Fylkesmagasinet 6

Page 18

– Ei historie ein aldri når til botn av I juni er det igjen mogleg å oppleve Dragseidspelet «På Sverdeggja». Ei oppleving arrangøren unnar alle. TEKST: Roy Sunde

– Speleplassen si utforming og fantastiske plassering på historisk grunn, med mektig utsikt over fjord og fjell, er ei oppleving i seg sjølv og sluttar aldri å fascinere, seier Margit Fløde, leiar i Stadlandet Ungdomslag, som arrangerer spelet. – «Sverdeggja» illustrerer ein viktig del av historia, og er ei sterk forteljing ein aldri når botnen av; ein vert stadig var nye djupne. Spelet handlar om makt: Både verdsleg og åndeleg. Forutan dramatiseringa av tinget, vert vi konfronterte med hendingar, tankar og kjensler som møter klangbotnen i oss som menneske og gjev grunn til ettertanke, seier ho. – Kontrasten mellom hat og hemn opp mot kjærleik og tilgjeving, vert tydeleg. Spelet høgg djupt i sinnet og minner oss om situasjonar der har kjensle av å balansere på ei sverdegg. menn, kvinner og barn som er komme til og produserer og demonstrerer varer frå bodar og telt.

omtrent 100 personar, fordel på skodespelarar, musikarar og kor. – Berre tre er profesjonelle skodespelarar: Roger Hilleren, første ikkje-amatør, kom i 2006. Han spelar hovudpersonen Ragnvald frå Ervik for 4.gong. Mikkel Gaup er med for tredje gong. Idun Losnegård kom med frå førre spel. Vi har ikkje planar om fleire profesjonelle, vi har så langt hatt god tilgang på dyktige amatørar lokalt, seier ho og fortel korleis spelet oppsto. – Ideen kom i høve 1000-årsmarkeringa for Olav Tryggvasson si kristning av fire fylke, som historia seier fann stad på Dragseidet på Stadlandet i år 997. Kommunen sat ned ein jubileumsprogramkomité. Ungdomslaget lanserte ideen om eit friluftsspel. Rolf Losnegård skreiv eit stykke med bakgrunn i Snorre, og Dagfred Berstad si omsetjing av deler av Flatøyarbok. Der ligg grunnlaget for historia om hovudpersonen i spelet, Ragnvald frå Ervik. – I 2011 byrja vi med marknad. Eit element som vil bli vidareutvikla og utvida til årets spel. Når publikum kjem til Vikingtunet vert dei møtte av

Amatørar med lang erfaring. Stadlandet Ungdomslag fekk det kunstnarlege ansvaret for oppsetjinga av spelet, og overtok året etter alle rettar og plikter knyt til spelet, anlegg og gjennomføring av spelet. – Berre lydarbeidet vart utført av proffar. Når vi no set opp spelet for 11.gong, er historia den same, men ny regissør og nye aktørar med sine tolkingar, gjer at spelet har endra litt uttrykk, det er spennande for medverkande og publikum. Framsyninga i 2011 er sagt å vere den beste så langt, men drivkrafta er å gjere årets spel enno betre, seier ho. Om dei er amatørar, har dei mykje rutine i bagasjen. – SUL vart stifta i 1947, og har hatt teater som sin hovudaktivitet. Dans, med vekt på folkedans har og aktivisert mange. For tida er mykje fokus retta mot ungdomsarbeid. Vi driv den einaste ungdomsklubben i kommunen. SUL sin mangfaldige aktivitet er dokumentert ved at laget sidan 1993 har fått fylkeslaget sin aktivitetspris åtte gonger.

Massiv dugnad. – Korleis er det å ha ansvar for ei så stor oppsetting? – Eit stort og krevjande arbeid, med mange brikker som skal på plass: Organisering av anleggsvedlikehald på dugnad, få avtalar med Selje Raude Kross, vegvesen, politi, transport, overnatting, lyd, mat, øvingar og økonomi, smiler Margit, som leiar sitt tiande spel. – Eg har fleire gonger tenkt når det står på som verst, at no er det nok. Så kjem spelhelga med gode opplevingar, og vips er det månader der det meste som dreiar seg om spelet er gløymt. Men eg byrjar å dra på åra. Sjølv om eg har god oversikt over kva som må på plass skal jo oppgåvene utførast. Eg har heldigvis gode medhjelparar å dele oppgåver med, for med unntak av instruktørar, tre skodespelarar og lyd er alt ein omfattande og langvarig dugnad. Men opplevinga av det gode miljøet mellom unge og gamle gjev gode, og amatør og proffar, gjev kjenslevare minner for livet. – Det rår særs god tonen mellom dei profesjonelle skodespelarane, som er godt kjende i miljøet, og dei mange amatørane. Det speglar seg i eit sterkt og godt samspel.

Rein Design

3 proffar og rundt 90 amatørar. Spelet engasjerer

18

Lokal produsent og leverandør av benkeplater


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.