«Helga og Hugo» av Erna Osland og Inger Lise Belsvik

Page 1

Inger Lise Belsvik

HELGA og HUGO

Erna Osland og

«Takk til Audun Osland Vik-Mo, demensforskar ved Regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling (SESAM) i Stavanger. Utan Audun hadde denne boka ikkje blitt til.» – Erna og Inger Lise.

«HELGA og HUGO»

ISBN 978-82-92863-89-3 · © Magikon forlag 2022 · 1. opplag

Forfattar: Erna Osland · Illustratør: Inger Lise Belsvik, www.ingerlisebelsvik.no

Formgiving: Svein Størksen · Trykk: GPS Group, Slovenia

Papir: Tauro Offset 120g · Sats: Source Serif Pro 13/21

Gitt ut i samarbeid med Leser søker bok og med støtte frå Norsk Kulturråd. Magikon forlag, Fjellveien 48A, 1410 Kolbotn, Norge · www.magikon.no

HELGA og HUGO

Forfattar: Erna Osland

Illustratør: Inger Lise Belsvik

MAGIKON FORLAG 2022

VÅR

GRASLØK

Hugo er på kjøkkenet. Han steiker fisk, smålyr i smør med pepar og løk.

Helga er i hagen. Ho klipper bringebærbusker.

Ho står med hovudet mellom greinene da ho høyrer Hugo rope frå kjøkkenglaset.

– Fisken er klar, ta med grasløk og kom!

Ho kryp fram frå buskene, klipper ein solid bunt med grønt og skundar seg inn.

Men kvar er han som måtte ha grasløk så fort?

Ikkje på kjøkkenet i alle fall.

Og ikkje i stova heller.

Ho går frå rom til rom.

Ho leitar etter Hugo.

Kvar er han? undrast ho.

Kvar er han som ropte at fisken var ferdig?

På badet, kanskje?

Dusjar han igjen?

4

Det rislar og renn på badet.

Helga høyrer det før ho når fram til døra.

Og straks ho glytter inn, slår dampen mot henne.

Der står han, Hugoen hennar! Han som alltid vil vere rein når han går til bords. Han står under spruten med auga att. Grasløken som han måtte ha – og det fort – har han tydelegvis gløymt.

Han såpar seg inn. Først låra, dei lange låra, som ho alltid blir glad av å sjå. Nesten meir nå enn før.

Så såpar han ryggen. Vanskeleg å nå, men fin den også.

Framleis fin, tenker Helga. Framleis fin, men på ein heilt ny måte.

Han gnir seg grundig inn før han snur seg rundt inni spruten og skolar skummet av. Grundig i det òg, denne fyren som aldri får vaska seg nok.

Men der begynner han sanneleg å såpe seg inn på nytt!

Han såpar. Ho ser på. Han gjer det litt annleis nå. Startar øvst denne gongen. Den brune nakken blir kvit. Skummande kvit, som resten av kroppen. Heile Hugo er kvit.

Han står under vatnet og lyser.

6

Hugo i dusjen. Helga med handkledet klart.

Endeleg er han rein nok, og ho kan brette handkledet ut!

Ho pakkar han inn. Klemmer og gnir.

Hovudet, halsen, ryggen og magen.

Legger og lår, og føtene, sjølvsagt.

Til han blir tørr.

Rein og splitter naken står han og spør etter løk:

– Du hugsa vel grasløken? spør han.

Da er det berre for henne å rette den grøne dusken fram.

7

Dei er på badet, og Helga seier: – Hugo da, du ser ut som ein lasaron. Gi meg høvelen og bøy deg fram!

Hugo gir henne høvelen. Han bøyer seg fram.

Helga stiller seg på tå.

– Eg kan sette meg, seier han, – så når du betre opp.

Han får ikkje svar. Så han spør: – Skal eg finne ein krakk og sette meg ned? Vil du det?

Helga svarer ikkje, driv berre på, fører høvelen med éi hand, stryk Hugo med den andre. Ho vil ha alt med.

– Hugo min, nå blei du fin!

Han strekker ryggen, kjenner på den nye nakken. Kjenner seg fin. Og glad. Jamvel ryggen er bra i dag.

Og armane, dei kjennest sterke. Dei er nesten som før, kjenner han idet han snur seg til Helga.

– Hit med høvelen! seier han til henne, som straks er klar til å bli famna av ein finfin fyr på badet.

8 BARBERHØVEL

BUKSE OG SKJØRT

Dei skal på butikken.

Helga med eit nett over armen.

Hugo med sekken på ryggen.

Vêret er herleg, og vegen er passeleg lang.

Dei går i skjorte og bluse, i bukse og skjørt.

Helga og Hugo, dei går side om side.

Men han kjem likevel nærare.

Nærare.

Nærare.

Idet dei sneiar forbi huset til naboen, legg Hugo armen rundt Helga.

– Ikkje, seier ho, for ho ser den nye naboen vinke frå stoveglaset.

Dei vinkar tilbake.

Hugo med ei hand på hofta til Helga.

– Ikkje nå, seier ho, – naboen, den nye naboen ser deg!

10

Hugo si hand på Helga si hofte.

Hugo si hand på Helga si rumpe.

Ho løfter armen hans opp.

Men straks glir handa hans ned igjen. Ho må skubbe han vekk. På nytt og på nytt.

– Naboen ser på oss, skjenner ho og reddar seg unna når Hugo kjem etter.

– Eg meiner det, seier ho, – du kan ikkje halde på slik!

Men han gjer som han vil. Han legg handa si der ho ikkje vil ha den.

– Du gir deg, seier ho, – for ein gongs skuld gir du deg!

Han berre ler.

Og da snur ho seg rundt og daskar til han!

Fort tar han handa si til seg. Begge hender tar han bort.

– Orsak, seier han. – Det var skjørtet si skuld.

Det var så tynt. Og så vilt, liksom.

Så går dei vidare. Hugo med begge hendene på ryggen. Under sekken. Helga får god plass, kjenner han, til å klemme hofta si inn i mot hans.

12

Ho og han i sola.

Ho og han mot butikken.

I skjorte og bluse, i bukse og skjørt.

Dei går bort frå naboen.

Den nye naboen kan ikkje lenger sjå dei.

Helga med det ville skjørtet kan ha handa si

kvar ho vil på den lette sommarbuksa til Hugo.

13

SOL

Mest kvar dag, og alltid om det regnar, spør Helga om Hugo vil ha egg.

Egg har ho jo, så sant hønene ikkje har gøymt dei. For hønene går som dei vil. Og legg egg som dei vil. I heile hagen.

Egg treng ikkje vere så ferske, meiner Helga. Dei toler å bli lagra, sjølv under rabarbrablad.

Om det ikkje er for varmt i vêret.

Ho veit det, Helga, for det er alltid ho som koker egg der i huset.

– Du koker vekk smaken, seier Helga når Hugo koker egg.

– Og alle vitamina forsvinn, seier ho, – vitamin A, vitamin B, D, E og vitamin K.

– Eit egg har eit heilt alfabet, doserer Helga. Rett ofte legg ho ut om egg.

Hugo liker at Helga snakkar om egg. Sjølv om han har høyrt alt før. For å snakke om høner – og egg – gjer Helga så uendeleg glad.

14

– Egg har også mineral, seier Helga når dei et egg.

Og så reknar ho dei opp: jarn, folat og selen, fosfor og sink, kalsium, natrium og magnesium.

– Kva med proteina? spør Hugo da. – Det er vel protein i egga også?

– Eit egg har alt som gir liv, svarer Helga til det.

Ho veit ikkje kor mange gonger ho har sagt dette.

Og likevel vil Hugo høyre det på nytt.

Nett der er Hugo lik hønene.

Rett ofte må Helga ramse opp eggealfabetet til dei.

Sjølvsagt veit hønene kor kostbare egga deira er, men dei vil høyre det likevel. Dei vil høyre om alt det fine som er inni kvart einaste egg.

Dei vil at Helga skal fortelje til dei. Og smile til dei. Klappe dei kan ho jo ikkje. Det liker dei ikkje.

Men Hugo kan ho klappe!

Og klemme og invitere på egg.

– Kva med ei sol? spør ho Hugo.

Hugo seier aldri nei til litt sol.

Og da er det berre for Helga å velje ut egg.

Ho veg dei i hendene. Egg som har tynt skal, veg lite, mens egg som har tjukt skal, veg meir.

16

– Jamtunge egg i same koke, seier ho til Hugo.

Da blir dei like på smak og vitamin.

Helga kan alt om egg. Og ho veit å nyte dei.

Ho kakkar toppen i rett høgd, til både Hugo og seg.

Så lettar ho toppane av, og den vesle sola får skine.

Ei heil sol i ei einaste celle!

17

FRUKOST

Helga og Hugo. Og den herlege morgonstunda.

Kaffi og brød. Og syltetøy av bær dei har plukka i lag.

Blåbæra blir best heilt nedmed sjøen, tenker Hugo.

– Tenk at dei stod heilt nedmed sjøen, seier Helga.

Hugo må verkeleg sjå på henne. For nå sa ho det igjen, det som han sat og tenkte. Ingen, ikkje noko menneske, kjenner han slik hans eiga Helga gjer. Det er nok derfor dei har hatt det så velsigna godt.

Men før han får sagt det til henne, seier ho:

– Så godt vi har hatt det, vi to!

Å ja, tenker Hugo, vi har hatt både storm og stille.

Men stormane er borte. Dagane er stille nå.

Dei sit ei stund. Dei seier ingenting.

Før Helga seier: – Det er stilt i dag. Heilt og aldeles stilt. Og det gir han slik lyst til å kysse henne!

Han reiser seg. Men da står ho der alt og retter armane ut.

– Nå igjen, ler ho mot han i den herlege morgonstunda.

18
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.