Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019

Page 73

Budsjett 2019 - Samferdsel

FOLKEHELSEPERSPEKTIVET Nasjonale og regionale føringar Kvart 4. år legg Stortinget fram sine forventningar til regional og kommunal planlegging, og her vert folkehelse via stadig større merksemd. Folkehelse er noko meir enn summen av den individuelle helsetilstanden i befolkninga. Omgrepet omhandlar og økonomiske, psykiske og miljømessige tilhøve som påverkar helsetilstanden. Tilrettelegging for meir fysisk aktivitet og miljøvennleg transport vil vere folkehelsefremjande tiltak i tråd med dei nasjonale forventningane. Folkehelse vert følgt opp i sentrale regionale styringsdokument, og i februar 2018 vart «Handlingsprogram for folkehelsesatsinga i Hordaland 2018 – 2021» vedteke. I planen er det m. a. tiltak retta mot auka sykkelbruk og trafikktryggleik. Det er eit mål at minst 10 kommunar skal vere godkjent som trafikksikre kommunar innan planperioden, og at Hordaland fylkeskommune skal arbeide for å bli godkjent som trafikksikker fylkeskommune. Ein arbeider systematisk for å nå dette målet. Vidare stiller målsettingar og tiltak i handlingsprogrammet krav til utbetringar av fylkesvegane, og særleg er systematisk arbeid med trygge skulevegar vektlagt.

av nullutsleppsbilar, i tillegg til at trafikken er redusert. I tillegg har det vore ein auke i talet for påstigande passasjerar på buss og bane. Aktive reiser Gange og sykling er dei einaste reisealternativa som gjev gevinst for samfunnet grunna betring av folk si helse gjennom aktivitet. Helsedirektoratet har rekna ut at kvar sykkelkm gjev kr 28,- i gevinst i fom av sparde helseutgifter. Tiltak retta mot sykkel og gange har stort potensial for betring av folkehelsa, og difor er det eit aukande fokus på satsing på desse rørslealternativa på alle forvaltningsnivå. Med tanke på folkehelse ligg gevinsten i å leggje til rette for at både unge og eldre kan bevege seg og ha eit aktivt kvardagsliv. Det handlar om enkle tiltak som gjer at alle trygt kan ta seg fram i nærmiljøet. T. d. er god heilårsdrift av gang- og sykkelvegar viktig for å kunne oppretthalde aktivitetsnivået også vinterstid. Fokusområde i 2019 • A rbeide med hjartesone-prosjektet i Bergen i regi av Trygg Trafikk, Bergen kommune og fylkeskommunen

Redusere utslepp frå køyretøy ved å fremje miljøvenlege reiser Transportsektoren er den største kjelda for CO2-utslepp i Noreg i dag (31 %). I tillegg gir svevestøv og utslepp av nitrogendioksid lokal luftforureining som medfører helseproblem for innbyggjarar i større byar. Nullvekstmålet for biltrafikk inneber at veksten i trafikken skal takast av dei miljøvenlege reisealternativa. Det inneber å utvide kollektivtilbodet, samt å leggje til rette for gåande og syklande. Indikatorar er bilpasseringar gjennom bompengeringen i Bergen. Utslepp frå lette køyretøy (privatbiler) er redusert dei siste åra i Hordaland. Mykje av dette skuldast auka sal

• A uka ruteproduksjonen i Bergen slik at enno fleire kan nytte kollektive transportmiddel. Det er lagt til grunn ein passajervekst på 3,5 % i 2019 • H a fokus på drift av sykkelvegnettet i Bergen, samt vidare utbygging av sykkelvegnettet • I nnføring av fleire bompengesnitt i Bergen. Det vil truleg føre til nedgang i personbiltrafikken med overgang til sykkel, gange og kollektiv • A rbeide for at fleire kommunar vert godkjende som trafikksikker kommune

73


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.