Skip to main content

Å bli hersa med

Page 1

«Utilbørleg sosial dominans kallar på handling», skriv forfattaren. Gjennom ei brei djupneundersøking i skjeringspunktet mellom mobbing og andre former for dårleg folkeskikk på jobben har han identifisert og beskrive ei rad dominansepisodar og ulike former for dominans og dei dominerte si forståing av dei. I denne boka kan du lese om tretten personar som har blitt hersa med på jobb, og korleis dei har opplevd og takla det. Forteljingane deira ligg både til grunn for val av teoretiske perspektiv på fenomenet og kastar lys over teoriane og løysingsforslaga. Det fremste siktemålet med denne boka er å synleggjere og setje utilbørleg sosial dominans på dagsordenen. Boka er interessant og viktig for HMS-folk, bedriftshelseteneste, leiarar og tilitsvalde på operative nivå, organisasjonspsykologar, forskarar, undervisarar og studentar innanfor emnet – og alle som er opptekne av det psykososiale arbeidsmiljøet og korleis ein kan jobbe med og forhindre utilbørleg sosial dominans på arbeidsplassen.

Å BLI HERSA MED

Kjell Underlid er dr. philos. og professor ved Høgskulen i Bergen. Han er dessutan spesialist i klinisk psykologi, og har særleg interessert seg for sosial- og samfunnspsykologi. Underlid har tidlegare gitt ut fagbøker om arbeidsløyse, gruppepsykologi, fattigdom og sosial rettferd. Han har også skrive ei rekkje fagartiklar, kronikkar og anna.

Utilbørleg sosial dominans er ei subtilisert form for psykisk vald som fortener større merksemd. I si uttrykksform blir den opplevd som å bli trakka på, hersa med m.m. Essensen ved utilbørleg sosial dominans er eit mellommenneskeleg undertrykkingsforhold som kjennest fornærmande, sårande, audmjukande og/eller krenkjande, og som kan generere aggressive, depressive og engstelege kjensler som igjen fører til forringa livskvalitet, trivsel, velvære og helse.

Kjell Underlid

Foto: Siv Birgitta Systad, Mediesenteret, Høgskolen i Bergen.

Kjell Underlid 1 Innleiing

Å BLI HERSA MED

Utilbørleg sosial dominans på jobben

2 Skisse av eit forskings- og teorilandskap som rører ved sosial dominans 3 Utilbørleg sosial dominans som struktur og prosess 4 Den utilbørlege sosiale dominansen sin lukt og smak – ein mosaikk av ulike opplevingar 5 Utilbørleg sosial dominans som kjenslebasert oppleving 6 Utilbørleg sosial dominans som fortolkingsbasert oppleving 7 Meistring av utilbørleg sosial dominans 8 Utilbørleg sosial dominans som kommunikasjon og samhandling 9 Utilbørleg sosial dominans sett i eit relasjonsperspektiv 10 Utilbørleg sosial dominans sett i forhold til kontekst og personlegdom 11 Utilbørleg sosial dominans i eit normativt perspektiv 12 Sluttord


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Å bli hersa med by Gyldendal Norsk Forlag - Issuu