Page 1

Kommunereform; utgreiing av Lom–Skjük alternativet 2015


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

2

Kommunereform; utgreiing av Lom–Skjåk alternativet


Kommunereform; Skjük–Lom alternativet 2015

3

2015


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

4

INNHALD INNHOLD Forord 5 1. Innleiing/bakgrunn 6 2. Samandrag 8 Bakgrunn.............................................................................................................................................................8 Utfordringar.......................................................................................................................................................8 Mulegheiter........................................................................................................................................................9 Effektar av samanslåing................................................................................................................................9 Saker som må avklarast ved ei samanslåing........................................................................................10 3. Lokale vedtak 14 4. Organisering av arbeidet 16 5. Tidsplan for arbeidet 17 6. Statlege føringar 18 7. Kort om dei to kommunane 20 8. Demografi- folketalsutvikling og alderssamansetjing 24 Andre utfordringar.........................................................................................................................................27 Oppsummering...............................................................................................................................................27 9. Tenestyrarrolla 28 Generelt.............................................................................................................................................................28 Oppvekst og utdanning – barnehage og skule...................................................................................... 33 Kultur................................................................................................................................................................ 36 Helse- ,omsorg- og sosialtenester............................................................................................................37 Flyktningtenester.......................................................................................................................................... 43 Teknisk drift..................................................................................................................................................... 43 Plan og miljøvern........................................................................................................................................... 43 Oppsummering -tenester............................................................................................................................ 45 10. Oppgåver og utfordringar som krev samarbeid på tvers av kommunegrensene. 46 11. Økonomiske nøkkeltal 48 Kraftinntekt......................................................................................................................................................51 12. Kommunen som myndigheitsutøvar 54 Generelt............................................................................................................................................................ 54 Kapasitet og kompetanse........................................................................................................................... 54 Juridisk kompetanse.................................................................................................................................... 54 Omfang av klager...........................................................................................................................................55 Gode rutinar og system for myndigheitsutøving..................................................................................55 Habilitetsutfordringar...................................................................................................................................55 13. Kommunane som samfunnsutviklarar 56 Utfordringar knytt til langsiktig og heilskapleg utvikling.................................................................. 56 Næringsutvikling og sysselsetting........................................................................................................... 56 Sysselsetting...................................................................................................................................................57 Verkemiddelapparat for næringsutvikling............................................................................................. 60 Evne til å gjennomføre vedtak i plan – og utbyggingssaker..............................................................61 14. Kommunane som demokratisk arena 62 Generelt.............................................................................................................................................................62 Lokaldemokratisk organisering og deltaking.........................................................................................62 15. Innovasjon og nyskaping 68 16. Viktige spørsmål for ei ny kommune 70 Problemstillingar som må avklarast....................................................................................................... 70 Namneval..........................................................................................................................................................72 17. Mal for intensjonsavtale 74 Vedlegg 1...........................................................................................................................................................77 Interkommunalt samarbeid Skjåk kommune........................................................................................78 Interkommunalt samarbeid Lom kommune..........................................................................................79


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

5

FORORD Stortinget har bestemt at alle kommunane i landet skal vurdere samanslåing med ei eller fleire kommunar. Kommunestyra i Lom og Skjåk vedtok hausten 2014 at dei ville vurder eit Lom og Skjåk alternativ. Denne rapporten er resultatet av dette arbeidet. Takk til styringsgruppa som har delteke med engasjement og positivitet i arbeidet! Eli Johanne Lundemo Prosjektleiar


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

6

1

BAKGRUNN

Stortinget har ved handsaming av saka våren 2014 vedteke følgjande overordna mål for kommunestrukturen framover. Den skal bidra til: «• Gode og likeverdige tjenester til innbyggerne • Helhetlig og samordnet samfunnsutvikling • Bærekraftige og økonomisk robuste kommuner • Styrket lokaldemokrati » Fleirtalet i kommunal- og forvaltningskomiteen i Stortinget understreka at alle kommunar har eit ansvar for å greie ut minst eitt samanslåingsalternativ. I Oppland har fylkesmannen eit ansvar for prosjektrettleiing og for å sikre framdrift blant kommunane i fylket. 10. desember 2014 skulle alle kommunane sende planar for vidare arbeid, og kva for kommunar den enkelte kommune vil utgreie ei samanslåing med. Av ulike grunnar har hovudalternativet for Lom og Skjåk kommunar vorte ei utgreiing av ei bilateral samanslåing av dei to kommunane. Andre alternativ kan vere Nord-Gudbrandsdalen eller Ottadalen (Sel, Vågå, Lom og Skjåk eller nabokommunar i Sogn og fjordane eller Møre og Romsdal). Lesja og Dovre og Sel og Vågå har tilsvarande bilaterale prosessar for samanslåing. I Meld. St. 12 (2011–2012) Stat og kommune – styring og samspel omtalast kommunenes sine fire roller. Dette er rolla som • Tenesteytar • Myndeutøvar • Samfunnsutviklar • Demokratisk arena. I rettleiaren som Kommunal- og moderniseringsdepartementet har utarbeidd til bruk i arbeidet med reforma, blir kommunane oppfordra til bruke desse fire rollene som grunnlag for analysane, jf boks 1. I tillegg blir kommunane bedne om å beskrive utfordringsbildet framover, og kva utviklingsmulegheit kommunane har som eiga kommune og/eller saman med andre. Dette dokumentet gjev ei beskriving av dagens situasjon i Skjåk og Lom, og ei vurdering av mulege løysingar og effektar av ein ny kommune. Talgrunnlaget er offentleg statistikk og utgreiingar og verktyet «Ny kommune» som kommunal- og regionaldepartementet har utarbeidd. Målet er at

dokumentet skal vere til hjelp for politikarar i dei vurderingane som må gjerast i forkant av eit vedtak om samanslåing. I tillegg er tilrådinga frå seks arbeidsgrupper nedsett av styringsgruppa for reforma innarbeidd. Desse har vurdert spørsmål knytt til ulike deltema, og har også i nokor grad kome med tilrådingar. Etter dette må det arbeidast vidare med eit vedtaksgrunnlag i form av ei intensjonsavtale eller liknande. Dette vil leggje grunnlaget for ei folkeavstemming. Analyser av tidlegare kommunesamanslåingar (dei siste åra har dette vore frivillige prosessar) viser at dei samanslåingane som lukkast, har hatt tett samarbeid og merksemd retta mot tilsette og deira rettar, og det har vore lagt vekt på å avklare vanskelege spørsmål som sentrumsplassering og namneval så tidleg som muleg i prosessen. For Lom og Skjåk kommunar er det viktig med brei involvering av innbyggjarane i prosessen. Fylkesmannen i Oppland har hatt ei eiga innbyggjarundersøking i Oppland, jf omtale under punktet om demokrati og medverknad. I tillegg vil det for Skjåk sin del bli halde ei folkeavstemming om det forslaget som til slutt blir utarbeidd, Lom har ikkje endeleg avklart dette spørsmålet. Boksen under er henta frå KMD sin rettleiar om arbeidet med kommunereforma, og viser kva for spørsmål som bør drøftast når ein kartlegg kommunen sin status i dag. Denne utgreiinga følgjer departementets innretning i tillegg til ei statusanalyse som viser dagens situasjon for dei to kommunane. Her kjem ikkje tilråding med omsyn til val av løysing, men det blir referert til tilrådingar frå dei ulike arbeidsgruppene som har vore i arbeid.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

7

Boks 1

KOMMUNANE SINE FIRE ROLLER – AKTUELLE SPØRSMÅL Eksempel på spørsmål en kan gå nærmere inn på for å kartlegge status innenfor kommunens fire roller: Tjenesteyter • Hva er sterke og svake sider ved kommunen som tjenesteyter i dag? • Hva er utfordringene i forhold til forventet demografisk utvikling? • Hvilke utfordringer har kommunene når det gjelder kompetanse, spesialisering og rekruttering? • Hva finnes av interkommunalt tjenestesamarbeid? • Hva er status i kommunene når det gjelder økonomiske nøkkeltall?

Myndighetsutøvelse • Skaper mangel på kapasitet og kompetanse utfordringer for myndighetsutøvelsen? • Hvordan er tilgangen på juridisk kompetanse i dag? • Hva er omfanget av klager, og hvordan fordeler disse seg på ulike forvaltningsområder? • Hvordan er saksbehandlingstidene og kvaliteten på saksbehandlingen?

• Har kommunen gode rutiner og systemer for myndighetsutøvelse? Hvilke utfordringer er avdekket gjennom statlige tilsyn? • I hvilken grad er det problemer med habilitet, og hvilke utfordringer skaper dette?

Samfunnsutvikler • Hvilke utfordringer står kommunene foran i dag med tanke på å fremme en langsiktig og helhetlig utvikling, både hver for seg for regionen som helhet? • Hvordan er situasjonen i kommunene når det gjelder befolkningsutvikling, næringsutvikling og sysselsetting? • Hvilke oppgaver og utfordringer krever felles løsninger på tvers av kommunegrensene? • I hvilken grad evner kommunen å gjennomføre vedtak i plan- og utbyggingsaker?

Demokratisk arena • Hvordan er lokaldemokratiet organisert i dag, og hvilke deltakelsesformer er etablert? • Hvordan er rekrutteringen og engasjementet for å drive politisk arbeid? • Hvilke partier er representert og hvordan er aktiviteten i partiorganisasjonene? • Hvordan er valgdeltakelsen og det lokalpolitiske engasjementet? • Hvordan drives lokalpolitisk styring - overordnet styring eller detaljstyring? • Hvordan er forholdet mellom saksmengde og tid til å drive lokalpolitikk i kommunestyret? Kjelde: Kommunal- og moderniseringsdepartementet


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

8

2

SAMANDRAG

Bakgrunn

Utfordringar

Bakgrunnen for at samanslåing av Lom og Skjåk kommunar blir utgreidd er følgjande:

Utfordringane i åra framover for både Lom og Skjåk kan oppsummerast på følgjande vis: • Negativ folketalsutvikling fram mot 2020 og 2040. • Stadig skeivare aldersfordeling – færre i yrkesaktiv alder og fleire over 80 år. • Mindre endringar kan slå sterkt ut (t.d. vil talet på 90 åringar i løpet av eit år slå sterkt ut på overføringar gjennom inntektssystemet) • Pleie- og omsorgstenestene vil ha sterk behovsvekst. • Kombinasjonen gjer at det kan bli krevjande å skaffe nok kvalifisert personell framover. • Spreiddbygd befolkning, lange avstandar og samferdselsutfordringar skaper utfordringar for tenesteorganiseringa. • Sårbare for endringar i nasjonale prioriteringar (endringar i lovverk, statlege reformer, endringar i økonomiske overføringar, osv). • Rekrutteringssårbarheit – særleg til stillingar som krev spesiell og høg kompetanse (t.d. legar, ingeniørar, helsepersonell med spesialkompetanse, mv) • Tradisjonelle jord- og skogbrukskommunar – endringar i landbruket vil ha store konsekvensar for sysselsetting og busetting. • For liten vekst i næringsliv og for lite nyskaping. • Mykje verna og slik sett bandlagd natur.

• Statleg pålegg om å utgreie minst eitt kommunesamanslåingsalternativ. • Kommunestyra i Lom og Skjåk har vedteke å utgreie Lom-Skjåk-alternativet. • Kommunestyra i Dovre og Lesja og kommunestyra i Sel og Vågå har også vedteke bilaterale samarbeid. • Utgreiinga skal vere ferdig hausten 2015, med sikte på vedtak om eventuell samanslåing vår 2016 og ev. ny kommune vil vere etablert frå 1. januar 2020. • Formannskapa i Lom og Skjåk supplert med tilsetterepresentantar og ungdomsrådsrepresentantar er styringsgruppe for arbeidet. • Seks arbeidsgrupper med politiske representantar og tilsette i dei to kommunane har vurdert særskilte tema i reformarbeidet. Dette er : – Gruppe 1 Næring, naturforvaltning, miljø, klima og kraft – Gruppe 2 Arbeidsgjevarpolitikk og rekruttering – Gruppe 3 Nyskaping og innovasjon – Gruppe 4 Oppvekst – barn og ungdom – Gruppe 5 Helse, sosial og omsorgstenester – Gruppe 6 Infrastruktur og sentrumsplassering • Skjåk kommunestyre har vedteke å ha ei folkeavstemming, noko som må skje i forkant av vedtak vår 2016. I Lom er det ikkje teke stilling til dette. • Etter utgreiinga blir det utarbeidd ei intensjonsavtale med føringar for arbeidet med ei ny kommune. • Styringsgruppa held fram som forhandlingsutval fram til nye kommunestyre vedtek anna.

STØRRE NÆRINGSAREAL OG STØRRE AREAL FOR BUSTADTOMTER. AUKA HANDLEFRIDOM FOR INNBYGGJARANE MED OMSYN TIL KVAR DEI SKAL BU.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

9

Mulegheiter • • • • • • • • • • •

Godt utbygde tenester i båe kommunane i dag. Relativt stabil kommuneøkonomi. Langsiktige kraftrettar. Låg arbeidsgjevaravgift. Kjem inn under dei distriktspolitiske verkemidla for økonomiske overføringar. Har til nå klart å skaffe relevant personell. God bygningsmasse i kommunale bygg. Dei to kommunane i lag har god tilgang på næringsareal og bustadtomter. Til saman vil kommunane få eit større næringsfond. Satsinga å utbygging av breidband har starta. Stabilt og føreseieleg klima.

Effektar av samanslåing Ulemper • Vil framleis bli ei folketalsmessig lita kommune (vel 4 500 innbyggjarar). • Samanslåing vil ikkje aleine løyse utfordringane med folketalsnedgang – andre tiltak må i så fall settast inn. • Staten har signalisert at større kommunar skal få nye oppgåver, og legg til grunn ein kommunestoreik på 15–20 000 innbyggjarar. Ein ny kommune vil i utgangspunktet vere for liten til å påta seg oppgåver slik Kommunal- og moderniseringsdepartementet har kome med forslag om (og Stortinget seinare har slutta opp om). • Svært like kommunar – få komparative fordelar. • Kulturskilnader/konkurransekulturar? • Vanskeleg å få full effekt i tenestene pga avstandar og spreidd busetnad. • Behov for kompensatoriske tiltak.

Fordelar • Større fagmiljø i dei kommunale tenestene • Økonomiske synergiar på sikt, reduksjon i leiarstillingar og administrativt personell. • Større politisk handlingsrom. • Større nominell budsjettramme. • Større næringsfond og monalege kraftinntekter. • Det kjem økonomiske overføringar frå staten i samband med samanslåing som vil kunne nyttast til nyskaping og vekst. • Større næringsareal og større areal for bustadtomter. Auka handlefridom for innbyggjarane med omsyn til kvar dei skal bu. • Felles arbeidsregion i dag – vil ikkje bli endra og for mange vil ikkje skilnaden i det daglege bli svært stor. • Færre interkommunale samarbeid. • Mindre kostbar politisk styring (eitt kommunestyre, eitt formannskap og færre politikarar). • Betre utnytting av kompetanse innan miljø- og naturforvaltning, meir slagkraftig forvaltning av nasjonalparkane. • Utmarksforvaltninga vil kunne bli styrka. • Større økonomisk muskel – enklare å få til innovasjon og nyskaping? • Noko breiare næringsgrunnlag.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

10

Saker som må avklarast ved ei samanslåing I arbeidet med ei intensjonsavtale må ein del viktige problemstillingar avklarast: • Må ein i ei overgangsperiode tåle at det blir noko skeivfordeling mellom innbyggjarar i ulike delar av den nye kommunen – t.d. ved bruk av næringsfond? • Kraftrettar og disponering av kraftinntekter – ein ny kommune vil i utgangspunktet ta over dei rettane kvar av kommunane har til uttak og sal av kraft. Men det ligg føre fleire særavtaler, og det må gjerast ei særskilt vurdering av desse. • Eigedomsskatt – berre verker og bruk – eller også på bustadeigedom? • Sentrumsplassering – Fossberg eller Bismo – og korleis skal funksjonar fordelast mellom tettstadane? • Kva skal den nye kommunen heite? • Kva for kommunevåpen skal ho ha? • Administrative system – arkiv, personalregelverk og internkontrollsystem – må harmoniserast. Tabellen på neste oppslag viser ei oppsummering av status for Lom og Skjåk og konsekvensar av ei samanslåing.


Kommunereform; Skjük–Lom alternativet 2015

11


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

12

Tab 1 Lom og Skjåk-alternativet skjematisk Dimensjonar

Lom

Skjåk

Ny kommune

Merknad

utviklingstrekk Folketalsutvikling 2015–2020–2040

Negativ

Negativ

Negativ

Å slå saman kommunane vil ikkje isolert sett medføre ei positiv folketalsutvikling.

Alderssamansetjing

Færre i yrkesaktiv alder Fleire eldre

Færre i yrkesaktiv alder Fleire eldre

Færre i yrkesaktiv alder Fleire eldre

Å slå saman kommunane vil ikkje endre trenden

tenestebehov i årsverk pr 1000 innb Skule

26,6

25,7 Behovet i ei ny

24,7

kommune vil vere lågare enn for Lom, høgare enn for Skjåk Barnehage

20,6

18,8 Behovet i ei ny

17,1

kommune vil vere lågare enn for Lom, høgare enn for Skjåk Pleie- og omsorg

116,6

111,2 Behovet i ei ny

105,8

kommune vil vere lågare enn for Lom, høgare enn for Skjåk Næring

Primærnæring 16% Sekundær 15% Tertiær 69%

Primærnæring 16% Sekundær 26% Tertiær 58%

Primærnæring 16% Sekundær 20% Tertiær 64% Planprosessar for tida i gong i båe kommunane

Plan og miljø – kommuneplansamfunnsdel

7 år

3 år

– arealdelen

11 år

3 år

Må utformast ny plan i ny kommune

administrasjon og leiing Stillingar Rådmann

1

1

1 Innsparing ei stilling

som rådmann Skulefagleg ansvarleg

1

1

1 Ei stilling spart

Helse- og omsorgsadministrasjon felles leiing

1

1

1 Ei stilling spart

Tekniske tenester leiing

1

1

1 Ei stilling spart

Plan og miljø

3

3

Innsparing


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

13

Dimensjonar

Lom

Skjåk

Ny kommune

Merknad

Økonomi Driftsresultat

-1,1

3,2

Netto lånegjeld i kr pr. innb. pr. 2014

56 062

11 092

Kraftinntekter – inntekt 1000 kr2

21 300

36 300

Fond 1000 kr

67 629

76 679

5 187

15 714

17

21

Usikkert

56 600 Gjeve at det ikkje kjem

endringar i statlege reglar

Eigedomsskatt – inntekt 2014 Politisk leiing Kommunestyremedlemmer Utval

? innsparing

innsparing

Utmarksforvaltning Bustadtomter Lom sentrum og Bismo

12 tomter

Ca. 80 tomter

20 daa foreslått på Kulihaugen

40 tomter under planlegging

20 daa foreslått i industriarealet som kombinert næring/ bustad Næringsareal Lom Sentrum og Bismo

12 daa + 12 daa foreslått i kommune delplan

92 tomter

50 daa

2 Her er inntekter frå konsesjonskraft, avtalekraft, konsesjonsavgift som er korrigert i fht. is og eigedomsskatt verker og bruk.

62–74 daa


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

14

3

LOKALE VEDTAK

SKJÅK KOMMUNESTYRE «Vedtak i Skjåk kommunestyre - 26.06.2014 1. Kommunestyret oppnemner ei politisk nemnd som ser på dei ulike sidene ved kommunereforma. Formannskapet blir politisk nemnd/prosjektgruppe. 2. Rådmannen peikar ut prosjektleiar og båe tiltrer prosjektgruppa. 3. Prosjektet skal sjå på ulike handlingsalternativ og dei ulike konsekvensane av dette. 4. Det etablerast eit nært samarbeid med regionkontoret og dei andre kommunane i regionen. 5. Arbeidet skjer i perioden 2014–2016, og tilpassast dei statlege og regionale tidsplanane. 6. Det blir søkt om eksterne midlar til å gjennomføre prosjektet.»

LOM KOMMUNESTYRE HADDE FØLGJANDE UTTALE OM REFORMA: «Kommunestruktur/kommuneproposisjonen Administrasjonssjefen orienterte om kommuneproposisjonen og status for vedtak om kommunestruktur og samarbeid i dei andre kommunnane i Nord-Gudbrandsdalen. Ordførar orienterte om status i saka og viste til forslag til uttale frå kommunestyret vedr kommunestruktur som er sendt kommunestyret til møtet. Kommunestyret drøfta saka og ga tilslutning til følgjande uttale: «Med bakgrunn i den føreståande prosessen med kommunereform som er tydeleggjort i innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen til kommuneproposisjon 2015 gjer kommunestyret følgjande uttale: Lom kommune ynskjer utredning av samanslåing med andre kommunar. • Ei ny framtidsretta og robust kommune må vera turfta i omsyn til innbyggjarar, næringsliv, lag og organinsasjonar. • Involvering av innbyggjarar, næringsliv og tilsette vil bli vektlagt i prosessen. • Eit godt fungerande lokaldemokrati er ein viktig føresetnad. Med bakgrunn i dette blir Skjåk kommunestyre og Vågå kommunestyre invitert tilfelles utredningsarbeid for samanslåing av kommunane. Utredningsarbeidet blir tufta i grunnlag og framdrift i kommuneproposisjonen for 2015. Kommunereform – framdriftsplan Ordførar orienterte om status i arbeidet med kommunereformen. Ordførar viste til uttale som kommunestyret ga i saka i møtet den juni. Ordførar refererte denne uttala i si heilheit for kommunestyret, noko kommunsetyret tok til etterretning. Ordførar orienterte om avtale med Skjåk om felles arbeidsmøte mellom formanskapa i Lom og Skjåk om ettermiddagen den 3. februar. Ordførar orienterte om at plan for arbeidet med kommunereformen vil bli utarbeidd deretter. »


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

15

I felles møte mellom formannskapet i Lom og kommunereformnemnda i Skjåk var det semje om følgjande: • Lom og Skjåk jobbar saman. Og det blir utarbeidd ein felles plan for kommunereformarbeidet. • Kommunane opptrer i fellesskap også i høve til andre kommunar/regionar. • Planen er ferdig til 10. des.14. • Det blir sett av felles administrative ressursar. • Inkludering av tilsetterepresentantar og ungdom. I eit seinare møte (18. oktober 2014) var partane samde om følgjande: Framover må det lagast felles utgreiingar og det må lagast ein felles informasjonsplan for arbeidet. Så fort som råd må ein gå inn på tenestestrukturen for å vurdere mulege strukturendringar og gje ei skisse over korleis tenestene skal sjå ut framover. Det er viktig å halde oppe tenestenivået framover, og brukarnære tenester må framleis vere brukarnære i ein ny kommune. Dørene må vere opne til dei andre kommunane i regionen, samstundes som vi inngår samarbeid med nabokommunane vestover. I samband med felles plan for arbeidet og felles søknad til fylkesmannen om skjønnsmidlar, gjorde kommunestyra slike vedtak:

KOMMUNESTYRET I SKJÅK: Fordi Skjåk allereie hadde vedtak om organisering av arbeidet, vart handsaminga og vedtaket denne gongen retta inn mot den planen som skulle sendast fylkesmannen. I vedtaket av 27.11.2014 i Skjåk kommunestyre heiter det: 1. Skjåk og Lom kommune sender likelydande planar til fylkesmann i Oppland innan 10.desember. 2. Planen viser korleis organiseringa av arbeidet er lagt opp og kva for ein tidsplan vi arbeider innanfor. 3. Kommunestyra blir involverte regelmessig i løpet av prosessen. 4. Sektorutvala blir involverte i prosessen i saker som går bl.a. på tenesteutforming, kommuneøkonomi og demokrati. 5. Tidsplan for arbeidet: Våren 2016.

LOM KOMMUNESTYRE: Vedtak i Lom kommunestyre 9.desember 14. «Saksprotokoll i Kommunestyret - 09.12.2014 Vedtak 1. Lom kommune ynskjer utredning av grunnlag for samanslåing med Skjåk kommune, og sluttar seg til framlagte planar for utredning og framdrift.

2. Formannskapet for ansvaret for å følgje opp vedtatt framdriftsplan og innhald. Formannskapet kan forhandle fram endring av framdriftsplan og innhald for ny godkjenning i kommunestyret. 3. Det blir levert felles søknad om skjønnsmidler for Lom og Skjåk kommunar til dekning av utgifter til utgreiingsarbeidet. 4. Det blir forutsett at kommunane i region Nord-Gudbrandsdal har løpande og gjensidig orientering om sine respektive prosessar knytt til kommunestruktur. Lom kommune er i tillegg open for vurdering av ein samanslåing med andre kommunar enn Skjåk, dersom partane finn det aktuelt. Samrøystes.»

FORMANNSKAPET I LOM HAR SEINARE GJORT SLIKT VEDTAK:

Kommunereformen

Administrasjonssjefen orienterte frå innbyggjarundersøkjinga og presenterte resultatet for Lom kommune. Resultata er lagt ut på heimesida til kommunen. Ordførar orienterte om at Lom og Skjåk kommunar har fått tildelt kr 600.000 i fellesskap til arbeidet med kommunereform. Ordførar viste til søknad om skjønnsmidlar og GANT-skjema som er utarbeidd i høve kommunereformarbeidet. Ordførar viste til behovet for felles prosjektmedarbeidar for kommunereformarbeidet , m.a. med utgangspunkt i prosjektgrunnlag og framdriftsplan. Ordførar utfordra og på organisering av folkevald medvirkning og styring av prosessen. Formannskapet drøfta dette. Formannskapet foreslår at det blir oppretta ei kommunevis valnemnd for etablering av omforeinte arbeidsgrupper.  Arbeidsmåte og oppnemning må koordinerast  med Skjåk kommune.  Dette er ynskjeleg å avklare i felles formannskapsmøte.  I det møtet er det ynskjeleg med oversikt over arbeidsgruppa med mandat samt foreslått framdriftsplan.  Vidare kan møtet  avklare felles  administrativ prosjektressurs og  evt tilknyting av eksternt rådgjevingsmiljø.» Innbyggjarundersøkinga som det er vist til i vedtaket, vil bli omtalt seinare i dette dokumentet, under innbyggjarinvolvering.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

16

4

ORGANISERING AV ARBEIDET

Formannsskapa i Lom kommune og Skjåk kommune har vore politisk nemnd for kommunereforma, supplert med rådmennene, representantar frå ungdomsråda og dei tilsette i dei to kommunane. Desse har vore med i arbeidet: Frå Skjåk kommune: Ordførar Rolv Kristen Øygard, Arid de Presno, Aud Hove, Tor Jevnheim, Bente Aamodt, Solfrid Risheim (for dei tilsette), Oda Stensgård (Ungdomsrådet), rådmann Svein Holen. I tillegg har følgjande vararepresentantar delteke: Per Lars Lien, Odd Solheim. Frå Lom kommune: Ordførar Bjarne Eiolf Holø, Anne Lise Marstein, Mai Bakken, Odd Arne Kroken, Kristian Frisvold, Hilde Vikan (tilsetterepresentant), Oda Aakre (representant for ungdomsrådet i Lom), rådmann Ola Helstad. Eilev Hellekven har vore inne som vararepresentant. Styringsgruppa sette våren 2015 ned seks arbeidsgrupper med ulike tema, jf vedlegg. 31 1. Næring, naturforvaltning, miljø, klima og kraft 2. Arbeidsgjevarpolitikk og rekruttering 3. Nyskaping og innovasjon 4. Oppvekst – barn og ungdom 5. Helse, sosial og omsorgstenester 6. Infrastruktur og sentrumsplassering Arbeidsgruppene hadde frist 20. juni 2015 med å rapportere frå arbeidet. Eli Johanne Lundemo frå Skjåk kommune har vore prosjektleiar for arbeidet. Tilsette i Lom og Skjåk har vore sekretærar i dei seks ulike arbeidsgruppene. Prosjektet fekk for 2015 600 000 kroner i skjønnsmidlar frå fylkesmannen. Kommunane har ein eigendel på 200 000 kroner kvar. I tillegg har KMD signalisert at dei stiller kr 100 000 til rådvelde pr. kommune til informasjon og høyring av innbyggjarane. Dette er førebels ikkje utbetalt. I utgangspunktet baserer kommunane seg på eigne krefter, men det er aktuelt å hente inn spesialkompetanse knytt til spesielle tema, som kraftrettar og kraftforvaltning.

3 Jf vedlagde arbeidsgrupperapportar.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

17

5

TIDSPLAN FOR ARBEIDET

Staten har bede kommunane om å velje mellom to alternative handlingsløp. Det eine vil leie fram til ny kommune frå 1. januar 2017, det andre frå 1. januar 2020. For Lom og Skjåk er det det siste alternativet som er realistisk. Dette løpet inneber at utgreiingsarbeidet sluttførast i løpet av 2015, og at dei to kommunestyra fattar vedtak om samanslåing eller ikkje i løpet av vår-halvåret 2016. Ei intensjonsavtale for Lom og Skjåk må vere ferdig rett over nyttår 2016 og vere utfrma slik at den kan danne grunnlag for folkeavstemming. Ei folkeavstemming må skje tidleg vår 2016. Om det blir positive vedtak i båe kommunane vil ein gå over i iverksetjingsfasen frå andre halvår 2016 til ny kommune er på plass 1. januar 2020.

OM DET BLIR POSITIVE VEDTAK I BÅE KOMMUNANE VIL EIN GÅ OVER I IVERKSETJINGSFASEN FRÅ ANDRE HALVÅR 2016 TIL NY KOMMUNE ER PÅ PLASS 1. JANUAR 2020.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

18

6

STATLEGE FØRINGAR

Det rettslege grunnlaget for kommunesamanslåingar er den såkalla inndelingslova. Denne regulerer prosessar i samband med grensejusteringar eller grenseendringar mellom kommunar eller fylkeskommunar. Arbeid med ny kommune må følgje denne lova. Kommunereformspørsmålet har vore behandla i Stortinget ved fleire høve, seinast i samband med stortingsmelding 14 (2014–2015) Kommunereformen – nye oppgaver til større kommuner og Stortinget si innstilling til denne. Her er det peikt på ei rekkje oppgåver som kan vere aktuelt å leggje til kommunane, gjeve m.a. at kommunane har ein nødvendig storleik. Dette er oppgåver innan fleire sektorar og som i ulike grad krev auka spesialisering. Felles for desse er at det krevst meir utgreiing før regjeringa vil overføre ansvaret til kommunane.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har laga ein rettleiar for kommunane sitt arbeid med kommunereforma. Her blir det vist til det såkalte ekspertutvalet og deira 10 kriterie for kommunesektoren. KMD seier at dette er kriterier som norske kommunar må vurdere i sitt arbeid med reforma, jf boks 3. I tillegg heiter det om kommunar som vil slå seg saman:

«Endelig vedtak om sammenslåing Kommuner som ønsker å slå seg sammen må gjøre to vedtak: 1. Vedtak om at kommunene ønsker å slå seg sammen. Et slikt vedtak kan være relativt kortfattet, men må være klart og tydelig på at kommunene ønsker å slå seg sammen.

Boks 2 Oppgåver som vurderast overført til kommunane Velferdsordningar

• Rehabilitering • Tannhelse • Basishjelpemidler • Forsøk DPS • Barnevern • Familievern • Boligtilskudd • Varig tilrettelagt arbeid • Arbeids- og utdanningsreiser • Finansiering pasienttransport Tilskudd

Lokal utvikling

• Tilskudd frivilligsentralar • Forenkling av utmarksforvaltning • Lokal nærings- og samfunnsutvikling 4 Meld S 14 72014-2015)

4

• Motorferdsel • Større handlingsrom, plan- og byggesaker • Tilskudd nærings- og miljøtiltak i skogbruk • Tilskudd beite, jordbruk, verdensarv • Konsesjonsbehandling småkraftverk • Enkeltutslippst.illatelser, forurensningslov • Naturforvaltning

Andre oppgåver

• Vigselsrett for borgerlige vielser • Notarialforretninger • Godkjenning svømmeanlegg • Sivile politioppgaver


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

19

Etter at kommunene har fattet vedtak om at de ønsker å slå seg sammen, skal fylkesmannen i samråd med departementet, kalle inn til felles kommunestyremøte. Det fremgår av inndelingslova § 25 hvilke punker som skal drøftes på fellesmøtet: a) forslag til navn på den nye kommunen eller det nye fylket b) antall medlemmer i det nye kommunestyret eller fylkestinget c) kriterier for sammensetning av og funksjoner til fellesnemnd etter § 26 i denne loven d) valg av revisor for virksomheten i fellesnemnden e) oppretting av eventuelle andre fellesorgan for å sikre gjennomføringen av sammenslåingen. 2. Etter at punktene i § 25, og eventuelt andre spørsmål er diskutert i fellesmøte, skal de enkelte kommunestyrene stadfeste enigheten i nye kommunestyrevedtak. Disse vedtakene vil være grunnlaget for en statlig beslutning om sammenslåing.»

Boks 3 Vurderingskriterie 5 1. Tilstrekkelig kapasitet 2. Relevant kompetanse 3. Tilstrekkelig distanse 4. Effektiv tjenesteproduksjon 5. Økonomisk soliditet 6. Valgfrihet 7. Funksjonelle samfunnsutviklingsområder 8. Høy politisk deltakelse 9. Lokal politisk styring 10. Lokal identitet Kjelde: Rapport frå ekspertutvalet

5 Ekspertutvalgets sluttrapport – kriterier for en god kommunestruktur

Ekspertutvalet kjem med følgjande tilråding: • Kommunane bør ha minst 15 000–20 000 innbyggjarar for å sikre ei god oppgåveløysning • Kommunestrukturen bør i større grad nærme seg funksjonelle samfunnsutviklingsområde • Staten bør redusere detaljstyringa og ordningar for politisk deltaking bør vidareutviklast for å sikre gode og slagkraftige demokratiske arenaer • Oppgåvefordelingsutvalets retningslinjer er følgjande (kort oppsummert): – oppgåver skal leggjast på lågaste mulege effektive nivå, – oppgåver som krev utøving av lokalpolitisk skjønn og vurdering bør leggjast til folkevalde organ (dvs. kommunar og fylkeskommunar), – oppgåver som av ulike årsaker ikkje skal la seg påverke av lokalpolitiske oppfatningar og lokalpolitiske forhold, og som derfor er kjenneteikna av standardisering, regelorientering og kontroll, bør i utgangspunktet vere eit statleg ansvar, • staten bør ha ansvaret for oppgåver som gjer krav på sentrale vedtak og som føreset eit nasjonalt heilskapsgrep for god oppgåveløysning, • oppgåver som krev stor grad av koordinering, og/eller oppgåver som har store kontaktflater med kvarandre, bør leggjast til same forvaltningsorgan, • oppgåver som krev stor grad av samordning overfor brukane blir lagt til same forvaltningsnivå, • det myndigheitsorgan som er tillagt ansvar og vedtakskompetanse for ei oppgåve skal også ha ansvaret for å finansiere utgiftene til oppgåveløysinga (det finansielle ansvarsprinsipp). Stortinget sitt fleirtal har slutta seg til desse prinsippa.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

20

7

KORT OM DEI TO KOMMUNANE

Lom og Skjåk kommunar ligg i Oppland fylke. Dette er innlandskommunar med store landareal med fjell og vidde, med spreidd befolkning og lange avstandar til dei fire største byane. Dei to kommunane var ei kommune fram til 1866, da dei av ulike grunnar vart delte. (150 års jubileum som to sjølvstendige kommunar i 2016).

Bismo

Lom


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

21

SKJÅK ligg lengst vest i Ottadalen og grensar i nord til Norddal, Rauma og Lesja i aust, søraust til Lom, sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Nasjonalparkane Breheimen og Reinheimen ligg delvis i Skjåk. Skjåk har eit areal på 2140.45 km2, av dette er 75 km² vatn, 19 km² landbruksareal, 129 km² pro-

duktivt skogareal og 1917 km² anna landareal. Skjåk er den kommunen i landet som har størst prosentvis verna område, p.t. er om lag 80 pst. av kommunens areal verna etter Naturvernlova. Folketalet i 2014 var 2264 innbyggjarar. Kommunesenteret er Bismo med om lag 600 innbyggjarar.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

22

LOM kommune ligg aust for Skjåk, og har eit areal på 1969 km². Tilgrensande kommunar er Skjåk, Vågå, Luster og Vang. Over 90 pst. av arealet i Lom er høgfjell over 900 m.o.h., og det er 1 pst. dyrka jord og 4 pst. produktiv skog. Prosentvis fordeler arealet seg slik: 7 pst.

bre, 77 pst. snaufjell, 4 pst. elvar-/innsjøar, 9 pst. skog, 1 pst. dyrka mark, 1 pst. myr, 1 pst. anna areal. Folketalet er 2361 innbyggjarar. Kommunesenteret er Fossberg (Bergom) med om lag 850 innbyggjarar. Lom er vertskommune for delar av Reinheimen og Jotunheimen nasjonalparkar.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

23

Til saman er dei to kommunane vertskommunar for tre nasjonalparkar, Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Dei har eit samla areal på 4109 kvm2. Felles for dei to kommunane er spreiddbygd befolkning, store landområde og lang avstand til sentrale sentra. Næraste større by er Lillehammer, om lag 200 km unna. Dei to kommunane er ein del av eit etablert regionsamarbeid, Nord-Gudbrandsdal regionråd, som i tillegg består av Lesja, Dovre, Sel og Vågå kommunar, med eit samla folketal på i underkant av 20 000 innbyggjarar. Otta i Sel kommune har bystatus, og er vertskommune for regionkontor og fleire av dei regionale samarbeidsområda.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

24

8

DEMOGRAFI- FOLKETALSUTVIKLING OG ALDERSSAMANSETJING Skjåk kommune har ein litt større del av befolkninga over 67 år enn resten av Oppland fylke og landet. Gjennom fleire år har andelen over 90 år vore relativt stor. Dei neste 5–10 åra vil dette utjamne seg noko i forhold til andre kommunar for ei periode. Det vil vere ein moderat auke i gruppa 67–79 år, ei gruppe som er over pensjonsalderen, og som har gjennomgåande betre helse enn den tilsvarande aldersgruppa hadde for eit par tiår tilbake. Dette er likevel ei gruppe som i stor grad har gått ut av arbeidslivet. Framskrivingar frå SSB viser at effektane vil bli forsterka i åra framover. Tek ein utgangspunkt i SSB sitt mellomalternativ vil folketalet i Skjåk kunne forventast å gå ned frå 2264 i 2014 til 2255 i 2020 og 2200 i 2040. Delen eldre over 80 år i Skjåk kan forventast å auke frå 134 personar i 2014 til 149 i 2020 og 236 i 2040. Ein auke på 15 personar i denne gruppa dei første fem åra synest i utgangspunktet ikkje å vere særleg dramatisk. Nyare forsking viser at eldre sin helsetilstand betrar seg, men det er for tidleg å seie om dette slår monaleg ut på behovet for helse- og omsorgstenester. Framskrivingar med utgangspunkt i dagens situasjon, viser at det ligg ei utfordring i å skaffe nok personell til helse- og pleie og omsorgstenester. Den yrkesaktive gruppa mellom 20 og 66 år kan forventast å gå ned frå 1322, til 1275 i 2020 og 1172 i 2040. Fleire pensjonistar vil medføre lågare skatteinngang som følgje av lågare

inntekter og særskilte skattereglar for pensjonistar. Til gjengjeld vil talet på eldre over 80 – og særleg 90 år, gje store positive utslag på inntektene kommunen får frå staten gjennom inntektssystemet til kommunane slik dette er utforma i dag. Lom kommune hadde 2361 innbyggjarar i 2014. Folketalet kan om denne trenden held seg, forventast å gå ned til 2266 i 2040. Alderssamansetninga (figur 2) viser ein stagnasjon eller utflating blant dei yngre aldersgruppene, medan delen over 67 år forventast å auke. (fig 14) Dette vil gje dei same utfordringane for Lom som for Skjåk: fleire hjelpetrengande som følgje av ein aukande eldrekohort frå om lag 2020, færre i arbeidsaktiv – og dermed tenesteytande alder, reduksjon i skatteinntekter og endringar i inntekter som følgje av variasjonar i talet på innbyggjarar over 90 år. Figur 2 viser ein forventa framtidig nedgang i alle aldersgrupper unntatt dei over 67 år i perioden fram til 2020. Dette gjeld for både Lom og Skjåk. Mest markant er den forventa nedgangen i aldersgruppa 20–66 år, som representerer sysselsettingspotensialet i dei to kommunane. I tabellform vil den samla aldersutviklinga i dei to kommunane sjå slik ut:

Tab 2 Aldersutvikling i Lom og Skjåk - samla ÅR

0-5 år

6–15 år

16–19 år

20–66 år

67–79 år

80 år+

2015

241

522

227

2712

607

292

2020

245

462

245

2643

684

295

2040

231

440

188

2338

773

496


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

25

FIG 1 Fig 1 Befolkningsframskriving 2013-2040

Befolkningsframskriving 2013–204016 5500

Samlet

5000

Skjåk

Lom

4500

Lom

Skjåk

4000

Samlet

3500 3000 2500 2000 1500 1000 500 0 1972

1980

2000

2015

2020

2040

6 SSBs folketalsstatistikk og utgreiingsverktyet Ny kommune

Fig 2 Alderssammensetting i Lom og Skjåk

FIG 2

7

Alderssamansetting i Lom og Skjåk1 3000

Skjåk Lom

2500 2000 1500 1000 500 0

2014 2020 2040

2014 2020 2040

2014 2020 2040

2014 2020 2040

2014 2020 2040

2014 2020 2040

0–5 år

6–15 år

16–19 år

20–66 år

67–79 år

80 år og eldre

7 Ssb, Ny kommune


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

26

FIG 3 Innbyggjarar 20–66 år i forhold til eldre innbyggjarar – forholdstal 2015

: 2040

2015

9,3%

2020

9,0%

2020

2040

4,7%

Samlet

Samlet

Samlet

9,7%

9,4%

4,5%

Lom

Lom

Lom

8,9%

8,6%

5,0%

Skjåk

Skjåk

Skjåk

Figur 3 viser at talet på innbyggjarar i yrkesaktiv alder (20–66 år) i åra etter 2020 går markant ned i forhold til talet på eldre over 67 år. Dette vil ha store konsekvensar for rekruttering av personell, og skjer det endringar i dei økonomiske overføringane kan det også bli ei ut-

fordring å finansiere desse tenestene. Denne tendensen vil ikkje endre seg med ei kommunesamanslåing, slik figuren viser. Men det kan vere lettare å gjere inngrep om ein har eit større verkemiddelapparat å spele på, noko ein får om ein slår saman kommunane.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

27

Andre utfordringar

Oppsummering

I tillegg til demografiske utfordringar, er det andre nasjonale trendar som har – og som i framtida kan – være ei utfordring for kommunar som Lom og Skjåk. Det eine er ein generell urbaniseringstendens, med sentralisering rundt store busentra, ungdom flytter ut for å ta utdanning, og det er ikkje like lett å hente dei heim att; det er eit generelt fødselsunderskot, og i tillegg er det rimeleg å hevde at ny teknologi ikkje har kompensert for dei samferdslemessige problema kommunane i denne delen av landet har. Store geografiske landområde kombinert med ei spreidd befolkning, vil gjere det nødvendig med desentraliserte tenester, som set krav til ressursinnsats økonomisk så vel som personalmessig. Kommunane vil heller ikkje nyte godt at store nasjonale investeringar, slik t.d. randkommunane til Hammerfest i Finnmark har opplevd. Statlege arbeidsplassar blir sentralisert, og i lita grad erstatta lokalt. Det gjer at når det handlar om innovasjon og nyskaping, så vil kommunane i stort monn måtte stole på eigne krefter. Det er også kommunar som av ulike grunnar vil vere sårbare for endringar i statleg regelverk, og endringar i økonomiske overføringar frå staten. Likeleis vil kommunane vere sårbare for endringar i eiga kommune, t.d. vil ein nedgang i talet på eldre over 90 år frå eitt år til eit anna rame kommunane økonomisk.

Lom og Skjåk har dei siste 20 åra hatt ein kontinuerleg folketalsnedgang. Dette skuldast låg innflytting, utflytting, negativt fødselsoverskot. Konsekvensen er ein ubalanse mellom den eldste delen av befolkninga og personar i yrkesaktiv alder. Om denne utviklinga held fram slik folketalsprognosene tyder, vil det kunne bli eit underskot på arbeidskraft i høve til dei tenestebehova befolkninga har. Å slå saman dei to kommunane vil ikkje gje nokor monaleg endring i folketalet eller folketalsutviklinga. Kommunane er like og har dei same utfordringane, slik at ei samanslåing i verste fall kan forsterke dei utviklingstrekka ein har sett dei siste 30 åra. Dette betyr at det i tillegg til endringar i kommunestrukturen må vere andre grep, andre tiltak som stabiliserer folketal og medverkar til å snu flyttestraumen og få til ny vekstkraft. Dette blir eit vesentleg spørsmål i tida framover.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

28

9

TENESTYRARROLLA

Generelt Som vist i Boks 1, ber departementet kommunane om å beskrive tenesteytarrolla og korleis denne blir utført. I dette ligg kva som er sterke og svake sider ved kommunen som tenesteytar i dag, kva som er utfordringa når ein ser på framtidige utviklingstrekk, kva utfordringar ein har i høve til kompetanse, spesialisering og rekruttering, kva som er av interkommunalt samarbeid og kva som er den økonomiske statusen for kommunane. Norske kommunar er storprodusentar av velferdstenester i samfunnet, på mange felt. Dei er såkalla generalistkommunar. Difor forventast det at små distriktskommunar som Lom og Skjåk skal kunne tilby dei same tenestene som større regionkommunar og storbyar som Oslo og Bergen. Kommunane har gjennom mange år evna å produsere kostnadseffektive velferdstenester av høg kvalitet. 81Kommunane er ofte tett på innbyggjarane, og fangar opp tenestebehov tidleg, slik at innovasjon og utvikling i mange tilfelle har starta i kommunane, for deretter å bli eit nasjonal tiltak. Helseforetaksreforma, NAV og statleg barnevern er eksempel på dette. Utviklinga av pleieog omsorgstenestene, sosialtenestene, krisesentre, barnehagar og SFO– er tiltak som har vakse fram nedafrå. Kommunesektoren har etter krigen også fått ei svært omfattande oppgåveportefølje frå staten, og det må vere grunn til å tru at skiftande regjeringar og storting har gjort dette fordi dei har sett fordelane ved at kommunane utfører desse. I denne samanhengen har det ikkje vore snakk om at kommunane har vore for små, det har meir vore snakk om at kommunane måtte få tilstrekkeleg økonomiske rammer til å kunne yte tenestene på ein forsvarleg måte. Dei siste store reformene er barnehagereforma, som har sikra barn rett til barnehageplass og ei storstilt utbygging av barnehagar, og Samhandlingsreforma, som har gitt kommunane eit større ansvar for helsetenester til innbyggjarane. Mange tenester skal tilpassast folk sine behov, og dette skjer best i nært samspel mellom innbyggjarane og tenesteytarane i kommunal regi. Staten si økonomiske overføring til kommunane søkjer å ta omsyn til behovsulikskap i kommunane gjennom måten kriteria i inntektssystemet 8 Prosjektleiar sin påstand – utgangspunkt t.d. i vekst i sjukehusbudsjetta etter helsefortakene overtok og NAV-reforma si utgiftsvekst

er utforma på, og i tillegg er det enkelte såkalla politiske ordningar, som tek i vare småkommunar, distriktskommunar mv. Dette har skjedd fordi geografi, topografi og andre forhold skaper kostnadsforskjellar som ikkje lar seg fange opp av kriteria i inntektssystemet. Lom og Skjåk er eksempel på kommunar som har fått distriktspolitiske tilskot, og som i tillegg tek del i distriktspolitiske verkemiddel som låg arbeidsgjevaravgift. Kommunaltenestene er med enkelte unntak, å rekne som såkalla førstelinetenester. Det er tenester som må ytast der folk bur, og utformast i tråd med lokale behov. Utover 1990-talet var det ein trend at kommunane kunne utføre førstelineoppgåver, men at staten fekk ansvar for andre- og tredjelinetenester som kravde spesialisering, auka kompetanse og utstyr. Ekspertutvalet si utgreiing og Meld S 14 (2014–2015) Kommunereformen – nye oppgaver til større kommuner, tyder på at trenden nå er i ferd med å snu og at regjeringa Solberg ønskjer å flytte meir spesialiserte oppgåver til kommunane. Ein sentral politisk diskusjon er spørsmålet om kommunal handlefridom vs omsynet til like tenester til alle innbyggjarar i landet. Kommunal handlefridom har vore eit grunnprinsipp for utforming av lovverk og system for økonomiske overføringar, og er grunngjeve i at kommunane må ha ein viss prioriteringsfridom. Nasjonal statistikk viser at kommunane i høg grad prioriterer dei sentrale velferdstenestene, men at omfang og kvalitet kan variere monaleg. Dei største tenesteområda er pleie- og omsorgstenestene, barnehage og grunnskule. Helsetenester, barnevernstenester og ulike sosialtenester er små tenester i omfang med stor verdi for innbyggjarane, og med viktig fagkompetanse for å ivareta liv, helse og velferd for folk. Men også infrastrukturtiltak, planog regulering, byggjesak er viktige for at folk kan leve og bu i kommunane. I tillegg skal kommunane vere aktive samfunnsutviklarar og medverke til gode rammevilkår for næringsutvikling, nyetablering og innovasjon. Lom og Skjåk har gjennom fleire år hatt gode plasseringar på nasjonale rangeringar om korleis kommunane er drivne. Dette er ikkje i seg sjølv fasit for korleis ein kommune driv tenestene sine, det er heller ikkje utan vidare eit uttrykk for


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

29

kor nøgde innbyggjarane er med tenestene, men det kan vere ein indikator for kor godt ein løyser oppgåvene samanlikna med andre. Slike rangeringar viser at mange småkommunar gjer det rimeleg godt samanlikna med større kommunar. Dette skulle indikere at regjeringa si uro for at små kommunar ikkje vil vere tilstrekkeleg robuste som tenesteprodusentar ikkje held stikk. Men det er og dei som vil hevde at småkommunane sin relativt høge skåre på tenesteproduksjon og kvalitet har samanheng med inntektsnivået i kommunane. Desse hevdar at småkommunane har fått kompensasjon for smådriftsulemper og at politiske tilskot kjem småkommunane til gode. Under følgjer ei omtale av tenestene i Lom og Skjåk med utgangspunkt i gjeldande statistikk og offentlege dokument (heimesider, mv). I tillegg er det lagt inn vurderingar frå dei ulike arbeidsgrup-

pene som styringsgruppa sette ned for å vurdere ulike sider ved reforma. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har laga eit oppsett som viser tenestemottakarar, årsverk og årsverk pr 1000 innbyggjarar i 2012 og med framskrivingar fram til 2040. Ut frå dette er det muleg å få eit bilde av dagens situasjon og utfordringar som kommunane har knytt til dei største tenestene i åra framover. Dei fire figurane under viser det kommunevise talet for tenestemottakarar og årsverksbehov pr. 1000 innbyggjarar dei neste 25 åra for barnehage, skule og pleie- og omsorgstenester. Behovet for helse- og pleie- og omsorgstenestene til eldre er den viktigaste enkeltfaktor for årsverksveksten dei kommande åra. I SSB sine framskrivingar er det ikkje teke høgde for behovsetterspørselen blant yngre brukargrupper. Ein har


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

30

FIG 4 Fig 4 Forventa tal på tenestemottakarar

Forventa tal på tenestemottakarar dei store sektorane– Lom 91 800 700 600 500

111

85

114

400 300

193

155

200

76

100

34 39

81 34 47

81

73

2012

2020

0

Barn 1–5 år med barnehageplass Elever i grunnskolen 1–7. trinn Elever i grunnskolen 8–9. trinn

206

Mottakere av institusjonstj. og hjemmetj. 0–66 år Mottakere av institusjonstj. og hjemmetj. 67–79 år

95

Mottakere av institusjonstj. og hjemmetj. 80 år eller eldre

33 58 138

2040

Figuren viser ein forventa auke i tenestemottakarar (gjeve dagens dekningsgrad og reglar) på om lag 100 (basert på folketalsutviklinga). Det viser ein forventa nedgang i elevar i grunnskulen fram til 2020. Deretter vil det bli ei vekst fram til 2040. Barnehagebehovet vil ut frå denne figuren

kunne forventast å auke noko fram mot 2020, for deretter å stabilisere seg. Talet på mottakarar av pleie- og omsorgstenester held seg stabilt fram til 2020 for deretter å ha ein monaleg auke fram til 2040.

9 Kommunal- og regionaldepartementet si kommunedatabase – SSB-statistikk

FIG 5 Fig 5 Årsverk 1 Årsverk pr 1000 innbyggjarar dei store tenestene10 Lom

150 31

120

Lærerårsverk i grunnskolen pr. 1000 innbygger 20–66 år 27

90

60

25

22

18

24

Årsverk i barnehagene pr. 1000 innbygger 20–66 år Årsverk institusjon og hjemmetjeneste pr 1000 innb. 20–66 år

90

30

0

53

50

2012

2020

2040

Talet på årsverk følgjer utviklinga av tenestebehovet, og gjer at årsverksbehovet held seg stabilt fram til 2020 for deretter å auke fram mot 2040 (mest i pleie- og omsorgstenesta). Årsverksbehovet vil ikkje vere statisk, men avhengig 10 ibid

av korleis tenestene blir organisert, plassering av tenestestadane og bruk av ny teknologi (for å nemne noko). Om målet med ei kommunereform er effektivisering er det nødvendig å sjå på slike forhold.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

31

FIG 6 Fig 6 Forventa tenestemottakarar alle tenester – Skjåk111 600 92

500 86

89 171

400 189

66 27

100

0

Elever i grunnskolen 1–7. trinn Elever i grunnskolen 8–9. trinn

172

Mottakere av institusjonstj. og hjemmetj. 0–66 år

300

200

Barn 1–5 år med barnehageplass

78 27

45

53

93

94

2012

2020

77

Mottakere av institusjonstj. og hjemmetj. 67–79 år

26

Mottakere av institusjonstj. og hjemmetj. 80 år eller eldre

58

149

2040

Skjåk vil til skilnad frå Lom forvente ein nedgang på elevar i grunnskulen 1–7 trinn, medan det vil vere ein auke i talet på ungdomsskuleelvar frå 2012–20, deretter vil elevtalet

halde seg stabilt fram til 2040. Talet på mottakarar av pleie- og omsorgsmottakarar vil slik figuren viser, vere stabilt fram mot 2020, for deretter å vekse.

11 ibid

FIG 7 Fig 7 Årsverk

Årsverk pr 1000 innbyggjarar Skjåk112 150

120

90

60

24

20 24

23

18

18

Lærerårsverk i grunnskolen pr. 1000 innbygger 20–66 år Årsverk i barnehagene pr. 1000 innbygger 20–66 år Årsverk institusjon og hjemmetjeneste pr 1000 innb. 20–66 år

84

30

0

54

57

2012

2020

2040

Figurane over viser at teneste- og årsverksbehovet vil halde seg relativt stabilt dei første fem åra. Men grunna utviklinga i talet på eldre framover, vil kommunane få ei utfordring knytt til ressursar i pleie- og omsorgstenestene. Teneste- og årsverksbehovet i barnehage og skule vil halde seg stabilt. 12 ibid

Utfordringa er å få tilstrekkeleg vekst i gruppa 20-66 år til å rekruttere nok personar til å dekkje behovet for tenester. Det vil vere fornuftig av kommunane å planleggje i forhold til denne utviklinga- uavhengig av kommunesamanslåing.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

32

dei siste åra sett at den sterkaste veksten i bruk av heimetenester er blant personar under 67 år. Dette har samanheng med utvikling i nevrologiske og andre kroniske sjukdommar, funksjonshemming knytt til ulukker og at stadig fleire med kreftdiagnosar og born med fødselsskader kan reddast. Ei kommunesamanslåing vil ikkje isolert sett løyse desse utfordringar, her må andre tiltak inn, som nye måtar å organisere tenesta på, velferdsteknologi og gode og tilpassa bustader. Det er også verd å merke seg at sjølv om talet på innbyggjarar i yngre grupper tenderer til å gå ned, vil ein ikkje kunne forvente ein like stor nedgang i årsverksbehovet. Dette har samanheng med statlege kvalitets- og normkrav, og ikkje minst med at det tek tid å omstille frå ein turnus til ein annan.

VELFERDSTEKNOLOGI OG NYE ORGANISASJONSFORMER MÅ TIL FOR Å LØYSE PLEIE OG OMSORGSBEHOVET I FRAMTIDEN.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

33

Oppvekst og utdanning – barnehage og skule

og unge i Lom og Skjåk på følgjande måte, med utgangspunkt i siste tilgjengelege statistikk:

Generelt På landsbasis utgjer skule og barnehage 38 pst. av dei sysselsette i kommunal sektor. Saman med pleie- og omsorgstenestene er dette den største sektoren i kommunane i dag. Dette har ikkje alltid vore slik. Sidan barnehagar blei ei lovpålagd kommunal oppgåve har sektoren utvikla seg radikalt. Kommunane har etter dette ansvar for tenester til born fram til vidare gåande skule. Arbeidsgruppa som har vurdert utviklingstrekk, tenester og framtidig utforming av tenester til barn og unge, arbeidsgruppe 4, har peikt på følgjande utviklingstrekk for Lom og Skjåk213 :

Tab 3 Nøkkelstal for skule, barnehage, kulturskule m.v. Årsverk og ressursbruk skuleåret 2014–15

(Kjelde: GSI, BASIL, KOSTRA)

Lom

13 Arbeidsgruppe 4 Oppvekst – barn og unge arbeidsgruppe rapport

Landet

Skule Tal skular

• Dramatisk elevtalsnedgang i begge kommunar • To små ungdomsskular, (om få år har kvar ungdomsskule 50–60 elevar.) • Få elevar fører til færre tilsette og mindre fagmiljø, • Skjerpa kvalitetskrav frå statleg hald - utfordrande å oppfylle krava. • Skjerpa kvalitetskrav i barnehagen – barnehagelova i endring • Barna startar tidlegare i barnehagen – og dei går fleire dagar i veka enn før. • Nedgang i fødselstall - færre barnehagebarn • Få nye stillingar i skule og barnehage fører til høgre gjennomsnittsalder på tilsette. • Små miljø - kostbare løysingar • Utfordrande å oppretthalde fritidstilboda i dag. • Vil det vere vidaregåande skule i Lom i framtida? • Behov for annan kompetanse i skulen. (I Skjåk er det dei siste åra oppretta nye stillingar på grunn av elevar med spesielle behov. Også i Lom har det kome ynske om stilling for å ivareta elevar med psykososiale problem.) • Skulane i Skjåk blir samla i ein skule. • Det er ein tendens til at folk vil bu i sentrum. • Auka behov for samarbeid med næringslivet. • Auka behov for å utnytte den kompetansen som finst di færre tilsette vi blir. • Auka politisk involvering, begge kommunar er med i prosjektet «Den gode skoleeier» • Begge kommunar har fokus på skuleutvikling og kompetanseheving. • Begge kommunane har auka fokus på foreldresamarbeid. Arbeidsgruppa har skildra tenestene til barn

Skjåk

Tal årsverk214 Årsverk merkantil stilling Ressursar grunnskule kroner315

2

3

44,5

42,1

0,4

0,65

140 970

140 443

2

3

22

23,9

155 765

191 195

2,35

3,44

1

2

0,13

0,13

Barnehage Tal barnehagar Årsverk Ressursar barnehage kroner416 Kulturskule Årsverk Kommuneadm. Årsverk Ungdomsklubb Årsverk

14 Årsverk inkludert pedagogar, assistentar og administrasjon 15 Korrigerte brutto driftsutgifter per barn i kommunal grunnskulen 16 Korrigerte brutto driftsutgifter per barn i kommunal barnehage

178 120


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

34

Barnehagar Lom kommune har med sine to barnehagar ein forholdsvis billig barnehagestruktur. Barnehagane er såpass store at det gjev rom for både eit stort nok fagmiljø for dei vaksne og eit stort nok sosialt miljø for barna. Frå hausten er det fem avdelingar i Loar og tre i Garmo. Ved at det blir oppretta ei ny avdeling i Garmo, vil alle som har søkt plass barnehageåret 2015–16 få plass. Det gjeld også dei utan lovfesta rett. Skjåk kommune har tre kommunale barnehagar og ein familiebarnehage. I Bismo er det 2 avdelingar, Holemork har 2 og Dønfoss 2 avdelingar. Det er til saman 285 pst. styrarressurs. I 2015 var fyrste året at alle som søkte med rett til barnehageplass fekk plass (og fyrsteval). Det er størst etterspørsel etter plassar i Bismo og Holemork. Arbeidsgruppa si vurdering er at den største utfordringa med barnehagestrukturen i Skjåk er at barnehagane er små og dyre i drift. Sett i forhold til kor mange barn det er i barnehagen, er styrarressursen høg. Bemanningsnorma med ein pedagog i heil stilling pr 18 plassar gjer små barnehagar ekstra kostbare. Ei anna utfordring er at fagmiljøet på den enkelte barnehage vert lite, og det kan vere sårbart t.d ved fråvær. Med færre elevar blir det små klassar og truleg færre tilsette, noko som i neste omgang fører til mindre fagmiljø. Med stadig færre tilsette vil det bli ei utfordring å ha nødvendig breidde i kompetansen, noko som kan gjere det utfordrande å oppfylle krava i ei stadig strengare kompetanseforskrift.

Effektar av samanslåing Lom og Skjåk Det er vanskeleg å sjå for seg at ei kommunesamanslåing åleine vil få store konsekvensar for etterspørselen etter plass i barnehage. Geografi og busetnadsstruktur gjer at det framleis bør vere ein desentralisert struktur. Styringsgruppa for kommunereforma har lagt til grunn at tenestenetilbodet ikkje skal foringast ved ei samanslåing, og at det må kunne ytast tenester i begge dei gamle kommunane. Dette gjer at det bør vere barnehagar i både Lom og Skjåk, også om det blir ei felles kommune. Spørsmålet er likevel kor mange, og kor dei skal liggje. Ei omlegging av barnehagestrukturen er avhengig av etterspørsel og i ei viss grad kvar i kommunens småbarnfamiliar vel å busette seg. Omsynet til fleksibilitet og betre kapasitetsutnytting vil kunne bli enklare i ei ny kommune fordi ein vil ha fleire tilbod å spele på, og t,d, å sleppe å opprette nye og dyre plassar. Unntaket kan vere barnehagar med spesiell profil, som t.d. idrettsbarnehage eller friluftsbarnehage. I slike tilfelle treng ikkje avstand vere avgjerande for val av barnehage. Det treng det heller ikkje vere om ein har barn med spesielle


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

35

behov og det ligg best til rette for å imøtekome behova i ein spesiell barnehage. Det kan t.d. dreie seg om behov for fysisk tilrettelegging eller spesiell kompetanse. Ei kommunereform får ikkje i seg sjølv konsekvensar for barnehagestrukturen, men det vil bli eit fagleg større miljø. Mellom anna ville det bli ei større styrargruppe, med større breidde i kompetansen og meir erfaring. For den barnehageansvarlege ville det bli fleire å spele på lag med. Det er truleg på det administrative nivået det er mest å hente ved ei kommunesamanslåing. I dag er skule- og barnehageansvarleg ein og same person i begge kommunar. Begge har skulefagleg bakgrunn. Med ansvar for to såpass store fagområde kan det innimellom vere krevjande å ha god nok kapasitet og kompetanse. Spesielt utfordrande kan det vere å ha ansvar for barnehage utan å ha barnehagebakgrunn. Utfordringa blir ikkje mindre av at statens krav til barnehageeigar berre ser ut til å auke. Ein større kommune vil presumptivt ha betre moglegheit for å tilsette nokon med barnehagefagleg kompetanse enn to mindre kommunar. Det ville dermed ligge betre til rette for å oppfylle krava i barnehagelova, ikkje minst når det gjeld å rettleie barnehagane og drive kvalitetsarbeid. Det er mykje samarbeid mellom Lom og Skjåk om barnehage også i dag. Samarbeidet kan utviklast uavhengig av kommunereform. Ved meir systematisk samarbeid kunne den enkelte sin kompetanse i større grad kome begge kommunane til nytte. Dette gjeld på både barnehage- og kommunenivå. På barnehagenivå kunne det vere aktuelt med felles styrarmøte, med erfaringsdeling og utveksling av idear. På kommunenivå er tilsyn eit godt eksempel på noko ein kunne samarbeide om. Ved å føre tilsyn i eigen kommune kan det fort bli «bukken og havresekken». At barnehageeigar fører tilsyn med eigne barnehagar, er noko fylkesmannen utfordrar kommunane på med jamne mellomrom.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

36

Grunnskule Lom har frå 1.august 2015 ein barneskule og ein ungdomsskule. Fagmiljøa er samla i sentrum, noko som burde vere eit godt grunnlag for auka samarbeid mellom skulane. Skjåk har to barneskular som begge ligg utanfor sentrum, og ein ungdomsskule i sentrum. Det er gjort vedtak om 1–10 skule frå 01.01.2018. Dermed får Skjåk ein kostnadseffektiv skulestruktur der både fagmiljø og elevmiljø er samla. Arbeidsgruppa si vurdering er at den største utfordringa i framtida er elevtalsnedgangen. Elevtalet i ungdomsskulane kan ut frå framskrivingar i 2025 vere nede i 48 elevar i Skjåk og 57 i Lom. Komande skuleår har til samanlikning Skjåk ungdomsskule 100 elevar, altså omtrent like mange som dei to skulane får til saman om ikkje altfor lenge. Figurane 5 og 7 viser at talet på lærarårsverk vil gå ned dei neste åra grunna nedgang i elevtal. Utfordringa er at sjølv om elevtalet går ned, vil kompetansekrava i skulen stille krav til kompetansen hjå lærarane. Å etablere eit godt læringsmiljø med høg fagkompetanse i kollegiet vil kunne bli nødvendig for å sikre tilstrekkeleg kvalitet og kompetanseprofil. Arbeidsgruppa peikar på at utviklinga vi står framføre vil føre til mindre sosialt miljø for elevane, noko som i neste omgang kan føre til utfordringar for læringsmiljøet. På den andre sida vil det vere avstandsulemper som det kan vere nødvendig i kompenserast for mellom anna for å unngå for lange reiseavstandar for elevane. Med utgangspunkt i det minkande elevtalet, er det mange fordelar med felles ungdomsskule i ei ny kommune Med fleire elevar og fleire tilsette ville ein få ein langt meir robust skule. Ulempa er at ein del elevar ville måtte sitje ca. 40 min lengre på buss dagleg.

lærarar og ikkje minst fleire rektorar. Det faglege miljøet ville bli større enn det er i den enkelte kommune i dag. Rektormøta er ein viktig arena for både administrativ og pedagogisk leiing. I Skjåk blir det ein rektor på sikt, og i Lom er det to frå hausten 2015. Det seier seg sjølv at rektorgruppa blir lita. Som nemnt under barnehage, kunne ei samanslåing gje rom for at den nye kommunen hadde ein skuleansvarleg som ikkje samtidig hadde ansvar for barnehage. Den skuleansvarlege vil da i større grad konsentrere seg om skulen. Som med barnehage ville det ligge betre til rette for å oppfylle krav i lover og forskrifter. Med ansvar for eitt fagområde i staden for to, burde det bli betre moglegheit for i større grad å vektlegge kvalitetsutvikling og kvalitetsvurdering. Dei to leiarane ville kunne danne eit leiarteam, og ha mykje nytte av kvarandre sidan det er to fagområde som har svært mykje felles. Det ville gjere organisasjonen mindre sårbar enn i dag. Er målet derimot å spare pengar, kan den nye kommunen ha ein felles skule- og barnehageansvarleg, og såleis spare ei stilling. Ein annan effektiviseringsvinst kan vere sambruk av stillingar som krev spesialkompetanse, t.d. framandspråk. Men erfaring viser at det nesten er uråd å bruke lærarar på tvers av skular. Reisetid ligg ikkje inne i arbeidstida til lærarar, og det ville bli kostbart å betale dei ekstra. Med andre stillingar enn til undervisning er det enklare å få til sambruk. Ein miljøarbeidar eller barnevernspedagog kan arbeide på fleire skular. Elles er det viktig å understreke at det innan skule, så vel som barnehage, er mykje samarbeid mellom Lom og Skjåk også i dag, og at dette samarbeidet kan utviklast uavhengig av kommunereform.

Kultur

PP-tenesta er ei viktig teneste for skule – og etter kvart også for barnehagane. Lom og Skjåk kommunar deltek i dag i eit interkommunalt samarbeid i Nord-Gudbrandsdalregionen om PP-tenesta. Ut frå dagens situasjon vil ikkje denne bli påverka av ei kommunesamanslåing, men det kan vere nødvendig å sjå på organiseringa på nytt etter at kommunereformprosessane er fullført i heile regionen. Spørsmålet er om ei ny kommune vil kunne ta tilbake ansvaret for PP-tenesta eller om det framleis vil vere gode argument for å ha ei felles teneste i regionen.

Lom og Skjåk bruker relativt sett meir til ulike kulturformål enn kommunane i Oppland i gjennomsnitt, og kva som er gjennomsnitt for landet. Det er ein viss variasjon mellom kommunane på kva formål som er størst og minst, men likevel ligg dei over landsgjennomsnittet. Tabell 4 viser enkelte nøkkeltal for kultursektoren. Lom har monaleg større utgifter i 2014 til investeringar i kultursektoren, noko som har samanheng med bygging av nytt fleirbrukshus. Utover dette er det ikkje store skilnader kommunane i mellom. Kulturskulane har vore ei teneste i vekst dei seinare åra, og er pr i dag eit viktig tilbod til barn og unge i dei to kommunane. Arbeidsgruppe 4 har også sett på situasjonen i kulturskulane.

Effektar av ei samanslåing Lom-Skjåk.

Effektar av samanslåing av Lom og Skjåk

Sjølv om ei samanslåing ikkje vil føre til færre skular, er det gevinstar å hente på fagleg samarbeid. Det ville bli ein kommune med fleire skular, fleire

Lom og Skjåk har prioritert kultursektoren høgt samanlikna med fylket og landet. Det er ikkje grunn til å tru at dette blir annleis ved ei samanslå-

PP-tenesta


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

37

Tab 4 Nøkkeltal for kultursektoren – Lom, Skjåk og landet Lom Netto driftsutgifter for kultursektoren pr. innbyggjar i kroner

Skjåk

Landet

3 539

3853

2009

1296,3

219,2

894,3

Netto driftsutgifter til folkebibliotek kroner pr. innbyggjar

672

642

276

Kommunale kultur og musikkskular Kroner pr innbyggjar

488

800

276

Brutto investeringar til kultursektoren per innbyggjar (konsern) kroner

ing. Men det kan vere rom for ei viss innsparing, alternativt at det er rom for eit enda meir utbygd kulturtilbod i ein ny kommune. Det er naturleg å tenkje eitt bibliotek, men det vil nok vere ønskje om filial i den kommunedelen som ikkje får hovudbiblioteket. Dersom dei to kulturskulane hadde blitt slått i hop, hadde det blitt eit langt større elevgrunnlag, med fleire tilbod. Det kan skje uavhengig av kommunereform, men er sjølvsagt enklare å få til innan same kommune. Dei to kulturskulane har sin eigenart med ulike tilbod som utfyller kvarandre på ein god måte. Innsparing kan fyrst og fremst skje gjennom å redusere frå to rektorar til ein, men også truleg ved at lærarkapasiteten blir betre utnytta ved større grupper. Kanskje kunne det også blitt større lærarstillingar. I Skjåk blir det arbeidd for å utvikle samarbeidet mellom grunnskule og kulturskule. I Lom har det skjedd lite på dette området. Ved ei samanslåing ville Lom kunne dra nytte av det arbeidet som skjer i Skjåk. Ein felles kulturskule vil kunne ha visse fordelar gjennom større årsverksramme – og kanskje eit enda breiare tilbod? Ein kan også sjå for seg at felles bibliotek kan ha visse fordelar.

Helse- ,omsorg- og sosialtenester Medan det tidlegare var vanleg å snakke om helseog sosialtenester, er det nå alt vanlegare å omtale dette som helse- og omsorgstenester. Dette har ikkje minst å gjere med den nye kommunale helse- og omsorgslova. Sosialtenesta har meir og meir blitt eit NAV-ansvar, mellom anna med økonomisk sosialhjelp som ein del av porteføljen. Lom og Skjåk har i dag eit etablert NAV-samarbeid med felles NAV-kontor for dei to kommunane. Dette er lokalisert i Bismo i Skjåk. Økonomisk sosialhjelp er ein del av tenestene i NAV. Tenester til rusmiddelmisbrukarar og arbeid med rusrelaterte problemstillingar ligg i den enkelte kommune. Helse- og omsorgstenestene i kommunane

består av legeteneste (fastlegar, legevakt, medisinskfagleg rådgjevar, offentleg legearbeid og samfunnsmedisin), fysioterapi helsestasjonstenester, forbyggjande helsearbeid, psykisk helsearbeid og ikkje minst pleie- og omsorgstenester. Økonomisk og driftsmessig er pleie- og omsorgstenestene dei største tenestene. Som følgje av den forventa demografiske utviklinga, vil pleie- og omsorgstenestene i Lom og Skjåk bli sterkt utfordra dei neste 25–20 åra. Det same gjeld legetenester, og tilgang til spesialiserte helsetenester. Lom og Skjåk har samarbeidd om delar av pleie-og omsorgstenestene gjennom fleire år. Det siste eksempelet er at Lom kjøpte leiartenester av Skjåk frå hausten 2013 til våren 2014. Andre døme på samarbeid er tenester til funksjonshemma; Lom og Skjåk hadde samarbeid på dette området da reforma kom i starten av 1990talet – dette vart avslutta etter nokre år. Samarbeidsprosjektet Lom og Skjåk er eit anna eksempel; det er vedtak i dei to kommunestyra på at det skal vera felles teneste og felles bustader – men ikkje teke stilling til kor desse bustadane skulle lokaliserast. Vidare har kommunane lenge kjøpt enkeltplassar i institusjon av kvarandre, avhengig av kor det har vore ledig plass. Som i andre kommunar er pleie- og omsorgstenesta i Lom og Skjåk både økonomisk og årsverksmessig den største tenesta. Figur 9 viser at Lom og Skjåk ligg godt over landet og fylket når det gjeld netto driftsutgifter til desse tenestene. Dette kan indikere at kommunestyra i Lom og Skjåk har prioritert pleie- og omsorgstenestene, men dette handlar også om at behovet for slike tenester dei seinare åra har vore relativt store som følgje av talet på eldre. Talet på institusjonsplassar har til nå vore eit uttrykk for kor godt kommunane har møtt behovet for plassar for heildøgns pleie og omsorg. Som det går fram av figur 8 har kommunane rimeleg god institusjonsdekning samanlikna med resten av landet. Her skjer ei utvikling på landsbasis i retning av


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

38

KULTURSKULENE STÅR STERKT BLANDT BORN OG UNGE I LOM OG SKJÅK.


Kommunereform; Skjük–Lom alternativet 2015

39


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

40

FIG 9 Netto driftsutgifter til pleie – og omsorgstenester 2014, Lom samanlikna med andre kommunetypar FigSkjåk, 9 Netto driftsutgifter 30000

Landet

Skjåk

25000

Lom Oppland

20000

Landet 15000

Oppland Lom Skjåk

10000

5000

0

Skjåk

Lom

Oppland

Landet

at stadig fleire ønskjer å bu heime også når hjelpebehovet er stort, og at kommunane prøver å leggje til rette for dette. Denne utviklinga ser vi også i Lom og Skjåk. Lom og Skjåk kommunar har ein relativt høg ressursinnsats til pleie- og omsorgstenester. Dette viser seg også i tal for tenestedekning. I Skjåk er institusjonsdekninga målt i forhold til personar over 80 år 21,2, i Lom 17,8 og for landet 13,2. Alle rom i institusjonane er einerom. Utviklinga viser at det relativt sett er færre over 67 år som mottek heimetenester i Lom og Skjåk enn tidlegare år (fig 11). Dette har samanheng med at dei «yngste eldre» blir friskare og at hjelpebehovet slår inn seinare. Men utviklinga i dekningsgrad vil nok også i desse kommunane som for resten av landet, vere eit uttrykk for at stadig fleire yngre folk mottek heimetenester (nevrologiske og andre sjukdommar, trafikkskader osv er ein del av årsaken til dette). Ein skal ikkje gå langt attende i tid før også heimetenestene i hovudsak var «eldreomsorg». Men utviklinga av det faglege innhaldet i heimetenesta gjer at dei kan løyse stadig fleire oppgåver, t.d. kreftomsorg, hjelp til MS- og ME-pasientar og andre med kroniske lidingar gjer at dette har vorte ei teneste for folk flest. Dette gjeld også for Lom og Skjåk. Samhandlingsreforma med raskare utskriving frå sjukehus, gjer at behovet for spesialisert kompetanse aukar også blant helsepersonell. Forskinga viser at eldre lever lenger og sannsyn-

legvis er friskare enn før. Likevel kan forskinga førebels ikkje svare på om dette også gjer at behovet for hjelp samla sett blir mindre (usett hjelpebehov) eller veksande (fleire eldre som er like hjelpetrengande som før). Aldersrelaterte lidingar som aldersdemens viser førebels ikkje teikn til å gå ned, i tillegg kan vi vente ein vekst i lidingar knytt til livsstil (diabetes, kols) og muskel- og skjelettlidingar. Ein ser og at talet på krefttilfelle aukar når talet på eldre veks. Dette er ei utfordring kommunane må vere førebudde på å møte, og det gjeld også Lom og Skjåk. Å framskrive tenestebehovet blant yngre har vist seg vanskeleg, det vil vere avhengig av mange faktorar (fødselsskadar, trafikkskadar, tidlige skadar knytt til kroniske sjukdommar, osb). Behovet for pleie- og omsorgstenester vil også bli påverka av i kva grad eldre bur heime, og kor tilrettelagde bustadane er for at eldre skal kunne bu der tilnærma livet ut. For å møte framtidige utfordringar for pleie- og omsorgstenestene er det nødvendig å sjå på endringar i tenestestruktur , bruk av ny teknologi og samarbeid med t.d frivillige aktørar. Tilrettelegging av eksisterande og nye bustader vil vere eit sentralt verkemiddel for at folk kan bu heime sjølv når helsa og funksjonsnivået tek til å svikte.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

41

Effektar av å slå saman Lom og Skjåk

Arbeidsgruppe 5173 har vurdert effektar av samanslåing av kommunane for helsetenestene og pleie- og omsorgstenestene. Dei har fått innspel frå fagområda innan sektoren. Gruppa meiner det vil vere behov for 2 sjukeheimar også i framtida, men at det kan bli aktuelt å spesialisere avdelingane i høve til ulike fagfelt t.d. demens, rehabilitering og evt. ,andre medisinske utfordringar etter samhandlingsreforma. Her vil ein også måtte ta omsyn til kva staten meiner skal vere kommunane sine oppgåver framover, t.d. eit utvida ansvar for rehabilitering eller eit større ansvar for disktriktspsykiatriske tenester. Dei store geografiske avstandane vil medføre at heimesjukepleia må dekke store distrikt. Dette gjer at det er naturleg å tenkje base i båe kommunane. Det vil likevel vere fornuftig å ha ein felles administrasjon og felles faggrupper, t.d. for fagområda demens, kreft, rehab./kvardagsrehabilitering. Om ein har oppmøte i berre ei kommune vil ein måtte rekne med at mykje tid går med til køyring. Dei same argumenta som gjeld for heimesjukepleia vil også gjelde for praktisk bistand. Under punktet om demografi er det peikt på at folketalsutviklinga kan bli krevjande med omsyn til å møte behova for pleie- og omsorgstenester framover. Nytenking, effektivisering og nye måtar å drive tenesteyting på blir nødvendig. Ei aktiv og offensiv haldning til velferdsteknologi kan frigjeva tid og ressursar hjå fagpersonar i pleie- og omsorg og kan på den måten gjera fleire «varme hender» tilgjengelege til dei brukarane som treng dette mest. Tildelingskontoret blir sentralt i arbeidet med å ta i bruk ny teknologi til det beste for brukarane. Ny teknologi kan t.d. gjere tilsynsbesøk hjå brukarar på natt overflødig. I Skjåk ser ein så smått effektane av ei omlegging av tenestene slik at folk kan bu heime i eigen heim eller omsorgsbustad lengre, og slik sett redusere behovet for institusjonsplassar. Dette vil bli ein viktig strategi for å møte utfordringane i åra etter 2020, også om det blir ei ny kommune. Dei ulike faggruppene innafor helse i båe kommunane har vore utfordra på korleis dei ser på tanken om eit felles helsehus i Lom/Skjåk. Legane meiner at på grunn av dårleg tilbod om offentleg kommunikasjon, må legetenesta vera tilgjengelege i båe kommunane, men at det kan fungere med ei hovudbase. Kommunane kan ha felles kommuneoverlege. Helsesystrene i båe kommunar er samde om at dei må ha kontor i båe kommunar – for på den måten vera tilgjengeleg for brukarane. Det er behov for ein fellesadministrasjon som kan liggje i ei kommune, men da må det vere ei «utebase» i den andre kommunen. 17 Helse- sosial og omsorgstenester

Fysioterapeutane seier at eit større fagmiljø er positivt, og at lang reiseveg kan løysast ved å ha behandlingsrom/ treningssal båe plassar, evt privatpraktiserande fysioterapeut båe stadar – opprette driftstilskot i Lom (pr. i dag berre kommunal fysioterapi i Lom – i Skjåk både kommunal og privatpraktiserande). Når det gjeld psykisk helsearbeid så er dette ei felles teneste i dag, med hovudbase i Lom, men tilgang til kontor i Skjåk. Det kan vera mogleg å spare ein del ressursar på administrative leiarstillingar, t.d felles pleie- og omsorgsleiar, felles kommuneoverlege, felles leiar for helsestasjon, for fysioterapi o.s.v. Frå før er det felles teneste i psykisk helsearbeid, i barnevern, i NAV og i flyktningtenesta. På desse områda vil det såleis ikkje vera så store innsparingspotensiale. Generelt kan ei samanslåing av dei to kommunane ha som effekt at fagmiljøet blir større og meir robust, og at tenesta blir mindre sårbar ved endringar. Arbeidsgruppe 5 meiner at ein felles vikarpool kan lette arbeidet med å få tak i vikarar ved behov. Kan fungere både om det blir samanslåing og om det blir samarbeid. Ein kan også sjå for seg ei effektivisering av særskilte funksjonar som helsetenesta har ansvar for i dag, som vaksinasjonar som i dag blir gjort på helsestasjon. Ein kan tenke seg eit felles vaksinasjonkontor (Lom/Skjåk) for reisevaksiner. I ei samanslegen kommune eller i eit utvida samarbeid kan Lom og Skjåk kanskje greie seg med færre sjukeheimsplassar totalt sett. Skjåk har redusert sitt tal sjukeheimsplassar dei siste par åra, medan Lom er i starten av ein gjennomgang av både drift og ressursbruk der eit av tiltaka kan bli å redusere talet på plassar. Spesialisering på ulike områder som demens og rehabilitering i kvar av sjukeheimane i dei to kommunane kan også gje økonomiske innsparingar og styrka kompetanse på desse områda. Men sjølv om ei større kommune i utgangspunktet vil gje større kompetansemiljø og meir robuste einingar, er ikkje dette utan vidare gjeve for alle tenester. Erfaringar frå Nav etter eitt års drift med felles Nav-kontor er at sjølv om sårbarheita ved samanslåing av dei to kontora har vorte mindre og fagmiljøet større har ikkje kontoret makta å oppretthalde/utvide opningstida. Elles peikar arbeidsgruppa på at offentleg kommunikasjon må bli betre enn i dag. I dag blir m.a. tilbodet mykje dårlegare når skulane er stengt. Lett tilgang til tenester er viktig for grupper med høgt forbruk av helsetenester. Det må signaliserast til Oppland fylkeskommune at busstilbodet må bli betre – spesielt ute i grendane. Eit eksempel er felles vaksenopplæring til flyktningane noko som kunne vore mogleg med betre offentleg kommunikasjon.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

42

– viktig med eit godt og tett samarbeid med Friviljugsentralane framover. Dette blir særs viktig med tanke på det forventa underskotet på helsepersonell. Friviljugsentralane og friviljuge organisasjonar er også svært viktige for andre grupper enn eldre og hjelpetrengjande; t.d. flyktningar. Friviljugsentralane i Skjåk og Lom er båe stiftingar – i Lom er Lom kommune medeigar – båe får kommunalt tilskott. Båe har lokalar sentralt (Bismo og på Bergom). I Skjåk satsar dei på å tilby sosiale møteplassar med mat/måltid som ein god verdi. Har fleire ulike grupper, og kan stille lokale til andre aktivitetar på kveld og helg.  Leiaren bruker mykje tid på økonomi. I Lom er det samarbeid med friviljuge, flyktningtenesta og vaksenopplæringa, Nav, frisklivssentralen, heimetenesta, helseheimen, psykisk helsearbeid, ungdomsskulen, biblioteket og kyrkja. Det er tilbod om mange ulike aktivitetar som strikkegruppe, bakedagar, dametrim, symjegruppe, småbarnstreff, fredagstreff, gågruppe «ut på tur», aktivitetsdagar i Presthaugen, førjulsmarknad i Presthaugen, seniordans, turar, arbeidspraksis (flyktningar), fleire av aktivitetane er også for og med flyktningar. Meir om dei to sentralane finn du på heimesidane til Lom og Skjåk kommunar. Gruppa viser også til at det kan bli vanskeleg å rekruttere nok fagutdanna personell til pleie- og omsorg i framtida. Spesielt er det peikt på stor mangel på helsefagarbeidarar framover. Deltidsproblematikken er eit hinder for auka interesse for helsefaglege utdanningar. Arbeidsgruppa tilrår at det blir satsa meir på Inn På Tunet i båe kommunane. Dette kan vera eit godt supplement til – og i nokre tilfelle eit alternativ til dei ordinære tenestetilboda. Velferdsteknologi – må bli eit satsingsområde framover – potensialet her må utnyttast best mogleg for å få nok «varme hender» der dei trengs mest. Leiarar og andre med ansvar innan pleie- og omsorg må arbeide aktivt med å motivere både brukarar og tilsette for å ta i bruk slike nye hjelpemidlar så raskt som mogleg. Sysselsetjingsgruppa – som nyleg har vorte felles for Lom og Skjåk – er viktig for aktivisering av ulike grupper som har falle utanfor det vanlege arbeidslivet eller som treng ein plass å gå til både for å få sosial kontakt og for å kjenne at ein kan gjera nytte for seg. For gruppa eldre og hjelpetrengjande kan desse vera til god hjelp for at dei kan bli buande lenger heime, ved at dei kan få hjelp til oppgåver som dei ikkje lenger greier sjølve. Gruppa kan også vera eit godt alternativ til kommunale tenester som ikkje har ressursar nok/kapasitet nok til å serve alle desse behova. Ved samanslåinga er det mange deltakarar frå Skjåk og få frå Lom. Målet er å få desse to gruppene så jamne som mogleg. Samarbeidet med friviljuge må styrkast framover

Barnevern Barnevernstenesta er ei av tenestene regjeringa nemner når ho skal gje eksempel på tenester som lir under for små kommunar. Argumenta er at barneverntenesta krev særskilt kompetanse, og at det kan vere vanskeleg for små kommunar å ha nok ressursar til dette særskilt vanskelege feltet. Ei anna utfordring i små kommunar er at nettverka er små, «alle kjenner alle», og at det kan vere krevjande å gå inn med tiltak i familiar som ein kjenner godt. I Lom og Skjåk er det ein litt lågare del av born 1–17 eller 1–22 år som har tiltak i barnevernet enn det som gjeld for resten av landet. I Skjåk er utgiftene pr barn (gjennomsnitt) monaleg høgare enn i Lom. Men her kan det vere variasjonar frå år til år, sidan tala er relativt små. Frå 2008 har barnevernet i Lom og Skjåk etablert samarbeid om ei teneste. Tenesta har hatt tilsyn frå fylkesmannen i Oppland, som ikkje har funne avvik. Dei seinare åra har ikkje tenesta hatt problem med å rekruttere kvalifisert personell.

Effekt av samanslåing mellom Lom og Skjåk kommunar Lom og Skjåk kommunar har allereie eit etablert (og integrert) samarbeid om barneverntenesta. Ei samanslåing av kommunane vil etter all sannsynlegheit ikkje ha andre verknader for denne tenesta.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

43

Flyktningtenester

Teknisk drift

Internasjonale hendingar og trendar påverkar oss i stadig sterkare grad. Folk som flyktar frå land i krigssituasjonar, fattigdom og naturkatastrofer vil også vere vårt nasjonale ansvar og eit ansvar for norske kommunar. I tillegg vil EØS-avtalen og internasjonale forpliktingar gjere at vi i større grad vil bli fleirnasjonale samfunn. For Lom og Skjåk vil dette på sikt kunne vere ein viktig faktor for både å halde folketalet oppe, skaffe nødvendig arbeidskraft, men også for å skape mangfold og livskraftige lokalsamfunn. I 2010 var det inngått ei avtale med Lom kommune om felles flyktningteneste. Formålet var å styrke og utvikle tenesta og rekruttere og behalde personale. Tanken bak ei felles teneste var at ein ville få ei sterkare kompetanse og ei betre utnytting av ressursane enn om kvar av kommunane hadde kvar si teneste. Ei samanhengande, tydeleg og stabil teneste er ein føresetnad for å kunne dekke behovet til enkeltpersonar og for å sikre ei så god integrering i lokalsamfunet som muleg. Vidare er det nødvendig med eit godt samspel mellom dei som jobbar med integrering av flykningar og dei andre tenestene i kommunane.

I både Lom og Skjåk har tekniske tenester om lag 30 årsverk. Her kan det vere noko ulik føringspraksis mellom anna som følgje av noko ulik organisering av tenestene, som gjer at tala ikkje er heilt samanliknbare. Tekniske tenester omfattar vaktmeistertenester, reinhaldstenester, byggsak, VAR-sektoren, vedlikehald av kommunale bygg og tekniske installasjonar, anlegg, m.v. Sjølv om dette er små tenester er dei av stor viktigheit for at ein kommune skal halde eit godt driftsnivå. God tomteplanlegging, enkel og rask byggesaksbehandling og godt vedlikehald av kommunale bygg er avgjerande også for at dei andre tenestene skal fungere godt. Det er ofte slike saker som får merksemd blant innbyggjarane, særleg om det er svikt i systemet. På same måte som for velferdstenestene er dette tenester som krev både spesialisert kometanse på høgare nivå (ingeniørar), fagarbeidarar og anna personell. Erfaringa er at rekruttering av personell til fagarbeidarstillingar og til ufaglært arbeid ikkje har vore problematisk, men at det har vore større utfordringar knytt til ingeniørar, oppmålarar og liknande.

Effekt av samanslåing av Lom og Skjåk kommunar

Effekt av samanslåing av Lom og Skjåk kommunar

Lom og Skjåk har til saman tatt i mot i underkant av 100 flyktningar i perioden 2011-15. Korleis dette utviklar seg i tida framover, vil vere avhengig av statlege forventningar og krav og kva kommunestyra meiner er ei forsvarleg ramme. Men det er grun til å tru at denne utviklinga held fram i åra framover, og at det er nødvendig å sikre ei godt utvikla flyktningteneste som er forsvarleg både for den enkelte flyktning og denne si intergrering i lokalsamfunnet, men også i høve til forvaltning av fellesskapet sine ressursar. Gjort på rett måte vil dette vere til stor verdi for kommunen framover. Det føreset at det jobbast systematisk med integrering i lokalsamfunnet. Dette vil kunne representere ny arbeidskraft, og vere ei motvekt i høve til den generelle utflyttingstendensen. Lom og Skjåk som eit fleirekulturelt samfunn kan vise seg å vere av stor verdi for samfunnet. Å oppretthalde eit stabilt folketalsnivå er ein føresetnad for å ha eit livskraftig lokalsamfunn. Å busette flyktningar vil vere eit verkemiddel for å oppretthalde busetnad og skape vekstkraft i samfunnet. Kommunestyret i Skjåk har gjort ei vurdering av organisering av flyktningtenesta i lys av eit aukande tal flyktningar, og har konkludert med at Skjåk kommune må organisere desse tenestene på nytt. Dette bør likevel ikkje vere til hinder for å få til ei robust og god flyktningteneste i ei evt.ny kommune.

Ein del av dei tekniske tenestene er knytt konkret til kommunale byg (vaktmeistrar, reinhald, osv), og her vil det framleis vere nødvendig med desentralisert arbeidskraft. Det same gjeld vedlikehald av kommunale vegar. Men ein vil ha ein viss samordningseffekt ved å ha ein administrasjon (ei teknisk teneste) og ei felles leiing, og der det er behov for særskilt kompetanse vil ein kunne ha ei viss innsparing ved sambruk av ressursane. Eventuelle kostnadsreduksjonar er det for tidleg å kunne fastslå eksakt, men færre leiarstillingar, sambruk av spesialkompetanse m.v vil venteleg kunne gje ei innsparing på sikt på over ein mill kroner.

Plan og miljøvern Som nasjonalparkkommunar er det nødvendig at kommunane har kompetanse knytt til miljø- og miljø-forvaltning og det er også grunnleggjande nødvendig med god plankompetanse. I begge kommunane er det om lag tre årsverk til dette i dag. Skjåk sin kommuneplan (samfunnsdel og arealdel) er fire år gammal, og skal rullerast i 2016. Lom sin arealdel er 11 år, samfunnsdelen 7 år. Også her er det i gang eit arbeid med rullering av planen.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

44

Bustad og næringsareal Både Lom og Skjåk har tilgjengelege tomter for nybygging men av litt ulikt omfang. Det vil kunne vere snakk om parallell tettstadsutbygging. Det er eit spørsmål om ein skal satse på sentrale tomter i begge kommunane, heller ha nokre færre tomter i grendene og om det skal det satsast på eitt sentrum på bekostning av det andre. I Lom er det ei utfordring å finne byggjeklare tomter. Rasfare, landbruksareal og andre avgrensande faktorar gjer at å skaffe nytt bustadareal vil vere ei utfordring. I Skjåk er det planlagt bustadområde i reguleringsplan og kommuneplan som lett vil gje byggjeklare tomter. Ekspansjonsmulegheita vil truleg vere større i og rundt Bismo enn ho er på Fossberg. Lom og Fossberg sin funksjon som landemerke, som turiststad og som skulestad vil vere tungtvegande grunnar i val av Lom som sentrum i ein ny kommune. På den andre sida vil Bismo ha større ekspansjonsmulegheiter, noko som vil gje større mulegheit for å byggje ut for framtida.

Effekt av samanslåing av Lom og Skjåk kommunar Ein effekt av ei kommunesamanslåing vil at ein vil redusere behovet for spisskompetanse innan planog miljøområdet, og at ein vil ha ein overordna plan med dei forenklingar det vil medføre. Ein vil ha ein prosess der ein i dag må ha prosessar i kvar kommune. I tillegg vil ein ny kommune ha eit større potensiale for nyetableringar i den grad det er avhengig av bustad og næringsareal.

Tab 5 Tomtepotensiale i gjeldande reguleringsplaner og kommuneplaner Ubebygde bustadtomter Lom sentrum

12 tomter 20 daa foreslått på Kulihaugen

Næringsareal 12 daa+12 daa foreslått i kommunedelplan

20 daa foreslått i industriareal som kombinert næring/bustad Bismo

Ca. 90 tomter

50 daa


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

45

Oppsummering -tenester Behovet for årsverk i dei tre største sektorane pr 1000 innbyggjarar, kan forventast å auke frå 86 i 2012 til 124 i 2040, I dette er det ikkje teke høgde for endringar i behovet i dei mindre tenesteområda som barnevern, rus, psykisk helse og heller ikkje teknisk, miljø- og næringsområdet. Spesialiserte funksjonar som juristar, psykologar og andre med utdanning på universitetsnivå er heller ikkje med her. Regjeringa viser til barnevern, PPT og psykisk helsearbeid når dei skal grunngje kommunereforma ut frå tenestespesifikke behov. Behovet for større einingar er grunngjeve ut frå kompetansebehov, og at det gjennomgåande er vanskeleg for små kommunar å skaffe nok kompetanse til desse tenestene. Geografiske forhold gjer at det ikkje utan vidare vil vere fornuftig å leggje ned tenestestadar i verken Lom eller Skjåk, og slik sett vil det ikkje bli store innsparingar for tenestene av ei samanslåing aleine. Men for dei fleste tenestene vil det vere snakk om reduserte administrative kostnader, og færre overordna leiarstillingar som vil medføre ei innsparing. Kanskje vil dette vere ressursar som kan frigjerast til større innsats på næringsutvikling, innovasjon og nyskaping?

ÅRSVERKSBEHOVET FOR 1000 INNBYGGARAR VIL AUKE FRAM MOT 2040


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

46

10

OPPGÅVER OG UTFORDRINGAR SOM KREV SAMARBEID PÅ TVERS AV KOMMUNEGRENSENE Som mange andre kommunar i landet er Lom og Skjåk involvert i svært mange interkommunale samarbeid, både regionalt og bilateralt. I tillegg kjem partnarskap med andre forvaltningsnivå (stat og fylkeskommune). Ein rapport frå kommunerevisjonen i Nord-Gudbrandsdal viser omfanget av slikt samarbeid for dei to kommunane. Det kan vere ulike grunngjevingar for dette samarbeidet – alt frå at det er små tenester med krav til spesialisert kompetanse (DMS, PPT, IKT) til funksjonalitet og kostnader (kompensasjon for smådriftsulemper). Slike interkommunale samarbeid har både positive og negative konsekvensar. Dei positive er at ein får sterkare fagmiljø for mindre fagområde, men som ulike rapportar har peikt på, det kan også redusere mulegheit for politisk styring og økonomisk kontroll. Det er ei utfordring at kommunen gjev frå seg ein del styringskraft til fellesskapsløysingar, som igjen kan hevdast å auke det demokratiske underskotet i kommunen. Erfaringa er også at samarbeidet kan føre til budsjettmessige prioriteringsvridningar den grad ein har forplikta seg budsjettmessig overfor andre aktørar i felleskapet. Ei samanslåing kan føre til at behovet for samarbeidsløysingar blir mindre, og at den enkelte kommune får større kontroll over eigne tenester. På den andre sida vil Lom og Skjåk framleis ha

UNDER FØLGJER EKSEMPEL PÅ INTERKOMMUNALE SAMARBEID MELLOM LOM OG SKJÅK: • • • • • • •

Barnevern Lom og Skjåk brannvesen Psykisk helse Tildelingskontor NAV Sysselsettingsgruppa Flyktningteneste (avslutta 2015)

småkommuneutfordringar, som vil skape behov for fortsatt interkommunalt samarbeid. Regiondata er eit etablert IKT-samarbeid, med svært mange ulike fagsystem. Å løyse opp dette samarbeidet vil vere krevjande for dei deltakande kommunane kompetansemessig og økonomisk. Det vil vere naturleg at dette held fram. Distriktsmedisinsk senter på Otta er etablert i eit samarbeid mellom dei seks regionkommunane og staten (SHI). Etableringa av senteret er ein del av samhandlingsreforma, og dette skal ivareta funksjo-


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

47

nar som det ikkje vil vere økonomisk eller kompetansemessig forsvarleg å leggje ut i enkeltkommunane ut frå pasientgrunnlag, m.v. Regjeringa sine signal om å leggje nye oppgåver til kommunane som ein del av kommunereforma vil innebere at korkje Lom-Skjåk, Sel-Vågå eller Dovre-Lesja vil ha det nødvendige folketalsgrunnlaget for å kunne løyse desse oppgåvene aleine. Det er nødvendig med ein regional diskusjon om korleis desse oppgåvene skal løysast i framtida.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

48

11

ØKONOMISKE NØKKELTAL

Generelt Dei frie inntektene i kommunane og fylkeskommunane er rammetilskot og skatteinntekter på inntekt og formue. Dei frie inntektene utgjer om lag 70 prosent av dei samla inntektene i kommunesektoren. Andre inntekter er øyremerkte tilskot, gebyr, eigedomsskatt og kraftinntekter. Skilnaden mellom landets kommunar er til dels store når det gjeld kostnadsstruktur, demografisk samansetning og geografisk struktur og storleik. Både etterspurnaden etter kommunale tenester og kostnadene ved å tilby dei vil variere mellom kommunane (kommunen sitt utgiftsbehov). Når ein skal samanlikne inntektsnivået mellom kommunane, er det derfor relevant å ta omsyn til at kommunane har ulikt utgiftsbehov. Driftsutgifter til skule, pleie og omsorg, helse og sosial og administrasjon inngår i kommunane sitt utgiftsbehov, og det er variasjon i kostnadane til drift av desse tilboda det korrigerast for. Grunna at kostnadsnøklane ikkje fangar opp heile samanhengen og skilnader i kommunane sine skilnader i produksjonsutgifter, er det gjort enkelte korreksjonar. Kommunar med eit lågt berekna utgiftsbehov («billige» å drive) vil få justert opp inntektene sine,

TAB 6 Økonomiske nøkkeltal – Lom og Skjåk 2014 0514 LOM Netto driftsresultat i pst. av brutto driftsinntekter

0513 SKJÅK

-1,1 (pst.)

3,6 (pst.)

55 617

54 881

217 842

212 866

83 794

70 572

5 187

16 568

Fond samla 1000 kroner

67 629

76 679

Gjeld pr. innbyggjar kr.

56 062

11 092

Frie inntekter i kr. pr. innbyggjar Samla driftsinntekter 1000 kr Rammetilskot frå staten 1000 kr Eiendomsskatt 1000 kr

mens kommunar med eit høgt berekna utgiftsbehov («dyre» å drive) vil få justert ned inntektene sine. For å få eit mest mogleg fullstendig bilde av dei frie inntektene er eigedomsskatt og konsesjonskraftinntekter òg tatt med i berekningane. Det er likevel begrensingar ved å bruke utgiftskorrigerte frie inntekter for å samanlikne inntektsnivået mellom kommunane. Grunnen er at viktige delar av inntektene til kommunane, som øyremerkte tilskot og gebyr, ikkje er med i analysen. Ein tek heller ikkje omsyn til at nokre kommunar har fordelar ved ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift og skjønnstilskot som fordelast gjennom året. Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Tekniske beregningsutvalg for kommunesektoren legg netto driftsresultat til grunn når dei vurderer kommunane sin økonomisk soliditet. Dei meiner at kommunane bør ha eit netto driftsresultat på om lag 3 pst. eller høgare. I 2013 hadde Skjåk eit netto driftsresultat på 5,4 pst., Lom 6,3 pst. I 2014 har dette endra seg, slik at Skjåk låg på 3,2, og Lom hadde eit negativt resultat på -1,1 pst. Ved ei samanslåing vil det, gjeve dagens system, skje ei dobling av budsjetta. Noko ein kan argumentere for at vil gje ein større økonomisk handlefridom. På den andre sida vil også oppgåvene bli dobla, slik at det sannsynlegvis kan ta tid før ein får ut ev synergieffektar. Å få ut stordriftsfordeling ved ei samanslåing for å frigjere ressursar til utviklingsretta tiltak vil vere eit viktig tiltak framover. Men det kan også vere slik at kommunane sine inntekter kan gå ned i åra framover, til tross for dei strukturinnretta tilskota som staten vil stille til rådvelde.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

49

Effekt av samanslåing av Lom og Skjåk kommunar Det tidlegare nemnde analyseverktyet «Ny kommune», gjev også mulegheit for å sjå på konsekvensar av ei samanslåing mellom kommunar for ein del økonomiske parametre som driftsresultat,

gjeldsbelastning m.v. Tala som «Ny kommune» brukar er frå 2013, slik at endringar i netto driftsresultat frå 2013 til 2014 (slik tilfellet er for Lom) ikkje blir med i simuleringa. Men oversikta kan gje ein viss peikepinn på kva som vil skje ved å slå saman kommunane – alt anna likt.

FIG 12

FIG 13

Driftsresultat og lånegjeld Lom og Skjåk saman og kvar for seg – 2013. Netto driftresultat 2013

Netto lånegjeld 2013

Fig 13 Fond Fond

50000

sum for k

40000

5,9%

36%

Per innby

30000

20000

Samlet

Samlet 10000

6,3%

54,4%

Lom

Lom

0

Lom

5,4%

15,5%

Skjåk

Skjåk

Figuren viser at lånegjelda i prosent av brutto driftsinntekter for ei ny kommune vil bli mindre enn det den er for Lom i dag, men større enn for Skjåk. Dette fordi kommunane vil ha med ulik gjeldsbelastning inn i den nye kommunane. Talet for netto driftsresultat er noko misvisande, fordi Lom i 2013 hadde eit godt driftsresultat, mens talet for 2014 er negativt. Dette viser at ein i ein slik prosess ikkje bør leggje for stor vektt på konsekvensane av netto driftsresultat fordi dette kan variere mykje frå år til år, og at det er andre forhold som vil bli viktige for den økonomiske situasjonen i ein ny kommune.

Samlet

Skjåk

Lom

Skjåk

Samlet

Om ein ser på fondssituasjon for kvar av kommunane, så har Skjåk noko høgre fondsavsetning enn Lom (frå årsmeldingane 2014). Til saman vil dei to kommunane få ei rimeleg stor fondsportefølgje (samanlikna landet)


(Kjelde KS)

Samlet

Reformstøtte (1000kr)

Støtte til engangskostnader (1000 kr)

Økonomiske virkemidler i reformperioden fra KMD, se side 53 i Kommuneproposjon (jf underark støtte KRD)

Etter 15 år trappes inndelingstilskuddet ned med 1/5 per år og bortfaller (null) etter 20 år.

(merk nytt nivå første år)

Netto utslag etter inndelingstilskudd

Kompensasjon ved inndelingstilskudd

Tap/gevinst tilskudd Nord-Norge/Namdalen

Tap/gevinst distriktstilskudd Sør-Norge

25 000

5 000

20 000

?

Endr utslag nabo-kriterium (kostnadsutjevning) 0 Andre utslag

20

85

3

304

0

-222

1000 kr

?

17 270 Endr utslag sone-kriterium (kostnadsutjevning)

0 Endr utslag opphopning (kostnadsutjevning)

Endr utslag urbanitetskriteriet 6 517 (kostnadsutjevningen)

-10 950 Tap vekstkommunetilskudd

Tap småkommunetilskudd

Andre utslag rammetilskudd ink. inntektsutj -12 837 Gevinst/tap inntektsutj (illustrasjon GH2015)

1000 kr

Tap av basistilskudd (del av kostnadsutj)

Beregning knyttet til inndelingstilskudd

Hvis aktuelle kommuner har Nord-Norgetilskudd (Namdalen), må «ny» kommune evnt gis rett sats kr per innb:

«Ny» kommune skal tildeles distriktsindeks. I modellen er gjennomsnitt for eksisterende kommuner lagt inn (kan overstyres):

KS sin utrekningsmodell

TAB 7

Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

50


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

51

Kraftinntekter Ein viktig del av inntektene til både Lom og Skjåk er inntekter frå kraft – enten dette er sal av konsesjonskraft og anna kraft eller skatt (naturressursskatt og eigedomsskatt). Det har vore ein diskusjon over år om dette er inntekter som staten kan ta med i den såkalla inntektsutjamninga i overføringane til kommunane. Argumentet mot har vore at dette er kompensasjon til kommunane for å avstå grunn og ta naturulem-

pene med kraftutbygging. Når inntektssystemet for kommunane skal reviderast vil denne diskusjonen kome opp att på nytt. Forvaltning av kraftrettar, uttak av utbytte og eigarskap til kraftverk har vist seg å reise vanskelege problemstillingar i kommunesamanslåingsprosessar. Inntektene frå kraftrettar er samansette. Kommunane kan selje konsesjonskraft, dei får konsesjonsavgiftsinntekter, og det er ulike skattereglar

TAB 8 Fordeling av kraftinntekter og kraft LOM Mengde

Kroner

SKJÅK Mengde

Kroner18

Konsesjonskraft

Mengde : 38,393 gWh (fordelt på sju konsesjonærar)19

6 500 00020

Konsesjonsavgift

Årleg konsesjonsavgift avsett til kraftfondet (næringsfondet) er ca. kr 4,2mill.

4 200 000

7 246 895

Eigedomsskatt – frå verker og bruk (kraftproduksjonsanlegg)

For 2015: 3,6 mill

3 600 000

15 714 000

Utbyggingsavtale Smådøla Kraftverk – Eidefoss.

Årleg kompensasjon på kr 1 mill. (prisavhengig etter løpande justering av markedspris med ein basispris på 35 øre/kwh

1 000 000

Eingongsutbetaling av næringsfond på kr 8.000.000 (avkastning kan nyttast)

8 000 000

Utbytte frå energiselskap

A/S Eidefoss – årleg utbytte Det er eigen aksjonæravtale og vedtatt utbyttemodell.

77,498gWh (uttak: 46,462)

6 000 000

6 000 00021

Avtalekraft Øvre Otta

37-53 gWh 22 (Uttak :51,670)

6 750 000

13-25 gWh (uttak 15,589)

1 800 000

Rettigheitskraft Skjåk 1 Skattekraft, gratiskraft 18 Skjåk kommune si inntekt 19 Av denne mengda er 2,692 etter sjølvkost og 37,700 etter OED-pris 20 Netto 2014 21 Lom kommune eig 20% av aksjane. Vedtatt utbyttemodell er avhengig av innteninga i selskapet. Årleg utbytte om lag kr 6 mill. 22 Dette er summen inntekter av avtalekraft, gratiskraft, osv.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

52

som kommunane kan få fordelar av. Skjåk kommune eig Skjåk energi som er eit kommunalt selskap, og Lom kommune eig 20 pst. av A/S Eidefoss. Lom kommune har ei konsesjonskraftmengde på 38,393 gWh (fordelt på sju konsesjonærar). Konsesjonskrafta som Lom eig er pr i dag forvalta av A/S Eidefoss gjennom ei eiga forvaltningsavtale. Netto inntekt for 2014 er omlag ca. 6,5 mill kroner. Skjåk kommune har ei konsesjonskraftmengd på 77 gWh som blir forvalta av Skjåk Energi. Men berre omlag halvparten kjem kommunen tilgode. Resten går til fylkeskommunen. I tillegg har kommunen kraftintekter frå avtalekraft, slik at dei samla inntektene frå kraftsal i 2014 var 12,7 mill kroner. Årleg konsesjonsavgift avsett til kraftfondet (næringsfondet) i Lom er ca. kr 4,2mill. I Skjåk er det 7,2 mill kroner. Skjåk har vel 15 mill kroner i eigedomsskatt frå verker og bruk, Lom har 3,6 mill kroner.

Effekt av samanslåing av Lom og Skjåk kommunar Utgreiingar som hhv LVK og fylkesmannen i Sogn og fjordane har gjort, konkluderer med at retten til konsesjonskraft vil overtakast av den nye kommunen. Som det går fram av oversikta vil Lom og Skjåk til saman må ei monaleg kraftmengd å forvalte. Kommunane vil til saman få over 10 mill kroner på næringsfonda, og gjeve at det ikkje blir endringar i regimet for eigedomsskatt på verker og bruk, vil også eigedomsskattinntektene kunne påreknast til over 15 mill kroner. Dei to kommunane vil eige heilt eller delvis to energiselskap med ulike konsesjonar. Det er nødvendig med ei juridisk vurdering om korleis dette vil slå ut, og om eigar- og selskapsstrukturen ev må endrast.

Reglane for konsesjonskraft er slik at kommunane har rett til å ta ut ei mengd tilsvarande det som går til alminneleg forbruk i kommunen. Overskytande kraftmengd skal gå til fylkeskommunen, i dette tilfelle Oppland fylkeskommune. Skjåk kan i dag ta ut vesentleg mindre konsesjonskraft enn det retten tilseier. I Lom er uttaket av konsesjonskraft om lag 100 pst. Det er muleg at ein ny kommune vil kunne ta ut ei større samla konsesjonskraftmengd enn det som er tilfelle for dei to kommunane i dag, dette vil vere avhengig av kor stort det alminnelege forbruket av straum i dei to kommunane vil vere. Dei endelege konsekvensane av ei samanslåing målt i konsesjonskraftinntekter vil ein måtte kome attende til seinare. Ein del av kraftinntektene til Skjåk er regulert gjennom eigne avtaler. Det er nødvendig med ein juridisk gjennomgang av desse avtalane for å sjå kva problemstillingar ei kommunesamanslåing ev reiser for mulegheitene til å ta ut kraftrettane.


Kommunereform; Skjük–Lom alternativet 2015

53


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

54

12

KOMMUNEN SOM MYNDIGHEITSUTØVAR Generelt Kommunen utøver offentleg myndigheit i ei rekkje samanhengar, og denne rolla er blitt stadig utvida på velferdsområda. Den kommunale rolla som utøvar av myndigheit gjer at omsynet til rettstryggleiken er viktig i forholdet mellom innbyggjarane og kommunane. Ein sentral del av rettstryggleiken til innbyggjarane ligg i retten til å klage på einskildvedtak som er tekne av kommunale organ. (Meld. St. 12 (2011–2012). Eit vesentleg prinsipp for statleg styring av kommunesektoren er rammestyring. Dette ligg til grunn for systema for finansiering av kommunesektoren si verksemd, for utforming av lovverk osv. Men samtidig har kommunane myndeansvar etter ei stor mengd særlover i tillegg til kommuneloven. Ein stor del regulerer kommunal saksbehandling (det er nok å nemne vedtak etter plan- og bygningslova og sosialtenestelova). Dette er lover som har mykje å seie for rettstryggleiken til innbyggjarane i kommunen. I ein del av desse lovene er det prosedyrekrav, krav om saksbehandling, internkontroll og tilsyn. Krav om enkeltvedtak har auka dei seinare åra, det same har kravet om individuelle planar, kvalitetssystem i alle sektorar, handtering av klagesaker, osv. Det er nødvendig med tilstrekkeleg kompetanse til å ivareta desse oppgåvene godt nok. Kommunen skal også gjennom internkontrollsystem, sikre at tenestene er gjennomført i samsvar med fagleg forsvarlegheit og juridiske krav. Ein hypotese er at små kommunar ikkje vil ha tilstrekkeleg juridisk og fagleg kompetanse til å handtere alle slike krav. Det er få utgreiingar som stadfestar denne hypotesen, men ein har funne at det på enkelte (smalare) område som t.d. barnevern, kan vere utfordringar knytt til kompetanse, kapasitet og habilitet. Det som er viktig er at kommunane med alle sine myndigheitsutøvingsfunksjonar, har stor merksemd retta mot ivaretaking av rettstryggleiken til innbyggjarane. KMD utfordrar kommunane til å vurdere om ein vil vere i stand til å fylle rolla som myndigheitsutøvar i åra framover. Kommunane blir utfordra på å vurdere om manglande kapasitet og kompetanse skapar utfordringar for myndigheitsutøvinga; korleis tilgangen på

juridisk kompetanse er; omfanget av klager på dei ulike forvaltningsområda; saksbehandlingstid og kvalitet på saksbehandlinga; om kommunane har gode rutinar og system for myndigheitsutøving og problemstillingar tilknytta habilitet.

Kapasitet og kompetanse Som nemnt under punktet om tenester, har det vore ei utfordring å rekruttere plankompetanse og ingeniørar. Dette har samanheng med marknadssituasjonen for desse gruppene generelt, og det er eit spørsmål om situasjonen i oljesektoren vil medverke til å snu denne trenden. At mange små kommunar skal konkurrere på same marknaden om sparsame ressursar kan føre til ein kapasitetsbrist. Ser ein på saksbehandlingstid i byggje- og plansaker (KOSTRA), er det ikkje ting som tyder på at dette er eit større problem i Lom og Skjåk enn for gjennomsnittet av landets kommunar. Kommunane overheld lovpålagd saksbehandlingstid i bygge- og delesaksbehandling, sjølv om saksbehandlingstida varierer noko mellom kommunane. Heller ikkje i dei andre sektorane er det forhold som tyder på at manglande kapasitet og kompetanse fører til manglande kvalitet på saksbehandlinga eller svekking av innbyggjarane sin rettstryggleik. Folketalsutviklinga som er prognostisert for dei to kommunane framover, kan tyde på at det å skaffe nok kvalifisert personell også til slike oppgåver kan bli ei utfordring, og at ei samanslåing vil redusere behovet for saksbehandlingsårsverk til det halve.

Juridisk kompetanse Lom og Skjåk har ikkje eigne kommunejuristar i dag. Behovet for juridisk kompetanse blir i båe kommunane løyst ved at ein dels kjøper kompetanse ved behov, del at ein nyttar advokatapparatet gjennom Kommunenes Sentralforbund. Det vil vere slik at ei lita kommune ikkje vil ha eit så stort tal saker at det vil kunne forsvare ein eigen jurist, sjølv om forvaltningsaspektet ved sakene til ei kvar tid aukar. Men det betyr ikkje at kommunen av den grunn til ein dårlegare myndigheitsutøvar enn større kommunar som har slike stillingar. Men om det kjem fleire lover med strenge krav til saksbehandling og kontroll, kan det vere spørsmål om småkom-


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

55

munane blir meir sårbare enn litt større kommunar. Dette vil også kunne gjelde for Lom og Skjåk.

Omfang av klager Talet på klagesaker kan vere ein indikator på korleis kommunen skjøttar oppgåva som myndigheitsutøvar. Skjåk kommune hadde om lag 50 klager i 2014 – fleire sektorar er representert. Dei fleste klagene kom innan byggesaksområdet. Det er ikkje oversikt over situasjonen i Lom.

Gode rutinar og system for myndigheitsutøving Kommunane er både i kommuneloven og i ei rekkje særlover pålagde å ha internkontrollsystem for tenestene. Målet med dette er først og fremst at kommunane skal ha system for å sikre at tenestene blir drivne på ein fagleg forsvarleg måte, og innanfor rammene av gjeldande regelverk. Men dette er også ein metode som fylkesmannen nyttar når embetet fører tilsyn med dei ulike tenestene i kommunen. Lom har eit internkontrollsystem i regi av Kommuneforlaget, medan Skjåk til nå har brukt eit system som heiter IKKS. Av ulike grunnar er Skjåk i ferd med å skifte til eit system som heiter Kvalitetslosen. Etter kvart som det er etablert profesjonelle internkontrollsystem, skal det ikkje vere vanskelegare for små kommunar å ha gode internkontrollsystem enn store. Mangel på system og rutine bør for Lom og Skjåk ikkje vere ein grunn til å slå seg saman, men ein ev. ny kommune må etablere eit godt kvalitetssystem.

Habilitetsutfordringar Frå statlege hald blir det peika på at små kommunar der alle kjenner alle, vil ha vanskar med å ha nødvendig avstand til innbyggjarane både når det gjeld einskildvedtak og politiske vedtak. Barnevernstenesta blir ofte trekt fram som døme, og der ein har sett saker der barn ikkje har blitt følgt godt nok opp fordi dei tilsette har vore for tett på foreldra. På same måten har det vore reist spørsmål om saksbehandlarar i bygg- og plansaker er tilstrekkeleg ugilde. I både Lom og Skjåk vil det i mange tilfelle vere tette band mellom dei som jobbar i kommunen og innbyggjarane. Barnevernet er organisert som ei fellesteneste for dei to kommunane. Dette har ført til mindre sårbare kontor, og venteleg også noko større avstand mellom saksbehandlar og klient. I andre tenester er det system for å ivareta habilitet, og det er ikkje ting i klagesakene i t.d. byggjesaksbehandlinga som gjev grunn til å tru at det er manglande habilitet. Konklusjonen på dette punktet er at habilitetsutfordringane vil variere frå sektor til sektor, men at kommunane har årelange tradisjonar på å handtere slike problemstillinger.

Effekt av samanslåing av Lom og Skjåk kommunar Det er vanskeleg å sjå at ei kommunesamanslåing aleine vil ha konsekvensar for kommunane si rolle som myndigheitsutøvar. For det første fordi kommunane ikkje synest å ha alvorlege problem med å vareta denne funksjonen i dag, men også fordi ei ny kommune vil ha eit innbyggjartal som ikkje gjer det realistisk å kunne etablere eigen kommunejurist eller å ha større saksbehandlingstabar. Dei to kommunane har frå 2015 etablert eit eige tildelingskontor for tenester etter helse- og omsorgslov, transportteneste for funksjonshemma, mv. Ei grungjeving for dette er at det skaper større fagleg kvalitet på sakshandsaminga, det gjer tenestene lettare tilgjengeleg for innbyggjarane og det er ei større samla kompetanse i slike saker. Det er nærliggjande å tenkje at ei slik eining også vil vere sentral i ei ny kommune.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

56

13

KOMMUNANE SOM SAMFUNNSUTVIKLARAR Utfordringar knytt til langsiktig og heilskapleg utvikling Nedgang i folketalet er ei utfordring både for Lom og Skjåk og for Nord-Gudbrandsdalregionen. Sjølv om grunnen til dette er samansett, er det ei utfordring å skape eit vekst- og livskraftig næringsliv og nye arbeidsplassar som inviterer folk til å busette seg i området. Godt kommunalt næringsarbeid er vesentleg for å få omstilling og innovasjon i næringslivet, og for å få nye verksemder til å etablere seg i kommunane. Ei utfordring for mange små kommunar er konkurranse om arbeidsplassar og etablering av nye bedrifter. «Ny kommune» har på basis av ein sårbarheitsindeks utvikla av Telemarksforskning synleggjort sårbarheit på næringsfeltet. Denne indeksen som er basert på 2011-tal, seier noko om kor sårbart næringslivet i kommunen er. Ein kommunes næringsmessige sårbarheit er i denne samanhengen målt ved å kombinere tre indikatorar – hjørnesteinsfaktor, bransje-spesialisering og arbeidsmarknadsintegrasjon. Ein høgare verdi tilsvarar større sårbarheit. Indeksen for Skjåk er 18,7, for Lom 19,2. 1 Til samanlikning har Lillehammer 3,6.23 Indeksen viser at Lom og Skjåk har sårbare næringsliv, og det er ei sentral oppgåve å prøve å finne fram til utviklingsområde som kan gje nødvendig vekst og ny-rekruttering. Ei utfordring for desse kommunane er mangel på kapitalsterke miljø. Dette gjer at kommunane i stor grad er involvert når bedrifter skal etablerast, både med rettleiing, økonomisk støtte og tilretteleggjing av infrastruktur (tomter, breiband, osv).

Næringsutvikling og sysselsetting Norge er det landet i Norden som har størst del av befolkninga busett utanfor tettbygde strok, og som samtidig har størst del (med unntak av Island) ikkje-busett areal. Skjåk har ei spreiddbygd befolkning, ei av dei minst tett befolka kommunane i fylket. Det er relativt store avstandar med mykje fjell og lite tverrgåande infrastruktur (ref at ferdselsårene går langs dalen og ikkje over dei omkring liggjande fjella). Dette gjer kommunikasjon med fleire av nabokommunane vanskeleg. Sjølv om nasjonale styresmakter i Noreg har hatt 23 Telemarksforskning, rapport….

andre politiske mål sidan krigen om desentralisert struktur,(motivert ut frå matproduksjon, forsvarsstrategiske vurderingar – det skal bu folk i husan) enn Sverige som har bygd ut regiontettstadar og avfolka landsbygda, viser utviklinga dei seinare åra at urbaniseringstrendane har same profil i Norge som i Sverige. Det er grunn til å tru at stads-og miljøfaktorar er viktigare for folk sine bustadval enn tidlegare. Ein svært viktig faktor er at langt fleire i dag tek høgare utdanning, og at folk reiser dit utdanningsinstitusjonane er. Frå 2006 og fram til i dag har Skjåk kommune fått to nasjonalparkar, Reinheimen og Breheimen. Dette saman med enkelte landskapsvernområde gjer at om lag 90 pst. av arealet i Skjåk er verna, og dermed underlagt relativt strenge vernereglar. Det er eigne styre med lokal representasjon for dei to parkane. Departementet har med heimel i naturmangfaldlova § 62 andre ledd og tredje punktum, jf. kongeleg resolusjon av 4. juni 2010 fastsett vedtekter for nasjonalparkstyret. Vernesituasjonen gjer at mykje areal blir bandlagt, men samstundes vil bruk av nasjonalparkane kunne utviklast som næring. Vel 76 pst. av Lom kommune er statsallmenning. Lom fjellstyre forvaltar bruksrettane i Vårdalen statsallmenning, Visdalen statsallmenning og Leir- og Bøverdalen statsallmenning, som til saman har eit areal på ca. 1.2 mill. dekar. I tillegg til dette ligg 95 pst. av Finndalen statsallmenning i kommunen. Denne er på 267.000 dekar og har sitt eige styre samansett. Lom kommune er nasjonalparkkommune, med Jotunheimen nasjonalpark og delar av reinheimen nasjonalpark. Fossberg har status som nasjonalparklandsby, ein status dei fekk i 2008.

Allmenningar og utmarkforvaltning Skjåk Almenning utgjer 95 pst. av landarealet i Skjåk kommune. Bygdefolket kan delast i tre grupper: 1. Dei med bruksrett og eigedomsrett i allmenninga (ca. 206 hushald) 2. Dei med berre bruksrett (ca. 160 hushald) 3. Dei som ikkje har allmenningsrettar i det heile, men som har allemannsrett (580 hushald)


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

57

Skjåk Almenning er ei bygdeålmenning, med dei reglane som gjeld for slike. Utgangspunktet er dagens lovverk, allmenningslova av 1992. Allmenningsstyret er suverent og har mynde til å avgjera elle spørsmål i samband med forvaltning og drift i ei bygdeålmenning. Dette gjeld da innanfor skrankane i lovverket og tidlegare rettsspraksis. Når det gjeld bruksrett vil ei kommunesamanslåing ikkje påverke kven som har bruksrett, og kretsen av dei med bruksrettar vil vera den same uavhengig av kor mange kommunar ein slår ilag. Det er også eksempel der det eksisterer fleire bygdeallmenningar i ei og same kommune, og der kretsen av dei med bruksrettar følgjer eit spesifikt bygdelag innanfor den eine kommunen. Bruksretten ligg til dei eigedommane som frå gammal tid har hatt bruksrett i allmenninga. Når det gjeld andre rettar som storviltjakt står ålmenningsstyret fritt til å utvide eller innskrenke kretsen av dei som utøver denne retten i bygdeålmenning. Småviltjakt og fiske er bruksrettar, og så lenge ein ikkje avskjer denne retten for bruksberettiga kan allmenningsstyret anten utvide eller innskrenke kretsen av dei som utøver denne retten i bygdeålmenning Det blir elles ikkje gjort forskjell på folk med og utan allmenningsrett når det gjeld jakt- og fiske for innanbygds buande. Det tilhøvet at bruksrettshavarane består av to grupper, ei med og ei utan eigedomsrett, skil Skjåk Almenning ut frå andre bygdeallmenningar. Spørsmål om retten til ferdsel og bruk av utmarka, vil måtte avklarast i forkant av ei evt samanslåing. Fylkesmannen i Oppland har fått utarbeidd eit notat om kommunereform og forvaltning av statsallmenningar. For Skjåk Almenning er ikkje dette relevant, sidan det er ei bygdeallmenning, og der styret er det organet som regulerer bruken av arealet. Vel 76 pst. av Lom kommune er statsallmenning. Lom fjellstyre forvaltar bruksrettane i Vårdalen statsallmenning, Visdalen statsallmenning og Leirog Bøverdalen statsallmenning, som til saman har eit areal på ca. 1.2 mill. dekar. I tillegg til dette ligg 95 pst. av Finndalen statsallmenning i kommunen. Denne er på 267.000 dekar og har sitt eige styre samansett av representantar frå både Lom, Skjåk og Vågå kommunar. Ein liten del av allmenningarealet ligg nord for Otta elv og hovuddalføret og fråskild det andre, medan resten samanhangande ligg sør for Otta elv og utgjer sentrale delar av Jotunheimen. Statsallmenninga omfattar m.a. vel halvparten av Jotunheimen nasjonalpark, eller ca. 600 dekar. Mest heile allmenninga er høgfjellsterreng. Berre 2 pst. av arealet ligg under tregrensa.

Sysselsetting I Lom var det 1254 arbeidstakarar i 2013, i Skjåk 1178. Pendlingsstatistikken viser at Lom og Skjåk,

fungerer som ein arbeidsmarknad. Pendlingstala slik dei er presenterte i «Ny kommune» viser at 101 personar pendla frå Lom til Skjåk og 124 frå Skjåk til Lom. At det også dag kan seiast å vere ein felles arbeidsmarknad vil vere viktig å spele på når den nye kommunen sine næringspolitiske verkty skal utformast. Kommunane er relativt like når det gjeld sysselsettingsprofil, det er i gruppa «menn i sin beste alder» (25–54 år) at sysselsettingsrata er høgast. Båe kommunane har tradisjonelt vore land- og skogbruksnæringar, etter kvart med eit monaleg stort innslag av industrinæringar i Skjåk, og ei stor satsing på reiselivet i Lom. Næring basert på naturgrunngjevne føresetnader, står, og vil stå sentralt framover. Ser ein på næringssamansetjinga i dei to kommunane, er landbruk viktig fundament for næringsliv og sysselsetting i dei to kommunane.


Kommunereform; Skjük–Lom alternativet 2015

58


Kommunereform; Skjük–Lom alternativet 2015

59


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

60

TAB 9 Kommunane fordelt på næringstyper – og samla Primær

Sekundær

Tertiær

SAMLET

16 %

20 %

64 %

LOM

16 %

15 %

69 %

SKJÅK

16 %

26 %

58 %

Tabell 9 (SSB) viser at 16 pst. av arbeidsstokken i Skjåk jobbar innanfor primærnæringane (jordbruk, skogbruk, fiske), 26 pst. innanfor sekundærnæringar (industri og produktbearbeiding) og 58 pst. inna-for tertiærnæringane, (tenesteyting, service). Om lag ein tredel er offentleg tenesteyting. I Lom er primærnæringsdelen også 16 pst., medan 26 pst. er innanfor sekundærnæring og 69 pst. tertiærnæringar. Den siste skilnaden vil nok i stor grad skuldast at ein i Lom har satsa sterkt på reiseliv, og at Skjåk i større grad har hatt ei framvekst av industri og bearbeidingsbedrifter. Skjåk har ein tradisjonell arbeidsmarknad, der menn er sterkt overrepresentert i jordbruk, skogbruk og fiske, medan kvinner er overrepresentert i omsorgsyrkene. Medan andelen med høgare utdanning er høgare blant kvinner enn menn (22,3 mot 13,7, 2012-tal) er andelen av sysselsette kvinner som jobbar deltid 46,1 pst. mot 18,6 blant menn. I Lom er det relativt fleire kvinner enn menn med akademisk utdanning, og også fleire enn i Skjåk. Dette utjamnar seg når det gjeld utdanning på høgskulenivå.

Verkemiddelapparat for næringsutvikling Organisering av næringsarbeidet I Lom er næringsarbeidet plasser under Miljø-, teknisk- og næring med m.a. arealplanlegging, miljø, næring, kart og oppmåling og byggesaksbehandling, i Skjåk er næringsarbeidet lagt under eiga næringsavdeling med næringssjef som ligg under rådmannen i styringsline. I ei framtidig kommune vil rådmannen (saman med næringspolitikarar) ta stilling til endeleg organisasjonsform, men dette er ei teneste som vil kunne sentraliserast og såleis på sikt også medføre innsparingar. Kvar i den nye kommuna næringsadministrasjonen skal liggje vil vere avhengig av kvar den øvrige kommuneadministrasjonen ligg, sidan næringsutvikling er ein sentral del av rådmannen sine oppgåver. Mykje kommunikasjon som tidlegare skjedde gjennom direkte kontakt eller møte, kan i dag løysast elektonisk/

nettbasert. Dette gjer at ein er mindre avhengig av nærleik til kontoret i dag enn berre for nokre få år sidan. Det har nyleg vore ei drøfting av om landbrukskontora i dei to kommunane skulle samlast, og flyttast til felles kontor. Dette har førebels ikkje resultert i nokor konkret løysing. Det er gode grunnar til å ha landbrukskontorfunksjonane integrert i ei næringsavdeling, men det er nærliggande å tru at diskusjonen vil kome opp att som tema i samband med organisering av ei ny kommune.

Næringsfonda Båe kommunane har eigne næringsfond eller såkalla kraftfond. I Lom er fondet på 4 mill kroner årleg, i Skjåk på vel 7. Målsettinga med slike fond er at dei skal medverke til vekst og utvikling i kommunen gjennom stimulering til næringslivet til nyetablering eller utviding. Vedtektene for båe kommunane sine næringsfond tek utgangspunkt i statens retningsliner for kraftfond. Vedtektene har mange likheitstrekk, men Lom har t.d. eit eige punkt om reiseliv, og Skjåk har eit særskilt fokus på retningsliner for støtte til landbruksformål. Fondstyra i båe kommunane er formannskap og kommunestyre avhenging av storleiken på tilskotet. Vurderinga er at det er fleire fellesnemnarar enn ulikheiter i måten reglane for næringsfonda er utforma. Sidan næringsfondet i Skjåk er relativt mykje større enn i Lom, vil det måtte bli ein diskusjon om det i alle fall ei overgangsperiode, skal handamast søknader pro-ratisk, i praksis om ein større del av ein samla pott skal gå til søknadar frå Skjåk. På sikt verkar dette uhensiktsmessig, sidan næringsutvikling og vekst vil vere ei av hovudmålsettingane med reforma, og at verkemidla innrettast slik at ein når dette overordna målet. Arbeidsgruppe 1 Næring, naturforvaltning, miljø, klima og kraft drøfta ulike alternative løysingar til handtering av ulike reglar og ulikt nivå på nærings-


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

61

fondet: 1. Full samanslåing frå dag ein. Dette betyr at kommunen har eitt næringsfond, og at næringslivet i Lom og Skjåk kan søkje om stønad frå fondet på heilt like vilkår. 2. Ein fordeler tilskot etter nåverande fordeling i ei overgangsperiode på t.d. fem år. Dette betyr at ein større del av potten på 11 mill kroner vil gå tilbedrifter og verksemd i «gamle» Skjåk i ei overgangsperiode.

at dei to kommunane er i gong med to samtidige planprosessar (harmoniseringsmulegheit?) Skjåk kommunestyre vedtok for 2011–15 ein relativt ambisiøs kommuneplan (samfunnsdelen). Tiltaka i planen er av varierande konkretiseringsgrad, og dei mest uttalte og ambisiøse måla knytt til folketalsutvikling m.v. har ikkje vore muleg å oppnå i perioden.

Areal Tilgang på næringsareal er eit vesentleg verkemiddel ved etablering av ny verksemd, nesten uavhengig av sektor. Dette kan enten vere tilgjengeleg næringsgrunn eller tilgang på lokale. 1 Arbeidsgruppe 1 24 meiner det er viktig med ein god reguleringsplan for næringsområda, mellom anna slik at ein unngår at verksemder som genererer mykje støy, støv og andre ulemper for befolkninga blir liggjande for tett opp til bustadfelt. Reiselivsbedrifter vil ha andre behov enn produksjonsbedrifter som produserer industriprodukt, og dette er det viktig å ta omsyn til i framtidige reguleringsplanar. Status for næringsområda i Lom og Skjåk i dag er at det i Lom pr dato ledig 11,3 daa næringsareal i Gjeisarøya. I Skjåk er det til saman 101 daa ledig, fordelt på Bismo, i Aurmo og på Felodden. Til saman er det 112,3 daa ledig i dei to kommunane. I tillegg til næringsareal vil tilgangen på bustadareal vere viktig for nyrekruttering. I Bismo er det om lag 90 ledige tomter, i Lom er det pr i dag drygt 10 byggjeklare tomter (jf rapport frå infrastrukturgruppa og Lom kommune sine heimesider) i tillegg til private tomter (sjå tabell 1). Lom har reguleringsplan ute til høyring nå, Skjåk er i gang med rullering av kommuneplanen, der arealdelen inngår som ein del av arbeidet. I tillegg til tilskotsordningar og næringsareal/ lokalitetar, vil redusert arbeidsgjevaravgift, tilgang til rimeleg energi og stabil arbeidskraft, vere aktiva som må brukast for å rekruttere ny verksemd til kommunane (gjeld både om det blir to kommunar i framtida eller om det blir ei kommune. Arbeidsgruppa meiner det er ei viktig og prioritert oppgåve å få fiber og god breibanddekning i heile kommunen. Dette har også svært stor betydning for å kunne modernisere pleie- og omsorgstenestene og ta i bruk ny teknologi.

Evne til å gjennomføre vedtak i plan – og utbyggingssaker Skjåk sin kommuneplan er frå 2011, og skal rullerast frå 2016. Lom sin kommuneplan er frå 2007, og det er sett i gong ei regulering av planen. Dette betyr

24 Arbeidsgruppe 1 har sett på næring, kraft og natur før val????


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

62

14

KOMMUNANE SOM DEMOKRATISK ARENA Generelt I Meld. St. 12 (2011–2012) Stat og kommune – styring og samspel heiter det: «Forsking viser at det er sterke og svake sider ved demokratiet både i store og i små kommunar (NIBR 2001, Saglie 2009). Visse typar direkte demokrati har betre vilkår i små kommunar enn i store. På den andre sida gjennomfører større kommunar fleire demokratitiltak enn små (Aars 2005). Nærleik og personkjennskap stimulerer til direkte kontakt med politikarar og administrasjon. For det representative demokratiet inneber dette kortare avstand mellom veljarar og representantar i små kommunar samanlikna med store kommunar. Ein hovudtendens i undersøkingar av røystegjeving, deltaking på nominasjonsmøte og andre aktivitetar knytte til lokalval, er at dette er aktivitetar som går ned med aukande kommunestorleik. I den siste lokaldemokratiundersøkinga (Saglie 2009) blir det vist til at små kommunar med relativt mange politikarar og tettare kontakt mellom veljarar og representantar kan gje ein demokratisk gevinst på to måtar: Ein større del av innbyggjarane blir trekte direkte inn i styre og stell i kommunen og mellom dei som sjølv ikkje er valde, er kontakten med det politiske systemet betre. Ifølgje den same lokaldemokratiundersøkinga er det ingen samanheng mellom kommunestorleik og haldning til lokaldemokrati som styringssystem. Men det er ein svak tendens til at folk i små kommunar har meir positive vurderingar av kor representative og lydhøyre lokalpolitikarane er. Oppfatninga av kor dyktige lokalpolitikarane er, er meir positiv i store kommunar. Generelt kan det seiast at lokalpolitikarane og dei lokalpolitiske institusjonane har stor tillit blant innbyggjarane (Rose og Pettersen i Saglie 2009). Det er òg eit gjennomgåande trekk at lokale institusjonar og aktørar i snitt får tillitskarakterar som er like høge eller høgare enn dei nasjonale. Dette mønsteret har halde seg over fleire valperiodar. » For å få ei forståing av korleis lokaldemokratiet er ivareteke i Lom og Skjåk må ein sjå på ulike faktorar. Det mest innlysande er å sjå på valdeltaking og representasjon i kommunestyre og politiske utval. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har som eit hjelpemiddel i reformarbeidet laga eit

debattopplegg om lokaldemokrati. Her heiter det mellom anna: «Innbyggerne har lovfestet rett til medvirkning etter Plan- og bygningsloven. Å være oppmerksom på hvordan man kan legge til rette for innbyggermedvirkning i kommunale planprosesser etter en kommunesammenslåing kan bidra til å styrke lokaldemokratiet. I dag er det lovpålagt å ha eldreråd og råd for personer med nedsatt funksjonsevne. Ungdomsråd og innvandrerråd er ikke lovpålagt. 15 prosent av kommunene har kontaktutvalg eller råd for innvandrere og 90 prosent har ungdomsråd eller barn og unges kommunestyre. Kommunesammenslåing er en mulighet til å diskutere hvordan rådsordningene fungerer i dag, og hvordan de vil fungere i en ny kommune. I planlegging og etablering av en ny kommune vil det være viktig å ha god dialog med næringslivet og frivillig sektor. Næringslivets behov og interesser går ofte over flere kommunegrenser. Både arbeidskraft, kompetansemiljøer, kapital, underleverandører, næringsareal og næringslivets kunder er ofte å finne i nabokommunene til der bedriftene er lokalisert. Dette utfordrer kommunene til å tenke politikkutvikling på områder som strekker seg ut over eksisterende kommunegrenser. Frivillig sektor bidrar med store verdier til samfunnet, er samfunnsbyggende og spiller en viktig rolle i demokratiet vårt. Frivillige organisasjoner er viktige for demokratiet gjennom å være pådrivere og kanaler for interessegrupper og engasjerte innbyggere. Nærdemokratiske ordninger er en måte å involvere innbyggerne i saker som angår dem. Ordningene kan bidra til å redusere avstanden mellom innbyggere og politikere i den nye kommunen…»

Lokaldemokratisk organisering og deltaking Om ein måler grad av lokaldemokrati som andelen som stemmer ved val, så er både Lom og Skjåk om lag på gjennomsnittet for landet. Valdeltakinga er ofte større i småkommunar enn større. Det kan sikkert vere fleire årsaker til dette, men i lokalval vil det nok kunne vere ei større oppleving av nærleik til dei folkevalde, saman med konkrete lokale saker som engasjerer folk, og det stimulerer til høgare deltaking. Skjåk har eit relativt stort kommunestyre sett i


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

63

METODAR FOR INNBYGGJARINVOLVERING • Nærdemokratiske ordninger gir kommunen innspill fra innbyggerne i et geografisk avgrenset område. • Brukermedvirkning bidrar til økt kvalitet og skreddersydde tilbud tilpasset den enkeltes behov. • Innbyggerforslag kan gi kommunen direkte innspill fra innbyggerne, og gi grupper i befolkningen en opplevelse av nærhet til sine politikere. • Gjestebud gir innspill fra engasjerte innbyggere som vanligvis ikke stiller på folkemøter. • Kommunen kan bruke skolen som en arena for å øke unges engasjement og deltakelse i samfunnsutvikling og lokaldemokratiet.

høve til folketalet. Det er 21 medlemmer. Grunngjevingane for å oppretthalde eit kommunestyre med mange medlemmar, er å skape større engasjement i kommunen, og at fleire interesser blir representert inn i dei politiske vedtaka. Å ha eit fleirtal i eit stort kommunestyre kan i det minste hypotetisk sett, bidra til større legitimitet i vedtaka. Og det kan hevdast at ein i større grad evnar å ivareta grendeinteresser med eit stort kommunestyre. På den andre sida er det eit spørsmål om kostnadane ved å skulle møte så mange, skaffe vikarar, og om dei som kjem inn nedst på listene er tilstrekkeleg motivert til å delta aktivt i desse prosessane. Dette har vore diskutert fleire gonger, og storleiken på kommunestyret i ein ny kommune vil måtte vurderast på nytt. Eit anna spørsmål er kva som skal til for å oppretthalde den politiske interessa i lokalsamfunnet framover. I kommunevalet i 2015 stilte berre to lister til val i Skjåk, Senterpartiet og Arbeiderpartiet. Senterpartiet fekk 12 medlemmer i kommunestyret, Arbeiderpartiet 9. Av 21 medlemmer er 6 kvinner. Å rekruttere kvinner til politiske organ er ei utfordring for dei politiske partia i Skjåk. Ei lita kommune vil ha eit mindre partimangfald enn i store kommunar. Det er grunn til å sette spørsmålsteikn om kva dette har å seie for lokaldemokratiet. dette bidreg til å redusere lokaldemokratiet. Om det berre er to lister ved i kommuneval, slik det vil bli i Skjåk ved

kommunevalet for 2015, er det da eit tilstrekkeleg grunnlag for å sikre lokaldemokratiet? I 2015 var frammøteprosenten i Skjåk 68,8 prosent. I Lom var frammøteprosenten ved kommunevalet i 2015 62,9 pst. Av 17 medlemmer er 7 kvinner. Senterpartiet fekk 8 representantar, Arbeiderpartiet 4, Bygdalista 3 og Lomslista 2 representantar. Lom har med andre ord eit større listemangfald enn Skjåk, og noko større kvinnedel, men valdeltakinga var dårlegare. I ein ev. ny kommune vil det vere viktig å drøfte storleik på kommunestyre, utvalssamansetjing og representativitet. Det er ei nasjonal utvikling i retning av at fleire oppgåver vert delegerte til administrasjonssjefen. I tidsrommet frå 2000 til 2004 auka talet på kommunar som gjev administrasjonssjefen høve til å overføra heile eller delar av overskotet til neste års budsjett, og til å overskride vedtekne driftsutgifter når dette vert motsvart av auka inntekter. I Skjåk har ein halde fast i saker som elles kunne ha vore delegert til administrasjonen, t.d. søknader om støtte frå næringsfondet. Ved ei samanslåing av to små kommunar, vil ikkje lokaldemokratiet utan vidare rokkast. Det vil vere avhengig av korleis kommunestyra blir sett saman, av partia sin nominasjonspraksis og av innbyggjarane si politiske interesse og deltaking. I tillegg kan det som nemnt kompenserast gjennom aktiv bruk av andre medverknadsformer. For Lom som for Skjåk vil det vere ei sentral problemstilling å oppretthalde eit godt lokaldemokrati der deltaking og innsyn i saker frå innbyggjarane vil vere viktig også ved etablering av ei ny kommune. I den samanheng vil det også vere nødvendig å sjå på andre medverknadsformer.

Rekruttering og engasjement for å drive politisk arbeid Som nemnt over, er valdeltakinga i dei to kommunane litt høgare enn resten av landet. Ei utfordring for lokaldemokratisk engasjement er for Skjåk sin del – få vallister. Men det som ofte pregar lokalval er at det er saker som vekkjer lokal debatt og der det er klåre meiningsskilje mellom partia. I periode med få stridsspørsmål, kan engasjementet bli noko lågare. Men det er også ei utfordring at statlege styringsverkemiddel utformast slik at kommunane sin handlefridom blir redusert, og rommet for lokalpolitiske prioriteringar tilsvarande redusert.


Kommunereform; Skjük–Lom alternativet 2015

64


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

65

Effekt av samanslåing av Lom og Skjåk kommunar I det offentlege ordskriftet blir det som argument mot kommunesamanslåing sagt at det vil føre til redusert lokaldemokrati. Spørsmålet er kva ein legg i omgrepet lokaldemokrati. Om ein legg til grunn grenderepresentasjon i styre, råd og utval, kan det til ein viss grad stemme, da det samla sett må forventast færre representantar i ei ny kommune, og at det kan gå ut over den grendevise representasjonen. Om ein i lokaldemokrati legg ein brei politisk representasjon i meininga mange politiske parti, så er det vanskeleg å sjå at det blir mindre representativitet i ein ny kommune. Når Skjåk har to partilister i kommunevalet for 2015, så er det vanskeleg å kalle dette for brei politisk representasjon. Sidan Lom har fire lister ved dette valet, så vil ein kunne anta at talet på lister ved val ikkje vil bli nemneverdig redusert i ei ny kommune. I KMD sin rettleiar og debatthefte om lokaldemokrati er det ein grundig gjennomgang av ulike ordningar kommunane kan ta i bruk for å sikre god innbyggjarinvolvering og lokaldemokratiske prosessar. KS har også rettleiarar for dette. Å sikre gode ordningar for lokaldemokrati og innbyggjarinvolvering vil bli ei heilt sentral oppgåver for lokalpolitikarar i Lom og Skjåk når ei ev ny kommune skal meislast ut. For å sikre størst muleg representasjon kan ein lage grendelagsutval, utval og råd med særskilte innbyggjargrupper, eller på andre måtar sikre innbyggjarmedverknad. Dei politiske partia vil også ha ei viktig rolle å spele her i nominasjonsarbeidet og i det ordinære partiarbeidet. Konklusjonen må vere at å slå saman Lom og Skjåk til ei kommune ikkje i seg sjølv vil innebere redusert lokaldemokrati, men at etablering av nye styringsorgan i ein ny kommune og nominasjonen til desse må ta omsyn til at alle områda i den nye kommunen blir høyrde.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

66

15

INNOVASJON OG NYSKAPING

Dei utfordringane Lom og Skjåk kommunar står overfor framover, vil ikkje løysast berre gjennom ei kommunesamanslåing. Dels er kommunane for like, slik at utfordringane kan bli forsterka, dels er dette grunnleggjande problemstillingar som ikkje berre kan løysast gjennom strukturendringar. Det vil vere nødvendig med nye grep for å stabilisere eller å auke folketalet, og det er nødvendig med tiltak for å sikre vekstkraft framover. Sentrale spørsmål er korleis vi skal få folk til å flytte hit, og enda meir sentralt – korleis skal vi få folk til å bli verande. Vi vil ha ei relativt gammal og ikkje-reproduserande befolkning, og det gjer at fødselsraten også i framtida vil ha vanskar med å kompensera for dødeligheitsfrekvensen. Altså må det tenkast strategisk for å trekkje folk til området. Å slå saman dei to kommunane kan ha ei indirekte effekt på folketalsutviklinga ved at ein kan effektivisere tenesteproduksjonen og vri prioriteringa mot næringsutvikling, innovasjon og nyskaping. Dette siste krev økonomiske og menneskelege ressursar, og ei ny kommune kan ha større rom for utvikling enn kvar av kommunane har for seg. Arbeidsgruppe tre har hatt innovasjon og nyskaping som tema, og gruppa har vurdert ulike sider ved mellom anna til- og fråflytting. Gruppa seier mellom anna at: «Endringar i livssituasjonen er det lite ein kommune kan gjere med, uavhengig av kommunegrenser. Når det gjeld arbeidsmarknad, så er det allereie såpass omfattande pendling mellom kommunane at det er lite sannsynleg at ei samanslåing automatisk vil føre til fleire og meir varierte arbeidsplassar. Nokon vil hevde at det snarare er tvert om, da det er sannsynleg at det vil forsvinne offentlege arbeidsplassar dersom to kommunar eller fleire blir til ein. Men ein større kommune vil som regel ha meir å tilby, og ei positiv side ved ei samanslåing kan vere at ein blir flinkare til å samordne, synleggjere og profilere dei tilboda som finst, både i forhold til arbeidsplassar, bustader, tomter, kultur- og fritidstilbod m.m. Eit interessant konsept i den samanheng er den nye sida www.lokaljobb.no. Konseptet går ut på at kommunen betaler for at ein person aktivt innhentar ledige stillingar i Gudbrandsdalen og synleggjer det på heimesida og i sosiale mediar. Alle

bedrifter kan legge ut stillingar gratis. Bakgrunnen for konseptet er at det er ein del stillingar som aldri blir annonsert, på lik linje som at det er mange bustader som aldri blir annonsert. Vi fekk eit døme på det på vårt siste arbeidsmøte, da vi diskuterte ledige bustader i Skjåk. På finn.no låg det ikkje ute ein einaste bustad til leie, mens realiteten var 6–7 ledige. For folk som er kjent i bygda er dette kanskje ikkje eit stort problem, men for folk frå «an stan» kan det vere ei utfordring. Ikkje minst gjeld dette ledige kommunale (og private) bustadtomter, som heller ikkje blir annonsert. Ein kjapp titt på heimesida til Lom og Skjåk viser at ledige bustadtomter står oppført på kommunesida, men man blir ikkje direkte freista til å kjøpe ei. Gode bilder med t.d. utsikt, nabolag, kart og kanskje ein kort video/ «teaser» kunne gjort kjøpet meir attraktiv med ein gong.» Arbeidsgruppa viser til rapporten «Tilflytting for enhver pris»G.M. Grimsrud; M. Aure, 2013) der det blir identifisert fem hovudstrategiar for tilflyttingsarbeid i norske distriktskommunar. Undersøkinga kan vere ein nyttig innfallsport til korleis vi bør drive med tilflyttingsarbeid i ein eventuell ny kommune. I rapporten heiter det følgjande: 1) Inspirere (tiltak/virkemiddel: omdømmebygging, promoteringskampanjer, annonseringer o.l.). Effekter av dette er vanskelig å måle, men vi har sett at det kan «minne» noen på at det er mulig og attraktivt å bo utenfor storbyene, at det finnes alternative levemåter og livsstiler, at det går an å flytte tilbake til oppvekststedet osv. Det kan også være en (første) kilde til kontakt mellom potensielle tilflyttere og tilflyttingsapparat. 2) Informere for å bedre beslutningsgrunnlaget for flyttere (tiltak/virkemiddel: nettsider, databaser, brosjyrer mm). Det går ut på å vise fram de reelle mulighetene ved eventuell tilflytting, hva som finnes av bolig- og arbeidstilbud, tjenester og fritidsaktiviteter. Informasjonstiltak kjøres ofte sammen med inspirasjonstiltak. De representerer derfor også en mulighet til å komme i kontakt med målgruppen.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

67

3) Lage møteplasser. Tiltakene kan dreie seg om å arrangere eller delta på karrieremesser, treff for fraflyttede, seminarer, festivaler o.l. Disse virker fordi man møter målgruppen ansikt til ansikt, viser seg fram i praksis og kan gjøre avtaler for nærmere oppfølging. 4) Formidling/personlig veiledning. Tiltak som bygdelivsmeglere, kommuneverter, tilflytterkontor o.l. kan gi tilpasset informasjon, råd og hjelp, kanskje også omvisning. Denne strategien virker godt når vertene har stort nettverk lokalt og kan sette tilflyttere i kontakt med f.eks. huseiere og arbeidsgivere, slik at hus og jobb kommer på plass. Denne typen aktivitet er særdeles viktig på steder der markedet ikke fungerer tilfredsstillende. Personlige møter gjør også at tilflyttere føler seg velkomne inn i et fellesskap der hver og en betyr noe - mange av dem understreker viktigheten av nettopp dette. 5) Tilrettelegging for å bedre bosettingsgrunnlaget. En del av tilflyttingsarbeidet går ut på å stimulere til at flere tomter, jobber og boliger blir utlyst på markedet, og til å legge til rette for fjernarbeid og pendling. Arbeidet kan også anspore til at store og små bedrifter i området (ikke minst kommuneorganisasjonen selv) erkjenner at de i sine rekrutteringsprosesser kan tjene på å selge inn stedet som bosted, og ikke bare den jobben de trenger arbeidskraft til. Dette kan for eksempel innebære økt samarbeid mellom offentlig, privat og frivillig sektor. Vi mener forskningen har vist at det er mer å hente på å styrke denne delen av arbeidet.» Det er viktig å få ungdom til å bli eller komme heim, og ei ny kommune må ha rom for å jobbe med tiltak for at dette skjer. Det må da sikrast ei god og tett koplinga mellom dagens unge og lokalt næringsliv, samt introdusere dei for moglegheitene som finst for å danne sin eigen arbeidsplass. Ulike program frå Ungt Entreprenørskap bør inn i skulen på eit tidleg tidspunkt og bidra til å lære elevane til å tenke sjølvstendig og ikkje minst støtte opp om dei som kan tenke seg å starte for seg sjølve. Eit fastlagt årshjul frå barnehage / barneskulen og heilt opp til vidaregåande kan vere eit godt verkty for å lykkast med det. Skulen og foreldra har også ei viktig rolle for å få barn og unge til å vere stolte av seg sjølve og bygda si, samt skape gode haldningar og trygge oppvekstmiljø. Folketalsframskrivningane viser at aldersgruppa 67–79 år vil vekse monaleg dei neste åra. Dette er ei aldersgruppe som ikkje har dei pliktene som eit vanleg arbeidsliv krev, men som har relativt god helse, god økonomi og mykje fritid. Det er ei

gruppe som bør utfordras til aktiv samfunnsdeltaking i åra framover. Arbeidsoppgåver må tilpassast etter behov og eldre må ikkje bli diskriminert i rekrutteringssamanheng. Eldsjeler må tas vare på og oppmuntrast. Det må vere kultur for at eldre kan jobbe lengre enn pensjonsalder dersom dette framleis er mogleg og ynskjeleg for begge partar. Dugnadsanda i Noreg er godt kjent og her kan eldre vere ein fantastisk ressurs i alt frå idrettsliv, arrangement, undervisning, guiding, matlaging, snekring, som eksamensvakt – ja, eigentleg det meste. Samtidig er velferdsstaten Noreg heldigvis bygd opp slik at det skal vere lov å ta i mot omsorg og pleie etter eit langt arbeidsliv, og dette må det sjølvsagt også vere rom for. Arbeidsgruppe 3 har også drøfta kva kultur har å seie for innovasjon,og seier dette: «Arbeidsgruppa var av den oppfatning at det definitivt var rom for forbetringar på dette punktet. Både Janteloven og «forgubbing» var nemnt. Det er ei vanleg oppfatning at små bygdesamfunn har lågare toleranse for nye idear og eit større mangfald, og dette kan nok også gjelde i Lom og Skjåk. Dette blir også avdekt i tilflyttarundersøkinga, der fleire ynskjer større toleranse for folk som er litt annleis. Haldningar og oppmuntring til kritisk tenking frå ein tidleg alder er nok ein gong viktig for å lykkast med eit slik arbeid. For kommunen vil det vere viktig å involvere både lokalbefolkning og næringsliv, og ikkje minst barn og unge i bygda til å kome med innspel og attendemeldingar. Yngre folk har ofte ein tendens til å tenkje litt annleis. Her handlar det også om å skape engasjement, og da må kommunane vere flinke til å formidle prosessen undervegs på ein måte som skaper merksemd. Digital storytelling er ein teknikk som høver seg godt for digitale plattformar, og som kan få fram gode poeng på ein brøkdel av tida det tek å lese ei utgreiing. Ei slik tilnærming kan også bidra til at vi når ut til nye målgrupper som kanskje tidlegare ikkje har vore involvert eller engasjert i tematikken. Fleire i arbeidsgruppa ga uttrykk for at det er vanskeleg å engasjere dagens unge. Kanskje må vi bli flinkare til å møte ungdommane på eigen arena – om dette er i idrettshallen, på skulen eller i sosiale media?

Organisatorisk innovasjon Her kan vi m.a. anbefale verktyet CCQ - The Creative Climate Questionnaire» (Ekvall 1996). Denne tek utgangspunkt i ti ulike dimensjonar på arbeidsplassen, mellom anna graden av utfordringar, fridom, humor, konfliktar og meir. Ved å kartlegge desse dimensjonane kan vi si noko om kulturen på arbeidsplassen – og korleis denne motverkar eller stimulerer til kreativt arbeid og innovasjon. I ein eventuelt ny kommune bør ein derfor ta


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

68

grep for å legge til rette slik at tilsette får rom og tid til å finne nye og betre løysningar. Ei samanslåing kan vere ein god anledning til å bryte gamle mønster og opne opp for nye og betre løysningar. Tidlegare var det stort fokus på entreprenøren når det var prat om innovasjon. Hypotesen gjekk ut på at entreprenøren hadde m.a. personlege eigenskapar som gjorde han eller ho spesielt godt rusta til å drive fram nye forretningskonsept, som karisma og eit stort nettverk. Nyare innovasjonsteori har fokus på at kreativitet og innovasjon i stor grad kan lærast bort. Fyrste bod er at ein har vilje og motivasjon til eit slik arbeid. Som alt anna må det trenast, og det vil sannsynlegvis ta tid før ein ser resultat.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

69

dei siste åra er metodikken LEAN. Dette handlar i stor grad om å forbetre dagens løysing, ikkje bytte den ut med noko heilt nytt. Det er derfor ikkje innovasjon i ordets rette forstand, men metodikken har likevel gitt gode resultat og kan bidra til at ein m.a. får eliminert ut tidstjuvar og andre ineffektive arbeidsmetodar» Andre forhold som gruppa peikar på er næringslivet – arbeidsplassar og samspel mellom kommune og næringsliv. Bustadar er eit anna viktig område for nyetablering.

Effekt av samanslåing av Lom og Skjåk kommunar Det er også viktig at dette er godt forankra i leiinga. Det finst ulike former for kreative teknikkar som kan brukast for å få eit meir nyskapande jobbmiljø, men dei må tilpassast situasjon og problemstilling. Kreativ teknikk hjelper heller ingen dersom miljøet i utgangspunktet er veldig konfliktfylt med låg toleranse for nye tankar og idear. Lenger ned i rapporten kjem vi kort innom teknikken «seks tenkehatter» eller «Six thinking hats» (De Bono 2006). Dette er ein enkel men effektiv teknikk for å få folk til å fokusere på ein ting om gongen, og på den tenke annleis. I ein kommunesamanslåingsdebatt kan dette vere effektivt for å bryte opp gamle spor og konfliktar. Og som sagt – her må det øvast før ein kan sjå resultat! Ein anna metodikk som har fått stor merksemd

Lom og Skjåk kommunar vil for framtida måtte skape rom for innovasjon og nyskaping, tilflytting og vekst. Dette vil vere avgjerande for å ha vitale lokalsamfunn også i framtida, også om kommunane held fram som to sjølvstendige kommunar. Innovasjon og nyskaping vil ikkje vere ei automatisk effekt av å slå saman kommunane, men ei kommunesamanslåing vil kunne gje rom for frigjering av ressursar til slikt arbeid, og vil gje større økonomiske rammer til å drive utvikling (to næringsfond blir eitt, større rom for prioritering av utviklingsarbeid). Det vil vere nødvendig med innretning av verkemiddel og politiske prioriteringar også inanfor ein ny kommune om dette skal skje.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

70

16

VIKTIGE SPØRSMÅL FOR EI NY KOMMUNE Ei ny kommune med «gamle» Lom og Skjåk vil få eit samla areal på 4085 km2. Ein stor del av dette er fjell og vidde, og det er tre nasjonalparkar innanfor dette området, altså ei geografisk stor kommune med mykje verna natur. Ein ny kommune vil få eit folketal i den nye kommunen på 4625 innbyggjarar, om lag dobbelt så stor som kvar av kommunane i dag. Men likevel vil kommunen kunne definerast som «småkommune», under 5000 innbyggjarar. Med SSB sine folketalsanalyser (mellomalternativet) vil ikkje ei samanslåing aleine motverke folketalsutvikliga. Framskrivingar viser at det kan forventast ein nedgang til 4466 fram til 2040. Spørsmålet er om ein ny kommune vil gje større handlingsrom og muskel til verkemiddelutforming som seinare vil kunne gje ei positiv folketalsutvikling. Ei ny Lom- og Skjåk-kommune vil ikkje redusere teneste- og årsverksbehovet i pleie- og omsorgstenestene utan at andre grep blir i verksett. Målet pr 1000 innbyggjar er behovet om lag det same for ei felles kommune som om kommunane held fram som to sjølvstendige einingar. Dette inneber at ein samstundes med ei strukturendring må iverksette tiltak som gjer tenesta meir effektiv for å møte det framtidige årsverksbehovet. Samstundes må ein rekne med at ei ny kommune vil kunne dra noko effektar av stordriftsfuksjonar, mellom anna ved å spare inn på administrative ressursar, slik at effekten ikkje utan vidare treng å bli så høg.

Problemstillingar som må avklarast Tidlegare kommunesamanslutningar viser at det er enkelte problemstillingar det er fornuftig å drøfte og konkludere i forhold til på eit tidleg tidspunkt i prosessen. Dette er spørsmål knytt til tilsette sin situasjon, det gjeld sentrumsplassering og namn, og det er også viktig å få diskutert skilnader i økonomiske vilkår, og om det skal vere nokre fordelingsprinsipp til grunn for korleis ressursane skal nyttast. Ei arbeidsgruppe fekk som mandat å vurdere infrastruktur, sentrumsplassering, mv.

Sentrumsplassering I Lom og Skjåk er det to fullstendige sentrum med to kommuneadministrasjonar, Fossberg (Bergom) i Lom og Bismo i Skjåk. Det er naturleg at eitt av desse blir vald som kommunesentrum i ein framtidig kommune. Dei ligg 17 km frå kvarandre. Dette er ikkje svært langt, når ein ser på dei samla landområda for dei to kommunane, og det er heller ikkje svært langt om ein samanliknar andre kommunar i landet. Bismo har vel 600 innbyggjarar (2013) Fossberg har i underkant av 850 innbyggjarar (2012). Det er eit ønskje om å ha minst to levande tettstadar i ein ny kommune. Både Fossberg (Bergom) og Bismo er naturlege sentrumslokaliseringar. Likevel må kommune-administrasjonen ha ei fast lokalisering, sjølv om enkelte av tenestene blir fordelt spreidd utover. Lom kommune leiger i dag lokale av Midtgard AS som er eigd av Lom kommune og Sparebank 1. Skjåk kommune er sjøleigar til administrasjonsbygget i Bismo. Avhengig av naturleg avgang, osv, vil ei ny kommune ha ei dobling av ein del personale ei periode etter at samanslåinga er sett i verk. Dette gjer at ein må finne plass til desse personane. Men det er også andre omsyn som må vege tungt i den politiske diskusjonen om kvar sentrum skal liggje. Føresetnadane for val av administrasjonssenter er fleire: • Plass til ein større administrasjon enn det kvar av kommunane samla har i dag • Lett tilgang for innbyggjarane • Universell utforming • God nettdekning • Mulegheit for vidareutbygging i tilfelle plassmangel, kommunane kan bli tillagt nye • oppgåver. • Mulegheit for å samle dei fleste administrative funksjonane i ein ny kommune • Gode parkeringsmulegheiter • Nær busstopp • Gode møtelokale • Kantine og gode serveringsmoglegheiter • God tryggleik for dei som er i lokala • Nærleik til samarbeidspartnarar Det er lagt ned store investeringar i eksisterande


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

71

lokale for kommuneadministrasjonane og det er ikkje realistisk å byggje eit nytt bygg, ein må satse på det som er. Under er ei vurdering av sterke og svake sider ved dei to alternativa opp mot dei punkta som er nemnt over. Arbeidsgruppe 6 konkluderer med at kommuneadministrasjon bør leggjast til Bismo, men at det blir oppretthalde eit «miniservicetorg» i Lom sentrum. Lom leiger lokale frå Midtgard AS som er eigd av sparebank 1 og Lom kommune, her er også lokalisert eit rekneskapskontor. Dersom kommuneadministrasjonen skal lokaliserast her, må bygget utvidast vesentleg. Det er ca. 40 arbeidsplasser i administrasjonen som er samla på Midtgard i dag. Kommunehuset i Skjåk inneheld funksjonar som kan plasserast utanom hovudadministrasjonsbygget for ei framtidig kommune, slik som helsesyster, lege, fyseoterapi, kulturskule, tannlege og bibliotek. Utanom desse funksjonane er det litt over 40 arbeidsplasser her. Med dei oppgåvene kommunane har i dag må ein kunne rekne med å hauste stordriftsfordeler ved å slå saman kommunane og at antal arbeidsplasser går ned. I starten må ein likevel rekne med ca. 80 arbeidsplasser. Gruppa ser for seg å samle hovudadministrasjonen i kommunehuset i Bismo. Dersom helsesyster, legekontor og fyseoterapi flytter ut vil ein få plass til ca. 25–30 kontor-arbeidsplassar. Det er også tilgjengeleg 6–7 kontorarbeidsplasser på tidlegare lensmannskontor i bygget til Skjåk energi. Blir det for liten plass kan t.d. kulturskulen flytte ut. Gruppa for seg eit nytt felles helsesenter for båe kommunane i Lom for å skaffe plass til kommuneadministrasjonen i kommunehuset i Bismo dersom denne skal flyttast hit. Det er svært viktig at det fortsatt er stor fokus på akuttberedskapen i bygdene våre, både når det gjeld ambulanser og helikopterbasa på Dombås. Gruppemedlemmene frå Skjåk ynskjer at det skal stasjonerast ei ambulanse i Skjåk som kompenserande tiltak for å oppretthalde akuttberedskapen ved tap av legesenter i bygda.

Omsynet til dei tilsette Fakta om tilsette i båe kommunar I Skjåk kommune er det 276 tilsette, 228 kvinner og 48 menn. Tilsaman 217 årsverk. I Lom kommune er det 365 tilsette, 282 kvinner 83 menn. Tilsaman ca. 200 årsverk. Tilsette i Skjåk har også gjennomsnittleg høgare stillingsstorleik enn tilsette i Lom. I båe kommunar er det få tilsette med universitetsutdanning, men mange med høgskule og fagskuleutdanning. Færrast er det i ufaglærde. Det tyder på at det er høg kompetanse blant dei tilsette. Båe kommunar arbeider målretta for å heve kompetansen der det er flest ufaglærde.

Ein kan sjå ei skeiv kjønnsfordeling i fleire sektorar. Båe kommunene har ei utfordring når det gjeld å auke andelen menn, særleg gjeld dette innan pleie- og omsorg, skule og barnehage. Teknisk er også eit område der det er tradisjonell kjønnsfordeling sjølv om det kan sjå annleis ut på statistikken. Alle dei faste vaktmeistrane er menn og alle dei faste reinhaldarane er kvinner. Båe kommunar arbeider for å redusere bruk av uynskt deltid for tilsette i heile kommunen, det kan likevel tyde på at Skjåk har gjort ein del fleire tiltak i forhold til dette, og i Skjåk har den gjennomsnittlege stillingsstorleiken auka dei siste åra. Skjåk har hatt eit særskilt fokus innan pleie og omsorg

Tal tilsette i ei evt. ny kommune Eit av punkta gruppa skulle sjå på var ei oversikt over kor mange tilsette det vil bli i ei ny kommune fordelt på sektorar med utgangspunkt i gjeldande planverk, budsjett- og rekneskapsoverskrifter. Gruppa ser det som utfordrande å seie noko om dette, i alle fall på så stutt tid som ein har hatt til råveld. Gruppa meiner det er ein del ting som burde vore avklart fyrst, i forhold til kva for oppgåver som skal liggje til ei ny kommune. Korleis skal til dømes skulestruktur og organisering av ulike tenester vere? Vi ser ikkje for oss at det skal bli behov for så mykje mindre tilsette enn vi har i dag. Ei gruppe der det kan bli behov for mindre tilsette er i sentraladministrasjonen, men dette er som sagt vanskeleg å seie noko om utan å gjere eit grundigare arbeid.

Rekruttering I ei større kommune vil ein kanskje i større grad kunne byggje fagmiljø enn det som er tilfelle i dag. Særleg innan dei mindre tenestene vil dette kunne vere viktig og skape eit sterkare fagmiljø. Gode fagmiljø er viktig for å rekruttere nye fagfolk til våre distrikt. I tillegg til å byggje gode og sterke fagmiljø vil ein ha bruk for mange fagarbeidarar i åra som kjem. Slik det ser ut i dag vil rekrutteringsbehovet i framtida for båe kommunar bli særleg vere innan pleie- og omsorg, med hovudvekt på helsefagarbeidarar. Gode ordningar med inntak av lærlingar vil kunne vere viktig for å rekruttere både helsefagarbeidarar og andre fagarbeidarar i åra som kjem. Det er viktig at det vert jobba godt med dette. I dette arbeidet samarbeider kommunane med Oppland Fylkeskommune, kanskje kunne vi i større grad også samarbeidd med det private næringslivet i arbeidet med lærlingar. Inntak av lærlingar følgjer av Opplæringslova. Eit område gruppa har sett på, er at det vil kunne bli behov for to heiltidspolitikarar i ei eventuelt ny kommune. I Lom er det totalt 40 tilsette over 60 år, og i


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

72

Skjåk kommune er det 26 tilsette over 60 år. Vi ser at ulike yrkesgrupper er representert her, og vi ser også at den største gruppa er innan helsesektoren. God forankring er ein viktig føresetnad for å oppnå gode resultat. Dei tilsette er den viktigaste ressursen i kommunen. Dette er det svært viktig å ha med seg uansett om kommunen er liten, eller stor. Leiarane er ein viktig nøkkel for å lykkast med å halde eit stabilt nærver i organisasjonen. Leiarane må vere synlege for sine tilsette. Leiarane må også ha gode rutinar for oppfølging, og nok kompetanse for å ta naudsynte og viktige samtaler med sine tilsette. Felles forståing for lov og regelverk er ein føresetnad for at vi i lag kan ha fokus på eit godt arbeidsmiljø. Dette klarar ingen av oss åleine, alle tilsette er like viktige for at dette skal bli best mogleg! Leiinga bør ha faste møte med alle hovudtillitsvalde og hovudverneombod, dette er viktig for at vi lag kan arbeide med IA-arbeid. Trivsel er den viktigaste faktoren for å skape eit godt arbeidsmiljø, og her er alle like viktige! Ved ein felles innsats for eit ope og godt arbeidsmiljø kan vi få auka trivsel på arbeid og færre med psykiske plager. I alle arbeidsforhold har den tilsette både plikter og rettar. For dei fleste tilsette er dette sjølvsagt, men det er likevel viktig at arbeidsgjevar og tillitsvalde informerer om båe delar. Haldningsarbeid blant tilsette må skje kontinuerleg. I Skjåk kommune har personalkonsulent eit større koordineringsansvar rundt tilsettingar enn i Lom. Her er til dømes personalkonsulent med på alle intervju i kommunen. Arbeidsgruppa ynskjer å kome med ei tilråding som går på at rutinane for Skjåk er det ein bør forsøke å få til også i framtida. I ein tilsettingsprosess er det viktig å ivareta søkjarar og tilsette på ein god måte, og det ein fordel at det er mest mogleg like rutinar uavhengig av tenesteområde. Tillitsvalde i Skjåk understrekar at dei er godt tilfredse med dei rutinane kommunen har nå. Desse erfaringane vil det bli svært viktig å ta med seg også i ei eventuelt ny kommune. Oppfølging av sjukmeldte følgjer i det store og heile rutinane for IA-bedrifter i båe kommunar. Skjåk kommune har i tillegg eit eige attføringsutval som følgjer opp dei som har vore sjukmeldte i over eitt år. Eit slik opplegg er det ikkje rutinar for i Lom kommune. Gruppa peikar på at det vil vere hensiktsmessig og ha rutinar for oppfølging utover eitt år også framover. Dette er viktig for å ivareta både dei tilsette og arbeidsgjevar. Dette er også viktig for å skape mest mogleg lik praksis.

Namneval Tidlegare var Lom og Skjåk ei kommune under namnet Lom. Lom refererar seg til ein stad i Skjåk (bygdebok for Skjåk), men da dei to vart skilde, følgde namnet Lom med det som i dag er Lom kommune, medan den andre delen fell namnet Skidaker. Etter kvart utvikla dette seg til Skjåk.

Ei framtidig kommune bør ha eit nytt namn som innbyggjarar i båe kommunane i dag vil gje legitimitet. Nokre forslag: • Lom og Skjåk • Skjåk og Lom • Skidaker • Lomsk • Jotunheimen • Nørdre Ottadalen Kva meiner innbyggjarane?


Kommunereform; Skjük–Lom alternativet 2015

73


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

74

17

MAL FOR INTENSJONSAVTALE Under er mal for intensjonsavtale med utgangspunkt i den som er inngått mellom Leksvik og Rissa. 1.

Innleiing

2. Mål for kommunesamanslåinga og delmål 3. Rammer for gjennomføring 4. Fylkestilhøyrigheit 5. Kommunesenter 6. Kommunenamn og kommunevåpen 7. Kraftinntekter 8. Næringsfond 9. Bruk av disponibel formue 10. Prinsipp for organisering i den nye kommunen 11. Tenestetilbod, organisering og lokalisering 12. Tilsette 13. Kommunestyret og øvrig politisk organisering


Kommunereform; Skjük–Lom alternativet 2015

75


Kommunereform; Skjük–Lom alternativet 2015

76


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

77

VEDLEGG


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

78

Interkommunalt samarbeid Skjåk kommune

Interkommunale samarbeid etter KL § 27 • Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal , hovudkontorkommune Sel • Regiondata, hovudkontorkommune Sel • Lom og Skjåk Brannvesen, hovudkontorkommune Skjåk • Fagrådet for innkjøpssamarbeid I Nord-Gudbrandsdalen, ikkje heimla i avtalen87 • Interkommunalt utval mot akutt forureining i Oppland, hovudkontorkommune Lillehammer • Nord-Gudbrandsdal KommunereviCon, hovudkontorkommune Sel • Sekretariatet for kontrollutvala i Nord-Gudbrandsdalen, hovudkontorkommune Sel

Regionrådet Nord-Gudbrandsdal Interkommunale samarbeid etter KL § 28 • PPT Nord-Gudbrandsdal, vertskommune Sel88 • Barneverntenesta Skjåk og Lom, vertskommune Skjåk • Psykiatriteneste Lona og Skjåk, vertskommune Lom • Felles kom etanseeinin NAV89 • Felles gjeldsrådgjevar Norddalen, vertskommune Sel • Felles tilsyn byggesak, vertskommune Vågå • Regionalt geodatasamarbeid i Nord-Gudbrandsdalen, vertskommune Sel • Skatteoppkrevjaren i Ottadalen, vertskommune Vågå • Arbeidsgjevarkontrollen for Norddalskommunane, vertskommune Vågå • Felles skogbrukssjefstilling Vågå, Lom og Skjak, vertskommune Vågå • IT teneste for Lom og Skjåk, vertskommune Skjåk • Nord-Gudbrandsdal lokalmedisinske senter, vertskommune Sel som omfattar – Felles legevakt – Felles legevaktsvarsling inkludert tryggleiksalarmer – Felles samfunnsmedisinkoordinator – Felles jordmorvaktordning – Felles intermediære senger – Felles øyeblikkelig hjelp senger

Uformelle samarbeid Samarbeid mellom fagetatane i dei seks kommunane i Norddalen. Utsendingane er leiarar av fagetatane eller verksemdsområda frå den enkelte kommune. Kvar utsending ligg under internkontrollansvaret til den enkelte rådmann. Samarbeidet er ikkje delegert noko formell mynde. Samarbeida er ikkje heimla under §§ 27 og 281 kommunelova. Det blir ikkje utarbeidd budsjett eller avlagt rekneskap for slike uformelle samarbeid og dei er ikkje regulert i lov.

Rådmannsutvalet Uformelle samarbeid som rådmannsutvalet har oppretta: • 6k Personal • 6k Plan • 6k Barnehage • 6k Helse • 6k Skule (Fungerer bg som fagrad/samarbeidsorgan for Nord-Gudbrandsdal PPT) • 6k økonomi • 6k beredskap Uformelle samarbeid knytt til regionkontoret • 6k Ungdommens kulturmønstring, • 6k Ungdomsmusikalen, • 6k næring • Idrettskoordinator • Ungdomsråd


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

79

Andre samarbeid: • NAY regional modell • Fjellregionsamarbeidet • OPUS karrieresenter • Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS, hovudkontor Dovre • Gudbrandsdal Krisesenter, hovudkontor Lillehammer • Skjåk Utvikling AS, kommunalt heileigd aksjeselskap • Skjåk utbyggingsselskap AS, kommunalt heileigd aksjeselskap • Eidsiva Energi AS, hovudkontor Hamar, kommunale eigarar • Kommunekraft AS, hovudkontorkommune Oslo, kommunale eigarar • Landssamanslutninga av vasskraftkommunar, Oslo • Kompetanse-, universitets og forskingsfondet i Innlandet AS, kommunale eigarar • Kommunal Landspensjonskasse, Gjensidigeforsikringsselskap , kommunalt ei d • Øyberget besøkssenter AS, hovudkontorkommune Skjåk, deleigd • Skjåk pelssentral, hovudkontorkommune Skjåk, deleigd • Jotunheimen Reiseliv AS, (vedtak om å selje) hovudkontorkommune Lom, deleigd • Nasjonalparkriket Reiseliv AS, hovudkontorkommune Dovre, deleigd • Gudbrandsdal Industrier AS (GIAX), hovudkontorkommune Ringebu, deleigd • Gudbrandsdal Lufthavn AS, hovudkontorkommune Sel, deleigd • Gudbrandsdalsmusea AS, hovudkontorkommune Sel, deleigd • Norske Skogindustrier ASA, hovudkontorkommune Oslo, deleigd • Gudbrandsdalsmat SA, hovudkontorkommune Sel, samvirke • Biblioteksentralen SA, hovudkontorkommune Oslo • Gudbrandsdal Bedriftshelsetjeneste SA, hovudkontorkommune Sør Fron • Landssamanslutninga av nynorskkommunar, interesseorganisasjon, hovudkontorkommune Oslo • Stiftelsen Norsk Kulturary, hovudkontorkommune Vaga • 1 Nasjonalparker stiftelsen, hovudkontorkommune Dovre

Interkommunalt samarbeid Lom kommune

Lom kommune er med i rundt 40 formaliserte og ei mengd uformelle samarbeid. Interkommunale samarbeid etter KL § 27 • Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal (ei e rettssub’ekt), hovudkontorkommune Sel • Regiondata, hovudkontorkommune Sel • Lom og Skjåk Brannvesen, hovudkontorkommune Skjåk • Fagrådet for innkjøpssamarbeid i Nord-Gudbrandsdalen • Interkommunalt utsal mot akutt forureining i Oppland, hovudkontorkommune Lillehammer • Nord-Gudbrandsdal Kommunerevisjon, hovudkontorkommune Sel • Sekretariatet for kontrollutvala i Nord-Gudbrandsdalen, hovudkontorkommune Sel

Regionrådet Nord-Gudbrandsdal Føremål og samarbeidsavtale Regionrådet skal «fremje regionen sine interesser» gjennom tiltak innanfor næringsutvikling, samarbeid mellom kommunane og politisk interessearbeid på vegne av regionen. Regionrådet er formalisert som samarbeid etter KL § 27 og er eige rettssubjekt. Ilandlingsrommet er definert i samarbeidsavtala.

Felles formannskapsmote Felles formannskapsmøte mellom samarbeidskommunane skal i fylgje samarbeidsavtalen vedtakast regionrådet sitt driftsbudsjett og årleg handlingsplan.

Styreorgan Regionrådet består av tre representantar frå kvar av dei seks Norddalskommunane. Det er dei kommunale representantane som har stemmerett i regionrådet. Regionrådsleiaren blir valt for 2 år av regionrådet. Regionsjefen førebur sakene for regionrådet og har møte-, tale- og forslagsrett. To representantar frå Oppland fylkeskommune har tale og forslagsrett. Dei seks administrasjonssjefane har møte og talerett. Regionrådet har tre faste utval.


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

80

Regionkontor Regionkontoret er regionrådet sitt administrative apparat som blir leia av regionsjefen. Regionsjefen deltek Og i Regiondata, rådmannsutvalet og 6k næring.

Strategisk plan med fem satsingsområder Regionrådet vil skape fleire arbeidsplasser, auke innbyggjartalet og talet på tilreisande gjennom fem satsingsområder: 1. Næringsutvikling 2. samferdsel 3. kompetanse 4. bulyst 5. regionalt utvikIingsarbeid.

Handlingsplan Eit felles formannskapsmote vedtek ei årleg handlingsplan med ulike tiltak innanfor kvart satsingsområde.

Arbeidsutvalet I arbeidsutvalet sit dei seks ordførarane, regionsjefen og ein administrasjonssjef peikt ut av rådmannsutvalet har mote og talerett. Arbeidsutvalet styrer det regionale utviklingsfondet.

Primærnæringsutval og Bygde Utviklingsmiddel styre Regionrådet har valt tre representantar frå regionrådet og ein representant frå kvar av landbruksorganisasjonane; bondelaget, bonde og småbrukarlaget og skogeigarlaget til primærnæringsutvalet. Til saman seks medlemmar. Dei same representantane er og BU styre. Statens landbruksforvaltning gjev tilskot til bygdeutviklingsmiddel. Normalt gjer fylkestinget vedtak omfordelinga av slike middel. Som ei spesialordning har regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen og i Valdres fått ansvaret for å fordele desse midlane. Bygdeutviklingsstyret vedtek fordelinga av den årlege potten av bygdeutviklingsmiddel i Nord-Gudbrandsdalen. Primærnæringsutvalet sett fokus på aktuelle tema for primærnæringane.

Samferdsels og trafikksikkerheitsutvalet Regionrådet har valt tre ordforarar og tre representantar frå ulike bedrifter til Samferdsels og trafikksikkerheitsutvalet. Det er eit rådgjevande utval i samferdselspolitiske saker.

Rådmannsutvalet Uformelle samarbeid som rådmannsutvalet har oppretta: • 6k Personal • 6k Plan • 6k Barnehage • 6k Helse • 6k Skule (Fungerer Og som fagrad/samarbeidsorgan for Nord-Gudbrandsdal PPT) • 6k økonomi • 6k beredskap • 6k Ungdommens kulturmønstring • 6k Ungdomsmusikalen • 6k næring • Idrettskoordinator • Ungdomsråd


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

81

Andre samarbeid: • NAV regional modell • Fjellregionsamarbeidet • OPUS karrieresenter • 61: Geovekst

Selskap • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • •

Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS, hovudkontor Dovre Gudbrandsdal Krisesenter IKS, hovudkontor Lillehammer AS Eidefoss, hovudkontor Vågå Kommunekraft AS, hovudkontorkommune Oslo, kommunale eigarar Landssamanslutninga av vasskraftkommunar, Oslo Kompetanse-, universitets og forskningsfondet i Innlandet AS, kommunale ei arar Kommunal Landspensjonskasse, Jotunheimen Reiseliv AS, (vedtak om å selje) hovudkontorkommune Lom, deleigd Nasjonalparkriket Reiseliv AS, hovudkontorkommune Dovre, deleigd Midtgard AS Otta Biovarme AS, Skjolden Næringsbygg AS Klimapark 2469 AS Gudbrandsdal Industrier AS (GIAX), hovudkontorkommune Ringebu, deleigd Gudbrandsdal Lufthavn AS, hovudkontorkommune Sel, deleigd Gudbrandsdalsmusea AS, hovudkontorkommune Sel, deleigd Norske Skogindustrier ASA, hovudkontorkommune Oslo, deleigd Gudbrandsdalsmat SA, hovudkontorkommune Sel, samvirke Biblioteksentralen SA, hovudkontorkommune Oslo Gudbrandsdal Bedriftshelsetjeneste SA, hovudkontorkommune Sor Fron Landssamanslutninga av nynorskkommunar, interesseorganisasjon, hovudkontorkommune Oslo Stiftinga Norsk Fjellmuseum, hovudkontor Lom Stiftelsen Norsk Kulturarv, hovudkonforkommune Vaga I Nasjonalparker stiftelsen, hovudkontorkommune Dovre LI, Det norske Teatret, hovudkontorkommune Oslo


Kommunereform; Skjük–Lom alternativet 2015

82


Kommunereform; Skjåk–Lom alternativet 2015

83

Rapporten er utarbeidd av: Tekst: Eli Johanne Lundemo Design og layout: MD Design Foto: Skjåk kommune, Shutterstock.no


Kommunereform Lom - Skjåk  

Kommunereform; utgreiing av Lom - Skjåk alternativet 2015. Lom kommune Skjåk kommune www.lom.kommune.no

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you