. Han held støtt føredrag for dei om romani. Nyleg oppdaga han at han sjølv er av romanislekt. Han har vore med i målrørsla i over 50 år. HELENE HODNELAND SÆLE (f. 1991) Vestlending i Oslo. Døv. Feminist. Ungdomskonsulent i Norges Døveforbunds Ungdom. Skribent og foredragshaldar. Drøymer om å skrive bok. Plantedame, student og tvitrar på deltid. @helenesaele på Twitter. 4

EIRA SÖDERHOLM (f. 1949) Pensjonert fyrsteamanuensis i finsk og kvensk ved UiT. Har delteke aktivt i planlegginga og utarbeidinga av det kvenske skriftspråket ÅSHILD NÆSS (f. 1974) Professor i lingvistikk ved Universitetet i Oslo og spesialiserer seg på språktypologi og oseaniske språk. Ho har gjort feltarbeid på Reef-øyene heilt aust i Salomonøyene, og interesserer seg mellom anna for korleis kontakt mellom ulike språk har påverka språka i området, og kva dagens språksituasjon kan seie oss om busetjingshistoria i denne delen av Stillehavet. LINNEA NORDSTRÖM (f. 1988) Faggruppeleder for formidling ved Universitetsbiblioteket ved UiT Noregs arktiske universitet. Opprinnelig frå USA, men vaks òg opp i Finland. Tidlegare journalist og biolog som brenn for å gjere forsking tilgjengelig og forståeleg for alle. ANNE GOLDEN (f. 1950) Professor i norsk som andrespråk ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, UiO og del av kjernegruppa på MultiLing – senter for fleirspråklegheit, som er eit senter for framifrå forsking i Norges forskningsråds SFF-program. Forskingsinteressene hennar omfattar ulike sider ved litterasitet på eit andrespråk (særleg relatert til ordforråd), transferstudiar og identitetsstudiar i narrativar – i tillegg til norsk grammatikk i eit andrespråksperspektiv. Ho har publisert bøker og artiklar innanfor desse temaa. Avhandlinga for dr.philos graden handla om minoritetselevars forståing av metaforiske uttrykk som forekom i lærebøker i samfunnsfag. TORIL OPSAHL (f. 1976) Førsteamanuenis i nordisk språk med vekt på norsk som andrespråk ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, UiO og leiar for tema 3 på MultiLing – senter for fleirspråklegheit, som er eit senter for framifrå forsking i Norges forskingsråds SFF-program. Forskingsinteressene hennar omfattar Mål og Makt 2019 – 3


mellom anna språkleg variasjon og endring, fleirspråkleg praksis og spørsmål om korleis sosiale og politiske makttilhøve påverkar fleirspråkleg tilegning og bruk gjennom livet. Avhandlinga hennar for phdgraden handla om språkutvikling i urbane ungdomsmiljø. MAK ĆEMALOVIĆ (f. 1994) Opptatt av å passe inn i SSB sine statistikkar. Han tok ei mastergrad fordi bosniarar i Noreg har høg grad av høgare utdanning. I det siste har han lese ein rapport om at barn av innvandrarforeldre er meir kriminelle enn foreldra. ERLE BÅRDSDATTER SÆTHER (f. 1994) Leiar av Oslove Noereh. Går lektorprogrammet i samfunnsfag og fransk ved Universitetet i Oslo. ARNFINN MURUVIK VONEN (f. 1960) Professor i lingvistikk ved OsloMet og tidlegare direktør for Språkrådet. Forskar særleg på teiknspråk og døvepedagogikk. LILL TOVE FREDRIKSEN (f. 1971) Frå Porsanger kommune i Finnmark. Ho er førsteamanuensis i samisk litteratur ved UiT Noregs arktiske universitet. Ho skreiv hovudfag om den sjøsamiske songtradisjonen i Porsanger. Doktoravhandlinga hennar «‘..mun boađán sin maŋis ja joatkkán guhkkelebbui...’. Birgengoansttat JovnnaÁnde Vesta románatrilogiijas Árbbolaččat» (2015) er ei undersøking av meistringsevner i romantrilogien Árbbolaččat (Arvingarna), skrive av den samiske forfatteren Jovnna-Ánde Vest. Fredriksen formidler breitt om samisk litteratur, og deltek aktivt i den offentlige debatten, særleg når det gjeld samisk språk. Fredriksen er for tida leiar i Sámi fágagirječálliid ja jorgaleaddjiid searvi/ Samisk faglitterær forfatter- og oversetterforening. MANUEL LOPERA HUERTAS (f.1999) Vart født den 28 juli 1999 i Barcelona, Spania. Han gjekk den såkalla vitskapelege bransjen av den spanske vidaregåande skulen mellom 2015 og 2017. I August 2017 kom han på utveksling til Noreg med utvekslingsselskapet AFS Intercultural Programs. Han oppheldt seg i 10 månader i Langesund, Telemark, kor han tok VG2 på Bamble Vidaregåande skule. I august

2018 flytta han til Oslo og tok eit årsstudium i spansk som ein del av lektorprogramstudiet sitt. Hausten 2019 tek han årsstudium i engelsk. Han arbeider som omsetjar frå norsk/svensk til spansk og som vikar og mentor på spansk. GRACE TABEA TENGA (f.1994) Psykologistudent, afrikansk-estetisk dansar, feministisk og panafrikansk aktivist, kunstkritiker og skribent. ASSAD NASIR (f. 1985) Er norsk- og samfunnsfaglærar på Mailand vidaregåande skule, og forfattar av boka Kunsten å være pakkis. ELIN KRISTINA OSKAL (f. 1996) 23 år frå Lønsdal. Likar å skrive, helst dikt og songar. Songar, låtskrivar og skodespelar. Det aktuelle no er at ho er stemma bak den samiske Anna i Frozen 2. Har óg nyleg vore med på ei låt saman med Jon Henrik Fjällgren, som no er ute - “The way you make me feel”. Ellers jobbar ho på skule som assistent, driv med turisme og har reinsdyra med seg meir eller mindre året rundt som en naturleg del av livet MARGRETHE OPDAL HØVISKELAND (f.1992) Har ein mastergrad i pedagogikk, frå Universitetet i Bergen. Ho er fødd og oppvaksen på "gudeøya" Tysnes. FEVRIL (f.1975) Betre kjend i heimbygda som Hans Olav Lien. Frihandsteiknar med minimal linjalføring og eit lettare oppgjeve syn på omverda. Avisteiknar for lokalavisa Fjuken, og tek elles på seg oppdrag med nærast full kunstnerisk fridom. MARIA DRANGEID (f.1989) Registudent, nordist og siddis MATHIAS LOUIS SØRBØ (f. 1998) Kyrkjemusikkstudent frå Volda med ein spesiell kjærleik for Bach, mellomalderfilosofi og nynorsk. Sjølverklært altmogleg-nerd, men er faktisk ikkje spesielt god i realfag. Eller sjakk. Kan til gjengjeld bake kake. 5


INNHALDSLISTE

9 LEIAR Vemund Olav Aukrust 10 "INGEN SUND OG SAND KULTUR VIL BRINGE EI MENNESKE TIL AT RINGEAGTE SIT MORSMAAL, SIT FOLK OG – SIG SELV" Ketil Zachariassen 16 ROMANI, SPRÅKET TIL ROMANOANE Rolf Theil 24 PROSJEKT HØYRANDE Helene Hodneland Sæle 28 EIN GRAMATIKK BLIR TIL – KVIFOR OG KORLEIS NORMERING AV KVENSK Eira Söderholm 33 SPRÅKMANGFALDET I STILLEHAVSREGIONEN Åshild Næss 38 SÁGASTALLAMIN – FORTELJINGAR OM URFOLKSSPÅK I ARKTIS Linnea Nordström 42 DEN MINORITETSSPRÅKLEGE SITUASJONEN I NOREG I EIT ANDRESPRÅKSPERSPEKTIV Anne Golden & Toril Opsahl 46 HORDALAND OG HERCEGOVINA Mak Cemalovic 50 SAMISK NYTTÅRSØNSKE Erle Bårdsdatter Sæther

6

Mål og Makt 2019 – 3


52 NORSK TEIKNSPRÅK – SYNLEG, MEN OVERSETT Arnfinn Muruvik Vonen 56 FAGFORNYINGA Fevril 58 FORDI EIT SPRÅK IKKJE KAN LEVE IGJENNOM EIT ANNA Lill Tove Fredriksen 62 KATALANSK SPRÅK Manuel Lopera Huertas 66 MINORITETSSPRÅK, NEI TAKK! Grace Tabea Tenga 72 FOTOGRAFEN Assad Nasir 75 MASTEROPPGÅVA Margrethe Opdal Høviskeland 78 FAVORITTEN Elin Kristina Oskal 80 KVISS Mathias Louis Sørbø 82 DIKTET Maria Drangeid

7


M INORITETS OG URFOLKSSPRÅK

8

Mål og Makt 2019 – 3


LEIAR

av VEMUND OLAV AUKRUST

EI FEIRING AV MANGFALDET Hipp-hipp hurra! For samisk, kvensk, romanès, romani, katalansk, swahili, bosnisk, teiknspråk - eller rettare sagt: det vide mangfaldet av språk vi har moglegheita til å reka rundt i! Bladet du no glytter i markerer mellom anna at 2019 har vore SNs år for urfolksspråk. Om vi ikkje treng å forstå alle verdas språk, bør vi støtt søkje ei forståing og respekt for kulturmangfaldet. For å kunne forstå noko er det naudsynt med ein slump klokskap og kunnskap, og vi vonar dette bladet - som tilfeldigvis held ein høveleg høg akademisk profil - kan bidraga til auka kunnskap om somme av dei språka vi høyrer mindre av i det daglege. Ein minoritet kan skildrast som det fleirtalet ikkje er, og jo færre det er til å tala for ei sak ein stad, jo viktigare er det at stemma deira blir høyrd (eller sett, slik tilfellet er med teiknspråkbrukarane). No dreier ikkje dette bladet seg berre om urfolksspråk, men vi har mellom anna vore heldige å få med oss fleire tekstar frå samisk hald. Gjennom stønad til ulike tiltak syner både Noreg og Disney at samisk kultur lyt takast på alvor, men diverre finst det mangt av dobbeltmoral når det blir prat om pengar: Nyst slo ein kongeleg resolusjon fast at positive samfunnsøkonomiske verknader av gruvedrift ved Repparfjorden trumfar det at eit slikt tiltak kan slå negativt

ut på reindrift, samisk kulturutøving og for natur og miljø. Så, for all del: Same kor fine formuleringane og mangfaldig vokabularet er, lyt vi støtt vera kritisk til bodskapen som kan gøyme seg bak! I haust har skriftstyret fått fleire nye andlet i krinsen, og eg har trua på at mangfaldet av kunnskap her slår svært positivt ut på framtidige utgåver! Ingeborg fer til Canada eit halvår, så vi takkar for denne auka i manntalet, og satsar på at vi får ho attende hakket rikare på kunnskap om korleis ein taklar to jamstilte offisielle språk i det største av landa over dammen. For at bladet skal kunna presentere eit breidt mangfald av tekstar framover er vi interesserte i å koma i kontakt med folk som kan tenkje seg å bidraga i bladet på eitt eller anna vis, ein eller annan gong. Viss du eller nokon du kjenner kan vera huga til å skrive nokre ord, språkvaske, ta bilete, illustrere eller har generelle tips knytt til temaet, hadde vi sett stor pris på å høyre frå deg! Tanken er å laga ei namneliste som vi sender ein e-post til kvar gong vi har temaet for neste blad klart, og viss du då sit med ein impulsiv (eller gjennomtenkt) idé må du ikkje nøle med å ta kontakt med oss! Skriftstyret ynskjer deg god lesnad, jol og nyttår!

9


av KETIL ZACHARIASSEN

”Ïñgëñ süñd øg såñd kültür vïl brïñgë ët mëññëskë tïl åt rïñgëågtë sït mørsmåål, sït følk øg – sïg sëlv” Orda tilhøyrer den samiske læraren, redaktøren og forfattaren Anders Larsen (1870–1949). 1 For Larsen var arbeidet for samisk kultur- og nasjonsreising eit livslangt prosjekt som strekte seg over eit breitt spekter av felt – frå politikk til kultur og vitskap. Larsen hevda at fornorskingspolitikken i skolen og den manglande bruken av samisk som undervisningsspråk, førte til at mange samar skamma seg over morsmålet sitt og sitt etniske opphav. Dette meinte han var eit problem som ikkje berre vedgjekk skolen i Finnmark, men Noreg som kulturnasjon. På tampen av det internasjonale året for urfolksspråk høver det godt å sjå nærare på kva som var dei samiske perspektiva på eige språk og kultur på byrjinga av 1900-talet.

DET INTERNASJONALE ÅRET FOR URFOLKSSPRÅK Det internasjonale året for urfolksspråk skal synleggjere og fremme situasjonen til urfolksspråk. Mange språk er allereie gått tapt og mange står i fare for å bli utrydda. Urfolksspråk er i ein særskilt utsett posisjon. Det er generalforsamlinga i SN som har vedteke at 2019 skal vere det internasjonale året for urfolksspråk. SN-organisasjonen UNESCO, som 10

har særskilt ansvar for verdas språk, meiner at 2680 av nærare 7000 språk er truga. I Noreg har samane status som urfolk, og fleire av dei samiske språka som tradisjonelt har vore snakka i vårt land, er på UNESCO si liste over truga språk. Nordsamisk, som er det språket storparten av samane i Noreg nyttar, er karakterisert som truga språk. Dei samiske språka med færre språkbrukarar, som skoltesamisk, lulesamisk og sørsamisk er på lista over svært truga språk, mens pitesamisk er lista over kritisk truga språk. Den norske regjeringa har slutta seg til SNs urfolksspråkår og har løyva middel til arbeidet med å synleggjere og fremme urfolksspråk. I Noreg er det Sametinget som har leia arbeidet med urfolksspråkåret, men gjennom året har mange ulike institusjonar og organisasjonar vore involvert i markeringa av urfolksspråkåret. 2 Urfolksspråkåret står i skarp til kontrast til politikken norske styresmakter førte overfor samar og kvenar 100-år tilbake. Frå midten av 1800-talet og fram til midten av 1900-talet var målet til styresmaktene språkleg og kulturell fornorsking av samane og kvenane. Det er meir en femti år sidan fornorskingspolitikken blei avvikla og fleire tiår Mål og Makt 2019 – 3


sidan norsk samepolitikk blei lagt om, med dømes nordmenn hadde. Naturfolk, som samane, grunnlovsendring (1988), Sametinget (1989) og ILO- hadde ikkje det og var i samtidas tenking avhengige konvensjon nr. 169 (1990) som viktige symbolske og av kulturlån for å kunne utvikle seg kulturelt, konkrete uttrykk. Å rette opp gamal urett har sidan økonomisk og sosialt. Dette synet på kultur tok 1980-talet vore viktig for norske styresmakter. Fleire utgangspunkt evolusjonistiske kulturvitskaplege tiltak har blitt sett inn for å få til ei teoriar og innebar eit hierarkisk syn SN-organisasjonen forsoning mellom dei som blei på tilhøvet mellom folkegrupper. utsett for språklege og kulturelle UNESCO, som har særskilt Tankegodset var ikkje særnorsk, ansvar for verdas språk, tvert om var dette tankar som gjorde overgrep frå majoritetssamfunnet, det siste av meiner at 2680 av nærare seg gjeldande i heile den vestlege 7000 språk er truga. desse tiltaka er «Kommisjonen for verda. I si mest ekstreme form kom å granske fornorskingspolitikk og det til syne i raselæra og i den fysiskurett overfor samer, kvener og antropologiske vitskapen. 4 norskfinner» som Stortinget sette ned i 2018 og som skal legge fram si innstilling hausten 2022. 3 KAMP FOR SAMISK SPRÅK OG KULTUR Anders Larsen kjempa utrøytteleg mot NATURFOLK, IKKJE KULTURFOLK fornorskingspolitikken. Som grunnleggar og redaktør For å forstå den samiske kultur- og nasjonsreisinga av den samiskspråklege avisa Sagai Muittalægje (1904 på byrjinga av 1900-talet, men også bakgrunnen for – 1911), arbeidde han aktivt for å fremme samisk fornorskingspolitikken, er det naudsynt å kjenne til språk og kultur, for at samiske elevar også skulle få samtidas syn på kultur og på tilhøvet mellom ulike lese- og kristendomsopplæring på morsmålet, og for kulturar. I vitskapen, og i det offentlege ordskiftet, at samiske interesser skulle vere representerte på var det den gong vanleg å skilje mellom kulturfolk Stortinget. Gjennom avisa søkte han å skape eit etnisk, og naturfolk. Eit av kjenneteikna ved kulturfolk var samisk fellesskap på tvers av dei økonomiske, at dei hadde ein eigen nasjonal skriftkultur, slik til geografiske og næringsmessige skilja i Finnmark. 11


Larsen lykkast med prosjektet sitt. Med avisa skapte han eit samiskspråkleg, offentleg ordskifte som gjorde politisk mobilisering på etnisk grunnlag mogleg. Side om side med kritikk av fornorskingspolitikken i skolen og den manglande bruken av samisk i kristendomsundervisninga, blei den lange og rike historia knytt til samisk kultur, sedvane og tradisjon synt fram. Gradvis blei lesarane presentert for kravet om ein eigen samisk kandidat til Stortingsvalet i 1906. Ein av dei som frå starten støtta opp om den samiske kulturreisinga og kampen mot fornorskingspolitikken var den samiske læraren Isak Saba (1875–1921) frå Nesseby. Han og Larsen gjekk saman på Tromsø Lærarskole og hadde der funne saman politisk og kulturelt. For Saba og Larsen var det samiske språket ein sentral del av den samiske kulturarven. I ei tid prega av evolusjonistisk og rasistisk tankegods og hardhendt fornorskingspolitikk, var det å kjempe for samisk språk ikkje noko lett oppgåve. 5 For Saba og Larsen blei det desto viktigare. I 1905 uttrykte Isak Saba det slik i eit innlegg i Sagai Muittalægje: «Ethvert folkeslag som ikke skal bli oppslukt av andre folkeslag, må ivareta sine folkemelodier, eventyr og sagn med morsmålet og fedrenes skikker og seder». 6 Våren 1906 fremma Anders Larsen venen sin, Isak 12

Saba, som kandidat for Stortingsvalet frå AustFinnmark landdistrikt. Gjennom spaltene til Sagai Muittalægje fekk Saba merksemd og tilslutning. 1. april 1906 presenterte han seg sjølv og kampsakene sine for lesarane gjennom diktet «Sámi Soga Lávlla». Siste vers går slik: Våre fedre før har seiret over dem som urett øvet. La oss også motstå, brødre, dem som vil oss underkue! Solens sønners seige avkom! Aldri skal du overvinnes om ditt gyldne språk du vokter, husker dine fedres tale: Sameland for samene! Diktet var eit kraftfullt uttrykk for den kulturelle og politiske ambisjonen hos Saba og fekk raskt atterklang hos mange samar i Finnmark. Sámi Soga Lávlla har sidan blitt ståande som eit symbol på samane sin kamp for samisk språk, kultur og samfunnsliv og blei i 1986 valt som samanes nasjonalsong. Saba vann Stortingsvalet med utgangspunkt i ein allianse mellom den samepolitiske opposisjonen og Mål og Makt 2019 – 3


Arbeidarpartiet. I to periodar, frå 1906 til 1912, kjempa han politisk og kulturelt for samisk språk og kultur. Særleg viktig var kampen mot fornorskingspolitikken i skolen. Saba nådde ikkje fram med krava sine på Tinget, men han utfordra fornorskingspolitikkens hegemoni og fekk løfta samiske krav fram i det offentlege ordskiftet. 7

Saman med Saba utgjorde Larsen, Turi og Jalvi pionerane innan samisk litteratur og tok slik dei første stega i retning av ein eigen samisk skjønnlitterær skriftkultur. Da Anders Larsen debuterte som skjønnlitterær forfattar, braut han ein stor barriere. Kortromanen Bæivve-Alggo var den første roman skriven og publisert på samisk. Boka gav Larsen ut på eige forlag, DET SAMISKE SKJØNNLITTERÆRE trykt hos Grøndahl & Søn i Kristiania. Opplag og GJENNOMBROTET salstal er ukjent, men det er grunn til å tru at boka I 1911 la Anders Larsen ned Sagai Muittalægje som blei lesen og var godt kjent i det samiske samfunnet følgje av vedvarande økonomiske i Finnmark. I 2013, 100 år etter vanskar. Arbeidet med å fremme originalutgåva kom på samisk, ble Da Anders Larsen samisk språk og kultur heldt han ho omsett og gjeven ut på norsk. debuterte som fram med, men no på andre felt. I Romanen Bæivve-Alggo er skjønnlitterær forfattar, 1912 gav Larsen ut den første braut han ein stor barriere. upretensiøs både i form og innhald, samiskspråklege romanen, nærmast som ein trivialroman. Bæivve-Alggo (Dagen Gryr). To år Forteljinga enkel, men menneska, tidlegare, i 1910, hadde den svenske reindriftssamen kulturen og miljøet handlinga er umiskjenneleg Johan Turi (1854–1936) publisert Muittalus samid samisk. Det var lett for samiske lesarar å kjenne seg birra (Forteljinga om samane), som var den første att i tematikken romanen tok opp. Tilsynelatande var boka skriven av ein same og utgjeve på samisk. Tre også bodskapen i romanen enkel og klar: Det samiske år seinare, i 1915, gav den finske samen og læraren folket har vore gjennom vanskelege tider med Pedar Jalvi (1888–1916) ut den første samiskspråklege fornorsking, diskriminering og tyning, men gode dikt- og novellesamlinga, Muohtačalmmit (Snøfnugg). tider kjem og den samiske nasjonen står framom ei 13


lysande framtid. Den samiske litteraturvitaren Harald Gaski har hevda at om ein legg samisk kulturforståing til grunn, er det ikkje sikkert at Larsen såg like positivt på framtida for samisk språk som romanen tilsynelatande formidla på overflatenivå og trekk fram at han var skriven av ein same for ein samiskspråkleg lesarskare. Det hevdar han gjev romanen ein eigen dimensjon. 8 Det at tilhøva som blir skildra, er kjende for lesarane gjer at forfattaren ikkje treng å utbrodere det han vil ha fram. I staden kan han, ifølgje Gaski, nytte «det samiske språkets muligheter til å si noe mer mellom linjene, eller rettere sagt utover linjene, gjennom anslag og antydninger, slik at samiske leseres medopplevelse ikke stopper ved punktum av setningen, men fortsetter inne i hodet, i imaginasjonen». 9 Det gjer at lesarane forstår meir enn det teksten faktisk fortel, og at dei, ifølgje Gaski, «opplever en positiv uutsagt rest i fortellingen». Bæivve-Alggo skildrar livet til samar i eit moderne samfunn. Larsen tok opp viktige og kontroversielle tema for samtida: om etnisitet, om samisk eigenverd, om val av identitet, om lese- og skriveopplæring på morsmålet, om framtida for samisk språk og kultur 14

og om framtida for den samiske nasjonen. Problemstillingar som svært mange samar måtte ta stilling til på eitt eller anna vis. Larsen ønskte å vere aktuell, og han nytta den skjønnlitterære forma til å fortelje om samtida si slik han oppfatta ho, og til å peike ut vegen vidare.

AVSLUTNING Til grunn for Saba og Larsen sin mangfaldige innsats for samisk språk, kultur og samfunnsliv låg heile tida ønsket om å styrke samisk identitet og sjølvkjensle. Deira skjønnlitterære arbeid veks fram som eit resultat av dette engasjementet. I dag blir mykje av det Anders Larsen og Isak Saba kjempa for sett på som sjølvsagt. Den målmedvetne fornorskingspolitikken er for lengst tilbakelagt, styresmaktene er lovpålagt å støtte opp om samisk språk og kultur, Sametinget sikrar politisk representasjon og det er gjort fleire tiltak for å rette opp tidlegare urett og for å fremme forsoning. Vegen har vore lang, mykje er også gjort og mykje står att. Kampen for å sikre urfolksspråka er ikkje over.

Mål og Makt 2019 – 3


KJELDER

1 . Larsen, Anders (1 91 7). "Fornorskningen i de nuværende skoler i Finmarken". I Johannes Hidle og Jens Otterbech (red.): Fornorskningen i Finmarken. Lutherstiftelsens boghandel. 2.«Det internasjonale året for urfolksspråk – IYIL 201 9», Sametinget https://www.sametinget.no/Tjenester/Spraak/ Det-internasjonale-aaret-for-urfolksspraakIYIL-201 9 sist 26.1 1 .201 9, «About IYIL 201 9», UNESCO https://en.iyil201 9.org/about/. Sist 26.1 1 201 9 og «Norge er partner for det internasjonale året for urfolksspråk», Regjeringen https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/norgeer-partner-for-det-internasjonale-aret-forurfolkssprak/id2629054/ Sist 26.1 1 201 9. 3. Niemi, Einar (201 7): Fornorskingspolitikken overfor samene og kvenene. I Nik. Brandal, Cora Alexa Døving,Ingvill Thorson Plesner (red.): Nasjonale minoriteter og urfolk i norsk politikk fra 1900 til 2016. Cappelen Damm Akademisk. 4. Zachariassen, Ketil (201 2a): Samiske nasjonale

5. Zachariassen, Ketil (201 2b): Isak Saba, Anders Larsen og Matti Aikio - ein komparasjon av dei samiske skjønnlitterære pionerane i Norge. Nordlit 201 2 (29). 6. Sagai Muittalægje 1 /6 1 905, her frå Eriksen, Leif (1 975): «Isak Saba, stortingsmannen». Hovedfagsoppgave i historie, Universitetet i Oslo. 7. Zachariassen (201 2a), s. 79-1 1 0. 8. Zachariassen, Ketil (201 2b). 9. Gaski, Harald (1 999): «Ny tid - nye medier å fremme samisk identitet gjennom. Anders Larsen og hans bok Beaivi-álgu». I John Trygve Solbakk og Aage Solbakk (red.): - dasgo eallin gáibida min soahtái ja mii boahtit - mii boahtit dállán! - selve livetkalderos tilkamp ogvikommer - vi kommer straks! CálliidLágádus.

strategar. Samepolitikk og nasjonsbygging 19001940. Cállid Lágádus. s. 1 30-1 34. 15


av ROLF THEIL

Romani, språket til romanoane Norsk romani – eller berre romani – er eit norsk minoritetsspråk som blir tala av romanifolket (romanoane, taterane). Det står så nær svensk romani at dei to språka ofte blir slegne i hop under samnemninga skandoromani. På romani blir språket også kalla rotipa, ei avleiing frå verbet rota ‘snakke romani’. Det finst mange namn på folkegruppa som snakkar norsk romani. Her har eg alt nemnt romano, romanifolk og tater. Dei er òg kjende som reisande, fant og splint. På romani manglar det heller ikkje på namn, og her kan eg nemne vandri(ng), tavvring, romano, romanisæl. Romanoane er ikkje sjølve samde om kva ein bør kalle dei på norsk. Ofte seier dei sjølve berre folket vårt. Somme oppfattar ordet tater som nedsetjande; andre ønskjer å nytte det, for å gje det ein høgare status – eller «ta det tilbake», som dei seier. Foreininga som blei skipa i 1995 med namnet Romanifolkets landsforening, bytte i 2005 namn til Taternes landsforening. Landsorganisasjonen for romanifolket (skipa i 2000) føretrekkjer ei anna nemning. Her vil eg bruke romano, fleirtal romanoar, og innimellom romanifolk, når eg snakkar om folket under eitt. Ein person som ikkje er romano, blir på romani kalla buro,

16

fleirtal buroar, og det tyder vel nærmast ‘etnisk nordmann’. Buro tyder òg ‘bonde’, og romanoane kallar ofte etniske nordmenn for bønder når dei snakkar norsk.

FOLKET Vi veit ikkje kor mange som kan snakke norsk romani. Vi veit heller ikkje kor mange som høyrer til romanifolket, mellom anna fordi det er vanskeleg å telje dei. Det har aldri vore ein fordel å stå fram som romano i det norske samfunnet, og mange gjer det framleis ikkje. Men det er heilt klart at det finst tusenvis av nordmenn som høyrer til denne folkegruppa. Mellom avdøydde og levande nordmenn med romanibakgrunn kan eg nemne Ludvig Karlsen (grunnleggjaren av Evangeliesenteret); songaren Elias Akselsen og dottera hans, songaren Veronica Akselsen; musikaren Åge Aleksandersen; songaren John «Big John» Klemetsen og dei to sønene hans, boksaren Ole «Lukkøye» og musikaren «Lille-John»; og skodespelaren Karl Sundby. Også den svenske dragspelaren Calle Jularbo – veldig kjend for oss som voks opp med Ønskekonserten på 1950-talet – var av romanislekt.

Mål og Makt 2019 – 3


Illustrasjon: Julie Garmo

17


Illustrasjon: Julie Garmo

Gjennom slektsgransking fann eg for nokre få år sidan ut at eg sjølv er av romanoslekt, og det hadde ingen fortalt meg, trass i at ei av oldemødrene, Thora Magdalena (1880–1961), som eg hugsar godt, blei fødd mens foreldra gjekk langs landevegen i Aust-Agder. Faren hennar heitte Thor Halvorsen Strømsing. Strømsingane er etterkomarar av Petter Rasmussen Strømsing (1759–1836). Han var fødd i Skjoldastraumen i Tysvær kommune i Rogaland og blir rekna som den største spelemannen av romanoslekt – og som opphavsmannen til visa «Per Spelmann». Noko av forklaringa på at mange romanoar skjuler identiteten sin, går fram av Stortingsmelding nr. 15 (2000–2001): «Regjeringa vil gjennom denne meldinga be om orsaking for dei grove overgrepa romanifolket har vore utsett for av eller med aktiv støtte frå legale norske styresmakter.» Det er til dømes dokumentert at 128 personar med romanobakgrunn blei steriliserte med offentleg løyve i perioden 1934–1977. Etter krigen blei romanifolket i stor grad pressa ut or tradisjonelle omreisande næringsvegar, som resultat av reguleringar frå styresmaktene. Det norske romanifolket fekk i 1999 status som nasjonal minoritet, på same måten som jødane, kvenene, skogfinnane og romane (sigøynarane), som ei følgje av at Noreg slutta seg til Europarådet sin rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar. På same tid fekk språka til desse

18

minoritetane – kvensk, romani og romanes – status som nasjonale minoritetsspråk.

SPRÅKFAMILIEN I internasjonal språkforsking er romani namnet på ei språkgruppe som blir tala over det meste av Europa, og som også omfattar språket til dei norske romane/sigøynarane. Språket til dei norske romane blir her til lands oftast kalla romanés, som eigentleg er eit adverb med tydinga ‘på romvis’, men internasjonalt går romanes under namnet valakisk romani (til dømes engelsk Wallachian Romani). Det er vanleg å dele språkgruppa romani i fire greiner: balkansk romani på Balkan, valakisk romani i Romania, sentralromani i Tsjekkia, Slovakia, Ungarn, Austerrike og tilgrensande område og nordromani i resten av Europa. Norsk romani høyrer til greina nordromani. Andre nordromani-språk er mellom anna baltisk romani, karpatisk romani, finsk romani, sinti-romani, walisisk romani, engelsk romani (angloromani) og fleire variantar av iberisk romani. Romanispråka høyrer til den indoariske greina av den indoeuropeisk språkfamilien. Mellom dei indoariske språka finn vi òg til dømes hindi, urdu og bengali. Her er nokre ord på norsk og valakisk romani og hindi – likskapen er lett å sjå:

Mål og Makt 2019 – 3


Som kjent høyrer norsk til den germanske greina av indoeuropeisk, så romani og norsk er fjerne slektningar, men så fjerne at ein nesten må vere språkforskar for å sjå likskapen.

GRAMMATIKKEN Her er ei setning på valakisk romani (romanés) og norsk romani, for å vise litt meir om likskap og skilnader:

19


Orda i valakisk og norsk romani er stort sett ganske like, men det er ein viktig skilnad i grammatikken. Valakisk romani har eit bøyingssystem med røter i eit 700–800 år gamalt urromani, som eg skal fortelje meir om i neste avsnitt, mens norsk romani har bøyingar med opphav i norsk og svensk språk. Norsk romani er også sterkt påverka av det norsk-svenske lydsystemet. Fleire romanispråk har lånt bøyingssystemet sitt frå majoritetsspråket i det samfunnet der dei blir tala, og mellom romaniforskarane blir dei kalla pararomani. Mellom pararomani-språka reknar vi mellom anna norsk romani, svensk romani, engelsk romani og

20

iberisk romani. Leddet para- i pararomani kjem av gresk pará ‘attåt’. Finsk romani held i våre dagar på å endre seg frå eit romani med den gamle bøyinga til eit pararomani med finsk bøyingssystem, og prosessen er interessant å studere for å betre forstå korleis til dømes norsk romani gjekk gjennom denne prosessen for fleire hundre år sidan. Interessant nok liknar bøyingssystemet i norsk romani sterkt på det nynorske systemet. Desse tabellane viser bøyinga av substantiv, adjektiv og verb. Det einaste overraskande er eigentleg den bundne fleirtalsforma tjeiane i staden for tjeiene:

Mål og Makt 2019 – 3


Orda i tabellen er alle av indoarisk opphav, bortsett frå grei ‘hest’, som er lånt frå armensk, eit vanleg språk i austlege delar av Anatolia før folkemordet for hundre år sidan. Det er viktig å vere klar over at norsk romani har sitt eige bøyingssystem, sjølv om det er lånt frå norsk. Når romanoar snakkar romani, brukar dei ikkje bøyingssystemet i sin eigen norske dialekt, men derimot dette systemet som er presentert over.

norsk romani i fangehusa. I 1850 gav samfunns- og kulturforskaren Eilert Sundt (1817–1875) ut boka FanteellerLandstrygerfolketi Norge, der han skildrar norsk romani i «Anhang I», «Ordfortegnelse til det norske og svenske Fantesprog». Men den viktigaste kjelda vår til kunnskap om norsk romani er likevel boka The Romany Language in Norway (Oslo 1944), som er fyrste delen av trebandsverket Secret Languages in Norway (1944–1950) av språkforskaren Ragnvald Iversen (1882–1960). Andre kjelder er Hemmelige HISTORIA språk og tegn (1945) av Øyvin Ribsskog, Romani-folkets Alle romanispråk stammar frå urromani, som blei tala på ordbok (1993) av Ludvik Karlsen og Romani–norsk ordbok Balkan på 1300-talet. Alt på 1800-talet fann språkforskarane (1995) av Hermann Karlsen. ut at romanispråka var indoariske, så språka har kome til Romanivariantane i ulike delar av Europa utvikla seg ikkje Europa med folk som på ein eller annan måte og på eit ikkje overraskande i ulike retningar, etter å ha vore skilde frå heilt sikkert tidspunkt har forlate India. Vi veit med andre kvarandre gjennom mange hundre år og etter å ha blitt ord ikkje heilt nøyaktig kva tid talarane forlét India, og ikkje påverka av ulike majoritetsspråk. Valakisk romani, språket kvifor. Det er ikkje her plass til å kome inn på ulike teoriar. til romane, utvikla seg, som namnet seier, i Valakia i Romania. Men det som er heilt sikkert, er at dei som snakka urromani Der levde romane som slavar heilt fram til 1860-talet. Då dukka opp på Balkan om lag på 1300-talet. Etter eit par slaveriet tok slutt, reiste mange romar til andre delar av hundre år hadde romanitalande grupper spreidd seg over Europa, også til Noreg. Difor har vi sidan 1860-talet hatt to heile Europa, og dei nådde Norden kring år 1500. romanivariantar i Noreg – norsk romani og valakisk romani. Vi veit ingenting om norsk romani før byrjinga på 1800- Dei som snakkar desse to språka, legg sjølvsagt merke til talet. Den eldste kjelda til norsk romani er handskrivne den store likskapen mellom dei to språka, men skilnadene oppteikningar etter meistertjuven og utbrytarkongen Gjest er samtidig så store – ikkje minst i grammatikk og uttale – Baardsen (1791–1849), Samling afde mest forrekommende at dei nok helst må ty til norsk for å føre ein meiningsfull Ord i det saakaldte Vandrings eller Skøiersprog (utgjevne i samtale. 1948). Sogndølen Baardsen var ikkje romano, men lærte

21


Illustrasjon: Julie Garmo

ASSIMILERINGSPOLITIKKEN Romani og romanoane har med andre ord ei 500-årig historie i Noreg, og romani har alltid vore ein viktig identitetsmarkør for folket. Men frå 1900-talet førte norske styresmakter ein brutal og hardhendt assimileringspolitikk overfor romanoane, der dei medvite prøvde å utrydde eigenarten, språket og kulturen til folket. Dette kan ein lese meir om i NOU 2015: 7, Assimilering og motstand – Norsk politikk overfor taterne/romanifolket fra 1850 til i dag, som blir innleidd med desse orda: Utvalget har sett på norsk politikk og tiltak overfor taterne/romanifolket fra 1850 til i dag. Utredningen viser at folkegruppen på 1900-tallet ble utsatt for en hardhendt assimileringspolitikk fra norske myndigheter. De viktigste tiltakene var omsorgsovertagelse av barn og bosetting, delvis med tvang. Den private organisasjonen Norsk misjon blant hjemløse administrerte tiltakene overfor folkegruppen. Politikken har hatt svært negative konsekvenser for enkeltpersoner og folkegruppen som helhet, og påvirker relasjonen 22

mellom taterne/romanifolket og storsamfunnet også i dag. Utredningen anbefaler at norske myndigheter bør vurdere tiltak på flere områder for å oppnå rettferdig[het] og forsoning. Organisasjonen Norsk misjon blant hjemløse, som blei skipa i 1897, heitte før 1935 Foreningen til Modarbeidelse af Omstreifervæsenet. I 1907 gav regjeringa denne organisajonen, kjend som «Misjonen» mellom romanifolk, eit særskilt ansvar for busetjing av «Omstreifere» – det vil seie romanifolket – og i 1908 starta dei arbeidskolonien Svanviken i Eide på Nordmøre. Denne arbeidskolonien eksisterte heilt fram til 1989. Bladet Aktuell hadde i nr. 3, 1963, s. 20–23, ein artikkel om Svanviken, og dei intervjuar styraren, pastor Knut Myhre, som mellom anna sa dette: Det vi gjør, sier han, er bevisst å utrydde et folks egenart, deres språk, deres livsform. Vi prøver å løsrive dem fra forbindelsen med slekten, som de tidligere har følt seg knyttet til med sterke bånd. Vi prøver å gi dem eiendom og forpliktelser, vaner og behov som ikke lar seg forene med den Mål og Makt 2019 – 3


omstreifertilværelsen de har vært vant til og som deres forfedre har levet gjennom århundrer. Det er en radikal framgangsmåte, og vi må riktignok spørre oss: Har vi rett til det? Norsk misjon blant hjemløse er heldigvis ikke i tvil om svaret, fortsetter bestyreren. Vi har rett. For de små barnas skyld tar vi oss den retten. Omstreiferkulturen er i det hele sin art og tradisjon ikke innstilt på egentlig samarbeid med, men på å utnytte samfunnet. Parasittisk.

FRAMTIDA Eit av fleire resultat av den hardhendte politikken overfor romanoar er at kunnskapen om romani er ganske mangelfull, slik at språket må reknast som truga. Mange av dei som kjenner språket best, er såpass gamle at dei ikkje har ungar som dei kan vidareføre språket til. Dette ønskjer interesseorganisasjonane til romanifolket å gjere noko med. I 2014 gav forlaget Novus ut boka Vandriane rakkrar / Taterne forteller / Taterane fortel, med meg som redaktør.

Det er eit samarbeid med Anna Gustavsen og Mariann Grønnerud, språkkunnige romanifolk frå organisasjonen Taternes Landsforening. Boka har tekst på romani, med omsetjing til bokmål og nynorsk. I teksten fortel fleire eldre romanoar om livet sitt. Baki boka er det ordlister frå romani til norsk (nynorsk og bokmål) og frå norsk til romani. I tillegg er det ein minigrammatikk og ein presentasjon av ei konsekvent rettskriving som eg laga i samband med dette arbeidet. Det er sjølvsagt håpet vårt at flest mogeleg folk av romanoslekt vil bruke boka for å lære seg meir av språket. Men i tillegg trengst det sjølvsagt eit ordentleg språkkurs. Denne hausten, 2019, har Linda Aleksandersen og Lars Harstad i Landsorganiasjonen for romanifolket og eg starta eit samarbeid med New Amigos, som lagar språkspel med same namn. New Amigos har laga språklæringsspel for ei rekkje språk, mellom anna engelsk, arabisk, spansk (kastiljansk), nordsamisk og sørsamisk, og vi ser fram til at romanifolket – og andre interesserte – kan bruke dette spelet til å lære seg eller friske opp kunnskapane sine i dette fascinerande språket, som fortener ei god framtid.

23


av HELENE HODNELAND S ÆLE

Prosjekt Høyrande “Korleis er det å - ehh - ikkje høyre?” spør du med eit sånt uttrykk (du veit kva for eitt). “Å vere døv, meiner du?” Stillheit. “Det er ikkje eit stygt ord, veit du.” Du raudnar. “Korleis er det å vere høyrande?” freistar eg å svare. Med eit sånt uttrykk. Stundom gjer eg det òg. Det brukar å funke dei gongane eg ikkje orkar. Men oftast vert det fulgt opp med “kor mykje høyrer du eigentleg?”. Med eit sånt uttrykk.

Eg hatar det spørsmålet. Det er mitt “kvar er du eigentleg frå?”. Det syner ikkje interesse i kven, men kvifor. Kor framand er eg? Kva gjekk gale med meg, og kor gale gjekk det? Å navigere desse spørsmåla er daglegdags, men òg utmattande då det syner kor lite storsamfunnet veit om døve. Dette var litt av årsaka til at me i 2018 starta opp ein snapkonto etter modell av Snapkollektivet. Hverdagsdøv består av ni døve i ulike aldrar, bakgrunnar og livsstilar. Felles for oss alle er at me er døve. I eit år no har me delt kvardagane våre med omlag 2000 følgjarar. Målet er å ufarleggjere det å vere døv. For det er nett det; å vere døv er ikkje farleg. Me manglar berre (delar av) hørselen - og heldigvis 24

sitt ikkje språksenteret i øyra. Det me går glipp av på grunn av sansetapet får me tilgang til gjennom norsk teiknspråk - det største minoritetsspråket i Noreg. Gjennom teiknspråk kan me få full tilgang til storsamfunnet, og samstundes få verte del av eit miljø med eigen kultur og historie. Med andre ord: Det er jo berre å la døve barn lære teiknspråk så blir alt bra, ikkje sant? Den røynde nynorskingen kjenner kanskje att utfordringa allereie her. Ingenting er sjølvsagt når det kjem til språk. Språk er identitet, kjensler og makt. Dei aller fleste døve barn er fødd av høyrande foreldre. Framleis i dag møter foreldre legar som fraråder teiknspråk, med argument om at det seinkar taleutviklinga eller Mål og Makt 2019 – 3


øydelegg for norskinnlæringa. Sjølv om forskning dei siste åra syner at tidleg tilgang til teiknspråk faktisk styrkar innlæringa av andre språk, som til dømes norsk. Trass i at norsk teiknspråk er eit fullverdig språk på lik linje med andre skrivne, talte og teikna språk, vert det framleis i stor grad rekna som eit hjelpemiddel. Framleis i dag må ein ha sakkyndig vurdering frå PPT (Pedagogisk-psykologisk tjeneste, red.merk.) for å få rett til skulegang og opplæring i og på teiknspråk. For kva andre språk må ein ha behovsprøving? Når ein har prøvd høyreapparat, implantat, hjelpemiddel og tilrettelegging og det ikkje funkar - når ein har feila i Prosjekt Høyrande - så vert i mange tilfelle teiknspråk siste utveg. Vert du derimot meister i Prosjekt Høyrande så speler du høyrande nok til at ekte høyrande er komfortable rundt deg - samtidig som dei får ei godkjensle for at dei har inkludert deg. I Prosjekt Høyrande er det ikkje viktig om du faktisk er ein fullverdig medlem av samfunnet og har full tilgang til alle tenester på lik linje med alle andre, så lenge du ikkje er til bry for dei ekte høyrande. Det aller viktigaste her er at dei ikkje legg merke til at du er døv. Då vert dei kleine. Prosjekt Høyrande er altså målet. Behovsprøving av teiknspråk er eit av fleire gode midlar ein kan nytte for å oppnå dette. Andre måtar er nedbygging av tolketenesta, nedlegging av døveskular og

integrering ("inkludering") av døve barn og unge i nærskulane. Om døve og hørselshemma barn og unge får opplæring i og på eit språk som dei har full tilgang til, og dei faktisk har utbytte av undervisninga, og ender opp som “gagnlege menneske” som opplæringslova tilseier, er underordna. Det som tel er at staten slepp ansvaret samstundes som Noreg kan smykke seg som inkluderingsbesting, at familien slepp å flytte dit døveskulen fins, slepp å lære eit nytt språk. Gjennom "inkludering" i nærmiljøet vert døve vellukka deltakarar i Prosjekt Høyrande. Men siste utveg burde vore førstevalet. Ein kvardag der ein kan senke skuldrane og delta utan å verte utslitt. Utslitt av å prøve å få med seg det som vart sagt, sleppe å måtte stire på munnen og prøve å gisse seg til kva ord den skulle forestille. For i Prosjekt Høyrande er inkludering, integrering og assimilering eitt og det same. Språkleg kolonialisme heiter dette. Å aktivt snakke vekk og nedvurdere eit språk til fordel for eit anna. Alt dette føyer seg òg inn i det vi kallar audisme diskriminering av døve og hørselshemma på bakgrunn av hørsel. Når denne diskrimineringa er forankra i lovar, reglar og praksis så vert det strukturell diskriminering. Behovsprøving og sakkyndig vurdering rundt teiknspråk er dømer på strukturell audisme. Eit anna døme er at det er fullt lovleg å nekte meg å gi blod dersom eg tek med meg 25


Illustrasjon: Thyra Steffensen

I Prosjekt Høyrande er det ikkje viktig om du faktisk er ein fullverdig medlem av samfunnet og har full tilgang til alle tenester på lik linje med alle andre, så lenge du ikkje er til bry for dei ekte høyrande.

26

Mål og Makt 2019 – 3


teiknspråktolk til blodbanken. Om eg derimot spelar høyrande truverdig nok (eg treng ikkje forstå, eg treng berre late som), så er det fritt fram. "Norsk teiknspråk har ein grunnleggjande verdi i seg sjølv, mellom anna som identitetsmerke og ekte kulturuttrykk for ein språkleg minoritet i det norske samfunnet. Norsk teiknspråk er ein del av den norske kulturarven og ein del av det språklege mangfaldet i landet som det offentlege har ei plikt til å verne og fremje”. Dette er henta frå Utkast til lov om språk (Språklova), som var på høyring i haust. Ti år etter Stortingsmelding 35 Mål og meining, er det endeleg komme forslag om lovfesting av norsk teiknspråk som det nasjonale teiknspråket. Det er ingen tvil om at teiknspråkstatusen stig. Teiknspråk er plutseleg over alt - på insta, på MGP, hjå kulturministeren! Så denne lova har det verkeleg stått store forventningar til. Samstundes vert det òg i forslaget understreka at “ei lovfesting av norsk teiknspråk inneber ikkje at teiknspråkbrukarar har fått utvida juridiske rettar eller at konkrete tiltak automatisk skal bli sette i gang“.

Neivel. Det skal altså framleis vere lov å nekte meg som blodgivar. Det kjem ikkje til å skje noko som kan bøte på det faktum at 82% av arbeidsgivarar ikkje ville tilsett meg, fordi eg er døv. Det skal framleis vere lov å vanstyre tolketenesta til det punktet at det er eit alvorlig demokratisk problem, der døve må droppe ut av studiar, må slutte i jobbar og ikkje engasjere seg på fritida fordi det ikkje er mogleg å få riktig tolk til riktig tid. Det skal altså framleis vere lovleg for AS-Noreg å ikkje bry seg, å ikkje ta ansvaret. Målet skal framleis vere Prosjekt Høyrande. Så når du, med eit sånt uttrykk (du veit kva for eit) spør meg korleis det er å vere døv, freistar eg svare som Sadia Iqbal: "Eg lir ikkje av funksjonshemming, eg lir av diskriminering". Eg kan skryte av at eg kan sove gjennom alt av hauststormar og anleggsarbeid. Eg kan fortelje om å delta på døvefestival i utlandet med 2000 menneske eg aldri har møtt - og likevel ha kjensla av å ha kome heim. Heim til mitt folk og min kultur. Men sidan det du eigentleg spør om er kvifor eg ikkje er som deg, så skal eg heller svare deg ærleg på kvifor eg ikkje lenger deltek i Prosjekt Høyrande.

KJELDER Peitersen, J. (2019, 13. juni). Arbejdsgivere er helst fri for blinde og døve. DR. Henta frå: https://www.dr.dk/ligetil/ligetil-paa-tegnsprog/arbejdsgivere-er-helst-fri-blinde-og-doeve#!/

27


av EIRA S ÕDERHOLM

Ein gramatikk blir til – Kvifor og korleis normering av kvensk

Kvenar er ein språkleg og kulturell minoritet i Noreg. Busetnaden har tradisjonelt vore konsentrert i NordTroms og Finnmark. Den første skriftlege dokumentasjonen om kvensk busetnad på noverande norsk jord er frå skattemanntala frå 1500talet, men dei eigentlege kvenske bygdene har blitt til på 1700- og 1800-talet. Kvensk språk høyrer til den østersjøfinske språkgruppa, og har tradisjonelt blitt sett på som ei finsk dialekt. Ei allereie utsliten utsegn seier at eit språk er ei dialekt med armé og sjøforsvar – utsegna har opphaveleg blitt lagd i munnen til den latvisk-jødiske språkforskaren Max Weinreich. Dette har langt på veg òg vore tilfellet. For eksempel blir dei skandinaviske språka delt opp etter statsgrensene. For eit minoritetsspråk er situasjonen annleis.

28

KVIFOR EIGE SPRÅK? Kvensk er i nær slekt med dei nordfinske dialektane i Finland og dei tornedalske dialektane (meänkieli) i Sverige. For eit minoritetsspråk er likevel den avgjerande faktoren for eige språk med eiga norm ikkje nødvendigvis språkleg divergens overfor andre språk, men om det har vore undervising i og tilgang til media på andre nærliggjande språk med eigne og ferdig utvikla skriftspråk, i dette tilfellet finsk skriftspråk. Altså: Det som er viktig, er i kva grad språkbrukarane har kjennskap til det allereie eksisterande skriftspråket. Under fornorskingstida har ikkje kvenane hatt noko tilbod om undervising eller media på eige språk, tvert imot har dei blitt nekta å bruke sitt eige språk både munnleg og skriftleg. Dermed har finsk skriftspråk blitt verande framandt for mesteparten av dei.

Mål og Makt 2019 – 3


Ein faktor som i minoritetssamanheng òg ser ut til å spela ei viktig rolle, er om den aktuelle minoriteten bruker same inngruppenamn om seg sjølv som brukarane av det eksisterande skriftspråket. Dei fleste av kvenane identifiserer seg ikkje med nasjonalitetsnamnet suomalainen, finlendar, men har tradisjonelt brukt ordet lantalainen, eller latt vera å bruke noko som helst inngruppenamn1 .

Organet vart todelt. For det første vart det oppretta eit språkråd som skulle bestå av folk med språkfagleg kompetanse i kvensk, og for det andre eit språkting som skulle representere språkbrukarar med morsmålskompetanse og koma frå forskjellige dialektområde. Språkrådet skulle koma med forslag og rådgjeving til språktinget, medan språktinget skulle ta dei endelege avgjerslene når det kom til å standardisere språket. Meininga var at prosessen skulle vera så demokratisk som mogleg, og at dei ORGANISERINGA AV SPRÅKPLANLEGGINGA verkelege språkbrukarane skulle bli høyrt. Regjeringa ratifiserte Den europeiske pakta for Språkrådet vart etablert i 2007, og språktinget skulle regionale språk eller minoritetsspråk til å gjelde koma i gang året etter. Men kvensk hadde allereie kvensk i 2005. Ratifiseringa skjedde på nivå II, noko blitt eit språk som berre den eldste generasjonen som i lita grad forpliktar til konkrete tiltak. Det hadde morsmålskompetanse i, og mange stader var ville vore meir forpliktande om språket hadde blitt det vanskeleg å finne dei. Så me kunne ikkje på tildelt nivå III, slik minoriteten sjølv ønskte, men langt nær dekkje alle dei kvenske dialektområda. slik vart det ikkje2. Ein grunn til dette var at kvensk mangla både grammatikk, ordbok og andre ting FASAR I SPRÅKPLANLEGGINGA som er naudsynte for å kunna bruke eit språk Etter mi meining er valet av språkbrukargruppa offisielt. Dette skulle bøtast med at Kvensk institutt den viktigaste avgjersla ein må ta ved i Børselv fekk i oppgåve av Kultur- og språkplanlegginga. Altså kven eller kva kyrkjedepartementet å etablere og drifte eit språkbrukargruppe språket blir planlagt for. Det språknormeringsorgan for kvensk språk. vanlegaste er at språkbrukargruppa følgjer 1. Dette har eg behandla i artikkelen «Lantalaisia Suomesta ja suomalaisia Lannasta – vai kuinka se entiseen aikaan menikään? Kirjalliset lähteet kertovat» i Sisko Brunni, Niina Kunnas, Santeri Palviainen & Jari Sivonen, Kuinka mahottomasti nää tekkiit, Oulu 2018. 2. Slik er situasjonen framleis. Sjå rapport Den europeiske pakt om regions- eller minoritetsspråk. Syvende periodiske rapport. 29


Illustrasjon: Mina Fredborg Stokke

30

Mül og Makt 2019 – 3


Men kvensk hadde allereie blitt eit språk som berre den eldste generasjonen hadde morsmålskompetanse i, og mange stader var det vanskeleg å finne dei.

statsgrenser, men planlegginga kan òg gjelde alle språkbrukarane som snakkar meir eller mindre like dialekter innan eit dialektkontinuum, uavhengig av statsgrenser. For eksempel er nordsamisk skriftspråk planlagt for alle dei som snakkar ei dialekt som blir sett på som ei dialekt av nordsamisk, uansett om dei bur i Noreg, Finland eller Sverige. Det ville ikkje vore unaturleg om kvensk og meänkieli i Sverige følgde same språknorm, så like er dei kvarandre. I den karelske republikken i Russland har utviklinga for karelsk gått den motsette vegen: Sjølv om karelsk blir sett på som eitt språk, finst det i dag tre forskjellige skriftspråksnormer som er i bruk, og ei fjerde er under utvikling. Den neste fasen er val av normgrunnlag: kva dialekter ein ønskjer å ta utgangspunkt i. Nynorsk er eit kompromiss-språk på lik linje med finsk skriftspråk, medan bokmål opphaveleg har utgangspunkt i dansk skriftspråk. For kvensk kunne tilnærming til finsk skriftspråk ha vore ein veg å gå, og då kunne kvensk samanliknast med bokmål i Noreg. Først etter at ein er ferdig med dei to nemnde fasane, kan den eigentlege planlegginga

av eit skriftspråk, altså korpusplanlegginga, koma i gang. Når det gjeld normering av grammatikken, er det viktig å bestemme om ein skal ha parallelle former, om grammatikken skal vera konservativ og bli tilbakeført til eldre former, eller om han for eksempel skal vera heilt samanfallande med språkbruken i planleggingsfasen. Etter at ein slags standard er ferdig, skal han implementerast, altså bli teken i bruk. Dette er ei oppgåve for skule, media, myndigheiter osb. Men òg her kan språksamfunnet ta ei meir liberal eller autoritær stilling til språkbruken, og det kan veljast i kva samanhengar det er påbode eller ønskjeleg å følgje norma. Evalueringa av norma kan utførast frå forskjellige ståstader: Språksamfunnet kan motsette seg heile planleggingsarbeidet og heilt forkaste norma – om dette kan skje, er avhengig av kva slags autoritet eller status planleggingsorganet har. Språksamfunnet kan i utgangspunktet ta norma i bruk, men så velja om det vil følgje norma til punkt og prikke eller stille seg meir fritt til norma eller endre norma.

3. Kvensk grammatikk fra 2017 har kome ut òg som ein open access-versjon: https://press.nordicopenaccess.no/index.php/noasp/catalog/book/24 31


PLANLEGGING AV KVENSK SKRIFTSPRÅK Kvensk språkråd begynte arbeidet sitt i 2007. Målet var å få til ein kvensk grammatikk som skulle vera rettleiande for utforminga av undervisingsmateriale og vera eit hjelpemiddel når kvensk skulle brukast skriftleg i offentlege samanhengar. Elles kunne alle skrive som dei ønskte – det viktigaste var jo å få folk til å ta språket i bruk og skrive i det heile tatt! Korpusplanlegginga som vart gjort av Kvensk språkråd og Kvensk språkting, medan språkrådet var i drift, gjaldt først og fremst normering av grammatikken. Ordforrådet vart halde utanfor. Det første valet som måtte gjerast, var å velja språkbrukargruppa for det nye skriftspråket. Resultatet vart at språkbrukargruppa skulle vera alle dei som sjølv identifiserer seg som kvenar, og berre dei. Normgrunnlaget vart etter litt om og men definert slik at grammatikken berre skulle omfatte former og strukturar som var i bruk blant kvenar med kvensk som førstespråk eller i alle fall eitt av to eller fleire førstespråk – mange kvenar har i tillegg til sitt eige språk òg lært samisk og/eller norsk heilt frå barndommen av. Finsk skriftspråk og meänkieli i Sverige vart halde utanfor. Norma skulle ha parallelle former, men slike skulle likevel berre takast med om dei var viktige regionale identitetsmarkørar – noko som ei slik minoritetsgruppe som ikkje har hatt noka felles språkleg plattform, naturlegvis har temmeleg mange av. I praksis skjedde arbeidet slik at språkrådet tok utgangspunkt i den litle grammatikken eg hadde skrive for universitetsstudentar på grunnlag av den kvenske Porsanger-dialekta, og formulerte så forslag med moglege parallelle former frå andre dialekter. Desse skulle språktinget ta stilling til. Resultatet vart ei språkleg norm med frå ein til tre valfrie former, avhengig av korleis utbreiinga i dialektane var, og i kva grad medlemmane i språktinget følte at det var viktig å få inn former som dei sjølv kjente igjen frå sine eigne dialekter. Språkrådets første valperiode gjekk ut i 2010. Då var dei mest relevante delane av grammatikken på 32

plass, og språkrådet vart nedlagt. Organiseringa hadde vist seg å vera komplisert, og arbeidsfordelinga var ikkje enkel. For resten av strukturplanlegginga fungerte eg som språkkonsulent, og i 2013 var alle dei vesentlege delane av grammatikken på plass. Det stod berre att å skrive grammatikkboka ferdig. Den kvenskspråklege versjonen av grammatikken kom ut i 2014, den noko reviderte og utvida norske versjonen i 2017 3.

ER DET FRAMTID FOR KVENSK? Implementeringa av kvensk skriftspråk er spinkel. Visst nok har det no kome ut skulebøker for klassetrinna 1–7, og det blir undervist i kvensk på UiT Noregs arktiske universitet. Offentlege dokument som gjeld kvenske forhold, blir ofte omsette til kvensk. Massemedia finst det lite av – først og fremst avisa Ruijan Kaiku og nettstaden nrk.no/kvensk, men desse bruker òg for det meste norsk. Det manglar forsking, men eg trur at det den dag i dag er mange kvenar som ikkje er klare over at det nå eksisterer eit eige skriftspråk for dei. Og færre og færre av dei kan kvensk munnleg, norsk har tatt over. Det kan sjå ut til at kvensk kjem til å forsvinne heilt, og sidan kvenar ikkje har nokon armé bak seg – eller ønske om å ha det! –, kjem den kvenske grammatikken til å bli ein kuriositet i historia sin gløymsel. Litt lys i horisonten er det likevel. Kvensk institutt har starta språkreirarbeid, og sjølv om oppgåva ikkje er lett, kan det allereie vise til nokre resultat. Kanskje blir ungane som har deltatt i verksemda, i alle fall eit slags semibrukarar av kvensk. Eit anna konkret tiltak er at UiT frå våren 2019 har starta eit tilbod om kvensk som fag for lærarstudentar. Dette kjem forhåpentlegvis til å styrkje faget i skulen. Så kanskje vil kvensk språk overleva – og dermed òg kvensk skriftspråk –, om ikkje akkurat slik språkbruken og norma er no, men modifisert, slik det komande språkbrukarsamfunnet ønskjer å ha det.

Mål og Makt 2019 – 3


av ÅSHILD NÆSS

Språkmangfaldet i Stillehavsregionen Det finst om lag 7 000 ulike språk i verda. Om lag ein fjerdedel av dei vert snakka i Stillehavsområdet – litt avhengig av kvar ein trekker grensa for «Stillehavsområdet». Det er mange språk på eit område som riktignok er stort, men som består av mykje hav, og såleis ikkje er særleg tett folkesett. Kvar i regionen ein finn det største mangfaldet, avheng av korleis ein vel å måle «mangfald». Det landet i verda som har flest språk i høve til innbyggjartalet, er truleg den vesle øystaten Vanuatu. Der vert det snakka om lag 110 språk, fordelte på 270  000 innbyggjarar. Om ein reknar med at kvar innbyggjar berre snakkar eitt språk –  noko som sjølvsagt ikkje stemmer, som vi skal kome attende til om litt  – så vert det cirka 2  450 talarar per språk i snitt. Den som meiner at norsk er eit lite språk bør med andre ord ta seg ein tur til Stillehavet. Men alle språka på Vanuatu er nært i slekt. Dei høyrer alle til den oseaniske greina av den austronesiske språkfamilien (dette kan jamførast med at norsk høyrer til

den germanske greina av den indoeuropeiske språkfamilien), og under det igjen høyrer alle til éi eller to undergreiner av oseanisk, litt avhengig av kva for ei klassifisering ein held seg til. Går vi til Papua Ny-Guinea, litt lenger nord og vest i Stillehavet, er situasjonen ein ganske annan. I Papua NyGuinea vert det snakka rundt 840 språk. Sidan det bur kring sju og ein halv million menneske i landet, er ikkje talet i seg sjølv så imponerande samanlikna med Vanuatu. Men berre om lag 240 av språka her høyrer til den austronesiske språkfamilien. Dei resterande 600 fordeler seg på om lag 20 ulike språkfamiliar. Det nøyaktige talet avheng igjen av kven ein spør, ettersom ein veit svært lite om mange av desse språka, og det er difor ikkje er så lett å slå fast kor mange familiar dei eigentleg må reknast til. Det er viktig å få med seg kva eg meiner med «familie» her: Det er snakk om grupperingar på det høgste nivået ein er i stand til å spore språkslektskap attende til. Alle desse Foto: UiO

33


rundt 20 familiane er med andre ord «familiar» på same vis som indoeuropeisk er det. Lågare inndelingsnivå som til dømes germansk vert ikkje rekna som familiar her, men som undergrupper av større familiar. Om ein tenkjer på kor stort område den indoeuropeiske språkfamilien dekker – nesten heile Europa og store delar av Asia – vert det ganske utruleg at ein finn så mange heilt ulike språkfamiliar på eit areal på berre kring 460  000 km2, omtrent det same som Sverige. Det største språklege mangfaldet i Stillehavet finn ein med andre ord ikkje der avstandane er størst. Snarare tvert om – i den delen av Stillehavet som kallast Polynesia, som består av bitte små øyer skilde frå kvarandre av tusenvis av kilometer med hav, er språka ganske like. Det har delvis å gjere med at for polynesiarane har ikkje havet tradisjonelt vore eit stengsel, men ei ferdselsåre, og det har vore mykje reising mellom dei ulike øygruppene. Men ein annan viktig faktor er tida. I mesteparten av Polynesia har det berre budd folk i om lag 1000–1200 år. Området blei dessutan folkesett raskt – i løpet av nokre få hundre år – sånn at språket på éin stad ikkje rakk å endre seg så mykje før folket der spreidde seg til neste stad. På Ny-Guinea har det budd folk i minst 40  000 år. Det som kanskje ein gong var eitt opphavleg språk, har altså hatt god tid til å utvikle seg til variantar som er så ulike at ein ikkje lenger kan spore at dei ein gong hadde felles opphav. Men det har budd folk lenge i Europa òg, og her finn vi ikkje 20 ulike språkfamiliar på eit område på storleik med

34

Sverige. Lingvisten Daniel Nettle har føreslått at det språklege mangfaldet i eit område heng saman med kor lett det er for ei lita folkegruppe å vere relativt sjølvforsynt. Viss folkegrupper er avhengige av kvarandre til dømes for å handle til seg ting dei ikkje kan dyrke eller fange sjølv, eller for å ha ein stad der dyra kan beite når den tørre årstida kjem og det ikkje lenger finst beite i nærområda, så er tendensen at språk spreier seg over større grupper. Det er lettare å få folk til å hjelpe deg viss dei oppfattar deg som medlem av den same gruppa som seg sjølv, og då spelar språket ei viktig rolle. I område med stort økologisk mangfald på liten plass, der små grupper av folk kan klare seg sjølve på eit lite område utan å vere avhengige av noko særleg kontakt med naboane, ser ein derimot at kvar gruppe òg gjerne snakkar sitt eige språk. Ny-Guinea er tropisk og relativt fruktbart, og særleg i innlandet er det djupe dalar og høge åsar der folk kan leve nokså isolert i små grupper. Såleis har dei råd, så å seie, til å ha eit eige språk som er ulikt det som vert snakka i nabodalen. Men er det ikkje upraktisk å ha så mange ulike språk på slikt eit lite område? Kva gjer folk viss dei faktisk treng å snakke med nokon frå nabodalen, og dei snakkar eit heilt anna språk? I den vestlege verda tenkjer vi gjerne at fleirspråklegheit er eit moderne fenomen – noko som har oppstått i dei siste tiåra etter kvart som folk har begynt å flytte på seg rundt om i verda, medan folk før det sat heime i bygda si –  eller i dalen sin  – og snakka kvar sitt einskilde språk.

Mål og Makt 2019 – 3


Foto: av Port Villa, Vanuatu, teke av Britt Gaiser. Henta frĂĽ unsplash.com

35


Det er heilt feil. Truleg har menneske vore fleirspråklege omtrent så lenge vi har hatt språk. Der den jødisk-kristne tradisjonen ser på språkleg mangfald bokstaveleg talt som ei straff frå Gud (den der uheldige episoden i Babel), vert skilnader i språk i mange delar av verda sett på som ein verdfull markør av identitet og tilhøyrsle. I boka Dying words: endangered languages and what they have to tell us siterer den australske språkforskaren Nick Evans ein mann frå Sepik-regionen på Ny-Guinea som følgjer: «It wouldn’t be any good if we all talked the same; we like to know where people come from.» I rurale område på Ny-Guinea er det heilt vanleg å treffe på folk som snakkar fem–seks–sju språk: språket i landsbyen ein bur i, og ei handfull av nabospråka. I Evans’ heimland Australia er språk i tradisjonell aboriginarkultur nært knytt til landområde, og når ein var på reise, skulle ein helst byte til språket som høyrde til det området der ein var. At menneske lærer seg fleire enn eitt språk for å kunne snakke med folk frå andre grupper, er med andre ord verken nytt eller sjeldsynt. Det er vi moderne europearar, som ser på det å snakke fleire språk som noko uvanleg og vanskeleg, som er sære. Språkmangfaldet i Stillehavsområdet er ein kulturell og språkleg skatt, som dei fleste set pris på og ønskjer å ta vare

36

på. Men mangfaldet er òg ei utfordring. Det er ikkje så vanskeleg å forstå viss vi tenkjer på problema vi har her i Noreg med å få gitt undervisning i og på samisk til dei som ønskjer det (sjå t.d. saka «Kampen om hjertespråket» publisert på nrk.no 3. september 2019). I Vanuatu vart det for nokre år sida sett i gang eit prosjekt for å gi skuleborn undervisning på morsmålet dei første par åra dei går på skulen – både fordi born lærer lettare på morsmålet, og for å støtte opp om framleis bruk av lokalspråka. Men det er sjølvsagt heilt umogleg for eit lite land med 270  000 innbyggjarar og avgrensa økonomi å lage skulemateriell på 110 ulike lokalsprå; Vanuatu ligg på 153.  plass på rangeringa av bruttonasjonalprodukt per innbyggjar for land i verda. Det er heller ikkje gitt at læraren ved ein liten landsbyskule faktisk kjem frå området og snakkar lokalspråket. Situasjonen er ikkje betre i nabolandet Salomonøyane, som har kring 70 ulike språk og ligg endå lågare på BNP-rangeringa (161.  plass). I praksis vert det difor ofte enten kolonispråka fransk og engelsk eller dei såkalla pidginspråka –  blandingsspråk som har vorte fellesspråk for ei større gruppe, og som i Stillehavet hovudsakleg er baserte på engelsk  – bislama og Solomon Islands pijin, som primært vert brukte i undervisninga. Det er ikkje fordi ein ikkje ønskjer å støtte og bevare lokalspråka,

Mål og Makt 2019 – 3


men fordi ressursane ikkje strekk til. Korleis skal ein då støtte opp om det språklege mangfaldet sånn at det får overleve og blomstre? Eit viktig punkt er korleis vi snakkar og tenkjer kring fleirspråklegheit. Ein sentral grunn til at små språk døyr ut, er at foreldre sluttar å snakke dei til borna sine, fordi dei vil at borna skal få dei moglegheitene som følgjer med å snakke eit majoritetsspråk – utdanning, tilgang til lønt arbeid og så bortetter. Men ein slik praksis byggjer på ei førestelling om at eittspråklegheit er normalen, og at ein ikkje kan lære det eine språket skikkeleg viss ein alt snakkar det andre –  ein tanke som i store delar av verda er ein arv frå kolonitida. Det er den same retorikken vi ser i debatten om born med innvandrarbakgrunn i Noreg, der den underliggjande premissen ofte ser ut til å vere at born ikkje klarer å lære seg norsk viss dei snakkar eit anna språk heime. Det er beviseleg feil. Både historisk og i verda i dag er fleirspråklegheit ein helt normal menneskeleg tilstand, som bør behandlast som nett det – og korkje verte nedvurdert eller eksotisert.

KJELDER Evans, Nicholas. 2010. Dying words: endangered languages and what they have to tell us. Wiley-Blackwell. Nettle, Daniel. 1999. Linguistic diversity. Oxford University Press. https://www.nrk.no/sapmi/xl/kampen-om-hjertespraket1.14667356 Video frå ein workshop om lokalspråk på Salomonøyane i august 2019, der ein kan høyre 14 ulike språk verte snakka (i tillegg til Solomons pijin): https://www.youtube.com/watch?v=D4XW8H_QFI0&f eature=youtu.be&fbclid=IwAR2C1qk93qqROGqhdOt3t vZCIb3KN7lUmVm9_QZ0lx_wVLF1ID2FacqnybA Video med talarar av qaqet-språket i Papua Ny-Guinea, der dei snakkar om kva språket betyr for dei (på tok pisin, pidginspråket på Ny-Guinea, med engelsk undertekst): http://qaqet.phil-fak.uni-koeln.de/

37


av LINNEA NORDSTRÖM

S ágastallamin

FORTELJINGAR OM URFOLKSSPRÅK I ARKTIS

I midten av september opna Universitetsbiblioteket ved UiT Norges arktiske universitet ei utstilling om urfolksspråk i Arktis. Denne utstillinga fekk namnet Ságastallamin, som på nordsamisk betyr «å halde ein samtale», og den vart laga for å markere at 2019 var utnemnt til FN-året for urfolksspråk. FN-året for urfolksspråk er ei viktig hending fordi markeringa rettar merksemd mot urfolksspråk som mange plassar i verda er truga minoritetsspråk, spesielt om ein ser på talet på personar som snakkar språka som morsmål. Hensikta med språkåret har vore å lage planar for å styrkje språka sin status nasjonalt og internasjonalt, samt å bidra til betre forsking og undervising. Ein vesentlig del av språkåret har òg vore å formidle kvifor desse språka er viktige for identitet og tilhøyrsle til lokalsamfunna. Det er fleire organisasjonar som har foreslått

38

at språkåret burde bli forlenga til eit desennium, noko som igjen vart etterlyst i deklarasjonen frå Arctic Leaders’ Summit i Rovaniemi 13.–15. november 2019.

ARKTISKE SPRÅK UiT har eit nasjonalt ansvar for samisk og urfolksrelatert forsking, utdanning og formidling, og Universitetsbiblioteket har ei eiga spesialsamling for samisk og urfolkslitteratur. Det var av den grunn naturleg for oss å lage ei slik utstilling for å markere språkåret. Vi ønskte samtidig å ikkje avgrense oss til berre samisk, utan å formidle informasjon om det store mangfaldet av urfolksspråk som blir snakka i Arktis, samt kva parallellar og ulikskapar ein ser i forhold til vitaliteten og statusen til språka. For å kunne gje eit godt blikk på heile Arktis jobba vi tett saman med Arktisk råds urfolkssekretariat, eit organ som

Mål og Makt 2019 – 3


Foto: Universitetsbiblioteket UiT

støttar dei seks ikkje-politiske urfolksorganisasjonane som deltar i arbeidet til Arktisk råd. Med dette samarbeidet vart det mogleg å fortelje om språka og betydinga deira for lokalsamfunna i Norden, Canada, Alaska og Russland. Saman med urfolkssekretariatet oppdaterte vi ved Universitetsbiblioteket eit kart frå 2013 over språka i Arktis til bruk i utstillinga. Når kartet no blir vist fram som ein del av utstillinga håpar vi at lingvistar, og andre med kjennskap til språka i regionen, kjem med innspel som Arktisk råds urfolkssekretariat kan bruke for å forbetre og vidareutvikle kartet.

STATUSEN TIL SPRÅKA Det blir snakka rundt 40 urfolksspråk i Arktis, og mange av språka blir i dag rekna som truga av UNESCO. Språka har òg varierande status i samfunna. På Grønland for

eksempel er Kalaallisut det offisielle språket, medan det er få igjen som snakkar Ahtna i Alaska. Blant dei samiske språka er det òg store forskjellar. Det er mogleg å følgje med på dagsaktuelle nyhende på nordsamisk, medan pitesamisk fekk eit skriftspråk først i 2019. Mange av språka er truga i dag på grunn av at det lenge var forbode å snakke språka ope, og ikkje var mogleg å få tenester eller undervising på morsmålet. Ved å sende barn til internatskular vart språka svekka ytterlegare, sidan det var lite kontakt mellom den yngre generasjonen og den eldre generasjonen som framleis snakka språket. Urbanisering i moderne tid har vidare forsterka denne trenden. Heldigvis ser vi no ei voksande rørsle mange plassar for å revitalisere språka, og fleire ønskjer å lære seg språket som vaksen om dei ikkje fekk moglegheit til å lære det som

39


UTSTILLINGA SOM FORMIDLINGSPROSJEKT Gjennom å lage denne utstillinga håpar vi at fleire oppdagar kor stort språkmangfald det er i Arktis, kvifor språka er så viktige, og kva som kan bli gjort for å prøve å sikre at dei òg blir snakka i framtida. Vi ønskte å gjere informasjonen tilgjengelig for folk flest, og utstillinga er av den grunn laga på engelsk og blir vist fram gratis på biblioteklokale som er opne for alle. Videointervju gir forteljinga ei personlig vinkling, og via ein lyd-installasjon kan ein høyre på forskjellane mellom dei samiske språka. Mange informative «roll-ups» gir eit innblikk i nokre av utfordringane som dei arktiske urfolkspråka har stått, og framleis står, overfor. Avslutningsvis blir fleire konkrete revitaliserings-innsatser MOGLEGHEITER FOR REVITALISERING som skjer rundt i Arktis løfta fram. Ein raud tråd for utstillinga var å løfte fram eksempel på Utstillinga stod på Kultur- og samfunnsfagbiblioteket ved språk-revitalisering frå det sirkumpolære Arktis. Vi ønskte UiT i Tromsø frå midten av september til 1. november 2019. å vie merksemd til eldsjelene som på ulike måtar bidrar til Etter det har utstillinga besøkt Rovaniemi i Finland, og vart språkrevitalisering, for eksempel ved å arrangere sommarleir sendt vidare derifrå til Universitetsbiblioteket i Harstad. og språkkurs eller utvikle undervisingsmateriale. Moderne Planen for 2020 er å sende utstillinga til fleire av UiT sine teknologi tilbyr òg verktøy for å oppretthalde språka. bibliotek, og deretter forhåpentlegvis til andre byar i Noreg Mobilspel kan for eksempel bli brukte til språklæring, medan og utlandet. programvare for rettskriving og mobiltastatur gjer det mogleg å bruke språka som levande språk – òg på nett. barn. Nye lover som beskyttar språka og statusen deira, statlig finansierte institusjonar, regionale selskap, samfunnsbaserte initiativ og moderne teknologi bidrar til å styrke språka. Språka har ein enorm betyding for identitet, tilhøyre til lokalsamfunna og vidareføring av kunnskap og tradisjonar. Språka speler ei viktig rolle for å oppretthalde tradisjonelle aktivitetar som for eksempel jakt, fiske og reindrift. Det er mange ord og uttrykk på dei fleste arktiske urfolksspråk som blir brukte for å skildre geografi og snøforhold, som ikkje enkelt kan bli omsett. Denne typen informasjon blir vidareformidla via språket, og det er mykje kunnskap som går tapt om språka ikkje lenger er i bruk.

40

Mål og Makt 2019 – 3


Foto: Universitetsbiblioteket UiT

Foto: Universitetsbiblioteket UiT 41


av ANNE GOLDEN & TORIL OPSAHL

Den minoritetsspråklege situasjonen i Noreg I E I T ANDRE SPRÅKSPE R SPE KTI V

Ved sida av majoritetsspråket norsk er det over 200 språk som blir talte i Noreg i dag. Av desse har språka i den samiske språkfamilien eit særleg sterkt vern grunna samane sin urfolksstatus. Noreg har òg talarar av minoritetsspråka kvensk, romanés og romani. Saman med jødar og skogfinnar høyrer kvenar, rom og romani til gruppa nasjonale minoritetar. Dei siste ti åra har òg norsk teiknspråk vore rekna som eit fullverdig språk. Det mange først og fremst tenkjer på med termen ‘minoritetsspråk’, er likevel dei nyare språka som innvandrarane bringa med seg, særleg frå 1970talet av. I 2019 blir 765 108 personar rekna som innvandrarar i Noreg. Dette utgjer 14,4 % av det totale folketalet (SSB 2019). I tillegg kjem 179 294 andregenerasjonsinnvandrarar, dvs. personar som er norskfødde av innvandrarforeldre. Saman utgjer desse gruppene den såkalla innvandrarbefolkninga. Mange i denne gruppa taler eit eller fleire minoritetsspråk, og dei aller fleste nyttar norsk som andrespråk. Termen ‘andrespråk’ gjeld det eller dei språka ein lærer etter at ein alt har lært eit språk (altså ikkje berre språk nummer to, men òg språk nummer tre og fire, osb.), og som ein gjerne lærer i eit miljø der språket er i allmenn bruk som daglegspråk (Udir 2016). Den største innvandrargruppa i Noreg kjem frå Polen, medan pakistanarane har vore her lengst og er den gruppa med flest andregenerasjonsinnvandrarar. 42

Minoritetsspråka som blir talte av innvandrarbefolkninga, høyrer til mange forskjellige språkfamiliar, og mange har følgeleg eit ordtilfang som er svært ulikt norsk. Medan språk som er i nær familie (slik som tysk og norsk) har ein del ord som er attkjennelege, er dette ikkje tilfelle med språk som er fjernare frå kvarandre (slik som somali og norsk), med mindre dei begge har lånt inn eit felles ordforråd (t.d. ord opphavleg frå latin og gresk). Språk kan også delast inn i andre typologiar, slik som kor mykje morfologi og kva slags syntaks dei har. Minoritetsspråka spreier seg utover heile skalaen med omsyn til grad av morfologi, og syntaksen varierer frå ganske lik til svært ulik norsk. Når innvandrarspråka møter norsk, eller snarare; personer som talar dei ulike språka, startar å lære seg norsk, er det noko likt og ein del ulikt i språkutviklinga deira. Morsmålet, så vel som andre språk dei kan godt, spelar ei stor rolle, særleg for vaksne. Dette er fordi det språket dei høyrer rundt seg (altså den norske ‘innputten’), blir filtrert gjennom eige språk. Når ein oppfattar noko som likt, er det lettare både å forstå, hugse og til slutt nytte dette. For somme er mange lydar og ord kjende, medan for andre er det meste ganske framand, og ein treng ekstra god tid til læringsprosessen. Norsk har eit rikt vokalsystem, og t.d. den fremre runda vokalen som vi har i «by» og den midtre, tronge vokalen vi har i «bu», er det mange som ikkje klarer å oppfatte som Mål og Makt 2019 – 3


annleis enn dei vokalane vi har t.d. i «bi» og «bø». Då er det vanskeleg å uttale dei. Stavingsstrukturen i norsk er òg særprega med mange konsonantkombinasjonar. Det same gjeld det morfologiske systemet i norsk, med særeigne trekk ved både (dobbel) bestemming ved substantivfrasar og tempussystemet ved verb, som berre nokre få kjenner til frå eige språk. Fordeling av informasjon er òg ulik i ulike språk, slik at direkte omsetjingar ikkje blir idiomatiske. Korleis vi uttrykkjer rørsle, kan vere eit døme på dette. Norsk høyrer til ei gruppe språk som uttrykkjer rørsle og måten rørsla går føre seg på, i verbet. Retninga til rørsla, derimot, uttrykker vi gjennom lausrivne partiklar, som i setninga «fuglen flaug ut av reiret». Fleire andre språk uttrykkjer derimot både rørsla og retninga gjennom verbet, medan måten er det som blir lagt til: «Fuglen forlét reiret flygande». Kor like eller ulike språk er, avheng av ståstad, og forskarar, lærarar og innlærarar vil gi ulike svar på spørsmålet om kva som er likt og ulikt. Objektive likskapar og forskjellar er dei som blir skildra reint lingvistisk, og som vi kan lese om t.d. i kontrastive grammatikkar. Subjektive likskapar og forskjellar er dei trekka innlæraren sjølv trur at eksisterer mellom morsmåla og eit bestemt målspråk. Desse subjektive likskapane har ofte meir å seie for språklæringa, enn det dei objektive har (jf. Golden & Tenfjord 2015). Dei hjelper

innlæraren til å prøve seg, til å kommunisere og delta og dermed oppnå meir språk. Innlæraren får såleis meir innputt, som ho kan gå vidare med i språklæringsprosessen. Særleg i byrjinga er andrespråket prega av morsmålet; lydane blir tilpassa lydar i morsmålet, ord blir nytta litt annleis enn det som er vanleg i det nye språket. Tempusbruken og syntaksen følgjer morsmålet. Dette kallar vi transfer eller meir generelt tverrspråklig innverknad sidan det òg gjeld innverknad frå andre tidlegare lærte språk, og det gjer seg utslag på alle språklege nivå. Transfer er ikkje berre resultat av forskjellige lingvistiske strukturar, men også av ulike måtar å konseptualisere verda på. På norsk ser vi gjerne for oss snø som ein masse som er uteljeleg, og snøballar som einingar som kan teljast. Vi seier derfor mykje snø og mange snøballar. Samstundes kan vi seie at vi åt både mange vaflar og mykje vaflar, fordi vi kan sjå på vaflar både som masse og enkeltvis. Eit anna døme er val av preposisjonar. På norsk seier vi at vi sit på plenen eller i graset (som på engelsk). På finsk nyttar dei ikkje preposisjonar, men legg til suffiks. Når det gjeld sitja i graset, nyttar dei suffikset -lla (tilsvarer ‘på’). Dette kan forklare kvifor personar med finsk som morsmål oftast svarer «on the grass» på engelsk (Jarvis 2017) i eit test på bruk av preposisjonar. Dei konseptualiserer altså å sitja på graset som å sitja på ei flate. Slike tilhøve tar det tid å oppdage. 43


Illustrasjon: Johanne Weum

44

Mål og Makt 2019 – 3


Det finst òg trekk som karakteriserer dei fleste innlærarytringar i byrjingsfasen, uavhengig av morsmåla, og eit godt døme er det ein samla kan kalle forenklingar. Forenklingane er av ulik art, slik som utelating av lydar, bruk av høgfrekvente ord og lite morfologi, eller bruk av berre heilsetningar. Det kan òg vise seg på innhaldsplanet, der innlæraren unnlèt å uttrykke kompliserte idear, vel beskrivande snarare enn argumenterande skriveoppgåver, osb. Men det er viktig å hugse at sjølv om mykje er likt når ein lærer seg norsk som eit andrespråk, er kvar innlærar unik. Dette blir endå tydelegare når vi ser på fleire faktorar enn dei reint språklege: Dei lingvistiske perspektiva er ikkje nok til å forklare kor godt og kor fort ein vaksen person lærer seg norsk. Både utdanningsbakgrunnen og kjennskapen til andre språk er viktige, men vel så viktig er den sosiale samanhengen språklæringa skjer i, og her er minoritetsperspektivet sentralt: Eit av dei mest namngjetne døma frå forskingslitteraturen er Alberto frå Puerto Rico, som lærer engelsk i USA, men som ikkje følgjer den same progresjonen som dei andre innlærarane i gruppa. Han kjem aldri vidare i læringa, og språket hans verkar å ha stagnert (Schumann 1978). Sjølv om Alberto tilsynelatande har dei same føresetnadene for språklæring som dei andre, er det noko som er ulikt: Alberto har ein sterk grad av psykisk og sosial distanse til målspråket og målspråkstalarane, og involverer seg lite med dei. Her har vi eit sentralt poeng: Kva for moglegheiter ein har for deltaking i eit sosialt samspel, er ofte avgjerande for å lære majoritetsspråket. Seinare forskarar har derfor lagt meir vekt på korleis innlærarar blir tekne imot i det nye samfunnet, og kva for eit handlingsrom dei blir gitte. Blir dei berre tilskrivne ein identitet som nokon med mangelfullt språk, eller blir dei sett på som mangefasetterte menneske på linje med målspråktalarane? Dei fleste av oss har truleg erfart kor viktig dei forventningane andre har til oss, er for motivasjonen vår før vi gyver laus på ei krevjande oppgåve. Biletet er endå meir komplisert. Den canadiske forskaren Bonny Norton (t.d. Norton 2013) syner nemleg at motivasjon ikkje er dekkande for å forstå læringsprosessar. Ho introduserer omgrepet investering for betre å kunne skildre deltakingsaspekta som er sentrale for andrespråkslæring blant minoritetar. Innlærarane investerer i eit eller fleire nye språk fordi dette hjelper dei til å tileigne seg fleire ressursar (sosiale så vel som økonomiske). Om dei lukkast, har med maktrelasjonar i ulike felt å gjere. Fagomgrepet ‘agency’, som om lag svarar til ‘handlekraft’ på norsk, står sentralt i språklæringa. Handlekrafta gjeld moglegheita til

sjølv å krevje mektigare identitetar som innlærarar kan nytte når dei talar og skriv på målspråket, slik at dei blir høyrde. Å lære eit språk er dermed òg ei kraftfull politisk handling, for språket konstruerer både den sosiale organiseringa og kjensla av eit sjølv. Når vi skildrar og arbeider med andrespråkslæring, er det avgjerande at innlærarar ikkje blir reduserte til eindimensjonale storleikar styrde av reint kontrastive grammatiske føresetnader. Om vi skal gje eit råd til dei som møter minoritetstalarar av norsk, må det vere å gi dei tid og moglegheit for sosial deltaking i tillegg til mykje innputt. Forskarane Pavlenko og Lantolf set det litt på spissen, men har eit viktig poeng når dei skriv at: ”[T]hese individuals have intentions, agency, affect, and above all histories and are frequently but not always known as people” (2000, s. 155).

KJELDER: Golden, Anne & Kari Tenfjord 2015. Tverrspråklig innflytelse i skriftlige innlærertekster. I Golden & Selj (red) 2015: Skriving på norsk som andrespråk. Vurdering, opplæring, elevenes stemmer. Oslo: CappelenDamm. Norton, Bonny, 2013. Identity and language learning: Extending the conversation. 2nd Edition. Bristol: Multilingual Matters. Pavlenko, Aneta. & Lantolf, James P. 2000. Second language learning as participation and the (re)construction ofselves. I J. P. Lantolf (red.), Sociocultural theory and second language learning (s. 155–177). Oxford: Oxford University Press. Schumann, John H. 1978. The Pidginization Process: A Model for Second Language Acquisition. (s. 367–37) Rowley: Newbury House Publishers. SSB 2019. Fakta om innvandring. https://www.ssb.no/innvandring-oginnvandrere/faktaside/innvandring (siste lese 11. nov. 2019) Udir 2016 Begrepsdefinisjoner – minoritetsspråklige https://www.udir.no/laring-ogtrivsel/minoritetsspraklige/minoritetsspraklige---hvaligger-i-begrepet/ (sist lese 11. nov. 2019)

45


av MAK ĆEMALOVIĆ

HORDALAND OG Det første språket eg lærte var sjølvsagt bosnisk. Eg lærte det av mamma, som var heime med meg til eg vart to år gamal, og eg lærte det av pappa, som òg er bosniar. Då eg byrja i barnehagen, kunne eg ikkje eit kløyva ord norsk, og ifølgje mamma grein eg kvar dag fordi eg ikkje skjønte noko, men det hugsar ikkje eg noko av. Litt seinare, då eg byrja på barneskulen, kunne eg snakke norsk på kav vossamål og bosnisk på klingande Mostar-dialekt. Det var ikkje lett å veksle mellom to morsmål som liten. Eg har klare minne frå barneskulen om at læraren stiller meg eit spørsmål, og så svarar eg utan å tenkje meg om på bosnisk. Då snudde nokre i klassen seg og såg rart på meg, læraren spurde høfleg «unnskyld?», og eg svara igjen, denne gongen på norsk. På barneskulen hadde eg også morsmålsundervising ein dag i veka etter skulen. Det innebar blant anna at eg fekk lære bosnisk grammatikk (veldig vanskeleg) og det kyrilliske alfabetet (overraskande lett). Det innebar også ekstra skule og meir lekser, og sjølv ikkje ein massiv nerd som ti år gamle meg likte det. Tvert imot

46

hata eg det, eg ville heller vera saman med venene mine; i det minste ville eg ikkje ha endå ein ting som gjorde at venene mine såg på meg som annleis. Det rare namnet tok seg greitt av det. På ungdomsskulen hadde eg ikkje rett til morsmålsundervising, det måtte det søkjast om. Eg laug mamma rett opp i ansiktet og sa at eg håpa søknaden vart godkjend. Då skuleinspektøren gav meg brevet med endeleg avslag, jubla eg heile vegen heim frå skulen, før eg litt molefonken gjekk inn til mamma og sa trist at eg hadde fått avslag. «Eleven vert vurdert som tilstrekkeleg dyktig i norsk til at vidare morsmålsundervising ikkje er naudsynt», stod det i brevet. Det er nemleg difor det finst morsmålsundervising, for å lære elevar norsk. Synest du det er rart? Vel, sjå føre deg kor vanskeleg det ville vere å lære spansk grammatikk om du ikkje har snøring på norsk grammatikk. Sidan eg mislikte alt ved morsmålsundervisinga, lét eg humla suse i åra etterpå og gløymde det meste. Det angrar eg på i dag. I det minste kunne eg teke meg bryet med å halde det kyrilliske alfabetet

Mål og Makt 2019 – 3


HERCEGOVINA friskt i minne, slik at eg kunne ha lese og skrive russisk. Ja ja, такав је живот. Frå tid til anna får eg spørsmål om korleis det er å ha to morsmål. Eller, folk spør ikkje akkurat om det, dei spør: «Føler du deg mest norsk eller mest bosnisk?» «Kva språk tenkjer du på?» «Snakkar de bosnisk heime?» «Kan du seie noko på bosnisk? Jo, kom igjen, då.» «Sei ‘sug pikken min’ på bosnisk.» Her kjem svara på desse spørsmåla: Eg er norsk, og litt bosnisk. Eg tenkjer stort sett på norsk, for eg har norsk rundt meg kvar einaste dag, men om eg til dømes er i Mostar i nokre veker, byrjar eg å tenkje på bosnisk. Ja, me snakkar bosnisk heime, men ikkje berre heime. Me snakkar òg bosnisk med kvarandre i telefonen, når me er ute og går tur, når me kjøper nye jeans saman, når me har fellesmøte i den balkanske mafiaen. Å snakke eit språk som er totalt uforståeleg for alle andre enn meg og den eg snakkar med, samtidig som eg forstår det alle rundt meg seier, det er ei spesiell kjensle, ei kjensle Ola og Kari nordmann berre får kjenne på når dei reiser til London på fotballtur. Sjå føre

deg å vere på fotballtur i London heile tida, så har du livet mitt. Det stemmer, eg går konstant rundt i Arsenal-drakt og er dritings før klokka tolv kvar dag. Suge pikk er puši kurac. Nokre sider ved det å kunne bosnisk kan verke merkelege for dei som ikkje har eit framandt morsmål. Førre månad rusla eg innom ein matbutikk på veg heim frå jobb, og i kassa høyrde eg ein liten gut skrike til foreldra på bosnisk at han ville ha is. Foreldra forklarte han heilt roleg at «Det kan du berre ta rennefart og drite i, for vi har is heime.» På bosnisk. Frå tid til anna høyrer eg andre som snakkar morsmålet mitt, og det gjer meg alltid litt glad. Litt glad fordi det får meg til å tenkje på den eg liker best her i verda: meg. Min oppvekst har sikkert mange fellestrekk med den som diverse Anders-ar og Ingeborg-ar har hatt, men den vesle guten, det var meg, og foreldra hans, det var mine foreldre, like på ein prikk. Slike små opplevingar minner meg på at eg er ein del av eit lite fellesskap inni det større samfunnet. Når eg høyrer bosnisk, minner det meg om

47


Foto: "Voss" av Per Olav Bøyum. Henta frå Flickr: https://www.flickr.com/photos/perolav/30200023/in/photostream/ Lisensiert under CC BY 2.0: https://creativecommons.org/licenses/by/2.0/

oppveksten min, lange sommarferiar hjå familien i Mostar eller Sarajevo, bror min Adrian, venene mine Josip og Marko. Det er det språket er for meg: familie og historie. Eg kunne fint klart meg utan å kunne bosnisk, men fordi eg kan det, har eg eit nærare forhold til bestemor og til mamma og pappa. Om eg ein dag skulle få barn, er det overveldande store sjansar for at det blir med ei mor som ikkje snakkar bosnisk. Eg meiner at eg må lære dei hypotetiske barna mine bosnisk, ikkje fordi det er mi plikt å halde språket og kulturen i hevd, men fordi eg skuldar dei det, fordi eg ikkje vil nekte dei eit slikt forhold til eigen far, bestemor og onkel som eg har til mine. Ein annan grunn til å gjere det er at eg då kan skrike på bosnisk til dommaren når barnet speler

48

fotballkamp, sånn at alle dei andre foreldra blir litt redde for meg. Over tid kjem dei til frykte meg, kalle meg «den galne bosniaren» bak ryggen på meg, og det er omtrent det kulaste kallenamnet det er mogleg for ein pappa å ha. Er det nokon forskjell på bosnisk og norsk, sett bort ifrå at det er forskjellige språk? Veldig godt spørsmål, kjære lesar! Eg er så glad for at dette er ein interaktiv web-chat og ikkje ein tekst eg har skrive åleine heime. Ja, det er det. Bosnisk er eit kulare språk enn norsk. Språkforskarar og lingvister kjenner det nok koke i blodet no: «Du kan ikkje måle språk etter kor kule dei er!» Men jo, det gjer eg som eg vil med. Språk er som kjent identitet, og som ei følgje av det er bosniarar også kulare enn nordmenn. Berre tenk på

Mål og Makt 2019 – 3


Foto: av Mostar, Bosnia-Hercegovina, teke av Yu Siand Teo. Henta frå unsplash.com

dei bosniarane du veit om: Leo Ajkić, kul. Zlatan Ibrahimović, kul. Dette er også min tragedie, tragedien eg deler med andre norsk-bosniarar som er fødde og oppvaksne i Noreg: Eg blir stadig betre i norsk og dårlegare i bosnisk, og dermed blir eg mindre kul for kvar dag som går. For å reversere denne prosessen er det berre éin ting som hjelper, og det er morsmålsundervising, min gamle nemesis, så eg er fanga i eit klassisk «Catch 22». Det var sikkert feil bruk av «Catch 22», så no får eg vel litteraturvitarane på nakken òg, men eg er ikkje redd. La heile HF-fakultetet komme, eg skal ta dei alle. Kvifor denne roa? For å parafrasere James Acaster: Fordi løyndommen bak ei sjølvsikker framferd er å kunne noko andre ikkje kan, og eg kan bosnisk.

Denne teksten har kanskje handla meir om meg enn om minoritetsspråket mitt, men for meg er det eitt og det same. Eg finn ikkje akkurat opp krutet med resten av denne setninga her, men språka mine er identiteten min, og begge to er uunnverlege for meg. Om du tvingar meg til å velje, så vel eg begge. Puši kurac.

49


av ERLE B ÅRDSDATTER S ÆTHER

Eit samisk nyttårsønske Eg har det siste året sett ei aukande interesse og stoltheit for det samiske språket. Mange ungar, ungdomar og vaksne tar no tilbake ein samisk identitet som foreldra og besteforeldra deira blei rana for. Det bør vere mogeleg for all samisk ungdom å ta tilbake og bruke sitt samiske språk. Men for at draumen om å ta tilbake språket skal bli verkeleg, treng vi hjelp og støtte frå heile det norske samfunnet. Det første steget er at enda fleire vinn kunnskap om språka.

fornorskinga som føregjekk i mange år, men nå ønsker vi å sjå korleis staten skal gjøre det godt igjen. Ei samiskundervisning som reflekterer det vi har lovfesta rett på, burde vere eit naturleg første steg på vegen.

SAMISKLÆRARAR Det er stor mangel på samisklærarar, og her må vel dei samisktalande sjølv ta kritikk. For tida er det få søkarar til lærarutdanningane i samisk, og det er klart at det blir lite LIKESTILTE, MEN BERRE I TEORIEN læring utan lærarar. Men Sametinget og fleire studiestadar Noreg har to offisielle språk. Samisk er ifølge lova sidestilt lokkar no med ekstra stipend til dei som ønsker å studere med norsk, og samiske elevar har rett til å lære det på skolen. for å bli samisklærar. Mangel på lærarar er ein av grunnane Likevel ser vi at samiske elever ikkje får den oppfølginga til at elevane ikkje får opplæringa dei treng, og vi håper at dei har krav på. I avisene les vi om elever som ikkje får støtte til lærarstudentar kan bryte den vonde sirkelen av læremateriell på eige språk eller som må flytte mange mil manglande samiskferdigheiter. for å få den undervisninga dei har rett på. Riksrevisjonen presenterte nyleg ein rapport om status for retten samiske ALVORLEG TRUA SPRÅK elevar har til opplæring i og på samisk. Rapporten Mange er ikkje klar over at det finst fleire levande språk i konkluderte at det er store manglar i opplæringa både når Noreg i dag. Nord-samisk er det største og blir brukt av nær det gjeld læremiddel, talet på lærarar og fjernundervisning. 90 % av dei samisktalande samane i Troms og Finnmark. I Det er bra at den norske staten har sagt seg leie av Noreg har vi også sør- og lulesamisk som offisielle språk.

50

Mål og Makt 2019 – 3


Foto: teke av Danil Aksenov. Henta frå unsplash.com

JIKŊON 2 Den største samiske nyheita i 2019 var at filmen Frost 2 kjem med nordsamisk tale. Den samiske premieren skjer til og med samtidig med den norske premieren. Det er Sametinga i Noreg, Sverige og Finland, i tillegg til Samerådet, som har samarbeidd med Disney for å få på plass den samiske versjonen. Dei har mellom anna også sikra riktig samisk representasjon i filmen, noko som ikkje heilt var tilfelle i den første Frost-filmen. Samiske barn får for første gong ein storfilm på sitt språk, og eg håper alle, både samar og STADIG STOLTARE ikkje-samar, tar turen til kinosalen i desember. Dette blir Det har i år vore FN sitt år for urfolkspråk, og det har vi forhåpentlegvis ikkje den siste samiskspråklege storfilmen feira her i Noreg med samisk språkår. Det har vore vi får sjå heller. arrangement over heile landet, mellom anna Sjølv om samiske språk er trua, er eg språkoptimist. Eg giellavahkku/giellavahkko/gielevåhkoe, som vi på norsk trur at vi har både vilje og evner til å gjere samisk til ein kallar samisk språkuke. Det å ha eit så høgt trykk på dei naturleg del av kvardagslivet, kulturlivet og skulen i Noreg. samiske språka, sjølv i ein kort periode, gjev nok mange La det nye året gje ei samiskundervisning vi kan stole på, den «boosten» dei treng for å ta språket tilbake. All fleire samiske møteplassar og samiske storfilmar verdige aktiviteten vi så under giellavahkku, med språkkafear, internasjonale prisar. Buorre ođđajahki! filmvisningar og konsertar, viste at samisk på ingen måte er eit dødt språk. Det er eit framtidsretta språk og eit språk i endring. Men både sør- og lulesamisk er rekna som alvorleg trua på UNESCO si liste over trua språk. Særleg vanskeleg er det for sør- og lulesamiske elevar å få den språkopplæringa dei har krav på, og i desse områda er det færre naturlege møteplassar for samiske språkbrukarar. Reindrifta er framleis ein av få naturlege møteplassar for språk, og derfor blir konfliktar som vindmølleparkar og gruvedrift i reinbeiteområda også ein kamp for å ta vare på samiske språk.

51


av ARNFINN MURUVIK VONEN

Norsk teiknspråk

- synleg, men oversett

Dei synlegaste – i konkret meining – språka i Noreg blir ofte oversette når vi skal snakke om språka rundt oss. Til og med dei kloke forskarane Thor Ola Engen og Lars Anders Kulbrandstad, som skriv fint om teiknspråk i ei mykje brukt lærebok (Engen & Kulbrandstad, 2004), gløymer seg når dei på side 82 seier følgjande om språkleg homogene land i Europa: «Ser vi bort fra slike språk [dvs. «språk som snakkes av innvandrete minoriteter»], vil Island og Portugal være europeiske eksempler på språklig homogene land i denne forstand [dvs. «land hvor det ikke finnes ett eller flere minoritetsspråk ved sida av majoritetsspråket»].» Ikkje berre finst både islandsk teiknspråk og portugisisk teiknspråk, dei har endåtil høgare formell status enn dei fleste andre teiknspråk: Islandsk teiknspråk er eitt av dei to offisielle språka som er omtalte i den islandske språklova frå 2011, og portugisisk teiknspråk er nemnt i grunnlova i Portugal.

52

MYTAR Sjølv den beste kan gløyme seg, og det er fort gjort å oversjå desse språka som berre for ein generasjon sidan ikkje vart sette på som språk i det heile teke. Nokre er det nok som framleis ser på teiknspråka nærmast som ein slags visuelle variantar av dei nasjonale majoritetsspråka. Eg vil ikkje skulde Utdanningsdirektoratet for å gjere det, men dei gjer heller ikkje kampen mot den myten lettare når dei plasserer den nye læreplanen i norsk teiknspråk under overskrifta «Norskfag» på nettsida for læreplanreforma i 2020 (Utdanningsdirektoratet, 2019). Hadde det vore så vanskeleg å plassere teiknspråkplanen under overskrifta «Språkfag» i staden? Nokre ser tvert imot på teiknspråka som universelle kroppsspråk som er forståelege for teiknspråkbrukarar over heile verda. Det var som om alle teikna (det vil seie orda) og alle dei grammatiske reglane på reint naturleg vis skulle

Mål og Makt 2019 – 3


lage seg til å bli dei same i landsbyteiknspråket kata kolok i Bengkala på Bali i Indonesia som her i Noreg eller i storbyane i Brasil! Nokre av dei som ser ut til å tru på denne myten, blir i alle høve overraska og skuffa når dei får vite at teiknspråka slett ikkje er like overalt, sjølv om dei nok er meir like kvarandre enn det talespråka er. Og nokre ser til og med ut til å kombinere dei to mytane, korleis det no skulle vere mogleg at eit teiknspråk samstundes var ein variant av eit nasjonalspråk og eit internasjonalt kommunikasjonsvedunder.

INTERNASJONALE TEIKN Mange teiknspråkbrukarar reiser rundt på ymse internasjonale treff der dei lærer seg nye teiknspråk og elles kommuniserer på «internasjonale teikn» (International Sign). Det er ein variabel type teiknkommunikasjon som har utvikla seg i slike settingar over mange år, som nokre omtaler som eit pidginspråk, og som først i dei seinare åra har blitt plassert under språkforskarlupa. Reiseverksemda har også ført til at mange teiknspråk er representerte i det norske teiknspråkmiljøet. Eg kan lett rekne opp både fem

og ti teiknspråk (dansk teiknspråk, svensk teiknspråk, islandsk teiknspråk, amerikansk teiknspråk, polsk teiknspråk…) når eg tenkjer på kva for språk teiknspråkbrukarar eg kjenner her i Noreg, kan.

HISTORIA OM NORSK TEIKNSPRÅK Men lat oss no konsentrere oss om det teiknspråket som alle teiknspråkbrukarar i Noreg anten har vakse opp med eller lærer seg når dei kjem hit, norsk teiknspråk. I 2025 blir det 200 år sidan den første skulen for døve vart opna – i Trondheim – og gjorde det mogleg for døve barn å vekse opp saman med kvarandre og utvikle sitt eige visuelle språk. Førstelæraren på skulen heitte Andreas Christian Møller og var den første døve i Noreg som hadde gått på den nyopna døveskulen i København. Om norsk teiknspråk best skal sjåast som ein avleggjar av dansk teiknspråk, eller som eit språkleg isolat som vart påverka av dansk teiknspråk i starten, er ikkje så greitt å seie. Uansett er likskapen med dansk teiknspråk framleis tydeleg. Språket har slett ikkje alltid vore ynskt velkome i klasseromma, men på fritida på internata levde det og utvikla seg uavbrote til det språket

53


vi kjenner i dag. Norges Døveforbund har rekna ut at kan hende 15–20000 personar bruker språket jamleg, og dette talet har òg vore brukt i offentlege dokument. Med det er språket eit av dei største minoritetsspråka våre, i tillegg til at det altså er eit av dei eldste.

teiknspråk vore akseptert som språk, og høyrselshemma teiknspråkbrukarar hadde fått ein del rettar, som skrive ovanfor, men det var først no at språket vart omtalt som «eit ekte språk, eit språk som har verdi i seg sjølv, også som ein del av den norske kulturarven» (Kultur- og kyrkjedepartementetet, 2008, s. 54). Stortinget handsama meldinga i 2009 og uttalte seg då varmt for formuleringane om norsk teiknspråk i meldinga.

FORSKING OG POLITISK AKSEPT Det var i byrjinga av 1980-talet at den første språkvitskaplege Med det er [teikn]språket forskinga på norsk teiknspråk INTERNASJONAL FORPLIKTING eit av dei største kom, og i 1985 slo forlauparen til minoritetsspråka våre, i Publiseringa og stortingshandsaminga av Kunnskapsdepartementet fast at språkmeldinga var viktige hendingar i tilegg til at det altså er forsking no hadde vist at historia om politisk aksept for norsk eit av dei eldste. «teiknspråket til dei døve må teiknspråk. Men det fanst ingen jamstillast med andre språk» internasjonal avtale om teiknspråkvern som (Kyrkje- og undervisningsdepartementet, 1985, s. 28). I 1997 Noreg hadde forplikta seg til. Dei andre gamle vart det innført eigne læreplanar i norsk teiknspråk og i minoritetsspråka (dei samiske språka, kvensk, romani og visse andre fag for teiknspråklege høyrselshemma elevar. I romanes) var verna gjennom Den europeiske pakta om dag har teiknspråklege barnehagebarn, grunnskuleelevar regionale språk eller mindretalsspråk, men det fanst enno og elevar i vidaregåande skule rett til teiknspråkopplæring ikkje nokon tilsvarande avtale som var relevant for norsk etter paragrafar i barnehagelova og opplæringslova. teiknspråk. Høyrselshemma teiknspråkbrukarar har dessutan rett til I 2006 kom FN sin Konvensjon om rettane til personar teiknspråktolk etter folketrygdlova og fleire andre lover. med nedsett funksjonsevne (CRPD) (Barne-, likestillingsI 2008 kom «språkmeldinga» (Kultur- og og diskrimineringsdepartementet, 2013), og i 2013 vart kyrkjedepartementet, 2008). Sidan 1985 hadde jo norsk konvensjonen ratifisert i Stortinget. Signaturlanda skal

54

Mål og Makt 2019 – 3


«anerkjenne og fremme bruken av tegnspråk» (art. 21 e)), og dei skal «legge til rette for innlæring av tegnspråk og fremme av døvesamfunnets språklige identitet» (art. 24 3 b)). I merknadene frå den aktuelle FN-komiteen til Noregs første rapport om etterlevinga av konvensjonen finn vi bekymring for utilstrekkeleg tilgang til informasjon på teiknspråk (Komitéen for rettighetene til mennesker med nedsatt funksjonsevne, 2019, s. 9).

NEDBYGGING AV TEIKNSPRÅKLEGE ARENAER Utviklinga på teiknspråkfeltet i Noreg dei siste 30 åra har nemleg vore paradoksal: På den eine sida har norsk teiknspråk fått ein stadig høgare politisk status og aksept i samfunnet, slik vi har sett. På den andre sida søkte stadig færre elevar om plass ved dei statlege døveskulane. Dels handla det om stor tru hos rådgjevarar og avgjerdstakarar på det nye høyrselstekniske hjelpemiddelet kokleaimplantat, som gjer det mogleg for mange døve å høyre (men ikkje å høyre like godt som høyrande gjer), og dels handla det om fleire motførestillingar mot å sende barn til internatskule. Staten valde å leggje dei ned og overføre elevar og lærarar til kommunale skular. Sist ute, i 2017, var den eldste, skulen i Trondheim, han rakk å bli 192 år gammal. I dag er det berre éin skule igjen i heile landet der nesten alle elevane er teiknspråklege: Vetland skule, som er ein kommunal grunnskule i Oslo. Det er også eit problem at det ikkje er nok lærarar med tilstrekkeleg dugleik i norsk teiknspråk. Du kan lese meir om denne paradoksale utviklinga i Vonen & Peterson (2018). MOT EI LOVFESTA FRAMTID I haust har regjeringa lagt fram eit forslag til ei allmenn språklov (Kulturdepartementet, 2019). I utkastet er det ein eigen paragraf om norsk teiknspråk. Han seier at norsk teiknspråk er «det nasjonale teiknspråket». I den første paragrafen står norsk teiknspråk nemnt blant dei språka som det offentlege har eit ansvar for å verne og fremje. Den dagen lova blir vedteken i Stortinget, er det mange teiknspråkbrukarar som kjem til å juble. Og så, dagen etter, blir det berre å halde fram arbeidet med å spreie kunnskap om teiknspråk, slik at verninga og fremjinga kan få reelt innhald.

KJELDER Barne-, likestillings- og diskrimineringsdepartementet (2018). Konvensjon om rettighetene til menneske med nedsatt funksjonsevne. Henta 2. desember 2019 frå: https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/ bld/sla/funk/konvensjon_web.pdf Engen, Th. O. & Kulbrandstad, L. A. (2004). Tospråklighet, minoritetsspråk og minoritetsundervisning. Oslo: Gyldendal Akademisk. Komitéen for rettighetene til mennesker med nedsatt funksjonsevne (2019). Avsluttende merknader til Norges første rapport. Henta 2. desember 2019 frå: https://www.safo.no/wpcontent/uploads/2019/09/CRPD-2019Avsluttende-bemerkninger-til-Norgesf%C3%B8rste-rapport.pdf Kulturdepartementet (2019). Høyring – forslag til ny, heilskapleg språklov. Henta 2. desember 2019 frå: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/spra klov/id2664141/ Kultur- og kyrkjedepartementet (2008): St.meld. nr. 35 (2007-2008). Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk. Henta 2. desember 2019 frå: https://www.regjeringen.no/contentassets/50816 e814a9c46169bd69dc20dd746a3/nnno/pdfs/stm200720080035000dddpdfs.pdf Kyrkje- og undervisningsdepartementet (1985): St.meld. nr. 61 (1984-1985). Om visse sider ved spesialundervisninga og den pedagogiskpsykologiske tenesta. Henta 2. desember 2019 frå: https://www.nb.no/nbsok/nb/317243f35e5f71506 52991a1cba2bf3e?lang=no#0 Utdanningsdirektoratet (2019): Nye læreplaner – grunnskolen og gjennomgående fag vgo. Henta 2. desember 2019 frå: https://www.udir.no/laringog-trivsel/lareplanverket/Nye-lareplaner-igrunnskolen-og-gjennomgaende-fag-vgo/ Vonen, A. M. & Peterson, P. R. (2019): Sign language legislation in Norway. I De Meulder, M., Murray, J. & McKee, R. (red.): The legal recognition ofsign languages. Bristol, Storbritannia: Multilingual Matters, s. 191-205.

55


av FEVRIL

Fågførñÿïñgå

56

Mål og Makt 2019 – 3


57


av LILL TOVE FREDRIKSEN

Fordi eit språk ikkje kan leve igjennom eit anna Joiketekstane «Guldnasaš» og «Moarsi fávrrot» er dei første originale skjønnlitterære samiske tekstane som vart publiserte. Tekstane er to kjærleiksdikt. Dei vart førte i pennen av den samiske prestestudenten Olaus Sirma (1650–1719) og publiserte i boka Lapponia i 1673. Boka vart redigert av den tyske professoren Johannes Schefferus (1621–1679), på oppdrag frå den svenske riksmarskalken Magnus de la Gardie (1622–1686), under dronning Kristina Augusta (1626–1689). Svenskane ville gå imot ryktet om at Sverige fekk hjelp av samiske noaidar til å vinne fleire avgjerande slag i trettiårskrigen. Noko av det spesielle med desse dikta, er at dei er dei einaste tekstane i boka som vart publiserte på originalspråket. Dikta vart skrivne på kemisamisk, eit språk som ingen snakkar lenger. Boka vart publisert på latin og tysk, omsett til fleire europeiske språk og nådde ut til eit stort europeisk publikum. Ifølge litteraturvitaren Vuokko Hirvonen, botna ikkje utviklinga av samisk skriftspråk i samanes eigne behov, men i den

58

kristne kyrkja sine intensjonar og stormaktspolitiske interesser. Samstundes med koloniseringa av Sápmi og utviklinga av skriftspråket, har det samiske språket stått sterkt i den samiske munnlege tradisjonen. I joiken og i den gamle songtradisjonen har språket vorte brukt til å hevde eigenverdi og eigen kultur, og det har fungert som eit motstandsmiddel og ein måte å mane til fellesskap på. Forteljartradisjonen er ei rik kjelde til forteljingar om korleis samen må bruke kløkt og klo mot stállu, den fysisk sterkare, men ikkje særleg smarte fienden. Stállu manifesterer seg i ulike former også i dagens samfunn. Denne artikkelen gir ein kort introduksjon til det samiske språkets betyding for framveksten og utviklinga av samisk litteratur.

DEI FØRSTE SAMISKE FORFATTARANE Dei første bøkene av samiske forfattarar vart publiserte i byrjinga av 1900-talet. Fleire av publikasjonane var ein del

Mål og Makt 2019 – 3


Fyrste side av Sagai Muittalægje frå fyrste april 1906, med samanes nasjonalsong

av ei samepolitisk rørsle med nokre markante samiske politikarar. Rørsla oppstod i kjølvatnet av nasjonalromantiske strøymingar i Noreg og Finland. Den første samiske forfattaren som publiserte ei bok på samisk, var Johan Turi (1854-1936), ein reindriftssame som budde på svensk side. I 1910 gav han ut boka Muitalus sámiid birra, (Min bok om samene 2011). I boka uttrykker han eit ønske om å fortelje styresmaktene om det samiske folket og den samiske kulturen, slik at alle skulle forstå den samiske levemåten. Muitalus sámiid birra er den boka på samisk som er omsett til flest språk. Ein annan sentral samisk samfunnsdebattant og forfattar på byrjinga av 1900-talet var Anders Larsen frå Kvænangen i Nord-Troms. Den samfunnskritiske kortromanen hans, Beaiveálgu (1912), Dagen gryr (1913), var den første romanen på samisk. Boka er ein forsvarstale for samisk språk. I eit utdrag frå romanen går hovudpersonen Ábo rundt på kyrkjegarden og seier: “Oj, oj, denne kirkegården er blitt fornorsket! I vår tid skal

nå alt fornorskes! Men hvorfor har også samene satt gravskrift på norsk til folkene sine? Fornorskningsiveren tar da vel slutt når livet opphører?” Anders Larsen markerte seg som ein sterk forkjempar for det samiske språket og for samane sin politiske situasjon. Saman med dei tre brørne sine danna han i 1903 det som truleg er verdas første sameforeining. Foreininga fekk namnet «Forening for å utgi samisk avis». Avisa Sagai Muittalægje blei skipa og kom ut frå 1904–1911. Her blei Sámi soga lávlla, Samefolkets sang, av Isak Saba, publisert for første gong i 1906. Utviklinga av samisk litteratur skaut fart på 1970-talet. Då oppstod det ei samerørsle med utspring i den verdsfemnande protestrørsla mot autoritetar. Minoritetar og urfolk kravde politiske, kulturelle og økonomiske rettar. I Sirbmá i Finnmark vart det første samiske litteraturseminaret halde i 1972. Komiteen for å fremje samisk litteratur stod som arrangør. Eit spørsmål som vart reist, var kvifor det var så få samiske forfattarar. Eit svar på

59


dette var at det er lettast å skrive på morsmålet sitt, men på første leiaren av Samisk forfatterforening. Dei nominerte denne tida var ikkje samisk opplæring i skulen vanleg. På til Nordisk råds litteraturpris for 2019, for det samiske møtet vart for første gong bokstavane ČSV lansert som eit språkområdet, var begge kvinner: Inga Ravna Eira og Karen samisk kjenneteikn. ČSV tyder «Vis samisk ånd!». Anne Buljo. Den første barneboka på samisk er skriven av Fleire av dei som byrja å skrive litteratur på samisk på Marry A. Somby (f. 1953) frå Sirbmá, med illustrasjonar av 1970-talet, gjekk på kurs for å lære å skrive morsmålet sitt. Berit Marit Hætta. Ho kom ut i 1976 med tittelen Ámmul ja Assimileringspolitikken mot samane hadde gjort at samiske alit oarbmælle. Boka er omsett til norsk med tittelen Ammul barn ikkje fekk undervising på sitt eige morsmål i skulen. og den blå kusinen (1977). Grunnen til at ho skreiv boka, var I Noreg vart dette manifestert gjennom den brutale at ho som småbarnsmor ikkje kunne finne bøker til barna fornorskingspolitikken som særleg angreip språket. I på deira eige morsmål. Ei samling med tekstar for barn, språkinstruksen frå 1898, den såkalla Wexelsen-plakaten, skriven av læraren og forfattaren Hans Aslak Guttorm vart det lovfest at “undervisningen i skolen foregår på norsk. (1907–1992) så tidleg som på 1930- og 1940-talet, vart Samisk og kvensk kan kun brukes publisert i 1997 med tittelen Šuvvi dersom noe er uforståelig for barna.” I Valkeapääs kunnstnarskap ber jahki (Susende år). Guttorm var frå praksis vart det forbode å snakke bod om at språk er noko som finsk side av Tanadalen. Han jobba samisk og kvensk i skulen. Det å bli eksisterer mellom menneske. som lærar og var opptatt av å ta vare samisk forfattar under slike vilkår, er Halvparten tilhøyrer deg, den på og utvikle det samiske språket. ein stor prestasjon. av dei mest sentrale samiske andre halvparten tilhøyrer ein Fleire Seminaret i Sirbmá resulterte i forfattarane har hatt han som lærar. annan. utgivinga av skriftserien Čállagat. Guttorm var den første forfattaren frå Samisk litteratur har sidan starten òg det samiske språkområdet som i 1984 blitt publisert på andre språk, særleg norsk og svensk. I 1979 vart nominert til Nordisk råds litteraturpris for kortromanen vart den første samiske forfattarforeininga skipa, Sámi Golgadeamen (Drivgarnsfiske). girječálliid searvi/Samisk forfatterforening. Sámi Den mest kjende samiske forfattaren er Nils-Aslak fágagirječálliid ja jorgaleaddjiid searvi/Samisk faglitterære Valkeapää (1943-2001) frå Eanodat i Finland. Han var ein forfatter- og oversetterforening vart skipa i 1992. multikunstnar: lyrikar, kunstnar, komponist og artist. På 1970-talet byrja òg samiske kvinner av ulike Forfattarskapen hans, med tilvisingar til samiske mytar, generasjonar å skrive bøker. Ei av dei som gjekk på kurs for historie og verdiar i tillegg til den moderne og å lære å skrive morsmålet sitt, var Kirsi Paltto (f. 1947) frå eksperimentelle forma hans, fungerer som eit bindeledd Ohcejohka på finsk side av Tanadalen. Ho var den første mellom fortid og notid i den kulturelle revitaliseringa som samiske kvinna til å gi ut ei bok på samisk, novellesamlinga starta på 1970-talet. Valkeapää vart i 1991 tildelt Nordisk Soagŋu (Frierferd) i 1971. Paltto er den samiske forfattaren Råds litteraturpris for diktsamlinga Solen, min far med størst og mest variert litterær produksjon. Ho var den (originaltittel: Beaivi áhčážan). Valkeapää representerer i

60

Mål og Makt 2019 – 3


likskap med Johan Turi kreativiteten blant samiske forfattarar, då mange av dei meistrar fleire kunstformer og bruker dette i den litterære produksjonen sin. Valkeapääs kunstnarskap ber bod om at språk er noko som eksisterer mellom menneske. Halvparten tilhøyrer deg, den andre halvparten tilhøyrer ein annan. Det er ikkje vanskelig å kjenne seg att i den russiske litteraturforskaren Mikhail Bakhtins karakteristikk av språket. Språk er ikkje nøytralt, det har tilhald i den andre sin munn, den andre sin kontekst, og i andre menneske sine intensjonar. Du må sjølv velje korleis du bruker ordet og gjer det til ditt eige. Det er mange kjensler knytt til språk. Ein kan vere stolt av språket, ha språkglede, språksorg og språkvreide. Sámi girječálliid searvi/Samisk forfatterforening vedtok på årsmøtet både i 2018 og 2019 at berre forfattarar som publiserer skjønnlitteratur på samisk, oppfyller kriteria til medlemsskap. Ein må ikkje ha skrive på samisk sjølv, ein oppfyller kriteria med omsette titlar. Dette vekte mange reaksjonar, og resulterte i danninga av ei ny samisk forfattarforeining hausten 2019: Searvi sámi girječálliide/Siebrre sáme girjjetjállijda/Foreninga samiske forfattere. Det er ei foreining for både skjønn- og faglitterære

forfattarar, uansett kva språk ein skriv på. Dei fleste samiske forfattarane skriv på samisk, i motsetning til mange andre urfolk som har mista språket sitt. Samisk forfatterforening har dei siste åra arrangert populære skrivekurs for forfattarspirer som ønskjer å skrive på samisk. Nye forfattarar, yngre og eldre, strøymer til. Mange av dei vidarefører den kunstnariske diversiteten som samiske kunstnarar er kjent for. Blant dei er Sigbjørn Skåden, Siri Broch Johansen, Stina Inga, Risten Sokki, Niillas Holmberg, Saia Stueng, Kirsi Paltto, Helga West, Rauni Manninen, Juvvá Pittja og Ánne Márjá Guttorm Graven. Språket kan ifølge lyrikaren Synnøve Persen fungere som eit maktmiddel ved at du som forfattar når inn til det inste i lesaren. Det kan få lesaren til å kjenne seg samisk og til å kjenne på ei kollektiv tilhøyrsle. Desse orda speglar tankane til deltakarane på litteraturseminaret i Sirbmá i 1972, som ei forklaring på kvifor nokre meinte at ein burde lage ordbøker der dei samiske orda vart forklart på samisk: “... fordi eit språk ikkje kan leve gjennom eit anna.”

KJELDER Čállagat I (1973), Kárášjohka. Hirvonen, V. (2008). Voices from Sápmi: sámi women's path to authorship, Guovdageaidnu: DAT. Hagen, R. B. (2013). “Lapponia”. < http://snl.no/Lapponia> [31.10.2019] Larsen, Anders (2013: Beaiveálgu. Dagen gryr. Kárášjohka: ČálliidLágádus. Svonni, M. (2011). ”Johan Turi. A Centennial Reflection”. I Scandinavian Studies. Volume 83, Number 4.

61


av MANUEL LOPERA HUERTAS

KATALANSK SPRÅK Katalansk er eit språk i den indoeuropeiske språkfamilien, den same språkgruppa som norsk høyrer til. Norsk er rett nok ein del av den germanske underfamilien av indoeuropeiske språk, medan katalansk er ein del av den romanske underfamilien. Denne underfamilien går vidare inn i den iberoromanske og galoromanske greina. Spansk og oksitansk, eit språk i Sør-Frankrike, er språka som ligg nærast katalansk, og høyrer høvesvis til dei to nemnde språkgreinene. Mange forskarar meiner at katalansk ikkje høyrer til nokon av greinene, men ligg heller mellom dei som eit ‘bruspråk’. Dette fagomgrepet ber med seg konnotasjonar av eit mindre, ufullkomen språk som eksisterer berre som mellomsteg mellom fullkomne språk. Dette er ein påstand ein kan argumentere mot at gjeld katalansk. Likesom dei andre romanske språka, utvikla katalansk seg frå vulgærlatin, språket dei romerske soldatane snakka og tok med seg til det romerske imperiet. Så tidleg som i det 8. hundreåret vart det brukt i områda rundt Pyreneane, fjellkjeda som skil dagens Spania og Frankrike, eit talemål som var betrakteleg forskjellig frå både latin og det oksitanske språk som var brukt i nordlegare område. Dette talemålet var katalansk.

62

Dei første skriftlege spora etter katalansk, som ein byrjar å finne frå det 9. til det 11. hundreåret, er isolerte ord og uttrykk i tekstar på latin eller oksitansk, som til dømes sju treartar i denne latinske teksten frå år 1034: «morers (...) et oliver (...) et noguer (...) et pomer (...) et amendolers (...) et pruners et figuers...» På moderne katalansk ville desse sju treartane skrivast morera, olivera, noguera, pomera, ametller, prunera og figuera. Vi kan observere at dei fleste av desse omgrepa har forandra seg oppsiktsvekkjande lite i løpet av eit millennium, noko som vitnar om den konservative naturen av det katalanske ordforrådet. Den første fullstendige litterære teksten skrive opphavleg på katalansk heiter Les Homilies d'Organyà og daterer frå slutten av det 12. hundeåret eller starten av det 13. Teksten er ei omsetjing av ei preike på oksitansk. Sokneborna ville høyre Guds ord talt på det språket som dei sjølv brukte heime, eit ønskje som dei delte med sokneprestane sine. At det var behov for å omsetje preiker frå latin eller oksitansk til katalansk viser kor utbreidd språket var i sin munnlege bruk allereie då.

Mål og Makt 2019 – 3


Mellom det 13. og det 16. hundreåret vart La Corona d’Aragó (kongemakta Aragón), eit kongedøme på den iberiske halvøy, til eit imperium i Middelhavet og spreidde si makt til Sicilia, Sardinia, Napoli og Aten. Katalansk blei eit lingua franca, i tillegg til eit språk for kunstnarisk og administrativ formidling innanfor imperiet. Nokre verk frå denne gylne epoken for katalansk er: Tirant lo Blanc (1490), omtala som den fyrste moderne romanen i den vestlege litteraturen; Andreu Feber si katalanske omsetjing av Den guddommelege komedie frå 1429, ei av de fyrste kjende omsetjingane av Dantes meisterverk; og verka av Ramon Llull, ein av dei mest framståande europeiske forfattarane og verka i Dantes samtid. Hundreåra som følgde skulle markere forfallsperioden for den litterære og offisielle bruken av katalansk. Som følge av giftarmålet mellom dei katolske monarkane Isabella I av Castilla og Ferdinand II av Aragó i 1469 blei kongedøma La Corona de Castilla og La Corona d’Aragó foreina i éin union. Sjølv om kongedøma haldt på sine utøvande institusjonar og ein stor del av sjølvstyret, førte den tettare relasjonen mellom dei til at kastiljansk (spansk) sakte men sikkert overtok katalansk som det administrative språket i unionen, til og med i Aragó. Dette skuldast ikkje noko lovleg forsøk

for å erstatte katalansk – ikkje enno - men faktumet at Castilla var økonomisk mykje mektigare og tettare folkesett enn Aragó. Fleire store slag mot det katalanske språket skulle komme i det 17. og det 18. hundreåret. I 1659 måtte Spania ofre Nord-Katalonia til Frankrike som ein del av Pyreneanetraktaten, som gjorde slutt på Trettiårskrigen mellom Spania og Frankrike. Etter å ha annektert området oppheva Frankrike alle dei katalanske institusjonane – noko som traktaten insisterte på at ikkje skulle skje – og bruken av katalansk i offentlege arenaer og i skulane vart forbode. I dag blir framleis La Diada de la Catalunya Nord (Nord Katalonia-dagen) feira. Her demonstrerer innbyggjarane i den franske byen Perpinyà for å gjenopplive katalansk i området. I 1705 gjorde statane i La Corona d’Aragó opprør mot den absolutistiske spanske kongen Filip V av Huset Bourbon. Under den spanske arvefølgjekrigen (1701-1714) støtta dei Karl VI av Huset Habsburg, keisar i Det tysk-romerske riket. Då Filip V vann krigen, straffa han alle regionane som hadde stått i mot han. Han oppheva alle institusjonane, sette i gong eit sentralisert styre frå Madrid og gjorde bruken av andre språk enn kastiljansk forbode. Hans etterkomar, Filip VI av

63


Huset Bourbon, er i dag kongen i Spania. sine nasjonalistiske styrkar. Den spanske borgarkrigen På slutten av det 19. hundreåret og starten av det 20. (byrja i 1936) tok slutt, og Franco vart El Caudillo de España, utvikla katalanisme seg som ei politisk rørsle for den absolutte føraren av Spania. gjenvinninga av det katalanske sjølvstyret og språket. Under Franco sitt diktatur opplevde katalansk sin fælaste Katalanismen oppnådde mange sigrar for gjeninnføringa undertrykkingsperiode. Språket vart – som fleire gongar av katalansk i den offentlege og tidlegare – forbode som administrativt kulturelle verda. Mellom desse Den største politiske sigeren og pedagogisk språk. I tillegg til det vart er feiringa av Den fyrste kom med Den republikanske bruken av katalansk i bøker, tidsskrift, internasjonale kongressen av filmar og til og med i personlege det katalanske språket i 1906 og grunnlova av 1931, som gav telefonsamtalar forbode. Trass dette makta tilbake til dei byrjinga av arbeidet i Den overlevde katalansk som det språket katalanske-valensianskekatalanske institusjonane og katalanarane snakka i familien og med baleariske ordboka, som vart erklærte katalansk som eit dei som ein visste ein kunne stole på. fullkommen i 1962 og som har Dette faktumet hadde to svært viktige offisielt språk i Katalonia. vorte grunnsteinen for den konsekvensar i den katalanske katalanske leksikografien. befolkninga. På den eine sida kjende Den største politiske sigeren kom med Den republikanske katalanarane seg meir fråskilde og annleis enn resten av grunnlova av 1931, som gav makta tilbake til dei katalanske spanjolane enn nokosinne. Den modige bruken av katalansk institusjonane og erklærte katalansk som eit offisielt språk vart då eit teikn på tilhøyrsle og motstandskraft mot dei i Katalonia. Frå 1931 til 1939, under Den andre spanske undertrykkande kreftene frå Madrid som såg ut til å herske republikken, vart katalansk lært på nytt i skulane og brukt over alle sine liv. som administrativt språk. 1. april 1939 overgav dei siste På den andre sida var dette med på å bestemme korleis republikanske styrkane seg til General Francisco Franco møtet og sameksistensen med andre spanjolar såg ut i

64

Mål og Makt 2019 – 3


Katalonia, som etter slutten av borgarkrigen opplevde ein kraftig immigrasjon frå fattigare delar av Spania. Tallaust mange familiar – som min eigen – frå mellom anna Andalucía og Extremadura leitte etter jobb og eit nytt liv i det industrielle Katalonia. Dei vart møtt av ein katalansk befolkning som - forståeleg nok - ofte betrakta dei som framande. At dei ikkje kunne læra seg katalansk om dei så ville, og som følgje av restriksjonane pålagde den offentlege og pedagogiske bruken, gjorde skiljet mellom dei og katalanarane endå større. Dette skiljet er framleis smertefullt i dag; det gjennomsyrer mykje av den katalanske rørsla for sjølvstendet og set stemninga for den interkulturelle forståinga og dialogen. Fyrst etter Franco sin død i 1975 vart Spania eit demokratisk land igjen. Grunnlova av 1978 erklærte katalansk som eit offisielt språk på nytt og gav makta tilbake til dei katalanske institusjonane. Mykje har skjedd både i Spania og i Katalonia sida då. I 1982 vart katalansk normalisert som språket for alt av informasjonsformidling innanfor utdanning, kultur og politikk. Alle borna i Katalonia – om dei så kjem frå ein katalansk eller ein spanskmigrert familie, som i mitt tilfelle – lærer seg katalansk på skulen frå dei er 3 år gamle og nyttar det i skulearbeidet.

Bruken av katalansk blømer i alle delar av livet, og ikkje berre i Katalonia - der det er ko-offisielt språk saman med spansk og oksitansk - men òg i andre regionar i Spania og i andre nasjonar. I Valencia er det offisielt språk saman med spansk, og vert nytta i ein dialektal variant, valensiansk, omtala av mange som eit eige språk på same nivå som katalansk. I Balearane er det offisielt språk saman med spansk og blir snakka i fleire dialektale variantar som får fellesnemninga balearisk. I nokre område i Aragó og Murcia finst små katalansktalande grupper. I Andorra, eit lite land mellom Spania og Frankrike, er katalansk det einaste offisielle språket, sjølv om store delar av befolkninga også snakkar spansk, portugisisk og fransk. I det franske territoriet kalla Nord-Katalonia og i den italienske byen av l’Alguer på Sardinia blir det framleis snakka katalansk, som eit minne om stordomstida for La Corona d’Aragó. Katalansk er i dag mellom dei 100 mest snakka språka i verda og blir snakka av til saman omtrent 10 millionar menneske i fire europeiske nasjonar.

65


av GRACE TABEA TENGA

MINORITETSSPRÅK, NEI TAKK! Mange afrikanske språk er ikkje minoritetar i ein global kontekst. Minoritetsomgrepet reflekterar meir maktposisjonen til språket enn språket den faktiske storleik. “Kva land kjem foreldra dine frå? “Tanzania! “Snakkar de tanzanisk...tanzaniansk?” “Nei, swahili” “Hæ, så rart! I Noreg snakker vi jo norsk” Det var 24. oktober. FN-dagen. Ein dag for å rette blikket ut over Groruddalen, ut mot omverda. Det var særleg relevant for oss på Furuset. Fyrst og fremst fordi mange av borna i dette klasserommet allereie sat på ein god del global kompetanse, ettersom fleirtalet sjonglerte norsk kultur utanfor heimen og ein annan kultur heime. Alle utanom to elevar i klassa mi hadde foreldre frå ein annan verdsdel. For det andre, voks vi opp på Furuset, drabantbyen som FNs fyrste generalsekretær, Trygve Lie, kom frå. I samband med ei oppgåve der me skulle lære meir om kvarandre sin landbakgrunn, vart det eit tema kva språk ein snakkar i ulike delar av verda.

66

REALITET VERSUS FIKSJON Eg hadde ikkje noko klart svar på dette spørsmålet som åtteåring. Lite kjende eg til omgrepet «nasjonalstaten», ei samansmelting av eitt folk med same språk og kultur innanfor fastsette landegrenser, og korleis denne ideen har prega historia til mange moderne europeiske statar. Endå mindre visste eg om Berlinkonferansen i 1884, der europeiske kolonimakter skulle dele Afrika mellom seg. Moderne afrikanske statar vart etablerte utan å ta omsyn til dei menneska som budde der, og deira levesett. Difor reflekterer landegrensene sjeldan lokale interesser. Ein reknar med at om lag 10 000 folkegrupper, med kvar sitt språk, med ulik kultur og historie og med eigne landegrenser, vart pressa inn i dei om lag 50 statane Afrika framleis er samansett av. Det kjem godt fram i den demografiske samansetjinga av mange afrikanske statar. Størst spenn finn vi i det største landet på kontinentet, Nigeria, med over 250 folkegrupper og ulike språk. Sjølv i vesle Gambia, eit land som er så vidt

Mål og Makt 2019 – 3


67


større enn Aust-Agder, snakkar dei ti ulike språk. Dei kunstige landegrensene har splitta enkeltgrupper i forskjellige land og plassert fiendegrupper i same land. I tillegg har dei europeiske språka marginalisert dei lokale urspråka endå meir. Europeisk innblanding i afrikanske forhold har gjort lokale språk om til minoritetsspråk i eige land. Ingen stad er dette så tydeleg som i Sør-Afrika.

REGNBOGENASJONEN (MED TO FARGAR) Som mange andre afrikanske land er Sør-Afrika bygd på koloniale grenser som ikkje reflekterer den geografiske tilhøyrsla til innbyggjarane. Til forskjell frå mange andre afrikanske land var tilstrøyminga av europeiske busetjarar svært stor i Sør-Afrika. Sør-Afrika vart oppfatta som så ulikt andre afrikanske land at det er blitt kalla eit «vestleg samfunn på botnen av det mørke kontinentet». Det er ein feilaktig idé som nører opp under ideen om at det ikkje fanst noko særleg i Sør-Afrika før europearane kom. Då nederlendaren Jan van Riebeck busette seg på vestkysten av landet, levde to urfolk der, nemleg khoikhoi- og san-folket, som dreiv med høvesvis fedrift og jakt og sanking. På berre tretti år

68

vart desse folka nærmast utrydda av nederlendarane. I dag er det til saman ni urfolk som har overlevd undertrykkinga i Sør-Afrika, og som har kvart sitt språk. Saman med dei koloniale språka engelsk og afrikaans (ein sørafrikansk variant av nederlandsk) utgjer dei Sør-Afrikas elleve nasjonalspråk. Det største språket er zulu. I 22 % av arealet har dei det som morsmål, medan om lag halvparten av innbyggjarane i landet snakkar det. Saman med dei andre nasjonalspråka xhosa, ndebele og swati, utgjer dei ngunigruppa, ei samlenemning på ei rekkje språk i det sørlege Afrika med felles røter. Xhosa er det nest største språket i landet, kjent for klikkekonsonantane sine. Den andre hovudgruppa av urspråk er sotho-tswana-gruppa, som pedi, tsonga og venda tilhøyrer i tillegg til dei namngjevande språka sotho og tswana.

SKEIV MAKTBALANSE Dessverre fungerar desse store språka, som fleirtalet av befolkninga snakkar, som minoritetsspråk i eigne land. Engelsk har ein dominerande plass i det sørafrikanske

Mål og Makt 2019 – 3


samfunnet, sjølv om det skal være likestilt med dei andre språka. Om du skal lykkast på skulen eller lande drøymejobben, er gode engelskkunnskapar garantert eit krav. Det er med på å oppretthalde ein skeiv maktbalanse mellom kvite og svarte sørafrikanarar, det er ei arv frå den gamle koloniale ordninga. Alle universitet, utanom eitt, har engelsk som undervisningsspråk - det eine universitetet som ikke brukar engelsk er på afrikaans, sjølv om engelsk og afrikaans er fyrstespråk for høvevis kun 9% og 13% av befolkninga. Det er som om Noreg sine ni universitet skulle hatt dansk som undervisingsspråk, fordi vi tidlegare var i union med dei. For mange av oss er dette eit heilt utenkjeleg scenario. Kvifor skulle det ikkje være det same i Sør-Afrika? Av den grunn kjempar aktivistar for å halde språka sine i live. For eksempel vart den fyrste doktorgraden i Tswana avlagt i år, ved North West University.

MINORITET - MAJORITET Så tilbake til ordet minoritet. Eg protesterar ikkje ordet sin relevans i alle samanhengar. Eg protesterar kva det ordet kommuniserar mellom linjene. Det er langt ifrå ein nøytral

beteikning. Kvifor er for eksempel ein franskmann i Ghana en ex-pat, men ein senegalesar i Noreg ein innvandrar? Dei orda beteiknar det same, ein person som oppholder seg i eit anna land enn sin fødestad, men har svært ulike konnotasjonar. Det same gjeld ordet minoritet. Det kommuniserar ein underdanigheit til det dominante uttrykkjet. I ein norsk samanheng, er swahili eit minoritetsspråk. Men språket kan ikkje låsast til ein norsk kontekst. I global samanheng er swahili, med sine 90 millionar talarar globalt, slettes ikkje noko minoritetsspråk, men eit stort lingua franca som binder store delar av Aust og Sentral Afrika med kvarandre. Difor er det meir presist å beteikne swahili som ein lokal minoritet, framfor berre minoritet, og norsk som ein lokal majoritet, og global minoritet, i alle fall samanlikna med swahili. Meir presisjon og færre usagte konnotasjoner er det som etterlysast når ein omtaler språk.

69


FOTOGRAFEN Assad Nasir

70

Mål og Makt 2019 – 3


FOTOGRAFEN

Assad Nasir

71


FOTOGRAFEN

72

Assad Nasir

Mål og Makt 2019 – 3


FOTOGRAFEN

Assad Nasir

73


FOTOGRAFEN

74

Assad Nasir

Mål og Makt 2019 – 3


MASTEROPPGÅVA

av MARGRETHE OPDAL HØVISKELAND

KVA ERFARINGAR HAR INNVANDRARGUTAR FRÅ VIDAREGÅANDE?

OM EI MASTEROPPGÅVE I PEDAGOGIKK FRÅ UIB, VÅREN 2019 Dei siste tiåra har det norske samfunnet opplevd auka innvandring. Dette har naturleg nok ført med seg større språkleg, etnisk og kulturelt mangfald på fleire skular. I Noreg er det flest jenter som fullfører vidaregåande, uavhengig av bakgrunn, medan langt fleire gutar droppar ut. Ifølgje SSB (2017) sluttar ein av tre innvandrargutar, altså gutar som ikkje er fødde i Noreg, på vidaregåande før skuleløpet er ferdig. Innvandrarungdom som ikkje startar på vidaregåande, er også ei klart overrepresentert gruppe i samfunnet. For nokre kan dette bety sosiale nederlag, og for mange betyr det at dei får problem med å etablere seg i arbeidslivet. Det er såleis problematisk for samfunnet at så mange vel å ikkje fullføre skuleløpet. Likevel er det innvandrarungdom som fullfører vidaregåande, og som klarer seg godt i den norske skulen. Nettopp fordi Noreg vert eit meir og meir fleirkulturelt samfunn, er det behov for å hente inn fleire erfaringar og forteljingar om korleis personar frå andre land opplever den norske skulen. Det er viktig å finne ut kvifor nokre elevar klarer seg godt, medan andre ikkje gjer det. Målet må vere å syte for mindre fråfall. Det vert difor viktig å få fram fleire erfaringar og narrativ som kan gje kunnskap om førebygging, og om korleis skulen kan møte elevar med dårlegare utgangspunkt, ut frå sosial bakgrunn og språk. Dette kan vere med på å skape ein betre pedagogisk praksis i skulen. Eg vil i denne teksten fortelje litt om masteroppgåva mi, og deretter vise til hovudfunn

frå informantane mine sine forteljingar og erfaringar. Til slutt vil eg kome litt inn på oppgåvas relevans.

INNHALD Då eg først sette i gang med masteroppgåva, hadde eg tenkt å intervjue gutar som ikkje var fødde i Noreg og heller ikkje hadde fullført vidaregåande skule, men etter mykje prøving og feiling i rekrutteringsfasen, blei det spesielt vanskeleg å få tak i informantar med rette kriterium. Eg blei difor tvungen til å endre problemstillinga frå: «Kva forteljingar har gutar som har innvandra om sine erfaringar med skulefråfall», til: «Kva forteljingar har gutar som har innvandra om sine erfaringar med vidaregåande skule». I masteravhandlinga ser eg altså på kva forteljingar gutar som har innvandra har frå den vidaregåande skulen. I teoridelen presenterer eg hovudperspektivet i oppgåva mi, nemleg narrativ teori. Vidare har eg supplert med andre teoretiske perspektiv som er relevante i analysen. Dette er teori om sosial ulikheit, tospråkleg utvikling og elevens skule- og læringsmiljø. I datainnsamlinga har eg brukt kvalitativ metode, eller meir presist narrativt intervju. Ved å ta i bruk narrativt intervju har eg stilt fleire opne spørsmål som har fått fram interessante utsegn om informantane sine erfaringar og forteljingar. I oppgåva intervjua eg fem gutar som ikkje er fødde i Noreg, men som på eit tidspunkt har gått i norsk 75


vidaregåande skule. Eg ville studere situasjonen til gutar mønster som går igjen, er at oppvekstmiljø har noko å seie som har innvandra og deira forteljingar og erfaringar frå for prestasjonar i skulen. Det betyr noko om foreldre ser på det norske skulesystemet. Sjølv om problemstillinga i utdanning som viktig eller mindre viktig. Norskkunnskap utgangspunktet tok føre seg vidaregåande skule, tok eg òg var viktig, ikkje minst for kor godt eleven klarte å følgje med litt om elevanes oppvekst og forteljingar frå med i undervisninga. Tidlegare skuleerfaring frå grunnskulen. Eg har også fått eit innblikk i korleis grunnskulen har også samanheng med korleis den enkelte informantane har det i dag. Oppgåva er såleis med på å setje gjer det i vidaregåande. Dette viser seg mellom anna i informantane sine forteljingar og erfaringar frå skulefråvær, karakterar og engasjement. vidaregåande skule inn i ein større narrativ kontekst, som Lågt engasjement og svake skuleprestasjonar blir lettare peiker både mot fortida og framtida. Sidan eg intervjua to å forstå når ein ser desse i samanheng med elevane sine grupper, tok eg i bruk to intervjuguidar baserte på spørsmål livsforteljingar. Dei som ikkje fullførte vidaregåande, hadde kring temaa: Generelt, språk, venner/fritid, familie, alle ein vanskeleg oppvekst i Noreg, mellom anna knytt opp skuleerfaring, skulerelasjonar, fysisk mot familie. Den eine informanten kom aktivitet, meistringskjensle/motivasjon, inn i eit rusmiljø på ungdomsskulen, mobbing/diskriminering/rasisme og Nordmenn vart oppfatta medan ein annan informant opplevde som «lukka» og mindre mobbing då han kom til Noreg. Eit anna tankar i ettertid. Gjennom heile forskingsprosessen har interesserte i å bli kjende interessant funn som viser kor viktig med framande. eg tatt omsyn til forskingsetiske motivasjon er, var at då ein av utfordringar. Eg utelét private data som informantane tok opp igjen heile kunne ha identifisert informantane og vidaregåande i vaksen alder, presterte brukte konsekvent pseudonym gjennom heile oppgåva. Eg han å gjere det på eitt år. Han bestemte seg for å gå på skulen valde likevel å ta med bustadfylke, område eller verdsdel kvar dag, gjere lekser, vere skuleengasjert og vere opptatt informanten er fødd i, alder då informanten kom til Noreg, av å få gode karakterar – informanten hadde rett og slett om vedkommande er over eller under 25 år i dag, og om blitt motivert og arbeidde hardt for å nå eit mål. han gjekk på yrkes- eller allmennfagleg vidaregåande skule. Nokre funn peiker seg spesielt ut i narrativa eg har henta Ingen av informantane mine er fødde i Noreg. Dei kom til inn. Eit interessant og nokså overraskande funn var at alle Noreg i ulik alder og har hatt varierande butid her i landet. informantane hadde eit dårleg bilete av rådgjevingstenesta Dei snakkar godt norsk og bur i dag i Hordaland fylke. Berre då dei skulle velje vidaregåande på ungdomsskulen. Alle éin av informantane budde i eit anna fylke dei første skuleåra, meinte at denne tenesta ikkje var god nok. Eit anna uventa før han flytta til Hordaland. Informantane gav meg svært funn var at fire av informantane opplevde at det var lettare rike og unike narrativ, dei var ærlege og valde å fortelje om å bli venn med andre innvandrar enn med nordmenn. tøffe erfaringar. Nordmenn vart oppfatta som «lukka» og mindre interesserte i å bli kjende med framande. Eit anna funn var at alle elevane HOVUDFUNN hadde i vidaregåande opplevd å føle at dei ikkje forstod Ved å intervjue både dei som fullførte og dei som ikkje har undervisninga, men i ulik grad. Nokre av informantane fullført vidaregåande, oppdaga eg ulike mønster og opplevde det i matematikktimane, medan andre opplevde erfaringar. Relevant litteratur og forsking som eg brukte i det i fleire fag blant anna fordi språket var ei utfordring for oppgåva, samsvarar godt med mange av funna mine. Eit dei. 76

Mål og Makt 2019 – 3


Om ein ser på skilnader mellom narrativa til dei språket på ein god måte, slik at dei på lik linje med informantane som droppa ut frå vidaregåande og dei som majoriteten kan få nytte av undervisninga. Det er viktig at ikkje gjorde det, gjekk ein del klare mønster igjen. Dei som ordforråd og grammatisk forståing vert bygd opp på ein valde å fullføre vidaregåande, var opptatt av å gå på skulen systematisk og pedagogisk solid måte, slik at også denne kvar dag, gjere lekser og få gode karakterar, i tillegg til å elevgruppa forstår samanhengar mellom skuleoppgåver, vere engasjerte i skulen. Dei som ikkje fullførte, hadde mykje lekser og undervisning. Det er også viktig at elevar får god fråvær på både ungdomsskulen og i vidaregåande skule. rettleiing og hjelp frå rådgjevingstenesta i tiande klasse, slik Dei hadde i tillegg til dårlege skuleprestasjonar store at dei er i stand til å velje den vidaregåande utdanninga som utfordringar med norsk språk. For passar best for kvar enkelt av dei. Sidan alle infomantane mine nokre var det vanskeleg å oppfatte og Sidan alle informantane mine skjøne det som skjedde i opplevde at rådgjevingstenesta opplevde at rådgjevingstenesta ikkje var god nok, trengst det ikkje var god nok, trengst det truleg undervisninga, då ordforrådet deira truleg meir forsking på korleis meir forsking på korleis denne ikkje var like godt utvikla som hos denne tenesta kan bli betre. medelevane. tenesta kan bli betre. Det er generelt behov for fleire tiltak som RELEVANS kan avhjelpe dei ofte negative samanhengane mellom unge Det er behov for meir forsking om innvandrargutar i den med innvandrarbakgrunn og utdanning. norske skulen, sidan dette er ei gruppe som skil seg negativt Me treng såleis kunnskap om både dei som har droppa ut ut i utdanningsdebatten og ofte i samfunnsdebatten generelt. og dei som klarer seg bra i vidaregåande. Eg håpar at oppgåva Det er også eit behov for å sikre ein betre pedagogisk praksis mi kan vere med på å gje kunnskap om korleis for kvar enkelt i skulen. Me treng meir kunnskap om korleis innvandrargutar har opplevd den norske vidaregåande ein skal kunne sikre at innvandrarelevar tar til seg det norske skulen, på godt og vondt.

KJELDER Heggen, K. (2013). Nytt landskap og nye rammer for utdanning. I: K. Heggen, H. Helland &amp; J. Lauglo (red.), Utdanningssosiologi (s. 13-28). Oslo: Abstrakt Forlag. Høviskeland, M. O. (2019). Kva forteljingar har gutar som har innvandra om sine erfaringar frå vidaregåande skule (Masteroppgåve). Institutt for pedagogikk. Universitetet i Bergen. Krulatz, A &amp; Torgersen, E. N. (2017). Språklige og sosiale fordeler av flerspråklighet. I: A. B. Lund (red), Mangfold gjennom anerkjennelse og inkludering i skolen (s. 212- 228). Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. SSB – Statistisk sentralbyrå (2017, 26. juni). Hvordan går det med innvandrere og deres barn i skolen? Henta 29. april 2018 frå: https://www.ssb.no/utdanning/artiklerog publikasjoner/hvordan-gar-det-med-innvandrere-ogderes-barn-i-skolen

77


FAVORITTEN

av ELIN KRISTINA OSKAL

Favoritten Eg bur på ein stad der eg er omringa av andre sitt morsmål, men ikkje mitt. Eg bur på ein stad der mange har hyttene sine, men her har eg min livsstil. Eg går utanfor døra heime og pratar norsk, eg kjem inn og pratar samisk. Familien kallar meg Elle, andre kallar meg Elin. Eg kler på meg kofta når andre kler på seg bunad. Eg lever i ein kommune utan andre samar enn familien. Eg lærde meg aldri ein slik type forskjell på mennesker før eg byrja på skulen. Eg skjønte at det var dét, då klassekameratane sa “hæ, æsj” til reinklauver som måltid, som var favoritten min. Eller når eg hadde veninner på besøk og ho sa at ho ikkje forstår noko av det me i familien pratar om. “Pussige mennesker altså…” tenkte eg då. Me fire søsken var aldri i barnehage fordi mamma og

78

pappa ville at me skulle bevare språket. Difor var skulestart for meg ekstra nytt. Då eg kom heim etter fire mil i skulebussen, så sa eg: “Eadni, mun lean gusto sápmelaš! Sii jerret mus dan birrá skuvllas.” (Omsatt) “Mamma, eg er tydeligvis same! Det vart eg spurt om på skulen.” Det har eg aldri blitt spurt om i heimen min. Kanskje eg er pussig? Novel, eg marsjerar vidare utan sorg over den grunn, ganske så bekymringslaust fullfører eg skuleåra. Dette var jo blitt kvardagen min, men i dag tenkjer eg tilbake på kor mange spørsmål eg har hatt rundt mitt samiske eg. Ei spe, lita seksåring som ikkje heilt kan forstå verda, men som òg måtte bli paff over seg sjølv, sitt språk og liv. Eg kan ikkje heilt setje fingeren på om dette er søtt, trist, sunt eller ikkje. Eg kan i alle fall med sikkerheit seie at eg er minoritet

Mål og Makt 2019 – 3


Foto: teke av Warren Sammut. Henta frå unsplash.com

og har så absolutt levd som det. No er eg 23 år gamal og eg savnar mitt indre barn, der eg ikkje veit at eg bur i ein slik boble, men heller at eg er bobla. Der eg kan ta med heile meg, mitt liv og universum uansett kvar, og samstundes vere noko vanleg og heller unik som medmenneske. Eg lengtar etter vår herlege barnefantasi kor det å stelle livlause dukker var viktig. Det å berre vere slik ein er, utan definisjonar på einannan. Men etter kvart skal hunden være svart, hesten brun og papegøyen skal ha mange fargar, ikkje berre ein. Så fortel læraren oss kva me skal teikne på det blanke arket vårt, og slik formast livet. Eg gjorde det eg vart bedt om, men eg kunne ikkje slå følgje i skapinga av eit A4 liv. Mitt liv har ikkje hatt struktur, klokkeslett eller hatt arbeidet sitt svar på papir. Familien

min følgjer våre reinsdyr dag eller natt, og eg har vekse opp slik. Middag kl. 21.00 eller kl. 14.00 - det må me sjå an. Eg er framleis slik i dag, medan det eg gjer no er å sjå på klokka, sjølv no når eg ikkje treng det. Eg har hatt ein forvirra fot i begge kulturar, men lærte meg i ein alder av 14 år å stå stødig. Eg håpar at framtida sine born ikkje treng å finne ut av dette heilt sjølv. Fordi eg er ein av dei heldige, kor eg ikkje opplevde mobbing og har funne mine svar. Eg er minoritet, og reinklauva har alltid vært min favorittrett gjennom alt dette!

79


av MATHIAS LOUIS S ØRBØ

Kviss TI SPØRSMÅL OM SPRÅK 1. Omtrent kor mange levande språk finst det i verda? 2. Kva land har flest talte språk? 3. Kva er dei to offisielle språka i Pakistan? 4. Kor mange offisielle språk har Sør-Afrika? 5. I 1921 kom den fyrste bibelomsetjinga på nynorsk, men når kom den første bibelomsetjinga til nordsamisk? 6. Kor mange språk er den fyrste boka i Harry Potter-serien omsett til? 7. Kva språkfamilie høyrer dei samiske språka til? 8. Kva tyder «In vino veritas, in aqua sanitas»? 9. Kva for eitt av desse språka er ikkje i slekt med norsk? Russisk, portugisisk, persisk eller tyrkisk 10. Kva er dei seks offisielle språka i FN?

80

Mål og Makt 2019 – 3


GJETT SPRÅKET (I STIGANDE VANSKEGRAD) 1. Ik hou van sinaasappelsap (Eg elskar appelsinjus) 2. Amor tussísque non celántur (Kjærleik og hoste kan ikkje skjulast) 3. Ahlaan w sahlaan (velkommen!) 4. Outa aal a dem di muos impuotant wan a lov (Størst av dei er kjærleiken) 5. Setze jutges d'un jutjat mengen fetge d'un penjat (Seksten dommarar i ein domstol et levra av ein hengt mann) 6. Kökényt sütöttem a tortàba àfonya helyett (Eg bakte kake med såpe i staden for med blåbær) 7. Kåyanginun tjinntsja pegåpayå (Katten er veldig svolten) 8. Kele jatkan jangy jylynyz menen! (Gratulerer med det nye året som kjem/godt nyttår på førehand). 9. I amar prestar aen, han mathon ne nen, han mathon ne chae a han noston ned 'wilith (Verda er forandra; Eg kan kjenne det på vatnet, eg kan kjenne det på jorda, eg kan lukte det i lufta) 10. Chii chaunoda kana uchiyenda kunyika isiri yako? (Kva treng du når du skal til eit framand land?)

FASIT Ti spørsmål om språk: 1. ca. 6000-7000 2. Papua Ny-Guinea, med over 800 språk 3. Urdu og engelsk 4. 11 5. 1895 6. 76 7. Den uralske språkfamilien, i undergruppa finsk-ugriske språk 8. I vinen er det sanning, i vatnet fornuft 9. Tyrkisk, alle dei andre er indo-europeiske språk, slik som norsk 10. Arabisk, kinesisk (mandarin), engelsk, fransk, russisk og spansk Gjett språket: 1. Nederlandsk 2. Latin 3. Arabisk 4. Patwa, eit jamaikansk kreolspråk 5. Katalansk 6. Ungarsk 7.

81


DIKTET

av MARIA D RANGEID

DIKT OM R94 på skulen lærte me at v-dal er grave ut av elver at u-dal av isbre at merkur ligg nærmast at maurtue mot sør me lærte mannegris er råne at hypotenus i andre men me lærte aldri at kor lenge ein bør venta før ein sender melding

82

Mål og Makt 2019 – 3


MÅL OG MAKT Mål og Makt er tidsskriftet til Studentmållaget i Oslo (SmiO). Mål og Makt kjem normalt sett med tre hefte i året, og bladet får stønad av Kulturstyret i Velferdstinget i Oslo og Akershus. STUDENTMÅLLAGET I OSLO Studentmållaget i Oslo er eit lokallag av Norsk Målungdom og Noregs Mållag på Universitetet i Oslo og Oslomet. Me arbeider for å få fleire til å skriva nynorsk, og for å tryggja rettane til dei studentane som alt skriv nynorsk. SmiO vart skipa i 1900 og har omkring 300 medlemar. Desse får Mål og Makt gratis i posten. VIL DU SKRIVA FOR MÅL OG MAKT? Me vil gjerne ha fleire skribentar. For at tekstane skal verta so gode som mogleg, plar me ha fleire runder med tekstkritikk på kvar tekst. Dette gjev skribentane gode høve til å utvikla seg. Me garanterer ikkje trykking av alt som kjem inn. Gå inn på heimesida vår eller send oss ein epost til malogmakt@malogmakt.no

Gje bort Mål og Makt i gåve! Gje bort ei årstinging på Mål og Makt. Gå inn på nettsida vår: http://malogmakt.no Mål og Makt er eit tidsskrift proppa fullt av målsak, politikk, kulturbitar og anna kjekt.

Stoffrist for Mål og Makt nr. 1 2020 er 15. februar. Tema for bladet er Klima og miljø. Me vurderer alle manus, så lenge dei er på nynorsk.

Me set pris på alle attendemeldingar! VIL DU TINGA MÅL OG MAKT? For 200 kr får du, eller ein du synst fortener det, tre nummer i året tilsendt i posten. Send ein epost til malogmakt@malogmakt.no

BLADET ER GJEVE UT MED STØNAD FRÅ

83


Attende til: Mål og Makt Lilletorget 1 0184 Oslo

84

Mål og Makt 2019 – 3

Profile for Mål og Makt

Mål og Makt 2019-3  

Tema: Minoritetsspråk

Mål og Makt 2019-3  

Tema: Minoritetsspråk

Profile for malogmakt
Advertisement

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded