

Fagkonsulent: Synnøve Smebye Botnen, doktorgrad i mykologi og fyrsteamanuensis ved OsloMet Litteraturliste
Kauserud, H. (2021). Soppriket – historien om hvordan soppene erobret jorda. Pitch forlag.
Seifert, K. (2022). The hidden kingdom of fungi. Exploring the microscopic world in our forests, homes, and bodies. Greystone Books Ltd.
Sheldrake, M. (2020). Entangled life. How fungi make our worlds, change our minds and shape our futures. Penguin Random House LLC.

© Gyldendal Norsk Forlag AS – Gyldendal Barn & Ungdom, Oslo 2025
Omslag og illustrasjonar: Rune Markhus
Sats: Rune Markhus
Trykk og innbinding: Livonia Print, Latvia 2025
Papir: 150 g Arctic Volume White FSC
Boka er sett med 11 pkt Galvij Bold
ISBN 978-82-05-61662-2
Forfattaren har motteke støtte frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO).
Materialet i denne utgivinga er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor (www.kopinor.no). Bruk av heile eller delar av utgivinga som input eller som treningskorpus i generative modellar som kan skape tekst, bilete eller anna innhald, er ikkje tillate utan særskilt avtale.
Gyldendal vektlegg berekraft når vi vel trykketenester og papir. Ta godt vare på boka, og om du ikkje lenger skal ha ho, gjenvinn ho på rett måte. Sjå www.gyldendal.no


Sopp finst nesten over alt. Dei kan dukke opp frå bakken med hattar i alle former og fasongar.
Dei veks som små paraplyar oppetter stammen på eit tre.

Dei kan kle ei gamal brødskive i grøn pels og gjer ho både vond og illeluktande.

Forskarar har funne og talt over hundre og femti tusen ulike sopp.
Men dei er heilt sikre på at det finst millionar av sopp som ikkje er oppdaga endå!

Det du kan sjå eller kjenne, kan vera lett å telje.
Du kan telje kor mange fingrar du har, eller kor mange ljos det er på kaka når du har bursdag.

Nokre gonger blir det vanskeleg å telje fordi det er så mykje av noko.
Har du klart å telje kor mange hår du har på hovudet? Eller kor mange frø som flyg av garde når du blæs på ein gamal løvetann?


Men å finne og telje noko du ikkje kan sjå, er ei nesten umogleg oppgåve. Veldig mange av soppane er usynlege. Difor er dei så vanskelege å oppdage!
Når du skal finne det som er usynleg, må du leite etter noko anna. Noko som kan avsløre det du ikkje kan sjå.

Du kan leite etter spor. Sopp har ikkje føter, men lagar spor på andre måtar. Spora kan komme frå noko soppen har gjort.
Oppdagar du spora, kan du finne ut om soppen har ete, prompa eller slåst!
Ja, slåst!

Brødskiva di er full av små hol. Nokre gonger kan hola vera så store at syltetøyet renn gjennom dei og flekkar til tallerkenen din.
Korleis i alle dagar har hola komme inn i brødskiva? Kan dei vera spor frå noko usynleg?

Når du nyt ei luftig, nysteikt brødskive, har sopp alt ete av brøddeigen.
I brøddeigen lever det pitte små, nesten sitronforma, sopp. Gjærsopp. Gjærsoppen går laus på sukker som finst i brøddeigen. Dei et det. Dei deler seg. Soppane blir fleire.
Usynleg sopp finst over alt!
Dei kan få dei merkelegaste ting til å skje! Usynleg sopp gjer bollane me et både luftige og mjuke.
Men dei kan og få gammalt treverk til å eksplodere! Eller kle brødskiva di med grøn, stinkande pels!
Bli med på ein sopptur utanom det vanlege!