Byr på ti dagar med opplevingar
Rasteplass med utsikt
Opplev Bremanger, frå Rockweekend til Vetenløpet, er namnet på den ti dagar lange festen i Bremanger i sommar. Fredag 4. juli til søndag 13. juli blir dagar spekka med underhaldning. Det blir Rockweekend, konsertar med Violet Road og Katzenjammer, Fagernes Yacht Klubb, Royal Southern Brotherhood, dans med PK & Dansefolket og stand-up med Anders Ulveseter. Det blir også jamkveld på Havly, fyrverkeri, rorbukveld, sommardans, bygdefest med sild og poteter og ikkje minst sirkusvarieté med Jan Kjetil Smørdal. Det blir også tur til Vetvika, om vêret er bra, der Tupelo held konsert. Festivalen skal skje i Iglandsvik Marina, der det blir sett opp stort telt og laga til festivalcamp.
Om ein vil nyte synet av den mektige Hornelen, er Gloføykje ein ypparleg plass. Her er det laga til rasteplass. Arkeologiske utgravingar viser at det har budd folk på staden i 7.500 år, og helleristningsfeltet i Vingen var busetjarane sin kultplass.
Jubilerer med motbakkeløp Vetenløpet blir i år arrangert for tiande gong laurdag 12. juli. Løypa er cirka 4,6 kilometer med start på Grotlesanden og målgang på Veten 527 meter over havet. Total høgdestigning er om lag 575 høgdemeter på grunn av litt nedoverbakke oppe på Vetenplatået. I snitt har løypa stigning på 12,5 prosent.
Bortgøymd perle Vetvik var i si tid ei velstandsbygd busett med rundt 40 menneske på tre større gardar på slutten av 1800-talet. Det krevs ein fjelltur eller båt for å komme seg til den avsidesliggjande stranda. Terrenget ned mot Vetvika er tidvis krevjande, og for å finne den beste vegen bør ein ha med seg kjentfolk.
24
Havsalt sommar 2014
Bremanger litt av kvart som skjer
Lagar kystkulturstemning på kaia Kalvåg Kystfestival går av stabelen 1. -3. august og byr på mykje liv og moro på kaia i Kalvåg. Det blir rorbu i gamlebutikken, segling og roing med gamle båtar og ikkje minst sang og musikk på kaia. Kalvåg kystlag si populære tørrsild blir å finne saman med sveler og anna godt i teltet på Amtskaia. Det blir boder og fiskedam med båtsnikring for barn, samt utstilling av motorar. I tillegg blir det konsertar på kveldane, og i år kjem Ole Ivars, The Waterboys, Dance with a Stranger og Claudia Scott til festivalen.