«Du og eg» av Erna Osland og Camilla Engman

Page 1

Erna Osland & Camilla Engman

Du og eg




«Du og eg» · ISBN 978-82-92863-81-7 · © Magikon forlag, Kolbotn 2019 Tekst: Erna Osland · Illustrasjon: Camilla Engman · Formgivning: Svein Størksen 1. opplag · Trykk: Livonia Print · Papir: Munken Lynx 150g · Sats: Minion Pro 12/15 Magikon forlag, Fjellveien 48A, 1410 Kolbotn, Norge · www.magikon.no


Erna Osland & Camilla Engman

Du og eg

Magikon forlag 2019


Haren rømte for reven. Han var så redd, så svolten og sliten. Og så aleine i den store skogen.



Han klemde seg ned i snøen. Han ville bort frü alt som var fÌlt.




– Au! sa det under han. Eit øyre stakk opp. Og eitt til. Ei heil harejente kom fram. – Ikkje forstyrr! sa ho. – Forstyrr kva? – Ventinga, vel. Eg ventar på jul. – Uff da! sa han, for jul hadde han aldri høyrt om.


– Jula er fred på jord, forklarte jenta med øyra. – Og skogen vår, er den på jord? – På jord er overalt, eit godt stykke inn i skogen i alle fall, sa jenta og sette fram snuten.

Ho gjorde eit hopp. Hopp, hopp, så øyra flagra. Han hoppa etter, han kunne ikkje la vere. Ho hadde så vedunderlege øyre!




Ho hoppa han inn i ein song. Ein song om jul og stjerner, om kaker og fred. – Kaker, er dei betre enn bork? ville han vite. Ho stansa og kom imot han. Heilt inntil han kom ho og forsikra at julekaker alltid var gode. – På kva måte? spurde han. – På den fredelege måten, svarte ho. Og det svaret gjorde han glad.



– Kaker og fred! Kaker og fred! song harejenta. Hareguten gav seg med, han dansa og svinga med øyra. – Gler oss til jul, gler oss til jul! jubla harane.



Da bykste reven fram! Harane skvatt inn i skogen. Ho ein veg. Han den andre.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.