Utviklingsplan for Hordaland

Page 21

Regional planstrategi 2016-2020

Vangsgata på Voss. Foto: Magne Sandnes

Utvikle møteplassar i lokalmiljø

fellesområde skal ha universell utforming. Kollektivtransport må vera tilgjengeleg for alle og universelt utforma, men også gange og sykling må stimulerast fordi det gir potensiale for møte. Nærfriluftsområde er viktige møteplassar og må sikrast i lokale planar.

Alle bur vi i eit lokalmiljø, og rundt 80% bur no i det som karakteriserast som ein tettstad. Lokalmiljøet bør vera ein god inkluderingsarena der menneske i alle aldrar og på ulike funksjonsnivå kan møtast spontant og uformelt. Kompakt utbygging konsentrert om senter og varierte bustader med vekt på leiligheiter legg tilhøva til rette for at nærmiljø kan fremja integrasjon. Kort avstand mellom bustad og rekreasjonsområde, tenester, handel og kollektivtilbod sikrar muligheiter for møteplassar for alle. I tettstadane bør nye bustader i hovudsak ha livsløpsstandard og sentrale

Regionsentera i fylket slik dei går fram av regional plan for attraktive senter er vekstområde og har ein særleg viktig funksjon i å tilfredsstilla desse behova. Kommunane sin senterstruktur, med funksjonelle kommunesenter og lokalsenter, må stø opp under og samverka med den regionale strukturen.

21


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.