Issuu on Google+

Regionalt kompetansesenter for HABILITERING OG REHABILITERING

Helse Førde

Helse Bergen

Helse Fonna

Helse Stavanger


REGIONALT KOMPETANSESENTER FOR HABILITERING OG REHABILITERING

Gjennom mandat frå Helse Vest RHF er senteret tildelt fem hovudoppgåver og funksjonar: 1. Forsking og fagutvikling 2. Nettverksbygging 3. Undervisning 4. Regional koordinerande eining (RKE) 5. Regional vurderingseining for rehabilitering (Vurderingseininga)

Colourbox

Medarbeidarar ved senteret har helse- eller medisinskfagleg grunnutdanning. Fleire har mastergrad eller hovudfag innan helsefag, relevant spesialisering og vidareutdanning. Medarbeidaranes allsidige erfaringsbakgrunn gir senteret ein handlekraftig stab med betydeleg tverrfagleg kompetanse innan habilitering og rehabilitering. Senteret blei etablert i 2007 som ledd i ei langsiktig strategisk satsing på felta. Senteret har utarbeidd strategi- og tiltaksplan for perioden 2013 - 2016. Planen er tilgjengeleg frå nettsida. FORSKING OG FAGUTVIKLING Kompetansesenteret skal bidra til å styrkje tverrfagleg forsking og fagutvikling innan habilitering og rehabilitering. Senteret har utarbeidd Forskingsprogram for habilitering i Helse Vest (2009). Programmet blir følgt opp mellom anna gjennom Nasjonalt forskingsnettverk innan habilitering som senteret har leiaransvar for i 2012 og 2013. Frå 2014 planleggjer senteret oppstart av sjølvstendig forsking innan rehabilitering gjen-

nom samarbeid med Universitetet i Bergen og ved tilsetjing av doktorgradsstipendiat ved senteret. NETTVERKSBYGGING Kompetansesenteret skal bidra til å styrkje samarbeidet mellom aktørar innan habilitering og rehabilitering og til å gjere felta meir synlege. Senteret etablerer og driv tverrfaglege nettververk som ledd i kompetanseutveksling mellom sjukehus og kommunane i regionen, og for kvalitetsforbetring og forsking. Senteret er

deltakar i fleire nasjonale fag- og samarbeidsnettverk på felta, og representerer Helse Vest i nasjonal kompetanseteneste innan habilitering. UNDERVISNING Kompetansesenteret deltar i utdanning av helsearbeidarar gjennom undervisning ved grunnog vidareutdanningar ved høgskolene i regionen. Senteret arrangerer lokale, regionale og nasjonale seminar og konferansar for utvikling og spreiing av kunnskap til helsepersonell og andre innan habilitering og rehabilitering. REGIONAL KOORDINERANDE EINING Funksjonen regional koordinerande eining (RKE) er nettverksorganisert med rådgivarar i bindeleddstilling til dei koordinerande einingane (KE) i Helse Stavanger, Helse Fonna og Helse Førde. KE i Helse Bergen er organisatorisk plassert ved senteret og inngår i RKE. Oppgåver under RKE er forankra i Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator. Dette inneber mellom anna å ha generell oversikt over habiliterings- og rehabiliteringstilbod,

samt oversikt over og kontakt med KE i alle kommunane i regionen. KE/RKE har overordnet ansvar for arbeid med individuell plan. Gjennom RKE-funksjonen har senteret etablert “Møteplass” for habilitering og rehabilitering ved dei fire helseføretaka. Møteplass er eit forum for samhandling og informasjonsutveksling mellom KE i sjukehus og KE i kommunar, helsepersonell og andre samarbeidande instansar. REGIONAL VURDERINGSEINING FOR REHABILITERING Vurderingseininga behandlar og vurderer tilvisingar til rehabilitering i private rehabiliteringsinstitusjonar frå fastlegar og avtalespesialistar i Helseregion Vest. Senteret synleggjer aktivitet, pasientflyt og ventetider gjennom årleg rapport frå verksemda ved Vurderingseininga. Tilvisingar sendast til: Regional vurderingseining for rehabilitering Østre Nesttunvei 2 5221 NESTTUN

ReHabilitering tlf. 800 300 61


HELSE BERGEN

Haukeland universitetssjukehus Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering

KONTAKT OSS Telefon 55 91 85 40 Video 907784

Informasjonstelefonen for ReHabilitering For pasientar, pürørande og helsepersonell 800 300 61 open alle kvardagar 09:00 og 15:00 www.helse-bergen.no/kompetansesenter-habrehab

202 4160 - HUS-Bergen grafisk-okt 2013

Adresse Ă˜stre Nesttunvei 2 5221 Nesttun


Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering