Liv er sjef i Kamille Liv Loftesnes (35) frå Sogndal har gått gradene i «damebladet» Kamille. I år vart ho redaktør i magasinet. TEKST: Roy Sunde FOTO: Kamille
Som for så mange andre, lokka våre større byar då ho var ferdig med utdanninga på Høgskulen i Sogn og Fjordane. Til slutt enda ho i Oslo, – Eg har budd i Oslo dei siste 15 åra. No bur vi på idylliske Tåsen, med mann (treningsguru og rikskjendis Yngvar Andersen, red.merk), to barn, eplehage, grønsakåker, rips, solbær, gode naboar og alt anna ein utflytt sogning måtte ønske seg, dog innan ring 3 i sentrum, smiler ho.
Rett kvinne på rett plass. I hovudstaden gjekk ho gradene som journalist, til ho no har teke over styringa i eit av landets største «dameblad», Kamille. – Først jobba eg ei stund som frilansar, før eg ganske snart fekk fast stilling i magasinet [mag] (som i dag er Style mag) og vart reportasjeleiar og vidare redaktør der. I 2008 vart eg redaksjonssjef i Kamille, og i februar i år, vart eg redaktør i Kamille. Passande nok, for interessene hennar er omtrent som innhaldsoversikten i bladet ho leiar. – Mote, mat, interiør, reise, skjønnheit, livsstil, helse og trening, slår ho fast og legg til at ho tidlig vart klar over at ho måtte satse på eit kreativt yrke. – Eg har alltid likt å skrive og teikne, være kreativ, arbeide med det visuelle og estetiske, og eg har alltid elska magasin og glossy papir. Men eg var lenge usikker på korleis eg kunne skape ein karriere ut av desse interessene. Eg studerte i fleire år sosialantropologi, samfunnsfag, kunsthistorie, pedagogikk, historie, statsvitskap og journalistikk ved; Høgskulen i Sogndal, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo og MI i Oslo, før eg bestemte meg for å prøve meg som journalist.
Ny rolle. Å vere redaktør byr på ein litt annan arbeidskvardag. – I dag får eg ut skrivekløa mi gjennom leiarane i Kamille, og av og til teiknar eg ein og
annan illustrasjon til saker vi har i bladet, men redaktørjobben handlar oftast om å jobbe kreativt på litt andre måtar, gjennom planlegging av bladet, møter og leiing, idé- og konseptutvikling. Eg møter nye menneske kvar veke og ingen dag er lik. Det er kjempegøy, seier ho og beskriv magasinet sitt! – Eg har jo jobba i Kamille i fleire år, og er veldig glad i bladet. Det er eit feelgood-magasin med hovudbodskapen: «du er god nok som du er» – og dette er det viktig å ta vare på. Du skal bli glad av å lese Kamille, men samtidig skal innhaldet vere ekte, nært og by på meir enn du får i andre «dameblad». Målgruppa til Kamille er kvinner mellom 25-45 år. Dette er ei av dei travlaste fasane i livet, mange har barn, eit hektisk liv både sosialt og på jobb, og mange strevar for å få kvardagen til å gå i hop. Når lesaren vår tek seg tid til å sette seg ned med Kamille, så må vi gi henne det ho treng: eit herlig pusterom, inspirasjon og den gode kjensla. Målet er at Kamille skal vere som ei god venninne som fortel deg dei beste historiene, oppdaterer deg på det som gjeld, viser deg gode tips og triks til kvardagen og inspirerer deg til å vere den beste versjonen av deg.
Kamille, også i ei digital framtid. Det er ei voldsamt brytingstid for journalistikk, spesielt den som blir levert på papir. Loftesnes trur det er ein plass for magasin på papir også i framtida. – Eg er overbevist om at det alltid vil vere plass for eit godt, norsk dameblad som Kamille. Men bladbransjen opplever tøffe tak om dagen, og eg trur det er viktigare enn nokon gong at vi som lagar blad er villige til å tenke nytt og lyttar til og endrar oss i takt med lesarane våre og deira behov. Der mange i bladbransjen tidligare frykta nettet, sosiale medium osv, opplever eg i stadig større grad at vi heller ser alle moglegheitene nettet kan by på for dei ulike merkevarene. Forutan Kamille.no kan du følgje oss på Facebook og Instagram, samt lese oss på iPad. For meg er det viktig at Kamille + tekopp+ sofakos = sant, og så får ein sjølv velje om det er nettklikk eller knitrelyd frå bladet mellom fingrane som passar ein best.
33