Fylkesmagasinet 7

Page 12

TREND OG MOTE

Kristine Ullebø, også kjend som Krissy, har ein av Norges mest leste motebloggar, og over 60.000 følgjarar på bildedelingstenesta Instagram. I anna kvart nummer vil ho skrive for oss om mote, det å vere ung og andre tema som opptar ho. Blogg: http://krisssy.blogg.no Instagram: kristineullebo

med Krissy

Vårmote 2013! Det er ikkje til å leggje skjul på at vinteren og den enormt lange mørketida pregar klesvegen. Eg meiner, når gradestokken kryp ned mot -10 freistar det lite å style seg opp i motefikserte antrekk. Pakke seg inn i varme ullgenserar og ullsokkar freistar meir. Den tid er forbi, og endeleg er våren her! For meg betyr vår starten på ein ny epoke i klesvegen – ein epoke fylt med ny inspirasjon, nye val og nye mogelegheiter.

Farvel tjukke vinterjakker og store sko, hallo lette og freshe vårklede! Fargar. Om du går forbi ein klesbutikk i desse dagar, vil du truleg sjå at fargesprakande klede prydar hyllene. Vårmoten forandrar seg frå år til år, men ein ting kan du rekne med uansett år: fargar! Etter ein lang og grå vinter er det aldri feil å ringe inn våren med fargerike klede, og det beste av alt er at du kan eksperimentere med det som fargespekteret måtte tilby. Her finst det ingen grenser! Å bruke fargerike plagg er noko mange vil sjå på som risikabelt og vågalt, men det treng det absolutt ikkje vere. Start i det små. Dersom du syntes den knæsj blå toppen din blir litt for mykje, kan du enkelt og greitt tone den ned med ein svart blazer over. Ein fargerik clutch kan gjere susen på eit elles fargelaust og nøytralt antrekk, og for dei som vil ta den fargerike trenden heilt ut, kan ein prøve seg på color blocking. Color blocking går ut på at ein skapar eit antrekk med ulike fargar, gjerne i kontrast. Bukse i rosa og blazer i blå – voilà! Mønster i alle former. Ein annan trend du vil sjå mykje av denne våren, er mønster. Mønster i alle former – og gjerne lag på lag. Personleg føretrekkjer eg å køyre litt meir roleg med for eksempel ei mønstrete bukse åleine. Eg kjøpte meg forresten ein jeans med blomsterprint for ei stund tilbake, og wow, den har blitt mykje brukt. Eit av mine beste kjøp. Det beste av alt er at det finst tallause måtar å kombinere ei knæsj bukse på, både i rocka, søt og kvardagsleg stil.

12

Print og boyfriendjeans. Apropos bukser, så er bukser og jeans i alle variantar aktuelt denne våren. Alt er lov. Du kan eksperimentere med alt frå leopardprint og stripete jeans i svart-kvitt (som er «the it» for tida), til boyfriend-jeans. Boyfriend-jeans er ei baggy jeans, gjerne litt røff og holete, som du anten kan få tak i i butikken – eller endå enklare: kjærasten din sin garderobe! Men viktigast av alt: vel det du likar! Som klimaet, byr våren i moteverda på store

Eg lar meg inspirerer av moten, men tar berre til meg dei eg faktisk likar.

omveltingar. For den som verkeleg følgjer med, er det mykje å ta til seg, kanskje i meste laget for dei fleste? Det finst så mange trendar og motar at ingen kan gjere nytte av alle. For min del kan eg ærleg innrømme at sjølv om eg er over gjennomsnittet interessert i mote, så følgjer eg ikkje trendane slavisk. Mange motar omfamnar eg med opne armar, medan andre kan få meg til å gapskratte. Eg lar meg inspirerer av moten, men tar berre til meg dei eg faktisk likar. Og kva eg likar, er ikkje det same som alle andre - dette er det eg likar så godt med mote. Vi tar det vi likar, og gjer det til vårt eige.

To tips med fargar: 1. Bruk mørke og nøytrale fargar på dei delane av kroppen din som du ikkje ynskjer å trekkje merksemd til, og lysare fargar der du faktisk ynskjer fokus. 2. Dersom du ynskjer å sjå høgare ut, gå for nokre høghæla sko i ein hudtonefarge, for eksempel nude eller kvit. Sko i desse fargane vil trekkje til seg lite merksemd og vil dermed gi eit inntrykk av at du er høgare.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Fylkesmagasinet 7 by Rein Design - Issuu