
5 minute read
STATISTIKK FRA SESONGENE UNDER BIELSA
BIELSA-TALL I CHAMPIONSHIP
AV: ANDREAS HELLENES
Advertisement
I rakettfart har Marcelo Bielsa utvikla Leeds frå ein middelhavsfarar til eit topplag i Championship. Her får du eit statistisk tilbakeblikk på «El Loco» si karriere som Leeds-manager så langt.
Den 15.juni 2018 vart Bielsa annonsert som ny Leeds-manager. Sesongen i forvegen hadde Leeds avslutta sesongen på 13.plass, og både Thomas Christiansen og Paul Heckingbottom hadde mislukkast i sjefsstolen på Elland Road. På overraskande vis kom Bielsa inn som erstattar. Med ei fortid frå klubblag som Athletic Bilbao, Marseille og Lazio, og landslag som Argentina og Chile, var det ikkje forventa at han skulle ta over Leeds som stort sett hadde haldt seg på nedre halvdel av Championship-tabellen det siste tiåret.
DRASTISKE ENDRINGAR
Med sin intensive, offensive og ballbesittande spelestil var mange usikre på om argentinaren kunne lukkast i Championship. Men allereie frå første kamp var det betring å spore. Bielsa har leia Leeds i 83 Champion-
ship-kampar. På desse 83 kampane har det blitt 46 sigrar, 16 uavgjort og 21 tap. Dette tilsvara 1,86 poeng i snitt per kamp.
Av dei føregåande trenarane kan verken Heckingbottom, Christiansen, Garry Monk eller Steve Evans vise til liknande tal. Av desse fire forgjengarane er Monk soleklart nærmast, men sjølv han kan berre vise til 1,69 poeng i snitt per kamp.
BORTE BRA, HEIME BEST
I sin første Championship-kamp under Bielsa vant Leeds 3-1 over Stoke City på Elland Road. Til saman har Leeds spelt 41 heimekampar i Championship under argentinaren. På desse kampane har Leeds vunne 25, og berre tapt 8. Dei har scora 64 mål, og slept inn 34 baklengsmål.
På bortebane har det derimot blitt fleire tap. På 42 bortekampar har Leeds vunne 21, og tapt 13. Målstatistikken på bortebane er ganske lik heimestatistikken. 65 scoringar og 36 baklengsmål er fasiten så langt.
Når vi samanliknar heime- og bortebane er det interessant å sjå målpoenga til Mateusz Klich. Polakken har scora 14 mål og hatt 12 målgjevande under Bielsa. Men heile 10 av 14 mål og 7 av 12 målgjevande har skjedd på bortebane. På trass av at Leeds dominerer mest på heimebane, er Klich mest målfarleg på bortebane.
BIELSAS FAVORITTAR
Den mest imponerande statistikken av alle går til Klich. Polakken er den einaste Leeds-spelaren som har vore på bana i kvar einaste kamp sidan Bielsa tok over. Klich har altså spelt alle 83 Championship-kampane dei siste to sesongane. Dei neste på lista er Ezgjan Alioski og Jack Harrison som begge har spelt 74 kampar. Deretter kjem Kalvin Phillips med 73 kampar og Pablo Hernández med 67 kampar.
Det er også interessant at Harrison, Klich, Stuart Dallas og Hélder Costa er dei einaste Leeds-spelarane som har vore på bana i kvar einaste Championship-kamp i noverande sesong.
TOPPSCORARANE OG HOVMEISTEREN.
Toppscoraren til Bielsa er Patrick Bamford. Den engelske spissen har scora 22 mål i Championship under argentinaren si leiing. Bak Bamford på toppscorarlista kjem Hernández med 18 mål, og deretter Klich og Kemar Roofe på 14 mål.
Roofe er den Leeds-spelaren som har scora flest mål på ein sesong. I fjor scora han nemleg 14 mål på 32 kampar. Men denne Rooferekorden heng i ei tynn snor med tanke på at Bamford allereie har scora 13 mål i den noverande sesongen.
Gode spissar likar gode servitørar, og Hernández har vert den beste servitøren av dei alle under Bielsa. Den spanske 35-åringen har bidratt med 18 målgjevande pasningar over dei to siste sesongane. Klich er nummer to på lista med 12 målgjevande pasningar. Deretter kjem Luke Ayling med 10 målgjevande pasningar.
Med andre ord er Hernández spelaren som har gitt Bielsa flest målpoeng. Med 18 scoringar og 18 målgjevande pasningar på dei siste to sesongane har spanjolen bidratt med 36 viktige målpoeng i Leeds-trøya.
BIELSAS BØLLEFRØ
Alle suksesslag treng bøllefrø. Spelarar som går i krigen, og ofte får ein del kort på vegen. Kortstatistikken til Bielsa er dominert av forsvars- og midtbanespelarar. Øvst på lista tronar Kalvin Phillips med 15 gule kort og 2 raude kort på to sesongar. Deretter kjem Alioski på 16 gule kort. Bak makedonaren kjem Ayling med 12 gule og 1 raudt kort.
FAVORITTMOTSTANDARAR
Bielsa har ikkje berre ein, men to favorittmotstandarar! Bristol City er den eine av dei. Leeds og Bristol har møtast fire gongar sidan Bielsa tok over som Leeds-manager. På desse fire kampane har Leeds vunne 1-0 og 2-0 på heimebane, og 1-3 og 0-1 på bortebane. Samanlagt har Leeds altså vunne 7-1 over fire kampar og dei har plukka 12 av 12 moglege poeng.
Den andre favorittmotstandaren er Reading FC. Leeds og Reading har møtast fire gongar dei siste to sesongane. På desse fire kampane har Leeds vunne alle saman. 1-0 og 1-0 på heimebane, og 0-1 og 0-3 på bortebane. Bielsa sitt Leeds har altså aldri slept inn eit baklengsmål mot Reading, og dei har vunne 6-0 samanlagt over fire kampar.
MARERITTMOTSTANDAR
I motsett ende av skalaen finn vi marerittmotstandaren til Bielsa, Nottingham Forrest. På fire kampar mot raudtrøyene frå Nottingham har det blitt null sigrar, to uavgjort og to tap. Leeds har altså tatt 2 av 12 moglege poeng, og tapt 4-8 samanlagt mot Nottingham Forrest.
STØRSTE SIGRAR
Bielsa sine to største sigrar har begge skjedd på heimebane. Den første kom i hans første sesong. Den 1.mars 2019 vant Leeds 4–0 mot West Bromwich Albion på Elland Road. Hernández opna scoringsballet etter berre 17 sekund med eit vakkert langskot. Deretter scora Bamford 2-0 og 3-0, før Alioski avslutta det heile med å setje inn kampens fjerde mål på overtid.
Den andre storsigeren kom i noverande sesong. Den 30. november 2019 vant Leeds nok ein gong 4-0, denne gongen mot Middlesbrough. Igjen scora Leeds tidleg. No var det Bamford som heada inn 1-0 etter tre
minutt. Deretter la Klich på til 2-0. Før Costa scora sitt første mål i Leeds-trøya til 3-0. Etter 74 minutt scora polske Klich kampens både siste- og vakraste mål. Polakken fekk ballen på 16-meteren og kurla kula kontrollert opp i krysset.
STØRSTE TAP
Bielsa sitt største tap kom ganske tidleg i argentinaren si Leeds-karriere. I sin syttande Championship-kamp, 10. November 2018, tapte Leeds heile 4-1 mot West Bromwich Albion. Stillinga var faktisk 0-0 til pause, men etter scoringar frå Hal Robson-Kanu, Matt Phillips, Harvey Barnes og Dwight Gayle hjelpte det ikkje særleg mykje når Hernández scora eit trøystemål for Leeds på overtid. Med andre ord har altså Bielsa hatt nokon av sine verste og beste dagar mot West Bromwich Albion.
Artikkelen ble skrevet mens sesongen var i lockdown i forbindelse med Covid 19-pandemien. Red. Anm.
