IN Stavanger Jul 2011

Page 34

• Kultur & Underholdning: Rogaland Teater •

Rogaland Teater hadde premiere på ein moderne versjon av Alice i Eventyrland i midten av oktober. Regissør Franzisca Aarflot har aldri før hatt ei så utelukkande gledesfylt produksjonstid som i arbeidet med Alice. Tekst: Monica Lindanger | Foto: Emile Ashley & Rogaland Teater

– Eg ville jobba med eit stykke som hadde ein fantastisk dimensjon ved seg. Noko som ikkje berre speglar kvardagen, men som er eit eventyrleg univers. I tillegg er jo den gode historia med eit djupt lodda tema viktig. Dei fleste har eit forhold til den originale Alice i Eventyrland, trur regissør Franzisca Aarflot. Ho likar å jobba med teaterstykke som er fantastiske og litt surrealistiske, og bruker gjerne musikk og rytme som ei drivkraft: – Eg likar at musikk kan bety noko, og at det er ein musikalsk struktur i ei førestelling. Det kan kommunisera effektivt og overraska. Òg på eit ubevisst plan.Alice byr på mykje

musikalitet og rytme i spelet. Musikk er oversett til rørsler, og heile førestellinga er gjennomkoreografert av koreograf Camilla Tellefsen. Det blir mykje dans, og spesielt hiphop, til nyskriven musikk av musikar Knut Aabø. – Me prøver å underbygga Aftenbladet humoren i manus med musikaliteten, og det fantastiske universet med eit tydeleg fysisk uttrykk, fortel Franzisca.

Klassiker vinner på modernisering

34

Nº4 2011

Unike unge Ho syns det har vore ei glede å jobba med medlemmane frå Barne- og ungdomsteatret: – Eg har aldri før hatt ei produksjonstid som

har vore så utelukkande gledesfylt. Det er så mange flotte barn og unge med på scena, og som vert støtta opp av ein dyktig profesjonell stab på teatret. Det er heilt spesielt her med Barne- og ungdomsteatret. Franzisca har jobba mykje med ungdom før, men ikkje så mykje med born, og aldri med så mange som i Alice. – Det er jo ei utfordring. Det tok vel om lag to veker før me fann ut korleis me skulle jobba. Det er jo så stor spreiing i alder! Men det er utrulig inspirerande å sjå korleis dei gler seg over arbeidet på tvers av alder, og kor flinke dei er til å støtta kvarandre. Franzisca har jobba ein del med to og to av skodespelarane, med dei to som spelar ei rolle på kvart sitt lag. Her har dei prøvd å


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.