Barnebok, B-klassen

Page 1

Den solbrente mammaen som blei bytta mot ti kamelar.

Illustrasjonsoppgave for B-klassen Laksev책g Medier & Kommunikasjon 2012-2013


1

Det einaste som er att i huset vårt etter at pappa flytta i haust, er ei enkel pil frå dartsettet hans. Det er denne pila mamma no held hardt rundt med tommelen og peikefingeren, mens ho siktar mot veggen med begge augo godt igjen. Det er heilt stille på kjøkkenet vårt. Vi tør ikkje ein gong pusta. Så kastar ho. Knallhardt. Pila blir ståande midt i det store verdenskartet på kjøkkenveggen. Mamma opnar augo. - No får vi sjå, seier ho endeleg. Mamma går sakte bort til kartet, og tek ut pila med eit rykk. Ho studerer nøye holet spissen har laga. - Aqaba, seier ho med låg stemme. Ho snur seg mot tante Torunn, Fredrik og meg. 2

- No er det berre å finna fram passet og starta pakkinga. Tante Torunn og eg begynner endeleg å pusta igjen. - Kor er Aqaba? spør tante Torunn. - I Jordan vel, seier mamma, som om ho har vore der mange gongar før. Det har ho ikkje. Sjølvom mamma er trettitre år, så har ho aldri reist lenger bort enn til Danmark for å kjøpa sigarettar og røykt skinke. Ho og pappa reiste alltid på den same ferien kvart år. Og Fredrik og meg har måtta vera med. Eg har vore sju gongar på hytteferie utanfor Århus. Fredrik har vore ni. Vi gjorde eigentleg alltid berre det same, eg greier ikkje å skilja den eine ferien frå den andre, og eg gledde meg alltid til å komma heim igjen. Men sidan i haust er ingenting som før. I haust blei Svein Selmer kjent med Silje Sivertsen. Silje Sivertsen budde inne i byen, hadde katten Sissi med lang pels og blå augo som ho lufta i bånd. Silje Sivertsen hadde sjølv også langt hår og blå augo, ho gjekk i veldig vide klede, og spelte fiolin. 3


4

5


Svein Selmer, som er far til Fredrik og meg, traff henne ein gong ho lufta katten sin etter ein konsert på samfunnshuset. Like etterpå reiste han til byen. Og blei verande der med Silje Sivertsen og Sissi. Mamma kallar berre Silje Sivertsen for Dama i flagrande gevantar. Ho vil ikkje bruka namnet hennar. Ho vil i det heile tatt ikkje tenkja på henne. Eller Svein Selmer, som reiste frå henne. Og Fredrik. Og meg. - No skal vi kosa oss skikkeleg, seier mamma og smiler til oss. Eg går bort til kartet og ser på holet etter pila. Jordan, det ligg i Midt-Austen. Mellom Israel, Syria og Saudia-Arabia. Er det ikkje der det er uro og krig nesten heile tida? - Tenk det, Torunn, seier mamma og er rar i augo. - Jordan, er det ikkje der den vakre amerikanske Elizabeth Halaby ein gong gifta seg med den kjekke Kong Hussein, og vart Dronning Noor? Kanskje finn vi kvar vår kjekke sjeik begge to? 6

2

Mamma har alltid vunne ting. Båtturar til Danmark, bilete av skogstjern, eit koppesett med neper på, ein samedrakt, ein manns bunad frå Sunnhordland (som pappa tok med seg), ein utstoppa albatross, ein boremaskin og julegris på bingo. Berre nokre veker etter at pappa hadde teke med seg alle tinga sine, og nokre av mamma sine, og reist, fant ho fram ein tippekupong og ein terning. Ho bestemte at ein og to på terningen var heimeseier, tre og fire uavgjort, og fem og seks borteseier. Så sat ho rolig og kasta mens ho røykte, og kryssa av på tippekupongen etter kvart kast. - Flaks i spel, uflaks i kjærleik, sa tante Torunn. Men mamma berre lo. For når laurdagen kom, hadde ho elleve rette kryss på kupongen. Og 7


8

9


premien var femtiåttetusensekshundreogførtini kroner. - Dei skal vi bruka opp fort, sa mamma. Svein tok meg aldri med nokon stad. Eg vil reisa til andre stader enn Danmark. Så gjekk ho på reisebyrået. Etter å ha fått tak i alle feriekatalogar med fargebilete i som finst, greidde mamma likevel ikkje å bestemma seg. Derfor var det ho no kasta pappas pil på verdenskartet på kjøkkenet. - Eg kjøper fire billettar på måndag, seier mamma. - Griseflaks, seier tante Torunn. Ho har budd hos oss etter at pappa drog til byen, og nesten kvar laurdag har ho og mamma vore og dansa på hotellet, mens Fredrik og eg har vore åleine heime og sett video. Tante Torunn har aldri hatt ein fast kjærast, sjølvom ho er tjueni år. Det har ikkje eg heller, men eg er berre ni år. Med Fredrik veit eg ikkje heilt, men det er ei anna historie. Alt eg veit er at det visst ikkje er så enkelt dette med kjærastar. 10

3

Kvelden før vi reiser kjem Fredrik inn på rommet mitt. Han har ikkje hatt det så greitt etter det som skjedde i skulegarden for litt over ei veke sidan. Han er glad for at vi no skulle reisa vekk, same om det hadde vore· til Århus for tiande gong. Og læraren hans var meir enn glad for å kunne gi han fri då mamma spurte. Han sa at det nok ikkje var så enkelt for oss, og at Fredrik nok treng litt tid borte frå skulen. Fredrik er verdens beste til å fortelja forteljingar. Han har fortalt meg forteljingar så lenge eg kan hugsa. Og alltid om kvelden. Forteljingar er best i mørkret, seier Fredrik alltid. Eg meiner at Fredrik må bli forteljar når han blir stor, om det finst ein sånn jobb då. - Kan du ikkje fortelja meg kva som eigentleg skjedde i skulegarden? spør eg Fredrik. 11


Eg har jo berre høyrt andre fortelja om det, og mamma vil ikkje seia noko i det heile tatt. Eg ser på augnebryna til Fredrik at han tenkjer seg om. Men så begynner han, eg er jo trass alt broren. - Det var ikkje vondt meint, seier Fredrik etter ei lang stund. Han sukkar, og riv ytterste kanten på negla på høgre tommelfingeren. - Det hender av og til det snør i slutten av april, seier han. - I år skjedde det. Alt har vore heilt rart denne våren. Det er den våren det brått vart klart for meg at eg var usynlig. - Korleis det? spør eg, og kjenner at dette kan bli ei bra forteljing. - Du får ikkje avbryta meg, seier Fredrik irritert. - Då vil eg ikkje fortelja. - Ok ok, seier eg, og held pusten. - Nei, det er liksom aldri nokon som ser om eg er der eller ikkje, fortset Fredrik. - Eg blir aldri invitert i bursdagsselskap. Eg får aldri vera med på fotballaget. Eg les aldri høgt i timen. Eg blir ikkje ein gong truga med å få juling på 12

skulevegen. Fredrik Selmer, folk har gløymt namnet mitt før dei er ferdige å seia det. Eg er nesten usynlig. Når læraren skal plukka ut nokon i klassen til å gjera noko, ser han aldri meg. Av og til lurer eg på om eg skal slutta å gå på skulen, ingen hadde lagt merke til om Fredrik Selmer ein dag berre var borte. Det kunne blitt ganske fint. I vurderingsboka mi for første klasse står det stort sett berre at eg er snill og stille, og at eg er dårlig i musikk fordi eg bles så svakt i blokkfløyta. Fredrik tek ein pause, og riv av negla på høgre peikefingeren. - Har du høyrt om Cecilie Wang? spør Fredrik meg. Men eg forstår at det ikkje er meininga at eg skal svara. Derfor er eg berre stille. - Alle har høyrt om Cecilie Wang, fortset Fredrik. - Cecilie Wang som har spelt både blokk- og tverrfløyte sidan ho var bittelita. Cecilie Wang som kunne alle tal og bokstavar før ho begynte i første. Cecilie Wang som til og med er betre å spela fotball enn mange av gutane. Cecilie Wang som alle, absolutt alle har øverst på lista når dei skal invitera folk i bursdagsselskap13


14

15


et sitt. Cecilie Wang som har nesten heilt grøne auge, slik ingen andre jenter i heile verdensrommet har. Cecilie Wang som har munn som ei deilig, raud plomme, og fint, lyst hår kor små krystallar legg seg mjukt når det snør. No er det negla på langfingeren som vert riven av. Fredrik riv alltid negler når han fortel. - Veit du kva du må gjera for å få deg kjærast? spør Fredrik. - Nei, seier eg. - Det er tre ting ein må gjera for å bli kjent med ei jente ein kan bli kjærast med, fortset han. - Punkt 1 er ganske enkelt: På våren skal ein vanligvis kasta småstein på den jenta ein likar aller best, eller på jenter som ein likar litt. Men om vinteren, og når det er snø i april, slik som no, skal ein kasta snøball. Det er meininga at jenta du kastar på skal ropa at du er dum og teit, men eigentleg likar ho det. Og du har blitt lagt merke til. Då veit ho at du kanskje kjem til å gå til punkt 3. Punkt 2 er litt verre, og ein risikerar å bli innkalt til rektor: For at du skal få respekt av gutane, og for at jenta du likar verkeleg skal leggja 16

merke til deg, må du gøyma deg like før gymtimen er slutt, inne i bøttekottet i jentegarderoben. Derfrå kan du sjå gjennom nøkkelholet på jentene som dusjar. Det gjer ikkje så mykje om du til slutt blir oppdaga, då veit alle det, og du er ein tøffing. Eg kjenner at det er mykje eg ikkje veit, men eg er glad eg har ein storebror som veit ting. - Punkt 3 er enklast å gjera, men likevel verst, seier Fredrik. - Du må skriva ein lapp til jenta du vil bli kjærast med. På lappen kan det jo stå kva som helst som du synest er lurt å skriva, men til slutt må det stå «VIL DU VERA SAMAN MED MEG?». Under det skal det vera tre opne ruter der jenta skal kryssa av. Utanfor første ruta må det stå «JA». Utanfor andre ruta må det stå «NEI». Og utanfor den tredje ruta må det stå «KANSKJE». Dei fleste jentene kryssar faktisk av i «JA». Men nokre få gutar må også ein gong få tilbake ein lapp der det er kryssa av i «NEI». Det er derfor eg synest at dette er det verste punktet. Men om alt dette går bra, så har du fått deg ein kjærast. Då er det ikkje så farlig 17


om ein har blitt sendt heim frå rektors kontor med melding. Fredrik tek ein lang pause. Og så kjem det ikkje meir. - Eg får gå og leggja meg, seier han i staden. - Vi skal vel reisa i morgon. Eg ligg heilt stille, og kjenner at eg vil høyra meir. Med ein gong. Men frå før veit eg at når Fredrik sluttar å fortelja, så sluttar han. Då må ein berre venta. - Natt natt då, Fredrik, seier eg. Fredrik ser på meg. - Du må slutta å sei «natt natt». Du må sei «god natt», seier Fredrik. - Då høyrest du ikkje så barnslig ut. Eg ligg vaken ei lita stund og kjenner at eg er glad eg har ein storebror som Fredrik.

18

4

Etter at ho hadde bestilt billettar, bleika mamma håret heilt lyst, enda ho hadde bleika det ganske lyst for berre fjorten dagar sidan. Og når sant skal seiast, så er håret hennar unaturlig lyst. Heilt i begynnelsen av mai reiser vi inn til byen Det skal visst vera ei fin tid å reisa til Jordan på, sa reisebyråmannen. Det hadde han sikker sagt uansett. Mamma seier at det er best vi tek taxi heile vegen ut til flyplassen, så vi slepp å treffa på Dama i flagrande gevantar saman med pappa. Det er første gong eg tek fly, men det er ikkje så gøy som eg hadde trudd. Det er mest trangt. Vi landar først i Danmark, men for første gong kjøper mamma verken sigarettar eller røykt skinke. Etter at vi har venta litt på flyplassen, går det eit anna fly vidare til Jordan. På flyet viser dei ein film som eg sikkert er for 19


20

21


liten til å sjå, og kanskje Fredrik og. Men mamma og tante Torunn drikk så mange små flasker at dei ikkje bryr seg om nokonting. Dei vert ganske dumme etterkvart, og mamma ler høgt litt for mange gongar. Etter den lange flyturen, landar vi til slutt i Amman. Amman er hovudstaden i Jordan. Vi kjører taxi inn til eit hotell. Amman er ein by som ligg oppå, og mellom tretten jebels, som er små fjelltoppar. Det har tante Torunn lest i boka si. Det er rart å komma til ein heilt annan verden. Mange av mennene går i ein slags side kjolar, og har store sjal på hovudet. Dei snakkar eit anna språk. - Arabisk, seier tante Torunn. Skilta har heller ikkje slike bokstavar som vi har, men det er fine, rare teikn overalt. Til og med Coca Colaskilta har slike rare teikn. Men det raraste av alt er at alle luktene er heilt annleis enn heime. Fredrik og eg får eige rom. Når kvelden kjem, ligg eg i hotellsenga og kjenner på luktene. Det kriblar i magen, og eg ligg vaken 22

uten å få sova. - Har du nokon gong gjort nokre av dei tre tinga du fortalte om i går? spør eg forsiktig då det har vorte mørkt. Som vanlig ventar Fredrik litt før han svarar. - Nei, seier han til slutt. - Ikkje heilt. Eg har aldri sprunge rundt i storfriminuttet og kasta stein eller snøballar på jentene for at dei skal sjå meg. Eg har aldri snike meg inn i bøttekottet i jentegarderoben før timen var slutt for å sjå gjennom nøkkelholet på jentene som dusja. Eg har aldri skrive ein lapp som ei jente skal svara «JA» eller «NEI» eller «KANSKJE» på. Fredrik Selmer har kort og godt aldri blitt innkalt til rektors kontor og fått melding med heim i meldingsboka si. Han begynner å riva negler igjen, no har han komme til ringfingeren. - Men det har Terje Tangen i klassen, seier Fredrik. - Terje Tangen har vore på rektor sitt kontor tre gongar. Han har kasta både stein og snøball, gøymt seg i bøttekottet i jentegarderoben fleire gongar, og skrive mange lappar i timane. 23


Jentene berre ventar på at Terje Tangen skal kasta stein og snøball på dei, kikka på dei gjennom nøkkelholet i garderoben, og skriva ein lapp til dei. Etter å ha skrive ein ganske frekk lapp som læraren oppdaga, vart Terje Tangen nylig innkalt til rektors kontor for tredje gong. Og fekk også melding med heim. Men Terje Tangen berre smiler same kva som skjer. Han scorar alltid mål. Alle veit kven Terje Tangen er. Særlig jentene. Fredrik riv negl nummer fem, lillefingeren på høgre handa. - Fredag for to veker sidan sit eg som vanlig oppå dolokket i friminuttet, innelåst på gutedo. Ingen har nokon gong låst meg inn der, eg gjer det alltid sjølv. Innelåst oppå do lokket får eg vera heilt i fred . Eg slepp å gå ute i skulegarden og må ikkje snakka med nokon. Eg slepp å sjå på alle dei som er der ute, der det er april med jenter og våt, kram snø. Nok til å laga mange tusen snøballar som kan kastast på jentene. Eg tenkjer at i morgon og søndag er det fri. Då skal eg i fred og ro bruka heile dagen på å tenkja på ho som har små snøkrystallar i håret. 24

Fredrik tek negla på venstre tommeltott. Eg er musestille og forstår at Fredrik no fortel meg noko han kanskje aldri har forta lt til nokon andre. - Akkurat mens eg sit på dolokket skjer det eg likar minst av alt. Mange gutar kjem inn på doen på ein gong. Men dei skal heldigvis ikkje på do. Så får vi sjå kva ho har skrive då, høyrer eg Terje Tangen sei med den høge stemma si. Det er heilt stilt på gutedoen. Eg veit kva som skjer no. Terje Tangen skal opna ein lapp frå ei jente, og sjå om ho vil vera saman med han. - KANSKJE, ropar Terje Tangen si stemme høgt. Stemma er ikkje riktig glad, men ikkje riktig lei, heller. Om Terje Tangen ikkje vinn i første omgang, så tar han det alltid igjen i andre. Terje Tangen scorar før eller seinare mål. Eit «KANSKJE» er trass alt eit «KANSKJE», og no er det berre pause etter første omgang. Cecilie er ikkje så enkel å få kjangs på, seier ei gutestemme. Ho vil nok venta litt. Ja, Cecilie er ei slik jente som ventar litt, hermar ei anna gutestemme. 25


26

27


Vi får no sjå om ei veke, seier Terje Tangen si stemme høgt. Terje Tangen har alltid slik høg stemme. Fredrik er lenge stille. Så lenge at eg har lyst til å seia noko for å få han til å fortsetja. Men så begynner han igjen: - Der eg sit på dolokket kjenner eg at eg får ein rar klump i halsen. Ein isklump som ikkje vil smelta, sjølv om eg svelgjer og svelgjer alt eg kan. Eg veit at Cecilie Wang alltid har kryssa av for “NEI» på alle lappar. Aldri har ho kryssa “JA» til nokon. Det veit alle. Men alle som veit noko, veit også at “KANSKJE» er et halvvegs “JA”. Og på Terje Tangen sin lapp stod det altså kryssa av på “KANSKJE». Akkurat då ringer det inn. Eg sit som vanlig innelåst på do dei neste to friminutta også, før klokka ringer for siste gong. Ingen spør meg kva eg skal gjera i helga, ingen ser meg, og ingen trugar med å banka meg opp på heimvegen. Eg, Fredrik Selmer, den usynlige, skundar meg fort heim utan at nokon ser meg. Fredrik sukkar. - Heime er det trygt og godt. Der har eg mange små plassar for meg sjølv som 28

ikkje ein gong du veit om, Arve. Eg held pusten. Vil Fredrik fortelja meg også dette? - Aller best likar eg å sitja under kjellartrappa og vera heilt stille. Ingen finn meg der. Ein gong sat eg der ein heil dag mens eg høyrte at mamma og pappa ropa etter meg i mange timar. Til slutt blei det heilt stille, dei trudde vel eg hadde rømt for godt, og aldri meir kom heim. Og så slo dei seg til ro med det. Eg kom fram først då eg kjente lukta av pannekaker til middag. - Eg hugsar det, seier eg. - Vi var kjemperedde for at du hadde stukke av, og kanskje drukna i vatnet. Så begynte mamma å laga pannekaker. Men eg hugsar ikkje kva som skjedde etter det seier eg. - Om mamma og pappa vart sinte, eller kva. - Ikkje eg, heller, seier Fredrik, før han fortsett forteljinga si. - Nesten heile helga sat eg berre for meg sjølv og tenkte på Cecilie Wang med snøkrystallar i håret, som hadde kryssa av for «KANSKJE» på lappen til Terje Tangen. Og eg bestemte at eg måtte gjera noko med det. Eg 29


tippa at Terje Tangen skulle levera ei ny lapp på onsdagen eller torsdagen. Og då var det for seint. Eg visste at eg eigentleg ikkje kunne venta lenger enn til storfriminuttet på måndagen. Fredrik tek ein iang pause. Eg forstår det går mot slutten av forteljinga for i kveld. - Terje Tangen er ein idiot, seier eg, og håpar Fredrik vil fortsetja litt til. - Eg trur vi må leggja oss til å sova no, seier Fredrik rolig. - Det er seint. Å nei! tenkjer eg, men seier det ikkje høgt. Fredrik har fortalt meg mange ting i dag, og eg vågar ikkje å spørja meir no. Men eg ligg vaken ganske lenge, og no får eg i alle fall ikkje sova.

30

5

- Eg vil til Aqaba så fort vi kan, seier mamma under frukosten på hotellet. - Eg vil ha sol og varme. - Vi må stoppa i Wadi Musa og sjå Petra først, seier tante Torunn. - Wadi Musa betyr Moses Dal, og Petra er eit av verdas underverk, ein gammal klippeby langt inne i ørkenen. «Den roserøde byen som er halvparten så gammal som tida», les tante Torunn høgt. - Den må vi berre sjå! Tante Torunn er ivrig i stemma. Petra, det er eit rart namn. Ein eg kjenner har både ei farmor og ei mormor som heiter Petra. Aqaba ligg sør i landet. Midtvegs på veg dit er Petra. Jordan er eit ganske lite land. Tante Torunn sit med boka si. Ho er flinkast av oss i 31


engelsk. Men språket med dei fine teikna kan ingen av oss snakka eller forstå. Tante Torunn ber hotellmannen bestilla ein taxi. Det kjem ein stor bil ganske fort. Hotellmannen seier at det er broren hans som er sjåfør. Framme i bilen heng det bilete av tjukke damer som viser fram magen sin. Så kjører vi. Sjåføren smiler fornøgd heile tida. Han viftar med armane mens han kjører, og forklarar i veg, enda vi ikkje forstår ein lyd. Tante Torunn prøver seg med litt engelsk, men han berre smiler og svarar på arabisk. - Han likar oss, seier mamma bestemt. - Det er fordi eg har lyst hår. Arabiske menn likar damer med lyst hår, seier ho og smiler dumt. Mannen blunkar til mamma, og ler litt. Mamma fortsetå smila dumt heile vegen. Sjølv om han ser koselig ut, kan ein slett ikkje vera sikker på at taxi-sjåføren berre seier fine ting. Men eg får meg ikkje til å seia det til mamma. Då vi kjem fram til Wadi Musa ved Petra er det seint på dag. Vi tek inn på eit ganske dyrt hotell der det står to svære, svarte Mercedesar 32

parkert utanfor. Tante Torunn kranglar taxisjåføren som plutseleg vil ha mykje meir pengar for turen enn det som var avtalt. - Æsssj, berre betal han det han vil ha, mamma. - Vi har jo vunne femtiåttetusensekshundreagførtini kroner. Kva skal vi spara for? Tante Torunn sukkar og betalar. Inne ved resepsjonen sit det fire menn, og ein gut som må vera like gammal som Fredrik. Dei stirra på oss då vi kjem inn. Mamma burde aldri ha farga håret så lyst. Mennene ser på oss heile tida mens dei sug inn røyk frå ein ledning i eit slags stort apparat som står på golvet. Kvar gong dei trekkje inn røyk, surklar det i ein glaskolbe på apparatet. - Vannpipe, seier Fredrik. Eg er igjen glad eg har ein storebror som ting. Guten som sit der røykjer ikkje, men drikk te av eit glas. To av mennene er store og kraftige og har solbriller, enda det snart er kveld. Ein liten mann sit ved sida av og les nokre på papir. I midten sit det ein mann på mamma sin alder. 33


Han er den einaste som går i fotsid drakt. Den ser finare ut enn dei andre vi har sett hittil her i Jordan. Vi får nøkkel, og går opp på romma våre og pakkar ut. Vi har akkurat lagt oss ned for å slappa av, då det plutseleg bankar på døra. Utanfor døra står den vesle mannen som sat og las i papira. - Prinsen vil gjerne spandera te på deg, seier han på perfekt engelsk til mamma. Han har alt for stor bart til å vera så liten. Tante Torunn overset til mamma, for ho er ikkje så skrekkeleg god i engelsk. - Prinsen, seier mamma og smiler forvirra. Ho retter på nokre jukse blonde hårstrå. - Sei at eg takkar ja. - Tenk deg om, kviskrar tante Torunn sint. - Du veit ikkje noko om korleis ting er her nede. - Æsssj, kor ofte blir eg spandert på av ein prins? seier mamma nesten irritert. - Det har sanneleg ikkje vore for mange prinsar i det siste. 34

Helst berre ein frosk. Du er berre sur fordi det ikkje er deg han spør. Mamma smiler til mannen med barten. - Yes yes, seier ho. Eg ser bort på tante Torunn. Ho lyfter på eine augnebrynet. - Eg trur det best vi går ned alle, seier tante Torunn.

35


6

Alle fire mennene reiser seg då vi kjem ned. Berre guten vert sitjande og sjå ned i glaset sitt. Mannen i resepsjonen kjem raskt til med fire rykande varme glas med te i. Det lukter heilt annleis enn teen heime. Som ... halspastillar. - Mint, seier mannen i kjortelen, og smiler og blunkar til meg. Så det er altså slik ein prins ser ut. Han er ganske stilig. Han er sikkert like gammal som mamma, tenkjer eg. Og eg kjenner at eg ikkje likar det heilt. Mamma berre smiler. - De reiser åleine, seier prinsen. Tante Torunn sit på ein krakk og overset alt saman. Det ser ikkje heilt ut som om ho vågar å smaka på teen. - Ja, vi tar oss ut. Det er eit fint land du er prins i. 36

- Eg er ikkje frå Jordan. Eg kjem frå SaudiArabia, seier prinsen. - Eg er berre her i forretnmgar. - Gosh, seier mamma. - Då har du massevis av pengar. Akkurat det overset ikkje tante Torunn. - Vi er på jentetur. Vi likar å sjå oss omkring, bryt tante Torunn inn. - Men ingen mann? spør prinsen. Han nikker til mamma. Tante Torunn ser skarpt på mamma. - Ingen mann, seier mamma. - Ingen mann. Prinsen ser berre akkurat litt for lenge på mamma. - Viss de vil, kan eg ta dykk med på tur rundt i Petra. På kamelar. Det er ganske langt å gå her i varmen. Og det er dyrt å leiga kamelar. - Yesss yesss, seier mamma før tante Torunn rekk å oversetta nokonting som helst. - Det er best vi går og legg oss, seier Fredrik brått. - Ja, seier eg. - Det trur eg er best. Oppe på rommet legg vi oss med ein gong, 37


for liksom å bevisa at det var derfor vi gjekk opp. Men ingen av oss nemner verken prinsar eller andre ting som skjer der nede. Eg lurer på om det var lurt av oss å gå opp. - Kva gjorde du då måndagen kom? spør eg spent. Eg ser at Fredrik bit negla på peikefingeren av. - Eg gjekk på skulen, seier Fredrik. - Kva elles? - Aååh, du veit kva eg meiner. Kva gjorde du? - Måndagen kom, seier Fredrik. - Med sol og blå himmel. Det såg ut til å bli ein bra dag. Ein dag der det eg hadde bestemt skulle skje, skulle skje. Cecilie Wang skulle oppdaga at det finst ein som heiter Fredrik Selmer her i verda. Fredrik ler lågt for seg sjølv. - Dei to første friminutta sit eg som vanlig innelåst på gutedo. Men eg roar meg ikkje der, eg er rastlaus. I dag vil eg for første gong ut, ut i sola og snøen. Då klokka ringer til storfriminuttet er eg raskt ute, og tek opp ein god handfull 38

med fersk, kram snø. Eg formar han lett med begge hendene. Det blir ein liten, laus snøball. Eg går og kjenner på den ei stund. Den blir for liten. Eg tek opp litt meir snø og lagar ballen større. Sjølvom eg har den kalde snøen i begge hendene, frys eg ikkje. Hendene mine er varme, ja det er nesten som om eg sveittar i dei. Skulegarden er ikkje så stor, og uansett kor eg snur meg, veit eg heile tida kor den lysegrøne jakka til Cecilie Wang er. Av læraren har eg lært at lysegrønt er håpets farge. Eg veit også kor Terje Tangen er, han spelar fotball borte på banen. Akkurat no er han ikkje så oppteken av Cecilie Wang sin lysegrøne jakke. Terje Tangen er ein idiot, seier eg inni meg, men eg tør ikkje seia det høgt. - Snøballen er framleis litt for liten, fortset Fredrik. - Så eg tek litt meir snø, og lagar snøballen endå litt større. Snøen er skikkeleg våt og kram. Det blir ein skikkeleg fast snøball, ein snøball som skal bli god å hiva. Men eg må vera forsiktig. Eg har tenkt å kasta den forsiktig i den lysegrøne ryggen til Cecilie Wang. Så vil ho 39


snu seg og sjå kven som kasta. Så vil ho sjå meg. Så vil ho seia at eg er dum og teit. Så ... vil det i alle fall skje noko. Det må skje noko. Noko fint. Fredrik tek ein pause. - Eg ser heile tida den lysegrøne jakka. Cecilie Wang har alltid så mange venninner rundt seg. Dei står i ei klynge, og held på med slikt som jenter i klynger held på med. Eg skulle ønskt at Cecilie gjekk litt for seg sjølv, slik at det berre var oss to. Slik at eg forsiktig kunne ha fått kasta snøballen min utan at andre enn Cecilie såg det. Det er enda femten minutt til det ringjer inn. Eg klemmer godt til rundt snøballen, eg kjenner ikkje heilt at hendene mine er der, men eg frys ikkje. Fredrik stoppar opp og tek negla på langfingeren. - Det går fem minutt til. Cecilie Wang står framleis med alle venninnene. Det ser ikkje ut til at ho har tenkt å flytta seg så snart. Men det er i dette storfriminuttet det må skje. Elles veit eg at eg aldri kjem til å gjera det. Eg nærmar meg 40

41


jenteklynga. No er det ti minutt til det ringer inn. Hendene mine rundt snøballen har same farge som den. Pause. - God natt, Arve, seier Fredrik plutseleg. Og så snur han seg andre vegen. Terje Tangen er ein idiot, tenkjer eg.

42

7

Mamma er blidare enn sola då ho står opp. Ho vekker Fredrik, tante Torunn og meg alt for tidlig. Og ho bruker lang tid på badet, vi har nemlig berre eitt bad. Då ho til slutt kjem ut, luktar det sterkt av parfyme. Sånn sterk, ekkel damelukt som gjer meg småkvalm. Det er ikkje varmt vatn igjen til oss andre, og vi skundar oss alle ned etter mamma for å få frukost. Ingen av oss seier det høgt, men verken tante Torunn, Fredrik eller eg likar at ho er åleine, om enn berre for ei lita stund. Guten frå i går sit og et for seg sjølv ved eit bord i spisesalen. Han nikkar så vidt og smiler forsiktig til oss. Fredrik og eg går bort og sit oss med han. Vi smiler igjen. Når ein ikkje kan bruka snakkespråk, er smiling tingen. Frukosten er ein slags 43


loffskiver med eit skrekkeleg søtt syltetøy. Og te. Då vi er ferdige med å eta, tek han fram eit foto av seg sjølv. Han står ved sida av ein kamel. - My first camel, seier han. Det forstår vi. Min første kamel. Dessutan kan Fredrik og litt engelsk. Han går ikkje i femte klasse utan grunn. - Fin kamel du har, seier eg. - Fin. Og så nikkar og smiler Fredrik og meg igjen. - Mohammed Ali, seier guten og peikar på seg sjølv. - Fredrik, seier Fredrik og peikar på seg sjølv. - Arve, seier eg og peikar på meg sjølv. Fredrik spør om ikkje Mohammed Ali er ein gammal boksar. - Det er mange som heiter Mohammed Ali, seier Mohammed Ali. - Så du skal bli prins ein dag? spør Fredrik. - Det er over fem tusen prinsar i landet mitt, seier Mohammed Ali. - Eg vil bli kameloppdrettar. 44

Så begynner han å snakka. Orda renn ut av han. Og Fredrik prøver å oversetja så godt han kan. - Han seier at faren er kommen hit til Jordan for å kjøpa kamelar, og at han sjølv har fått sin første kamel no. Hos ein ara bisk mann er sønnene viktigast. Så kamelane. Så kona. Sjølv om kamelane både sparkar, bit og spyttar, så elskar ein mann kamelane sine. Dei fantastiske dyra kan lukka igjen nasene sine når det bles sand, og dei har tre par augnevipper som gjer at dei kan blunka vekk sandkorn. Dei kan gå i dagevis utan vatn og kan fylla opp pukkelen sin på berre ein vannfylling. Dei er transportmiddel, spiskammer og reinseanlegg. Det dei et blir omgjort til melk. Fordi munnen deira er så hard, kan dei eta alt muleg, til og med skinn, tøy og bein. Arabarane kallar dei for ørkenens skip. Mohammed Ali blir varm i augo mens han snakkar. - Kor mykje kostar eigentleg ein kamel? spør eg. 45


46

47


Men det får eg ikkje svar på. For nett då kjem den vesle mannen med barten og dei to store med solbrillene inn i spisesalen. Og pappaen til Mohammed Ali. Prinsen. - Are you ready? spør prinsen mamma og tante Torunn som sit ved eit bord lenger borte og kniser og ler. - Han spør om vi er klare, seier Fredrik. Eg veit ikkje kva vi skulle vera klare for, og eg håpar eigentleg aldri at vi vert det.

48

8

Vi køyrer nedover ifrå hotellet i dei svarte Mercedesane (som sjølvsagt tilhøyrte prinsen). Dei har sota vindu der det berre går an å sjå ut, og ikkje inn. Mannen med barten er ikkje med. Heilt nede i ein slags dal kor inngangen til Petra er, står det fire kamelar. Kamelane knelar ned, og vi brukar litt tid på å komma oss opp på dei. Tante Torunn og mamma får ein kamel pluss ein mann med solbriller. Fredrik og eg får ein kamel pluss ein mann med solbriller. Dei går nede på bakken, og leier kamelane for oss. Mohammed Ali og prinsen tek dei to siste kamelane. - My camel! seier Mohammed Ali stolt. Vi forstår godt kva han meiner. Min kamel! Og så gyngar vi av garde. Kamelane voggar 49


som to båtar, og eg forstår kvifor dei vert kalla ørkenens skip. Først i karavanen rir Mohammed Ali på den nye kamelen sin, kry som ein konge. Så kjem Fredrik og meg. Til slutt mamma og tante Torunn og prinsen på sine kamelar. Eg høyrer prinsen seier noko, og mamma ler høgt. Så gløymer vi alt anna, for etter å ha gynga fleire kilometer innover ei ganske smal sjakt i fjellet som prinsen kallar the Siq, kjem vi brått fram til ein bygning. Bygningen som lyser mot oss i sola er hogd ut i fjellet. Prinsen forklarar at det er Khazneh, skattkammeret. Over søylene til inngangen står det ei slags krukke, ei svær urne som også er hogd ut av sjølve fjellet. - Beduinane har alltid trudd at bandittar har gøymt skatten sin der, derfor ser de at det er mange skytemerker på krukka. Dei trur at berre dei får skote hol på ho, så kjem det gull ut. Men ho er berre stein. Det går ikkje an å få ut gull, seier prinsen som virkar ganske stolt over alt han kan fortelja oss. Men eg forstår likevel godt kvifor beduinane har skote. Ein kan jo aldri vita. 50

Og slik går heile dagen. Vi kjem inn i rytmen til kamelen vår, og ser fleire gamle bygningar som er hogd ut av fjellet, tempel og søyler, amfiteater og hundrevis av spennande grotter. Prinsen fortel om Petras historie frå gamle tider, om nabatearne sin by som låg skjult her i ørkenen, om romarar, kristne og muslimar som har kriga om byen opp gjennom århundra, og etter at nesten alle hadde gløymt den, var det ein luring som heitte Burckhardt som i 1812 fant den igjen og fortalte verda om det fantastiske funnet i ørkenen. Det hadde på ein måte vore meir spennande om ingen hadde funne Petra, tenkjer eg. Om ein liksom berre visste at den var der ein stad, utan å vita heilt likevel. - Ein kjent kokk sa ein gong at Petra var som ein verden laga av sjokolade, skinke, karri og laks, seier prinsen og smiler. Eg visste ikkje om eg var einig, men det var morsomt sagt. Kvelden kjem og vi går tilbake. Eg er trøytt og stiv og litt sår i rumpa av å sitja slik og gynga. 51


Men det er gøy. Kjempegøy! Og eg gløymer ei kort stund å tenkja på at mamma eigentleg har bleika håret alt for lyst. Tilbake på hotellet går vi i dusjen før mamma, slik at vi får varmt vatn. Vi har nett kledd oss om, og skal til å slappa av, då det bankar på døra. Igjen står den vesle mannen med barten der. Det var då fælt til gnål. - Prinsen vil diskutera eit forslag med fruen. Fredrik kviskrar til meg kva han seier. - Han spør om mamma vil inngå ein avtale om ekteskap, og at ho skal få godt betalt, og at vi alle skal få dei aller beste vilkår. - HÆ! seier eg høgt. Alle ser på meg, men eg skjemst ikkje. Dette er for sprøtt. Mamma ler. - Viss hans majestet prinsen har nok kamelar, så skal eg vurdera giftemål, seier ho og smiler. - Prinsen foreslår fem kamelar, seier mannen. Mamma ler igjen, litt høgare denne gongen. - Og kva er så prisen på ein kamel?

52

- Litt over sjutusen amerikanske dollar, seier mannen fort utan å blunka. Det blir stille. - Det er femtitusen kroner per kamel, kviskrar Fredrik hest. - Til saman tohundreogfemtitusen kroner. - Eller vil de heller ha pengar? spør mannen. - Å nei, det må no vera kamelar, seier mamma. - Kutt ut, kviskrar tante Torunn stille. Ho er litt kvitare i ansiktet enn ho brukar å vera. Men mamma har fått eit rart uttrykk i augo. - Eg vil ha det dobbelte, seier ho. - Ti kamelar. Den vesle mannen berre ser på mamma. Barten hans bivrar litt, men han fortset å smila. Til slutt bukkar og nikkar han seg ut døra, og seier at han vil komma tilbake for å gi eit svar frå prinsen i morgon. Han ønskjer oss ein god kveld. Akkurat då døra slår igjen, seier tante Torunn med rasande hes stemme: - No må du skjerpa deg, Signe. Du må ikkje leika deg med dette. Eg trur du er galen. Ti kamelar! Ein halv million! Og så finn ho ikkje på meir å seia. 53


54

55


Ikkje vi andre, heller. - Eg ville berre sjå kor mykje han ville gi for meg, seier mamma lågt. Og gliser. - I morgon reiser vi grytidlig herifrå, seier Fredrik til slutt og går ut og slår igjen døra. - Natt natt, seier eg og følgjer etter Fredrik inn på rommet vårt.

56

9

Tante Torunn vekkjer oss tidlig, og vi pakkar ganske raskt. Vi et ikkje eingong frukost, men lassar berre i bilen, og så er vi klare til å reisa vidare. Til slutt vekkjer vi mamma. Mamma er trøytt, men må lydig finna seg i at vi dreg. Tante Torunn betalar for hotellet. Framleis står dei to svarte Mercedesane utanfor, men vi ser ikkje noko til prinsen og følgjet hans. Kanskje likar dei å sova frampå. Vi køyrer i tre-fire timar, men er framme i Aqaba på formiddagen. Også denne gongen seier hotellmannen at det er broren som er taxi-sjåfør. Eg begynner å lura litt på alle desse sjåfør-brørne. Men det er godt å komma seg av garde. Alt kamel tullet i går kveld er nesten uverkeleg her ute i sola. 57


For i Aqaba er det berre stille, deilig og varmt. Det er visst ikkje så mange som reiser rundt på denne tida. Då vi har fått rom på eit hotell heilt nede ved sjøen, går vi alle og legg oss på stranda ved hotellet. - Endelig, sukkar mamma. - Eg vil bli brun med ein gong. Ho er den einaste som ikkje gidd å ta på seg solkrem, eller å ligga under solparasollen som er til kvar solseng. - Endelig fred å få, sukkar tante Torunn og legg seg godt til rette. - No skal vi ha ferie. Så trur eg dei sovnar i kvar si solseng. Fredrik og eg tek med oss kvar vår solseng og legg oss litt lenger borte. - Kasta du snøballen? spør eg. Liksom tilfeldig. - Eg har ikkje lyst til å fortelja no her i sola. Det er best å fortelja når det mørkt. - Jo, seier eg. - Berre litt. Bittelitt. Ver så snill. Fredrik smiler lurt. Denne gongen riv han ikkje negler. - Det ringer som sagt snart inn. Eg brukar 58

fem nye minutt til å nærma meg Cecilie Wang sin lysegrøne jakke. Og no er eg ganske nære. Men verken ho eller andre ser meg. Eg går eit skritt nærare. Eg er berre tre meter unna. No. No kastar eg. Nei, eg må venta litt til. No då. Nei. No. Nei, eg må venta til ho snur seg litt. No. Nei. No. Nei. No. Nei. Jo! NO! Så kastar eg snøballen. Men idet eg kastar, ser eg at det ikkje lenger er ein snøball. Det er ein blank isball som susar av garde i sola mot ein lysegrøn jakke. Eg har klemt den for hardt og for lenge. Og eg har kasta mykje hardare enn eg trudde. Og sikta for høgt. Eg veit at dette ikkje er slik eg hadde tenkt at det skulle skje. - Og så? spør eg stilt. -Nei, kva trur du? Eg skal kanskje fortelja deg resten seinare, seier Fredrik og lukkar augo. Dumme meg. Endå eg veit korleis det gjekk, så er dette for spennande. Eg vil vita alt no. No med ein gong. Men Fredrik ligg der berre med begge augo godt igjen. Akkurat no når det er på det mest spennande! Men eg gir meg. Når Fredrik ikkje vil, så vil han ikkje. Og det er jo hans 59


forteljing. Eg ligg lenge og lurer litt på om det eigentleg er så viktig å få seg ein kjærast. Det er slitsamt å tenkja på. Til slutt sovnar eg til lyden av bølgjene frå Raudehavet som skvulpar mot stranda.

60

10

- Aåååh, neeei! Vi vaknar alle av mammas skrik. - Eg er heilsteikt! Vi sprett fort opp. Mamma er raud som ein kokt hummar i ansiktet. Og på kroppen. - Signe då, seier tante Torunn. - Vi får komma oss opp på rommet og få gjort noko med deg. Vi skundar oss tilbake til hotellet, der tante Torunn finn fram alle slags kremar. Mamma stønnar og klynkar mens tante Torunn forsiktig prøver å smørja så godt ho kan. - Du kjem til å få hudkreft, seier tante Torunn. Men det høyrest ikkje ut som om ho synest så synd på henne. Så bankar det på døra. Det søkk i meg då eg går for å opna. Av og til skjer akkurat det ein minst vil skal 61


62

63


skje. Utanfor døra vår står den vesle mannen med den store barten. - De reiste fort av garde, seier han rolig. Men han ser likevel sint ut i augo. Eg kjenner brått at eg vert sint sjølv. Og litt redd. Denne vesle mannen med bart har begynt å bli skikkeleg plagsam. - Prinsen vil gjerne spandera middag, seier han og pressar fram eit smil. - Sei at eg ikkje orkar i kveld, klynkar mamma. - Sei at eg er blitt sjuk. Fredrik har komme i døra. Han fortel det mamma seier. Og lukkar døra fort rett framfor barten på mannen. - I kveld trur eg det er best at vi alle blir her, seier Fredrik. - Vi får heller bestilla mat opp på rommet. Men eg kjenner at eg ikkje har matlyst. Eg har nemlig ein slik ekkel verk i magen.

64

11

Etter at Fredrik og eg igjen har lagt oss, må eg berre spørja: - Korleis gjekk det til slutt? Fredrik ser på meg. Han riv sakte av negla på ringfingeren. - Eg kasta alt for hardt. Det høyrer og ser eg då den blanke is ballen min treffer Cecilie Wang knallhardt midt i panna. Det kjem først eit stort skrik frå den plommeraude munnen hennar, ho skrik og skrik eit skrik som aldri tar slutt. Så blir det stille. Eg ser Cecilie detta framover, og til slutt ligg ho og den lysegrøne jakken i snøen. Heilt stille. Nokon har tatt meg hardt i armen. Eg ser ikkje ein gong Cecilie Wang sine grøne augo før eg blir dratt av garde. Eg kjenner ikkje lenger at eg har hender. Fredrik tar ein liten pause. Han sukkar. - Cecilie Wang kjem aldri til å gløyma meg. 65


Eg var den som slo ho i svime med ein isball. No veit ho kven eg er, og kjem til å hugsa meg for alltid. Alle sa at det var eit under ho ikkje skada seg meir. Ho var borte frå skulen i to dagar. Ho blei visst bra igjen etter ei stund. Men Terje Tangen har sagt at ho aldri vil snakka med meg meir. Sånn er det. Fredrik sukkar tungt. Det er ikkje meir å seia. Eg ligg vaken ganske lenge og bestemmer meg til slutt for at eg aldri skal få meg ein kjærast. Langt på natt sovnar eg, og eg har nesten gløymt at eg framleis har ein verk i magen når eg tenkjer på mamma og prinsen sitt forslag. Eg kan ikkje ha sove lenge då nokon ristar i meg. Det er tante. No er ho kvitare i ansiktet enn nokon gong. - Signe gjekk ut for å kjøpa noko å drikka i resepsjonen, og no er ho borte. Og - sjå ut vindauget, kviskrar tante Torunn. Og så høyrer eg det. Ein slags rauting. Fredrik og eg sprett opp av senga. Sola har så vidt begynt å stå opp, og framleis 66

er det ganske mørkt. Klokka er berre halv fire. Men det er likevel lyst nok til at eg ser dei. Eg tel dei fort opp. Ti stykk. Eg veit ikkje kva ein kallar lydane kamelen lagar, men for meg høyrest det mest ut som rauting. Eg har ikkje ein gong fått på meg buksa før det bankar hardt på døra. Det er mannen som jobbar i resepsjonen. - ALL THIS CAMELS! seier han og riv seg i håret. Eg trur eg forstår kva han meinar. Alle desse kamelane! Eg kjenner at det er noko som stramar til i brystet mitt. Og verken i magen har no blitt veldig mykje verre. Eg vil berre ut på do og spy. - Kva gjer vi no? kviskrar tante Torunn. Fredrik står og ser ut vindauget. - Ho skulle aldri ha bleika håret så lyst, seier han berre.

67


68

69


12

Heile dagen ringer tante Torunn til Norge. Til pappa. Til lensmannen heime. Til politiet i Oslo. Til utanriksdepartementet i Norge. Til den engelske og amerikanske ambassaden i Amman. Til ein ho kjenner heime som er vaktmann med lommelykt og hund. Så sit ho seg ned og grin. Eg veit at ho har prøvd så lenge ho kan å la vera, for at ikkje vi skal bli redde. Men vi er redde. Og vi ser for oss dei verste ting. Mamma i slør. Mamma som har vorte prinsesse med lyst hår. Mamma som må bu med tusen andre prinsesser med svart hår i eit lukka harem. Mamma som er liten og redd. Mamma som har slutta å smila så dumt. Og så grin vi litt alle saman. Men hotellmannen er rasande. For ute står framleis alle kamelane, og tante Torunn må betala han ganske mykje for at han skal gi dei 70

71


mat og drikke. Men mamma er og blir borte. Dagen går uendeleg seint, men til slutt kjem kvelden. Det er heilt stille. Eg veit at eg ikkje kjem til å få sova i natt. Tante Torunn har bestemt at vi tidlig i morgon skal reisa til den norske ambassaden i nabolandet Israel for å høyra kva vi skal gjera. Ho har og lova å ordna opp med kamelane. No er det ingenting vi kan gjera. Uansett vil prinsen og følgjet hans seia at mamma ville bli med sjølv. Akkurat då eg har tenkt tanken, høgg det i meg; Ja, for tenk om det verkeleg er slik det er! At mamma slett ikkje hadde vorte kidnappa til haremet, men at ho var så lei av alt saman, både oss og pappa, at ho berre hadde blitt med første og beste prins som dukka opp. Dess meir eg tenkte på det, dess meir usikker vart eg. Mamma hadde jo heile tida vore svært fornøgd med at prinsen oppvarta henne. Kanskje hadde ho reist med han, og etterlete kamelane til oss, slik at vi i det minste hadde litt å klara oss på no når mamma og griseflaksen hennar hadde reist 72

frå oss. Det er så trist og fælt å tenkja på at det skulle vera slik, at det nesten ikkje er til å halda ut. Men eg bestemmer meg likevel for ikkje å seia noko til Fredrik, eg vil ikkje gjera han meir redd enn han allereie er. Fredrik er på do når eg plutseleg høyrer ein lyd gjennom all kamellyden som har plaga oss heile dagen. Eg ser ut vinda uget, og høyrer ein sint moped som kjem kjørande i kveldsmørkret. Utan lys. Nei, ikkje ein, men to mopedar. Og dei nærmar seg sakte hotellet. Dei stoppar like utanfor inngangen. Det er to mørke figurar som går av kvar sin moped. Begge er kledd i lange fotside klede, og det er uråd å sjå ansikta deira. Dei går fort inn hovudinngangen på hotellet, og like etterpå bankar det på døra vår.

73


74

75


13

Eg opnar døra, og der står det ei dame kledd i svarte klede frå topp til tå. Eg ser knapt augo hennar. - Taratei! seier plutseleg mamma si stemme, og så riv den svarte dama av seg det ho har på hovudet. I alle dei svarte kleda ser eg at mamma har veldig lyst hår. Og ho er framleis veldig veldig solbrent. Eg kan ikkje for det, men eg begynner å grina og eg ser at Fredrik som har komme ut frå badet har klumpen i halsen, han og . - Så så gutar, trøystar mamma. - De trudde vel ikkje at eg verkeleg kom til å stikka av til Saudi-Arabia? Vi seier ingenting. - Aldri om eg reiser på ferie med deg meir, seier tante Torunn hest. Ho har komme inn på 76

rommet vårt, og står der med raudkanta augo. - Kven køyrte den andre mopeden? spør eg. - Mohammed Ali, seier mamma. - Han ville ha tilbake kamelen sin, som var ein av dei ti kamelane som faren gav for meg. Mohammed Ali ville aldri i livet bytta den første kamelen sin mot ei norsk mor. Og så fortel mamma om korleis han hadde funne fram klede til henne og lånt to mopedar på eit hotell prinsen og følgjet hans hadde teke inn på. Mamma og Mohammed Ali vart einige om at det skulle sjå ut som om ho hadde stukke av, og at Mohammed Ali reiste etter henne. - Ein ting har eg lært, og det er at arabiske menn er berre ute etter ein ting, seier mamma. Men ho ser slett ikkje så redd ut som ho burde. Eg lurer sterkt på kva den eine tingen er. Og om ikkje mamma eigentleg var ute etter det same. Dessutan er det ikkje berre pappa som likar folk i flagrande gevantar. Mamma ville jo gifta seg med ein i flagrande gevantar, som til og med var mann. Ho burde ha hoppa av flyet i 77


78

79


Danmark. Vore fornøgd med sigarettar og røykt skinke. Men ikkje noko av dette seier eg høgt. - Vi bør reisa no, seier Fredrik. - Snart kjem nok dei andre tilbake i Mercedesane sine, og då bør ikkje vi vera her. - Alt er pakka, seier tante Torunn der ho står og trippar. - For lengst.

80

14

Vi reiser med ein båt rett over til Eilat, som ligg rett ved sida av Aqaba, men i Israel. Derifrå leiger vi ein bilag køyrer til Tel Aviv. Tante Torunn vil ikkje stoppa anna enn for å gå på do. Vi får flybillettar til København i Danmark, og derifrå heim til Norge. Då vi endeleg sit om bord i flyet, er vi alle så trøytte og slitne etter turen, at vi ikkje ein gong orkar å eta maten som vert servert. Likevel må eg spørja Fredrik: - Korleis var det å komma tilbake på skulen, ville Cecilie Wang aldri meir snakka med deg? Fredrik gjespar, og riv av siste negla på venstre lillefinger. - Nei. Eg var jo borte frå skulen. I tre dagar. Ein dag meir enn Cecilie Wang. Eg fekk med 81


meg melding heim, sjølvom eg ikkje hadde vore i jentegarderoben i det heile tatt. Rektor ringte til mamma. Dei tre dagane heime sat eg stort sett under kjellartrappa. På fredagen var eg tilbake igjen på lokket på gutedo. Eg veit ikkje om Terje Tangen hadde levert ny lapp til Cecilie Wang, eller fått eit kryss i ruta med «JA». Det rare var at eg eigentleg ikkje brydde meg så mykje om det lenger. Verken om Cecilie Wang sin plommeraude munn, lyse hår eller lysegrøne jakke. På veg ut i storfriminuttet etter tredje time stoppar Terje Tangen meg i døra. Har du lyst til å vera med på laget, Fredrik? spør Terje Tangen. Eg tenkjer meg om. Eg kjenner at eg ikkje har lyst til å svara verken ja eller nei. Kanskje, seier eg. Så går eg frå Terje Tangen og dei andre, åleine ned på gutedo. Så blir Fredrik stille. Heilt stille. Det er ingen fleire negler å bita. - Og slik sluttar det? spør eg. - Ja, slik sluttar det, seier Fredrik. - Og no vil eg sova. Eg håpar eg slepp å drøyma om kamelar. God natt, Arve. Eg håpar du ikkje har 82

lært noko av denne forteljinga. - God natt, Fredrik, seier eg. Men eg veit at eg ikkkje kjem til å få sova i natt, heller.

83


Illustrasjoner: Forside: Charlotte Steffen s. 4-5 ElĂŠn s. 8-9 Kristian s. 14-15 Therese s. 20-21 Catharina s. 26-27 Stian s. 40 Charlotte s. 46-47 Helena s. 54-55 Stine A. s. 62-63 Elise s. 68-69 Linn s. 71 Jonas s. 74-75 Stine H. s. 78-79

84


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.