Kristian Espedal på «heimebane», på Festplassen i Bergen.
Malaren Malar er ei mindre kjent side av han, men kanskje blir den sida meir kjent.
– Eg jobbar meir med og oppsøkjer visuell kunst meir enn musikk, seier han og fortel at tilboda om å stille ut kjem. – Når ein blir kjent på eitt felt får ein ofte merksemd på andre. Eg vil ikkje at bileta skal bli sett på grunn av den eg er, men i kraft av seg sjølv. Eg forstår at folk nyttar alias, smiler han, men eg får også tilbod om å stille ut av kuratorar som ikkje kjenner meg som musikar. Bileta er private, og måling eit pusterom. I blant likar eg ikkje bileta ein gong, det varierer med humøret. Men det nærmar seg at eg stiller ut. Eg er med på haustutstillinga i år, men som element i eit verk, ler han. – I Marte Gunnufsens installasjon Komm, süßer Tod, der eg syng Bachs kantate Kom, kjære død, i ulike variantar i fleire høgtalarar, seier han og smiler av spørsmålet om han er mangesidig. – Eg håpar eg ikkje kan noko som helst, men får til alt eg prøver, ler han. – Kunst er å levere det eg vil og føler. Å jobbe på eigne premissar, ikkje å tilfredstille andre sitt hjarte. Eg driv med ulikt, men nokre ting held ein tettare. Eg er oppteken av uttrykksformer, likar folk med utrykksbehov og forstår ikkje flokkmentalitet. – Var det derfor du involverte deg i ein kolleksjon klede? – Det var for å hjelpe ein ven økonomisk. Eg har ingenting med uttrykket å gjere. Det er viktig at folk får presentert tinga sine. Ofte er det berre dei skolerte og godkjente som slepp til. Frie formar og kunstverk «finnast» ikkje før dei er godkjent av rette instans, men kunst må ha fridom. Norge er ikkje eit dårleg land slik, men vi er ikkje flinke til å presentere kunst. Eit tørt land! Miljøet bestemmer, og berre dei får med seg det som skjer. – Har du forhåpningar til det nye museet i Førde? – Det blir nok fort nok ein institusjon til bevaring. Alle bygg er ei avgrensing. Forståeleg, full fridom til er vanskeleg. Men tillet ein eit inngrep i fridom kjem fleire. Men ein kan håpe! Det er ikkje berre kunsten han har eit lidenskapleg forhold til.
<<
i meg sjølv der. Årsaka til at eg byrja lage musikk igjen var at eg fekk tre månadar der, etter alt for lite tid heime. Eg er eit naturmenneske som treng bypausar. Eg er ikkje designa for konstant støy og andre sin energi. Det er ikkje alltid Espedalen er rett, eg slappar av i mange settingar, men kreativt er det viktig, seier Kristian som har lange dagar no. – Frå morgon til kveld miksar eg albumet til God Seed, eit band eg starta med Tom Cato Visnes frå Gorgoroth. Det blir ikkje typisk svart metall, men har referansar til det vi har gjort før, og ting som Led Zeppelin, Deep Purple osv, smiler han og fortel han parallelt held på med ny Wardruna-plate. Uttrykka i dei to er svært ulike. Ein slitsam kombinasjon? – Heller omvendt. Wardruna krev mindre energi frå meg, enn God Seed. I Wardruna er eg sparringpartner, som med vår dyktige kvinnelege vokalist Lindy Fey hjelper Einar «Kvitrafn» Selvik til ferdig plate, slår han fast, og fortel at han i skapande fasar stenger verda ute. – Eg kan ta ein telefon i blant, men svarer ikkje på SMS. Må eg skrive mister eg fokus, og brukar tid på å komme i gang att. Det øydelegg kreativitet, så eg heldt tilbake på intervju og slikt i denne fasen, seier han og slår fast at han ikkje gruar seg til å vise fram nytt materiale og nesten nytt band. – Om eg er nøgd er eg nøgd, smiler han. – Då er vi der vi skal vere. Slik trur eg mange musikarar tenker. Enkelte har nok større ønske om at andre skal like musikken sin, eg lagar først og fremst for å bli nøgd sjølv. – Du er ganske kompromisslaus? – Det må ein vere! Er det ikkje ærleg og frå deg sjølv, er det ikkje kunst. Det er viktig å uttrykke det ein føler. Uærlegdom blir avslørt i kunst og kjensler. Musikk er kjensler.
FM 12•2012
15