Idehefte 2014

Page 46

72

UT I NATUREN

Vassfaret VINTER I

73

74

75

– Vassfaret er ein slags religion for meg. Guden heiter Mikkjel Fønhus. Thomas Mørch (26) er hekta. Frelst, om du vil. Tekst: Sigmund Krøvel-Velle

FAKTA   VASSFARET Vassfaret er området mellom Hedalen i Valdres, Hallingdal og Ringerike. Vassfaret blei særleg kjent gjennom Mikkjel Fønhus, som ofte skreiv med Vassfaret og Vidalen som inspirasjonskjelde. Området har sidan vore ein ynda plass for friluftsfolk på Austlandet. Funn viser at det har vore menneskeleg verksemd i dette området sidan før Svartedauden i 1349. Området har gjennom mange hundreår vore nytta til skog- og jordbruk, beite, jakt, fiske og friluftsliv. Nevlingdammen er eitt av fleire fløtingsanlegg i Vassfaret. Alt før 1700-talet var det skogsdrift i området, og frå 1684 er det sikre kjelder om pågåande fløting. Eit tinglyst skøyte frå 1714 fortel at Strøsdammen blei selt av Harald Sukke frå Hedalen til Niels Iversen Tyrholm på Bragernes. Fløtinga fortsette til 1967 då den blei nedlagt. Ein kjenner til i alt 12 gardsbruk frå Vassfarets nære historie, som stort sett går frå 1700 til 1900. Den siste garden som blei fråflytta var Olsonheimen i 1914, men dei siste fastbuande var Berte Skrukkefyllhaugen og sonen Anton Bjørke. Dei flytta til Flå i 1921. Vassfaret spelte ei sentral rolle under andre verdskrig. Heimefrontbasen «Elg» blei oppretta der. Fjellpartiet rundt Vassfaret var Norges mest brukte slepplass for forsyningar frå England under krigen. Vassfaret fungerte også som treningsområde for heimestyrkane. I Vassfaret finn ein fleire naturvernområde med ulik vernestatus.

Foto: Thomas Mørch

VASSFARSTEMNING: Solnedgang ved Aurdalsfjorden. Nordre Dyttholknatten naturreservat til venstre.

Tenk på alle menneska som budde i Vassfaret. Kvar plass har si eiga historie.

Thomas Mørch

VASSFARET HAR ALT. Om sommaren idyllisk badeliv frå fine sandstrender. Om vinteren barske skiturar gjennom snøtung skog og over store isar. Thomas Mørch frå Nesbyen, til dagleg bjørnepassar i Vassfaret Bjørnepark, innrømmer gjerne at han lir av noko ein kan kalle vassfarsjuke. Når Vassfaret kallar, har han vanskeleg for å stå imot. – Vassfaret er typisk bjørneterreng med djupe skogsdalar og åssider opp mot snaufjellet. Dessverre har det kome fleire nye skogsbilvegar dei siste åra, m.a. til Olsonheimen. Men det er framleis mykje urørt att. Mellom Nevlingen, Bringen og Sulevatn finn ein masse gamle bjørnehi. Fleire av desse er gravne inn i maurtuer. Eg kunne godt tenke meg at desse vart freda, seier han. THOMAS HAR LEST alt Fønhus har skrive om Vassfaret, og masse faktalitteratur. Forutan naturen og mystikken, er det all historia som gjer området ekstra spennande. – Tenk på alle menneska som budde i Vassfaret. Kvar plass har si eiga historie, seier han. Thomas Mørch ferdast mykje i Vassfaret. Går det lang tid i mellom, kjenner han suget. Han bur i koier, telt, i gapahuk eller under open himmel. Sist vinter låg han under open himmel i januar i minus 20 grader.

73

72 CMYK

CMYK

76

SJØLVPORTRETT: Thomas Mørch.

– Det var månelyst og koseleg, men iskaldt, fortel han. Eg vakna annankvar time gjennom natta for å kjenne etter om eg var ihelfrosen. Ei veldig spennande oppleving! Elles har han vore mange turar der og opplevd mykje. Solnedgangane er spesielle. Ein plan han har, er å padle kano gjennom heile Vassfaret. Det medfører bæring mellom vatna og nok tid – han treng ei heil veke. SIST VINTER VAR HAN MED NRK på opptak. 10 elevar frå Valdres folkehøgskule og Valdres vidaregåande skule skulle bu i villmarka ei veke, som premie i ein skrivekonkurranse. Thomas var kjentmann, mentor og altmoglegmann. Både framom og bak kamera. Programma blir sende 29. januar og 5. februar 2013.

– Moro å kunne vere til nytte, og samtidig oppleve villmarka, seier han. Men kva med bjørnen? Er det verkeleg bjørn i Vassfaret? – Ja, dersom det er nokon stad i Norge det er bjørn, så er det i Vassfaret, seier Thomas. Vassfaret er omtalt som «brunbjørnens Sinsenkryss». Fleire rovdyrtrekk har til alle tider gått gjennom Vassfaret og gjer det framleis, både streifdyr og overvintrarar. – Har du møtt bamsen? – Aldri i levande live. Men eg har funne spor, fanga han på viltkamera – og høyrt den. Eg har ein draum om å få han i kameralinsa. Men då må ein ha god tid og gå systematisk til verks, seier Thomas. NÅR THOMAS SKAL KOPLE AV, reiser han til Vassfaret. Om tida er knapp, berre ein liten tur for å sjå etter spor. Og skal han melde seg heilt ut, dreg han til Vassfaret, gjerne med fiskestong. Eller børse. Det finst nemleg rype der. Saman med andre har Thomas leigd ei koie i Hedalsfjella. – Det er spesielt å jakte i Mikkjel Fønhus sitt terreng, som eg har lese så mykje om. Du føler litt andakt, då, seier Thomas. På desse sidene viser me bilete av Vassfaret i vinterdrakt, sett gjennom Thomas Mørch sitt kamera.

SPOR I SNØ: Skitur med brørne Oddvar og Einar Ellseth. Strøen, januar 2012.

KJELDE: WIKIPEDIA

77 HALLINGDØLEN

VINTERMAGASINET 2013

VINTERMAGASINET 2013

HALLINGDØLEN

75

74 CMYK

CMYK

78

79

80

80

81

HIMMEL: Perlemorskyer over Vassfaret, fotografert frå Bogen.

Mikkjel Fønhus

NATT I VASSFARET:

Det er noko spesielt med å kunne sovne til lyden av bålknitring, under open himmel, ei januarnatt i segnomsuste Vassfaret ...

Fønhus var fødd 14. mars 1894 i Sør-Aurdal. Han var journalist, skribent og forfattar og budde mest heile livet i SørAurdal. Det meste av hans forfattarskap er villmarksromanar, dyreskildringar, skildringar av dyrs åtferd og formidling av trolske stemningar i naturen. Fønhus bygde i 1926–27 heimen Nissebakken, som framleis er i familiens eige, og er tilgjengeleg for besøk. Ringerike Turistforenings nyaste turisthytte opna 1. november i år, ved Strøen i Vassfaret.

Turisthytta har fått namnet Fønhuskoia. Fønhus debuterte med «Skoggangsmann» i 1917, og slo gjennom med si andrebok «Der villmarka suser» i 1919. I løpet av 20-talet etablerte Fønhus seg som ein av våre mest folke-

kjære forfattarar, med store opplag av fleire bøker. Mest kjend var Fønhus for sine dyreforteljingar, og han hadde ei usedvanleg evne til å beskrive og leve seg inn i dyrs liv og åtferd. Fønhus døydde 28. oktober 1973.

RO, RO:

Garnfiske i Skrukkefylla, april 2012. MORGONGRY: «Det lir ut i mars. En morgen i gryet ved Nevlingen. Lyset er så smått begynt å siles ut av himmelen over Raudfjell, det flyter og nesten stryker Likkistefjellet med en veik, blank glans. Nede i skogliene er det ennå natt, de tette gransøkkene er som dype kjellere av mørket» (Mikkjel Fønhus).

HALLINGDØLEN

VINTERMAGASINET 2013

VINTERMAGASINET 2013

HIMMELLYS: Aurora Borealis er på besøk i Vassfaret. Det dansande lyset frå nord er vakkert.

HALLINGDØLEN HALLINGDØLEN

VINTERMAGASINET 2013

VINTERMAGASINET 2013

HALLINGDØLEN

HALLINGDØLEN

VINTERMAGASINET 2013

HALLINGDØLEN

VINTERMAGASINET 2013

VINTERMAGASINET 2013

HALLINGDØLEN

78

80

79 80

81

CMYK

CMYK

CMYK CMYK

CMYK

77

76 CMYK

CMYK

24

LAURDAG 15. SEPTEMBER 2012

LAURDAG 15. SEPTEMBER 2012

25

26

LAURDAG 15. SEPTEMBER 2012

Så endeleg! Rett før me kjem til Bjordalen ser eg dei. Åtte stykk uti ei myr.

O

m tolv timar er me ferdige, smilefjes – får eg som oppmuntrande svar frå sauebonden. Eg kler meg som det høver seg, med ull frå innarst til yttarst. Her er det om å gjere å kjenne sitt publikum, og ikkje dei 2,5 såkalla

27

LAURDAG 15. SEPTEMBER 2012

til hjelp. Mange har allereie gått ein dag og sanka sau, mens me late kjem diltande på sundagen.

varme gradane som ventar meg på utsida. Kva temperatur det er på Hardangervidda orkar eg ikkje tenke på eingong. I Skurdalen står nær femten staute menn og kvinner klare til dyst. Fleire ligg i ei bu inne på Vidda og ventar på at me skal komme dei

Ingen veg attende Vel framme på Tuva turisthytte er det framleis for tidleg, sjølv for dei mest ihuga vandrarane, men me legg friskt og freidig ut i det fargesprakande aude, på jakt etter haustens fårikål. Elvar, myrar og ikkje minst lyng, tyngd av frosen dogg gjer dei vasstette skorne mine blaute etter ein knapp halvtime. Vasstette som dei er, held dei godt på vatnet. Eg tenker med gru på korleis eg skal vandre i to basseng dei neste ti-tolv timane.

Go’kjensla kjem likevel fort. Den forventingsfulle sitringa i magen. Det vakre landskapet rundt meg på alle kantar som sig inn og tek over for bekymringane. Tåka lettar sakte men sikkert, og det er på tide å fordele oss og gå kvar vår veg. Sjølv om eg berre har vore sauesankar to gongar før har eg allereie mi eiga rute. I år har eg stige i gradane og til og med fått eigen radio. Eg kjenner meg nesten litt viktig der eg traskar av garde for å utføre det viktige oppdraget mitt. Aleine, men langt frå einsam. Men kor er alle sauan hen? Opp og ned fjellsida ber det. Bak steinen der det «alltid» ligg sau, og

Tutta frå Hovde skal heim

opp på toppen der eg får sett meg godt rundt. Eg må sikre at eg ikkje overser nokre luringar som luktar slaktebilen heilt opp hit. Men ikkje ein einaste ulldott er å sjå. Jo, der er det ein, tenker eg oppstemt. Eg tek opp kikkerten som eg sakna så sårt fyrste året, og ser grundig opp langs åskammen. Ein kvit stein. Ikkje liknar den sau ein gong. Eg vert litt bekymra for synet mitt. Kva om eg overser nokon? Eg vil helst vise meg tilliten verdig, no som eg har fått eigen radio, og greier. Endeleg Så endeleg! Rett før me kjem til Bjordalen ser eg dei. Åtte stykk uti ei myr. Dei ser avventande på

meg, og eg går ein lang omveg for å sikre meg at dei ikkje flyg feil veg. Eg nærmar meg endeleg i rett vinkel. Dei to mødrene snur seg motvillig og begynnar å lunte i retning Bjordalsnuten. Lamma føljer lydig med, og det kjennest godt. Føtene kan ikkje bli våtare, så eg spring lettbeint over myra. Heile kroppen er mykje lettare no, varm og god. Pust i baken I Bjordalen møtest dei alle. Frå alle kantar kjem kvite og sorte får sigande, med majestetiske Bjordalsnuten som bakteppe. Sola kjem nesten igjennom skydekke no, og det ser nærmast uekte ut,

som kulissane i ein av desse eventyr filmane. Ikkje rart desse sauene smakar ekstra godt etter nær tre månader på eit slikt beite! Før kulda sig inn i baken, rekk eg å tenke på kor heldig eg er som får oppleve dette. Kakaoen er kald før eg har smakt på den og matpakka kjennest som den kjem ifrå frysaren. Me sit litt oppe i lia for å sikre oss at ikkje sauene forsvinn til fridomen. No skal me berre vente på dei som slit på opp mot Grønnenuten. Dei har visst funne meir sau enn oss. På’n igjen Det kjennest meiningslaust å sitje

og vente, medan ein høyrer på radioen korleis dei andre slit. – No er det nokre sau ovanfor deg Aslak!. - Arvid, du må springe ned att og bakover. Det kjem meir sau bak deg! Dette legg ein dempar på den etterlengta pausen. Burde me hjelpe dei? Nedafor oss vert det meir og meir glisse. Sauene har ikkje teke matpause slik dei plar gjere, og går heller målretta i retning Brennbu. Er dei klar for å kome heim, kanskje? Sjølv om sankinga i år nesten er ei veke etter vanleg tid og fjellet allereie har bydd på nysnø, tek me ikkje sjansen på at dei kan vegen heim på eiga hand. Me følgjer etter.

NYE VENER: Markus Lia får seg lett nye vener med ein brødbit i handa.

– Er du vaken? Det er sundag, klokka er 05:59 og med smale auge svarar eg bekreftande på meldinga. Ute ligg tåka tjukk, og regnet ligg som eit slør over hausten. Eg skal opp for å jakte på sau. Kjenner eg angrar meg litt no. Tekst og foto: Mari Fjørtoft Bjørnstad

28

LAURDAG 15. SEPTEMBER 2012

29

LAURDAG 15. SEPTEMBER 2012

OVER KAFFIKOPPEN

«Fråvær frå betalt arbeid»

E

in skulle ikkje kalle det ferie, veit du. Det er der det blir gale. Sjeldan har eg vel vore meir sliten enn no.

J

a, eg har ungar. Ja, eg er sliten. Det er ikkje sola som har merkt meg mest i sommar. Brunfargen skuldast nok heller lenge oppbygd aggresjon og politisk grumsete tankar som har forvilla seg under huda på sin veg ut. Fire veker borte frå jobben, og ein er totalt utlada. Ferie, du liksom. Det er jobb å halde ein familie aksjon. Underbetalt er det også. Fråvær frå betalt arbeid. Det er det det er.

D

et er ikkje det at jobben ikkje krev sitt heller. Då eg stod på terskelen til ferien, tenkte eg at om eit knips er ferien over. Finito! Eg må nyte kvart sekund. På jobben veltar arbeidsoppgåvene nemleg inn i eitt køyr. Heldigvis sjekkar vaktsjefen innom avlukket mitt dagleg for å sjå at eg får puste. At eg har hovudet over vatnet.

S

lik er det ikkje på heimebane. Ungane har i sommar demonstrert med all si tyngd at dei ikkje forstår det kvekk om det å vere foreldre. Anten det, eller så gir dei blanke. Eg mistenkjer det siste.

P

å vår elleville ferd gjennom landet bygde det seg opp ein mur av sekker og beremeisar mellom barneseta i baksetet. Hender med klypande fingre fann likevel smutthola. Som vatn som trengjer seg inn i ein sprokken holk. «No søkk eg», tenkte eg bak rattet. Det er ikkje mobiltelefon som er farleg i bil, veit du. Ungar derimot! Statens vegvesen bør heilt klart sjå meir på dette.

A

v ein eller annan grunn ser T-baneselskapet i Oslo ut til å vere på sporet av noko. På skiltet på døra står det at «Barn bør leies». Skulle ikkje forundre meg om det er ein marknad for slikt.

PÅFYLL: 3 kilometer frå mål samlast troppane og det er tid for å få litt ny energi.

GPS’en syner ei lang sikksakklinje – tjueein kilometer. Vart det ikkje lenger? Sjølvsagt har nokon nytta sjansen til å ta seg nokre avstikkarar, men me får dei ein etter ein inn på den smale stig. Smart eller dum? Eg undrar meg. Stikk dei til alle kantar fordi dei skjønar at no er fridommen over for i år, eller er dei berre dumme og vanskelege? Det kan ofte virke kalkulert. I det eg er ute på eine sida for å hanke inn nokre som prøver seg, så tek gamla som har lunta så lydig heile vegen ein overraskande kjapp

avleiingsmanøver opp og bak andre vegen. Dei veit jo så godt kor dei skal, eller? Møte med Tutta Halvvegs mellom Bjordalen og Brennbu som er målet for dagen er det på tide med litt påfyll. No har sola jaga skyene av garde, og det er behov for litt raske karbohydrat (les; sjokolade). Det er godt å kjenne at målet nærmar seg. Sola varmar endeleg, og dei tamme sauene frå Hovde kjem for å smake

på Polly turmix. Her har alle søyene namn, og det er Tutta som er mest frampå når ho høyrer det kraslar i posen. Ho er heller ikkje sein om å stikke hovudet i sekken for å sjekke om det er der finst fleire godbitar. Lamma står litt skeptiske i bakgrunn. Som vanleg vert dei på Hovde erta litt for å ha så pågåande sau. Det er ikkje alltid dei viser like stor respekt når ein kjem for å jage dei. Men dei garva bøndene synest no det er litt stas også da når Tutta kjem bort for å sjå kva dei har på brødskiva.

3 kilometer seinare er me framme. Sauene vert godt bura inne for natta og arbeidsfolket oppsummerer dagen. Dei har vore medgjerlege sauene i dag, men er det ikkje litt få? Det vil morgondagen syne. Framme! Heile 1156 sau er det i Bjordalsdrifta fordelt på 7 eigarar. Desse skal me forhåpentlegvis ha funne. No brekar og klirrar det frå eit duvande kvitt teppe. Mødrer og born jobbar iherdig med å finne kvarandre att. Kanskje er det siste kvelden deira saman? Me skal berre heim att og late ein lang dags arbeid synke inn. GPS’en syner ei lang sikksakklinje – tjueein kilometer. Vart det ikkje lenger? Uansett sit eg att med ei god kjensle etter ein fjelltur av det fine slaget, og med meining attpåtil.

BERNT IVAR BERGUM

REDD: Sauebonde Kjell Ove Hotle saman med

Bjordalsdriftas einaste gjetarhund; Tarzan.

TUR MED MEINING: Turopplevinga vert ikkje mindre storslegen når ein

går sauesank.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.