5 minute read

Kurt Olav slår lange baller

kurt olaV Helle

KURT OLAV HELLE er 46 år og deler i her i TPN sine lokale betraktninger fra Nesjavegen i Lonevåg. Han er til daglig skribent, manusforfatter, musikkanmelder og mer. Har holdt med Leeds siden ‘71.

Advertisement

lange balla på Vingane

kan jmk`s fotballfilosofi redda leeds united?

Medan ein såg på den Viasatoverførde fotballkampen her i slutten av februar mellom Swansesa-Leeds, var det som røysti klang i hovudet. Tankane gjekk tilbake til 70 tallet, til den gongen det var bedriftsfotballag her i Lonevåg. Eit lag hadde ein talentfull fotballspelar og rockeartist kalla JMK (Jan Magne Kalleklev),som ropte ut sin taktikk så det høyrdest ut over heile bana. -De må slå lange balla på vingane, ropte han. Vingane var derimot ikkje så lydhøyrde, og eine stopparen til Lonevågskameratane var ein stoppar som letta frå bakken kvart skotår. Det var den kjente FRP Politikaren Carl Gunnar Nesheim, som skaut ballen ut i alle retningar men ikkje på vingane der JMK sprang fram og attende. Allerede då hadde JMK mykje god fotballfi losofi innanfor skallen. Ein tidleg Snodgrass som kunne slå ballen tilbake etter å ha fått lange ballar på vingane. Det var og då to tenkjande Leeds fans på Osterøy sitt A Lag, med Janson og Kviten som kunne ført JMK fi losofi en vidare,men dette vart snart knekt etter som det sneik seg inn hatlandsfolk med Man U fi losofi og lenger opp i bygda steig han fram i all sin velde.Liverpool Langelands Tore var hans navn. Då vart både lange balla på vingane sin fi losofi snørt saman i ein fotballfi losofi sk bosssekk å kasta på dynga. Einevelde herske tida var på veg inn i Osterøyfotballen. Kva ein skulla spørja om måtte ein henvenda seg til Tore Langeland? Ei fi n grasbane, der dei gamle slitarane jobba seg sveite på dugnad, vert ståande til pynt, og alt må gå igjennom Liverpol Tore, og han fekk du eller får du aldri tak i. Dette var byrjinga på nedturen til Old Boys og Veteran fotballen i Osterøy IL. Fred over Minnet. Leeds fi losofi en fekk aldri fotfeste, og lange balla på vingane var ein saga blott. Det var byrjinga på fotballens svartedaud på Osterøy. Liverpool, Man U, og Arsenal var kreftene som tok over.

Ein ting funkar no i alle høve på det politiske plan her på Osterøy. Høgre varaordførar Ingemar Tepstad, og Høgre kandidat Øyvind R Tepstad stille huset til disposisjon når ein skal sjå Viasat Leeds kampar. Denne dagen trudde

ein det skulle gå bra og slå Swansea. Att JMK fi losofi en skulle få ein ny vår med lange ballar på vingane, ikkje lange fl ate baller, men Snodgrass inspirerte innsving mot Beccio eller Somma som er ein esttisk nytelse å sjå når det treff blink. Leeds United vart uansett eit par nummer for små i denne kampen.Som alle veit no vart det 3-0 tap i denne kampen. Korleis det ser ut i skrivande stund på tabellen no må gudane veta. Kvar kamp for Leeds vert ein cup fi nale i så måte... Ein regnar med at ein treff Kviten i fj ellheimen lokalt i år og. Det er då ein kjenner eit snev av fotballmessig Kvite Krist, når Kviten stig fram. Men ein treff og sikkert eit par raude djevlar i form av Man U og Liverpool fans, men det bryr ein seg ikkje om. Når det kjem til stykket er det de reine kvite som skal sigra til slutt, og her er båe kvitingane innan Osterøyfotballen gode ambasadørar, enten det er snakk om Janson eller Kviten. Ein tenkjer på kva om Snodgrass fi losofi en med JMK i spissen hadde fått fotfeste i Osterøyfotballen. Var han framsynt i si tid? Var han før Drillo med langpasningsfi losofi en?. Det er mange uløyste svar, men historisk sett meiner ein at når Man U fans og ikkje minst einevelde til Liverpool Tore fekk større innfl ytelse fall det meste på steingrunn.

Leeds fi losofi en som ein av barnsbeina hadde lært av Joppen, der ein fekk drilla den inn på bøen til Ivar`n i Neset fekk aldri væksa seg kraftig. Den vart kutta som ein navlestreng med m.a. hjelp av tømmerkloa til S.Vest.

Fotballfi losofi ske eineveld tida var innført på Osterøy. Men endå kan ein møta dei utvalgte og einborne Leedsfansen på forskjellige plassar på Øyni. Det er då ein skjønar at det er våre fans som skal koma attende å døma levande og døde. Det er me som står for den rette fotballtrui. Det er me som slepp å oppleva som svovelpredikantane på 50-tallet åtvara om at om me ikkje fi nn den rette trui, kan me oppdaga at når meg snur oss i senga om morgonen havnar rett i helheim. So lenge Joppa frelsa ikkje er til stades i Nesjavegen skjer det merkelege ting her. Det er som Man U fansen veks te. Man U Giggs (Ingve Valestrand) har hatt invielsesfest her sidan jol, og som alle veit varar kanskje jola heilt til påske. So da e full fest etter og under kvar Man U kamp. S.Vest er mest opptatt av å kløyva og saga ved. Me alle ladar opp te den store dagen i Osterøyhallen når JMK fylle 60 år og Jajen fyller 50 år. Den eine eit fotballfi losofi sk unikum som gjennom bedriftsfotballen i Osterøy freista å planta inn ”lange ballar på vingane”, og Jajen (Jan Arve Johannsen) ein meir eller mindre Leeds fan, som er sterkt påverka av S.Vest Man U fi losofi . Men uansett skal Leeds rykkja opp bør kvar kamp kjempast som ein cupfi nale. Det er då ein kan stå på Nipetoppen i påskefj ellet og ropa ut Super Leeds, og høyra applausen frå Hausbygda, med ihuga Leeds fans som Vatle Roalden, og Svardal Sven i spissen. Det går mot store tider for Leeds. Eg trur faktisk det går mot kvalik eller direkte opprykk, og då kan Liverpool Tore og dei andre høyra den fotballmessige sanninga og ævæ ein gong for alltid.. Fotballen med religiøse under tonar: Leeds United. Super Leeds....

God Påske og ein her heilt sikker at Påskemorgen slukker sorgen, for han har oss give lyset og livet: Leeds United, og forresten kom mai du skjønne milde med oppryk. Då er verket fullendt, i alle høve for denne sesongen.

Kurt Olav Helle

This article is from: