Eit hav av moglegheiter 2015

Page 28

28 Eit hav av moglegheiter 2015

Salmon-group-folk: Framme f.v.: Steinar Hagesæther, Flokenes Fiskefarm, Eirik Osland i Osland Havbruk, Linda Helgås, Svanøy Havbruk, Eilin Tveit Sveen, Marø Havbruk, Alex Vassbotten, Steinvik Fiskefarm og Solveig Willis, Salmon Group. Bak f.v.: Willy Sandnes, Sandøy Fiskeoppdrett i Fjaler, Ove Inge Vågen, Svanøy Havbruk, Ingvar Landøy, Landøy Fiskeoppdrett og Nils Tore Karstensen, E. Karstensen Fiskeoppdrett. foto: David Bowen

Samlast om superbåt FLORØ: – Med denne brønnbåten kan vi knekke lusa på 450 tonn laks i slengen, fortel Solveig Willis i Salmon Group.

••

Arve Solbakken arve.solbakken@firdaposten.no Nettverksselskapet for dei minste oppdrettsselskapa har forhandla fram ein langsiktig leigeavtale med Rostein-reiarlaget på Møre om å disponere ein topp moderne brønnbåt. – Vi garanterer for inntektene på båten, enten den ligg i ro eller ikkje. Garantien er på 70 millionar i året, fortel Willis.

– Verdas mest avanserte

I bransjen er det kapasitetsmangel på brønnbåtar fordi mange av dei går på faste avtaler med dei store aktørane. I 2017 kjem det nye krav frå styresmaktene til brønnbåtar, men nybygget til 300 millionar tek høgde for det. – Båten blir verdas mest avanserte. Den er utstyrt med

det siste av resirkuleringsteknolgi, slik at vatnet kan gjenbrukast tre gonger. Ein kan behandle store mengder laksefisk med ferskvatn mot AGDparasitten (amøbegjellesjukdom) og mot lakselus med oppvarma ferskvatn (Thermolicer). Aller viktigast er at vatnet blir filtrert slik at parasittar ikkje blir sleppt ut att i miljøet, fortel Willis.

Alt av det nyaste

Båten vil også bli utstyrt for å behandle fisken med hydrogenperoksid, men på sikt håpar ein at bruk Thermolicer vil bli så effektivt at ein unngår bruk av kjemikaliar. Den nye brønnbåten skal sjølvsagt også brukast til tradisjonelle brønnbåt-tenester som til dømes å frakte slaktefisk til Slakteriet i Florø. Den er utstyrt med alt det nyaste av utstyr for logging og kontroll med vasskvalitet, teljeutstyr, filtrering og UV-desinfeksjon av vatnet. Salmon Group har også skrive ein rammeavtale med reiarlaget om at skal kunne sette inn erstatningsfartøy dersom det skulle oppstå ein kritisk helse-

Som denne: Utvendig blir den nye båten liknande Ro Arctic, men teknologisk skal den vere ei vidareutvikling. pressefoto

Båten blir verdas mest avanserte. Solveig Willis Salmon Group

situasjon og smittevern-problematikk.

Desse er med:

Steinvik Fiskefarm, Svanøy Havbruk, Marø Havbruk og E. Karstensen Fiskeoppdrett, Flora, Osland Havbruk, Høyanger, Sandnes Fiskeoppdrett, Fjaler, Landøy Fiskeoppdrett og Flokenes Fiskefarm, Askvoll, Nordfjordlaks, Hyen, Sulefisk, Solund og Aqua Farms Vartdal på Sunnmøre.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.