«The Sudden Cats» av Helge Torvund og Mari Kanstad Johnsen

Page 1









Tomas og Tore berre stod heilt uventa inne i bislaget. Morfar hadde tenkt å arbeida VELDIG MYKJE med ei svært VIKTIG bok. Men når Tomas og Tore kom slik som dette, måtte han berre leggja alt til sides og finna på noko saman med dei. – Kva skal me gjera? spurde Tomas og Tore i kor. – Tja, smilte morfar og klødde seg i hovudet. – Me kan anten steika pannekaker, eller så kan me vaska golv. Kva har de mest lyst til? – Vaska golv! Vaska golv! ropte dei to gutane og hoppa opp og ned i kortbuksene sine. – Då blir det pannekaker, sa morfar. – Pliktene først! – Kan me spela plater medan du lagar til røra? sa Tomas. Morfar nikka og smilte. Dei sparka av seg skorne og fór opp i andre etasje der grammofonen og dei gamle rockeplatene til morfar stod.



Dei fann fleire fine LP-ar dei hadde lyst å høyra om igjen, og snart dunka bass og trommer i høgtalarane. The Who, The Kinks og The Small Faces. Dei song med på nokre dei alt kunne utanåt: Sja-la-la-la-liii!



Morfar nikka til takta på kjøkkenet og gjorde klar pannekakerøra. Medan den stod og godgjorde seg, gjekk han opp til Tomas og Tore. – Kan me gå ned og øva på songen vår? ropte gutane då dei såg hovudet til morfar koma opp trappa. – Klart det! sa morfar. – Øving er betre enn sløving.


Dei gjekk ned i kjellarstova. Tomas fann fram trommestikkene, medan Tore og morfar kopla mikrofonen og den elektriske gitaren til forsterkaren. Så sette morfar seg ved pianoet. Han slo ein akkord, og spurde:

– Er me klare? – Ja! ropte gutane.

Og dermed sette dei i gang med ein skikkeleg garasjeskranglar. Ein for dei mange, to for dei få. Tre for ein reddik, og gå, katt, gå! Dei hadde fletta inn tonar frå kjente songar og laga teksten sjølve, og sjølv om det berre var Tore som hadde mikrofon, så song alle saman med på refrenget: Søppelbilen kom Søppelbilen gjekk Søppelbilen tok med seg ein svarte sekk



I dag gjekk det bra. Morfar smilte i skjegget. Nokre dagar gjekk det humpete og grufsete, som ei vrang kommodeskuff som det er for mykje oppi. Men i dag, i dag gjekk det englefint og rockebra. Søppelbilen kom Søppelbilen gjekk Søppelbilen stinka Og så var han vekk Søppelbilen minka Og så var han vekk




Tomas smilte bak brillene. Tore smilte Toresmilet sitt. Det er ikkje mykje som er gildare enn enn ĂĽ vera mange og fĂĽ det til ĂĽ svinga i lag. Tore tykte av og til at kjellarstova var som ein garasje, og at dei var eit garasjeband. Og av og til var kjellarstova som ein kjempestor stadion med tusen menneske som vinka til dei som spela.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.