7 minute read

55 På nett... 57 Nytt fra Elland Road

Next Article
61 Swede Leeds

61 Swede Leeds

LOK LOK LOK LOK LOKALHI ALHI ALHI ALHI ALHIS S S S ST T T T TORI ORI ORI ORI ORISK SK SK SK SK HJ HJ HJ HJ HJØRNEØRNEØRNEØRNEØRNE Av: Kurt Olav Helle S S S S SOGA OM MAOGA OM MAOGA OM MAOGA OM MAOGA OM MAN UN UN UN UN U, S. VE, S. VE, S. VE, S. VE, S. VES S S S ST T T T T,,,, , T T T T TØMMERKLOØMMERKLOØMMERKLOØMMERKLOØMMERKLOA, HÆLA, HÆLA, HÆLA, HÆLA, HÆLSP SP SP SP SPARK ARK ARK ARK ARKE E E E ET OGT OGT OGT OGT OG DEN DEN DEN DEN DEN RE RE RE RE RETT TT TT TT TTE FOE FOE FOE FOE FOTB TB TB TB TBAL AL AL AL ALLME LME LME LME LMESSIGE SSIGE SSIGE SSIGE SSIGE TRUA. TRUA. TRUA. TRUA. TRUA.

EI EI EI EI EI HI HI HI HI HIS S S S ST T T T TOR OR OR OR ORIE FRÅIE FRÅIE FRÅIE FRÅIE FRÅ LOK LOK LOK LOK LOKALMIL ALMIL ALMIL ALMIL ALMILJ J J J JØEØEØEØEØET T T T T

Advertisement

I skrivande stund har Leeds United vunne alle sine kampar. Sjølv om det går rette vegen poengmessig sett, er det ymse ”fotballmessig ugrass” som bør ordnast opp i før ting og tang kan befesta seg i ustabile sinn. S.Vest (Svein Øyvind Veseth) har visst tatt i bruk tømmerkloa si og hanka inn den eine og andre fansen som er fråfallen frå den rette fotballmessige tru der Leeds United er vegen, sanninga, og livet. Når S. Vest set seg i sulkyen (førersetet) på tømmerbilen Timbermann transport, er visst ingen trygg for å ikkje verta omvendt til Man U. Det er trist for oss som har den Bremnerske ånda med oss frå 70 talet, og væra vitne til det som skjer. Siden ein har vorte truga med både det eine og det andre, inklusive ”pressens faglige utvalg” visst ein angjev utbrytarane, som lever i eit følelsesmessig kaos der ein skal byrja å halda med Man. U. i vaksen alder, nevner ein ikkje namn, men dei som veit om det, veit det nok, og burde hatt ein tur i skammekrokjen te ho Herbjørg (legendarisk Småskulelærar). Dette høyrer ikkje heime. Det er no klubben treng oss når ein skal hjelpa dei oppover tabellen. Skamma seg, og ein finn ikkje ord.... I midten av Oktober byrjar Old Boys treningane igjen i Osterøyhallen. Det verdt hardt for meg og LUSCOS medl. Janson (Eivind Solberg d.y) og kunne hanskas med Arsenal fansen, Liverpool fansen, og dei eller den fråfalne, som vandrar i myrkets dal. I alle høve har eg no støtte frå Reidar Skistad (Hidn) Tottenham-fan, når enkelte byrjar å bryska seg og vil ta over føringa i hallen. S.Vest prioriterer måndagstreningane med Hidn. Fotball er ingen frøkensport, sa Janson når S.Vest stillte inn skytset, og innførte ”hælesparket” som han meiner han oppfant på ein OIL treningsleir på Gol i Osterøyhallen. Etter enkelte meir eller mindre usikre kjelder vert det delvis bekrefta av dei som hugsa at dei var tilstades på treningsleiren at hælsparkets opprinnelse vart skapt av S. Vest på Gol. Etter å ha kjørt ein Roy Keansk galopp mot ex-LUSCOS medl. Lato (Olav Sturle Lohne) inn i ei takling i Osterøyhallen, der kommentarene i ettertid ikkje høver seg på trykk, sjølv i eit frilynd magasin som Peacock News, trudde ein at S. Vest ville trappa ned den psykiske krigsføringa mot Leeds-fansen, og andre som var usikre på den rette “fotballmessige” trua. Etter dette trudde ein at S. Vest som nær hadde kvesta Lato,frå Bruaneset, (han har i allehøve styrkje til å halda med Leeds, sjølv om han ikke er medlem i LUSCOS meir) vart meir tagal, men no verkar det som han har omvendt andre til Man U. Kan det væra kombinasjonen med Uriah Heep, tømmerkloa, og hælesparket som har fått dei til å gå frå fotballmessig ”katolisme” til simple ”fotballmessige protestanter”? Teoriane er mange i Nesjavegen. Liverpool-fansen på Leitet, Stepp og Lohnin planlegg visst Liverpooltur i november. Stepp og Lohnin viser i allehøve medmenneskelig omsut, der Stepp vil ha dei tilbake til den divisjonen dei høyer heime i. Premiere League er det vel det heiter? Uansett 6 sigrar i skrivande stund er eit svært godt utgangspunkt for at i det beste fall at dei ligg midt på tabellen ved joletider. Då kan ein ta på seg den kvite drakta og gjera seg klar for Ribbecupen. Ein byrjar å verta lei av å grava seg ned i fortida, for å

LOK LOK LOK LOK LOKALHI ALHI ALHI ALHI ALHIS S S S ST T T T TORI ORI ORI ORI ORISK SK SK SK SK HJ HJ HJ HJ HJØRNEØRNEØRNEØRNEØRNE

finna den fotballmessige ånda. Snart sløkkjer ein uansett dei analoge TV-signala, og svartstripene og snøen forsvinn frå TV-apparatet, og ved hjelp av ein digital box der Valingen Svein Ove Søreide er kommunikasjonsdirektør i Riksmedia, eller kva dei kallar seg lovar alfa og omega for ein tusing, berre du får kobla til boxen. Men trur du han kan lova Leeds-kampar? Nei, dei fleste der nedafor feristæ (nabobygda Valestrand der Valingane kjem i frå) held med Liverpool etter kva lokalfrætte fortel, enten det er Bullabakkjen (Elvikjen) eller noko andre. Når ein var mindre gjekk ein ofte opp Hatlandsbakkane for å spela fotball. Eg fekk mange gode råd underveis korleis eg skulle værta like god som dei i Super-Leeds. Det beste rådet angra eg bittert på at eg ikkje fylgde. Eg traff nemlig han Bakers (Øystein Solberg), som fortalde meg at han hadde lagt merke til at eg var rask til beins etter å ha sett meg i ein B-kamp, men eg hadde ikke særlig styrke. Han meinte at eg burde fylla ein sekk med murstein og jogga rundt Solbjørg, medan han kjente på musklene mine. Eg gjorde det aldri, men tenkjer i ettertid at kanskje eg kunne ha spelt meg inn på Alaget til Osterøy visst eg hadde fulgt desse råda… Tenk kombinasjonen med smågutertenaren Skisten sin løpsfilosofi og Bakers sine råd, og sett på kva fotballspelarar ein kunne ala frem med den trenarfilosofien. Det var ingen som snakka om langpasning på den tida. Det var rå styrke, og knallharde taklingar som sikkert S. Vest er farga av. Til meg sa dei: Han

set no berre bort i ei krå og les i Fantomet. Kan ikkje verta fotballspelar av han du...

Som sagt no må ein sjå framover. Leeds hadde toppa League One viss ikkje dei 15 poenga i minus hadde talt med. Vil denne sesongen frambringa eit tap eller ein uavgjort kamp spør ein seg. At villfarende sjelar som truar med å skifta klubb, skapar dårlig stemning blant Leeds-fansen i nærleiken er noko som bør få Man. U. disiplene til å væra tagale når Leeds tar nokre kraftige byks på tabellen. Ein er uansett spent på korleis formen til Old Boysane/ Veteranane er no framføre” treningsstart” i Osterøyhallen. Blir det den vanlige utvekslingene om kva som skjer i Premiere League? Då skal eg bryska meg med Leeds drakta framføre Jon Bonde ætlingene, og forklara at; “Leeds United er ein

klubb som heldt til i heilt annan Liga enn Arsenal, Liverpool, og Man. U. Nemleg League

One.” Om det går inn er ei anna sak, eg sei berre;

Døm dei ikkje, for dei veit ikke kva dei gjer.

For å sitera 3 Busserulls med låta: De små fagre gudsord fra Landet om kva hovudpersonen er opptatt av og dei tre tinga som og står i hovudet på mange her i nærleiken truleg: Trailere, countrymusikk, og kvinnfolk. Er det rart at dei ikkje finn noko anna fornuftig syssell? Me som har funne sanninga, vegen, livet veit kva som manglar i livet deira: Leeds United veit kva som er meininga med livet. No går det rette vegen mot Championship, og so Premier League i to korte byks. Etter å ha sett det fotballmessige ljoset, vel eg være optimist, so får ein ”arrestera” meg visst tar eg feil. Tømmermannsklo, hælspark, og Man. U. misjonering har i alle høve ikkje omvendt meg. Super Leeds forever, og det burde ”villfarne ” sjeler og ha forstått… Me kjem tilbake, og då må det sterkare tru til enn tømmerkloa skal hanka inn folk som har missa trua på Super Leeds. Den Bremnerske ånda er tilbake

før ein veit ordet av det...

Kurt Olav Helle, 5282 Lonevåg….

BETAL KONTINGENTEN BETAL KONTINGENTEN BETAL KONTINGENTEN BETAL KONTINGENTEN BETAL KONTINGENTEN

FÅR DU GIRO OG EN LITEN PÅMINNELSE FÅR DU GIRO OG EN LITEN PÅMINNELSE FÅR DU GIRO OG EN LITEN PÅMINNELSE FÅR DU GIRO OG EN LITEN PÅMINNELSE FÅR DU GIRO OG EN LITEN PÅMINNELSE mED DENNE UTGAVEN AV T.P.N. HÅPER VI mED DENNE UTGAVEN AV T.P.N. HÅPER VI mED DENNE UTGAVEN AV T.P.N. HÅPER VI mED DENNE UTGAVEN AV T.P.N. HÅPER VI mED DENNE UTGAVEN AV T.P.N. HÅPER VI DU BETALER DENNE SNAREST. DU BETALER DENNE SNAREST. DU BETALER DENNE SNAREST. DU BETALER DENNE SNAREST. DU BETALER DENNE SNAREST.

This article is from: