«To hundre og sekstini dagar» av Roald Kaldestad og Bjørn Rune Lie

Page 1




To hundre og sekstini dagar med regn. Han ser lauvet falla som kalenderark frĂĽ trea. To hundre og sekstini dagar. Og kvar gong det regnar, saknar han sin beste ven.




Regndråpar heng på glasruta. Utanfor ser han alle nyansar av grønt. Brune blad i graset. Gule lauv i hekken. Raude flekkar her og der. Varmepumpa mel jamt, som ein stor katt. Han skulle ønska han hadde ein katt. Ein mjuk, varm, langhåra katt som kveila seg saman i fanget hans. Stakk snuten under bakbeinet sitt og lét auga gli igjen til to strekar.


Huset over vegen stür tomt. Vindauga er svarte speglar. Det søkk i magen. Faren er heime med han, men han sit berre ved pc-en og knottar. Foreldra trur han har influensa, men han veit betre. Kvar gong det regnar, saknar han henne.




Alt bevegar seg. Dråpar dryp. Kråker baksar frå tre til tre. Skyer glir forbi. Småfuglar sprett opp frå hekken og balanserer på dei fem straumleidningane. – Dingdong. Hjartet slår eit ekstra slag i brystet. Ho ringte alltid på, sjølv om ho visste at ho berre kunne gå rett inn. Pappa opnar.


Det er ein postmann som kjem med pakke. Han ser henne for seg ved vindauget i det nye huset. Det ville, svarte hüret hennar. Dei store, mørke auga. Dei lure smilehola. Ho var den aller beste venen hans.




Pakken er til han – frå henne! Inni den store eska er det ein liten mjølkesjokolade. Han må smila. Så ser han at det er teipa noko under den. Eit brev. Han brettar arket ut på bordet. Det står berre to ord med raud feittstift: nei? nei?



«Kjærastpar, kjærastpar – gifta seg i kaviar». Dei brydde seg ikkje, berre gøymde seg i skogen bak gymsalen. Laga ei borg av kongler og barnåler under dei svære grantrea. Ho var med han heim kvar dag. Dei hoppa på trampolinen når det var fint vêr. Klatra i tre og hang som sjimpansar frå greinene. Sprang og lo. Hadde ikkje tid til mat eingong. Heilt til dei spurta inn og åt eit heilt brød. Som to ulvar. Så sat dei tett saman i sofaen. Spelte spel eller såg på film. Ho var på overnattingsbesøk. Dei kniste og kviskra i mørkret med låg musikk i bakgrunnen. Globusen lyste og spann dei inn i kvar sin bomulls­d raum.


Mora ligg i sofaen og ser pĂĽ seriar. Faren er ute og reiser igjen. Han ringer kvar kveld. Ho snakkar lĂĽgt i telefonen og ler masse. Han ligg i senga og kjenner han blir varm i magen. Men faren kjem alltid tilbake. Og han har alltid med noko. Denne gongen er det ein rar hatt.



Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.